Valgprogram · 1985
DEN STORE FORSKJELLEN. RØD VALGALLIANSE PROGRAM 1985
Rød Valgallianse · 12 463 ord
«bompenger» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
RØD VALGALLIANSE
Den STORE forskjellen
PROGRAM 1985
Program for Rød Valgallianse ved Stortingsvalget 1985
Program for Rød Valgallianse ved Stortingsvalget 1985.
For eit sosialistisk Noreg
Raud Valallianse er ein allianse mellom partiet AKP (m-l) og uavhengige sosialistar. Vårt mål er at arbeidsfolk skal styrta det kapitalistiske systemet i Noreg, og erstatta det med eit sosialistisk samfunn.
Kan henda det gjeld å redda vår jord
Kvar einaste dag vert vi stilt overfor ei verd prega av krigar, kriser og ufattelege tragedier for vanlege folk. I dei siste tiåra har også trusselen om økologiske katastrofer blitt ein del av kvardagen.
Årsaka til dette ligg i første rekkje i det politiske og økonomiske systemet som kapitalismen har skapt.
Kapitalismen har delt verda opp i fattige og rike land. Dei fleste landa, og det store fleirtalet av menneska i verda, har blitt halde nede i ei kunstig underutvikling for at ei lita gruppe med kapitalistar skal få pengesekken til å veksa. Dette fører til at over 500 millionar menneske lever under sveltegrensa, og at 24 millionar menneske vart sendt i grava i 1984 på grunn av sveltedød. Det har ført til at dei fleste u-landa har så mykje gjeld at dei ikkje har noko høve til å utvikle og byggje opp landet, alt går med til renter og avdrag til den rike delen av verda.
For å forsvara sine politiske og økonomiske interesser går imperialistmaktene til krigar og invasjonar. Retten til nasjonalt sjølvstende betyr ingenting for dei. Den sovjetiske invasjonen i Afghanistan og USA's sitt militære engasjement i Mellom-Amerika er døme på dette.
Vitenskapen har for lenge sidan påvist dei katastrofale følgjene av å fortsettja dei store svovelutsleppa frå industrien, forureininga av havet og uvettige inngrep i regnskogane. Likevel held denne utviklinga fram. Det er fordi hensynet til kortsiktig forteneste er viktigast for kapitalistane.
Kapitalismen er kort og godt i ferd med å kjøra kloden mot eit stup som det ikkje vil bli mogleg å klatre opp frå.
Noreg eit klassesamfunn
Den private eigedomsretten over produksjonsmidlene gjer ein liten overklasse i Noreg retten til å bestemme kvar og korleis produksjonen skal foregå. Med den dreier seg også om noko meir. Den gjer overklassen rett til å bestemme over skjebnen til fleirtalet av befolkninga.
For kapitalistane er det dei bedriftsøkonomiske resultata som tel, ikkje dei samfunnsmessige resultata av deira avgjerder. Derfor lønner det seg for dei å permitere eller sei opp folk og la samfunnet betale arbeidsløysetrygd. Derfor lønner det seg for dei å leggje ned viktige arbeidsplassar, sjølv om heile lokalsamfunn vert truga. Dette skjer ikkje fordi den einskilde kapitalist er ond, men fordi heile den økonomiske strukturen tvingar dei til å fatte vedtak og handle i motseiing til interessene til vanlege
folk.
Vi har retten til å stemme - vi manglar retten til å bestemme
Vi kan gje vår stemme ved stortingsvalet kvart fjerde år. Utanom dette vert stemmen til folket lite høyrd. Vårt "demokrati" truger folk med utkasting frå heimane sine fordi dei aksjonerer mot Husbank-renta, medan det framelskar spekulasjon og spel med arbeidsplassar på børsen. Det gjer at Noregs Bank kan byggje eit slott til 2,5 milliardar kroner, medan bygningar og materiell på skular forfell. Det gjer at ei lita gruppe topp-politikarar kan breie seg i aviser, radio og TV kvar dag, medan vanlege folk sjeldan eller aldri får sleppe til med sine argument. I Norge har vi trykkje- og talefridom for alle, men det er ei kjennsgjerning at dei familiane som eig Schibstedtgruppa aleine rår over meir presse enn heile arbeidarklassen i Noreg.
Dette systemet er eit demokrati for herskarklassen og eit diktatur overfleirtalet.
Sosialismen eit system for arbeidsfolk
RV vil ha eit samfunn der arbeidsfolk og fleirtalet har makta, og all utbytting tek slutt. Vi vil ha ein produksjon som har til formål å dekkja det behovet folket har, som utnyttar ressursane planmessig på ein økonomisk og økologisk forsvarleg måte.
Derfor vil vi avskaffe den private eigedomsretten over bankar og industri. Derfor vil vi avskaffe kapitalistane sin rett til å leva av andre folk sitt arbeid. Dermed kan til dømes den teknologiske revolusjonen brukast for å gjere livet langt betre og lettare for folk og ikkje som nå; truge folk med arbeidsløyse.
Sosialisme betyr kvinnefrigjering
Sosialismen vil gjere det mogleg å lage ein politisk og økonomisk plan for at samfunnet meir og meir tek over omsorgsarbeidet som kvinnene i heimen i dag har hovudansvaret for.
Sosialismen vil ha som mål å gje kvinnene makt i staten og på andre område av samfunnslivet.
Sosialismen vil føre kamp mot den kjønnsbestemte arbeidsdelinga i samfunnet.
Sosialismen vil ikkje automatisk fjerne kvinneundertrykkinga, men vil leggje forutsetjinga for at kvinnekampen kan avskaffe all kvinneundertrykking.
Eit demokrati for fleirtalet
Sosialismen må sikre folk sin individuelle fridom som t.d. stemmeretten, organisasjonsfridomen og tale- og trykkjefridomen. Vi vil ha ei massemedia som sikrar at stemmen til vanlege folk når fram og vert høyrt.
Det viktigaste vert å sikre at folk får ta del i den daglege utforminga av samfunnet. Vi vil ha eit bedriftsdemokrati der dei tilsette blant anna får rett til å velgje eller sparke leiinga på bedrifta, og til å undersøkje alle sider ved bedriftsverksemda. Vi vil at arbeidarorganisasjonane skal ha rett til å gå inn og kontrollere kva som skjer i stats-apparatet.
RV tek avstand frå undertrykkinga av folket i Sovjet og Aust-Europa. Dette er ikkje sosialisme, men eit kapitalistisk system der ein liten overklasse undertrykkjer og utbyttar fleirtalet, ofte med reint fascistiske metodar.
Internasjonal solidaritet
For RV er det grunnleggjande å støtte alle folk og nasjonar i verda som slåss mot undertrykking, invasjonar og aggresjonspolitikk. Vi støtter arbeidarane i Polen, så vel som gruvearbeidarane i England. Vi støtter den væpna frigjeringskampen i Afghanistan, så vel som i El Salvador. RV går imot all imperialisme, også den norske. I dag er det Sovjet og USA som er den største trusselen mot dei einskilde landa sin rett til nasjonal sjølvråderett og mot verdsfreden.
Stem RV inn på Stortinget - det vil merkast
RV vil inn på Stortinget fordi vi vil gjere krava til alle dei som slåss for betre levekår og demokratiske retter kjent frå Stortinget sin talarstol, og tvinge Regjeringa og dei andre partia til å svare.
Dette trengst verkeleg. Dei sakene vanlege folk er opptekne av og dei krava dei stiller har nemleg ein eigen evne til å stoppe på utsida av stortingsdøra. I samband med Maktutgreiinga vart det gjort ei spørjeundersøking på Stortinget om kva slag opplysningar representantane festa minst lit til. Det dei trudde desidert minst på var opplysningar som kom frå folkelege aksjonar! Dette vil RV rette på!
Vi har vist kva vi står for
Det arbeidet vi har gjort i kommunestyrer og fylkesting viser at vi trengst også på Stortinget. RV har gått i spissen for kampen mot nedskjæringane og mot auka eigenandeler i helsestellet. RV har avvist å bøye seg for dei statlege rammane for den kommunale økonomien. RV har gått i spissen for å få kampen mot pornografi opp i kommunestyra. RV har avslørt korrupsjon og lyssky verksemd som til dømes på Sosialsentralen i Oslo. RV har støtta alle aksjoner og grupper som har seg til forsvar for interessene sine, vi har støtta aksjonar som "Ja til arbeid" og "La Oslo leve".
Kjempe for forbetringar - kjempe for eit nytt system
RV vil bruke ein stortingsrepresentasjon til å kjempe så langt det er mogleg for å oppnå forbetringar for vanlege folk. Men desse høva vil vere begrensa. Det kjem av at Stortinget og statsapparatet elles er laga for å tene interessene til overklassen.
Derfor brukte dei 600 politifolk for å presse gjennom "eit lovleg fatta Stortingsvedtak" om utbyggjinga av Alta/Kautokeinovassdraget, medan det sjølvsagt aldri er snakk om å bruke politi for å hindre at buutgiftene skal stige over 20% av ei industriarbeidarlønn, sjølv om dette er ei målsetjing vedteke av Stortinget. Derfor kan Stortinget gjere vedtak om å stoppe gråbergsbrytninga i Sør-Varanger og dermed stoppe gruvedrifta, medan det ikkje tek omsyn til Grunnlovens påbod om å skaffe alle borgarar lønna arbeid.
Folk kan ikkje stemme Noreg til sosialismen. Når kapitalistklassen ser makta si truga, vil dei setje Stortinget ut av spel og angripe arbeidarklassen med makt. Derfor kan sosialismen berre innførast ved ein revolusjon. Avsløringane av dei verkelege maktforholda i Noreg og korleis Stortinget tener overklassen sine interesser vil derfor vere ein sentral del av RV si verksemd på Stortinget!
Ein annleis arbeidsstil
Representantar frå RV vil ikkje nøle med å avsløre det spelet som foregår bak kulissene. Vi vil ikkje la oss disiplinere av spelereglar og teieplikt som skal hindre at opplysningar om overgrep og misforhold skal kome ut til ålmenheta. Vi vil ta utgangspunkt i det som tener arbeidsfolk og landet sine interesser. Representantar frå RV vil motarbeide privilegier og vil sjølv ikkje ta imot meir enn ei vanleg arbeidarlønn for jobben som Stortingsrepresentant.
RV-representantane sin viktigaste arbeidsmetode vil vere å oppsøkje og rådføre seg med vanlege folk for å gjere ein best mogleg jobb på Stortinget.
RV vil forankra sitt parlamentariske arbeid i den organiseringa og kampen som føregår utanfor Stortinget, og vil legge den avgjerande vekta på det utanomparlamentariske arbeidet. Utan denne forankringa vil vårt stortingsarbeid vere verdilaust. Det er dette vi meiner med å vere uredde talskvinner og -menn for vanlege folk.
RV - uavhengig av partiblokkene på Stortinget
Willoch-regjeringa fører ein folkefientleg politikk. Denne regjeringa må vekk. Samstundes er det eit faktum at DNA i regjeringsposisjon og med Gro Harlem Brundtland som statsminister fører om lag same politikken som Høgre-regjeringa. Denne politikken avviser vi heilt. Vi vil ikkje gje nokon førehandsstøtte til nokon av regjeringsalternativa.
