Valgprogram · 1965
Arbeidsprogram for Kristeleg Folkeparti i stortingsperioden 1965-1969
Kristelig Folkeparti · 7 384 ord
«bompenger» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
Arbeidsprogram
for
Kristeleg Folkeparti
I STORTINGSPERIODEN
1965-1969
Ut frå det grunnsynet og dei framgangslinene som er oppdregne i det prinsipielle programmet har Kristeleg Folkeparti til hovudoppgåve å arbeida for å halda oppe og styrkja den innverknaden kristendomen har i folkelivet.
I samsvar med det legg Kristeleg Folkeparti fram dette arbeidsprogrammet for stortingsperioden 1965-1969:
Kristeleg Folkeparti vil når det gjeld skuleverket,
- tryggja og styrkja kristendomsundervisninga i den 9-årige skulen og i den høgare skulen,
- at den kristne etikken skal normera heile oppsedingsarbeidet i skulen, og avgjera kva lei dette arbeidet skal gå i,
- leggja vinn på å styrkja opplæringa i yrkesetikk ved alle yrkesskular,
- gjennomføra ordinære statstilskot til frie skular og yrkesskular,
- taka opp spørsmålet om å auka talet på internatplassar ved yrkesskulane og om å byggja og driva hybelhus for skuleungdom,
- gjera framlegg om å byggja ut skuleverket for handikapte (vanskelegstelte, lytehindra, ikkje tevleføre),
- arbeida for omframstønad til skuleutbygginga i økonomisk veike kommunar,
- stø og stimulera det friviljuge opplysningsarbeidet, arbeida for å reisa ein musikkhøgskule, og skunda på utbygginga av idrottshøgskulen,
- leggja vinn på snøgg utbygging av universitet og høgskular, og på å fremja granskinga, m.a. med sambandsorgan mellom politikarar og granskarar.
Kristeleg Folkeparti vil
- auka tilskotet til utviklingshjelpa og arbeida for at mest mogeleg av denne hjelpa vert utnytta gjennom misjonsselskapa; hjelpeprogramma åt SN og humanitære organisasjonar,
- gjera framlegg om å byggja ut ei velferdsteneste for norske fiskarar, helst i samarbeid med Den Indre Sjømannsmisjon og grunnlagt på det arbeidet denne institusjonen alt har sett i gang.
Kristeleg Folkeparti vil når det gjeld ungdomen,
- arbeida for større økonomisk stønad til ungdomsarbeid som vert drive på kristeleg og ideell basis,
- arbeida for større kristen innsats i soldatmiljøet og forbetre fritidsundervisning for rekruttane, m.a. med å byggja ut undervisnings- og leserom,
- verna samvitsfridomen for alle som av samvitsgrunnar ikkje kan gjera militærteneste,
- taka opp og få utgreidd spørsmålet om fredskorpsteneste som eit mogeleg alternativ til militær-, sivilarbeids- og sivilforsvarsteneste.
Kristeleg Folkeparti vil styrkja kyrkjeliv og misjonsverksemd med å
- stø den innsatsen som gjeld arbeidet i kyrkja, i dei frie kyrkjesamfunna og i dei friviljuge kristelege organisasjonane,
- gjera framlegg om statsstønad til den kyrkjelege familierådgjevingsverksemda og om at ein prest skal vera med i arbeidslaget ved offentlege familievernskontor,
- arbeida for at barneandaktar må kome med i programverksemda åt Norsk rikskringkasting.
- gjera framlegg om at staten tek over dei utgiftene Den Norske Sjømannsmisjon har til sjømannspresteløner.
Kristeleg Folkeparti vil auka den sosiale innsatsen med å
- leggja vinn på samarbeid med private organisasjonar og institusjonar om å byggja røktheimar, rekonvalesentheimar og sjukehotell,
- leggja større vekt på attføringsprinsippet og arbeida for at det vert reist fleire attføringsinstitusjonar,
- stø og stimulera privat sjukehusdrift og arbeida for snøgg, planvoren utbygging av det offentlege sjukehusstellet,
- skunda på utbygginga av helsepersonellutdaninga, her medrekna utdaninga av lækjarar og tannlækjarar,
- taka opp spørsmålet om godkjenningstvang for ølbryggjeri og om å setja opp skjenkjealderen for øl og vin til 21 år.
