Valgprogram · 1989
RV program 1987- 89
Rød Valgallianse · 18 212 ord
«skolemat» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
RV program 1987- 89
Fakta om RV
Raud Valallianse består av Arbeidernes kommunistparti (marxist-leninistane) og uavhengige sosialistar, og har teke del i alle val frå stortingsvalet 1973.
Ved kommunestyre og fylkestingsval stiller RV lister i alle fylker og i 1/4 av dei 454 kommunane i landet. Ved lokalvala i 1983 vart RV representert i 24 kommunestyre og fylkesting.
Det høgste organet i RV er landsmøtet, som finn stad kvart valår, dvs annakvart år. Landsmøtet vedtek program og vedtekter, og det vel eit landsstyre på ca. 25 personar. Mellom landsmøta leier landsstyret RV. Den daglege leiinga ligg hjå Arbeidsutvalet, som er valt mellom landsstyremedlemmene. Hovudkontoret til RV ligg i Oslo.
Postadresse:
Raud Valallianse
Postboks 211, Sentrum
0103 Oslo 1
Kontoradresse:
Gøteborggt. 8
0566 Oslo S
Telefon:
02 - 37 14 14 eller 38 42 50
Innleiing:
Mål og prinsipp
Raud Valallianse består av Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistane) og uavhengige sosialistar, og er danna for å delta i val og drive arbeid i dei parlamentariske organa der vi blir representerte.
Oppgåva til Raud Valallianse er å slåss for interessene til arbeidsfolk, kvinnerørsla og undertrykte grupper. Vi skal tale deira sak i kommunestyra gjennom nær kontakt med organisasjonar, aksjonar, grupper og enkeltpersonar, og reisa forslag til forbetringar og reformer som tener deira interesser. Raud Valallianse avgrensar seg ikkje til dei tradisjonelle parlamentariske spelereglane, men støttar aksjonar, streikar, avsløringar og sivil ulydnad for å nå desse måla. Vi skal visa skiljet mellom politikken som tener arbeidsfolk og politikken som tener kapitalistane gjennom eigne
forslag og kritikk av dei andre partia.
Raud Valallianse har som mål eit sosialistisk Noreg og ei verd utan imperialistisk undertrykking og utbytting.
Raud Valallianse er revolusjonært. Vårt standpunkt er at Noreg ikkje kan bli sosialistisk utan ein revolusjon som avskaffar makta og privilegia til kapitalistklassen.
Raud Valallianse kan ikkje endra samfunnet grunnleggande gjennom arbeidet i parlamentariske organ. Vi ser på staten som ein reiskap for å fremja kapitalistklassen sine interesser. Kommunestyre og fylkesting er ein del av statsapparatet og fungerer som ein forlenga arm for det. Berre når folk organiserer seg, slåss og får erfaringar kan dei vinna fram. Vi meiner at det utanomparlamentariske arbeidet er viktigast for å kunna avskaffa det kapitalistiske samfunnet og forbetra forholda for arbeidsfolk.
Utgangspunktet og målet for arbeidet vårt i kommunestyra og fylkestinga er derfor å styrka og gje retning til det utanomparlamentariske arbeidet.
Raud Valallianse kritiserer dei andre partia for å stø opp om det kapitalistiske samfunnsystemet, og for å føra ein folkefiendtleg politikk. Dette gjeld spesielt Arbeiderpartiet og dei ope borgarlege partia. Denne kritikken er grunnleggande og prinsippiell. RV slåss for å ivareta og utvikla dei stolte tradisjonane i arbeidarrørsla som er bygde på samhald, solidaritet og fellesskap. Samtidig vil vi samarbeida med andre parti og arbeida for eit fleirtal for saker som fremmer interessene til vanlege folk.
Raud Valallianse er for fleirpartisystem i Noreg. Vi vil forby rasistiske og fascistiske parti.
Raud Valallianse arbeider for internasjonal solidaritet med grupper, folk og nasjonar som blir undertrykte av sitt eige regime eller av imperialistmakter. Vi ser det som spesielt viktig å slåss mot politikken til supermaktene USA og Sovjet. Vi stør frigjeringsrørslene som slåss for nasjonalt sjølvstende og sosial rettferd, særleg i den tredje verda. Vi stør og forsvarer den væpna frigjeringskampen.
Kapittel 1 For et sosialistisk Noreg
1. Det elendige i kapitalismen. Det nødvendige i sosialismen.
Etter søte draumar i 50- og 60- åra om ein krisefri kapitalisme og eit sosialdemokratisk tusenårsrike, kjem den sure kløa i 80- og 90- åra: Nedlegging av bedrifter, omfattande saneringar av bransjer som gruve-, stål og verkstadsindustri, massearbeidsløyse og nedrigging av velferdsstaten. Ei økonomisk krise verda ikkje har sett maken til sidan 30-åra.
Det kapitalistiske økonomiske systemet har skapt det mest avanserte produksjonsapparatet i verdshistoria og derfor er det i stand til å produsera nødvendige artiklar i eit omfang og eit tempo som verda aldri før har sett maken til. Men det elendige i kapitalismen og tragedien i vår tid er at det er jakta på maksimal profitt som styrer produksjonen og ikkje kampen for å dekka dei grunnleggande behova hjå folk.
Kapitalismen er derfor pr definisjon ute av stand til å løysa dei mest presserande oppgåvene i vår tid.
A) Kapitalismen kan ikkje frigjera folk frå undertrykking og utbytting.
Den kapitalistiske eigendomsretten og marknadsøkonomien sikrar kapitalistane makta i samfunnet, betyr utbytting og undertrykking av arbeidsfolk, og gjer samfunnsmessig planlegging og styring umogeleg.
Arbeidsfolk kan ikkje frigjera seg under kapitalismen, for dette systemet er heilt avhenging av utbyttinga og undertrykkinga. Full kvinnefrigjering er umogeleg under kapitalismen fordi kapitalismen er avhengig av at kvinnene blir haldne nede, m.a. som billig arbeidskraft og ansvarlege for gratis omsorgsarbeid for born, familie og eldre.
B) Kapitalismen kan ikkje gje oss ei rettferdigare fordeling av rikdommane på jorda.
I dag lever 80% av folka på jorda i den fattige delen av verda og avstanden mellom fattige og rike land aukar fordi dei som har makta i dei rike landa utbyttar millionmassane i dei fattige landa. Gjelda den 3. verda har til verdsbanken og dei rike landa har auka frå $50 mrd. i 1965 til $900 mrd. i 1985 (Fordobling kvart femte år).
Kapitalismen kan ikkje gje oss ei rettferdigare fordeling av rikdommane på jorda. Kapitalismen skaper kvar dag ei meir urettferdig fordeling. Det er kapitalismen sitt vesen å skape auka konsentrasjon av økonomi og makt.
C) Kapitalismen kan ikkje fø folka på jorda.
I 1985 døydde 15 millionar born under fem år av svolt og sjukdomar som kjem av svolt. Ifølge Verdsbanken er 1200 mill. menneske ute av stand til å dekka dei mest grunnleggande behova og 500 mill. av desse lever i svolt og ekstremt elendig tilstand.
I 1985 øydela EF matvarer for tre mrd kroner og 600 mill. tonn kornprodukt vart nytta til dyrefor. For kapitalismen er det meir lønsamt å øydelegga maten eller å selja han til hundar og kattar enn å fø fattige og døyande menneske. Hunde- og katteeigarar kan betala, det kan ikkje dei fattige millionmassane i den tredje verda.
Så kynisk, ufølsom og usolidarisk er kapitalismen. Slik drep kapitalismen.
D) Kapitalismen kan ikkje sysselsetta dei arbeidslause.
I den tredje verda lever 600 (?) mill. menneske utan arbeid og inntekt. Sjølv i det kapitalistiske smørauget, OECD-området, er det meir enn 30 mill. arbeidslause. Innføring av ny teknologi vil redusera behovet for menneskeleg arbeidskraft enno meir, konkurrera ut massane i den 3. verda som billig arbeidskraft og kasta nye millionar ut i arbeidsløysa.
E) Kapitalismen kan ikkje sikra oss og borna våre rein luft, reint vatn og produktiv jord.
I dag kan kapitalismen samanliknast med eit havarert kjernekraftverk i Edens hage; ørkenområda veks, skogane og sjøane døyr, holet i ozonlaget veks og er no like stort som Nord-Amerika; ekspertane seier at vi kan risikere eit "Tsjernobyl-uhell' kvart femte år. Kapitalismen sitt vesen er å skape, ikkje å løyse miljøproblem. Om han ikkje blir stoppa kan kapitalismen komme til å øydelegga alt liv på jorda.
F) Kapitalismen kan ikkje hindra imperialistisk rivalisering og krig.
Dei kapitalistiske, imperialistiske landa med USA og Sovjet i spissen slåss i dag med politiske, økonomiske og militære midlar for å rive til seg og bygge ut rikdommen, makta og innflytinga si.
Sålenge kapitalismen finns vil motoren vera maksimal profitt. Sålenge kapitalismen finns vil det føra til rivalisering, utbytting og krig. Kapitalismen er imperialisme og krig.
G) Kapitalismen har spela ut den historiske rolla si
Kapitalismen har utført den veldige historiske oppgåva si: Utvikling av produktivkreftene og det borgarlege, parlamentariske demokratiet. Verda ventar no på dei kreftene som kan føra historia vidare mot ein sosialisme der kampen for å dekka dei grunnleggande behova hjå folkemassane fortrenger jakta på maksimal bedriftsøkonomisk lønsemd som politisk motor. Ein sosialisme der arbeidsfolk har den verkelege makta i Staten og i fabrikkane, ein sosialisme der alle menneske foreinar seg for å redda jorda vår og skape mat, arbeid og demokrati, fridom, likskap og rettferd for alle menneske.
2. Sosialisme i Noreg?
Dei enorme problema verda strir med krev at sosialismen må settast på dagsordenen i Noreg.
Grunnlaget for sosialismen er at produksjonen må skje ut frå folk sine behov. Målet for produksjonen er å tilfredsstilla dei materielle, kulturelle og sosiale behova hjå folk. Dette krev ein planøkonomi. Planøkonomi er ein føresetnad for å skaffa oversikt over behova hjå folk, og for å utvikla arbeidarkontroll og folkestyre. Berre sosialistisk planøkonomi bygd på solidaritet mellom menneske og respekt for naturen kan hindra rovdrift og utbytting.
For å kunna skapa ein slik plan må dei største private monopola innan industri, bergverk, transport, finansiering og handel eigast, styrast og kontrollerast av dei folkevalde organa. Ein sterk statsplan forutset auka lokal makt og arbeidarstyrte bedrifter.
Den økonomiske stoda i Noreg er slik i dag at det ikkje er mogeleg med ein snarleg sosialistisk revolusjon. Dei innebygde motseiingane i den kapitalistiske verdsøkonomien vil før eller sidan snu opp ned på samfunnstilhøva i Noreg og skape ein revolusjonær situasjon. Ei djup og langvarig krise i verdsøkonomien, evt kombinert med at fleire land i den tredje verda riv seg laus frå den imperialistiske verdsøkonomien, kan føra til ein slik revolusjonær revolusjon.
Revolusjon og innføring av sosialisme i Noreg kan ikkje vera eit verk av RV, AKP(m-l) eller ei lita væpna sekt. Vi vil aldri få sosialisme før fleirtalet av det norske folket finn leveforholda uhaldbare og grip til makta sjølve for å betra leveforholda for folk flest.
Sosialisme kan ikkje innførast gjennom væpna kupp frå ei lita gruppe eller gjennom invasjon; sosialismen vil komme som eit resultat av at det arbeidande folket vil ta makta fordi dei har mista all tillit til styresmaktene og kapitalismen har gjort levevilkåra uhaldbare for dei breie laga av folket.
RV tek avstand frå undertrykkinga av folket i Sovjet og Aust-Europa. Det er ikkje sosialisme, men eit kapitalistisk system der ei lita overklasse undertrykker og utbyttar folket, ofte med reint fascistiske metodar.
3. Sosialisme som økonomisk og politisk demokrati.
Ei revolusjonær omvelting og innføring av sosialisme i Noreg vil komme som eit resultat av ein voldsom, omfattande og djuptgripande politisk prosess og som eit resultat av eit samarbeid mellom fleire ulike politiske grupperingar. Derfor kan vi ikkje legge fram ein ferdig modell av korleis eit sosialistisk samfunn vil sjå ut her og no, men etter vår meining bør eit framtidig sosialistisk Noreg utviklast etter m.a. desse politiske
retningslinene:
*Eit sosialistisk Noreg vil sjølvsagt sikra at folk har formelle demokratiske rettar
som røysterett, organisasjonsfridom, tale og trykkefridom, men i tillegg vil det
bli lagt vekt på å trygga at arbeidsfolk får den verkelege makta i fabrikkane, i
kommunane og i staten.
*Statsleiinga skal grunnast på frie val og fleirpartisystem. Regjeringa skal peikast
ut av ei folkevald forsamling og står ansvarleg overfor denne.
*Dei parlamentariske organa vil vera arbeidande forsamlingar som har verkeleg
makt. Valde representantar kan trekkast dersom dei ikkje gjer ein skikkeleg
jobb.
*Politiske leiarar på alle nivå skal veljast for ei avgrensa tidsperiode. Alle
folkevalde bør delta i produksjonen med jamne mellomrom og leva
folkemassane sitt liv. Ingen politiske leiarar skal lønast høgare enn vanlege
arbeidsfolk. Ingen politiske leiarar har lov til å ta imot materielle eller
økonomiske privilegium.
*Det skal innførast radikal kvotering til fordel for kvinner, arbeidarar og andre
tidlegare undertrykte grupper ved val til lokale og sentrale politiske organ.
*Arbeidsfolk vil få mandat til å velja og avsetta bedriftsleiarane sjølve. Arbeidsfolk vil ikkje berre vera produsentar, men også trekkast med i styringa
av produksjonen og leiinga av bedrifta i stor grad.
*Fagforeiningane vil vera uavhengige av parti og statsapparat og streikeretten vil
vera verkeleg.
*Domstolane skal vera frie og uavhengige av stat og parti. Det skal etablerast fri
rettshjelp.
*Det bør vera ei statleg oppgåve gjennom økonomisk støtte å sikra ei politisk
differensiert presse- og etermediastruktur.
*Kyrkja skal skiljast frå staten. Full religionsfridom.
*Full juridisk likestilling mellom kjønna.
*Inga diskriminering eller undertrykking på grunnlag av seksuell legning.
Homofilt og heterofilt samliv blir juridisk likeverdig.
*Den samiske nasjonen vil få sjølvråderett og alle nasjonale minoritetar vil få
nasjonale rettar.
4. Sosialismen vil frigjera mennesket.
Sosialismen vil kunna skape det materielle og politiske grunnlaget for å frigjera mennesket frå svolt, utbytting, krig og økologiske katastrofer og til aktiv deltaking i utforminga og styringa av det solidariske samfunnet.
I dag blir verda styrt av stadig færre menneske og rikdomane blir samla på stadig færre hender, medan stadig større grupper av menneske blir skubba ut av produksjonen og den reelle politiske styringa av samfunnet.
Under sosialismen vil alle vaksne menneske ha verkeleg rett til arbeid eller samfunnsløn; bustad, barnehage, utdanning, helse- og sosialtenester vil vera gratis og aller menneske vil som prinsipp bli trekte med i styringa og utviklinga av samfunnet.
Slik skaper vi dei materielle føresetnadene for eit solidarisk samfunn der ingen blir gjort umyndige eller passiviserte p.g.a. alder, rase, kjønn, handikap eller liknande. Slik skaper vi dei materielle føresetnadene for eit solidarisk samfunn der enkeltindividet sitt menneskeverd ikkje er avhengig av verdien det har i produksjonsprosessen, men blir skapt gjennom aktiv, kollektiv deltaking i utforminga og styringa av samfunnet og der samfunnet sitt verdi og ide er avhengig av denne.
Vi slåss for eit sosialistisk Noreg, eit sosialistisk Europa og ei sosialistisk verd fordi berre sosialismen som økonomisk og politisk verdsomfattande system vil kunna løysa dei mest presserande oppgåvene i verda i dag:
*å skape rettferdig fordeling av resursane i verda.
*å fø alle folk på jorda.
*å sysselsetta dei arbeidslause.
*å gje alle meiningsfyllt arbeid.
*å sikra borna våre rein luft, reint vatn og ei produktiv jord.
*å forhindra imperialistisk rivalisering og krig.
*å frigjera kvinnene.
Fordi fortsatt kapitalisme og imperialisme vil forsterka, ikkje løysa desse livsviktige problema og fordi fortsatt imperialisme vil kunna bety øydelegging av alt liv på jorda.