Samstundes er det klart at RV vil samarbeide i sak med alle partier som stiller krav og forslag som betyr forbetringar for vanlege folk i dette landet. Men vi avviser å gjere som SV verte eit haleheng til DNA.
Det einaste nye som kan skje ved valget: RV vert representert på Stortinget.
RV sin økonomiske politikk
Kampen for arbeidsplassane
Regjeringa, Arbeiderpartiet og industrikapitalistane har varsla store omstillingar av norsk industri og næringsliv. Det overordna målet med denne omstillinga er ikkje å skaffe arbeidsplassar til alle, men å auke profitten og marknadsandelen til eigarane.
Hundretusen er arbeidslause Noreg treng 25 30 000 nye arbeidsplassar kvart år!
I dag har Noreg ei arbeidsløyse på ca. 100 000 medrekna dei som er på arbeidsmarknadstiltak. Dette er den høgaste registrerte arbeidsløysa etter krigen. Alt tyder på at arbeidsløysa vil fortsetja å auke i åra som kjem. Utanom den eksisterande arbeidsløysa vil det vere behov for mellom 25 30 000 nye arbeidsplassar kvart år for å kunne ta imot veksten av den arbeidsdyktige befolkninga.
Omstilling til arbeidsløyse
Då Fred Olsen omstilte Akergruppa, vart 5000 arbeidsplassar fjerna. I løpet av 3 år planlegg verkstadsindustrien å minske antalet tilsette frå 23 200 til 10 500. I dei siste åra har det forsvunne tusenvis av kvinnearbeidsplassar m.a. i tekstilindustrien. Staten går sjølv i spissen for nedleggingar og mannskapsreduksjon m.a. i Horten, Sulitjelma, Mo i Rana og Sør-Varanger. Den teknologiske revolusjonen vil kaste ytterlegare titusen ut i arbeidsløyse.
Men det er ikkje berre industrien som truges. Den offentlege sektoren; kommunane og fylka ber preg av nedskjæringspolitikken. Dette betyr at kommunale oppgåver vert utsett, og at stillinger vert kutta ut, eller ståande ubesett.
44% av kvinnene som er i arbeid er offentleg tilsette, og oppheld seg særleg i helse- og sosialsektoren. Nedskjæringane i offentleg sektor råkar derfor kvinnene særleg hardt. Dei vert ståande utan jobb og i tillegg vert dei pådytta det omsorgsarbeidet som samfunnet nekter å ta på seg gjennom dei same nedskjæringane.
Det er planlagt nye nedskjæringar innafor landbruk og fiske t.d. gjennom reduserte overføringar.
Utanlandsetableringar
I staden for å satse på ei kraftig opprustning av industrien og anna næringsliv, har kapitalistklassen vendt blikket utover. Billig arbeidskraft, svake fagforeningar og håpet om auka marknadsandeler gjer at dei ønskjer å investere i utlandet. Dette vil betyr ei styrkning av norsk imperialisme og vil føre til at arbeidsplassar vert nedlagt i Noreg for å flyttast til utlandet, noko m.a. Helly Hansen har gjort. Dette fører til at investeringskapital vert halden utafor Noreg. På toppen av alt dette vil Regjeringa og DNA bruke deler av valutareservene til å støtte desse utanlandsetableringane. RV går imot ei slik styrkjing av norsk imperialisme.
Kapitalismen greier ikkje å løyse sine eigne problem
Men fordi dette samfunnet byggjer på at det viktigaste er å få pengane til å vekse fortast mogleg, vert arbeidsfolk sine krav om trygge arbeidsplassar ein trussel mot pengepungen. Fordi dette samfunnet kviler på at einskildkapitalistane sine interesser er viktigare enn samfunnet sine, vert bedriftsøkonomiske omsyn overordna samfunnsøkonomiske omsyn. Derfor vert arbeidsplassar og hjørnesteinbedrifter lagt ned, sjølv om dette fører til samfunnsmessige omkostningar. Det kapitalistiske systemet er derfor ute av stand til å løyse dei problema det sjølv skaper.
Ein politikk for kamp
Men det er mogleg å hindre nedleggingar og unngå nokon av angrepa på vanlege folk sitt livsgrunnlag dersom folk sjølve er villige til å kjempe for dei. Derfor er RV sin politikk også ein politikk for kamp. Om arbeidarklassen vert splitta opp mot kvarandre vil det bli vanskelegare å vinne fram. Derfor er solidariteten arbeidsfolk imellom av avgjerande betydning.
Det er svært viktig at fagrørsla er aktiv og kampvillig nå, sidan arbeidsplassane trugast i stort omfang. Det er viktig å halde fagrørsla saman og sørgje for at fagrørsla ikkje vert redusert til ein rein velferdsorganisasjon. Det vil vere nødvendig å kjempe mot DNA- og LO-toppane sin passivisering av medlemmane og partimisbruket av
fagrørsla.
Kampen mot nedleggingar og for nye arbeidsplassar er derfor den viktigaste einskildesaka arbeidsfolk, fag- og kvinnerørsla og ungdommen i dag står overfor. RV vil støtte aksjonar av typen "Ja til arbeid" og "La Oslo leve".
- RV vil slåss mot industriraseringa, og er for ein allsidig norsk industri. Vi godtek
ingen nedleggingar eller omstillingar utan at alternative arbeidsplassar er etablert. Nei
til permiteringar. Staten må gripe inn mot nedleggingar.
Nei til omstilling til arbeidsløyse.
Nei til bruk av overtid istaden for tilsettjingar.
- Innfør 6-timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon.
- Senk pensjonsalderen.
- Styrk kampkrafta til fagrørsla. Nei til bruk av klassesamarbeidspolitikken. Nei til
DNA sitt misbruk av fagrørsla.
- Nei til norsk kapitaleksport. RV er imot at oljepengane skal brukast til å styrke norsk
imperialisme overfor andre land. Nei til nedlegging av norske arbeidsplassar for å
flytte dei til andre land.
- Kraftig auke i bevilgningane til kommuner og fylke.
- Stor satsing på forskning og utdanning, som fører til fagbrev eller liknande
kompetanse. Datafag må bli obligatorisk. Kraftig opprustning av maskiner og teknisk
utstyr på yrkesfagleg retning.
- Innfør obligatorisk opplæring i ny teknologi på arbeidsplassane.
- Nei til rasering av jordbruket. RV er for store overføringar. Staten må gripe inn med
krisetiltak i fiskerinæringa, m.a. med gjeldssanering. Sats på havbruket.
- Støtteordningane til skipsbyggingsindustrien må opp på gjennomsnittlig OECD-nivå.
Faste installasjonar skal byggjast på norske verft, så sant det er kapasitet.
- Einsidige industristader må ha råderett over straumressursane. Nei til prisauke på
krafta til kraftkrevande industri, skattlegg heller overskotet. Statskrafta må selgjast til
gjennomsnittelig utgift ikkje ut frå utgiftene til dei nyaste kraftverka.
- Bygg eit landsomfattande kabelnett med optiske fibre.
- Rust opp ferjesambandet.
- RV krev at bustadbyggjinga vert auka til 50 000 bustader pr. år. Bygg fleire
trygdebustader og sjukeheimar.
- Nei til privatisering av statlige bedrifter.
Auka bevilgningar til kommuner og fylke
Sidan 1978 har Stortinget og Regjeringa stramma hardt inn på kommuneøkonomien. Dette har slått ut i dårlegare eller dyrare tilbod for befolkninga. Tilbodet er dessutan svært forskjelleg frå kommune til kommune og frå fylke til fylke. Det er ein rein krisesituasjon på mange område innan helse og sosialsektoren. Antalet eldre veks kraftig utan at dette har slått ut i ei tilsvarande utbygging av helse- og sosialsektoren, aldersbustader eller sjukeheimar. Dette betyr at stadig fleire kvinner vil få større byrder i det private omsorgsarbeidet, og at dei eldre vil få dårlegare tilbod.
Arbeidsløysa fører ikkje berre til økonomisk nød for dei arbeidslause og tapt skatteinngang til kommunane. Den har også vore ei enorm belastning på sosialkontora, som mange stadar er nær ved samanbrudd.
Staten har ansvaret
Det er Stortinget som legg grunnlaget for kommunane og fylka sin økonomi. Den økonomiske krisa i kommunesektoren er altså styrt frå Stortinget.
I dei siste åra har ei rekkje folkeaksjonar og aksjonskomitear vekse opp som paddehattar. Det er bra. Det betyr nemleg at folk bryr seg om korleis det går med skulen, med vegen, med barnehagen, eller med krisesenteret. Slike aksjonar burde blitt møtt med lojalitet frå lokalpolitikarane, og ikkje blitt avvist med at dei representerer "snevre interesser". Men dei fleste lokalpolitikarane har gitt lojaliteten sin til lovverket, staten og partiet si stortingsgruppe.
- RV krev ei kraftig auke av dei statlege overføringane til kommunane og fylka. RV vil
kjempe for at den årlege aktivitetsauka minimum kjem på 6%, det same som i åra før
1978.
- RV går mot det inntektssystemet for fylke og kommuner.
- RV vil bruke metodar som underskotsbudsjett, generalstreik og tilbakehalding av
gjeldsavdrag og skatteinnbetalingar for å presse staten.
Gjeldssanering
Renter og avdrag på gjeld utgjer ein større og større andel av kommunen sine utgifter. Enkelte kommuner er så totalt forgjelda at dei ikkje makter å løyse heilt elementære oppgåver.
- RV krev derfor at Stortinget straks foretek gjeldsssanering i hardt råka kommuner og
fylke.
Storbystøtte
Mange av dei større byane er hardt råka av krisa. I desse byane har dette ført til kraftige nedskjæringar av tilbod, kraftig auke av avgifter og priser på t.d. barnehagane og kollektivtransporten. Tusenvis av arbeidsplassar er i fare.
Storbykrisa må løysast ved auka statlege overføringar til kommunane generelt, og ved at dei rike og skattesnytarane vert tvinga til å betale meir.
Nord-Noreg - ein koloni i Noreg
Levekåra i Nord-Noreg, og spesielt i Nord-Troms og Finnmark, er ein god del dårlegare enn i resten av landet. Arbeidsløysa er større, det same er dei sosiale problema.
Nord-Noreg har eit akutt behov for auka statlege bevillingar, både til fiskerinæringa, som er grunnlaget for den største delen av busettjinga, og til kommuner og fylke.
Nord-Noreg treng omlag 40 000 nye arbeidsplassar dette tiåret for å oppretthalde busettjinga - i staden ser vi at herskarklassen vil leggje ned Jernverket, Sulis og Sør-Varanger. Derfor krev vi: Bruk oljepengane til oppbygjing av Nord-Noreg ikkje til utbytting av billig arbeidskraft i den 3. verda.
Andre sosiale og økonomiske saker
RV krev sosial bustadbyggjing - nei til bustaddyrtid
Den sosiale bustadbyggjinga gjennom Husbanken la grunnlaget for at hundretusenvis av vanlege familiar kunne få retten til ein skikkelig bustad. Bankane og staten tener nå enorme pengebeløp på vanlege folk sin bustad. Den einaste forma for subsidiering av bustadsektoren som nå finn stad, er subsidiering av dei rike i form av rentefrådrag.
