Valgprogram · 1973
PROGRAM FOR STORTINGSPERIODEN 1973-77
Kristelig Folkeparti · 14 122 ord
«bompenger» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
PROGRAM FOR STORTINGSPERIODEN
1973 - 77
(NYNORSK)
KRISTELIG FOLKEPARTI
Samling om verdiar
Programmet er omsett frå bokmål av KJELL BONDEVIK
GRUNNEN VI BYGGJER PÅ
Hyrdesteinen i vårt verdigrunnlag er trua på Gud som skapar av mennesket
og Herre over universet.
Alle menneske har ukrenkjeleg verdi. Dette kristne synet på menneskeverdet er retningsgjevande for vår politikk. Guds omsorg for mennesket er total og femner om heile tilværet.
Gud har gjeve sine lover for livet. Desse lovene fortel oss om ei etisk målsetjing for vårt tilhøve til medmenneske, til familien, til fedrelandet og til det internasjonale samfunnet. Materielle goder kan ikkje koma som vederlag
for dei skadane ein gjer folkesamfunnet dersom folk og individ løyser seg
frå Guds lover og ordningar.
Kristendomen har vist seg å vera den sterkaste moralskapande kraft som historia kjenner. Difor må han førast vidare som eit levande tilbod til borna våre.
HOVUDOPPGÅVENE
Vi vil arbeida for at dei åndelege, kulturelle og materielle ressursar vert forvalta i samsvar med dei grunnleggjande kristne ideane. Vi vil byggja eit fellesskap der samfunnsgoda er bytte rettvist, og der kvart menneske kan få leva eit rikt og meinigsfylt liv utan omsyn til yrke, sosial bakgrunn eller personleg utrustning. Vårt samfunn er eit velferdssamfunn der mange lever i ovnøgd. Samstundes møter vi ei verd i naud. Folke-eksplosjonen, sviktande livnæringsgrunnlag, sosial naud, økonomiske og politiske problem i den tredje verda gjeld oss alle. Vi vil arbeida for ein sosial rettferds- og utjamningspolitikk somserleg må koma utviklingslanda til gode. Midt i vår eigen velstand strider mange med ei kjensle av meiningsløyse og resignasjon. Det kjennest vanskeleg å finna fotfeste i eit samfunn som m.a. er merkt av folkeflytting, miljøuroing, åndeleg likesæle og moraloppløysing.
I denne situasjonen er det ei sentral oppgåve at menneska kan finna fram til og halda fast på kristen tru og moral.
Utviklinga i forminga av samfunnet må ikkje blindt finna sitt eige spor. Gjennom politiske rådgjerder vil vi arbeida medvite for å styra det som skjer.
Ut frå vårt grunnsyn vil vi arbeida etter desse hovudprinsippa :
1. Kristen tru og moral må som før forma samfunnet vårt. Den kristne oppsedinga i heim, skole og kyrkjelyd har difor sitt største verd. Vi vil ei ansvarsmobilisering mot dei nedbrytande kreftene.
2. Vi vil arbeida for ei ansvarleg forvaltning av ressursane, arbeida for ei meir rettvis fordeling av samfunnsgoda, for full sysselsetjing og menneskeleg trivnad. Ein må nytta ressursane med tanke på det globale ansvaret vi har som forvaltarar av Guds skaparverk til beste for komande ætter. I den økonomiske politikken må vokstermålsetjinga også retta seg etter dei prioriterte distriktsmessige, miljømessige og økologiske omsyn. Det sosialpolitiske reformarbeidet må halda fram serleg med tanke på å hindra sosial naud og mistilpassing og å hjelpa grupper som framleis ligg etter i velferdsutviklinga.
3. Målet for utanrikspolitikken vår må vera aktivt vern om freden ved å fremja positivt samarbeid mellom nasjonane. Avspanings- og nedvæpningsspørsmål må ein difor leggja større vekt på. Folket vårt må vekkjast, så det betre skjønar den medmenneskelege skyldnaden vi har når det gjeld den fattige delen av verda. Vi må vera viljuge til å dela meir av våre gode med folk i andre land.
VÅRT FOLKESTYRE
Kristeleg Folkeparti meiner at den demokratiske samfunnsforma gjev best høve til å setja i verk grunnverdiane i ein kristen idepolitikk. Difor er det ei viktig oppgåve å styrkja og byggja ut demokratiet og dei organa det stør seg på.
Ei slik oppgåve kan ein berre løysa når visse moralske kvalitetar finst i folket: ærlegdom, samarbeidsvilje, ansvarskjensle og toleranse. Kristeleg Folkeparti meiner at kristendomen best kan fostra slike eigenskapar. Difor er samanhengen mellom folkestyre og kristendom uløysande.
I samsvar med det kristne menneskesynet må kvart menneske få så stor fridom som mogleg til å forma sitt eige liv og sitt livsmiljø under ansvar for seg og sine medmenneske. Ein må verna mindretalsretten.
Mange menneske synest demokratiet er lite meiningsfylt fordi fråstandet er for stort til den politiske avgjerdsprosessen. Det er difor ei viktig oppgåve å betra kontakten mellom dei offentlege organa og borgarane, og like eins å skapa ein betre balanse mellom ekspertorgana og folkevalde organ.
Kr.F. går inn for:
· vidare utbygging av den offentlege rådgjevings- og informasjonstenasta. styrking av det kommunale sjølvstyrets m.a. ved at dei økonomisk veike kommunane får høve til å disponera fritt over ein større del av innkomene sine.
· ein betre balanse i representasjonen av kvinner og menn på alle plan i det direkte val til fylkesting. Ein må finna ei ordning som gjev partia ein representasjon som svarar til den reelle styrken. Omsynet til god geografisk fordeling ordnar ein spesielt ved utjamningsmandat. Så langt råd er, må alle komunane verta representerte.
· endringa av vallova, slik at dei einskilde partia får den representasjonen som svarar til røystetalet. Det må skipast ei ordning med utjamningsmandat på riksplan for å skaffa ei mest mogleg rettvis mandatfordeling på Stortinget.
· at makta til dei folkevalde organa ikkje vert undergraven av ei vidfemnande fullmaktslovgjeving.
· å greia ut spørsmålet om å innføra folkerøyting og oppløysingsrett som faste lekkar i vår konstitusjon.
· utvikling av nærdemokratiet, m.a. ved høve til å skipa bydels- og grendeutval. Det må verta høve til å lata desse utvala få uttalerett og avgrensa avgjerdsrett i saker som stort sett gjeld dei som bur i dette nærområdet.
SAMFUNNSPLANLEGGING
Busetjings-, økonomi- og næringsstrukturen skifter stadig i dag. Kristeleg Folkeparti meiner difor at det er viktig å styrkja og byggja ut ei koordinert samfunnsplanlegging. Ei slik planlegging er ein viktig lekk i arbeidet med å styra utviklinga politisk. Prognosane må ikkje verta meir enn ei hjelperåd i dette arbeidet. Vi går inn for ein balansert økonomisk vokster med auka trivnad, vern om eit menneskeleg livsmiljø og ansvarleg forvaltning av naturressursane som viktige mål.
Kr.F. går inn for:
· styrking av kontrollen frå dei folkevalde og innverknad på planleggjarane. Hovudrammene for den framtidige utbygginga av landet bør Stortinget dra opp. Arbeid og mandat for viktige utgreiingskomitear bør ein leggja fram for Stortinget.
· desentralisering av forvaltningsprosessen. Dette krev styrkingav kommune- og fylkesadministrasjonen og avlasting av sentraladministrasjonen.
· betre geografisk, fagleg og folkevald fordeling når ein vel utgreiingsutval.
· Sterkare verkemiddel for å hindra reduksjon av folketalet i regionar som til no har hatt nettoutflytting. Ein bør difor og satsa på utbygging av etter måten mindre sentra.
· Ein må prøva å halda oppe det samla arealet av dyrka mark. Dyrkande mark må vernast.
· Bedriftsøkonomiske lønsemdkriteria må ikkje avgjera den framtidige transportpolitikken, av omsyn til dei positive verknadene som gode kommunikasjonar har for distrikta.
· Staten må ikkje stø flytting frå eit veikt utbygt område til pressområde utan at tungtvegande grunnar talar for det.
Utanrikspolitikk og fredsarbeid
Utanrikspolitikken vår må vera aktivt fredsarbeid. Kristeleg Folkeparti har som mål at Noreg skal vera med på å tena eit positivt verdsfellesskap av alle nasjonar. Alle einskildtiltak innan utviklingshjelp, handel, forsvar m.m. må ein vurdera i dette perspektivet. Samarbeidet mellom nasjonane må ha som føremål å få bort angest, mistillit og undertrykking og hjelpa til med å skapa eit tillitsfullt og fredeleg samarbeid.
Noreg må føra vidare sin utanriks- og tryggingspolitikk med forankring i Dei sameinte Nasjonane innan ramma av vår tilslutnad til Atlanterhavspakta og i samsvar med våre internasjonale plikter elles.
Vi må taka vare på våre tryggingspolitiske interesser ved å stø opp om avspaningstiltak mellom supermaktene og streva etter å få til eit tilfredsstillande ymsesidig aust/vest samarbeid i Europa. Fred er noko meir enn fråvære av krig. Fredsarbeid må og vera arbeid for å få bort årsakene til krig, fattigdom og undertrykking, utryggleik og prestisjetenking m.m.
Utviklingshjelpa
Klufta mellom rike og fattige land aukar. Dette krev ei sterkare opptrapping av hjelpa til dei fattige landa. Den kristne brorskapstanken krev aktiv medverknad på dette feltet. Gjennom misjonsarbeidet har Noreg lange og rike tradisjonar i hjelpearbeidet for utviklingslanda. Ein må leggja betre til rette formene for stønad gjennom misjons- og andre private organisasjonar.
Det er heilt avgjerande at utviklingslanda i framtida får ei mykje betre stilling på verdsmarknaden. Handelspolitiske lettar og betre råvareprisar er nykleord i denne samanhengen.
Kr.F. går inn for:
· at Noreg innan 1978 yter 1 % av brutto nasjonalproduktet i offentlege overføringar til utviklingslanda. Ein må syta for at hjelpa vert nytta så rasjonelt og effektivt som råd er, og at ho i hovudsaka går til land som fører ein utviklingsfremjande politikk.
· at Noreg går føre i arbeidet for å få til ei sanering av den gjeld utviklingslanda har til industrilanda. at ein tek sikte på å utvikla dei menneskelege ressursane i utviklingslanda og at undervisninga, spesielt den praktiske, får sers høg prioritet.
· Sterk stønad til sosiale og humanitære tiltak i utviklingslanda. Misjonsselskapa og andre private organisasjonar har lang røynsle og innsyn som ein må ta i bruk ved at løyvingane vert kanaliserte gjennom desse organa i den mon dei sjølv ynskjer det. Ein må kunna bruka hjelpa både til investering og drift.
· Ein bør gje statsgaranti til prosjekt i utviklingsland, så sant prosjekta er klårt utviklingsfremjande. Overskot på norsk verksemd i utviklingsland må ikkje skattleggjast dersom det vert re - investert.
· Noreg må i sterkare grad yta fagleg hjelp til utviklingslanda.
· Gjennom internasjonale organ må Noreg arbeida aktivt for å få demokratisk kontroll med dei fleirnasjonale konserna.
· at ein gjev tollpreferansar for varer frå utviklingslanda, slik at desse landa får gode og stabile råvareprisar.
· at stønad til familieplanlegging berre bør koma på tale der planlegginga er ein integrert del av ei utvida helse- og sosialteneste, og der ein tek høveleg omsyn til dei kulturelle, religiøse og sosiale tilhøva i det einskilde utviklingslandet.
· at ein skipar nasjonale og internasjonale krisefond som kan gjehjelp på timen ved akutte naudsituasjonar i utviklingslanda.
· at ein kan gje humanitær og anna form for økonomisk hjelp til dei frigjeringsrørslene som strider for nasjonal frigjering for folket sitt. Men ein må avgrensa slik hjelp mot rørsler som strider for innføring av totalitære styreformer eller som ikkje har brei og allmenn stønad i folket. Stønad som gjeld våpen eller finansiering av væpna kamp fell utanom ramma av norsk utviklingshjelp.
· Intensivert opplysningsarbeid om utviklingsland og utviklingshjelp. Skolen, vaksenopplæringa og undervisningsstellet elles må ein her via mykje større merksemd.
Internasjonalt samarbeid
Skal norsk utanrikspolitikk verta fredsskapande, må landet vårt i samsvar med sin kristne kulturelle bakgrunn og sine demokratiske tradisjonar søkja internasjonale samarbeids- og kontaktformer på eit mest mogleg breitt grunnlag.
KrF. går inn for:
· at Noreg arbeider aktivt for at menneskerettane vert fylgde i alle delar av verda.