Kapittel 2 Dei 10 store utfordringane
- RV sitt svar på omstillingspolitikken
I Noreg foregår det ein omfattande økonomisk omstillingsprosess. Han er bestemt av to hovudfaktorar:
Krisa i den internasjonale kapitalistiske økonomien og den teknologiske revolusjonen.
Kapitalen bestemmer premissa for omstillinga. Kapitalistane og staten angrip dei økonomiske, sosiale og politiske rettane til arbeidarklassen på brei front for å styrka seg sjølve i konkurransen med andre bedrifter og andre land.
Borgarskapet styrkar posisjonane sine gjennom sentralisering av eigendomstilhøva; eit intimt samarbeid mellom toppane i fagrørsla, Arbeiderpartiet og kapitalen, og gjennom betre kontroll og byråkratisering av statsapparatet. Dette svekkar dei politiske og demokratiske rettane til arbeidarklassen.
Arbeidarklassen og fagrørsla blir splitta opp som eit resultat av nyorganiseringa i næringslivet, det indre forfallet i fagrørsla, og politiske angrep der grupper blir sette opp mot kvarandre.
Levevilkåra blir angripne på mange områder, som løn, renter, bustaddyrtid, skatt og auka eigenandelar for offentlege tenester.
Leiinga i LO, N.A.F., Industriforbundet og Arbeiderpartiet har utvikla ei felles plattform for omstillingane. På den måten håpar dei å nøytralisera dei som blir råka av tiltaka; grunnplanet i fagrørsla og alle arbeidande menneske i Noreg.
Arbeidsfolk og vanlege menneske i Noreg har ikkje noko anna alternativ enn å slåss mot desse angrepa. Det stiller store krav til einskapen og solidariteten mellom arbeidsfolk, og det krev ei eins oppfatting av kva det er viktigast å slåss mot.
Det er bakgrunnen for at Raud Valallianse legg fram sitt standpunkt om kva som er dei store utfordringane.
1. Mot nedlegging av arbeidsplassar.
Store delar av den tradisjonelle industrien i Noreg står for fall. Modernisering og alternativ produksjon er i mange tilfeller nødvendig. Kapitalistane løyser problema ved å legga ned eller redusera talet på tilsette. Dette kastar folk ut i arbeidsløyse og tvingar dei til å reisa frå heimstadene sine.
Ei rad einsidige industristader er avhengige av ei bestemt bedrift eller ein bestemt bransje. Nedlegging eller reduksjon av talet på tilsette truar derfor heile lokalsamfunnet.
Gjennom nedskjæringar i dei offentlege budsjetta og privatisering, råkar omstillingsprosessen også arbeidsplassar i offentleg sektor. Nedlegging av hjørnesteinsverksemder fører også til offentleg inntektssvikt, særleg på mindre stader. Resultatet er redusert tal på tilsette, for få tilsette og redusert tilbod.
Vårt standpunkt er at fagforeiningane må slåss for kvar einaste arbeidsplass. Å godta 'små reduksjonar' vil skape eit skilje mellom dei som får arbeid og dei som står utan, og vil føre til nederlag over tid.
Det er ingen mangel på samfunnsmessige oppgåver, særleg i distrikts - Noreg:
Mangel på bruer, ferjer, barnehagar, sjukeheimar, trygdebustader, eldresenter og kulturhus. Dette er oppgåver som skaper arbeidsplassar både under bygging og drift. Det er det kapitalistiske systemet som hindrar ei slik satsing.
På børsen kjempar dei store kapitalgruppene om makta over dei sentrale delene av norsk næringsliv, og om å bygge opp bedriftsstrukturer som skal vera mest mogeleg konkurransedyktige. Det betyr at kampen for arbeidsplassane blir ein kamp mot ein sentralisert og godt organisert motstandar med ein fastlagd industristrategi. Dette stiller store krav til einskap og solidaritet i fagrørsla.
Samtidig blir bedriftene splitta opp i mindre einingar, der kvar eining blir sett på isolert, og får krav om bedriftsøkonomisk lønsemd. Reduksjon eller nedlegging av dei svakaste ledda blir lettare. Fagforeiningane blir pressa inn i ei rolle der dei skal forsvara si bedrift eller sin del av bedrifta. Denne oppsplittinga virkar som ei motkraft mot einskapen og solidariteten.
Bedriftene reduserer i aukande grad talet på fast tilsette arbeidarar og nyttar overtid, korttidskontraktar og leigearbeidarar for å ta produksjonstoppane. Dette skaper A- og B- arbeidarar, som er ein trussel mot fagforeiningane si kampkraft.
Den største utfordringa for arbeidarrørsla ligg altså i å utvikla fagrørsla si rolle som ein reiskap for å skape einskap og solidaritet i arbeidarklassen.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Ingen arbeidsplassar må leggast ned utan at alternative arbeidsplassar er
etablerte.
*Dei einsidige industristadene må få ein statleg bustads- og arbeidsplassgaranti.
*Lovforbod mot nedlegging av arbeidsplassar i bedrifter der staten har
aksjemajoriteten uten at alternative arbeidsplassar er oppretta.
*Mot privatisering av statlege bedrifter og eigarandelar.
*For auka løyvingar til offentleg sektor og til samfunnsnyttige oppgåver som
dekker folks behov.
*Mot oppsplittingar av konsern/bedrifter i mindre resultateiningar.
*Mot at bedrifter sparkar tilsette, og erstattar dei med leigd arbeidshjelp, auka
bruk av overtid og korttidskontraktar.
2. Stogg sentraliseringa.
Det går ein straum av verdiar frå distrikta til byane, og frå distrikts-Noreg til sentrale austlandsområde, nettoutflyttinga frå Nord-Noreg var t.d. 52.000 menneske dei siste 20 åra. Halvparten av kommunane i landet har nedgang i folketalet. Dei tre nordlegaste fylka er særleg hardt råka. Kapitalen og arbeidsplassane konsentrerer seg i dei største byane der profitten er størst. Kapitalistane vil bruka pengane som blir overførte til distrikts-Noreg i dag til formål som tener dei sjølve. Buvik-utvalet foreslo innskrenkingar og nedleggingar for mange av dei einsidige industristadene i landet. Bygdeutvalet vil gjera distrikta 'billegare' ved regionvis sentralisering.
Angrepa mot dei offentlege overføringane til jordbruket vil føra til auka nedlegging av gardsbruk. Dette fører til arbeidsløyse, særleg blant kvinner, og tusenvis av menneske blir tvinga vekk frå heimane sine til pressområde. RV er for spreidd busetnad, fordi det gir betre resursutnytting, rikare kulturliv, betre forsvarsevne og mindre forureiningsproblem.
I dag blir bønder og fiskarar sette opp mot arbeidarar og funksjonærar i byane. Dette er ein splitt og hersk metode, og RV vil arbeida for einskap mellom desse gruppene.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Bygg ut arbeidsplassane i distriktet. Arbeid der folk bur.
*Sterk satsing på investeringar i arbeidsplassar i utkants-Noreg, særleg
kvinnearbeidsplassar. RV er for at moderne teknologi skal takast i bruk for å
desentralisera arbeidsplassar.
*Å oppretthalda og auka overføringane til landbruk og fiske.
*Utbygging av undervisingstilbodet og fjernundervisinga i distrikta.
*Teletakstane må bli mindre og like over heile landet, slik som brevportoen er.
*Offentlege transportmidlar må byggast ut og bli billegare.
*Å bygga einskap mellom arbeidarar, fiskarar og bønder.
3. For 6-timars normalarbeidsdagen.
Kvinnene har kome ut i arbeidslivet, men har samtidig behalde ansvaret for heimen og omsorgsarbeidet. Kvinnene har vore nøydde til å tilpassa deltakinga i arbeidslivet til den private omsorgen. Derfor er deltidsarbeid stort sett eit kvinnefenomen.
Vanlegvis er det umogeleg å førsørga seg med ei deltidsstilling. Kvinnearbeid blir derfor eit tilskot til familieøkonomien, og skaper ikkje økonomisk sjølvstende for kvinnene.
6 timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon vil gjera livet enklare for dei fleste menneske i Noreg. Han vil gjera det mogeleg for dei fleste kvinner å jobbe heil dag, og gje dei økonomisk sjølvstende. Derfor er det også kvinnene som står i spissen for dette kravet, som er ei av dei viktigaste kampsakene for kvinne- og fagrørsla.
Arbeidsproduktiviteten har auka voldsomt sidan 8-timarsdagen vart innført. Kapitalistane tek ut svære, auka verdiar p.g.a. dette. Innføring av 6- timarsdagen vil bety at arbeidsfolk tek ut litt meir av dei verdiane dei sjølve skaper.
Vi vil reisa forslag i kommunar og fylkesting om utgreiingar og prøveordningar med 6 timars arbeidsdag, og vi vil reisa lovforslag om 6 timarsdagen dersom vi blir representerte på Stortinget.
Lengda på og plasseringa av normalarbeidsdagen gjev norma på kor lenge folk må arbeida for å forsørga seg. Ho avgjer når dei fleste skal arbeida, og ho definerer kva arbeidstid som skal lønast betre.
Arbeidsgjevarane vil undergrava normalarbeidsdagen for å skaffa seg konkurransefordelar. Dette vil dei m.a. gjera ved å gjera upraktisk arbeidstid om til normal arbeidstid utan tilleggsløn, gjennom bruk av deltidsarbeidarar for å ta produksjonstoppar, og gjennom auka bruk av skift og helgearbeid.
Derfor vil Raud Valallianse arbeida for:
*6 timars normalarbeidsdag med full løns- og stillingskompensasjon.
*Arbeidstidsforkortingar skal normalt takast ut i form av dagleg redusert
arbeidstid.
*Normalarbeidsdagen skal ligga mellom kl. 7.00 og 17.00. Arbeid utover dette
skal avgrensast sterkt og skal gjevast ekstra økonomisk kompensasjon.
4. Mot internasjonalisering.
Internasjonalisering har vorte ein hovudstrategi for norske kapitalistar i 80-åra. Dei ser høvet til å bruka oljeoverskotet for å styrka den rolla den norske kapitalen spelar på verdsmarknaden.
Gjennom å etablera eller kjøpa opp verksemder utanfor Noreg tek dei sikte på å vinna kontroll over marknaden for visse produkt, sikra seg billegare arbeidskraft, sikra seg tilsette utan tilknyting til ei sterk fagrørsle, og komme inn i land utan eller med eit svakt arbeidarvern i lovene. Dessutan er denne strategien skattemessig motivert.
Raud Valallianse er mot internasjonaliseringa av norsk industri og næringsliv. Standpunktet vårt er prinsipielt og knytt til kampen mot norsk utbytting av arbeidarklassen i andre land. Ved etableringar, særleg i den tredje verda, er aktiviteten ofte knytt til ei omsynslaus utbytting av arbeidarane. Politisk fører det også til ei tilknyting til reaksjonære og fascistiske regime, og vil komme i motsetnad til kampane folka i desse landa fører for nasjonal og sosial frigjering. Utanlandsetableringane tappar også norske verksemder for kapital, og truar dermed eksistensen deira óg.
Eit ledd i kampanja for auka internasjonalisering er at kapitalistane og LO-toppen prøver å spre sjåvinisme blant arbeidsfolk. Dei vil innbilla folk at kapitalistar og arbeidarar i Noreg har felles interesse av å utbytta arbeidarar i andre land. RV vil kjempa mot denne sjåvinistiske propagandaen og for internasjonal solidaritet. Dette blir ei stor utfordring for arbeidsfolk i Noreg: utbygging av dei internasjonale kontaktane. Fagforeiningane i dei norske delane av internasjonale konsern må søka direkte kontakt med fagforeiningane på dei oppkjøpte/norskeigde bedriftene i utlandet. Dei må oppretta vennskap og informera kvarandre om arbeidstilhøve, lønsvilkår og faglege rettar. Berre på denne måten kan arbeidsfolk i inn- og utland unngå å bli spela ut mot kvarandre, og oppretta alliansar mot kapitalistane i staden. Å gje hjelp og støtte til arbeidsfolk på norskeigde bedrifter i utlandet til å reisa kamp for betre løns- og arbeidsvilkår er også viktig for å verna arbeidsplassane i Noreg.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Mot internasjonalisering av norsk næringsliv.
*Mot Norsk Internasjonalt Skipsregister.
*Fagrørsla må sjølv oppretta direkte kontakt mellom fagforeiningane i inn- og
utland.
*Besøksplikt på utanlandske bedrifter for representantane for dei tilsette i styre
og bedriftsforsamlingar.
*Lik rett for alle tilsette i norskeigde selskap til å velja styrerepresentantar.
*For auka solidaritet med folka og landa i den tredje verda gjennom gåver, rimelege lån og direkte støtte til frigjeringsrørslene.
*Støtta krav om nasjonalisering av norsk eigendom i utlandet.
5. Forsvar levekåra - Mot 0-oppgjer og bruk av tvungen valdgift.
Medan det var reallønsforbetring i storparten av 1970-åra, har reallønningane i t.d. industrien stått stille eller gått tilbake frå 1978 fram til i dag. Ei av årsakene vart demonstrert gjennom 0-oppgjeret våren 1987, der N.A.F. og LO sto på same line. Denne politikken råkar særleg kvinnene og dei tilsette i offentleg sektor. Ei anna viktig årsak til lønsnedgangen er regjeringa si bruk eller trussel om bruk av tvungen valdgift.
Arbeiderpartiet utviklar no ein politikk for samforeinte oppgjer, der staten skal gå inn permanent som ein tredje part mellom «partane i arbeidslivet». På denne måten skal fagrørsla knytast til og tena statsmakta sine interesser i sterkare grad enn tidlegare, og særleg godta og forsvara den politikken Arbeiderpartiet legg opp til i regjeringsposisjon.
Bustad og rentepolitikken har ført til ei kraftig auke av utbyttinga, særleg overfor dei som skal etablera seg med eigen bustad. Dei som har tent på denne utviklinga er først og fremst bankane.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Store generelle tillegg ved lønsoppgjera. Mot avgrensingar i den lokale forhandlingsretten.
*Mot bruk av tvungen lønsnemd. RV vil arbeida for at desse tvangslovene ikkje skal bli respekterte.
*Mot sameinte oppgjer og nasjonale lønsråd.
*For ei fagrørsle som er uavhengig både av statsmakta og parti.
*For ein sosial bustadpolitikk.
*Senking av bustadrenta i bankane gjennom renteerklæringar frå regjeringa.
6. Auka overføringar til kommunar og fylker.
1 1986 vart det innført eit nytt inntektssystem for kommunar og fylker med full semje mellom stortingspartia. Øyremerka tilskot er erstatta med rammetilskot. På denne måten har staten skaffa seg eit reiskap for å avgrensa og kontrollera overføringane til kommunesektoren.
På denne måten vert kommune- og fylkesstyra sette til å ta støyten for den statlege nedskjeringspolitikken. Verknaden vil bli at grupper blir sett opp mot kvarandre i sterkare grad enn tidlegare. Det vil også føra til eit press i retning av privatisering av kommunale tenester og auka eigenandelar.
Den nye prøveordninga med frikommunar tek sikte på å gje ein del fylker og kommunar dispensasjon frå lover og reglar. Dette er ei vidareføring av det nye inntektssystemet og arbeidet med å fjerna normer og standardar som tek ivare forbrukarane og fagpersonellet sine interesser, og som er kostnadskrevjande.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Mot det nye inntektssystemet - for øyremerka tilskot.
*For auka løyvingar til kommunar og fylker.
*Mot frikommuneordninga.
*Mot auka eigenandelar og privatisering.
7. Mot privatisering.
Kravet frå kapitalistane om auka forteneste har ført til ein statleg innstrammingspolitikk. Prisen for dette er at viktige samfunnsoppgåver ikkje blir løyste.
Manglane i det offentlege tilbodet har lagt grunnlaget for privatiseringsframstøyt, både ope og skjult. Televerket, Postvesenet, Vegvesenet og helsestellet har profittable sektorar som er interessante for private investeringar. Dei ulønsame delene skal framleis leggast til staten. Det vil gje ei dårlegare og dyrare tilbod av fellesgoder - særleg i distrikta. Privatisering av statleg og halvstatleg industri er ein politikk frå staten si side for å seia frå seg ansvar for å oppretthalda arbeidsplassar.
Berre ei offentleg satsing kan gje eit sosialt og distriktsmessig likeverdig tilbod til folk.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Mot privatisering av offentlege arbeidsplassar og offentlege tenester.
*Opprusting av det offentlege helse- og sosialtilbodet.