Kristeleg Folkeparti vil når det gjeld bustadbygginga,
- leggja seg etter å koma opp i ein produksjon på 40 000 husvære for året, og arbeida for at dei einslege i større grad får dei husvære dei treng,
- gjera framlegg om omframstønad til spesialinnreidde bustader for handikapte,
- arbeida for premiering av dei som betalar ned gamle bustadlån snøggare enn føresetnaden er i den opphavelege låneavtala,
- arbeida for brigde i skatteleggingsreglane for tomtesal.
Kristeleg Folkeparti vil når det gjeld arbeidsliv og sysselsetjing,
- gjera framlegg om auka utbygging av verna arbeidsstader for å realisera retten til arbeid for dei ymse kategoriar av handikapte,
- arbeida for demokratisering i arbeidslivet - serleg med tanke på å nå fram til større likskap for alle tilsette med omsyn til m.a. arbeidstid og løn i sjukdomstilfelle,
- arbeida for tiltak mot sesongbunden arbeidsløyse.
Kristeleg Folkeparti vil når det gjeld distriktsutbygginga,
- gjera framlegg om fleire kredittutvegar for næringslivet i distrikta,
- arbeida for større løyvingar til grunnlagsinvesteringar,
- gjera framlegg om at spørsmålet om utvida delproduksjon vert utgreitt i samanheng med distriktsutbygginga og med omstellingsproblema for heimeindustrien - m.a. med sikte på å styrkja små og halvstore verksemder,
- arbeida på å styrkja jordbruk, skogbruk og fiske - med sikte på full rasjonell utnytting av naturgjevne tilhøve, leggja tilhøva betre til rettes for framgang i turistnæringa,
- arbeida for så låge ferjetakstar at distrikt som lyt gjera bruk av ferjetrafikk, ikkje får urimelege tyngsler,
- taka opp spørsmålet om å finansiera serskilde vegprosjekt med lån som vert amortiserte med bompengar.
Kristeleg Folkeparti vil når det gjeld skattepolitikken,
- arbeida for mest mogeleg likt skattetrykk over heile landet,
- gjera framlegg om ei utgreiing av spørsmålet om å leggja om omsetnadsavgifta såleis at ho meir vert ei avgift på verdeauking,
- gjera famlegg om å lempa meir på skatteprogresjonen, og om einsarta skattereglar for små og store verksemder,
- taka opp spørsmålet om å taka bort omsetnadsavgifta på fraktutlegg, og om større tilskot til fraktutjamning,
- gjera framlegg om større skattefridom for livstrygdepremiar og for bankinnskot som er bundne i lang tid.
Hovudoppgåva
Målet for politisk verksemd er å gjera landet til ein god og trygg heim for alle, og leggja tilhøva såleis til rettes at kvart menneske kan få nytta ut og øva opp sine positive evner og krefter.
Kristeleg Folkeparti byggjer på ei fast overtyding om at det er den kristne brorskaps- og samhøyringstanken som både er det beste grunnlaget for det samfunnsbyggjande arbeidet og gjev den beste inspirasjonen i dette arbeidet. Difor held partiet det for si oppgåve å arbeida for at kristendomen, med sitt tilbod og med si livgjevande kraft, må nå fram til alle menneske.
Folket vårt har nått langt i å byggja ut landet. Det er vår plikt å freista nå endå lenger, så vi kan lata frå oss til den komande ættleden eit samfunn som er betre og rikare utbygt enn det vi sjølve tok imot. Skal dette lukkast, må vi sameina alle byggjande krefter i ei klok og framsynt utnytting av landsens hjelpekjelder (ressursar).
Samfunnsbyggjande arbeid femner om noko mykje meir enn berre dei reint materielle oppgåvene. Folket vårt har store åndelege, kulturelle og nasjonale verde å taka vare på og bera med seg. Synet på slike eigneluter - livssynet og menneskesynet - stakar ut leia for all politisk verksemd.