Stortinget har tidlegare vedteke at bustadutgiftene ikkje bør vere meir enn 20% av ei vanleg industriarbeidarinntekt. Dagens prisnivå har ingenting med denne målsettinga å gjere.
P.g.a. forkortning av avdragstida, auka renter, senkning av låneandelen i husbanken, innføring av moms på bustader og opphevning av takstreguleringane, har dei fleste langt større bustadutgifter. Bustadutgifter har blitt eit stor sosialt problem i Noreg.
RV krev derfor:
- Det må byggjast minimum 50 000 bustader kvart år.
- Nei til senking av standarden.
- Husbanken må:
* finansiera minst 40 000 bustader kvart år
* gje lån som dekkjer minst 80% av kostnadane
* forlengja avdrags-tida til 75 år
* same vilkår for nybygg og rehabiliteringar, auka innsats for rehabiliteringar
* renta må settjast ned til dagens prisvekst på 5 6%
* avdragsfridommen i Husbanken må forlengjast til 10 år
* styrk opparbeida rentegjeld i Husbanken før 1982
- Vekk med momsen på bustader.
- Innfør rentetak. Auk eigedomsskatten for rikfolk og luksusbustader, og avskaff
eigedomsskatten for bustader av normal standard.
- Ein bustadgaranti som sikrer alle førstegongsetablerte eit bustadlån som dekkjer
innskot i vanleg 2-roms husvære.
- Bygg fleire bustader for funksjonshemma. I bustadplanleggjinga må det leggjast vekt
på bustader som også eldre og funksjonshemma kan bui.
I dei fleste bustadområde manglar ein felleslokale, grendahus og samfunnshus, som er nødvendig for å utvikle aktiviteter for barn, unge og vaksne, og styrkje det sosiale miljøet der folk bur. RV krev derfor:
- Auka støtte til felleslokale, grendahus, symjehallar osv. der folk bur.
- Ein bustadpolitikk som gjer sjanse til å utvikle kollektive buformer.
For eit gratis og offentleg helsevesen - Nei til privatiseringar og eigenandeler
Staten kjører i dag gjennom ein storstilt slanke- og sparekampanje i helse-og sosialsektoren. Mot dette stiller RV desse krava:
- RV krev at all helseteneste skal vere offentleg og at helsepersonell skal vere offentleg tilsette og på fast lønn.
- RV er for ei gratis helseteneste, og går mot eigenandelsystemet.
- RV går mot oppretting av private klinikker og sjukehus, og mot toprissystem på helsetenester.
- RV går mot rammefinansieringa for helse- og sosialtenester, staten må definere
minimumskrav til dei ulike delar av helse- og sosialsektoren i kommuner og fylke.
Staten må garantere kommuner og fylke økonomiske ressurser til å innfri desse
gjennom øyremerka tilskot.
- Staten må garantere fortsatt drift av dagens statssjukehus.
- RV krev ei drastisk auke i ressursane til eldreomsorg, utbyggjing av sjukeheimar,
heimesjukepleie og hjelpeordningar for eldre.
- RV går mot nedbyggjing av arbeidsmiljøet i helse- og sosialsektoren gjennom
underbemanning og overbelegg.
- RV vil arbeida for utbyggjing av fødeheimar og jordmorordninga i distrikta.
- RV er for at fleire psykiatriske sjukehus og HVPU-institusjonar vert erstatta av
mindre og betre institusjonar i dei lokale miljøa. Vi krev at institusjonar og
behandlingstiltak i lokalmiljøa vert bygd ut først, og at dei store institusjonane vert
nedtrappa etterpå i den grad det er forsvarleg.
- RV er mot utholinga av fagutdanninga i helse- og sosialsektoren, og mot ei senkning
av den faglege standarden i helsevesenet.
Opprustning av sosialsektoren - like reglar over heile landet
Alle dei økonomiske ytingane etter sosialomsorgsloven må aukas slik at dei mimimum tilsvarer folketrygda sine grunnytingar, og at dei bør vere like over heile landet.
Bustaddyrtid og arbeidsløyse har auka belastningane på sosialkontora betydelig. Mange får derfor ikkje hjelp når dei treng det. RV krev derfor ei kraftig auke av bemanninga på sosialkontora slik at oppgåvene kan løysast på ein forsvarleg måte.
RV meiner at sosialpolitiske tiltak er eit offentleg ansvar. Vi går mot forsøka på å dytte omsorgsarbeidet over på kvinnene. Vi går mot å overlate sosiale problem til religiøse og veldedige organisasjonar. Vi vil spesielt bekjempe ein del religiøse grupperingar sine forsøk på å skaffe seg nye misjonsmarker blant ungdom med stoffproblem.
Auk trygdene for vanlege folk - avvis angrepa på trygdesystemet
RV vil arbeida for at minstpensjonen aukast til det nivået som svarer til alderspensjon for ein industriarbeidar med gjennomsnittslønn og fulle pensjonsrettar .
RV går mot trygdeutvalget si innstilling.
RV går mot reduksjon av antalet eigenmeldingar frå 6 til 4, og vil arbeida for at det gamle systemet vert innførd att.
Dei arbeidslause sin rett
Antalet arbeidslause vil auke. Særleg får dei langtidledige store økonomiske problem. Staten fører ein politikk overfor dei arbeidslause som skal gje inntrykk av at dei arbeidslause sjølve har skylda for at dei ikkje har jobb. Og for det skal dei straffast økonomisk.
Dei arbeidslause organiserar seg til kamp mot denne politikken og krev
arbeid. RV støtter deira krav.
RV krev:
80 vekersregelen må vekk. Dagpengar til alle som er arbeidslause, uansett tidlegare arbeid.
Dagpengane er staten sitt ansvar, og ikkje sosialkontora sitt. Alle, uansett tidlegare inntekt, har krav på ei minste trygd som tilsvarer 3 gonger grunnbeløpet i Folketrygda. For arbeidslause med tidligare inntekt må dagpengane tilsvara minst 90% av tidlegare inntekt.
Nei til skattekomisjonen si innstilling - innfør rentetak
RV sin skattepolitikk har som mål å minske skattetrykket for folk med vanleg inntekt, og auke beskatninga av rikfolk. Ettersom den rike overklassen i stor grad er oppteken av å lure penger vekk frå beskatning, anten det dreier seg om reint skattesnyteri eller lovlege metodar, har vi ikkje tru på at skattesystemet i seg sjølv kan skape ei rettvis fordeling av samfunnet sine rikdommar.
Det norske skattesystemet byggjer på prinsippet om skatt etter evne og progressiv beskatning. Vi støtter dette prinsippet. Men beskatninga av dei rike vert undergravd ved at dei har store frådragshøve og andre skattefordeler.
Inntekts- og formueundersøkelsen i 1982 viste t.d. ein gjennomsnitteleg skatteprosent på 27% for dei som tente 100150 000 kroner, 35% for dei som tente 200 250 000 kr. og berre 29% for dei knapt 39 000 som tente over 250 000 kr.
Dette er fordi dei rike har store frådragshøve. Dei største frådragspostane er gjeldsrenter og underskot i næringa.
- RV er for eit rentetak på 60 000 kr. Rentetaket må ikkje råke folk med vanlege
bustader og studielån. I utforminga av rentetaket må ein ta omsyn til at mange
fiskarar og bønder har store lån på driftsmidler.
- RV er for at alle inntekter under 60 000 kr. skal vere skattefrie.
RV er mot hovudkonklusjonen i Skattekomisjonen si instilling fordi den i all hovudsak frys fast dagens urettvise skattesystem. RV er mot ei auke i bruttobeskatninga, og vi er også mot auka beskatning på vanlege hus, hytter o.l. RV er mot forslaget om å gjere skatten på dei verkelege høge inntektene lågare, dvs. ein flatare progresjonsskala.
RV er for å fjerne distriktsskatten og ordninga med kommandittselskap. RV krev at aksjeinntekter skal beskattes som vanleg inntekt kan nytta seg av.
RV er mot den skattepolitikken både DNA og Høgre har lagt opp til. I den grad det har vore snakk om skattlegjingar, har det blitt smuler til vanlege folk og gåvepakkningar til rikfolk. Skattelettingane har også ført til auka eigenandelar og gebyr. RV er for å fjerne eigenandelane i t.d. helsesektoren.
Momsen betyr at folk betaler 20% skatt på alt dei kjøper. RV er mot heile momssystemet, og krev i første omgang at moms på mat og bustader vert fjerna.
RV støtter kravet om fleire tilsette i likningsetaten.
Nei til statleg lønnsdiktat
RV er mot systemet med at Regjeringa fastlegg rammen for inntektsoppgjeret.
RV seier klart nei til tvungen voldgift fordi dette avgrensar den sjansen arbeidsfolk har til å auke lønna.
RV er mot statlege krav om lønnsnedslag eller lønnsavgrensing for å gje statleg støtte til industribedrifter.
Prisstopp på offentlege tenester
RV vil arbeida for at prisstigninga vert avgrensa ved at det vert innført full prisstopp på og senkning av eigenandeler for offentlege tenester.
Senk renta
Rentenivået er ei hard belastning for folk som er avhengige av lån for å skaffe seg det dei treng for å overleve. I tillegg truger det mindre bedrifter, og auker krisa i kommuneøkonomien. RV vil arbeida for ei senkning av renta.
Nei til privatisering av statlege eller offentlege arbeidsplassar
RV er mot at offentlege arbeidsplassar, innan t.d. renovasjon og reinhald, vert privatiserte.
RV støtter dei tilsette sine fagforbund i kampen mot privatisering av deler av Televerket si verksemd. Dette vil føre til dyrare teletenester og dårlegare service for folk flest, samstundes som tusenvis av arbeidsplassar vert sett i fare.
Forsvar normalarbeidsdagen
Regjeringa sitt framstøt for eit "opnare samfunn" og meir fleksible arbeidsordningar er eit massivt angrep på normalarbeidsdagen. Normalarbeidsdagen er viktig for å bestemme arbeidsdagens lengde, når på døgnet arbeidstida skal leggjast og når ein skal gje kompensasjon for uhøveleg arbeidstid.
LO-leiinga er svært passive i forhold til Regjeringa sitt forslag, Gjertsen sitt "opent døgnet rundt" samfunn er eit angrep på folk sitt høve til å delta i politiske, kulturelle og sosiale aktivitetar i fritida. Vårt svar på dette er 6-timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon meir fritid. 1/3 av kvinnene i arbeidslivet arbeidar i dag deltid, mange av dei har teke 6-timarsdagen på forskot. 6-timars normalarbeidsdag vil gjere det mogleg for kvinner å ha full jobb i alle fasar av livet.
Internasjonal solidaritet
Verdas folk er utsett for imperialistisk utbytting og krig. Så lenge det er imperialisme kan folka aldri få leve i fridom og fred og sikre sin nasjonale sjølvråderett. Dei kan heller ikkje byggje opp ein sjølvstendig økonomi i landa sine, som kan gje mat og sosial tryggleik til alle.
RV støtter den 3. verdas kamp for nasjonalt sjølvstyre og økonomisk
fridom. Vi støtter den væpna frigjeringskampen i Afghanistan og El
Salvador, i Eritrea og Kampuchea. Regjeringa må gje den afghanske geriljaen 50 mill. kroner i våpenhjelp. Vi vil gjere vårt for å utvikle solidariteten mellom folka på tvers av landegrenser, m.a. ved å oppfordre til fagleg internasjonal solidaritet.