· at Noreg arbeider for å styrkja S.N. politisk og økonomisk, slik at organisasjonen kan verta eit effektivt fredsskapande instrument, og at Noreg er budd på å stella militære styrkar til rådvelde for fredsskapande aksjonar i SN-regi.
· at konfliktar vert løyste ved tingingar. Noreg må arbeida aktivt for ymsesidig kontrollert nedvæpning og for stogg i alle prøver med kjernefysiske våpen.
· at det både i NATO og i andre organ vert sett i verk meir effektive tiltak for å føra innatt demokrati i Hellas og Tyrkia og få slutt på Portugals koloniherredøme over dei afrikanske eigedomane.
· at ein brukar politisk press mot dei nasjonane som driv religionsforfylging og rasediskriminering.
· at vår utanriks- og tryggingspolitikk framleis må vera fast forankra i det vestlege samarbeidet.
· Noreg held på medlemskapen i EFTA.
· at den nogjeldande § 93 i Grunnlova, som krev 3/4 fleirtal i Stortinget, skal nyttast ved vidfemnande overføring av makt til internasjonale organisasjonar.
· at det handelspolitiske samarbeidet med EF skal vera ordna ved ein handelsavtale.
· at vi og står opne for samarbeid med Dei europeiske fellesskap på andre område enn berre det handelspolitiske.
Samarbeid i Norden
Vi må halda på det nordiske samarbeidet og føra det vidare. Trass i ulik tilknytingsform til EF vil samarbeidet mellom dei nordiske landa kunna førast vidare på viktige område.
Kr.F. går inn for:
· å gjera det mogleg å utvida samarbeidet ved å styrkja det organisasjonsmessige og parlamentariske samarbeidet under Nordisk Råd.
· at strevet for lovharmonisering i Norden ikkje må føra til lover som bryt med kristne normer, t.d. når det gjeld ekteskaps- og abortlovgjeving.
Forsvaret
Noreg må framleis basera tryggingspolitikken sin på medlemskap i NATO. Innan ramma av NATO-samarbeidet må landet vårt arbeida aktivt for avspaning, våpningskontroll, nedvæpning og utvikling av demokratiet.
Kr.F. går inn for:
· at forsvaret vårt må haldast oppe som eit naudsynt vern om fridomen og sjølvstendet.
· at Noreg held på medlemskapen i NATO, men vi må arbeida aktivt for å få til meir verdsfemnande tryggingsordningar som kan koma i staden for det regionale forsvaret vi no har.
· Forbodet mot stasjonering av atomvåpen på norsk område i fredstid står ved lag.
· Arbeidskrafta i dei militære styrkane må nyttast betre. Auka rasjonalisering innan forsvaret, så løyvingane kan få større effekt.
· Vern om samvitsfridomen for alle som av religiøse og etiske grunnar ikkje kan gjera militærteneste.
· at teneste i ein fastsett periode i eit utviklingsland vert godkjend som fullverdig verneplikt for kvalifisert personell.
· ein greier ut spørsmålet om fleire fredsrelevante former for verneplikt.
· Ved tildeling av velferdsmidlar skal dei militære tenestepliktige og dei sivile tenestepliktige stå likt.
· I fredstid må forsvaret få den best moglege kontakt med dei stadlege og sivile styremaktene for å løysa sams oppgåver.
Kyrkje og kristenliv
Den norske kyrkja, kyrkjesamfunn og kyrkjelydar elles og dei friviljuge kristelege organisasjonane gjer ein innsats av grunnleggjande verd for folket vårt gjennom forkynning, sjelesorg, skoleverksemd og sosialt arbeid. Det er viktig at dette arbeidet får gode og frie arbeidsvilkår.
Kr.F. går inn for:
· Statskyrkjeordninga bør halda fram så lenge kyrkja sjølv finn at ho er tenleg. Ved revisjon av ordninga må fråsegner frå dei kyrkjelege organa og frå dei frie organisasjonane innan Den norske kyrkja vega tyngst.
· Ein må byggja vidare ut det indre sjølvstyret i Den norske kyrkja. Ein må betra arbeidstilhøva for dei kyrkjelege organa.
· Dei statlege løyvingane til Den norske kyrkja og til frikyrkjesamfunna må auka minst like mykje som statsbudsjettet elles.
· Fellesrådet for bispedømeråda (Kyrkjerådet) og Noregs Frikyrkjeråd må få til disposisjon dei pengane som er naudsynlege til arbeidet.
· Ein sikrar eksistensen til Menighetsfakultetet ved å gje stor nok og fast stønad frå Staten.
· Ein må bøta på prestemangelen, t.d. ved å opna ymse tenester i kyrkja for lekfolk.
· Prestar og kyrkjelydar må få naudsynt kontorhjelp.
· Store kyrkjelydar må delast og nye kyrkjer byggjast så snøgt som råd er, i samsvar med folkeflytting og auke i folketalet.
· Vi må få ei fast statleg tilskotsordning for kyrkjebygg. Arbeidskyrkjer og økonomisk rimelege prosjekt må prioriterast.
· Den kyrkjelege tenesta for nordmenn i utlandet må byggjast vidare ut. Det vert gjeve tilskot til presteteneste for norske studentar i utlandet og full dekking over statsbudsjettet for lønene til sjømannsprestane.
· Det vert skipa lovfeste stillingar for diakonar i kyrkja.
· Det vert skipa fleire kateketstillingar. Ein byggjer ut utdanningstilbodet for kateketar og andre kyrkjelydarbeidarar, m a. ved økonomisk stønad til praktikumkurs.
· Prestegardar og andre kyrkjelege eigedomar vert disponerte slik at dei meir tener kyrkjelege føremål.
· I all arealplanlegging vert sett av naudsynleg tomtegrunn til kyrkje- og forsamlingslokale.
· Kommunale løyvingar til stønad for konfirmantopplæringa bør få statsrefusjon.
· Ein må styrkja vyrdnaden for helgedagslovgjevinga.
Utdanning og forskning
Skoleverket og universiteta i landet vårt har djupe røter i nasjonale tradisjonar og kristen kultur. Utdanninga og opplæringa må og i framtida byggja på det allment godkjende verdigrunnlaget: kristen tru og moral, dei demokratiske ideane og vitskapleg resultat og tenkjemåte. Dette gjev den einskilde utveg til menneskeleg vokster og eit meir meiningsfylt liv. Ein må tryggja åndsfridom og toleranse, m.a. ved å gje einskildheimane fridom til å velja undervisningstilbod og oppseding i samsvar med sitt livssyn. Frie utdanningsinstitusjonar og private skolar må difor sikrast eit reelt eksistensgrunnlag.
Ein må verna fridomen til individet, m.a. på den måten at den einskilde får høve til å velja utdanning utan omsyn til bustad, økonomi og tronge yrkesbehovskalkylar.
Kravet om effektivitet i vårt industrialiserte samfunn må ikkje verta så sterkt at det skapar store kvalitative skiljeliner. Gjennom skolepolitikk og økonomisk politikk må ein målmedvite motarbeida desse tendensane.
Grunnskolen
Den norske skolen har ei kristen målsetjing. KristelegFolkeparti vil gå inn for at denne målsetjinga og må realiserast i den praktiske skolekvardagen. Samstundes er det naudsynt at foreldre får høve til større innverknad på skolen. Dette er naturleg fordi auka skoletid fører med seg at skolen tek over meir av oppgåvene til heimen. For å få den best moglege utnytting av ressursane og auka utvegen til å løysa dei pedagogiske og sosiale oppgåvene som skolen etter kvart får, er det naudsynt å desentralisera avgjerdsmakta monaleg. Det er den einskilde skolen, kommunen og fylkeskommunen som møter oppgåvene og som mest realistisk kan vurdera korleis ein på lokalt hald kan løysa desse oppgåvene. Difor bør ein lata dei lokale instansane i større mon disponera ressursane.
Kr.F. går inn for:
· å desentralisera avgjerdsmakta i skoleverket.
· Sterkare vekt på dei små skole-einingane, både på barnesteget og ungdomssteget.
· Ei ny tilskotsordning som gjev høve til friara ressursdisponering på det lokale plan.
· Meir samarbeid mellom heim, skole og kyrkje.
· å styrkja innslaget av praktiske og estetiske fag, spesielt i dei valfrie tilboda.
· å gjera det lettare å velja alternative opplæringstilbod for dei som etter fagleg tilråding vil vera tente med det.
· tyrking av det pedagogiske og psykologisk/medisinske servicetilbodet i skolen.
· Lettare høve til å verta friteken for 9. skoleåret, i serhøve også for 8. for å skaffa seg yrkesutdanning eller gå ut i arbeidslivet.
· Ein prøver å auke trivnaden og motverka disiplinkrisen i grunnskolen ved
pedagogiske og administrative tiltak.
· Vurdering av spørsmålet om mindre klasse-einingar.
· Styrking av klasselærarfunksjonen i ungdomsskolen.
· Styrking av kristendomsfaget, ein tek sikte på skipa stillingar som fagrettleiarar.
Vidaregåande skolar
All ungdom bør få eit reelt tilbod om treårig vidaregåande skolegang etter grunnskolen. Ein legg avgjerande vekt på å finna eit skolemønster som gjer det mogleg å desentraliseraskoletilbodet, slik at flest mogleg kan få dette tilbodet i sitt lokale miljø. Skal skoleutbygginga mest mogleg vera i samsvar med føresetnadene og behovet i lokalsamfunnet, bør fylkeskommunen ha avgjerdsmakt når det gjeld lokalisering av offentlege skolar.
Kr.F. går inn for:
· Utbygging av dei vidaregåande skolane etter ei sams lov, slik at all ungdom får høve til tre års vidaregåande skole etter grunnskolen.
· at kristendomsundervisninga høyrer med i alle fagkombinasjonar.
· at det vert høve til supplerande valtilbod innan religion/etikk/ filosofi.
· gjennom forsøksverksemd i det nye gymnaset å utvikla eit differensiert utdanningstilbod som svarar til dei ulike evner og interesser hjå elevane.
· at elevar med nynorsk får eit læreboktilbod på line med bokmålselevane, til same tid og til same pris.
· å skipa ei tilskotsordning for meistrar som er viljuge til å skriva lærekontrakt med ungdom som vel denne form for utdanning.
Undervisning av funksjonshemma
Dei funksjonshemma har rett til undervisning, handsaming og kulturtilbod som andre born og unge. Undervisnings- og handsamingstilbod for funksjonshemma må difor så langt råd er gå for seg i den skolen som borna soknar til på kvart alderssteg.
Kr.F. går inn for:
· å gje utbygging av spesialpedagogiske tiltak høg prioritet.
· å byggja ut grunnskolen og den vidaregåande skolen slik at og funksjonshemma born så langt råd er kan få eit tilbod i sitt lokalmiljø.
Private skolar
Ut frå det prinsipielle synet på foeldreretten og toleransen går
Kr.F. går inn for:
· å sikra dei private utdanningsinstitusjonane ein fri og ubunden plass i utdanningssystemet, m.a. ved fast økonomisk stønad.
· å byggja ut folkehøgskolen som eit supplement til dei vidaregåande skolane og eit aktuelt alternativ for meir vaksen ungdom.
· å opna høve for internatskolar for 16-åringer etter mønster av folkehøgskolane.
· Kristendomsfaget må få ein sterkare pedagogisk stilling, m.a. ved offentleg stønad til Norsk lærarakademi og instituttet for kristendomskunnskap ved Menighetsfakultetet.
Vaksenopplæring
Behovet for vaksenopplæring aukar stadig, m.a. som fylgje av den snøgge utviklinga i samfunnet, men og fordi dei ymse former for vaksenopplæring i stigande grad vert eit aktuelt kulturtilbod.
Kr.F. går inn for:
· utbygging av vaksenopplæring og etterutdanning for alle yrkesgrupper, ikkje minst gjennom radio og fjernsyn.
· at både vaksenopplæring som gjev kompetanse og vaksenopplæring som ikkje gjev kompetanse, vert sikra eit økonomisk grunnlag gjennom ei vaksenopplæringslov.
· at dei ymse former for vaksenopplæring får disponera skolelokale og bibliotek.
Lærarutdanning
Det er heilt avgjerande for skolen at lærarutdanninga er god. Når ein byggjer ut skoleverket, er det difor naturleg at lærarutdanninga får høg prioritet. Samstundes er det av største verd at lærarutdanningsinstitusjonane både i faglege opplegg og i miljøsamanheng har nær kontakt med den skolen dei utdannar lærarar for.
Kr.F. går inn for:
· at lærarskolen får status og arbeidsvilkår som høgskole.
· at lærarskolen kjem aktivt med i forsøksverksemda og det pedagogiske utviklingsarbeidet i skolen.
· at førskolelærarutdanninga vert bygd ut og koordinert med den vanlege lærarutdanninga.