I det prinsipielle programmet som her vert lagt fram, vil Kristeleg Folkeparti gjera greie for det synet dette partiet står fast på.
Ikkje berre av brød
Kristeleg Folkeparti meiner at det til menneskeleg velferd høyrer noko meir enn berre materiell velstand og økonomisk tryggleik, - som det står skrive: «Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn».
I vår kristne tru sannar vi at alle menneske er skapte av Gud og at han har sett eit æveleg mål for livet vårt. Meininga er at vi skal leva for å nå dette målet, og fyrst når vi det gjer, kan vi tala om sann velferd.
Gud har gjeve oss sine lover for livet. Desse lovene er kjærlege livsrettleiingar som skal hjelpa oss til å fullføra hans meining med livet vårt. Å riva seg laus frå Gud og vanvyrda hans bod fører til oppløysing og forfall. Materielle gode kan ikkje vega opp den skaden vi då lid. «For kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, når han spiller livet sitt? »
Kristeleg Folkeparti trur at desse sanningane gjeld både for kvart einskilt menneske og for heile folket. Difor bør dei setja sitt merke på det samfunnet vi byggjer.
I samsvar med dette vil Kristeleg Folkeparti at kristen tru og moral skal vera det bindande grunnlaget for den politiske verksemda òg. Arbeidet med å fremja økonomisk vokster og allmenn velferd må gå hand i hand med eit moralskapande, karakterbyggjande arbeid, og av di kristendomen er den sterkaste moralskapande kraft vi kjenner er det på kristendomen vi vil byggja.
Den økonomiske voksteren og dei tekniske framstega har skapt vilkår for ein framvokster som på mange måtar har gjort livet rikare og ført til større trivnad for alle. Men framgangen har sine negative sider òg. Folkeflyttinga til byar og tettbygde stader har skapt nye sosiale og kulturelle problem som i mange tilfelle trugar den menneskelege trivnaden. Moderne påverknadsmiddel gjer at alt som dreg folket vårt nedetter får større verknad og når lenger enn før.
Slike påverknadsmiddel kan nyttast - og vert nytta - i tenesta for det gode. Men på hi sida vert kristne grunnverde undergravne, og det hender at ungdomen vår beinveges vert oppmoda til å bryta med kristen tru og moral. Kristeleg Folkeparti vil gjera alt det kan til å motverka dei uhepne fylgjene av den moderne samfunnsframvoksteren. Partiet har det faste synet at all moralnedbrytande påverknad er kulturdrepande, med di han er med og fremjar ungdomskriminalitet, seksuell utgliding, fører til meir bruk av alkohol og narkotika, til disiplinkriser i heim og skule og til oppløysing av ekteskapsmoralen.
Kristeleg Folkeparti vil driva eit målmedvite arbeid til vern og stønad for alt som er kulturskapande og karakterbyggjande, og ein like målmedviten strid mot alt som verkar nedbrytande.
Kyrkjeliv og misjonsverksemd
Den norske kyrkja, frie kyrkjesamfunn og friviljuge, kristelege organisasjonar samlar i seg ein grrunnleggjande del av folkelivet. Den kristne arbeidsytinga gjennom forkynnarverksemd skulearbeid og sosialt arbeid - både i vårt eige land og i utviklingslanda - er til den største velsigning og tener folket vårt til ære. Difor er det rett at denne verksemda får ha frie og gode arbeidsvilkår.
Den norske kyrkja møter både sterke krav og ei hard pårøyning for di samfunnsframvoksteren set henne andsynes nye og vanskelege problem. Skal kyrkja kunna løysa desse problema, må store prestegjeld delast og nye kyrkjer reisast i takt med folkeauken. Dessutan må det sytast for fleire kyrkjelege tenestemenn. Kyrkja må få større sjølvstyre i åndelege saker, og kyrkjelege organ må verta høyrde i alle saker som gjeld kyrkja og livet i kyrkjelydane.
Kyrkjelydhus og kyrkjebygg for frikyrkjelege samfunn må verta fritekne for omsetnadsavgift, og i samfunnsplanlegging må det takast omsyn til at frie kyrkjesamfunn og treng nybygg.