RV støtter den kampen som urbefolkninga og minoritetar verda over fører for sine rettar. Vi krev respekt for menneskerettane og støtter Amnesty International sitt arbeid.
Vi støtter det polske og tsjekkoslovakiske folket i sin kamp for nasjonal sjølvråderett og demokratiske rettar.
Vi krev norsk diplomatisk godkjenning av den kampucheanske koalisjonsregjeringa.
Noreg må godkjenne PLO og la PLO opne eit informasjonskontor i Noreg. Forbindelsane med Israel må brytas.
Noreg må betingelseslaust støtte motstandskampen mot Sovjet i Afghanistan, både politisk og økonomisk.
Noreg må ta avstand frå USA sin konstante aggresjonspolitikk overfor Nicaragua. Nicaragua må bli eit hovudsamarbeidsland for utviklingshjelp.
RV støtter geriljaen og opposisjonen på Fillipinene.
RV krev godkjenning av FDR i El Salavdor.
Mot norsk imperialisme
Noreg må boikotte all handel med Sør Afrika. Stopp oljefrakta.
RV er mot kapitaleksport og krev sterk auke i den vederlagsfrie uhjelpa. Gje langsiktige og rentefrie lån på u-landa sine premiss.
RV er mot norsk rådvelde i antarktis!
Ei ny økonomisk verdsordning
RV støtter kampen for ei ny økonomisk verdsordning. All gjelda som den 3. verda har til Verdsbanken og Det Internasjonale pengefondet må ettergjes.
Kamp for sjølvråderetten - mot supermaktene sine krigsførebuingar
Rivaliseringa mellom supermaktene vert skarpare. Sovjet aukar si politiske makt og rustar opp militært for å ta kontroll over Vest-Europa og Midt-Austen i ein verdskrig.
Norsk sjølvråderett er truga. Uavhengig av medlemskapet i NATO er Sovjet den største trusselen mot norsk sjølvråderett.
Noreg må stå solidarisk med dei som kjempar mot Sovjet og USA sine overgrep, og samstundes auke vår eigen forsvarsevne for å vere ei kraft mot supermaktene sine krigsførebuingar.
Vi er for utmelding av NATO. Det er ein imperialistisk allianse dominert av USA. Planane om NATO-unnsetjingar er urealistiske og svekker i realiteten forsvarsevna mot Sovjet. Noreg er i dag underlagt NATO sin felleskommando. I ein krisesituasjon står vi utan råderett over våre eigne styrker. NATO sine planar om bruk av atomvåpen på norsk jord er forkastelege og svekkjer forsvarsviljen.
Men samstundes er vi mot ei utmelding av NATO som fører over i ei form for prosovjetisk nøytralitet. Det første steget er derfor at Noreg går ut av NATO sitt felleskommandosystem og intergrerte militære samarbeid. Dette vil gjere det mogleg for Noreg å leggje om forsvarsdoktrinen, og fråta USA-imperialismen den formelle retten til å bestemme over norske styrker i krigstid. I samband med dette må vi styrkje den nasjonale forsvarsevna. RV kritiserer skarpt den veksande ettergjevinga overfor Sovjet som utviklar seg mellom anna i Høgre og Arbeidarpartiet. Forsoning og "forsiktige" reaksjoner dempar ikkje aggresjonen, tvert imot. Overgrep og invasjoner i Afghanistan, Kampuchea og Nicaragua er like forkasteleg som angrep på vår eige sjølvråderett.
RV er mot eksport av norsk kapital. Det fører også til at norsk utenrikspolitikk vert bunden sterkare til USA si militærmakt fordi det er denne militærmakta som kan beskytte norske investeringar i viktige delar av verda. Norsk utbytting av den 3- verda hindrer den nødvendige alliansen med den 3. verda mot supermaktene. Kapital-eksport bidreg på denne måten også til undergraving av norsk sjølvråderett.
Norsk forsvarsevne
Både den militære og den sivile delen av totalforsvaret si evne til å kjempe mot ein invasjon må styrkjast. Vårt store landareal, lille befolkning og ein sansynleg sovjetisk kontroll over Norskehavet gjer at vi må vere førebudd på at folkekrig vert den viktegaste måten å forsvare norsk sjølvråderett på, det vil sei militær og sivil motstand i eit okkupert Noreg. Ei sterk forsvarsvilje, eit invasjonsforsvar som gjer trening og øving også i geriljastrid er ein viktig avskrekkjande faktor for ein mulig okkupant.
Kvinner i forsvaret
Ein invasjon av Noreg vil truleg kreva langvarig motstandskamp der både sivile og militære kampformer vert tekne i bruk. Denne motstandskampen vil kreva at heile befolkinga deltek. Det er difor både ein demokratisk rett og nødvendig at kvinner får militær opplæring.
RV vil arbeida for verneplikt for kvinner, og at kvinner vert sett opp i mobiliseringshæren. Vi krev at tilgjenget til ein kortare rekruttskole vert innført att i tillegg til tilgjenge til førstegongsteneste så lenge kvinnene ikkje har full verneplikt.
RV krev og ei reellt lik teneste, og er mot at kvinner vert sette til administrasjon, kjøkenteneste o.l.
Vi krev utbygging av dagheimar og nødvendig offentleg omsorg som gjer verneplikta lettare, spesielt for kvinnene.
Større mobiliseringshær
RV krev styrking av Lokalvernet, Heimevernet og reservene til brigadane i form av fleire soldatar. Hæren og Marinen må få betre luftvernmateriell. Brigadane i hæren må rustast opp til Brigade 90-nivå med forsterking av panser. Alle hæravdelingane må få betre panservern.
Kuppberedkapen må aukast med ståande styrker i Sør-Noreg og ved at soldatane har personleg utstyr heime som i HV.
Mot atom-, gass- og kjemiske våpen
Supermaktene må ruste ned både ABC-våpen og konvensjonelle våpen. Vi krev atomvåpenfri sone i nordområda. Sona må inkludera Island og dei atomvåpna som i dag er retta mot Norden på Kolahalvøya og i Leningrad forsvarsdistrikt. Ho må også omfatta ubåtbaserte rakettar i Østersjøen og dei nære havområda rundt Norden.
Vi vil gå imot utplassering av nye sovjetiske og amerikanske atomvåpen i Europa. Atomvåpenfrie soner og belter forutset reell nedrusting hjå supermaktene. Inspeksjonsretten er heilt nødvendig, og gjeld inspeksjon av supermaktene som har atomvåpen.
Eit krav om nedrusting er viktig, men erstattar ikkje trongen til solidaritet med dei som kjempar mot supermaktaggresjon og trongen til å styrka vår eiga forsvarsevne. Solidaritetsarbeid er viktigare enn nedrustingskonferansane som har vore og held på. Slike konferansar tener til å dekka over storstilte rustingar som førebur ein krig mellom Sovjet og USA om kven som skal dominera andre land og statar.
Styrk den sivile beredskapen
Sivilberedskapen i Noreg er katastorfalt dårleg. Utan ein utbygd sivil beredskap vil det militære forsvaret falla saman på grunn av mangel på mat, drivstoff, materiell, reparasjons- og sjukehuskapasitet. Mangelen på sivilforsvarstiltak vil utsette befolkinga for store lidingar som kunne vore unngått.
Staten må ta fullt økonomisk ansvar for tilfluktsrombygging til ein plass pr. innbyggar i kommunar med byggeplikt. Romma må utstyrast for tre vekers opphald. Varslingssystema må byggast ut og utrykkingsstyrkene må utvida øvingstida til 1977-nivå. Alle innbyggarar må utstyrast med gassmaske inna fem år.
Vi krev at korn- og kraftforlagra i kommunane vert bygde opp i løpet av 1986. Bygdemøllene må rustast opp og drivstofflagring på gardsbruka gjennomførast innan fem år. Eitt års energiforsyning må sikrast med desentraliserte oljelager.
I samsvar med norsk lov må helsevesenet få ein beredskapsplan der sjukehimar, -stover og andre lokaler kan byggast om til akuttsjukehus, der det må sikrast eitt eller to års fredsforbruk av infusjonsvæsker og medikament. Det må gjennomførast opplæring av helsepersonellet.
RV krev at det frå no av skal gjennomførast realistiske sivilforsvarøvingar der alle går i tilfluktsrom, kombinert med elementær opplæring. Slike realistiske øvingar vil virka mobiliserande i befolkinga og avsløra skandaløse forhold som kan rettast opp.
Forby nynazistiske og rasistiske organisasjonar
Nazismen er ein kriminell ideologi som fremjer rasisme, terror og valdshaldningar. Nynazistiske grupper har stått bak bombing av 1. mai-tog og drap dei siste åra. Ein skole har stadig vorte utsatt for bombetruslar og mange skolar får tilsendt nazistisk og rasistisk propaganda.
Nynazistane kan ikkje behandlast som ei politisk gruppe på lik line med andre grupper. Dei må behandlast som kriminelle. Vi krev forbod mot Nasjonalt folkeparti og andre nynazistiske organisasjonar.
Mot all rasisme - opphev innvandringsstoppen
Innvandringsstoppen fungerer rasistisk. Han rammar innvandrarar frå den tredje verda, mens høgstatus-folk frå Vest-Europa og USA slepp inn i landet utan problem. Vi krev oppheving av innvandringsstoppen.
Vi krev fulle demokratiske rettar for innvandrarar, mellom anna stemmerett ved all val etter to års opphald her i landet. Innvandrarar må få gratis norskundervisning i arbeidstida, og innvandrarborn må få fullverdig morsmålsundervising gjennom heile skolen. Morsmålet må styrkast som undervisingsfag. Det må bli program på feire språk for innvandrarar, både i radio og TV.
Innvandrarorganisasjonar, aviser og kulturelle og religiøse aktivitetar må få auka økonomisk støtte.
Utanlandske statsborgarar må få fri og lik tilgong til å kunne få arbeids-og opphaldsløyve i Noreg. Regjeringa må respektera asylretten og gje auga tilgjenge for politiske flyktningar. RV krev oppheving av praksisen med varetektsfengsling i utvisingssaker.
Dei ulike nasjonale og religiøse høgtidene må respekterast, og fridagar i samband med desse må lovfestast.
Innvandrarkvinnene sine rettar må tryggast slik at korkje opphaldsløyve eller arbeidsløyve vert berørt av ei eventuell skilsmisse.
Kapitalisme betyr miljøkatastrofe
"50 år til med kapitalisme er en katastrofe. 100 år til er en umulighet." Dei enorme natur- og miljøøydeleggingane bekreftar denne utsegna til fulle.
Mjljøøydeleggingane er både ein global trussel og ein trussel i kvartenkelt land. Dei store miljøøydeleggingane er både eit resultat av profittjakta i den tredje verda og eit resultat av den veldige imperialistiske utbytinga av landa i den tredje verda.
Sur nedbør har vorte eit trugande problem i den vestlege verda. I første omgang har dette ført til skogsskadar og livlause vatn. I neste omgang fører han til skogdød, jorderrosjon og at tømmer vert øydelagt som fornybar ressurs.
Noreg må stilla seg i spissen for krava om kraftig reduksjon av svovelutsleppa. RV stør kravet om 80% reduksjon. Noreg må kreva at England,som er årsaka til 20% av den sure nedbøren over Noreg, sluttar seg til det internasjonale arbeidet for reduksjon av utslepp.