8. For lover, reglar og normer som ivaretek rettane til folk.
I offentleg sektor foregår det eit arbeid for å fjerna lover, reglar, normer og standardar som ivaretek forbrukarane sine interesser. På denne måten tek staten sikte på å spare pengar, fjerna ordningar som automatisk krev større løyvingar og som gjev forskjellige faggrupper sakleg argumentasjon for å kreva større satsing og løyvingar.
Samtidig er ei rad reglar og forordningar i kommunar og fylker som gjer sakshandsaminga unødvendig tungvint og servicen til folk dårleg. Byråkratiet er prega av sektortenking, lite samarbeid og manglande evne til å sjå ting i samanhang. Derfor støttar RV endringar på dette området som vanlege folk er tente med.
I privat sektor tek ein sikte på å fjerna eller forenkla lover og reglar som «skaper unødige problemer for næringsdrift». NA.F. har vore særleg aktive for å uthola reglane om normalarbeidsdagen i Arbeidsmiljølova.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for :
*Å behalde og forbetra dei lovene, reglane, normene og standardane som ivaretek dei tilsette og forbukarane sine interesser og for å oppretthalda og betra dei faglege standardkrava.
*Mot utholing av reglane i Arbeidsmiljølova om normalarbeidsdagen. Mot auka driftstid.
9. For ei fri og uavhengig fagrørsle.
Det største hinderet for å utvikla ei solidarisk og slagkraftig fagrørsle ligg i det sterke faglegpolitiske samarbeidet mellom LO og Arbeiderpartiet. Arbeiderpartiet brukar fagrørsla som eit av dei viktigaste reiskapa for å sikra oppslutnad om partiet i arbeidarklassen, og det institusjonaliserte samarbeidet fører til at fagrørsla blir lagt under partiinteressene til Ap både i regjeringsposisjon og i opposisjon.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Ei fri og uavhengig fagrørsle - mot samarbeidet mellom LO og Arbeiderpartiet.
*Ei fagrørsle som stiller seg politiske mål utover dei enkelte faglege krava og som stiller spørsmålet om samfunnsmakta og styringa av samfunnet på dagsordenen.
*Nei til fagrørsla som tilbodsbutikk, for skulering og kamp for å forsvara medlemmene sine interesser.
*For å skapa mest mogeleg einskap på tvers av ulike skiljeliner i arbeidarklassen og arbeida for å fremja saker som kan styrka denne einskapen. For å styrka einskapen mellom LO-organiserte og organiserte i forbund utanfor LO.
10. Kvinnerørsla og fagrørsla.
Den norske kvinnerørsla er i hovudsak eit resultat av at kvinnene har møtt særeigne problem gjennom deltaking i arbeidslivet, og at denne deltakinga har styrka kvinnene si rolle i samfunnslivet. Kvinnerørsla har representert den voldsomme krafta som ligg i desse endringane.
Fagrørsla og spesielt LO, har i mindre grad teke konsekvensen av denne nye stoda, og er framleis dominert av menn og stoda og krava til mannlege arbeidarar.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for :
*Å foreina kvinnerørsla og fagrørsla.
*Kvinnekrava må bli fagrørsla sine krav og kvinnerørsla må innrettast på den kvinnelege arbeidarklassen. Kampen for 6 timars normalarbeidsdag er eit godt døme på eit krav som foreinar fagrørsla på tvers av organisasjonsskiljer og lønsskiljer. RV vil prioritera slike saker som skaper einskap, styrke og sjølvforståing mellom arbeidsfolk.
Kapittel 3 For full kvinnefrigjering
Kvinner og arbeid: 6 timars normalarbeidsdag innan 1992
Kvinnene har gått ut i løna arbeid i større og større grad dei siste 20 åra. I dag er nesten 50% av dei yrkesaktive kvinner, og kvinnene utgjer halvparten av arbeidarklassen. Dette har gjort kvinnene meir økonomisk uavhengige. Men arbeidsmarknaden er kjønnsdelt og kvinneløner er mindre enn mannsløner, kvinnearbeid har lågare status og er ofte rutinearbeid. Det viser seg at løna ikkje følgjer yrker, men kjønn. Svært mange av kvinnejobbane er nyoppretta stillingar i offentleg sektor, i omsorgsarbeid og rutineprega kontorarbeid. Offentlege nedskjæringar råkar
kvinnearbeidsplassar.
Hilleslands-dommen, som stadfesta at det ikkje var usakleg å seia opp fire kvinner fordi dei var gifte, viser at lik rett til arbeid er noko kvinnerørsla og fagrørsla må kjempa for.
Sjølv om kvinnene stort sett har vorte yrkesaktive, har dei framleis ansvaret for born og heim. Derfor er deltidsarbeid ei løysing svært mange kvinner har vore nøydde til å velja.
Kravet om 6 timars arbeidsdag er det mest sentrale kvinnekravet, både fordi det vil letta kvardagen og styrka kvinnene si stilling i arbeidslivet. Fleire kvinner vil kunna ha full jobb og full løn. Det vil også gje betre høve til å gå aktivt inn i faglege og politiske organisasjonar. RV har reist og vil reisa dette kravet i kommunar og fylker. Vi vil også reisa forslag til ei lov om 6 timars normalarbeidsdag dersom vi kjem inn på Stortinget.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*6 timars normalarbeidsdag med full løns- og stillingskompensasjon.
*Kraftig heving av kvinnelønene. Dette forutset høge generelle tillegg og auka vekt på dei sentrale tariffoppgjera både i privat og offentleg sektor. Stat og kommune må gå fremst og heva løna til offentleg tilsette.
*Lik rett for utdanning til kvinner.
*Eitt års svangerskapspermisjon med full løn og opptening av feriepengar og pensjonspoeng.
For ein god offentleg omsorg - Bygg ut dei offentlege omsorgstilboda.
Det er kvinnene som gjer det private uløna omsorgsarbeidet. Dette arbeidet har kvinnene i tillegg til jobb, og det gjev ikkje rett til pensjonspoeng til Folketrygda. Undersøkingar viser også at einslege kvinner med born nyttar mindre tid på husarbeid og omsorg, enn kvinner utan born nyttar til husarbeid og omsorg for ein mann. Både kjønnsrollane og familiesystemet er aktive motkrefter mot frigjering av kvinnene.
Utbygging av barnehagar og fritidsheimar, og ein eldre- og sjukeomsorg som har eit verdig liv som grunnlag, er heilt nødvendig for å kunna frigjera kvinnene frå dette ansvaret. Dette tilbodet må vera gratis for alle.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Barnehagar og fritidsheimar til alle born. Målet er gratis tilbod.
*Å frigjera kvinnene frå omsorgsansvaret for eldre og sjuke.
*For utbygging av eldreomsorga til rehabilitering og omsorg - ikkje oppbevaring.
*Auka løyvingar til helse- og sosialsektoren - frå ca. 20% av BNP opp til svensk nivå på ca. 30%.
Kvinnearbeidsplassar i distrikta
Distrikts-Noreg er trua av nedlegging og eit viktig resultat av dette er at kvinnene forlet distrikta for å skaffa seg utdanning og arbeid. Kvinnearbeidsplassane i fiskeindustrien og jordbruket blir raserte i omstillingsprosessen Noreg er inne i no. Utdanningstilboda er svært sentraliserte og blir reduserte. Kvinnene fell ut eller må flytte.
Denne utviklinga må snuast ved at staten nyttar pengar på å skaffa nye arbeidsplassar og desentraliserer utdanningsmuligheitene, særleg i Nord-Noreg.
Kvinnebøndene fører ein kamp for å synleggjera arbeidet sitt og for at det skal lønast. Dette krev auka overføringar og senka effektivitetsnormer. Dette krev også overføringar og senka effektivitetsnormer. Dette krev også utbygging av barnehagar og offentleg eldre- og sjukeomsorg. Kvinner som arbeider på gard, må registrerast som brukarar for å oppnå trygderettar og pensjonspoeng. Denne registreringa må vera styresmaktene sitt ansvar.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for :
*Forsvar for utbygging av primærnæringane.
*Større overføringar og senka effektivitetsnorm slik at kvinnebøndene får ein likeverdig plass i jordbruket.
*Registrering av kvinnebønder.
*Styrking av forskings- og utviklingsarbeidet med særleg vekt på vidareforedling av råvaret.
*Mot nedlegging og sentralisering av slakteri og meieri.
*Utbygging av den offentlege sektoren.
For eit pornofritt Noreg
Det kapitalistiske samfunnet har gjort at kvinnekroppen kan seljast som ei vare. Porno og prostitusjon framstiller kvinner som bruksgjenstandar for menn, uttrykker forakt, og oppfordrar til vald mot kvinner. Desse haldningane blir spreidde gjennom filmar, blad og plakatar. Det har vakse fram ein stor industri som håvar inn profitt på denne forakten.
Dei siste åra har det vorte avdekka mykje grov mishandling og mange valdtektar mot kvinner - også innafor familien. Dette er den mest nedrige forma undertrykking av kvinner får. Sjølvrespekten og eigenverdet blir systematisk undergravd.
Kvinnerørsla i Noreg og i store delar av verda fører ein beinhard kamp mot desse haldningane og mot den internasjonale pornoindustrien. RV støttar denne kampen og har reist forslag om pornofrie kommunar i kommunestyra. Vi meiner at denne saka også er ei viktig sak for fagrørsla.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for :
*Eit pornofritt Noreg.
*Kommunale krisesentertilbod til kvinner over heile landet. Staten må betala driftsmidlar også etter 31.12.88.
*Prostituerte må få rehabiliteringstilbod som bygger på kvinnesolidaritet.
Kor lenge skal menn setta premissa?
Det kapitalistiske klassesamfunnet undertrykker kvinner ideologisk. Det framhevar måten menn tenker, organiserer og jobbar saman på. Det har gjeve menn privilegium i høve til kvinner. Alt organisasjonsliv, politikk, skule, kultur og mediaverksemd er prega av dette. Dette undertrykker kvinnene og gjer det vanskeleg å setta premissa sjølve for å vera aktive og leiande i politikk og organisasjonsliv.
Menn i alle klassar og lag undertrykker kvinner gjennom privilegia sine. I familien er dei hovudpersonen og dei har rett til å prioritera jobb, organisasjonsliv osb. på bekostning av kvinnene. Kvinnene får hovudansvaret for omsorg for born, pleietrengande og husarbeid. I organisasjonslivet er det menn som avgjer kva som er viktige og uviktige saker. Kvinnene vil vera ei drivkraft i kampen for å gjera fagrørsla til eit brukeleg reiskap for arbeidsfolk, gjennom større deltaking og ved å stilla kvinnekrav.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Kamp mot den ideologiske kvinneundertrykkinga på alle områder.
*Radikal kjønnskvotering i arbeids- og foreiningsliv.
*Mot privilegia menn har i samfunnet og familien.
Internasjonal solidaritet
Imperialismen har forsterka og delvis skapt ei gjennomgripande kjønnsdeling av arbeid og resursar i den 3. verda. Kvinnene har fått lågare status og færre rettar i samfunnet og i heimen enn tidlegare. Moderniserings- og hjelpeprogramma har sett vekk ifrå kvinnene si rolle som bønder og matprodusentar. Kvinnene har vorte meir avhengige, det har vorte vanskelegare for dei å fø seg sjølve og familien. Dette er noko av røyndomen bak det økonomiske folkemordet store delar av folka i den tredje verda er utsette for.
Når dei multinasjonale selskapa etablerer seg i den tredje verda er det stort sett unge kvinner som blir utnytta og forbrukt like omsynslaust som under den industrielle revolusjonen i Europa i førre hundreåret. Derfor er svært mange heilt utslitne alt før dei er 30 år gamle.
I fleire land i Sør-Aust-Asia er turistnæringa ei viktig kjelde til valutainntekter. Ein viktig turistattraksjon er prostitusjon. Kvinner blir utnytta og øydelagde i sex-industrien i stort omfang.
Innvandrarkvinnene i Noreg er utsette for ei særskilt rasistisk og kulturell undertrykking.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for :
*Solidaritet og nære band til kvinnene i den tredje verda.
*Synleggjering av betydninga kvinner har i samfunn og matproduksjon.
*Mot sexreiser frå Noreg.
*Einskap og solidaritet mellom norske kvinner og innvandrarkvinner.
Familien undertrykker kvinner
Indeksfamilien, - mor, far og to born, er grunnlaget for dei økonomiske rammene staten legg til grunn for ulike trygder og tilskot. RV vil arbeida for at denne norma skal opphevast og at økonomiske tilskot skal tilpassast den enkelte etter kva ein treng.
Familien set ei norm for korleis folk skal leva saman. Dette får negative verknader for einslege foreldre, kvinner som lever åleine, og for homofile og lesbiske. Hovudpremisset for familien i samfunnet vårt er at mannen er forsørgar, og at kvinnene si løn er ei tilleggsløn. Dette råkar lønsnivået for kvinner generelt.
RV meiner at familien på lang sikt bør tømmast for oppgåver og at folk skal kunna leva saman i buformer som passar for dei som sjølvstendige og likeverdige individ.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Indeksfamilien skal bort som norm for inntekt og forbruk. Auka økonomisk støtte til einslege foreldre.
*Lovfesta rett til avlasting for einslege foreldre og dei som utfører privat omsorgsarbeid.
For homofil og lesbisk frigjering
Lesbiske og homofile samliv må godtakast som fullverdige og verdifulle. Homofile og lesbiske utfordrar det etablerte kjønnsrolle-og kjernefamiliesystemet, og er ein spydspiss i kampen for å skapa alternative samlivs- og buformer. På det området har denne kampen mange likskapar med kampen for kvinnefrigjering.
Fordommar og hets mot homofile og lesbiske blir nytta av borgarskapet og religiøse krefter for å oppretthalda familien. Hysteriet rundt sjukdommen AIDS blir også nytta for dette formålet. Ein del forsking har også hatt som føremål å finna årsaka til homofili. Dette er med på å spreia ideen om homofili som ein «sjukdom» som kan «lækast».
Retten til å leva homofilt og lesbisk er retten til å leva saman som sjølvstendige menneske, økonomisk, sosialt og seksuelt.
Organisasjonane til lesbiske og homofile er den viktigaste krafta for å slåss mot undertrykkinga og fordommane, og for å auka forståinga for at homofilt og lesbisk samliv er fullverdig og verdifullt.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Full støtte til kampen for homofil og lesbisk frigjering.
*Å kjempa mot AIDS-hysteriet og mot at dette skal auka diskrimineringa av homofile.
*I skuleundervisinga må homofili handsamast på like fot med heterofili.
*For homofile og lesbiske sin rett til adopsjon og kunstig befrukting.
*For ei vesentleg auke i den statlege støtten til homofile sine organisasjonar.
Kapittel 4 For kollektive løysingar
Offentlege tenester og tiltak er avgjerande for levestandarden til folk flest. Standpunktet vårt er at offentlege fellesløysingar er det beste, mest rettferdige og det som sikrar størst likskap i tilbodet, - utan omsyn til økonomisk stilling eller bustad.
Dei offentlege fellesløysingane har vore hardt angripne dei siste ti åra, først og fremst gjennom harde nedskjeringar i løyvingane til kommunar og fylker. Dette har ført til at ei rad viktige samfunnsoppgåver som helsevesenet, sosialsektoren og skuleverket har utvikla seg til reine kriseområde.
Aukinga av eigenandelane folk må betala for offentlege tenester, som lækjar og barnehageplass, har vore ein annan innstrammingsmetode. Offentlege oppgåver er gjort til eit privat ansvar i stigande grad, og dette har ført til forverring av den personlege økonomien til folk. Det mest dramatiske uttrykket for dette er samanbrotet i den sosiale bustadbygginga. Ein heil generasjon unge er fråteken retten til å bu i eigen og rimeleg bustad.
Den tredje hovudmetoden er privatisering. Veksten i profittbasert helsetilbod er eitt uttrykk for dette. Veksten i private forsikrings- og pensjonsordningar er eit anna.
Når mange av dei offentlege løysingane møter mykje kritikk mellom folk flest, er det heilt rett. Dette kjem av at desse løysingane er tilpassa behova i kapitalistklassen og den borgarlege økonomien - ikkje kva folk flest treng. Ideologien om at «du er din eigen lykkes smed» blir spreidd offensivt. Alt dette peikar i retning av individuelle eller personlege løysingar på problema folk opplever. Vrengebiletet av denne ideologien er at det er folk sin eigen feil når dei ikkje greier seg, har problem eller blir utslegne. Føremålet med denne ideologien er å undergrava det offentlege eller samfunnsmessige ansvaret for folk, han skal vri kritikk mot systemet til ein kritikk av folk sjølve. Dette er ein reaksjonær og farleg ideologi.