· at private lærarutdanningsinstitusjonar får eit reelt eksistensgrunnlag.
· at ein byggjer ut yrkeslærarutdanninga i stort nok omfang.
· at lærarskolane etter kvart tek opp elevar frå ein meir differensiert vidaregåande skole, også elevar med meir praktisk bakgrunn. Ein legg vekt på personlege eigenskapar, utdanning og røynsle i praktiske og estetiske fag ved sida av intellektuelle eigenskapar.
Universitetsutdanning og forskning
Ein byggjer ut universitets- og høgskoleutdanninga slik at dei som har bruk for vidaregåande studiar, får godt høve til dette. Det er naudsynt med ein kontinuerleg analyse av behovet for fagleg ekspertise på dei ulike områda i samfunnet og ei stimulering til slik utdanning så ein dekkjer behovet.
Fordelinga av forskningsmidla må ta sikte på ein rimeleg balanse mellom
nytteforskning og rein forskning.
Kr.F. går inn for:
· Utbygginga av dei fire universiteta må gå så snøgt som råd er, serleg dei utanfor Oslo.
· Vidare utbygging av distriktshøgskolesystemet, m.a. med tanke på å avlasta universiteta.
· Koordinering av den høgre undervisninga, i distrikta og i landet under eitt.
· Utbygging av ein distriktshøgskole i Finnmark og i Sogn og Fjordane. at utdanninsinstitusjonane rår over ein større del av driftsmidla til etterutdanning av ulik lengd.
· at det vert arbeidt ut ein langsiktig plan for forskningsinnsatsen i landet vårt.
· at ein byggjar ut forskaropplæringa ved dei høgre lærestadene.
· at ein legg betre til rette høvet for tverrfagleg forskning.
· at ein legg større vekt på forskning som hjelpemiddel i samfunnsplanlegginga.
· at ein gjev mykje betre vilkår for forskning med tanke på behovet i kommunar og næringsliv.
· at ein byggjer ut informasjons- og dokumentasjonstenesta ved universitet og høgskolar.
· at all ungdom under utdanning får fullgod økonomisk stønad til å gjennomføra studia sine.
Kunst og kultur
I omgrepet kultur legg vi alt som kan gjera livet rikare i åndeleg og estetisk meining. Kr.F. ser på dei ymse ytringsformene i kulturlivet som lekkar i ein oppsedingsinnsats i vidaste meining. Difor bør dei positive livsverdiar som vi vil fremja gjennom kyrkje, heim og skole, og vera grunnlaget for den påverknaden av folket som fylgjer av innsatsen på alle område av kulturlivet. Dette gjeld spesielt dei kristne og demokratiske grunnverdiane og vår nasjonale kulturarv. Nedbrytande krefter må ikkje få falda seg ut i offentleg regi.
Men alt kulturarbeid har og sitt store verd i seg sjølv, som hjelp til å setja i verk det som bur i menneska, og vekkja dei til medvit om eigeverdet. Engasjement, skaparglede og sjølvstende er viktige lekkar i all kulturbyggjande innsats. Vi vil difor prioritera kunst- og kulturverksemd som gjer det mogleg for alle å vera med, og som verkar aktiviserande på den einskilde.
Kr.F. går inn for:
· Ein må i større grad desentralisera kulturinstitusjonane.
· Ein må sjå kulturtilboda under eitt for kvart område og for kvar stad. Ut frå dei lokale førsetnadene må ein stimulera til kulturplanar og til desentralisert kulturaktivitet.
· Ein må stø kulturutval på fylkes-, region- og lokalplanet.
· Kulturytingar av høg kvalitet må verta tilgjengelege for alle i landet, ved hjelp av overføringar i Kringkastinga, ved landsdelteater og landsdelorkester, ved turneverksemd både frå sentrale og regionale kulturinstitusjonar. Denne turneverksemda må i størst mogleg grad leggjast opp slik at ho får med, og stimulerar dei lokale kulturkreftene av ymse slag.
· Kunstnarar og andre kulturarbeidarar må få betre arbeidsvilkår og stipendordningar. Intensivering av mediaforskninga. Spesielt greier ein ut den verknaden massemedia har på born og unge, med tanke på høvelege tiltak som kan avgrensa eller motverka dårleg påverknad. Både gjennom skolane og på annan måte må ein læra folk til å bruka alle massemedia med kritikk.
Kringkastinga
Som landsfemnande institusjon bør NRK så langt råd er spegla av heile den nyanserte mangfeld i norsk kultur og samfunnsliv, samtidig som vi kan læra å sjå landet vårt i eit større perspektiv. NRK må ha eit spesielt ansvar for å presentera synspunkt frå dei veike samfunnsgruppene.
NRK må leggja vekt på å vera sakleg, upartisk og allsidig i programtilbodet. Lovprising av vald, krenking av religiøse verdiar og etiske normer må aldri koma på tale. Fastlegging av nærare reglar for programverksemda. Institusjonen må koma under meir demokratisk kontroll.
Kr.F. går inn for:
· NRK må få ein føremålsparagraf som m.a. slår fast ei etisk verdiorientering.
· Snøggast råd er må ein klårleggja NRK's økonomiske situasjon, ressursbruk og finansieringsmåtar i framtida. Ingen reklame i NRK. Stortinget må vedta ein heilskapsplan for utbygginga av NRK.
· Kringkastingssjef og programdirektørar vert tilsette på åremål.
· Ein set i verk prøvedrift med nærkringkastar.
· Kringkastingsrådet må få ein sterkare posisjon. Rådet må få naudsynt sekretærhjelp. Dei sakene som ein legg fram for rådet, må vera grundig gjennomarbeidde. Når programpolitikken vert fastlagd og kontroversielle spørsmål drøfte, skal rådet uttala seg, og ein legg stor vekt på dette.
· Ein skipar fleire distriktskontor i NRK, og distriktkontora vert utstyrde slik at dei kan produsera meir av radio- og TV-programma, både for riksnett og for lokalsendingar.
· God radio- og TV-dekking av heile landet før noko program 2 i radio og fjernsyn. Eit eventuelt program 2 bør serleg gjelda undervisning og vaksenopplæring.
· I større mon enn no bør det vera høve til avgrensa private radio- og TV-overføringar.
· NRK må syta for at nynorsken får den del av verbalsendingane som Stortinget har sett som mål.
Musikklivet
· Tilrettelegging av tilhøva for eit aktivt musikkliv, både profesjonelt og på amatørplan, må ha høg prioritet.
· Gode utdanningstilbod, direkte stønadstiltak og høvelege lokale er viktige lekkar i dette arbeidet. Ikkje minst må dei mange skolekorps og songkor få gode arbeidstilhøve.
· Så snøgt råd er må ein reisa eit eige musikkhøgskolebygg. Større yar må få sine konsertlokale, og i andre kommunar må ein ta omsyn til dei krav musikklivet har når ein byggjer møtelokale i kulturbygg, skolebygg o.l.
Litteratur, bibliotekstell, presse
· Dei reglane Kulturfondet har for stønad til litteraturen, bør endrast meir i den lei at ein legg vekt på kvaliteten.
· Ein bør prøva ei ordning som gjer det mogleg å knyta forfattarar og andre kunstnarar direkte til universitet, høgskolar og gymnas.
· Etter kvart som intensjonane i biblioteklova vert sette ut i livet, må biblioteka og verta senter for den regionale og lokale kulturutbygging.
· Effektivisering av bibliotektenesta ved sjukehus, institusjonar for eldre og funksjonshemma, fengsel m.m.
· Stønadstiltaka til pressa må stadig ajourførast, så ein kan halda ved lag ei differensiert presse, ikkje minst i distrikta.
Film og teater
· Den statlege stønaden til norsk film og teater og til import av film må stimulera til kunstnarleg og etisk kvalitetshøgding.
· Fjernsynsteatret, Riksteatret og etter kvart landsdelsteatra når langt fleire enn dei tradisjonelle faste teatra. Difor er det spesielt viktig at desse institusjonane har eit repertoar som er merkt av kvalitet og vyrdnad for etiske og nasjonale verdiar. Nynorsk dramatikk må få meir inngang i produksjonane til desse institusjonane.
· Filmkontrollen til Staten må haldast oppe og praksisen strammast inn.
· Ein må vera serleg varsam når det gjeld dei filmane som NRK syner fram.
Biletkunst
· Kulturutvala i fylka, saman med skolar, musé og kunstlag må gå saman om permanent utstillingsverksemd, også i turnéform.
Kulturvern, musé
Det vert utarbeidt ein landsplan for kulturvernarbeidet og museumsverksemda. Dei årlege løyvingane må auka, til ein når eit nivå som både dekkjer vernet av våre kulturminne og samstundes i stor grad tilgodeser ei aktiv nytting av faste minne og museumsting. Ein større del av midlane bør kanaliserast gjennom friviljuge organisasjonar og institusjonar som arbeider på dette området.
Samekulturen
I Noreg bur ein stor del av Europas samar. Som norske statsborgarar skal dei ha alle dei rettar og vilkår som andre nordmenn har. Men som eigen språkleg og kulturell gruppe må dei få høve til sjølv å forma ut og føra vidare dei verdfulle kulturtradisjonane sine.
Kr.F. går inn for:
· at samekulturen så langt som råd må få eksistera i levande form.
· at undervisning i samisk språk og kultur vert bygd ut på alle trinn. Yrkesskolar og andre skolar i samiske område må bli bygde ut.
· Reindriftsskolen vert flytt til indre Finnmark.
· Det må bli mogeleg å ta artium ved hjelp av samiske lærebøker. Alle turvande lærebøker i grunnskolen og vidaregåande skolar må bli omrett til samisk. Det må koma fart i arbeidet med nye lærebøker på samisk.
· Dei delane av samisk kultur som ikkje kan vidareførast i levande form må bli ført vidare til komande generasjonar gjennom samisk kunstmusé og samlingar. Kultursamlingane må liggja i samiske område.
· Samisk kultur og historie må bli obligatoriske emne i norske skolar.
· Dei samiske programma i radio og TV må få ei styrking og større breidd. Det nordiske samarbeidet, også med tanke på nærkringkasting, må førast vidare.
· Det må gjennom lærebøker og massemedia bli høve for alle til å bli betre kjent med den samiske kulturen.
· Desse tiltaka må bli gjort gjeldande for alle samar, også sørsamane, som lever isolert frå dei andre samane. Det er naudsynt med grundige studiar for også å gi desse høve til å ta vare på sitt serpreg.
· at dei samiske organisasjonane blir styrkte gjennom offentlege tilskott til arbeidet.
Heim og familie
Gode og trygge heimar er det største aktivum i samfunnet og den beste garantien for åndeleg helse i folket. Familien er eit menneskeleg fellesskap, ei økonomisk eining og ein viktig oppsedingsinstitusjon. Dei kreftene som veikjer einskilde faktorar i dette fellesskapet, veikjer heimen og heile samfunnet.
Inga anna livsform kan gje kvinne og mann og den ætta som veks opp, så gode livsvilkår som eit ansvarsmedvite, monogamt ekteskap, der kjærleik og tryggleik er hovudfaktorane. Difor ynskjer Kristeleg Folkeparti at ein skal styrkja stillinga til familien og heimen.
Kr.F. går inn for:
· undervisninga på ungdomssteget i grunnskolen og i dei høgre skolane bør i større grad enn no ta sikte på å gje elevane kunnskapar om ekteskap og familieliv på kristent grunnlag.
· familierådgjevinga må byggjast vidare ut. Det må innførast lovreglar om familierådgjeving, der kyrkjelege og offentlege rådgjevingskontor vert jamstelte, m.a. når det gjeld godkjenningsvilkår og stønad.
· utbygging av ekteskapskurs, som vert sikra gjennom offentlege stønadsordningar. Dei må gje eit allsidig tilbod med vekt på etisk forankra rettleiing i familie- og ekteskapsspørsmål.
· den innsatsen foreldra gjer i heimen, har grunnleggjande verd for heile samfunnet. Ein må difor styrkja stillinga til mor og far på den måten at flest mogleg får ei utdanning som stettar dei vidfemnande og mangesidige krav som heimen set til oppsedargjerning og forvaltning.Husmorskolane og yrkesskolane må få auka kapasitet og naudsynt utstyr for å gje ei tidhøvande undervisning, også for mannlege elevar.
· av økonomiske grunnar må det ikkje vera naudsynt at foreldre med små born båe to skal arbeida utanfor heimen. I den grad det er mogleg, må samfunnet syta for tilbod om deltidsstillingar både for menn og kvinner.
· vidare utbygging av hjelpeordningar for heimen. Husmorvikarskolane bør få auka kapasitet og utvida fagkrins.
· Arbeidet i heimen er undervurdert. Vi vil gå inn for å høgda vyrdnaden for husmoryrket ved ymse tiltak etter nøye vurdering av dei konsekvensar dette kan få både for andre grupper og for familien sjølv. Tiltak som vi vil gå inn for å få utgreitt, er t.d.