Kyrkjeliv og misjonsverksemd fortel om ei stor arbeidsyting på skulefronten òg, og i det sosiale arbeidet. Det same gjeld dei humanitære organisasjonane. Kristeleg Folkeparti ynskjer å få i gang eit vidast mogeleg samarbeid med slike organisasjonar og institusjonar om løysing av ei rad med samfunnsoppgåver. Den viljen til nestekjærleik i praksis som vert lagt for dagen i det kristelege og humanitære arbeidet, er noko av det mest verdfulle i folkekarakteren. Kristeleg Folkeparti held det for ei samfunnsoppgåve å stø og setja kveik i dette arbeidet.
Opplæring og oppseding
Attåt heimane er kyrkja og skulen dei viktigaste faktorane i folkeoppsedinga. Dei heng historisk saman, og Kristeleg Folkeparti vil verna og styrkja sambandet mellom dei.
For den norske skulen er det - etter folkeviljen, ordlagd i skulelova - sett eit kristeleg mål. Kristelg Folkeparti vil at opplæring og oppseding skal planleggjast i samsvar med dette føremålet. Kristendomskunnskap må vera eit hovudfag og få eit timetal som gjev vilkår for ei grundig pedagogisk innføring i faget. Når lesetida i skulen vert auka må faget få sin del av auken.
Alle skuleslag - yrkes- og fagskular medrekna - må taka omsyn til den åndelege trongen hjå elevane, lata dei få kjennskap til dei kristne livsverde og gjeva dei innføring i yrkesetikk.
Kristeleg Folkeparti meiner det ikkje berre er i kristendomstimane det skal gjevast oppseding som er i samsvar med kristen etikk. Det er heile det samla oppsedingsarbeidet i skulen som skal ha eit kriste føremål. Dette fører med seg at lærebøker og opplæring må vera i samsvar med kristen moral og at det heretter som før må vera reglementert skikk at kvar skuledag vert vigsla med andakt.
Med det føremål å styrkja kristendomsfaget vil Kristeleg Folkeparit at det skal oppnast betre utvegar til utdanning for dei som vil taka eksamen i faget ved universitet og lærarhøgskule, og at arbeidet med å leggja faget betre til rettes pedagogisk skal få stønad.
Kristeleg Folkeparti meiner at investeringar i skuleutbygginga er ei av dei viktigaste grunnlagsinvesteringane. Skorten på elev- og studieplassar er enno for stor, og altfor mange må søkja utanlands for å få utdanning.
Samfunnet vårt må setja inn mykje meir enn til no for å koma ut or denne stoda som er merkt av skuleskort, lærarnaud og stengde studium. Så lenge stoda er som no, må dei som søkjer utdanning i utlandet, så langt som råd er få like gode vilkår som dei innanlandsstudentane har.
Trongen til utdaning og opplæring har auka ofseleg i vår tid. Det må setjast inn mange fleire og sterkare tiltak som kan stetta denne trongen. Universitet og høgskular må byggjast ut snøgt og i takt med dei stigande krava, og granskinga må få betre vilkår.
Det planfaste arbeidet med å råda bot på lærarskorten må halda fram. Elevar utan eksamen artium må som før få høve til å taka lærareksamen, av di det i denne flokken finst eit stort unytta rekrutteringsmateriale.
Private, upolitiske, vidaregåande skular som arbeider i samsvar med føremålsparagrafane i skulelovene, må få statstønad til liks med dei offentlege når dei fyller fastsette krav til lærarpersonale, utstyr, leseplanar og elevtal.
Det er ei samfunnsoppgåve å syta for at vilkåra for undervisning og opplæring er mest mogeleg like i alle landsdelar, og for alle samfunnslag. Kristeleg Folkeparti vil at yrkeslina i skuleverket vårt skal byggjast betre ut og at praktisk opplæring skal jamstellast med den teoretiske. Det må skaffast fleire internatplassar ved yrkesskulane òg.
Gymnas som har synt at dei har livsrett, må ikkje leggjast ned.