Utslepp frå motoriserte køyretøy utgjer ein stor del av utsleppa. Derfor må kollektivtrafikken erstatta mest mulig av den private bilismen, og det må takast tiltak for å få blyfri bensin og mindre forureinande motorkøyretøy.
RV vil arbeida for at bedriftene vert pålagde å bygga renseanlegg, og at staten medverkar til å gjera dette mulig. RV krev at det skal byggast renseanlegg på smeltehytta i Sulitjelma.
Regnskogane rundt ekvator står for ein stor del av oksygenproduksjonen på kloden. I tillegg har dei eit svært fint økosystem og inneheld 80 90 % av alle arter på jorda og den genetiske arven.
Dei multinasjonale selskapa lar profittomsyna telja og har gått til store inngrep i desse områda. Underutvikling, undertrykking og fattigdom tvingar store folkemassar inn i områder der monopola har bygt veg. I staden for ei planmessig og vitskapleg utnytting, har vi fått ei øydeleggande utvikling. Kampen for å bevare desse områda for menneskeheita er heilt avhengig av kampen for den nasjonale og sosiale revolusjonen i desse landa. RV vil kjempa mot norsk industrietablering og annan imperialisme retta mot desse områda.
I tillegg til denne øydelegginga, skjer det ei ekstra utbytting av landa i den tredje verda gjennom eksporten av sprøytemidlar til jordbruk og skogbruk. Farlege stoff som er forbodne i vesten vert selde med stor forteneste til U-landa, der dei ofte blir brukt utan opplæring og av ukyndige folk. I spissen for dette står internasjonale monopol som Shell og Ciba Geigy. Dette har vore fulgt opp med utvikling av bestemt typar såkorn, som konserna har teke patent på, og som treng firmaet sitt gjødselprodukt. Dette fører til øydelegging av jorda og til nedbryting av genetiske ressursar. I tillegg gjer dette at områder og land vert heilt avhengige av monopolkonserna. RV vil kjempa mot denne utviklinga, og slå hardt ned på norske firma som tek del i denne utbyttinga.
RV krev ei kraftig forsering av arbeidet med energiøkonomisering. I dag produserer ein 100 TWh i Noreg kvart år. Berekningar viser at 15 TWh kan vinnast inn ved lønsomme energiøkonomiseringstiltak, dvs. at investeringane tener seg inn på få år. RV er mot auking av statskraftprisen, og meiner at energiøkonomiseringa må tvingast fram på andre måtar.RV krev stopp på havforureininga som f.eks. Titania driv i Jøssingfjorden. Utviklinga av aquakulturen, eller havbruk, er såvidt starta. Det er svært viktig å bekjempa alt som kan hindra eller øydelegga utviklinga av dette viktige matkammeret.
RV er mot heilarsboring og ordinær produksjon av olje nord for den 62.-breiddegraden inntil dette er teknisk forsvarleg. Dette området er eit av dei viktigaste matkammera i verda og omsynet til den økologiske balansen og fiskeribefolkinga må koma i første rekke.
Arbeidet med å renska Mjøsa har vist at det nyttar- RV vil stø alle tiltak av den typen. RV vil arbeida for ein overgang til fosfatfrie vaskemidlar.
For full kvinnefrigjering
Kvinnene er i dag halvparten av den yrkesaktive befolkinga. Dei går i spissen for mange viktige kampar, som kampen for 6 timars normalarbeidsdag, mot nedskjæringane i helse- og sosialsektoren og i kampen mot porno. Kvinnene krev økonomisk sjølvstende.
Borgarskapet har vevd kvinneundertrykkinga inn i den økonomiske politikken: Kvinnene har ikkje den same verkelege retten til arbeid som menn, kvinner tener mindre, og ein prøver å synleggjera kvinner både som arbeidstakarar og arbeidslause. Omsorgsarbeidet for gamle, sjuke og born tar samfunnet berre ein liten del av, mens arbeidet faktisk blir gjort av kvinnen heime. Viss dette arbeidet skulle gjerast av det offentlege, ville det kosta over 100 milliardar kroner! Kvinner arbeider mest, men får minst att for det!
Trass i den enorme innsatsen kvinnen gjer i lønna og ulønna arbeid, har dei liten innflytelse og makt i samfunnet. Det er menn som dominerer i partia, fagrørsla og i det offentlege livet elles. Stadig fleire kvinner tar opp kampen mot dette, for å få makt sjølve. Denne kampen stør vi. Det er nødvendig for kvinnen og heile arbeidarklassen at kvinnen sin situasjon kjem fram i lyset og at kvinnekrava blir gjennomførte.
RV krev:
Økonomisk sjølvstende for kvinner. 6 timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon vil gje langt fleire kvinner høve til å ha full jobb og dermed full løn. Det er den daglege arbeidstida som må forkortast viss kvinnene skal ha fordel av arbeidstidforkortingar. Auk kvinnelønningane, vi krev at det offentlege startar med det.
Vi vil forsvara kvar einaste kvinnearbeidsplass. Vi krev nye arbeidsplassar for kvinner. Vi forsvarer den sjølvsagte retten gifte kvinner har til lønsarbeid, og går mot alle tendensar til å repetere den kvinnefiendtlege lina frå 30-åra på dette området.
Bygg ut helse- og sosialsektoren i tråd med behova. I dag er f.eks. 85% av eldreomsorgen privat, og fleire eldre blir det i åra framover. Vi er for omsorg og hjelpsemd, men vi er mot at myndigheitene ikkje følger utbyggingsplikta si fordi dei reknar med kvinnenes gratisarbeid.
Gratis dagheim til alle barn! Noreg har den lågaste barnehagedekkinga i Europa. Berre 1/4 av førskolebarna har ei eller anna form for tilbod, av 1-åringane berre 4 prosent. Mens myndigheitene stort sett berre bygger kortidsplassar, krev vi at alle skal ha høve til å få heiltidsplass. Auk talet på tilsette i barnehagane! Fritidsheim på alle skolar!
Auk barnetrygda til det kostar å ha barn! Dei vanskelege økonomiske kåra til aleine-foreldre er utreda forlengst. Innfri krava deira!
Innfør 6 mnd. svangerskapspermisjon med full løn innan 1.1.86!Innfør eitt års permisjon med full løn.
Kvinner som melder seg som arbeidssøkande skal ha rett til dagpengar sjølv om dei ikkje har hatt lønsarbeid tidlegare!
Vi krev kjønnskvotering i foreiningsliv, og radikal kjønnskvotering i arbeidsliv når det er til fordel for kvinner.
Samtidig som kvinnene yter enorme mengder arbeid til samfunnet og held dei daglege hjula i gang, tillet myndigheitene i Noreg at storkapitalistar tener seg styrtrike på å oppfordra til vald mot kvinner: Pornoforbodet må handhevast! Narvesen må slutta med fornedringa av halve befolkinga ! RV er mot all porno, og vil stø den kampen som er nødvendig for å få han fjerna.
Vi krev krisesentra i alle større byar og tettstader. Staten må ta ansvaret for finansieringa.
Vi krev tiltak for å hjelpa dei prostituerte. Vi går inn for at det skal vera kriminelt å vera horekunde.
RV vil fortsetta arbeidet sitt med å fremja kvinnekrava der vi er representerte, og tvinga dei andre partia til å ta standpunkt. Dei verkelege forandringane kan berre kjempast gjennom av kvinnerørsla sjølv. Og den rørsla veks!
Homofil og lesbisk frigjøring
Organisasjonane til homofile og lesbiske har ført ein framgangsrik kamp mot fordømming og diskriminering av homofile og lesbiske, og slått fast at homofile, lesbiske og heterofile samlivsforhold er likeverdige. Stadig fleire homofile og lesbiske står åpent fram. Også i RV har denne kampen ført til resultat ved at stadig fleire RV-arar ser det som viktig å få fram åpne homofile og lesbiske som RV-politikarar.
Så lenge kjernefamilien utgjer den grunnleggande økonomiske og sosiale einheita i samfunnet, vil det eksistere eit materielt grunnlag for undertrykking av homofili, ved at homofile fell utanfor det mønsteret samfunnet er basert på. Derfor har den homofile kampen nære felles interesser med kvinnekampen og kampen mot kjønnsrollane.
Sjølv om stadig fleire homofile står åpent fram, er det framleis slik at dei aller fleste som ønsker å utfalda homofil og lesbisk kjærleik ikkje vågar å gjera dette av frykt for fordømming frå omgivelsane. Derfor er det viktig med eit særskilt vern mot diskriminering. RV krev at forbodet mot diskriminering av homofile og lesbiske skal handhevast, og at hetsen mot homofile ikkje skal tillatast under dekke av kristen forkynning.
RV ser på homofile og lesbiske kjærleiksforhold som ein menneskerett. Homofile, lesbiske og heterofile sambuarforhold må likestillast på alle måtar. RV meiner at homofile/lesbiske sambuande må få rett til adopsjon og inseminasjon.
RV krev at homofile og lesbiske sine organisasjonar får nødvendig politisk og økonomisk støtte frå myndigheitene.
Homofili må behandlast på likefot med heterofili i skoleundervisning.
Fagrørsla må mobiliserast aktivt til å stø kampen til homofile og lesbiske. Arbeidet for å bekjempa AIDS og hjelpa AlDS-ofra må ikkje brukast som propaganda mot homofile. RV tar avstand frå den brennemerkinga av homofile som det har vore tendensar til i massemedias omtale av AIDS.
Styrk norsk landbruk
Den norske landbruksproduksjonen på 105 000 årsverk dreier seg om produksjon av mat i ei verd som svelt. Noreg har ein sjølvbergingsgrad på 40%. Norsk landbruk har idag store økonomiske vanskar, trass i høgproduktivitet og grøderike jordbrukareal over heile landet. Samtidig prøver ulike grupper å bæra ved og vatn til bondehetsen. Borgarskapet er tent med svekka alliansar mellom bønder og andre arbeidsfolk, og å setta ulike grupper mot kvarandre.
I den vestlege verda er det overproduksjon av matvarer. Det blir brukt som påskot til bondehets og ropet om at bøndene får for mykje.
Forbrukarsubsidiane på kjøt vart fjerna av Brundtland i 81, og redusert på mjølk av Willoch i 84. RV krev at momsen skal fjernast på matvarer, og at forbrukarsubsidiane vert innført på nytt.
Bygdeutvalet foreslår å redusera overføringane til jordbruket med 600 700 millionar kr. i året. Dette er ein plan for å legga ned 23 000 bruk før 1990, og at talet på gardsbruk blir halvert til 55 000 bruk innan år 2000.
Det er mange grunnar til at RV vil slåss mot nedlegging av bruk og redusert sjølvbergingsevne:
- Svoltkatastrofane brer seg i den tredje verda. Det internasjonale pengefondet pressar dei sveltramma folka til å eksportera meir kaffe o.l. For at desse landa skal dyrka meir av maten sin sjølve, vedtok FNs matvarekonferanse i 1974 å oppfordra alle land til høgast mulig grad av sjølvberging. Skattekommisjonen forlet denne målsettinga når han går inn for auka matimport. Det vil auka motsetningane mellom Noreg og den tredje verda, og danna grunnlag for rasisme når den tredje verda skal frigjera seg.