1. Fordeling av den inntekta som den eine ektemaken tener for båe, med verknad for skattlegginga og tilrekninga av pensjonspoeng.
2. Skattemessig frådragsrett for husmødrer som er heime, på line med dei som arbeider ute.
· utbygging av daginstitusjonar (førskolar) av ulik type må baserast på ei vurdering av det behov borna har for sosial tilpassing og kontakt og pedagogisk verksemd. Den pedagogiske verksemda må få same verdiforankring som grunnskolen. Private institusjonar må få slike vilkår som gjer at foreldra kan velja institusjon ubunde av økonomisk evne.
· ved planlegging av bustadstrok og industrisentra er det naudsynt å ta omsyn til det behov born og unge har for høve til utfalding og kontakt med naturen.
· nærkontakt mellom generasjonane er verdfullt. Samfunnet må gjera det mogleg med slik kontakt ved bygging av fleirgenerasjonsbustader, der dette høver, og integrering av aldersbustader i vanlege bustadmiljø.
· barnevernet må styrkjast, m.a. ved utbygging av den barne- og ungdomspsykiatriske og psykologiske ekspertise. Ein må skaffa nok opplærings- og oppsedingshøve for dei som har tilpassingsvanskar, m.a. ved tilbod om verna arbeid. Ein må satsa sterkt på observasjons- og hansamingstilbod, spesielt i poliklinikkar og i heimemiljø.
· ein må styrkja den direkte innverknaden på vareutval og varetilbod for forbrukarane.
· utbygging av ordninga med varemerking og kvalitetskontroll.
· vidare utbygging av forbrukar-rettleiinga.
· intensivert forskning og informasjon kring førebygging av ulukker i heimen.
· husmorarbeidet bør etter nærare reglar få ein viss ansiennitet i yrke som har nært samanheng med arbeidet i heimen.
· familiekunnskap må integrerast i undervisninga i dei vidaregåande skolane.
· auke av dei skattefrie frådraga som ein gjev for naudsynt hjelp i heimen når husmora arbeider ute.
Dei einslege
Dei einslege må få same høvet som vanlege huslydar til å skapa seg ein
heim.
Kr.F. går inn for:
· at ein må stetta det behov dei einslege har for tilfredsstillande bustader, på line med andre som søkjer bustad. To-romsbustader bør vera ein større og, så langt råd er, integrert del av bustadproduksjonen.
· ein må sikra tomter til bustadbyggjelag og bustadstiftingar for einslege yrkesutøvande.
· skattesystemet må justerast slik at einslege yrkesutøvarar ikkje får mindre del av velstandsutviklinga.
· Eingongsstønaden ved dødsfall må verta lik for alle.
· Når ein einsleg som heilt eller delvis forsyter ein annan nærståande slektning, fell bort, bør den som lever att, ha dei same rettane som ein som misser ektemaken sin.
· Den økonomiske og sosiale status som dei einslege har i samfunnet, må få ei brei gransking.
· Familierådgjevingskontora må og gje service til einslege. Der det trengst, må ein gje stønad til rådgjevingskontor for einslege.
Ungdomsarbeid
Etterkrigsgenerasjonane har berre opplevt Noreg som eit velferdssamfunn, i motsetning til tidlegare generasjonar som har mått strida seg gjennom fattigdom, arbeidsløyse og ufridom. Mange unge har vanskar med å finna seg til rette i eit miljø som ofte set materiell velstand og nyting i fyrste rekkje. Ungdomen leitar i vår tid ofte etter «andre verdiar». Kristeleg Folkeparti vil møta denne utbyinga med konkrete tiltak ut frå eit kristent syn på
mennesket.
Innan denne ramma må ein ta sikte på eit så breitt aktivitetstilbod som mogleg. Vi vil og leggja stor vekt på at dei ymse ungdomsaktivitetane i størst mogleg grad stimulerer til skaparglede og eigeninnsats. Kr.F. meiner at tyngdepunktet i det framtidige ungdomsarbeidet som før må liggja i organisasjonane,men ser det og som viktig å nå den laglause ungdomen.
Kr.F. går inn for:
· Større stønad til kristeleg, ideelt, humanitært og politisk ungdomsarbeid. Det må vurderast å konsentrera stønaden sterkare på regionplanet, slik at desse lekkane innan organisasjonane kan avlasta oppgåvene til sentral-lekkane.
· Intensivert leiartrening. Denne bør spesielt organisasjonane ta seg av sjølve ved sida av det vidaregåande skoleverket og under militærtenesta. Elevar og studentar må få opplæring til fridom under ansvar ved å ta aktivt del i avgjerder som gjeld dei sjølve, og ved å ta ansvar som fylgjer av dette.
· Større stønad til det internasjonale arbeidet som ungdomsorganisasjonane driv.
· Sivile tenestepliktige, med evner og anlegg for slikt arbeid, skal i større grad stå til disposisjon for det kommunale og friviljuge ungdomsarbeidet.
· Offentleg stønad til etablering av fritidssenter, der ungdom kan koma saman i rusgiftfritt miljø under ansvarleg leiing.
Utbygging av ordninga med fritidsleirar.
- Ein greier ut spørsmålet om ei allmenn samfunnsteneste for all ungdom.
Friluftsliv og idrett
Vår tid er meir enn noka anna merkt av oppjaga tempo og stress, men og av fritidsproblem, nervøsitet og fysisk forfall. Difor er det ei viktig oppgåve å stimulera til friluftsliv, trim - aktivitet og masse-idrett.
Kr.F. går inn for:
· at idrettsorganisasjonane framleis vert sikra offentleg stønad, serleg med sikte på å driva masse-idrett.
· at idrettshallar vert bygde i nær tilknytning til skolar og slik at dei og kan nyttast av skolen til den fysiske fostringa. Slike anlegg må få statleg stønad etter liknande vurderingar som for skolebygg.
· Ein fremjar utdanning av høgt kvalifiserte idrettsinstruktørar, fyrst og fremst ved Idrettshøgskolen, distriktshøgskolane og lærarskolane.
· store nok areal vert avsette til friluftsføremål og rekreasjon. Dette må verta
ein viktig del i den framtidige samfunnsplanlegginga.
Sosial tryggleik og rettferd
Ei allmenn akseptert målsetjing for sosialpolitikken har vore:
1. Å skapa trygge livsvilkår for alle som er hindra av alder, sjukdom, arbeidsløyse, uførleik o.l., så dei ikkje kan tryggja sine levekår med eige arbeid.
2. Å vera hjelp til sjølvhjelp, gripa aktivt inn for å endra vanskelege livssituasjonar og skapa nye vilkår for sjølvberging og trivnad.
Kristeleg Folkeparti finn det naudsynt å utvida denne målsetjinga. Sosialpolitiske omsyn må i større mon merkja heile samfunnsplanlegginga. Målet er å hindra tilhøve som løyser ut sosial mistilpassing, psykiske og fysiske skadar og økonomisk tronge situasjonar. Vi vil gjera det mogleg for alle å leva eit meiningsfylt liv. Ein trygg levestandard er viktig, men ikkje nok. Livsstandaren må lyftast.
Dei friviljuge organisasjonane og private institusjonane i helse- og sosialsektoren er verdfulle supplement til den offentlege innsatsen på dette omradet. Kr.F. vil sikra deira eksistensvilkår og stimulera til samarbeid og koordinering.
Sosialt reformarbeid
Det trengst ein betre koordinert og meir rasjonell organisasjon og lovgjeving i helse- og sosialomsorga. Dei folkevalde må få betre styring på sosialpolitikken, og fagfolka betre arbeidsvilkår. På fylkesplanet må ein byggja opp ein føremålstenleg administrasjon.
Kr.F. går inn for:
· revisjon av vår helse- og sosiallovgjeving med tanke på lettare sakshandsaming, betre koordinering av tenestene, styrking av samarbeidet og sterkare engasjement frå dei folkevalde.
· at sosialstyret vert engasjert på breitt grunnlag for å motverka tilhøve som skaper sosiale problem. Det får rett til å påverka viktige utbyggingsplanar.
· at den nye lovgjevinga vert slik at ho styrkjer edruskapsvernet, narkomanomsorga og barnevernet, og opnar høve for distriktssosialnemnder.
· at det mellom medlemene av sosialstyret bør vera personar med serleg innsikt i og interesse for edruskaps- og barnevernsarbeidet.
· at ein tek sikte på å skipa helse- og sosialsenter i kommunar der tilhøva ligg til rette for det, så klientane kan få meir allsidig og effektiv service. Før ein bind seg til eit endeleg system, bør ein prøva ymse former for helse- og sosialtenesta, så ein kan finna fram til meir effektive klientorienterte ordningar.
· at ein vel fylkessosialstyre som skal vera styringsorgan for det sosiale arbeidet i fylkeskommunen.
· at fylkessosialstyret skal ha eit eige lovfest underutval for edruskapsspørsmål som på fylkesplanet vert kontaktorganet for Edruskapsdirektoratet, og som skal hjelpa kommunane med råd og rettleiing i denne sektoren.
· at sosialforskning, serleg nytteforskning, vert ein naturleg del i den sosialpolitiske verksemda i samfunnet, slik at «løynleg naud» og klientskapande faktorar vert kjende og at hjelpeapparatet kan effektiviserast.
· at ein legg større vekt på å aktivisera menneske som ikkje greier seg i vårt kompliserte samfunn, t.d. ved opplærings- og omskoleringstiltak. Dei som treng økonomisk stønad for stuttare eller lengre tid, må få ein minimumsstønad som ikkje er bunden av bustadkommunen. Difor må Staten i større mon greia utgiftene til tiltak under sosialomsorgslova.
Helsetenesta
Så langt råd er, må alle lag av folket få likeverdig helsetenestetilbod. Gjennom revisjon av lovgjevinga og reformer i personellpolitikken må vi ta sikte på å byggja ut ei integrert og funksjonelt samanhangande servicekjede med akutt- og langtidssjukehus sjukeheimar/sjukehotell poliklinikkar og helseteneste utanfor sjukehus.
Kr.F. går inn for:
· ny lov om helsetenesta utanfor sjukehus (samordna med sjukehuslova), som gjev differensiert utbygging, med høve for skiping av helse- og sosialsenter av ulik storleik, som høver med dei lokale tilhøva.
· omorganisering av den sentrale helseadministrasjonen, t.d. med tanke på delegering av oppgåver til fylka og styring av den folkevalde påverknaden i alle lekkar av helsetenesta. samordna planlegging av sjukehus- og helsetenesta på fylkesplan, med vekt på desentralisert primærhelsetilbod, slik at og grisgrendte strok kan få tilfredsstillande service.
· betre utbygging av ambulansetenesta og transportutvegar ved sjukehusa og elles i helsesektoren.
· at den plass dei private organisasjonane og institusjonane har i helse- og sosialsektoren vert sikra gjennom lovgjevinga og får høve til utvikling gjennom offentleg stønad og ei fleksibel administrativ handsaming, ikkje minst med tanke på utprøving av nye og ukonvesjonelle tiltak.
· planmessig utbygging av helsearbeidet for mor og barn, i det ein held på lokalt og friviljug initiativ.
· at ein prøver å avlasta lækjarane og anna helsepersonell på den måten at dei får høve til å bruka moderne tekniske hjelperåder og ved utdanning og tilsetjing av teknisk helsepersonell.
· at kapasiteten ved utdanningsinstitusjonane for lækjarar, tannlækjarar, sjukepleiarar og anna helse- og sosialarbeidarpersonell vert vidare utvida.
· at utdanninga av sjukepleiarar vert styrkt i samsvar med utviklinga i den medisinske sektoren.
· at det vert vurdert å leggja sjukepleiarutdanninga under Kykje- og undervisningsdepartementet.
· at arbeids- og avansementstilhøva for sjukepleiarar vert betra.
· at den private familierådgjevinga vert sikra jamstelling med den offentlege.
· at den pedagogisk-psykiatriske service for born, ungdom og familie vert utbygd, poliklinisk og i heimemiljøet.
Livsform og helse
Det ser ut til å vera ein tydeleg samanheng mellom livsforma til menneska, levevanane deira og mange helseskadar. For den einskilde kan ei uheppen livsform føra med seg store plager, både av fysisk og psykisk slag. Helseskadar som mentale ugreier, narkomani, alkoholisme, lungekreft, hjarteinfarkt, trafikkulukkeskadar m.m. kostar samfunnet enorme summar, ved sida av dei ulemper som den skadde og hans næraste får.
Kr.F. går inn for:
· ntensivert forskning om tilhøvet mellom folks livsform og helsetilstand.