Raud Valallianse sitt svar på dette er kollektive løysingar - fellesløysingar. Vi vil slåss for løysingar som ivaretek fleirtalet sine interesser. Noko av dette vil det vera mogeleg å slåss fram på tvers av kapitalen sine interesser, men dersom det skal vera mogeleg å innføra kollektive heilskapsløysingar som tener vanlege folk, som f.eks. gratis helse- og sosialtenester som dekker dei verkelege behova, forutset dette innføringa av eit anna økonomisk og politisk system, sosialismen.
Helse- og sosialpolitikk
Det foregår i dag ein politisk og ideologisk kamp om kva som skal vera grunnlaget for utviklinga av helsevesenet. Helsebyråkratane og dei fleste politikarane definerer behovet som uendeleg. I staden blir den statlege økonomien og behovet for innstrammingar gjort til hovudgrunnlaget for utviklinga. Denne politikken fremmer eit helsevesen som er urettferdig, ulikt, uutvikla, og som utnyttar dei tilsette hardare. Helsesektoren er ein kvinnesektor. Nedskjeringspolitikken råkar ikkje berre pasientane, men er også eit hardt åtak på den største kvinnelege yrkesgruppa i landet.
Raud Valallianse vil snu dette på hovudet: Vi vil ha helseplanar som tek utgangspunkt i behova. Det er fullt mogeleg å kartlegga behova og laga klåre minimumskrav, normer og standardar for dei forskjellige delene av den kommunale og fylkeskommunale helsetenesta på bakgrunn av desse. Helseplanar kan ikkje bygga på sjølvsagde utsagn som at einkvar økonomi har sine avgrensingar. Berre planar som bygger på behov gjer det mogeleg å vega ulike samfunnsmessige omsyn opp mot kvarandre.
Staten må sikra kommunane og fylka økonomiske resursar til å oppfylla minstekrava. Dette bryt med den herskande politikken som betyr innstrammingar gjennom rammetilbod og nedbygging av normer og standardar.
Vi avviser eit helsetilbod som favoriserer folk med høg inntekt i konsentrerte byområde. Helsetilbodet må bygga på likskapsprinsippet: Like rettar same kvar du bur og kva du tener. Raud Valallianse vil arbeida mot privatisering og profittbasert helsetilbod, som bryt med desse prinsippa.
Raud Valallianse vil arbeida med desse sakene:
*Auka løyvingar til helsesektoren.
*For ei gratis helseteneste som tek utgangspunkt i behova hjå folk. Mot systemet med eigenandelar. Nei til privatisering.
*I neste periode vil RV særleg arbeida mot privat profittbasert drift av sjukehus, Computortomografi og prøverøyrsklinikkar.
*Innfør etableringslov for lækjarar for å sikra god lækjardekking i distrikta.
*Vekk med gjestepasientordninga.
*Utdann jordmødre så det monnar. Alle kommunar skal ha offentleg tilsett jordmor. Dette skal inn i kommunehelselova. For utbygging av fødestover.
*Utdanna folk på ambulansane og fast organisert ledsagar teneste.
*Betring av arbeidsmiljøet i helse- og sosialsektoren gjennom å fjerna underbemanning og overbelegg.
*Staten må garantera fortsett drift av dei statssjukehusa som finns i dag.
*RV er mot utholinga av fagutdanninga i helse- og sosialsektoren og er mot ei senking av den faglege standarden i helsevesenet. Utdanningskapasiteten må aukast.
*Tiltaka mot AIDS må intensiverast kraftig både når det gjeld informasjon, førebygging og behandling. Oppbygging av støttegrupper for HIV-smitta. Mot trakassering, mistenkeleggjering og oppseiingar av HIV-smitta. Ingen tvangstiltak kan godtakast.
*Psykisk utviklingshemma må få alle tilbod dei har krav på i lokalmiljøet. Dette gjeld både tilpassa bustader barnehageplassar, skuletilbod vidareutdanning, arbeid, støttekontakt og avlasting.
*Det må iverksettast nødvendige tiltak slik at det psykiske helsevesenet kan rustast opp til å dekka den verkelege trongen for behandling og integrering i lokalmiljøet.
*Gratis adopsjon av utanlandske born. Fulle foreldre- og permisjonsrettar til adoptivforeldre.
Eldreomsorgen: Løys kvinnene frå omsorgsansvaret.
I dag blir mesteparten av omsorga for eldre pleietrengande utført privat og ubetalt av kvinner. Dette er ein gedigen samfunnsmessig utbytting av kvinner, som slit dei ut, hindrar dei i å leva eit fullverdig samfunnsliv, og er ein del av heile kjønnsundertrykkinga av kvinner.
Talet på eldre og levealderen aukar. Dette har ikkje ført til ei kraftig opprusting av eldreomsorga. Derfor må fleire kvinner ta på seg omsorgsansvaret. Dette er eit hardt åtak på kvinner og er i røynda eit omfattande privatiseringsframstøyt.
Raud Valallianse vil arbeida for
*Løysingar som pålegg det offentlege hovudansvaret for eldreomsorga, og som løyser kvinnene frå dette ansvaret.
Mot løysingar der ein forventar at private veldedige eller religiøse organisasjonar skal løysa dei offentlege oppgåvene.
*Ei kraftig styrking og omorganisering av eldreomsorga basert på at eldre har ulike behov. Kvaliteten på tilboda må endrast slik at uverdige og fornedrande forhold blir avskaffa. Eldreomsorga må i størst mogeleg grad rettast inn på helsemessige, sosial og yrkesmessig rehabilitering ikkje på lagring og kontroll.
*For at dei eldre organiserer seg i eigne interesseorganisasjonar og slåss for rettane sine.
*Sosialsektoren: Likt tilbod - auka standard
Underbemanninga på sosialkontora gjer at fleire tusen ikkje får den hjelpa dei har krav på eller blir overflatisk behandla. Satsane for økonomisk hjelp er vanlegvis svært låge, og varierer dessutan sterkt frå kommune til kommune.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Dei økonomiske ytingane etter sosialomsorgslova må aukast slik at dei minst tilsvarer grunnytingane i folketrygda, og dei bør vera like over heile landet.
*Bemanninga på sosialkontora må aukast slik at an blir sikra skikkeleg behandling.
*Styrking av barnevernet og det oppsøkande og førebyggande ungdomsarbeidet.
Rettferd for dei funksjonshemma
Omsorga eller tilrettelegginga av tilhøva for funksjonshemma har i stor grad vorte ei privat sak for dei funksjonshemma sjølve, dei pårørande eller veldedige organisasjonar. Det prinsipielle standpunktet til RV er at dei offentlege styresmaktene skal ha hovudansvaret for å sikra dei funksjonshemma rett til arbeid, til ei tilrettelagt og meiningsfull fritid og til full deltaking i samfunnslivet.
Raud Valallianse vil arbeida for følgjande saker:
*Auka offentlege løyvingar slik at alle funksjonshemma får fullverdig tilbod til utdanning etter grunnskulelova.
*Trygda må sikrast same levestandard som ein arbeidar med gjennomsnittleg industriarbeidarløn.
*Lækjarhjelp og anna nødvendig hjelp, tekniske hjelpemidlar m.m. skal vera gratis.
*Transportteneste for funksjonshemma over heile landet og til kollektivtrafikktakst.
*Folk med psykiske handikap og psykisk utviklingshemming skal ha tilbod om handsaming i lokalmiljøet. Dette skal skje anten i form av hjelpetiltak i heimen,tilbod om eigne bustader, eller kollektive buformer. Desse bustadene må rustast opp leggast spesielt til rette for den enkelte - og bemannast etter behov. Lovfesting av fysisk utviklingshemma sin rett til bustad, barnehageplass, skuletilbod, vidareutdanning, løna arbeid, fritidstilbod, støttekontakt og avlasting. Nedbygginga av sentralinstitusjonane må halda fram, men dei som bur der framleis, må få betra tilbodet sitt medan kommunal utbygging pågår.
*Funksjonshemma som lever på institusjon i dag må ha høve til privatliv og personleg integritet, også rett til seksualliv.
*Bymiljø, offentlege bygg osb. må vera utforma slik at det sikrar fullt tilgjenge for funksjonshemma.
*Alle kinoar, konsertsalar og offentlege forsamlingsrom må vera utstyrte med teleslynge.
*Tredobling av den statlege støtta til dei funksjonshemma sine organisasjonar.
*Lovfesta tilbod i alle kommunar for personar med omsorgsansvar for nære pårørande. For øyremerka løyvingar til dette formålet.
*Lovfesta heimesjukepleieteneste med heildøgnsdrift i alle kommunar.
For sosial bustadbygging
Den sosiale bustadpolitikken i Noreg har brote saman. Buutgiftene har utvikla seg til å bli eit stort sosialt problem for store grupper. Inngangsbilletten er vorten uoverstigeleg for ungdom og andre som skal etablera seg med eigen bustad for første gong.
Dette har fleire grunnar. Talet på nye bustader som blir bygde kvart år er nesten halvert på 15 år. Innføring av moms på bustader har auka prisen pr. bustad med 20%. Høg rente, små lån og kort nedbetalingstid har redusert Husbanken si rolle som ein reiskap i sosial bustadbygging til eit minimum. Rentenivået i bankane flår folk. Endra takstvilkår og oppheving av takstplikta for husvære i burettslag har ført til priseksplosjon på brukte bustader.
Ein føresetnad for den offentlege bustadpolitikken har vore eit stort lånebehov hjå folk for å skaffa seg bustad. Dette har skaffa bankane enorme fortenester, og redusert levestandarden til hundretusenvis av folk. Ågerrenter og auka bruttoskatt skjerpar dette misforholdet.
Raud Valallianse vil arbeida for :
*Det må byggast minst 50.000 bustader kvart år.
*Husbanken må:
- Finansiera minst 40.000 bustader kvart år.
- Senka renta til 5%.
- Husbanklåna må dekka minst 80% av kostnadene.
- Forlenga avdragstida til 75 år.
- Innføra avdragsfritak i 10 år.
- Innføra same vilkår for nybygg og rehabiliteringar auka innsats for
rehabilitering.
- Bustøtta må byggast ut kraftig slik at ho sikrar at ingen betalar meir enn 20%
av ei gjennomsnittleg industriarbeidarinntekt for bustader med
husbankstandard.
- Staten må finansiera bygging av eit stort tal rimelege leigebustader
gjennom
Husbanken i samarbeid med kommunane og bustadkooperasjonen.
*Bustadgaranti som sikrar alle førstegangsetablerande eit bustadlån som dekker
innskot i to-roms husvære og på husbankvilkår.
*Bustadrenta i bankane må settast kraftig ned. Regjeringa og Stortinget må styra bustadrenta gjennom renteerklæringar.
*Støtte til etableringskontroll og -forbod for å hindra at bygging av
forretningsbygg gjer bustadbygging dyrare eller umogeleg.
*Mot oppheving av takstplikta på bustader i bustadkooperasjonen.
Allsidig bustadplanlegging
Størstedelen av bustadbygginga forutset ein familiestruktur der kjernefamilien - mor, far, born - står i sentrum. Ho har ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til eldre og funksjonshemma, til ønsket om andre buformer og til stoda med stadig fleire skilsmisser.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Det må byggast fleire bustader for funksjonshemma. I bustadplanlegginga må
det leggast vekt på bustader som også eldre og funksjonshemma kan bu i.
*Ein bustadpolitikk som stimulerer utvikling av kollektive buformer.
*Auka støtte til felleslokale, grendehus, symjehallar o.l. der folk bur.
Offentlege og gratis barnehagar og fritidsheimar for alle born.
RV meiner at samfunnet skal ha ansvaret for borna sin oppvekst og utvikling, også før dei byrjar i skulen. I dag er barnehagedekkinga i Noreg ei av dei dårlegaste i Europa, og prisen for dei eksisterande plassane er ei hard belasting for økonomien til dei fleste småbarnsforeldra.
Vi ser på barnehagar som eit positivt tilbod til borna og som ein grunnleggande føresetnad for kvinnefrigjering.
Bygging og drift av barnehagar og fritidsheimar må vera eit offentleg ansvar. I staden for å ta dette ansvaret startar regjeringa ei storstila kampanje for private barnehagar. RV går mot denne utviklinga av fleire årsaker:
Ho skaper eit ulikeverdig tilbod, fører til prisauke og fører til at funksjonshemma born får enno dårlegare tilbod.
Barnehageforbundet si organisering av privatfinansierte barnehagar vil gje kravet om offentlege barnehageplassar til alle eit grunnskot, og må avvisast som løysing på barnehagemangelen.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Offentlege og gratis barnehagar og fritidsheimar til alle born. Ei kraftig utbygging av barnehagar i offentleg regi - avvis barnehageforbundet si privatisering av problemet.
*Betre løns- og arbeidsvilkår for dei tilsette.
*Betre bemanning i barnehagar og fritidsheimar; færre born pr. tilsett; større areal pr. barn; fleire plassar for spedborn.
*Barnehagar og fritidsheimar i alle bydelar.
*Vekk med kristen formålsparagraf - livssynsnøytrale barnehagar.
*Åpningstidene i barnehagane må retta seg etter arbeidstida i industrien.
*Opptak av born til barnehagar - eit kommunalt ansvar.
Auk pensjonane - lågare pensjonsalder
Eit Høgre-utval har lagt fram eit forslag om at Folketrygda skal avskaffast til fordel for eit system der alle får minstepensjon. Tilleggspensjonar må folk teikna sjølve i form av private eller kollektive pensjonsforsikringar. Ein slik politikk vil vera eit svært alvorleg tilbakesteg for folks sosiale rettar.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Folketrygda skal bevarast. Den kvinnefiendtlege profilen til folketrygda skal endrast m.a. ved at minstepensjonen blir auka til det ein industriarbeidar med gjennomsnittsløn og fulle pensjonsrettar vil få.
*Senking av pensjonsalderen. Rett til å gå av med full pensjon frå fyllte 60 år. Oppteningstida for full pensjon må senkast.
Minska skattetrykk for vanlege inntekter
Den rike overklassen er i stor grad oppteken av å lura pengar vekk frå skattlegging anten det dreier seg om skattesnyteri eller lovlege metodar. Derfor har vi ikkje tru på at skattesystemet i seg sjølv kan skape ei rettferdig fordeling av rikdommane i samfunnet.
Staten Noreg er svært rik. Likevel høyrer vi stadig vekk m.a. frå AP og SV at skattane må aukast. Denne politikken tek sikte på å halda forbruket til folk nede, og er ikkje noko anna enn eit hardt angrep på økonomien til folk. RV vil gå mot alle forslag om å auka skattetrykket som råkar folk med vanlege inntekter.
Den norske skattedebatten dreier seg i stor grad om skatt på inntekt. Han overser at skattlegginga av bedrifter er svært liten. Så liten at bladet «Kapital» kallar fastlands-Noreg eit skatteparadis.
Inntektsskatten bygger på prinsippet om skatt etter evne og progressiv skattlegging. Vi støttar dette prinsippet, men skattlegginga av dei rike blir undergravd av at dei har store frådagspostar, og at store inntekter blir haldne unna vanleg skattlegging, t.d. forteneste på aksjesal.
Den verkelege løna folk har er det dei sit att med etter skattlegging. Derfor er også kamp for lågare skattepress og mot auka skattetrykk ein kamp om kor mykje pengar folk har å rutta med. Målet vårt er å auka skattetrykket for rikfolk og minka skattetrykket for folk med vanlege inntekter.
RV er mot hovudkonklusjonane i innstillinga frå Skattekommisjonen fordi han frys fast det urettferdige i systemet i dag og fordi han er eit åtak på økonomien til folk under dekke av å «rydda opp» i eit «tungvint» skattesystem. Skattekommisjonen går m.a. inn for å fjerna frådagsordningar og auka skattetrykket på folk med dyre bustader og studielån, m.a. gjennom auka bruttoskatt.
I staden for auke i bruttoskatten vil vi avgrensa dei frådraga som tener rikfolk. Vil er mot auka skattlegging av vanlege bustader, og mot forslaga om å gjera marginalskatten lågare på dei høge inntektene.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Auka skattlegging av bedrifter
*Inntekter under kr 75.000 skal vera skattefrie.
*Tak for fra fådrag av renter på kr 75 000. Rentetaket må ikkje råka folk med vanlege bustader og studielån. I utforminga av rentetaket må ein ta omsyn til at fiskarar, bønder o.a. store lån på driftsmidlar.
*Mot bruttoskatt
*Forteneste ved sal av aksjar og andre kapitalinntekter skal skattleggast på lik line med vanlege inntekter.
*Fjerning av ordninga med kommandittselskap.
*Senking eller fjerning av eigenandelar for offentlege tenester.
*Momsen betyr 20% skatt på alt folk kjøper. RV er mot heile momssystemet, men prioriterer fjerning av moms på matvarer og bustader.
*Fleire tilsette i likningsetaten.