- For den nasjonale sjølvråderetten vår og beredskapen mot krig og krise, er det nødvendig med flest mulig gardsbruk i drift over heile landet, med jord i god hevd og dyktige bønder. Når tilgongen på maskiner, olje, kunstgjødsel, strøm osv, blir redusert, vil avlingane gå ned. Då trengs det større dyrka areal. Noreg kan fordobla det dyrka arealet.
- Nedlegging av bruk vil auka køen av arbeidslause, som er for stor frå før. Både bønder og dei to - tre "ringverknadsarbeidsplassane" som er avhengig av kvart enkelt bruk, blir arbeidslause. Dermed blir også skatteinntekter og kommuneøkonomien dårlegare i distrikta.
Eitt årsverk i landbruket skal tilsvara gjennomsnittleg industriarbeidarløn. Indre fordeling - ved å ta frå dei aller rikaste bøndene og gi til det store fleirtalet av mindre brukarar - er nødvendig, men heilt utilstrekkeleg for å sikra inntektsutjamning.
Overføringane må auka.
Eit årsverk må betalast likt, uansett produksjon.
Jordbruksavtalen må sikra spesielle tiltak for å gjera kvinner til like dyktige bønder som menn. Kvinnene i landbruket må fritakast frå det omfattande omsorgsarbeidet som ligg på dei. Dei må få yrkesstatus, pensjon og trygderettar på line med andre yrkesaktive. Skattelova si grense på 30 000 kroner for ektefelles inntekt må fjernast. Reglane for utrekning av pensjonspoeng til folketrygda må endrast slik at det løner seg å dela inntekta mellom ektefellene på gardsbruket.
Effektivitetsnormene må reduserast med 20 prosent, så bøndene får betalt for den verkelege arbeidsinnsatsen.
Vidare må 6-timars arbeidsdag innførast i landbruket. Dagens effektivitetsnormer er eit viktig hinder for kvinnefrigjering på landsbygda og sementerer den kjønnsmessige arbeidsdelinga.
Staten må oppfordra kvinnen til å bruka odelsretten, m.a. gjennom ekstra støtteordningar som lån, investeringstilskot, tilskot til grøfting og nydyrking. RV vil styrka den økonomiske situasjonen for samdrifter og maskinsamvirke.
Staten må ta det økonomiske ansvaret for avløysarordninga, og knyta ho til landbruksvikarordninga og landbrukskontora.
Sats på fiskeria - prioriter kystflåten
- Det er enorme muligheiter for produksjon av menneskeføde i havet utanfor kysten vår. Dette er ein nasjonal ressurs som vi må forvalta og utnytta til beste i nasjonal og global samanheng.
- Denne ressursen må først og fremst haustast av folket som bur langs kysten og som er heilt avhengig av dette for å oppretthalda sysselsetting og busetting.
Men idag er det krise i den tradisjonelle fiskerinæringa. Årsaka ligg i hovudsak i nedfiskinga av dei viktigaste fiskeslaga på 60- og 70-talet.
Men samtidig kan vi sjå enorme muligheiter. Havbruk er i rask vekst, silda er snart tilbake i full mon og torskestamma held på å bygga seg opp att.
Vi ser sikre teikn på at ressursgrunnlaget om få år kan bli større enn noen gong i moderne tid.
Dette betyr på ingen måte at trusselen mot busettinga og næringa i Kyst-Noreg er vekk. Tvert om. Dersom dei store kapitalinteressene vinn fram, vil dei trenga dei lokale interessene til side i havbruket, ta monopol på silda og utnytta krisa til å knekka dei små einheitane i fisket og foredlinga før torskestamma er bygd opp att. Det vil kunna bety sentralisering av fangst og foredling og dermed rasering av Kyst-Noreg. På den andre sida kan rikdommane i havet gi Kyst-Noreg ei ny blomstringstid dersom ressursane i hovudsak blir utnytta av kystens eigne folk. Idag fører staten ei kampanje for "lønnsemnd" i fiskerinæringa. Denne skal gi inntrykk av at fiskarane og kystbefolkinga er unyttige snyltarar på resten av samfunnet. Meininga er å gi ryggdekking for å la storkapitalen og ikkje kystbefolkinga få hand om rikdommane. RV går mot forsøket på å rasera støtteordningane til fiskeria. Vi vil arbeida for at kjerna i statlege tiltak ikkje skal vera å subsidiere storkapitalen i fisket, men bidra til å fornya og utvikla fangst, foredling og salsapparat basert på lokale interesser.
Også innafor jordbruk og industri legg staten opp til krav om auka lønsemd og reduksjon av statlege overføringar, samtidig som eksempelvis storkapitalen skal premierast med statleg støtte til utanlandsetableringar. RV vil arbeida for at det blir større enigheit mellom dei utsette næringane for å styrka kampen mot den utviklinga som er i gong.
Kystflåten, spesielt i Nord-Noreg, er forelda. Dette betyr mykje for arbeids- og buforholda ombord og ikkje minst for sikkerheita til fiskarane. Kravet om fornying av kystflåten har nøye samanheng med kravet om å oppretthalda busettinga.
RV krev at kystflåten får investeringstilskot på lik line med den ordninga industrien på land har gjennom DUF, eventuelt at ordninga med stønadslån blir utvida kraftig og at kystflåten blir prioritert. For å letta finansieringa må Statens Fiskarbank gi lån til lågaste prioritet.
Tildeling av fartøykonsesjonar i forskjellige fiskeri må brukast sterkare som eit distriktspolitisk verkemiddel. Den muligheita som finns i dag til at fartøy med konsesjonar kan seljast fritt har ført til at Vestlandet har fått ein altfor stor del, særleg av ringnotkonsesjonar. RV meiner derfor at det må komma eit tilleg i konsesjonslovgivinga som krev at ny konsesjon ikkje skal kunna gå ut av det fylket konsesjonen opprinneleg vart tildelt. Dette må gjelda sjølv om fartøyet vert selt ut av fylket.
RV går inn for at fabrikk- og saltfisktrålarane skal fråtakast kvote på torsk. Talet på fersk- og frysetrålarar må reduserast og den havgåande flåten i torskefiskeria kan erstattast av autoline.
Det må førast strengare kontroll med trålfisket og Kystvakta må få større ressursar.Der det er mykje småfisk må alt trålfiske forbyast. Maskevidda i trål må utvidast til155 mm også i vernesona rundt Svalbard. Alle utanlandske trålarar må utanfor50-mils grensa, norske trålarar må utanfor 12-mils grensa heile året.
Overvaking av rekefisket må intensiverast. Fjordane må fredast mot snurrevad, notog reketrål der fjordfiskarane krev det. Det må forskast og stimulerast for atkvaliteten på fisken skal bli bedre.
Sildefisket
Sildefisket for konsum skal avgrensast til kystflåten, ringnotsnurparane skal utenfor4-mils grensa.
RV går mot at det skal byggast store sentraliserte anlegg for sildemottak/foredlingslik det blir planlagt på Møre og at store ringnotfartøy får høve til filetering ogforedling ombord. Eit allsidig mottaks- og foredlingsapparat vil også sikrakvinnearbeidsplassar i distrikta i form av forholdsvis små desentraliserte bedrifter.
Staten må sikra at finansiering gjennom DUF-midlar gjer det mulig å starta omstilling og oppbygging av bedrifter som står klar til å ta imot dei store sildemengdene som blir
RV krev at ringnotfisket etter makrell og lodde fortsatt skal avgrensast med strengereguleringar.
Fiskarane sine rettar
Avløysarordning for fiskarar må settast på dagsorden straks. Ferieordning og sjukepengeordning må forbetrast kraftig. Minstelotten må hevast og eigendelen knytt til minstelotten må falla vekk.
RV krev obligatorisk sikkerheitsopplæring for alle fiskarar utan økonomisk tap. Yrkesretta, kompetansegivande 3-årig utdanning innafor det vidaregåande skuleverket, innretta på fiskeria må byggast opp fleire stader.
RV krev at forskningsinnsatsen blir styrka innafor alle sektorane i fiskerinæringa.
Der olje- og fiskeriinteressene kjem i konflikt, må kravet frå fiskerinæringa gå føre.
Sal og eksport
RV meiner at den klåre oppdelinga i eitt fangstledd, eitt mottaks- og foredlingsledd og eitt sals- og eksportledd er uheldig. Denne skarpe oppdelinga har vore med på å skapa dei problema som m.a. har oppstått innafor tørrfisknæringa med opphoping av store lager. For å hindre dette må fangst og produksjonssida innafor næringa knytast nærare til marknaden og muligheitene som ligg i sal og eksport av produkta. RV er for å oppheva dei rettane som har gitt opphavet til ein eksportadel innafor fiskerinæringa.
Havbruk
RV er for ei sterk satsing på alle former for havbruk. Dette vil kunna gi ny giv i næringslivet langs kysten. RV går inn for ein konsesjonspolitikk som sikrar interessene til kystbefolkinga, og som krev at eigarane også skal delta direkte i arbeidet med bruka. Utviklinga krev sterk forskingsinnsats, utdanning m.v. og RV vil gå inn for store løyvingar til denne sektoren.
Olje - ein viktig nasjonal ressurs
Dei viktigaste prinsippa for RV i oljepolitikken er å sikra full nasjonal kontroll med oljeverksemda, og at inntektene frå denne verksemda skal brukast til å sikre levekåra for folk - ikkje gå til kapitaleksport.
RV krev at den norske industrien må ha førsteretten på bygging av faste installasjonar i Nordsjøen. RV vil arbeida for at den teknologiske kunnskapen som blir opparbeid i Nordsjøen ikkje forsvinn til dei utanlandske gigantkonserna. RV vil arbeida for teknologiutveksling når det kan skje til gjensidig fordel, og legga stor vekt på teknologioverføringane til land i den tredje verda.
Noreg må bryta med dei store industrilanda sin politikk, og forplikta seg til eit nærare samarbeid med OPEC.
Vi krev full nasjonalisering av oljeverksemda. Vi har ingen illusjonar om at ikkje også dei norske oljeselskapa set sine eigne profittinteresser framfor interessene til det norske folket. Men det er lettare å driva politisk press mot norske enn mot utanlandske operatørselskap. Og både kortsiktig og strategisk betyr det mykje at kompetanseoppbygginga rundt den norske oljeverksemda foregår i Noreg og ikkje f.eks. i USA.
I dag er det kortsiktige lønsemdsomsyn som styrer olje- og gass-utvinninga. Berre dei mest lønsame delene av funna blir tatt ut og svingande oljeprisar kan få store konsekvensar for verksemda i næringa. RV meiner at olje- og gassutvinninga må styrast slik at ho best mulig blir utnytta som ein ressurs for å bygga stabile arbeidsplassar og styrka ei allsidig næringsutvikling i Noreg.
Oljen og gassen er verdifulle ressursar både som energikjelde og som råstoff. RV krev at olje og gass må førast i land i Noreg. Det må byggast opp ein foredlingsindustri som blir plassert der det er trong for nye arbeidsplassar. Dei enorme gassmengdene gir - samman med vasskrafta - ein usedvanleg gunstig situasjon m.o.t. tilførsel av billig energi. Dette gir Noregeit eineståande energimessig utgongspunkt for utvikling av eit velstandssamfunn.