· etablering av eit eige opplysningsorgan som skal driva målretta informasjonsarbeid om aktuelle helsespørsmål, t.d. om problem kring stimulerande middel, kosthald, fysisk trening, miljøsulkink og dei mange ulukkene i heimane og i trafikken.
· betre undervisning om desse tilhøva i skoleverket og i massemedia.
· at det vert sikra eit stort nok tal på plassar med røykeforbod i offentlege transportrom.
· å styrkja det førebyggjande helsearbeidet, spesielt når det gjeld miljøhygiene, rettare samansetjing av kosten m.m.
· å intensivera arbeidet for å redusera helseskadelege forureinsingar i luft, vatn og næringsemne.
· større straff for råkøyring og andre alvorlege misferder i trafikken.
· strengare etterfylgjande kontroll for bilførarar som ikkje rettar seg etter dei krav samfunnet set til sikker køyring.
Omsorg for eldre
Dei eldre har lagt grunnlaget for det velstandsnivået heile samfunnet vårt nyt godt av i dag. Målet for alle tiltak for eldre må vera å gje dei høve til å leva eit fullverdig og sjølvstendig liv.
Kr.F. går inn for:
· betring av bustadstilhøva for eldre ved bygging av aldersheimar og alderpensjonat og ei tilskotsordning til husleige og til utbetring av bustader for eldre som bur i eigne heimar.
· forsert utbygging av heimehjelp og heimesjukepleie, slik at dei eldre kan bu i heimane sine så lenge som råd er.
· utvida samarbeid mellom kommunane, kyrkjelydpleien og friviljuge organisasjonar i eldreomsorga.
· auka stønad til den innsatsen som kyrkjelydane og dei friviljuge organisasjonane gjer i eldreomsorga, også når det gjeld bygging og drift av alders- og sjukeheimar og velferdstiltak.
· utgreiing av ei liknande finansieringsordning for bygging og drift av aldersheimar som den som gjeld sjukeheimar.
· vidare utbygging av sjukeheimar, så langt det let seg gjera desentralisert og i mindre einingar, slik at dei eldre kan vera så nær heimemiljøet som mogleg, men samstundes sikra naudsynleg lækjarhjelp.
· at personell i eldreomsorga får betre høve til utdanning. at det offentlege engasjement i aldersforskning, servicetiltak og informasjon om førebuing til pensjonsalderen vert styrkt.
· at det gjennom arbeidsmarknadspolitikken vert lettare høve til nedtrapping av arbeidsinnsatsen før pensjonsalderen og høve til arbeid etter pensjonsalderen.
Trygdesystemet
Gjennom oppbygginga av folketrygdsystemet har samfunnet gjort ein stor innsats for å sikra heile folket mot inntektsbortfall, anten det har si årsak i sjukdom, skade, uførleik, arbeidsløyse, alderdom, dødsfall eller anna. Ein meiner i dag at det avgjerande må vera den faktiske situasjonen til den einskilde og ikkje fyrst og fremst årsakstilhøva. Arbeidet med justering av visse trygdelovsvedtak må ta sikte på ein mest mogleg rettvis bruk av ressursane. Folketrygdavgiftene er i dag ei så sterk belastning på næringsliv og medlemer at det skeive som har kome fram, kan føra til store skadeverknader. Kr.F. vil difor gå inn for at finansieringa av trygdene vert grundig vurdert på nytt.
Kr.F. går inn for:
· vedhaldande analyse og justering av trygdesystemet, slik at ytingane mest mogleg går til personar som treng dei, og slik at uhepne verknader kan reduserast eller eliminerast.
· ein gjer dei kompliserte trygdevedtak og samordningslova meir einfeld.
· desentralisering av avgjerdsmakta i Rikstrygdeverket.
· at det vert skapt eit betre system for prioritering og kontroll med bruken av dei avgrensa økonomiske ressursane i sjukehusa og i helsesektoren elles. Ein arbeider for ei ordning med registrering av sjukemeldingane frå lækjarane.
· at ein legg vekt på utbygging av attføringsapparatet og utvikling av fleksible ordningar med deltidsarbeid og graderte sjukepengar og uføretrygd, slik at flest mogleg kan stimulerast til aktivt arbeid.
· at ein legg vekt på førebyggjande arbeid og sosiale hjelpetiltak som alternativ til trygdeytingar.
Omsorga for funksjonshemma
Målet er, så langt råd, å prøva å hindra, redusera eller kompensera funksjonshemningar. Den einskilde funksjonshemma må få høve til sosial funksjon på line med andre menneske. Tiltak i denne sektoren må retta seg etter det reelle behovet hjå den funksjonshemma, ikkje primært etter årsakene til hemningane. Så langt råd er, må ein byggja hjelpetiltaka inn i dei generelle tilboda frå samfunnet.
Kr.F. går inn for:
· kontinuerlig kartlegging av den situasjon og det behov som den funksjonshemma har, serleg med tanke på å hjelpa dei som vanskeleg kan fremja krava sine.
· at ein i all teknisk og sosial samfunnsplanlegging må ta omsyn til det behov for eit normalisert tilvære som dei funksjonshemma har.
· tidleg diagnostisering og registrering av funksjonshemma born på tverrfagleg basis, og iverksetjing av hjelpetiltak som når vidt nok og varer ved.
· utbygging av førebyggjande tiltak for å motverka sjukdom og skadar som kan føra til funksjonshemmingar.
· styrking av rettleiingstenesta for foreldra til funksjonshemma born.
· fleire plassar for funksjonshemma born i vanlege småbarnsinstitusjonar og auka stønad til spesielle småbarninstitusjonar for funksjonshemma.
· at ein styrkjer den tenesta kyrkja gjev for funksjonshemma, i og utanom institusjon.
· å betra høvet til hansaming, utdanning og omskolering, attføring, sysselsetjing og bygging av spesialbustader.
· Større variasjon i arbeidstilboda for funksjonshemma, utbygging og betre geografisk fordeling av tiltak for verna sysselsetjing. Fleire arbeidsplassar for funksjonshemma i offentlege verksemder og i administrasjonen.
· auka stønad til idrett og andre trivselstiltak for funksjonshemma.
· at spørsmålet om heimeproduksjon for uføre/funksjonshemma vert grundig studert og utgreitt ved ei spesielt utval.
Rusgiftproblem og alkoholistomsorg
Kristeleg Folkeparti vil føra ein energisk og planmessig kamp mot den øydelegging rusgiftene valdar, mot drikkeskikkane og mot alkoholen og andre rusgifter som nytingsmiddel i alle former.
Alt arbeid for å skapa ein mentalitet som kan føra til dette, må stimulerast og få økonomisk stønad. Intensivert forskning kring årsakene til alkohol-og narkotikaproblema og det førebyggjande arbeidet. Ein må leggja større vekt på ei differensiert utbygging av omsorga og ettervernet for alkoholistar og narkomane, der dei private organisasjonane og institusjonane har ein naturleg plass som ein del av det totale tilbodet.
Kr.F. går inn for:
· at samfunnet skal ha full kontroll med rusdrikkomsetnaden gjennom lover og andre tiltak som effektivt reduserer alkoholforbruket og alkoholskadane. Private vinningsinteresser må bort frå alkoholomsetnaden.
· bruk av prispolitikken som eitt av fleire verkemiddel for å avgrensa forbruk og skadar og for å føra forbruket over til alkoholfrie drikkevarer.
· lov-vedtaka om alkoholomsetnaden og alkoholforbruket skal vera restriktive. Kontrollen med at vedtaka vert fylgde må utvidast og effektiviserast. Staten må sjølv syta for betre kontroll med dei løyva han sjølv har gjeve ( t.d. til kystrutebåtane). Kontrollen med heimebrenninga skal skjerpast.
· Skiping av eit statleg ølmonopol, både for importert og innanlands produsert øl.
· at i kommunar der dei folkevalde avgjer at det skal seljast øl, skal salet bort frå daglegvareforretningane og leggjast til eigne utsal.
· forbod mot produksjon og innførsle av sterkt øl (klasse 3).
· streng gjennomføring av aldersgrensevedtaka for sal og skjenking av rusdrikk. Sal til mindreårige mot rekvisisjon vert forbode.
· forbod mot all reklame for rusdrikk.
· intensivering av informasjon om det alkoholfrie alternativ. Som vilkår for skjenkerettar skal det førast likeverdige alkoholfrie drikkar.
· servering av rusdrikk bør ikkje koma på tale ved offentlege tilstelningar.
· alkoholføresegnene i vegtrafikklova skal stå ved lag og passast betre på.
· motell og serveringsstader ved hovudvegane må vera alkoholfrie.
· det må verta slutt på sal av avgiftsfri alkohol i trafikken mellom dei skandinaviske landa.
· statens fond for alkoholfrie hotell og restaurantar skal i større grad ta sikte på å gje stønad til ungdomstiltak. Fondet må få meir kapital og gje stønad også til planlegging av tiltak.
· intensivering av forsknings- og opplysningsarbeid om dei mange skadeverknadene av alkoholen. Meir edruskapsundervisning ved skolane, i militærforlegningane og serleg i radio og fjernsyn.
· fråhaldsorganisasjonane og andre folkeorganisasjonar som arbeider for edruskap, må få betre økonomiske arbeidsvilkår gjennom statsstønad.
· Edruskapsdirektoratet til staten må byggjast vidare ut med tanke på å gje fylkeskommunane og primærkommunane betre service i opplysnings- og førevernsarbeidet.
· gjennomføring av ein grundig analyse kring årsakene til det store problemet som narkotikamisbruket har ført til.
· ein legg sterkare vekt på førebyggjande tiltak når det gjeld den totale situasjon for dei unge.
· frå norsk side held ein fram med arbeidet for lik og restriktiv nordisk lovgjeving og praksis på dette området.
· betre utbygging av handsamings- og ettervernsarbeidet, i samarbeid med private organisasjonar.
· betre kontroll med sal av stoff som kan nyttast til sniffing.
· i internasjonale organ må Noreg gå inn for ei restriktiv line med strengare kontroll av tillaging og omsetjing av narkotika.
· i a I k o l i s t o m s o r g a legg ein større vekt på førebyggjande arbeid, leitingsverksemd, tidleg diagnostisering, handsaming og ettervern i samband med at den kommunale omsorga vert styrkt.
· det vert lagt opp til eit handlingsprogram over ein 5-årsperiode, med statleg økonomisk engasjement for utbygging av avrusingsstasjonar og verneheimsplassar der behovet er størst. Utbygginga bør og halda fram etter 5-årsperioden.
· ein dreg opp klåre retningsliner for ansvarsfordelinga mellom primærkommunane, fylkeskommunane og staten i alkoholistomsorga.
· stimulering til vedvarande konstruktivt samarbeid mellom dei offentlege og friviljuge organisasjonane innan alkoholistomsorga.
· Ein held oppe edruskapsnemndene og effektiviserer dei serleg med tanke på ein sterkare innsats i ettervernarbeidet.
Vern om det ufødde menneskelivet
Mennesket er skapt i Guds bilete.
Ut frå det kristne menneskesynet og ein djup vyrdnad for menneskeverdet vil Kr.F. strida for å verna det heilage livet og den rett fostret har til liv.
Ein seier nei til alle framlegg om liberalisering av abortlova, innføring av fri abort eller det dei kallar «rett til sjølv å avgjera abort». Fri abort tyder at den sterkare har rett over den veike, fostret som er heilt verjelaust.
Den fremste moralske plikta til lækjarane er vyrdnad for menneskelivet, heilt frå konsepsjonen. Ein må prinsipielt seia nei til sosiale indikasjonar som grunnlag for svangerskapsavbrot.
Det vert ei svært viktig oppgåve i dei komande åra å styrkja det åndelege og etiske fundament i folket, byggja ut miljø med større rom for medmenneskelegdom og omsorg, og å hjelpa fram meir differensierte rådgjevingstiltak og hjelpetiltak.
Kr.F. går inn for:
· restriktiv abortlovgjeving med mest mogleg lik sakshandsaming i alle nemnder og med ankerett for den kvinna som søkjer abort.
· at helsepersonell som av samvitsgrunnar ikkje kan vera med på abortinngrep, må ha høve til å verta friteke for medverknad.
· utbygging av ei vidfemnande mødrehjelp i ei sosialmedisinsk ramme.
· at det vert ein obligatorisk innarbeidd regel å visa kvinner som søkjer abort, til familierådgjevingskontor eller annan sosialmedisinsk instans som kan gje reelt tilbod om hjelp og stønad i svangerskapstida.
· sterkare utbygging og spreiing av familievernkontora, så det vert høve til differensiert og fagleg hjelp, auka økonomisk stønad til kuratorhjelp, m a. for vitjing i heimemiljøet med personleg stønad og rådgjeving.
· auka stønad til kurs- og opplysningsverksemda til familievernkontora.