Mot byråkrati
Mange åtak mot offentlege tilbod, normer og standardar skjer under dekke av å vera antibyråkratikampanjer. Dette tvingar ofte dei som forsvarer dei offentlege tilboda til å forsvara dei dårlege sidene ved det eksisterande tilbodet. Vi meiner det finns ei rad forordningar og system som gjer sakshandsaming og service til publikum dårleg. Gode offentlege tilbod er det beste argumentet mot privatiseringsframstøyt.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Betre service og tilgong for publikum.
*Fjerning av reglar som gjer sakshandsaming unødvendig tungvinn og tidkrevande.
For kollektivtransporten
Omsynet til helse, miljø og fornuftig resursutnytting tilseier at det er rett å prioritera kollektivtransporten. Kollektivtransporten må gjerast attraktiv gjennom hyppige avgangar og låge prisar.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Auka statstilskot til kollektivtransporten.
*Der kollektivtrafikken blir seinka av privatbilar må det gjennomførast effektive tiltak for å gjera det meir framkommeleg, om nødvendig til hinder for privatbilane.
*Opprusting av vegnettet i Nord-Noreg.
*På grunn av dei lange reisestrekningane og vanskelege reisetilhøva må utbygginga av småflyplassar i Nord-Noreg få fortgang. Større subsidiar til Finnmark Fylkesrederi og Rutebilselskap og Troms Innland Rutebil. Dette for at Nord-Noreg skal få billegare reiser. Det må også satsast sterkt på å få ned flyprisane til og frå Nord-Noreg.
*Jernbanestandarden må styrkast. Mot nedlegging av sidebanene.
*Senking av flyprisane innanlands. For utbygging av småflyplassar.
*Mot statsavgifter på sikrings- og eksosrenseutstyr.
*Bumiljø må skiljast frå vegar/trasear. Gang- og sykkelstiar må byggast ut.
*Tilbodet om kollektivtrafikk må byggast ut til å dekka funksjonshemma på lik line med andre i heile landet.
*Hurtigruta må oppretthaldast minimum i den noverande forma når det gjeld strekning, talet på skip og seglingar. Alle endringar føreset at det ligg føre konkrete forslag til erstatning.
Kamp mot rusgift
I dag fører alkoholen til store helseskadar hjå folk og påfører samfunnet store unødvendige utgifter. Alkohol og andre rusmidlar er med på å svekka kampkrafta i arbeidarklassen. I dagens samfunn kjempar derfor RV for å avgrensa bruken av rusmiddel, styrka opplysingsarbeidet om skadeverknadene rusmidla har og bygga ut eit meir omfattande og variert tilbod for folk med alkohol- og narkotikaproblem.
Alkohol
All seriøs forsking tilseier at auka tilgong på alkohol medfører eit auka forbruk og at auka forbruk fører med seg auka alkoholskader. Den forholdsvis strenge alkoholpolitikken i Noreg har derfor ført til lågare alkoholforbruk og færre alkoholskadde enn i mange andre land. Dette er ei positiv line som vi vil forsvara.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*RV vil føra ein restriktiv alkoholpolitikk i kommunestyre, fylkesting og på Stortinget og gå imot å utvida talet på skjenkestader og å utvida opningstidene for alkoholomsetting.
*RV vil arbeida for å skapa rusfrie stader å vera; kaféar, fritidsklubbar osb. i alle kommunar.
*RV vil arbeida for og for vår del gjennomføra eit rusfritt organisasjonsliv.
Dessutan vil RV arbeida for å få gjennomført følgjande krav:
*Behandling og hjelp til alkoholskadde ut av særomsorga og inn i det offentlege helse- og sosialapparatet.
*Utbygging av ettervern / rehabiliteringsarbeid utanfor institusjon.
*Fjerning av fyllearresten. Alkoholskadde må bringast til legevakt / sjukehus / avrusingsplass. Utbygging av avrusingsstasjonar med oppsøkande lag i alle store byar.
*Styrking av rehabiliteringsarbeidet for alkoholskadde på arbeidsplassane.
*Misbrukarar av alkohol og anna rusgift må få rett til hjelp med bustad, jobb osb.
Narkotika
RV krev kraftig utbygging av behandlings- og rehabiliteringstiltak særleg innretta på unge stoffmisbrukarar. Behandlinga må følgjast opp med ettervern, arbeid og bustad.
I behandlinga av stoffmisbrukarar er det viktig å mobilisera misbrukarane sine eigne krefter deira eiga vilje til å komme gjennom problema. Vi støttar også tiltak som stoffmisbrukarane, dei pårørande og andre tek for å organisera seg til felles kamp mot misbruket.
Vi meiner at det kan vera nødvendig med tvangsbehandling i visse situasjonar, men vi tek skarpt avstand frå ropa frå dei borgarlege politikarane om meir tvang. Det tener berre til å skjula at hovudproblemet i dag er dei manglande løyvingane. Vi går mot innføring av nye heimlar for tvang og lovparagrafar som er retta inn på stoffmisbrukarar. Å setta stoffmisbrukarar i fengsel er heilt meiningslaust.
Raud Valallianse vil arbeida for
*Vi går mot all legalisering av omsetting og bruk av narkotika og tek avstand frå hasj-liberalismen. Vi krev at auka resursar skal settast inn for å komme narkotikaomsettinga til livs.
Dessutan stiller vi følgjande krav:
*Styrk barnevernet. Fleire tilsette, auka resursar.
*Auka løyvingar til oppsøkande og førebyggande ungdomsarbeid (utekontaktane).
*Raskare og enklare innleggingsprosedyre i behandlingsinstitusjonar.
*Fleire og meir varierte behandlingstilbod i alle landsdelar.
*Nei til uføretrygding av unge stoffmisbrukarar.
*Lettare tilgong for fengsla stoffmisbrukarar til å bli overførte til behandlingsinstitusjonar, dersom dei ønsker det sjølve.
*Skjerpa kontroll med kva lækjarane skriv ut av reseptar på vanedannande medikament.
*Skjerpa etterforsking mot narkotikaprofittørar.
Kapittel 5 Utdanning, Kultur, Media
Grunnskulen
Grunnskulen er den viktigaste forma for samfunnsmessig organisering av born og ungdom. Det skjer ei tilpassing til det kapitalistiske samfunnet i daglege drypp gjennom 9 år. I grunnskulen lærer borna om dei er «flinke» eller «dumme». Dei som er «dumme» får ikkje høgare utdanning og passar best til underordna jobbar. Slik er skulen med på å ta frå arbeidarklassen sjølvtillit.
Grunnskulen blir kalla einskapsskulen fordi alle har krav på eit gratis og likeverdig skuletilbod. Raud Valallianse vil forsvara einskapsskulen, fordi vi meiner at alle andre måtar å organisera skulen på under arbeidarklassen vil vera ei ulempe for arbeidarklassen.
I dag blir einskapsskulen angripen, m.a. i form av forslag om kompetansegjevande valfag, slik at sorteringa i ulike samfunnsklassar skjer alt i den obligatoriske grunnskulen. RV er mot at grunnskulen lagar eit A- og eit B-lag på denne måten. Ei slik utvikling vil dessutan auka forskjellane i jente- og guteutdanninga.
Folk treng kunnskap for å forandra verda. RV støttar lærarar og elevar som slåss for meir kunnskap om arbeidarklassen og kvinnene sin røyndom og historie, og om folka i den tredje verda. Vi støttar forsøk på å gjera undervisinga meir levande ved læring gjennom praksis og døme frå den verkelege verda.
Raud Vallianse vil derfor arbeida for:
*Øyremerka statlege overføringar til grunnskulen slik at alle kommunar får eit likeverdig og tilstrekkeleg grunnskuletilbod. Det beste middelet mot utvikling av eit nytt privatskulesystem i Noreg er å styrka grunnskulen. Eit minimumskrav er at dei midla skulen har rådd over blir i skulen når elevtalet minkar.
*Ikkje meir enn 20 elevar pr. klasse.
*For ein karakterfri grunnskule. Dette krev ein kraftig auke i talet på elevplassar i den vidaregåande skulen slik at alle som vil kjem inn.
*Mot den kristne formålsparagrafen og all religiøs forkynning i skulen Alternativ livssynsundevising må vera ein sjølvsagt rett sålenge kristendom er eige fag i skulen.
*Både norske, samiske og innvandrar-elevar må få grundig opplæring i morsmålet sitt, slik at dei kan tilegna seg kunnskap på andre område. Styrking av dialektane i skulen.
*Mykje større resursar til integrering av funksjonshemma elevar.
*Tilbod om gratis fritidsheimplass til alle born på alle skular.
*Betre løns- og arbeidstilhøve for å motvirka flukta frå læraryrket.
*Styrk lærarutdanninga og gje lærarane betre høve til vidareutdanning.
Den vidaregåande skulen
I dag går skulen gjennom ei storstila omstilling. I grunnskulen ser vi ei storstila rasering, og i den vidaregåande skulen skal fagskilja opphevast.
Allmennfagleg studieretning skal ikkje lenger ha fagskiljer som bygger opp om eit studie vidare, men kunna vera ein kombinasjon av alle mogelege slags studieretningar, også yrkesfaglege retningar.
Yrkesskulen går gjennom ei liknande rasering. Det er ikkje berre slik at dei fleste faga på yrkesskulen ikkje gjev fagbrev på skulen, nokre studieretningar manglar til og med fagplan. Dette gjeld m.a. husflid og estetiske fag. Typiske jenteliner opplever å få kompetansen sin revidert frå yrkeskompetanse til studiekompetanse. Derfor skal helse- og sosialfag ha norsk som eksamensfag.
Heile den strukturen som kjenneteiknar norsk skule skal leggast om. Utdanninga skal bli meir tilpassa krava næringslivet stiller til fleksibilitet og jobbrotasjon.
Opp mot dette vil RV reisa kampen for kunnskapen i skulen. Vi reagerer skarpt mot den nedbrytinga av fagskilja som skjer i den vidaregåande skulen og som vil gjera folk framande for den kunnskapen som skal lærast. Vi meiner at auka høve til val og høvet til å velja ein fagkombinasjon sjølv aukar sjansane for at den vidaregåande skulen blir ein eliteskule der dei som har høve til det og kunnskapen om det vil velja fagkombinasjonar som gir høg status og som får store løyvingar. Alt i dag ser vi korleis auken i talet på val i skulen favoriserer ungar frå høgare klassar i samfunnet, og ungar frå arbeidarklassen og jenter vel seg bort frå viktige reidskapsfag. Desse skuldast ikkje at arbeidarklasseborn og jenter er meir kulturelt tilbakeliggande og har mindre ambisjonar enn andre. Det er aller mest eit resultat av årelang pining i det kapitalistiske utdanningssystemet.
Individuell kamp for eiga utdanning for å koma seg fram her i verda passar ikkje inn i kulturen til arbeidarklassen og kvinnene.
Samtidig har det norske borgarskapet eit enormt behov for å utdanna ein ny elite. Og dei ser at den vidaregåande skulen blir dårlegare og ikkje klarer å tilfredsstilla krava sine. Det er ikkje vanskeleg å auka privatiseringa av utdanninga i Noreg. IB-linene som blir oppretta i fleire byar i Noreg er ein del av forsøket frå borgarskapet på å gjera kunnskapen like ulikt fordelt som eigendom og rikdom pånytt.
Raud Valallianse tek opp kampen for fleirtalet sin skule, der fleirtalet har høve til å tileigna seg same kunnskapen som ungar frå høgare klassar.
RV vil gå i spissen for å reisa kampen for kunnskap i skulen, og for at den kampen skal vinna støtte frå både elevane og lærarane. Dei siste åra har vi sett at lærarane tek opp kampen mot raseringa av skulen. Dette er ein kamp som har full støtte frå oss.
Allikevel er raseringa av skulen berre ein del av omleggingsstrategien til borgarskapet. Skulen må sikra meir sortering av elevane i klasse og kjønn. Fleire stortingsmeldingar tek til og med til orde for at skulen skal ta på seg på førehand å peika ut dei som skal vera arbeidslause i framtida. Dei kallar dette «utdanning til arbeidsløyse».
Berre ein kamp mot nedbygging av fagskilja, til forsvar for kunnskap i skulen kan vera ein strategi mot ein skule for arbeidsledige. Alt i dag kan skulen kallast ein lagringsstad for fleirtalet i staden for ein stad å læra ny og ukjend kunnskap og få eit betre og rikare liv, og ein betre betalt og sikrare jobb.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Staten må ta hovudansvaret for å oppretthalda og styrka skulevesenet i Noreg. Dette er ikkje ei fylkeskommunal oppgåve når kassa blir meir slunken rundt om i landet.
*Avvising av den såkalla Veierød-modellen som vil bygga ned fagskilja i den vidaregåande skulen.
*At alle studieretningar på yrkesfagleg studieretning skal føra fram til fagbrev og yrkeskompetanse. Vekk med studiekompetanse på yrkesfagleg og inn med fagbrev.
*Ingen klassar skal ha meir enn 20 elevar.
*Auka løyvingar til maskiner og utstyr i den vidaregåande skulen. Nei til sponsing på yrkesfagleg. Auka løyvingar til teknisk utstyr på allmennfagleg lik at alle får utdanning i nytt teknisk utstyr, EDB o.l.
*Å avvisa og kjempa mot alle forsøk på å privatisera utdanninga i Noreg. IB-linene som er oppretta no eller skal opprettast i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger er eliteskular for borgarskapet sine ungar fordi «almuens skole» ikkje tilfredsstiller krava frå næringslivet til ein ny elite. Vi krev at dei resursane som blir sputta inn i IB-linene frå staten kvart år skal gå til den vidaregåande skulen for alle. Vekk med IB-linene.
*Auka satsing på reell opplæringsrett for fleirspråklege grupper.
*Bedre vilkår for lærarane med omsyn til utdanning, løn, arbeidsvilkår og høve til vidareutdanning.
Høgare utdanning
Den kraftige nedskjæringa i offentleg sektor har også råka den høgare utdanninga. No har styresmaktene plukka ut fem-seks nasjonale satsingsområde som ligg innafor teknisk, økonomisk / administrative- og helsefag. Desse satsingsområda blir opplagt prioriterte i høve til andre fagområde. Men likevel legg styresmaktene opp til at denne satsinga for ein stor del skal skje ved omdisponeringar «fra fag som kan bygges ned», og ved såkalla effektiviseringstiltak. Slike tiltak er minst like viktige som auka løyvingar blir det sagt i dei statsbudsjetta som er lagt fram dei siste åra.
Utviklinga innan høgare utdannning har også vore prega av auka privatisering. Både ved at det er oppretta fleire private høgskular, og ved at næringslivet i større grad slepp inn på universiteta og høgskulane. Det er oppretta innovasjons-sentra ved fleire universitet, som skal ta seg av samarbeidet mellom institusjonen og næringslivet.
Svelteforinga av institusjonane i høgare utdanninga skjer altså samtidig med at næringslivet slepp lettare inn og samtidig med at ein aukande del av løyvingane til forsking skjer via forskingsråda. Slik går det fortare å gjera universiteta til effektive utdanningsfabrikkar som kan omstilla seg raskt etter det styresmaktene trur er best for å styrka «konkurranseevna».
Omstillinga skjer mykje fortare på denne måten enn om ho skulle basert seg på omdisponeringar innan universiteta.
Raud Valallianse vil m.a. arbeida for:
*Auka driftsmidlar til dei høgare undervisingsinstitusjonane.
*Universitet og høgskolar som ikkje er ferdig utbygde må få pengar til sluttføring av arbeidet. (Dette gjeld særleg Den allmennvitskaplege høgskulen i Trondheim og Universitetet i Tromsø.)
*Talet på studieplassar må aukast monaleg meir enn styresmaktene foreslår (10.000 nye studieplassar frå 1985 - 1995). Det er fordi det stadig er fleire som tek vidaregåande utdanning i Noreg og derfor vil tilstrøyminga til dei høgare utdanningsinstitusjonane auka i åra framover. Ein annan grunn til auken er trongen etter høgt utdanna langt frå er dekt. Auking av talet på studieplassar må sjølvsagt følgjast opp med auka løyvingar.
*Lønsnivået i offentleg sektor har sakka monaleg etter det private næringslivet dei siste åra. Dette har ført til at mange lærestader har problem med å skaffa kvalifisert personale (gjeld spesielt distrikts- og ingeniørhøgskolane og NTH). For å betra på dette må det allmenne lønsnivået i høgare utdanning hevast.
*For uavhengige universitet og fri forsking.