Kristeleg Folkeparti vil arbeida for ei betre utbygging av skuleverket for dei som lid av ymse lyte og for ei snøggare hjelp til born og ungdom som ikkje kan tilmåtast den vanlege skulegonga.
Økonomisk veike kommunar må få omframstønad til reising av skulebygg med turvande utstyr, så dei kan nå fram til ei tidhøveleg utbygging av grunnskulen.
I samanheng med skuleutbygginga kan det verta turvande å draga inn skulekrinsar. Slik inndraging må ikkje gjennomførast i fall skulestyre, kommunestyre og skulekrinsar er imot det. I alle høve er det omsynet til borna og heimane som må telja mest. Lang skulekøyring og internering av borna må ein så vidt mogeleg unngå. Og i dei fleste krinsane er skulen eit umissande kultursentrum som det ikkje finst vederlag for.
Kristeleg Folkeparti meiner at ein kombinasjon av skule og samfunnshus er uheppe og vil gå imot slike planar.
I samarbeid med kommunar og organisasjonar bør staten gjera sitt til bygging og drift av hybelhus for skuleungdom og studentar, så ungdom frå bygdene kan få betre utdaningsvilkår.
Kulturlivet
Kristeleg Folkeparti vil at norsk kulturpolitikk skal kvila på vyrdnad for vår åndelege arv, for våre historiske og nasjonale tradisjonar og for dei ideal, omgangsformer og institusjonar som er berande element i kulturen vår
Kristeleg Folkeparti vil leggja vinn på å verna kulturskattane åt samane og styrkja det kulturlivet som ovrar seg hjå dei.
Kringkasting, presse, film, teater, litteratur, musikkliv og andre kulturovringar må få hjelp i arbeidet med å tena positive, byggjande og venleiksfremjande livsverde.
Framgangslinene for programverksemda i Norsk rikskringkasting må dragast opp såleis at sendingane er med og byggjer opp dei kulturelle skattane folket eig, og gjer sitt til å fremja moralsk, religiøs, medmenneskjeleg og kunstnarleg danning.
Statsstønaden til film og teaterverksemd må stimulera til kvalitetslyfting.
Kristeleg Folkeparti vil arbeida på å skapa ein folkeopinion mot dei tendensane som gjer folket rått og bryt ned moralen, tendensar som ovrar seg i namnet åt kunsten og åndsfridomen.
Norsk kulturliv skal vera ope for impulsar frå andre land, men må samstundes vera vake og verna om vårt folks eigen kulturarv og føra den vidare.
Samfunnet må stimulera det friviljuge opplysningsarbeidet, og dei private og offentlege kulturinsitusjonane må få stønad. Det er sameleis viktig å taka vare på historiske og kulturelle minnesmerke og å verna om den vene naturen i landet.
Spørsmålet om økonomisk lettare vilkår for norsk litteratur bør greiast ut. Kulturfondet må styrast såleis at det lokkar til og skapar vilkår for kvalitetslyfting - og såleis at jamvel utkantane i landet vårt kan få eit rikare kulturliv.
Norsk musikk må få utvegar til å føra sine rike tradisjonar vidare, m.a. med at det vert bygt musikkhøgskule og konserthus.
Samfunnshusa skal vera årestader for kulturbyggjande verksemd, og reglane for husbruket må vera slike at arbeidet tek sikte på dette målet.
Våre offentlege bibliotek og skulebibliotek treng meir utbygging, og det er viktig at dei lokale bibliotekstyra får stå så fritt som råd er. Bokbåtar og bokbilar må få ein rik grunnstomn av god litteratur.
Kristeleg Folkeparti meiner at det som vert sett inn på dei ymse område i kulturlivet, i djupaste meining vert sett inn for oppsedinga, og at det bør auka og halde levande dei skattane vi gjerne vil elska fram med oppsedingsarbeidet i kyrkja , heimane og skulen. Det høgaste målet med dette er å lyfta folkekarakteren og å setja merke på folkelivet på ein slik måte at vi i framtida og med all rett kan kallast eit kriste kulturfolk.