RV krev at utvikling av oljeverksemda i nord må skje på nordnorske premissar:
- Inga heilårsboring med dagens teknologiske nivå.
- Oljeverksemda i nord skal betjenast og forsynast i nord.
- Konsesjonsvilkåra må sikra overføringar til fiskeria og produktutvikling på land. Ein
eventuell produksjon må sikra store inntekter til oppbygging av nordnorsk industri og
produksjon.
- RV stør kravet om oljefond til fiskeria.
- Nei til boring på Troms II pga. fiskeriinteressene.
- RV stør alt arbeid for å auka sikkerheita i oljeverksemda, og ser det som spesielt
viktig å sikra stillinga til fagforeningane og dei tillitsvalde.
Stø dei nasjonale rettane til samane
Den samiske nasjonen bur i dag i fire ulike statar. Grensene er trekt opp av kolonimaktene og har skapt kunstige skilje mellom samefolket. Raud Valallianse (RV) stør kampen for å forsvare eksisterande og vinne att tapte rettar. Vi tek avstand frå "bit for bit"-politikken mot samefolket.
Framfor Stortingsvalet -85 vil vi peike på nokre saker, som vi meiner det er viktig å få gjennomslag for nå:
* Eit samisk folkevald organ, sameting, med fulle rettar til sjølvråderett i saker som
vedkjem samefolket og samiske område. Rundt dette byggjer ein opp ei samisk
forvaltning.
* Arealvern for reindrifta er det einaste som kan sikre arbeidsplassane i denne næringa.
Kvinnene sin plass i reindrifta må styrkjast og bevarast.
* Mineralundersøkingane på Finnmarksvidda må stansast. Vidare aktivitet må ha
konsesjon frå eit samisk folkevald organ.
* Varig vern av Saltfjellet/Svartisen.
* RV går i dag mot ei forlenging av Nord-Noregbanen. Areala som denne utbygginga
vil krevja, er ikkje på dei rette hendene. Berre eit sameting kan gje klårsignal til eit så
stort inngrep i dei samiske områda.
* Eit eige samisk teater skal skipast i Kautokeino.
* I skolane og helseinstitusjonane må dei tilsette vera samisktalande. Utvikling av
undervisningsstoff på samisk skal prioriterast. Lovfesta rett til 12 års skolegang med
samisk som hovudmål og undervisningsmål. Ein samisk høgskole må etablerast i
Karasjok.
* Samisk media må styrkjast. Avisa "Sami Aigi" skal styrkjast og sikrast drifts- og
utviklingshøve. Sameradioen skal få fleire stillingar. Eigne samiske TV-sendingar må
koma i gang. Det må gjevast klarsignal for ein eigen samisk TV-kanal.
* Sørsamane er ein del av den samiske nasjonen og skal ha dei same rettane. Reindrifta
i Trollheimen skal sikrast mot vilkårleg handsaming.
* Særskilde økonomiske tiltak må setjast i verk for å sikra busetnad og utvikling i dei
samiske områda.
Lik rett til utdanning
Trass i alt prat om likt skoletilbod i Noreg, er det store forskjellar på den skolegangen elevane får alt etter kvar dei bur i landet. Rike kommunar gjev elevane betre og lengre utdanning enn det dei fattige kommunane er i stand til.
RV kjempar for eit likt skoletilbod. Staten har det økonomiske ansvaret for å setja kommunane i stand til dette. Desentralisering av dette ansvaret vil heilt sikkert føra til store ulikskapar.
RV går mot alle former for snikinnføring av skolepengar, som eigenandelar på skoleskyss og materiale og eksamensavgifter. RVs mål er rentefrie studielån. Stipenda må verta større.
Dei økonomiske nedskjeringane er eit trugsmål mot kvaliteten på utdanninga både i grunnskolen, den vidaregåande skolen, universiteta og høgskolane.
Det minkande barnetalet blir brukt av styresmaktene som påskot for å trekkja ressursar ut av skolen, trass i løfte om det motsette. RV krev at ressursane i grunnskolen skal vera som før for å dekkja ei lang rekkje behov. Mellom anna for å ha max. 20 elevar i klassene, fleire lærarar, for å styrkja hjelpe- og støtteundervisninga og gje lærarane mindre undervisningstid.
Obligatorisk datalære må inn i skolen på alle plan. Ein heilt naudsynt føresetnad for dette er at lærarane får etterutdanning i datalære.
Den kristne formålsparagrafen for barnehagar og skole må bort. Livssynsundervisning skal ikkje vera eit alternativ til kristendom, men vera obligatorisk for alle. Før dette målet er nådd, må alle som ønskjer alternativ livssynsundervisning få det.
Pedagogisk utviklingsarbeid for å styrkja jentene i skolen, må støttast.
RV vil forsvara lærarane sin rett til å driva kritisk undervisning, og går mot alle forsøk på kriminalisering av lærarar som bruker denne retten. Rasistisk og kvinneundertrykkjande innhald i lærebøkene må bort. Dei demokratiske rettane til skoleelevane må styrkjast.
Staten må sørgja for nok yrkesskoleplassar, og vidaregåande kurs I og 2 må byggjast ut slik at elevane får ei yrkesutdanning.
Rettferd for dei funksjonshemma
RV stør kravet frå dei funksjonshemma om rett til arbeid og tilrettelagd fritid.Paragraf 13.4 i Grunnskolelova skal sikra alle funksjonshemma eit fullverdig undervisningstilbod. Men styresmaktene bryt sjølv denne lova gjennom økonomiske innstrammingar som tek frå dei funksjonshemma retten til utdanning. RV krev auka løyvingar som kan gjera denne retten reell for alle funksjonshemma.
Vi krev at ein trygda får same levestandard som ein arbeidar med gjennomsnittleg industriarbeidarløn. Sjukehusopphald, legehjelp, anna naudsynt hjelp, tekniske hjelpemiddel for uføre m.m. må vera gratis. RV må kjempa mot innstramming på desse områda. Staten må ta ansvar for levekåra til dei funksjonshemma, vekk med velgjerdsytingar.
Det må opprettast eiga transportteneste for funksjonshemma over heile landet, med vanleg kollektivtrafikktakst. Dette er eit stateleg ansvar.
Vi krev utbygging av bustader for funksjonshemma og av heimehjelpsordningar, slik at alle som ønskjer det og er i stand til det, kan leva utanfor institusjon.
Vi krev at funksjonshemma som i dag lever i institusjonar får høve til å ha eit privatliv, personleg integritet og retten til seksualliv som andre folk.Organisasjonane til dei funksjonshemma må få forhandlingsrett.
For nynorsk og dialektane
RV stør den kampen målrørsla kjempar mot språkleg undertrykking. Alle skal kunna bruka dialektane sine og nynorsk skriftmål i alle samanhengar. RV går inn for almenn røysterett ved skolemålsrøystingar.
RV vil ta del i kampen for nynorsk skolemål og for å styrkja sidemålsopplæringa i skolen. Nynorsk og bokmål må sidestillast i alle skoleslag.
Vi krev at mållova vert etterlevd og at nynorsk blir likestilt med bokmål i all offentleg målbruk i kommune- og statstyring og all anna offentleg verksemd. vil arbeida for meir bruk av nynorsk i massemedia, og for at NRK som eit absolutt minimum fyller kvoten på 25% nynorsk.
For kollektivtransporten
RV vil i alle samanhengar arbeida for å betra kollektivtransport tilbodet av omsyn både til helse, miljø og fornuftig ressursutnytting. Kollektivtransport må gjerast attraktivt gjennom låge prisar.
RV krev opprusting av det eksisterande vegnettet nordpå, og ei styrking av kollektivtransporten til lands, på vatnet og i lufta.
RV går inn for ei kraftig styrking av jernbanestandarden og mot nedlegging av sidebanene.
Fly er for mange det einaste reisealternativet. RV vil senka prisane på innanlandsreiser og vil arbeida for utbygging av småflyplassar.
RV ser det som svært viktig at kollektivtilbodet blir større, mellom anna ved fleire avgangar. Dette må sikrast gjennom auka statlege tilskot til denne transporttypen. RV stør kravet om at Oslo kommune skal ha same stønad til Oslo Sporveier, som er vanleg for andre kommunar.
RV vil arbeida for at bumiljø og vegar/trasear skal skiljast. Gang- og sykkelstigar må byggjast ut.
RV vil arbeida for at tilbodet om kollektivtrafikk også skal gjelda funksjonshemma på lik line med andre.
I dag er svært mange arbeidsfolk avhengig av privatbil for å koma på jobben og for å frakta barn til dagheim. Bilkostnadene er så høge at å ha bil er i ferd med å verta eit rikmannsprivilegium. RV vil senka prisen på diesel og bensin til vanlege forbrukarar, og arbeida for større frådrag i inntekta for pendlarar, fiskarar og bønder.
RV er mot statsavgifter på sikrings- og eksos-renseutstyr.
Kamp mot rusgift
Spreiinga og bruken av rusgifter påfører ungdommen og folket svære helse- og sosiale skadar, og svekkjer evna til organisert kamp mot utbytting og undertrykking. RV vil føra ein restriktiv alkoholpolitikk i kommunestyra og Stortinget. Vi vil motarbeida alle tendensar til avkriminalisering av Cannabis. Vi krev betre kontroll frå politi og tollvesen ved grensene for å stoppa den organiserte storimporten av narkotika.
Vi vil støtta alle tiltak for å skapa rusfrie stader å vera, kafear og fritidsklubbar.
Vi vil arbeida for, og for vår del gjennomføra eit rusfritt organisasjonsliv. RV krev eit differensiert tilbod til ungdom med stoffproblem, både tilbod utanfor institusjon og ei rask utbygging av små kollektive bu- og arbeidseiningar. Vi krev at staten legg fram ein plan for utbygging av hjelpetilbodet, med målsettingar og tidsfristar.
Rettstryggleiken til stoffmisbrukarane må styrkjast.
Kultur og media
RV ser ikkje på kunst og kultur som luksus, men som noko livsnødvendig for menneska og samfunnet. Kunsten og kulturen er med å gje vidare frå generasjon til generasjon både kunnskap og sosiale verdiar, og dei gjev folket og nasjonen identitet. Dette synet står i skarp motsetnad til det som har vore grunngjevinga for å skjera ned på kulturbudsjetta dei siste åra: ideen om at kultur-arbeidarane og kulturinstitusjonane må syta for større eigenandelar. Den profesjonelle kunsten må styrkjast på alle område.
Staten må ha hovudansvaret for finansiering av kulturlivet, og ikkje leggja det økonomiske ansvaret på kommunane og fylkeskommunane. RV stør kravet om at minst 1% av statsbudsjettet skal gå til kunst og kultur.
Teatra i dei store byane, Operaen og regionteatra må få faste og stabile arbeidsforhold. Dei statlege løyvingane må sikra eit omfattande turnearbeid. Både teater- og verkstader for bildande kunstnarar og kunsthandverkarar må få spesielle stønadsordningar. Løyvingane til musikklivet må aukast, orkester og grupper må sikrast øvingslokale.
Krava frå kunstnarane om større bruk av arbeida deira og vederlag for det må innfriast. Yrkesaktive kunstnarar må få ei garantert minsteinntekt. Kulturmidla må i hovudsak kanaliserast direkte til kunstnarane og kunnstnarstyrte organisasjonar.