· etisk og medisinsk forankra opplysning og rettleiing i samlivsspørsmål og familieplanlegging, m.a. knytt til familievernkontora og helsestasjonar for mor og barn. På dette området må programma i radio og TV syna stor varsemd. Opplæring i bruk av preventive middel må ein ikkje ha i skolen.
· utviding av helsestasjonsverksemda i kommunane, med serleg vekt på førebyggjande tiltak for mødrer og gravide, tilrettelegging av fødeplassar og etterkontroll av kvinner som har født, ved sida av rådgjeving og iverksetjing av naudsynlege tiltak i barnemiljøet.
· statleg finansieringsordning for skiping og drift av mødreheimar, der og friviljuge organisasjonar bør koma med.
· betre høve for adopsjonsrettleiing og fosterheimsplassering.
· kontinuerlig offentleg opplysningsverksemd om sosiale hjelpetiltak og om kvar vanskelegstelte gravide kan venda seg for å få høveleg hjelp.
· eit aktivt arbeid for ei einslaga abortlovgjeving i Norden, bygd på kristen etikk.
Vern om lov og rett
Skal vårt demokratiske samfunn fungera tilfredsstillande, må vyrdnaden for lov og rett vera levande i folket. Dette krev ein samfunnsmoral som Kr.F. vil prøva å styrkja så langt det let seg gjera ved politiske middel. Serleg meiner vi at tiltak på områda utdanning, heim og familie, sosialpolitikk og kulturpolitikk vil hjelpa til med dette. Kriminalomsorga må verta ein integrert del av den sosialpolitiske planlegginga og må på beste måten sikra ei tilbakeføring til samfunns- og arbeidsliv for dei som har kriminelle anlegg.
Kr.F. går inn for:
· Styrking av politiet og rettsapparatet, serleg gjeld det styrken i dei større byane.
· å betra utdanningskapasiteten ved Politiskolen.
· Lensmennene og politikamra vert fritekne for dei meir administrative oppgåvene til føremon for auka innsats i førebygging og etterforskning av lovmisferder.
· ein greier ut spørsmålet om det i større mon let seg gjera å plassera kriminell ungdom i arbeid, m.a. med tanke på vederlag for den skaden dei gjorde ved den kriminelle handlinga.
· Betring av arbeidssituasjon for fengselspersonalet.
· Dei innsette må få tilfredsstillande hansamings- og arbeidstilbod.
· Styrking av vernelagsarbeidet, serleg med tanke på ein meir effektiv innsats i ettervernet.
Bustadbygging og bumiljø
Tilfredsstillande bustader, rimelege bu-utgifter og eit godt bumiljø har umåteleg mykje å seia for velferd og trivnad hjå folket. Det er og eit grunnleggjande element for utviklinga av dei gode heimane og dei trygge familietilhøva, som har så mykje å seia for den ætta som veks fram. Ein tilfredsstillande bustadsproduksjon, avpassa etter eit variert behov, må få høg prioritet. Denne sektoren må difor få store nok økonomiske ressursar. Det må verta større høve for tiltak som kan betra bumiljøet og utvikla meir varierte og tilfredsstillande servicetiltak og andre samfunksjonar, slik at bustadområda kan dekkja dei ulike behov.
Kr.F. går inn for:
· at staten i større mon hjelper kommunane med ei meir behovsretta planlegging og styrkjer dei økonomiske høva kommunane har når det gjeld arbeidet med å sikra grunnareal for bustadreising.
· at fylka kan godkjenna reguleringsplanar i staden for staten.
· Dei folkevalde organa, dei som søkjer bustad og folket på staden må få større høve til å kunna verka inn på utforminga av det fysiske bumiljøet under ulike fasar i planleggingsprosessen.
· Så langt råd er, bør bustadfelta leggjast slik at ein sparer grunn som høver til jordbruksproduksjon.
· Ein må prøva å kombinera gode bustadmiljø med byggjemåtar som sparer grunn, serleg i utsette pressområde. Utanfor dei sentrale områda i ein by eller ei tettgrend vil vi prioritera låg og tett bygging framfor konsentrert blokkbygging.
· Ein må prøva å avgrensa stiginga i bu-utgiftene ved at bustadsproduksjonen vert meir rasjonalisert og effektivisert og ved at ein motverkar urimeleg stigning i tomteprisane, t.d. p.g.a. offentlege investeringar.
· Intensivert forskning kring ymse bustadtypar/bumiljø og det verd dei har for trivnaden.
· Bustad- og arbeidsmiljø vert prosjekterte slik at ein kan sleppa dei lange reisene til arbeidsplassen.
· Sterkare offentleg engasjement i bustadformidling og tomtetileigning, pesielt i pressområda.
· at bustadsbehovet for einslege, eldre og funksjonshemma vert integrert i nye bustadstrok.
· Tilhøva vert lagde best mogleg til rette for sjølvbyggjarar som ved stor eigeninnsats vil skaffa seg bustad.
· Ein arbeider ut typeteikningar og meir kostnadssparande normer for arkitekthonorar som gjeld offentlege bygg.
· Ein stimulerer til utvikling av fleksible bustadløysningar med tanke på behovet i fleire generasjonar.
· Forsert utvikling av små reinseanlegg og kompostmetodar, slik at ein kan etablera spreidd busetnad og mindre, avgrensa bustadområde.
· sterkare tiltak for å betra standarden i den eldre bustadmassen.
Ein sunn samfunnsøkonomi
Kr.F. har denne målsetjinga for den økonomiske politikken: å forma eit
samarbeidssamfunn med sunn økonomi og med trivsel og tryggleik for alle.
Sterk økonomisk vokster må ikkje vera noko overordna mål i seg sjølv. Det er ovleg viktig kva ein produserer, korleis, og kva ein skal bruka produkta og tenestene til.
Kr.F. går inn for:
· full sysselsetjing må haldast oppe gjennom den økonomiske politikken.
· serleg må ein motverka sysselsetjingsproblema hjå ungdomen.
· Rettvis fordeling av produksjonsresultata og samfunnsgoda mellom individ, grupper og landsdelar.
· at det vert stimulert til balansert økonomisk vokster, der omsynet til menneskeleg trivnad og tryggleik i produksjonsprosessen får stor vekt.
· å hindra at ressursutnyttinga og den teknologiske utviklinga forutreinsar natur og livsmiljø.
· at den økonomiske makta vert desentralisert og ikkje samlar seg på få hender.
· eit rimeleg balansetilhøve mellom privat verksemd, samverketiltak og statsdrift i næringslivet. Statlege tiltak bør i fyrste rekkje koma som supplement for å sikra eit allsidig næringsgrunnlag og ein variert busetnad i utkantstroka.
· Samordna inntektsoppgjer med rimeleg fordeling av velstandsauken og med større vekt på å Iyfta nivået for lågare inntektsgrupper.
· at ein med tenlege middel døyver prisstigninga. Ein må skapa større skjøn for samanhengen mellom intektsauke, produksjonsvokster og prisutvikling. Organisasjonane i arbeids- og næringslivet må påverkast til å retta krava sine etter prisutviklinga.
· at Noreg er med i internasjonalt samarbeid med tanke på å granska årsakene til økonomiske krisefenomen og stabilisering av dei økonomiske faktorane for å koma bort frå nasjonale og internasjonale økonomiske ugreier.
Skattepolitikk, kapitaldanning og sparing
Ein må halda fram med å føra skatten på inntekt over på forbruk. Ein må framleis regulera frådragssatsane i samsvar med pris- og inntektsnivået og
auka dei for låginntektsgruppene. Barne- og forsytartrygdene må til kvar tid
justerast etter leveomkostnadene.
Kr.F. går inn for:
· Ei lønsskattordning utan sjølvmelding og likning i ettertid bør gjennomførast, men slik at det vert høve til å krevja likning etter oppgåve.
· Ein må gjera skattereglane så einfelde og oversynlege som mogleg, m.a. for å hindra at ein dreg seg unna skatt.
· Effektivisering av skattekontrollen og tiltak mot skattesnyting, m.a. ved strengare straffereaksjonar ved misferd, på line med straff for anna vinningsbrotsverk.
· Tiltak som stimulerer til sparing, både offentleg og privat, bør prioriterast slik at utbygginga av landet så langt råd er kan skje på basis av norsk kapitaldanning. Ein må gjera spesielle spareordningar, serleg for ungdom, nok attraktive.
· Omlegging av den skattefrie banksparinga til eit sparestimulerande system som verkar like godt utan omsyn til personleg økonomi.
· Ordningane med seravgifter tek ein opp til revisjon for å finna eit meir einfelt system.
· Ein må syta for at dei private kredittinstitusjonane rettar seg etter dei retningslinene styremaktene har for den økonomiske politikken. Om naudsynt gjennomfører ein folkevald representasjon i styra for å få betre kontakt og kontroll.
· For å hindra redusert arbeidsinnsats og produksjon bør ein unngå utilsikta skjerping av progresjonen på grunn av lønsstiging.
Arbeidslivet
Ein stor og stadig stigande del av folket vårt er lønstakarar. Tilhøva på arbeidsplassane har mykje å seia både for trivnaden til den einskilde og for stabilitet og økonomisk vokster i samfunnet. Kr.F. godkjenner fullt ut organiseringa av arbeidstakarar og arbeidsgjevarar og at viktige delar av arbeids- og løntilhøva vert avgjorde ved tingingar mellom organisasjonane. Men både politiske styresmakter og organisasjonar må ha heile samfunnsvelferda for auga. Ein må prøva å hindre opprivande arbeidskonfliktar.
Vi ser det som svært viktig at ein både i arbeidslivet under eitt og i den einskilde verksemda finn fram til samarbeidsformer som er baserte på ansvar og tillit.
Kr.F. går inn for:
· at alle vert sikra arbeid som så langt mogleg gjev utløysing for evner og interesser.
· at staten må ha eit nært samarbeid med organisasjonane i nærings- og arbeidslivet og drøfta med dei aktuelle spørsmål og langsiktige retningsliner for den økonomiske politikken.
· at ein byggjer vidare ut og stør opplæring og omskolering av leiarar og arbeidarar i industri og handverk.
· at demokratiseringa i verksemdslivet må halda fram. Samarbeidsformene må vera slike at ansvar, skaparglede og trivnad vert sameige for driftsleiinga og dei tilsette. Staten må gje naudsynt stønad til forskningsprosjekt på dette området. Ein styrkjer den medinnverknaden arbeidstakarane bør ha i verksemda, også når det gjeld ansvar for eigen arbeidssituasjon.
· ein må streva etter meir jamstelling mellom arbeidarar og funksjonærar, i fyrste rekkje når det gjeld arbeidstid og løn under sjukdom.
· Så langt det ligg til staten, må han hjelpa til, så lågtlønsgruppene får betre vilkår.
· det må verta reell jamstelling mellom kvinne og mann i arbeidslivet, t.d. når det gjeld utlysing av stillingar, arbeidsformidling, løn og avansement.
· I arbeids- og lønstilhøve og organisasjonsrettar må norske og utanlandske arbeidstakarar vera fullt jamstelte. Det offentlege må setja i verk velferdstiltak for framandarbeidarane, med tanke på tilpassing til det norske samfunnet.
· det må verta fleire tilbod om deltidsarbeid og større høve for supplerings-og etterutdanning. Også ved planlegging av nye arbeidsplassar i eit område bør ein vurdera høve for deltidsarbeid.
Industri og handverk
Industien og dei tenesteytande næringsgreinene som har sin basis i industriell verksemnd, er ei hovudnæring som har avgjerande verd for levestandarden og den økonomiske stabiliteten i samfunnet. Til no har ein stor del av industriproduksjonen vore knytt til ei heller låg utnytting av tilgjengelige naturressursar. Industripolitikken vår må ha som mål å auka graden av arbeidet med råstoffa slik at ein får fleire arbeidsplassar og meir verdfulle eksportprodukt. Ein må og prøva å leia utviklinga over til det ein kallar «intelligensindustri» med rimeleg forbruk av naturressursar. Slik industri vil og verta meir tilfredsstillande når ein tenkjer på forureinsing og miljøvern. Ein må leggja vinn på å skapa estetisk og miljømessig tilfredsstillande industriområde, med preferanse for «dei grøne plenars industri», der industriområda ligg nær bustadområda.
Kr.F. går inn for:
· at tilhøva vert lagde slik til rette at det styrkjer konkurranseevna til norske verksemder.
· staten må hjelpa til å letta omstillinga i industrien til nye marknadstilhøve i Europa.
· av omsyn til busetnaden tryggjer ein verksemdene i distrikta. Ein bør stimulera til produksjonssamarbeid og skapa tryggare vilkår for dei mange små og mellomstore verksemdene.
· ein byggjer ut rettleiingstenesta for industri og handverk. Ein må satsa meir på industriell forskning, marknadsanalyse og koordinering av salsverksemda.
· Staten må gje stønad til naudsynt omlegging av produksjonsprosessen i eldre verksemder.