Studiefinansiering
Studiefinansieringsordninga i dag stammar frå 1947 då Statens lånekasse for utdanning vart oppretta. Samfunnet trong meir høgt utdanna arbeidskraft, så det var nødvendig med statlege tiltak for å få nye grupper inn i utdanningssystemet. Fram til 1972 var ordninga utvida til å gjelda stadig fleire. Frå 1977 har ordninga vore prega av nedbygging. Dette har skjedd gjennom:
*Minkande realverdi på lånet.
*Stipendiedelen har vorte mindre.
*Kortare tilbakebetalingstid, og
- Høgare rente.
Denne svekkinga av studentøkonomien har ført til auka grad av deltidsarbeid blant studentane. Dette har mange negative tendensar:
- Den fagleg-politiske aktiviteten blant studentane er svekka.
- Deltidsarbeidet svekkar også fagmiljøet på lærestadene fordi studentane tilbringar mindre del av tida si der samanlikna med tidlegare.
Raud Valallianse vil arbeida for følgjande saker:
*Raud Valallianse går i prinsippet inn for 100% stipendiering. Det viktigaste kravet fram mot dette målet er betring av stipendia.
*For å betra situasjonenen no, må kostnadsnorma aukast, renta senkast og nedbetalingstida forlengast.
*RV går mot kravet om inntektsavhengig tilbakebetaling av studielånet.
Kulturen: Mot forflating og kommersialisering
Det viktigaste åtaket mot norsk kunst og kultur er kommersialiseringa og forflatinga. Det er ein direkte konsekvens av kravet om at kulturarbeidarane og institusjonane må sørga for auka eigenandelar, og synet om at det er bra at kapitalistklassen går inn med sponsormidlar.
Vårt syn er at kunsten og kulturen gir både kunnskap og verdiar frå generasjon til generasjon, og han gir folket og nasjonen identitet. Dette synet rettar seg direkte mot kommersialiseringa og forflatinga.
Vi er for at staten skal ha hovudansvaret for å sikra leve- og arbeidsvilkåra for kustnarane. Dette er ikkje nokon garanti for ein fri og kritisk kultur, men det vil gje levevilkår også for ein slik kultur.
I dag går den norske kapitalistklassen inn med store sponsormidlar i norsk kulturliv. Dette vil vera med på å styra utviklinga av kulturen og føra til at han blir basta og butten. Norsk Forum vil knyta norsk kultur til arbeidet med internasjonaliseringa av norsk industri. Dette er å nytta kunsten til den imperialistiske utbyttinga.
RV forsvarar prinsippielt den kunstneriske fridomen i form og innhald. Vi går mot særrettar eller særbehandling av ytringsformer innan kunsten. Berre dei generelle forboda mot fascisme, rasisme, pornografi og sadisme må få avgrensa den kunstneriske fridomen.
RV forsvarar kunstnarane mot sensur som innskrenkar ytringsfridomen, og tek avstand frå åtak på ateistisk og radikal kultur.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Finansieringa av kulturlivet er eit offentleg ansvar.
*Kravet frå kunstnarorganisasjonane om meir bruk og vederlag for bruk må innfriast.
*Institusjonsteatra må få faste og stabile arbeidsforhold og løyvingane må sikra ei omfattande turnéarbeid. Særlege støtteordningar til teatergrupper og verkstader for biletkunstnarar og kunsthandverkarar. Orkester og grupper må sikrast øvingslokaler.
*Statlege avgifter på kulturprodukt må disponerast av dei som har rettane, ikkje av staten.
*Mot avgifter på bibliotekstenester. Auka utbyggingstakt og betre bemanning på biblioteka. Fagutdanna bibliotekar i alle kommunar. Mot privatisering av informasjonstenester som skal vera eit offentleg ansvar.
*Stø opp om og vera med på å utvikla arbeidarkulturen og den nasjonale kulturen.
*Vi krev at samekulturen også må sikrast økonomiske og praktiske høve til ei allsidig utvikling. Innvandrarkulturen må sikrast. Tilhøva må leggast til rette for kulturane i den tredje verda blir fremma og gjort kjende i Noreg.
*Amatørrørsla innan ulike kunstformer må sikrast arbeidsvilkår og tilstrekkeleg økonomiske tilskot.
*Kvinnene i kulturaven må gjerast synlege.
*Kvinnelege kulturarbeidarar må sikrast vekst- og arbeidsvilkår.
Den faglege kampen til kunstnarane og kulturarbeidarane.
Samfunnet treng kunst og brukar kunstnarane sitt arbeid, men er lite villige til å betala for det.
Kunstnarane tilhøyrer dei mest låglønte i samfunnet vårt. På den andre sida har bruken av arbeidet deira auka dei siste åra.
1970-åra var ein periode med stort kunstnarfagleg oppsving. Kravet om forhandlingsrett vart innfridd formelt. I praksis viser det seg at staten prøver å omgå forhandlingsretten. I tillegg driv staten langvarig trenering av forhandlingar. Og sist, men ikkje minst: Dei økonomiske resultata ved forhandlingane ligg langt under krava frå kunstnarorganisasjonane.
I dag opplever vi dessutan generell tilbakegang og nedskjæring av kulturbudsjetta, og det blir snakka om auka eigenfinansiering av arbeidet til kunstnarane.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*
Krava frå kunstnarorganisasjonane om auka bruk og skikkeleg vederlag for
bruk. Staten må innfri krava skribentorganisasjonane stiller til bibliotekvederlag. Staten må bygga vidare ut nettet av kunstnarstyrte galleri og trygga drifta av desse. Kunstnarane må sikrast skikkelege vederlag for visingar.
*Vedtekne vederlagsavgifter må koma rettigheitshavaran til del fullt og heilt.
*Statleg støtte til klassisk komposisjon slik at ein kan få avslutta konflikten mellom ulike komponistgrupper i TONO.
*Oppretta fleire faste arbeidsplassar for dansarar.
*Sikring av teaterinstitusjonane. Ingen nedgang i løyvingane. Sterk auke i løyvingane til dei frie gruppene.
*Auka prosent av byggekostnadene til utsmykking av offentlege bygningar.
*Forhandlingar for å få lagt om garanti-inntektsordninga til garantert minsteinntekt for alle profesjonelle kunstnarar. Til dette skjer må talet på garanti-inntekter aukast monaleg.
*Etablering av filmskule i Noreg.
*Auka løyvingar til kunstformidling i skular og andre institusjonar.
*Statleg støtte til produksjon av norsk kvalitetsvideo.
*Innføra trygde- og sjukelønsordningar for kunstnarane.
*Slik situasjonen er no er det påkrevd at solidaritet og fagleg kamp blir styrka om ein skal unngå forverringa av kunstnarane sine kår.
Media
NRK og dei store avisene er prega av at det er få som legg premissa for den politiske debatten i Noreg. Arbeidsfolk, representantar for undertrykte grupper og mindre politiske parti / grupper slepp sjeldan til i media. Media er i hovudsak eit reidskap for å spreia ideane til herskarklassen.
Media blir ellers prega av eit forfall der sensasjonsoppslag og meiningslause reportasjar utgjer ein aukande del av stoffmengda. På denne måten får media folk opptekne av ufarlege saker.
Vi vil slåss mot denne utviklinga. Vi prioriterer å få fram og synleggjera saker som er viktige for livet til folk, og forklara bakgrunnen for det som skjer. Vi arbeider for ytringsfridomen til arbeidsfolk og andre undertrykte grupper.
Det er mykje dyrare å laga og produsera samiske aviser og program enn tilsvarande norske. Derfor må samiske media styrkast kraftig.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Nærradio skal vera lovleg basert på konsesjonsløyve og redaktøransvar. For å sikra høvet til å koma på lufta er vi for at staten skal gje etableringsstøtte, betala utgiftene til TONO-avgift og ettergje lineleige til Televerket. Det må opprettast eit fond der nærradioane kan få støtte til spesielle prosjekt etter søknad.
*Satsing på NRK for å trygga stillinga selskapet har i det nasjonale kulturlivet. 60% av sendingane i NRK må vera norskprodusert. NRK må kjøpa inn fleire kortfilmar. Sterk utbygging av barne-TV tilbodet. Programtilbodet til innvandrarane må betrast. RV prionterer utbygging av distriktsfjernsyn, som eit offentleg ansvar, framfor ein ny landsomfattande fjernsynskanal.
*Mot reklame i kringkasting.
*Televerket skal kontrollera kabeldistribusjon av kringkasting. Programverksemda skal vera open for alle. For bygging av landsomfattande kabelnett.
*Forsvar ateistisk og radikal kultur, og samfunnskritiske program både i og utafor NRK.
*Støtteordningane til avisene må oppretthaldast og betrast. Pressestøtta må i større grad gå til småaviser og gjera det lettare å starta opp nye aviser.
*Reglane for valsendingar i NRK må endrast slik at alle godkjente parti med ein landsomfattande organisasjon blir likestilte i presentasjon og debatt.
*Plassen nynorsken har i media må styrkast.
*Auka støtte til alle samiske media.
*Biblioteka si rolle innan distribusjon av informasjon og kultur må oppretthaldast og styrkast. Prinsippet om gratis utlån må haldast i hevd også når det gjeld videogram og distribusjon av informasjon. Frigje videoar til gratis utlån på biblioteka.
*Auka støtte til norske tidsskrift.
For språkleg frigjering
Raud Valallianse stør målrørsla sin strid for at alle fritt skal kunna nytta dialekten sin, og for at folket etter kvart samlar seg om og tek i bruk det nynorske skriftspråket, samnemnaren for dei norske målføra i by og bygd.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*For nynorsk skulemål og styrka sidemålsopplæring. Nynorsk og bokmål skal jamstellast i alle skuleslag. Vedtaket om læremidlar på nynorsk og bokmål til same tid og til same pris må straks setjast ut i livet.
*Meir bruk av nynorsk i massemedia. Minst 40% nynorsk i NRK. Minst 25%
nynorsk i alle aviser som får statsstøtte. Eit evt. TV2 skal vera på nynorsk.
*Nynorsken må bli jamstelt med bokmål i all offentleg målbruk i stats- og kommunestyringa og all anna offentleg verksemd.
Statskyrkjeordninga
Raud Valallianse er for religionsfridom. Religiøs tru er ei privatsak og skal vera staten uvedkommande ut over retten til utøving av tru.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Skilje mellom kyrkje og stat. Statsforfatninga skal vera konfesjonslaus. Statskyrkjeordninga skal opphevast.
*Vekk med kristen formålsparagraf for skolar og barnehagar.
*Mot religiøst grunna undertrykking av kvinner, born og homofile / lesbiske.
For masseidrett - mot kommersialisering
Idrett og fysisk fostring har fleire funksjonar i samfunnet. Den absolutt viktigaste er å vera ein del av det førebyggande helsearbeidet. Fysisk veltrena folk er meir produktive, mindre utsette for slitasjeskadar og vil vera betre rusta til å møta ein krise- eller krigssituasjon. I tillegg har idretten ein sosial funksjon: Idrettsarbeid fører til samhald mellom folk med ulik bakgrunn og ulik alder. Dette er særleg viktig for ungdom og born og for minoritetsgrupper. Idrett er også ein viktig del av folkets kultur. Både toppidrett og masseidrett høyrer heime der.
Idrett og fysisk fostring er viktig for samfunnet. Derfor er det eit offentleg ansvar å legga dei materielle tilhøva tilrette for idrettsrørsla. Det offentlege prøver å sleppa unna ansvaret sitt ved løyvingspolitikken sin og dermed tvingar dei idretten til å gjera seg meir avhengige av kapitalsterke grupper. På den måten får kapitalistar større spelerom og stor innflytnad på idretten. Kapitalkreftene vil ha einsidig satsing på eliten, noko som går ut over masseidretten. Dette er ei utvikling Raud Valallianse vil slåss mot.
Derfor vil Raud Valallianse arbeida for:
*Tiltak som kan fri idretten frå det stadig sterkare grepet til kapitalkreftene.
*At arbeidet mot doping, kommersialisering o.l. må ta form av ein kamp som må førast ned på grunnplanet i idretten - laga.
*Kamp mot kvinnediskriminering i idrettsrørsla.
*Auka støtte til handicap-idretten.
*Alle toppidrettsutøvarar må få høve til utdanning eller arbeid parallelt med at dei utøver idrett.
*Mot kommunale og statlege avgifter i samband med idrettsarrangement.
*Auka utbygging av idrettsanlegg som tilfredsstiller krava både frå topp- og masseidrettsutøvarar.
*Auka overføringar frå det offentlege til idretten. Det offentlege må ta hovudansvaret for finansieringa av idretten på alle nivå.
Kapittel 6 For eit allsidig næringsliv
I dag går det føre seg ei enorm satsing på sektorar kapitalen ser på som proffitable. Dette har to særdrag:
For det første betyr det å prioritera og rusta opp nokre få sektorar. Dette gjeld særleg storindustrien som skal konkurrera utanlands. For det andre betyr det å redusera talet på bedrifter for å skapa eit strømlineforma og konkurransedyktig apparat. Dette betyr å prioritera ned eller til og med motarbeida andre sektorar, og det betyr å slanka eller legga ned andre bedrifter.
Raud Valallianse meiner at det er svært viktig å behalda og utvikla eit allsidig næringsliv. Dette er m.a. viktig for ei fornuftig utnytting av resursane for graden av sjølvberging og for busettingsmønsteret i Noreg. Dette gjeld særleg primærnæringane og dei einsidige industristadene i Noreg.
Oljen - ein viktig nasjonal resurs
I dag er det kortsiktige omsyn til lønsemd som styrer olje- og gassutvinninga Oljeselskapa tek ut berre dei mest lønsame delene av funna, og svingande oljeprisar får store konsekvensar for verksemda i næringa. Det viktigaste prinsippet for RV i oljepolitikken er å sikra full nasjonal kontroll med oljeverksemda.
Vi er mot at inntektene frå oljen skal brukast til storstilt internasjonalisering av norske bedrifter. Dei må brukast til å sikra levevilkåra til folk, stabile arbeidsplassar og ei allsidig næringsutvikling i Noreg.
Trass i protestar frå fiskeriorganisasjonane, frå ei mengd masseorganisasjonar, forskarar og miljøorganisasjonar har staten tillate leitboring utanfor Nord-Noreg. Dette er uforståeleg ut frå omsynet til fiskeria og naturverninteresser.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Full nasjonalisering av oljeverksemda fordi det er lettare å driva politisk press mot norske enn utanlandske operatørselskap, og for å bygga opp vår eigen kompetanse i oljeverksemda.
*Den norske industrien må ha førsteretten på bygging av dei faste installasjonane i Nordsjøen.
*Teknologiutveksling med andre land når det er til gjensidig fordel, og vilkårslaus teknologioverføring til land i den tredje verda.
*Arbeida mot ei eventuell oljeutvinning nord for 62. breiddegraden. Arbeidsplassar som alt er etablerte i ei leite- og førebuingsfase må sikrast alternativt arbeid som er knytt til ei altentativ energiutvikling (jfr. RV sitt miljøvernprogram)
*Det må byggast ein foredlingsindustri basert på dei enorme gassmengdene utanfor kysten.
*RV støttar arbeidet for å auka tryggleiken i oljeverksemda, og ser det som spesielt viktig å sikra fagforeiningane og dei tillitsvalde.
Samarbeid med OPEC
Oljen er det viktigaste råstoffet i verda. Dei rike industrilanda og dei internasjonale oljemonopola slåss for å behalda kontrollen over leitinga,utvinninga, råfinneringa og distribusjonen. OPEC er ei positiv motkraft og arbeider for å endra det skjeive byteforholdet mellom u-land og i-land.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Noreg må oppretta samarbeidsavtale med OPEC og redusera produksjonsnivået.
Styrk det norske landbruket
Bygdeutvålet foreslår å redusera overføringane til jordbruket med 6-700 mill. kr i året. Dette er ein plan for å legga ned 23.000 bruk før 1990, og halvera talet på gardsbruk til 55.000 i år 2.000.
Det er mange grunnar til at RV vil slåss mot nedlegging av bruk og redusert sjølvbergingsevne:
Sveltkatastrofene brer seg i den tredje verda. For at desse landa skal dyrka meir av maten sin sjølve, oppfordra matvarekonferansen i FN i 1974 til at alle land skal dyrka meir av maten sin sjølve.
Ved ei nasjonal krise er det viktig at landet er sjølvberga på så mange område som mogeleg. Landbruket er eit nøkkelområde.
Nedlegginga av gardsbruk aukar køen av arbeidslause, og får ringverknader i verksemd som er knytt til landbruket. Landbruket gir 2-3 arbeidsplassar i tilknytt verksemd for kvar arbeidsplass på gardane. Nedlegginga gjer skatteinngangen i kommunane dårlegare. Dette truar det offentlege tilbodet.