Statlege avgifter på kulturprodukt må disponerast av dei som har rettane, ikkje verta forvalta av staten. For at kunsten og kulturen skal nå fram og kunne brukast av folk, må kulturformidlingsinstitusjonane som Rikskonsertane, Riksteatret, Norsk forfattersenter, lokale kunstsentra og musea rustast kraftig opp.
Løyvingane til biblioteka må aukast kraftig. RV går mot alle forsøk på å innføra avgifter på bibliotektenester og dermed bryta det demokratiske prinsippet om fri og lik tilgang til kultur, kunnskap og informasjon.
Staten må gje den folkelege kulturen og amatørkulturen betre vilkår. Den samiske kulturen og innvandrarkulturen må prioriterast. Det same gjeld barnekulturen.
Det offentlege må ta ansvar for at arbeidarkulturen blir teke vare på, mellom anna ved å oppretta arbeidar- og industrimuseum. Den tradisjonelle arbeidarkulturen og nyare progressiv kultur må få vilkår som sikrar vekst og utfalding.
Kvinnene i kulturarven må synleggjerast, og kvinnelege kulturarbeidarar må sikrast vekst- og arbeidsvilkår.
RV forsvarar kunstnarane mot sensur som innskrenkar ytringsfridomen og tek avstand frå NRK-leiinga og mediahøgres åtak på ateistisk og radikal kultur. RV tek avstand frå åtak på samfunnskritiske program både i og utenfor NRK.
Media
RV stør arbeidet med å oppheva NRK-monopolet på sending av radio- og fjernsynsprogram, samstundes som RV stør løyvingar til NRK, som sikrar NRK ei sterk stilling i det nasjonale kulturlivet.
Nærradio- og lokalfjernsyn skal vere tillate, basert på konsesjonstildelingar og redaktøransvar.
RV er mot reklame i kringkasting.
RV vil arbeida for at Televerket skal kontrollera kabeldistribusjon av kringkasting, og at programverksemd skal vera ope for alle. RV går inn for ei landsomfattande utbygging av kabelnett for distribusjon av kabelkringkasting.
RV stør arbeidet med nordisk fjernsynssatelitt. Kunstneriske rettar og verlag må sikrast.
Kyrkje og religion
RV går inn for å skilja den norske kyrkja og staten. Dei ulike kyrkjesamfunna og religiøse organisasjonane skal fritt får driva si verksemd.
Men RV vil kjempa mot den religiøst legitimerte kvinneundertrykkinga i form av demonutdriving og i form av vald i ekteskap og samliv.
På same måte, vil vi slåss mot den religiøse undertrykkinga av homofile.
Ungdomsprogram for RV
Valaret 1985 er eit internasjonalt ungdomsår. Det er også eit internasjonalt krigs-, svolt- og kriseår. Krisar råkar folk her i landet også ungdommen. Dette merker vi mellom anna ved:
- stor arbeidsløyse blant ungdom
- dårlegare skoletilbod
- fleire sosiale taparar.
Kvifor skjer dette? For at kapitalistane skal vera konkurransedyktige er dei nødt til å rasjonalisera - bytta ut arbeidarar med ny teknologi som kan produsera billegare og raskare. Dette vil krevja mye kapital til nye investeringar. I første rekkje må denne kapitalen skaffast ved å skjera ned på løner, sosiale ytingar og ved nedskjeringar på den offentlege sektoren.
Samfunnssystemet vi lever under i dag, kapitalismen, produserer med ei målsetting: å skapa mest mogleg forteneste for borgarskapet.
Bodskapen til Raud Valallianse i denne valkampen er at vi slåss mot heile dette systemet. Vi ønskjer å erstatta det menneskefiendtlege systemet vi har i dag med eit sosialistisk samfunn, der økonomien blir styrt etter ein plan for korleis vi skal bruka samfunnsressursane. Det gjer det mogleg å ta i bruk ny teknologi til beste for alle menneske, ikkje berre nokre få. Da vert samfunnet sine fellesinteresser grunnlaget for måten vi jobbar og produserer på, ikkje ei satsing på det som i augneblinken gjev størst fortenste for einskildpersonar. Dette er det einaste alternativet i ei verd med omseggripande ressurssløsing, svolt og krig. Raud Valallianse sitt utgangspunkt for å stilla til val er å gå i spissen for den kampen ungdommen og andre må føra for å få eit rettferdig samfunnssystem, ikkje berre i Noreg, men i heile verda.
Fleire stader der ungdommen har reist rettferdige krav, har RV-representantane stått på for å fremja desse. Nettopp kombinasjonen av ungdommens kamp og uredde RV-talsmenn og kvinner har gjort det mogleg å vinna fram i ei rekkje saker. Derfor er ei stemme til RV beste hjelp til sjølvhjelp.
Kamp mot ungdomsarbeidsløysa
Arbeidsløysa råkar ungdommen særleg hardt. Mange går rett frå skole eller militæret og ut i arbeidsløysa utan ein gong å ha rett til ei trygd å leva av. Opprettinga av mellombelse skoleplassar og arbeidsmarknadstiltak er ei tilsløring av den reelle arbeidsløysa og inga framtid å by folk. RV meiner at dette ikkje kan løysast innanfor det kapitalistiske systemet. Men vi vil i den daglege kampen slåss for:
- Alle arbeidslause skal ha rett til dagpengar så lenge dei er arbeidslause
- bort med 80-vekersregelen
- Sysselsettingstiltak må gjerast om til faste stillingar med tariffløn
- Dagpengar skal utgjera 90% av tidlegare inntekt
- Om ein har hatt inntekt før, skal 3 x grunnbeløpet i folketrygda brukast som
utrekningsgrunnlag
- Innfør 6 timars dagen med full lønskompensasjon.
Kjemp for ei utdanning som er verdt noko
Kapitalistane treng utdanna arbeidskraft, men det skal koste dei minst mogleg. Derfor vert det skore ned på løyvingane, og liner og skoleslag blir slått saman. Dette er å bruka skolen som ein oppbevaringsplass for delar av ungdommen, og på denne måten løyna ungdomsarbeidsløysa. RV vil slåss for kunnskap i skolen og mot nedskjeringar og åtak på fagutdanninga. Folk må ha kunnskap for å møta den nye teknologien og for å kunna styra morgondagens samfunn. Raud Valallianse går mot ei utvikling med fleire valfag der reiskapsfaga i den vidaregåande skolen blir svekka. Samstundes har den økonomiske situasjonen for ungdom under utdanning forverra seg. Månadssatsane til Lånekassa dekkjer ein stadig mindre del av dei faktiske utgiftene ungdom under utdanning har. Rentefoten på lån har auka, tilbakebetalingstida er vorte stuttare og stipendet er skore ned. RV vil kjempa for all ungdoms rett til å få kunnskap gjennom utdanning.
- Alle må få rett til 12 års skolegang
- Ja til ein skole som legg større vekt på reiskapsfaga på allmennfagleg og praktiskfaga
på yrkesfagleg
- Alle må få høve til å fullføra påbyrja utdanning fram til fagbrev eller slutteksamen
- Elevtalet pr. klasse må setjast til 12 i yrkesfag og 20 i allmennfag
- Lik rett til utdanning er statens ansvar
- Nei til snikinnføring av skolepengar i form av "papirpengar", eigenandel på
skoleskyss, materialavgift, eksamensgebyr o.l
- Rentefrie studielån hev - stipendet
- Opprett fleire lærlingeplassar, bedrifter med over 3 fagarbeidarar må i lovs form
påleggjast å ta inn lærlingar
- Satsane til Lånekassa må dekkja dei reelle utgiftene med å ta utdanning
- Ungdom over 18 år må få stønad i Lånekassa uavhengig av foreldreøkonomien
- Fleire studieplassar på universitet og høgskolar - nei til stenging.
- Fleire fag må føra fram til fagbrev
Fritidstilbod
Nedskjering i offentlege utgifter har alltid ramma ungdommen hardt. RV vil føra kamp for at ungdommen skal ha skikkelege fritidstilbod. Kommunane må påleggjast og få økonomi til å driva fritidsklubbar og ungdomshus. Ungdommen må sikrast reell innverknad på desse stadene. Stat og kommune må også ta økonomisk ansvar for idrettsanlegg, treningslokale og stønad til å driva idrettsklubbar. Folk må få høve til å driva sport og kulturaktivitetar utan å bruka tid og krefter til å jakta på sponsoravtaler. Å rusa seg ned løyser ikkje problema til folk, men forverrar dei. Ungdom skal sjølv reisa kamp mot rusbruk og skapa eigne rusfrie miljø.
- Slå attende hasjen
- Større løyvingar til kulturformål
- Gratis lokale til amatørband, teatergrupper i alle kommunar
- Alle kommunar pliktar å drive fritidsklubbar
- Styrking av idrettsrørsla er statens ansvar
- Auka løyvingar til dei friviljuge ungdomsorganisasjonane.
Jenter
Jenter vert systematisk opplærte til å sjå på seg sjølve som mindreverdige i forhold til gutar, og møter større problem enn gutar når dei skal velja og gjennomføra ei utdanning. Forholda må leggjast til rette for at jentene skal få same rettar og ikkje bli eit B-lag på arbeidsmarkanden. RV vil fjerna reglane om at jentene ikkje kan gjennomgå vanleg førstegongsteneste. Verneplikt er ikkje berre ei plikt, men også ein rett til våpenopplæring, til å frigjera seg frå rolla som passivt offer i tilfelle krig. Pornografi er eit uttrykk for ekstrem foreakt for jenter og ei lærebok i vald, incest og mishandling. Jenter vert framstilt som salsvare til alle menn. RV er ein forkjempar mot porno og vil halda fram å kjempa mot undertrykkinga av jenter mellom anna gjennom desse krava:
- Forby porno - ja til erotikk
- Styrk seksualopplysinga i grunnskolen
- Radikal kjønnskvotering av kvinner:
- i utdanning på typiske "guteliner" på yrkesskolen
- i fagopplæring i arbeidslivet
- i mannsdominerte yrke.
- Typiske "jenteliner" må inn under Lov om fagopplæring og føra fram til fagbrev.
- Nei til kjønnsdiskriminerande lærebøker
- Gratis barnehageplassar til barn med foreldre under utdanning.
Soldatane sine interesser
RV går inn for eit sterkt og uavhengig forsvar. Det tyder mellom anna ei omlegging av den nåverande forsvarsstrategien og verneplikt for kvinner. Det tener derfor korkje soldatane eller forsvaret av landet at soldatane lever under dårlege sosiale kår. Eit sterkt forsvar kan berre byggjast på medvetne soldatar. Diskusjon om forsvars- og tryggingspolitikk i tenesta er ein føresetnad for dette. Forsvaret har også ei anna side, det har opp gjennom historia vore sett inn for å støtta herskarklassa mot til dømes streikande arbeidarar. RV vil gå sterkt mot at dei militære styrkane i landet vert sett inn mot folket. RV krev derfor at det i Grunnlova må takast inn eit forbod mot å bruka soldatar og forsvarsressursane i indre konfliktar i Noreg.
RV krev fri politisk verksemd i forsvaret. Soldatar som vert arbeidslause etter dimmisjon må sikrast dagpengegrunnlag på minst 3 x grunnbeløpet i folketrygda.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10147. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.