· ein stimulerer til skiping av bransjeorgan og meir samarbeid innan dei ymse industrigreinene.
Landbruksnæringane
Jordbruk, skogbruk, hagebruk og fiske høyrer med til primærnæringane i landet vårt. Det er naudsynt å gje desse næringane gode vilkår av omsyn til vår nasjonale verneførebuing, til nasjonaløkonomien og til større trivnad og ei harmonisk utvikling i bygdene. Primærnæringane har og mykje å seia for distriktspolitikken.
Med utgangspunkt i dei aktuelle perspektiva for matvaresituasjonen i verda kan det ikkje vera rett å redusera jordbruksareala og produksjonen, heller ikkje i vårt land. Mange tilhøve talar for at det må vera ei viktig politisk oppgåve å sikra sjølvforsyningsgraden vår, og auka han om det er mogleg.
Kr.F. går inn for:
· intensivering og effektivisering av opplæringa og rådgjevinga i landbruket. Stimulering av forskning og forsøksverksemd.
· tilbod på ymse plan om landbruksutdanning for alle som arbeider i næringane.
· Ein må skaffa naudsynt kapital til dei aukande investeringane i landbruksnæringa.
· Dyrka og dyrkande mark og god skogbonitet må få eit sterkare vern. Ved planlegging og utbyggingar må den aktuelle busetnaden, vegar m. m. så langt råd er leggjast til uproduktiv mark. Stimulering til nydyrking.
· Bygging av landbruksvegar som knyter bruka, både med dyrka mark, skog og utmarksområde, saman til fastare driftseiningar.
· Tilhøva skal leggjast betre til rette for meir intensiv utnytting av utmarksområda til landbruksføremål.
Jordbruket
Jordbruket må framleis få sikra dei økonomiske vilkåra gjennom avtalane mellom staten og interesseorganisasjonane i næringa.
Kr.F. går inn for:
· at ferievikarordninga i jordbruket må byggjast vidare ut.
· at det vert stimulert til meir grannesamarbeid.
· at strukturrasjonaliseringa må føra til effektive løysingar, der ein både tek omsyn til dei gjevne driftsvilkåra, dei komande marknadstilhøva og til trivnad og tryggleik på arbeidsplassen.
· at ein bør slå saman nedlage bruk med nærliggjande einingar. Staten må stimulera sterkare til ei slik utvikling.
· at det offentlege bør yta nedskrivingstilskot, slik at ein kan ta over tilleggsjord etter bruksverdien.
· styresmaktene bør i større grad hjelpa til med bortleige av vanhevda jord i staden for å utvida ekspropriasjonspraksisen.
Hagebruket
Hagebruksproduksjonen er ein verdfull del av den samla jordbruksproduksjonen. Den intensive arealutnyttinga som er sermerkt for denne næringsgreina, gjer at det er mogleg å skapa leveføre produksjonseiningar på få dekar jord. For store delar av landet er hagebruket ein viktig faktor for busetnad og bygdemiljø og må difor vera eit moment i vurderingar og planar for distriktsutbygginga.
Kr.F. går inn for:
· ei vidareføring av det pris- og importvern som er innebygd i jordbruksavtalane.
· ei jamstelling av jord- og hagebruksproduksjonen når det gjeld offentlege låne- og stønadsordningar, og at det gjennom desse vert gjeve aktiv hjelp til utbygging av rasjonelle einingar.
· vurdering av tiltak for å stogga den stadig aukande skilnaden mellom produktpris ved oppgjer til produsent og ved sal til forbrukar.
Skogbruket
Norsk skogbruk må og i framtida få høve til utvikling som styrkjer næringsgrunnlaget. Skogbruket skal gje treforedlingsindustrien mest mogleg av produksjonsgrunnlaget og såleis sikra eksporten vår og ein viktig del av nasjonalinntekta.
Kr.F. går inn for:
· at skatte-, avgifts og prispolitikken må sikra ei mest mogleg sikker og jamn hogging. Grensene for «null-område» bør flyttast ut ved bygging av dei naudsynte skogsbilvegane. Ei slik utbygging må ta omsyn til naturvern-interessene.
· utviding og effektivisering av skogsarealet.
· at ein i skogfattig strok må leggja større vekt på skogreising.
· at ein sikrar skogsarbeidarane heilårsarbeid.
· at ein gjer gjeldande ei betre transportstønadsordning, spesielt for tømmer frå skogar som ligg avsides.
Fiskerinæringa
Det er avgjerande for busetnaden langs kysten at fiskerinæringa også i framtida vert lønsam. Men ein må ta omsyn til at havet har avgrensa ressursar. Vi må og her visa forvaltningsansvar. Det kvantum ein fiskar opp, må ikkje vera større enn det forsvarlege for å sikra den vidare
fiskesetnaden.
Kr.F. går inn for:
· at fiskaryrket må verta meir lokkande for ungdomen. Ein aukar rekrutteringa best ved betre og meir stabile inntektstilhøve og auka trivnad.
· at ein sikrar den naudsynte økonomiske stønaden til dei organisasjonane som tek seg av velferda mellom fiskarane.
· Vernet om dei norske fiskefelta held fram, om naudsynt ved hjelp av fiskerigrenseutvidingar. Dette spørsmålet tek ein opp i samband med den planlagde SN-konferansen om folkeretten på havet.
· styrking av vakthaldet langs fiskerigrensa.
· total helgedagsfreding for fiske også utanfor 12-milsgrensa.
· Effektivisering av fiskeriforskningen. Ein må leggja serleg vekt på å finna fram til foredlingsmetodar som bergar mest mogleg av fiskeråstoffet til menneskemat.
· Intensivering av arbeidet med nye produkt, marknadsanalyse og marknadsføring.
· at ein får til den naudsynte utbygging og fornying av fiskeflåten, fangstmetodane og fiskerianlegga, m.a. gjennom auka stønad frå Fiskarbanken.
· at staten gjev økonomisk stønad til omlegging av fiske-eksporten vår med sikte på i sterkare grad å dra utviklingslanda med som handelspartnarar.
· utbygging av rettleiingstenesta for fiskeria.
· Stønad til forskning og vidareutvikling for fiskeoppaling.
· at ein helst legg foredlingsverksemdene til distrikt der råstoffet finst.
· at ein aukar den statlege stønaden til moloar og hamneanlegg for fiskeflåten.
· forsering av arbeidet med å skapa fleire heilårsarbeidsplassar innan fiskerisektoren.
· at ein tek sikte på å leggje til rette høvet for yrkeskombinasjonar også i fiskerinæringa, som hjelp til å halda oppe busetnaden i kystdistrikta.
· at Noreg går aktivt inn for internasjonal forskning og kontroll med biologien i havet.
Skipsfarten
Skipsfarten er vår største valutaskapande næring. Dessutan gjev denne næringa mange arbeidsplassar og er såleis verdfull for landet. Men det er og viktig at skipsfartsnæringa tek aktivt del i arbeidet med å sikra utviklingslanda ei betre stilling på verdsfraktmarknaden .
Kr.F. går inn for:
· at ein sikrar den naudsynte tilgangen på norske mannskap. Dei utanlandske sjøfolka må få gode arbeidstilhøve i handelsflåten.
· at ein styrkjer konkurranseevna i næringa. Ein må arbeida for ei smidig tilpassing til skiftande konjunkturar og marknadstilhøve.
· at ein sikrar skipsfarten mot flaggdiskriminering.
· sjømannsmisjonen må få betre høve til å løyse oppgåvene sine ved statsstønad til delar av driftsutgiftene.
· Vidare utbygging og modernisering av norsk skipsbyggingsindustri.
· Ein må satsa meir på opplæring og etterutdanning av kvalifiserte sjøfolk.
· Opplæringa av fyrstereisgutar må i høgre grad ta sikte på det karakterbyggjande.
· ein må snøggare byggja ut kortbylgjesendingane til sjøfolk og nordmenn i utlandet.
· ein må byggja vidare ut velferdsarbeidet mellom sjøfolk. Verksemda ved landstasjonane må supplerast med service-tiltak som fylgjer båtane.
Handelen
I eit velutvikla samfunn har handelen ein viktig funksjon som formidlar av det ferdige produktet fram til forbrukaren. Handelen må difor få slike vilkår at han kan løysa oppgåvene sine og yta den best moglege service til alle folkegrupper og i alle lokalsamfunn. Styresmaktene må hjelpa til med ei balansert strukturutvikling innan næringa.
Norsk varehandel må få slike vilkår at han kan konkurrera med utanlandske varehuskjeder og filialtiltak. Ein må elles leggja tilhøve slik til rette at tevlinga mellom dei ymse omsetnadsformene og mellom mindre og større verksemder går for seg på like og rettvise vilkår.
Kr.F. går inn for:
· at ein styrkjer utdanninga innan handelen. Denne utdanningsvegen må fullt ut jamstellast med andre.
· styremaktene må syta for auka høve til å få lån. Der det trengst, må ein gje stønad til grunnlagsinvesteringar på line med den som industrien får gjennom Utbyggingsfondet for Distrikta.
· ein må styrkja stillinga til nærbutikkane. Serleg må utkantbutikkane få ei betre økonomisk stode for å styrkja lokalsamfunnet. Med tanke på dette bør dei få visse offentlege funksjonar, t.d. godsekspedisjon, postteneste m.m.
· kooperativ og privat varehandel må jamstellast, m.a. når det gjeld skattlegging.
· postordresal og direkte sal i ymse former må koma inn under sterkare kontroll.
· ein må vera varsam ved pris- og avansereguleringar, så ein ikkje einsidig stengjer for lønsemd i næringa.
· Større utjamning i transportkostnadene, slik at same vara får om lag same pris i alle delar av landet.
· Betre kontroll med nye etableringar i handelsnæringa. Endringar i konkurslova.
Turistnæringa
Vårt land har store naturgjevne høve for variert ferie- og fritidstilbod. Dette kan få meir og meir å seia som trivselsfaktor, og reiselivet kan dessutan fremja nasjonal og inkernasjonal kontakt og forståing.
Det økonomiske verd turistnæringa har, talar for at det offentlege stimulerer til utvikling av næringa. Serleg må dette gjelda for distrikt med veikt næringsgrunnlag. I all innsats på dette området må ein leggja vekt på skapa trivelege og høgverdige tilbod.
Kr.F. går inn for:
· at informasjonstenesta i reiselivet vert bygd ut, både i inn- og utland.
· at ein tek sikte på å få meir heilårsarbeid innan næringa. Her bør det offentlege hjelpa til med betring av kommunikasjonane til attraktive turiststader og ved stønad til utbygging av ymse sports- og friluftsanlegg.
· at ein vurderer spørsmålet om betre utnytting av den ledige romkapasiteten på hotell og pensjonat utanom sesongane, t.d. i samband med rekreasjonsopphald i helsesektoren.
· at ulike former for folklore og folkeleg brukskunst i større grad kjem inn under stønadsordningane i kultursektoren.
· at ein legg tilhøva til rette for utvikling av godt planlagde hyttegrender, der oppføring, service- og vedlikehaldstenesta så langt råd er, vert lagde til folk i lokalsamfunnet.
Det er ei sentral oppgåve å styrkja folkesetnadsgrunnlaget i grendene så dei kan få ha skole og nærbutikk og halda fram som bere-dugande kulturelle og sosial einingar.
Nest etter heimen har grendemiljøet vist seg å vera den beste formidlaren av dei berande livsverdiane for generasjonane føre oss.
Distriktsutbygging og desentralisering
Vi ser det som viktig for menneskeleg trivnad at alle må ha høve til å velja fritt når det gjeld bustad, utdanning, yrke og arbeidsplass. Men dette har ikkje fylgt med i samfunnsutviklinga dei siste tiåra. Ein hovudtendens har vore økonomisk og folkesetnadsmessig konsentrasjon i pressområda.
Fylgja vart veikt folkesetnads- og næringsgrunnlag i mindre sentrale distrikt. Sentraliseringsprosessen har ført til mange ulaglege miljømessige verknader både i tilflyttings- og fråflyttingsområda. Ein må få sterkare tiltak, så ein kan snu denne utviklinga.
Dei verkemåtane som ein til no har nytta for å fremja utvikling i distrikta, har ikkje vore sterke nok til å bremsa sentraliseringa. Kr.F. ynskjer fyrst og fremst å nytta positive verkemiddel for å fremja desentralisering og eggja næringslivet til å satsa i utkantstroka; men vi vil og arbeida for at ein skal nytta naudsynlege restriktive tiltak for å motverka sentraliseringa og styra utviklinga. Distriktsutbygginga må vera aktiv, målretta og godt planlagd. Ein må stila mot ei ansvarleg utnytting av naturressursar, arbeidskraft og kapital.