Landbruket sikrar busettingsmønsteret i Noreg.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Eit årsverk i landbruket skal tilsvara gjennomsnittleg industriarbeidarinntekt.RV er for å overføra mindre til dei rike bøndene til fordel for dei mindre bruka men dette er ikkje nok til å sikra inntektsutjamning. Derfor må overføringane aukast.
*Jordbruksavtalen må ta spesielle tiltak for å gjera kvinner til like dyktige bønder som menn. Kvinnene må oppfordrast til å bruka odelsretten. Kvinnene må fritakast for det omfattande omsorgsarbeidet dei er pålagt. Det usynlege omsorgsarbeidet som vanlegvis er gjort av kvinner må med i årsverksberekningane. Kvinner som arbeider på gard må registrerast som brukarar og oppnå trygderettar og pensjonspoeng. Effektivitetsnormene som gjeld i dag må senkast med 20% slik at bønder får betaling for den verkelege innsatsen. 6-timarsdagen md også innførast i landbruket.
*Forbrukarsubsidia må innførast att. Momsen fjernast frå matvarer.
Fiskeripolitikk
Ved norskekysten finns eit av dei rikaste naturlege produksjonsområda for fisk, skaldyr og havpattedyr i verda. Desse naturrikdomane er bakgrunnen for busettinga på kysten vår. Noreg har både eit nasjonalt og eit globalt ansvar for å styre desse rikdomane, særleg etter innføringa av 200 mils økonomisk sone. På grunn av rovfiske og ubalanse i det økologiske systemet i havet, er det krise for fiskeria no.
Sjølv om torsk- og hysebestanden er i vekst no, er framtida svært usikker. Lodde- og rekebestanden er nedfiska. I mange fjordar er stamfisk utfiska av botnskrapande reidskapar og livsvilkåra for fisken er øydelagt. Mange stader er tareskogen borte og i store område er det ikkje åte i sjøen. Ein veksande selbestand invaderer no norskekysten kvart år på jakt etter mat. Denne situasjonen har oppstått fordi omsynet til kortsiktig profitt - kapitalismen - har styrt fiskeripolitikken.
Dersom fiskeria skal kunna sikra busettinga langs kysten i framtida må den økologiske balansen i havet gjenopprettast. Det krevst strenge reguleringar på fiske, oljeverksemd og kontroll med forureining. Fiskarar, fiskeindustriarbeidarar og andre som blir råka av reguleringar må få kompensasjon i form av nytt arbeid og sikra økonomi.
Raud Valallianse vil derfor arbeida for:
*Satsing på kystflåten framfor storkapitalen og dei store einingane. Det må nyttast statlege tiltak for å utvikla og fornya fangst, fordeling og salsapparat ut frå lokale interesser.
*Flåtestrukturen må vera variert og tilpassa resursgrunnlaget.
*Sterk kontroll med trålfisket. Utanlandske trålarar må utanfor 50-milsgrensa. Norske trålarar må utanfor 12-milsgrensa.
*Sentraliseringa av fiskeindustrien må stoggast. Silda må foredlast på mindre desentraliserte anlegg.
*Konsesjons- og kvoteordningar må fordelast distriktsvis. Konsesjonen skal ikkje følgja båten ved sal ut av distriktet.
*Sterk satsing på forsking og produktutvikling innafor utnytting av "ufisk", lodde, sild, kolmule, akkar, kråkebollar og andre marine resursar.
*Fiskerinæringa er prega av sør-norske politiske, faglege og økonomiske maktsentra. Desse overlevningane frå Hansa-tida må brytast opp.
*Det må leggast ein plan for å flytta Fiskeridirektoratet frå Bergen til Nord-Noreg. Avdelingane i havforskinga som har ansvar for nordområda må flyttast til Tromsø. Det må byggast opp eit nytt marin-biologisk forskingssenter i Tromsø med særleg ansvar for Nord-Atlanteren / Barentshavet.
*Fiskeriresursane utanfor Nord-Noreg må først og fremst sikrast nord-norske fiskarar. Ilandføring og etterkvart også vidareforedling må skje i Nord-Noreg.
Støtte til skipsbyggeria
Dei norske skipsbyggeria er snart fullstendig utraderte. Ei viktig årsak er at kraftig subsidierte verkstader i andre land konkurrerer dei ut.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Norske skipsbyggeri må subsidierast på same nivå som i andre OECD-land.
*Norske verkstader skal ha førsteretten på bygging av faste installasjonar i Nordsjøen.
Kraft og kraftprisar
Svært mange einsidige industristader er bygd opp omkring lokale kraftverk, og låge kraftprisar er ein føresetnad for lønsam drift av mange store industribedrifter. Auka kraftprisar blir brukt som eit press mot desse bedriftene og lokalsamfunna.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Dei einsidige industristadene skal ha råderett over krafta og at krafta skal brukast for å sikra arbeidsplassar på desse stadene.
*RV er mot at staten brukar kraftprisane som ei brekkstang i omstillingspolitikken.
Kommunal gjeldssanering
Renter og avdrag på gjeld utgjer ein større og større del av kommunane sine utgifter. Nokre kommunar er så forgjelda at dei ikkje maktar å løysa heilt elementære oppgåver. Dette truar arbeidsplassar og gir eit dårleg tilbod til folk.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Regjeringa må føreta gjeldssanering i fylker og kommunar som er hardt råka.
*Staten må auka løyvingane til Kommunalbanken og andre statlege bankar for å gjera det mogeleg å gje rentefrie lån til helse- og sosialutbygging i fylker og kommunar.
Kapittel 7 Natur og miljø
Dersom livsmiljøet for menneske, dyr og planter skal bevarast for framtida er det nødvendig å erstatta den kortsiktige rovdrifta og utarminga av naturgrunnlaget med ei langsiktig og planmessig utnytting av naturresursane. Ei slik økologisk forsvarleg bruk av naturen kan ikkje foreinast med kapitalismen sitt krav til profitt og vekst. Kapitalismen er derfor ein trussel mot sjølve grunnlaget for livet på jorda. Kampen for å bevara naturen og miljøet er samtidig ei svært viktig revolusjonær kraft.
Sjølv om Noreg er eit lite industrialisert land med spreidd busetting, har miljøproblem vorte ein trussel her og. Noreg er både eit offer for og ein aktiv produsent av alvorleg forureining. Sjølv om ca. 80% av den sure nedbøren stammar frå andre land, utgjer dei norske utsleppa ein like stor trussel mot natur og helse i Noreg som t.d. forureining frå Storbritannia. Dei norske utsleppa er også med på å øydelegga den globale økologiske balansen.
Noreg er også årsak til miljøkatastrofer og rovdrift på naturen gjennom kapitaleksport og utflagging av norsk industri. Dette gjeld særleg i den tredje verda, t.d. oljeutvinning i Benin, kraftutbygging i Malaysia, og terroindustri i Brasil.
Eiga forureining øydelegg miljøet m.a. i industriområde, område med tett busetting og jordbruksområde. Ute i havet og i dei samiske områda blir det drive omsynslaus rovdrift på naturresursar.
For å løysa miljøproblema er det nødvendig å avskaffa kapitalismen og innføra ein sosialistisk planøkonomi, ikkje berre i eitt land, men i heile verda.
Redd jorda frå økologisk katastrofe.
Globalt naturvern har vorte eit begrep i dag. Forureiningsproblem og rovdrift på naturen har kome så langt at sjølve grunnlaget for liv og utvikling er i ferd med å tappast. Større økologisk samanbrot har vorte ein realitet først og fremst i den tredje verda, men etterkvart også i mange industrialiserte land. Matjorda og skogane i verda forsvinn i stort tempo, ørkenen truar 35% av landjorda, hundre plante- og dyreartar blir utrydda i døgnet (innan år 2000 er 15-20% av artane i verda utrydda), ozonlaget blir svekka, drivhuseffekten kan påverka klimaet på jorda, kjernakraft sprer radioaktiv stråling, innsjøar, elvar og grunnvatn blir forureina, til og med det økologiske systemet i havområda er trua.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Staten må hindra norsk industri i å eksportera forureiningsproblema sine eller driva rovdrift på naturresursane til urbefolkinga særleg i den tredje verda.
*All statleg støtte til slik «utviklingshjelp» må undersøkast og stoggast.
*Støtte til kampen frigjeringsrørslene, naturvernorganisasjonane og nasjonane fører for sjølvråderett over eigne naturresursar.
*Noreg må ettergje all gjeld til u-landa og arbeida for at Verdsbanken skal ettergje all gjeld fordi ho tvingar dei fattige landa til rovdrift på sin eigen natur. Noreg må ut av det internasjonale pengefondet.
*Den låge satsinga på miljøtiltak i Noreg må snuast til at det blir eit satsingsområde. Noreg er eit av dei rikaste landa i verda og burde vera forplikta til å gå føre med eit godt eksempel og visa veg i kampen mot dei miljøproblema verda står framfor.
*Livsmiljøet for planter og dyr må sikrast for framtida. RV krev auka satsing på og fortgang i arbeidet for å verna både særeigne og representative naturtypar og artar i landet vårt og mot rovdrift og naturøydeleggingar. Det er spesielt viktig å ta vare på livsmiljøet for dei næringskjedene som dei viktigaste matresursane våre er avhengige av.
Støtte til den folkelege frigjeringskampen
Ein føresetnad for å avgrensa eller hindra miljøøydeleggingane er at miljøkampen - også den militante - blir styrka. Det omfattande registeret av internasjonalt, statleg og kommunalt miljøvernbyråkrati som særleg vaks fram etter Stockholmskonferansen i FN i 1972, har avgrensa høve til å få gjennom miljøtiltak p.g.a. låg satsing, og fordi dette byråkratiet blir tvinga til å gå staten og næringslivet sine ærend. All erfaring viser at det er krefter utanfor det offentlege apparatet som har løfta miljøkampen, og som har tvinga fram nytenking og praktiske tiltak.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Støtte til aksjonane miljørørsla har - også militante aksjonar: når industrien eller styresmaktene set profitten høgare enn livet, helsa og naturen.
*Fagrørsla må få streikerett mot helsefarleg, livsfarleg og miljøøydeleggande produksjon eller bruk av stoff med slike verknader.
*Dei statlege og kommunale løyvingane til miljørørsla må aukast kraftig. Forskingskapasitet må stillast til disposisjon for miljørørsla. Det trengs motekspertise til staten og industrien sine «husforskarar».
*Det må opprettast eit frittståande statleg forskingsmiljø som kan arbeida med langsiktige miljø og resursspørsmål. Miljøtrusselen frå geneteknologi krev kraftig auke i talet på stillingar alt no. Miljøspørsmål må trekkast meir inn i NRK og brukast meir i undervisinga i skulen.
*Ei kraftig styrking av det statlege og kommunale miljøarbeidet som i dag er på 0,4% av statsbudsjettet. Prosentdelen må opp på nivået som er tilrådd av OECD-landa.
*Styrking av samarbeidet med miljøorganisasjonane i utlandet.
Rett til rein luft, vatn og natur
Det som burde vore ein menneskerett, har vorte sterkt innskrenka dei siste generasjonane. For kommande slekter kan det bli ein sjelden luksus. Det er industriforureininga, bilismen, sentraliseringa og overskattlegginga som truar denne arven for menneska. Det er særleg arbeidsfolk som blir hardt råka av forureiningane. I Noreg i dag bur det fleire hundre tusen menneske i område som er over grensa for lovleg luftforureining av mange stoff. Fleire av fjordane våre er mellom dei mest forureina i verda. Det indre miljøet i fleire bedrifter påfører arbeidsfolk sjukdomar og død.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Staten må pålegga industrien å mangedobla investeringane i rensetiltak og opprydding av forsøpling frå tidlegare år. Det må satsast på forsking og utvikling av energisparetiltak. Det same gjeld attvinning av avfallsprodukt også når det er uprofittabelt. Alt problemavfall må sendast til spesialmottak. Staten må premiera slike tiltak.
*Jordbruksforureining er ein aukande trussel mot ferskvassresursane våre. Effektivitetskrava må senkast, t.d. ved å auka overføringane over statsbudsjettet dersom det skal vera mogeleg å redusera jordbruksforureininga.
*Det må utarbeidast ein handlingsplan for å forby miljøforureinande produkt og produksjon t.d. vaskemiddel med fosfat, produkt som forureinar ozonlaget i atmosfæren, freon osb.
*Bruken av miljøforureinande sprøytemiddel og gjødsling må reduserast ved at staten premierer eit alternativt, desentralisert og variert jordbruk.
*Straumen til storbyane må snuast. Helsa til menneska og naturen er tent med ein desentralisert næringsstruktur og utvikling av busettinga.
*Staten må ta ansvaret for å redusera eingangsforbruksartiklar og overdreven bruk av embalasje, og pålegga industrien å redusera slik sløsing.
*Beredskapen og informasjonsrutinene må betrast kraftig med omsyn på radioaktivt nedfall, strålefare og bequerell-innhald. Staten må sette i gang utbetring av hus med høgt bequerell-innhald frå radongass. Krav til radonstråling må inn i bygningsforskriftene.
*Statens Forureiningstilsyn må styrkast kraftig. Bøtene for ulovlege industriutslepp må oppjusterast slik at selskapa ikkje kan spekulera i manglande rensing lenger.
Stogg sur nedbør
Sur nedbør er i ferd med å endra det biologiske miljøet i Sør-Noreg og påvirkar også andre delar av landet. Dette er truleg den største miljøkatastrofa i Noregs-historia. 70% av fisken i innsjøane i dei sørlegaste fylka er utdøydd, skogen er skadd, fugl, rovdyr og planter er forgifta og bestanden er redusert p.g.a. den sure nedbøren. Mykje tyder også på at helsa til menneska er sterkt påvirka av forgiftingar frå sur nedbør. Det er i hovudsak ein kjemisk krig frå andre land, særleg England, Tyskland, Aust-Europa og Sovjet som øydelegg livsmiljøet i Noreg, men Noreg forureinar også sjølv og forureinar andre land.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Noreg må redusera utsleppa sine av svoveldioksyd og nitrogenoksyd med 80% innan 1992 og fremja det same kravet over "30%-klubben". Forskarar tilrår ei slik satsing, det er teknisk mogeleg, samfunnsøkonomisk lønsamt og godt for menneska og naturen.
*Informasjonsgruppa for sur nedbør må få ei økonomisk ramme som gjer det mogeleg å driva effektivt også på internasjonalt plan.
*Den låge satsinga på forsking i Noreg sidan 1980 har ført til ei defensiv haldning overfor storforureiningane. RV krev ein ny forskingsoffensiv særleg innretta på menneska si helse, skogsdød og plante- og dyrelivet. Forsking som studerer forholdet mellom sur nedbør og helsa til folk må bli eit satsingsområde.
*RV krev at tilrådinga frå kalkingsprosjektet om ca. 20 millionar kroner til kalking årleg må oppfyllast straks for å «redda» nokre vatn. Områda rundt drikkevatn og vatn med viktige fiskebestandar som er trua av verknadene av sur nedbør må underkastast vitskapleg overvaking.
Reduser energiforbruket
Noreg er rikt på energi. Han har vore ein nøkkel til auka materiell velstand i landet, men forureininga frå fossilt brensel til lufta øydelegg varmebalansen på jorda, skader dyr, planter og menneske. Industrien og staten vil likevel auka forbruket i den rike verda. Presset på dei siste vatnfalla er framleis stort, sjølv om vi har bygd ut over 60% av den vasskrafta som kan utnyttast. Industriforbundet vil ha atomkraft i tillegg. Olje, gass og vasskraft gir staten og industrien enorme inntekter. Derfor er det liten politisk og økonomisk vilje til å forska og utvikla alternative energikjelder og energiøkonomisering, sjølv om det er økopolitisk ønskeleg. Dei rike landa brukar 40 gonger meir energi enn dei fattige. RV vil ha ei jamn fordeling av resursane på jorda, også av dei fossile brennstoffa, som finns i avgrensa mengder. Vi vil ikkje ha eit fordyrande sløse- og eingongsforbrukarsamfunn.
RV er mot bygginga av eit gjenvinningsanlegg for atomavfall i Dounrey i Skottland. RV vil arbeida for å reisa motstanden i kommunestyre og fylkesting.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Norge må stabilisera energiforbruket innan 1995 for så å senka det gradvis. Dette gjeld særleg forbruket av olje, gass og kol.
*Auka forsking og utvikling av bølgekraft, vindkraft, jordvarme og solenergi. Kraftstaten Noreg bør ha eit spesielt ansvar for å nytta kraftprofitten sin til slik utvikling som eit tilskot til å løysa energiøkokrisa i verda.
*Støtte til folkeaksjonar mot fleire vasskraftutbyggingar. Ingen utbyggingar utover samla plan.
*RV går mot planane om ei storstila utbygging av gasskraftverk.
*Mot kjernekraft og mot lagring av radioaktivt avfall i Noreg.
*Noreg må føra politisk press mot andre land for å avvikla kjernekraft og for å forhindra eller legge ned gjenvinnings- eller lagringsstader for radioaktivt avfall. Noreg må eksportera straum frå t.d. vasskraft til t.d. Sverige for å hjelpa dei med å avvikla kjernekraftverka for å bygga ned all kjernekraft.
*For reduksjon av privatbilismen. I staden bør dei planlagte motorvegmilliardane nyttast til å auka standarden på kollektivtrafikken, halvering av prisane og betring av tilgjenge. Det vil ikkje berre bety mykje for miljøet, men også økonomisk.
*Staten må premiere, pålegge og styre ei auka satsing på energiøkonomisering i bygningar, industri og transport.
*Auka satsing på modernisering og opprusting av eksisterande el-liner og kraftstasjonar.
Kollektivtrafikk, bymiljø og friluftsliv
Ei vedvarande sentralisering til dei store tettstadene fører til ei rad problem for miljøet. RV slåss primært mot sentralisering som er tvinga på folk. Men det er like nødvendig å verna naturrikdomen i Noreg og betra bymiljøet. Det er også førebyggande helsearbeid å redusera forureining og betra høvet til friluftsliv.
Stadig fleire blir lemlesta og drept i trafikken. Samtidig er eksosforgifting med på å bryta ned naturen. Berre eit godt utbygd og billig kollektivtrafikknett kan få bukt med den høge bilbruken.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Vern og sikring av friluftslivet rundt og i dei store byane som ofte er pressa av utbygging. Sterkare vekt på omsynet til friluftslivet i skogbruket nær byane.
*Støtte til kampen for å behalda og rehabilitera gamle bumiljø og for å auka støtten til kulturminnevernet.
*Avgrensing av privatbilismen i byane - for ei kraftig satsing på kollektivtrafikken med lågare prisar og hyppigare avgangar.
*For eit godt utbygd gang- og sykkelstinett.
*For vern av trua dyre- og planteartar, t.d. bjørn og ulv og støtte til arbeidet Miljødepartementet gjer for å oppretta nasjonalparkar og verna om myrar, våtmarker, edelskog osb.
*Kraftig auke i løyvingane til vern og sikring av verne- og friluftsområde. For ekspropriering av dei store landområda til godseigarane og andre store privateigendomar for å verna naturen og sikra tilgongen til fri ferdsel, friluftsliv og badestader for folk.
*For at arbeidsplassane skal desentraliserast og leggast der folk bur. På same tid må det byggast billege bustader i sentrale strok og bustadprisane må senkast slik at folk kan velja kvar dei vil bu.
Kapittel 8 Nasjonalt sjølvstende - internasjonal solidaritet
Utviklinga i den tredje verda er det viktigaste politiske spørsmålet i vår tid. Den økonomiske utbyttinga av den tredje verda er vorten hardare, nauden har spreidd seg og fleire krigar enn nokon gong pregar dei fleste kontinenta. Mange land i Latin-Amerika, Afrika og Asia er råka av alvorlege gjeldskriser, som hindrar økonomisk utvikling og legg landa opne for økonomisk nykolonialisme. Den imperialistiske utbyttinga av den tredje verda blir oppretthalden gjennom den ulike verdshandelen. Noreg har vakse fram som eit imperialistland i den seinare tida gjennom internasjonaliseringa av norsk kapital og tilknytinga til USA.
Samtidig utgjer folka i den tredje verda den viktigaste krafta i kampen mot imperialismen og mot dei rivaliserande supermaktene USA og Sovjet. Frigjeringskampane og dei nasjonale opprøra gir seg ulike uttrykk, både med omsyn på utviklinga i eige land og i styrke mot imperialismen.
Kampen mot nasjonal undertrykking og for solidaritet med undertrykte grupper er i høgste grad tilstade i Noreg gjennom kampen mot rasismen og for dei nasjonale rettane til samane.
Mot rasisme
Raud Valallianse ser det som svært viktig å kjempa mot alle former for rasisme. Rasismen er ein grov og fordummande undertrykkingsideologi som fører til diskriminering og vald retta mot innvandrarar frå den tredje verda. Han tener også rolla som eit forsvar for den imperialistiske undertrykkinga og utplyndringa av landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
Den mest primitive og reaksjonære rasismen kjem frå nazistiske organisasjonar og andre ope rasistiske aksjonar. Politikken deira er å splitta folkegrupper opp mot kvarandre, og han fører til vald mot innvandrarar. I andre europeiske land har denne rasismen ført til drap på innvandrarar. Det er svært viktig å slå bestemt tilbake alle utspel frå slike organisasjonar, og forby verksemda deira.
Den statlege rasismen har auka dei seinare åra og har fått mange former, særleg i form av generell mistanke mot farga, politiovergrep og bruk av fengsel. Han kjem også til uttrykk når statlege budsjettinnstrammingar blir grunna med talet på asylsøkarar, og i den dårlege tilrettelegginga av flyktningemottaket.
Den statlege rasismen er med på å styrka rasistiske haldningar hjå vanlege folk, og fører til at folk som har felles interesser blir splitta opp mot kvarandre. Raud Valallianse ser det som svært viktig å kjempa mot både den statlege rasismen og «kvardagsrasismen». RV vil slå fast at innvandrarane som kjem til Noreg gjer det norske samfunnet rikare gjennom ulike kulturar og representerer ein viktig resurs.
Raud Valallianse vil arbeida for følgjande saker:
*Oppheving av innvandringsstoppen fordi han diskriminerer innvandrarar frå den tredje verda.
*Røysterett for innvandrarane og flyktningane i alle val etter to års opphald i Noreg.
*Innvandrarane og flyktningane skal ha høve til å ta del i det norske samfunnet og reell innverknad på innvandrarpolitikken.
*Innvandrarborna må få fullverdig morsmålsundenvising gjennom heile skuletida. For å få dette til må m.a. talet på timar aukast frå fire til seks timar i veka. Norskundervisinga til framandspråklege elevar må styrkast. Norskopplæringa til norske innvandrarar flyktningar og asylsøkarar må styrkast. Timetalet må aukast.
*Tolketenesta må styrkast. Det må lærast opp fleire tolkar i alle innvandrarspråk.
*Lærarar som underviser framandspråklege elevar må få opplæring. Dette gjeld både norske lærarar og morsmålslærarar.
*Kunnskap om rasisme må verta ein obligatorisk del av undervisinga på skolane og i yrkesopplæring, særleg innan helse- og sosialsektoren og i politiet. Folk må få betre informasjon om innvandrarane.
*Auka økonomisk støtte til aviser, kulturell og religiøs aktivitet for innvandrarar. Styresmaktene må legga tilhøva til rette for fri religionsutøving for innvandrarar.
*Radioprogramma på innvandrarspråk må få meir sendetid. TV må starta sendingar på innvandrarspråk.
*Innvandrarane får rett til skattefrådrag for heimreise på line med norske langpendlarar.
*SIBO får midlar til å bygga fleire og rimelege bustader for innvandrarane.
*Rettstryggleiken til innvandrarane må styrkast. Ordning med diskrimineringsombod må startast for ein prøveperiode.
*Auka offentleg støtte til anti-rasistiske organisasjonar og til innvandrarane og flyktningane sine organisasjonar.
*Kraftig opprusting av flyktningemottaket.
*Oppheving av praksisen med varetektsfengsling av asylsøkarar og i utvisingssaker. Kraftige reaksjonar mot politiovergrep overfor innvandrarar og flyktningar.
*Forbod mot nazistiske og rasistiske organisasjonar.
Samiske rettar
Raud Valallianse stør kampen for å forsvara eksisterande og vinna tilbake tapte rettar. Vi tek avstand frå «bit for bit» politikken mot samefolket, som innskrenkar eller tek frå samane rettar og tradisjonar.
Den samiske nasjonen bur i dag i fire ulike statar. Grensene er trekte opp av kolonimaktene; grensestenging og grensepassordninga er eit stort tilbakesteg for samane på begge sider av grensene, og har skapt kunstige skiljer mellom samefolket på Nordkalotten.
For norske born er opplæring i norsk obligatorisk. For samiske born heiter det at dei har rett til samisk undervising. Berre obligatorisk i undervising i samisk vil stilla norske og samiske born likt.
Samisk kultur må støttast gjennom auka støtte til eksisterande samiske teater. Samiske born må få høve til å sjå m.a. barne-TV med samisk tale. Filmar og TV-program må tekstast på samisk.
Dei mange atomkraftverka på Kola-halvøya representerer ein dødeleg trussel mot reindrifta på Nordkalotten. Samisk kultur er i stor grad knytt til reindrifta. Tsjernobyl-ulukka trugar reindrifta, særleg i Sør-samiske område, og er derfor ikkje berre ein økonomisk trussel, men representerer også ein spesiell trussel mot samisk kultur.
Raud Valallianse vil arbeida for desse sakene:
*Det må gjevast full økonomisk kompensasjon og midlar til forsking omkring og sikring av samisk kultur etter Tsjernobyl-ulukka.
*Direkte vald sameting med avgjerande myndigheit, og vald etter samisk manntal.
*Eige samisk punkt i grunnlova.
*Ingen inngrep i samiske områder utan klarsignal frå eit samisk folkevald sameting.
*Alle samiske næringar må gjevast arealvern.
*Reindrifta får høve til utvikling på line med andre næringar.
*Frihandel på heile Nordkalotten.
*Samisk språk skal likestillast med og får same status som norsk. Den samiske nasjonen har same rett til å læra og nytta sitt eige språk som den øvrige befolkinga har til å nytta norsk.
*Samisk blir obligatorisk skulefag for alle i samiske områder.
*Lovfesta rett til skulegang med samisk som hovudmål og undervisingsmål.
*Oppretting av eigne samiske høgskular.
*Auka støtte til eksisterande samiske teater.
*Nei til NATO- og Sovjetplanane om Nordkalotten som oppmarsjområde for supermaktene.
*Dei norske styresmaktene må aktivt ta kontakt med dei sovjetiske styresmaktene for å gje høve til samisk kulturkontakt med samar på sovjetisk side der m.a. grenseovergangen til Sovjetunionen ved Storskog må opnast for vanleg ferdsel til samiske område på sovjetisk side.
*Utviding av sendetida for samiske sendingar på alle samiske dialektar. Utbygging av eigen samisk kanal der samesendingane skal gå. Samiske sendingar på riksnettet skal oppretthaldast.
For den væpna frigjeringskampen
Vi støttar den kampen som blir ført for demokrati og nasjonalt og økonomisk sjølvstende. Den væpna frigjeringskampen i Afghanistan, Eritrea, Kampuchea, El Salvador m.fl. og forsvarskampen til Nicaragua er dei fremste uttrykka for dette. Vi støttar kampen urbefolkningane og minoritetane fører for likeverd, og kampen for menneskerettane over heile verda.
Raud Valallianse vil arbeida for følgjande saker:
*Støtte til den afghanske frigjeringskampen mot den sovjetiske invasjonen. Noreg må løyva kr 50 mill. i støtte til geriljaen.
*Full støtte til frigjeringskampen i Sør-Afrika. Noreg må boikotte all handel med rasistregimet, stogge oljefrakta og ikkje lenger trenera einsidige tiltak i påstått venting på FN-tiltak. Noreg må samtidig auka løyvingane til frigjeringsrørslene ANC, PAC og SWAPO i Namibia.
*Støtte til forsvarskampen den nicaraguanske regjeringa fører mot contras og den aukande innblandinga frå USA. Vi krev at Noreg gjer Nicaragua til hovudsamarbeidsland for utviklingshjelp og at Noreg må ta klårt avstand frå aggresjonen frå USA.
*Støtte til opposisjonen på Filippinane som finns også etter at Marcos fall.
*Støtte til kampen det polske og tsjekkoslovakiske folket fører for nasjonal sjølvråderett og demokratiske rettar.
*Diplomatisk anerkjenning av den kampucheanske koalisjonsregjeringa.
*Norsk anerkjenning av PLO som rettmessige representantar for det palestinske folket. Bryt sambandet med Israel.
*Anerkjenn FMNL-FDR i El Salvador.
*Støtte til den irske frigjeringskampen.
*Full støtte til den eritreiske frigjeringskampen. Noreg må gå inn for internasjonal anerkjenning av Eritrea sin rett til sjølvbestemming.
*Mot norsk kapitaleksport - auke i den vederlagsfrie u-hjelpa. Gje langsiktige og rentefrie lån på u-landa sine premiss.
*Mot norske imperialistkrav i Antarktis.
*Sanering av gjelda som landa i den tredje verda har i Verdsbanken og Det Internasjonale Pengefondet.
Forsvar sjølvråderetten.
Vårt land er også trua av utanlandsk dominans økonomisk og militært. Den militære opprustinga til supermakta Sovjet representerer ein direkte trussel mot Norden og Norden. NATO-medlemskapet knyter oss til den andre supermakta, USA. Bindinga til USA sin militærstrategi styrker ikkje norsk sjølvstende mot sovjetisk opprusting. Noreg kan ikkje stola på «hjelp frå USA», men må bygga på eit sterkt og uavhengig forsvar. Vi er for utmelding av NATO. Som eit første steg må Noreg ut av felleskommandoen i NATO.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Eit uavhengig invasjonsforsvar som også gir opplæring i geriljastrid.
*Verneplikt for kvinner med full tilgong til mobiliseringshæren. Utbygging av barnehagar og anna for å letta kvinneleg deltaking i forsvaret.
*Styrking av heimevernet.
*Nei til ABC-våpen. Støtte til kravet om ei atomfri sone i Norden som også omfattar Island, Kola og Leningraddistriktet, atombaserte rakettar i Østersjøen og havområda rundt Norden.
*For atomnedrusting. Supermaktene USA og Sovjet må gå i spissen.
Styrk den sivile beredskapen
Sivil beredskap skal vera ein beredskap for at folk i forhold til ulukker og katastrofer både i freds- og krigstid.
Sivilberedskapen i Noreg er katastrofalt dårleg. Utan ein utbygd sivil beredskap vil det militære forsvaret falla saman p.g.a. mangel på mat, drivstoff, materiell, reparasjons- og sjukehuskapasitet. Mangelen på sivilforsvarstiltak vil utsetta folk for store lidingar som kan unngåast.
Raud Valallianse vil arbeida for:
*Tilfluktsrom der kvar innbyggar har sin plass i dei kommunane som har utbyggingsplikt.
*Oppbygging av korn- og kraftforlager i kommunane.
*Eitt års energiforsyning må sikrast med desentraliserte lager.
*I samsvar med norsk lov må helsevesenet få ein beredskapsplan der sjukeheimar, sjukestover og andre lokale kan byggast om til akuttsjukehus, der det må sikrast eitt eller to års forbruk av infusjonsvæsker og andre medikament. Det må gjennomførast opplæring av helsepersonell.
*Det må gjennomførast realistiske sivilforsvarsøvingar der alle skal gå i tilfluktsrom og få elementær opplæring. Slike realistiske øvingar vil virka mobiliserande på folk og avsløra skandaløse forhold som kan rettast opp.
FYLKESLISTENE
for miljø of solidaritet
Vi er den generasjon som avgjør om jorda skal fortsette å være beboelig. Vi er avhengige av rein luft, reint vann og giftfri mat. Derfor må ressursene forvaltes med tanke på framtida.
Miljøspørsmål har både med synet på mennesker og synet på naturen å gjøre. Vi vil skape et medmenneskelig og rettferdig samfunn i økologisk balanse. Derfor vil vi arbeide for:
- å stoppe rovdriften på naturressursene og trygge livsgrunnlaget og lokalsamfunnene i
distriktene
- å sette inn alle nødvendige ressurser for å avskaffe arbeidsløsheten
- en lønn å leve av, en arbeidsdag å leve med, en bolig å leve i
- å sikre verdige levevilkår for pensjonister, syke og funksjonshemmede
- å hindre norsk medlemsskap i EF
- et fargerikt fellesskap - mot fremmedfrykt og rasisme. For internasjonal solidaritet
- å si nei til atomvåpen og arbeide for avspenning og redrustning
- at kvinners erfaring og interesser må legges vekt på i alt politisk arbeid
Snu: Nå trengs det en folkebevegelse for en ny samfunnsutvikling !
Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet er en tverrpolitisk samling av personer uten partipolitisk tilknytning og fra ulike parti. Dette er et samarbeid som hever seg over det tradisjonelle partimønsteret. Politikerne kan ikke ordne opp for folk - det må vi gjøre sjøl. Fylkeslistene vil derfor ha som sitt viktigste mål å stimulere .........1)
1) Resten av setningen (e) er falt ut i originalen
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10148. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.