Det er viktig at og andre store investeringar og disposisjonar frå samfunnet vert vurderte ut frå sine distriktspolitiske verknader når det t.d. gjeld kommunikasjonar, kraftutbygging, offentleg byggjeverksemd og lokaliseringspolitikk.
Omsynet til menneskeleg trivnad må ha høg prioritet i all utbygging. Ved naudsynte investeringar i kulturelle og sosiale tiltak må det offentlege hjelpa til å skapa fullverdige lokalmiljø.
Kr.F. går inn for:
· at ein byggjer ut eit system med etableringsrettleiing- og kontroll.
· at Utbyggingsfondet for Distrikta får nok kapital.
· at ein gjev auka stønad til etablering i industrifattige strok og flytting av industriverksemder og anna verksemd til desse. Den geografiske plasseringa må ikkje verta avgjerande for kor leveføre og lønsame verksemdene vert.
· at ein vurderer på nytt ordninga med fråflyttingstilskot, slik at fråflyttingsområda ikkje vert lagde aude for godt, men slik at andre kan halda fram og driva området seinare. Ein må leggja større vekt på dei samfunnsøkonomiske tilhøva.
· at finansieringa av folketrygda vert ordna på ein måte som ikkje riv grunnen unda dei arbeidskraftintensive verksemdene.
· forskningsarbeid med tanke på å finna fram til dei mest føremålstenlege sentrumsdanningar (tal og storleik), spesielt på kommune- og regionplanet.
· at verksemder på øyar utan brusamband og i bygder utan vegutløysing får refusjon for ein stor del av sine sosiale utgifter.
· Så langt som mogleg må statsinstitusjonar, spesielt dei nyskipa, verta lagde utanfor Oslo.
· Offentlege helse- og serviceinstitusjonar bør i større grad leggjast til utkantdistrikta.
· Innkjøpspolitikken til offenlege instansar må desentraliserast, slik at innkjøpa så langt råd er, vert gjorde i distrikta.
· Utviding av ordninga med investeringstilskot til og å gjelda tenesteytande næringar.
· Prioritering av kommunikasjonsutbygginga i utkantstroka.
· Ordninga med regional transportstønad held ein stadig under observasjon, med tanke på naudsynte endringar.
· at ein greier ut spørsmålet om ei prisutjamningslov for heile landet.
Tiltak i samedistrikta
Dei samiske busetjingsområda treng ei stor styrking av den næringsøkonomiske situasjonen. Effekten av dei ymse tiltak er bunden av samordning og god planlegging.
Kr.F. går inn for:
· skiping av eit utviklingsråd som skal samordna gjennomføringa og finansieringa av tiltak i sameområde. Rådet skal vera samansatt av representantar for desse områda og for dei offentlege styresmaktene.
· at det vert skipa eit utviklingsfond for nærings- og kulturlivet i samområda.
· tiltak for styrking av jordbruket i Finnmark og spesielt i sameområda.
· aktivt samarbeid mellom kommunar, fylke, stat, lokale husflitsorgan m.m. med tanke på utvikling av husflit, handverk og småindustri i sameområda.
· tiltak for styrking av reindriftsnæringa Statlege garanti- og stønadsordningar må sikra ein forsvarleg leveveg for reindriftssamane. -
· Fagopplæring, rettleiingstiltak og forskning vert utbygde.
Samferdsel
Betre kommunikasjonar er naudsynte for effektiv distriktsutbygging, for vidareutvikling av næringslivet, for trivnad og velferd i bygd og by.
Den aukande trafikken fører stadig med seg nye og større problem, serleg med tanke på trafikktryggleik, forureinsing og støy. Det er heilt naudsynt at ein legg den største vekt på desse problema i samarbeidet mellom stat, fylke og kommunar. Ein må prioritera forskninga på desse felta. Trafikkpolitiet må få så mange folk at det kan føra ein effektiv og kontinuerlig kontroll.
Kr.F. går inn for:
· at ein arbeider ut ei klår målsetjing for samferdselspolitikken og ein samla kommunikasjonsplan for heile landet, i samarbeid mellom stat, fylke og kommune.
· at ein framleis legg stor vekt på utbygging av stamvegnett over heile landet og sambanda til grannelanda og til kontinentet. Spesielt må E 6 gjennom Nord-Noreg få ein standard som svarar til det verd han har for landsdelen.
· Utbygginga av vegsambandet i vegfattige distrikt må ein prioritera og sjå i samband med distriktutbygginga.
· Ferjetakstane vert sette ned til eit nivå som svarar til totalkostnadene ved å køyra same strekninga.
· at vegfattige kystdistrikt får gode båt- og ferjesamband.
· at ein tek sikte på ei utjamningsordning for transportutgifter, slik at levekostnadene vert mest mogleg like i heile landet.
· Reise- og transportutgiftene over lengre fråstandar vert subsidierte og/eller utjamna. Serleg må det norlege Noreg få rimelege flyreiser.
· at ein tek sikte på ei utvida tilskotsordning for transjortutgiftene til dei distrikta som er dårlegast stilte.
· at ein må samordna all offentleg transport, slik at han kan tena publikum på beste måten.
· Prioritering av kollektiv trafikk framfor privatbiler, serleg i tettbygde strok.
· at ein må gjera NSB til eit tevlingsdugande alternativ til biltrafikken, spesielt når det gjeld persontrafikken kring dei større byane og trafikken over lange fråstandar. Ein må vurdera positivt å halda oppe jernbanenettet i distrikta.
· Tilhøva må leggjast slik til rette at tungtransporten i størst mogleg grad vert førd over til bane der NSB er utbygd.
· at utviklinga av flytrafikken må koma heile landet til gode, m.a. ved at det framleis og vert bygd småflyplassar i område der det trengst.
· Ein skipar direkte flyruter over landegrensene på Nordkalotten.
· at ein held fram med automatisering og ei snøgg utbygging av telefonsambandet.
· Trafikktryggleikstiltak må vera ein større del av vegutgiftene. Spesielt må ein betra tilhøva for fotgangarar og syklistar i tettfolka strok.
Olje og energi
Utbygginga av dei store vasskraftressursane i Noreg har vore ein viktig faktor i den økonomiske utviklinga i landet vårt. Men dei vasskraftressursane ein no har att, og som ein ynskjer å byggja ut, tek snart slutt. Vasskraftutbygginga fører til topografiske, klimatiske og økologiske endringar. Ein må difor vera sers varsam med vidfemnande inngrep. Desse omsyn talar for at andre energikjelder vert meir og meir aktuelle, serleg atom-, gass- og oljekraft.
Dei store olje- og gassfunna under den norske delen av Nordsjøen vil styrkja vår økonomi og gje høve til å skapa nye arbeidsplassar. Staten må vera med på etterrøkingar nord for 62. breddegrad, slik at ein snøggast råd kan få eit samla oversyn over oljeressursane våre. Når ein deler ut blokker, bør ein og ta distriktspolitiske omsyn. Ut frå forvaltartanken er det viktig å ha for auga at og komande generasjonar bør få nytte av desse store ressursane. Ved utvinninga av olje og gass bør vi visa varsemd og prøva å få foredla desse verdfulle råstoffa så langt det let seg gjera. Ein må og leggja stor vekt på tryggings- og naturvernomsyn.
Styremaktene må stimulerast til sterkt lokalt engasjement ved etterrøking etter, og utvinning av olje. Samstundes må ein prøva å hindra for stor uroing i dei lokale bygdesamfunna, ikkje minst i den nørdste landsluten.
Staten bør oppmoda til samarbeid mellom dei verksemdene som alt har ekspertise på dette feltet, men distriktspolitiske omsyn talar for at ein og nyttar utanlandsk ekspertise så ein kan koma snøgt i gang med ny verksemd.
I den mon funn av olje og gass på vår kontinentalsokkel fører til etablering av petrokjemisk eller annan industri i Noreg, må staten syta for at det alt frå starten vert ei god planlegging, ikkje berre for sjølve industrien, men og av det samfunn og det miljø som han skaper.
Kr.F. går inn for:
· Ein må vurdera den komande kraftubygginga ut frå ein samfunnsmessig heilskapsanalyse, der miljø- og naturvern-, distrikts- og ressursomsyn er avgjerande komponentar. Ein bør likevel ikkje gje konsesjon for prosjekt som er haldne utanfor den vedtekne verneplanen for vassdrag dersom det ligg føre sterke verneinteresser.
· styresmaktene må forsera planlegginga av overgang til andre energikjelder enn vasskraft.
· ein må vera varsam med utbygging av typisk kraftkrevjande industri.
· når det er klårt at ein ved å nekta utbygging tek bort viktige inntekter for eit lokalsamfunn, bør det offentlege gje ein viss kompensasjon.
· ved utbygging bør energien som hovudregel nyttast i distriktet
· staten må utvida etterrøkingane på Svalbard til og å femna om alle delar som enno ikkje er okkuperte av andre interesser.
· natur- og miljøvern, distrikts- og ressursomsyn må vera avgjerande ved utforminga av norsk oljepolitikk.
· som hovudregel bør alle ressursar av olje og gass på den norske kontinentalsokkelen førast til Noreg og foredlast vidare her.
· Det statlege oljeselskapet bør prioritera etterrøkingar etter og eventuelt utvinning av olje og gass nord for 62. breiddegrad, slik at ein kan klårleggja alle dei høve vi har på oljeområdet.
· ein set i verk ein brei perspektivanalyse av alle dei verknadene som olje. og gassfunna i Nordsjøen kan få for utviklinga av det norske samfunnet. Eit regjeringsoppnemt utval bør leia utgreiingsarbeidet.
Natur og miljøvern
Noreg har framleis store og delvis nokså urørde friareal på fjell, i skog og ved sjø. Forureinsing av vatn, jord og luft har til no gjort seg heller lite gjeldande hjå oss. Men dette held på å endra seg. Både nasjonalt og internasjonalt må vi arbeida for å verna naturressursane både i og utanfor landet. Behovet for rekreasjon i fri natur vil stadig verta større i dei industrialiserte og urbaniserte samfunna. Men større verd har vårt globale ansvar og ansvaret for dei som kjem etter oss. For stuttsynt vinning skuld må vi ikkje bruka opp det Skaparan har gjeve oss, men forvalta det på rett måte.
Elles kan rovdrift på ressursane og forureinsingane som fylgjer av dette, øydeleggja den økologiske balanse i naturen, med uoverskodelege fylgjer for livet på jorda. Ei kontrollert ressursutnytting og ein overgang til større resirkulasjonsøkonomi tvingar seg fram, der dei brukte produkta og avfallsstoffa i størst mogleg grad vert førde attende til produksjonssystema.
Kr.F. går inn for:
· Noreg må vera med i alt internasjonalt strev for å økonomisera med ressursane og minska forureisingane, spesielt i lufta og i havet. Miljøforskning må få høg prioritet.
· utarbeiding av ein totalplan for utnyttinga av dei samla land- og og havområda i landet. Inn under dette kjem plan for friområde, verna vassdrag m.m. Denne totale arealplanen skal binda all anna planlegging. Skiping av eit sentralt ressursregister.
· til ein slik plan ligg føre, må ein mellombels verna dei mest aktuelle friområda, som har rekreasjonsmessig og vitskapleg verd, mot større inngrep. Dette gjeld spesielt for friområda rundt større byar og tettgrender.
· bruk av lovgjeving og avgifter som skal hindra eller redusera verksemd som er forureinsande. Dette må gjelda produkt som er spesielt forureinsande, og som ein lett kan byta ut med meir miljøvenlege.
· Forskning kring miljøvernproblema må få høg prioritet. Det arbeidet private verksemder driv, t.d. med utvikling av meir miljøvenlege produkt, bør og få offentleg stønad.
· ein byggjer ut eit landsfemnande mottakarapparat for å vinna att eller øyda ulike typar avfall. Serleg viktig er det å føra organiske stoff attende i naturkrinslaupet. Ein gjev statsstønad til kloakkreinseanlegg, komposteringsanlegg m.m. etter den graden dei fører til dette.
· vern om den retten alle har til fri ferdsel i skog og fjell og ved sjø.
· Motorisert trafikk utaom offentlege vegar må ein avgrense til eit minimum.
· ved planlegginga av vegar, flyplassar, industriområde m.m. må omsynet til maksimal effektivitet og økonomi vika for trivselomsyn, slik at støyproblem, direkte forureinsing og andre miljøfiendslege faktorar vert motarbeidde.
· alle nye verksemder skal ha plikt til å reinsa eller uskadeleggjera avfallsprodukta sine. Det same gjeld gradvis for eldre verksemder. Men ein må ta omsyn til konkurranse-evna til verksemda. Er det naudsynt, må staten gje tilskot til reinseanlegga.
· minsking av forureinsingane som kjem frå bruk av kjemiske middel i landbruksnæringane, m.a. ved overgang til større grad av biologisk og mekanisk overvinning av skadedyr og vokstrar.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10120. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.