Borna og ungdomen
Målet er å gje den oppveksande ætta ein trygg barndom, ei skiftande opplæring etter evner og givnader og ei oppseding med feste i kristen moral - i samsvar med målet for skulen vår.
Dette er ei samarbeidsoppgåve for heimane, skulen, kyrkja, det friviljuge og kommunale barne- og ungdomsarbeidet og barnevernet. Kristeleg Folkeparti vil at dette samarbeidet skal stimulerast og få stønad.
Partiet vil samleis leggja vinn på å styrkje det karakterbyggjande arbeidet i skulen, og vil at det kristene målet som er sett for skulen, på same måte skal gjelda for det som samfunnet gjer for borna elles, gjennom barnehageverksemd, barneprogam i krinkastinga, barnevernsarbeid osb.
Når industrisentrum og bustadstrok skal planleggjast, er det naudsynt å taka omsyn til at borna og dei unge treng leike-vilkår og samband med naturen. Ei god og skiftande fritidsverksemd med helsam idrott, klubbsamkomer, hobbyarbeid o.a. i alkoholfrie ungdomssentrum under ansvarleg leiing , er med og skaper eit positivt miljø og er eit vern mot barne- og ungdomskriminalitet.
Song og musikkarbeid må få høg prioritet mellom dei fritidssysler som får offentleg stønad.
Barne- og ungdomsproblema er ei sterk utbyding til samfunnet. Det er naudsynt å styrkja barnevernet, byggja ut barne- og ungdomspsykiatrien og opna mange nok opplærings- og oppsedingsutvegar for dei som har tilmåtingsvanskar.
Med ei betre utbygd stipendskipnad og med styrking av Statens lånekasse for studerande ungdom, kan utdanningsvilkåra for ungdomen verta meir like - utan omsyn til bustad og økonomiske kår.
Det må verta høve til større skattefrie frådrag i det som skuleungdom tener i feriane, og skatt på slik inntekt må utreknast på same måten i alle kommunane. Det er sameleis ei samfunnsak å stimulera ungdomssparinga og å byggje henne betre ut.
Militærtenesta tek ein relativt stor del av den beståande tida åt dei unge gutane. Det er viktig å skapa eit reint og godt miljø i militærlægra, og at det som før vert lagt stor vekt på fritidsundervisning for soldatane.
Kristeleg Folkeparti vil verna om samvitsfridomen for alle som av samvitsgrunnar ikkje kan gjera militærteneste. Militærnektarsaker skal som før avgjerast av domstolane, og det må verta betre høve til til å gjera sivilarbeidsteneste på annan måte enn i sivilarbeidslægra. Tenestetida for sivilarbeidarar må alltid vera i samsvar med den militære tenestetida.
Ungdomen bør få betre høve til å setja inn krefter i utviklingslanda. For dei som er kvalifiserte, burde fredskorpsteneste vera eit alternativ til militær- og sivilarbeiderteneste, og ho burde i slike tilfelle jamstillast økonomisk med militærtenesta.
Ungdomen må få betre høve til å gjera ein innsats i utviklingslanda. Deltakarar i Fredskorpsa bør kunne få ein viss lette i den ålmenne verneplikt. Spursmålet om fredskorpsteneste som alternativ til militærteneste for dei som av samvitsgrunnar ikkje kan gjera slik teneste må verta utgreidd.
Sosialpolitikken
Målet for sosialpolitiken er:
1. Å skapa trygge livsvilkår for alle som m.a. vert hindra av alder, sjukdom, arbeidsløyse, uførleik eller andre lyte, så dei ikkje kan tryggja sine levekår med eige arbeid.
2. Å vere ei hjelp til sjølvhjelp, gripa aktivt inn og freista brigda stoda for dei som har det vanskeleg og skap nye utvegar til sjølvberging og trivnad.
I samsvar med dette målet vi har sett oss, vil Kristeleg Folkeparti arbeida på å lyfta standarden for dei som er ringast stelte opp mot medelstandarden i samfunnet. Dette kan gjerast med å gjennomføra ein folkepensjon med etter måte høge grunntrygder med familiepensjonering, med å setja meir inn på omskolering og attføring og på å betra opplærings- og arbeidsvilkår for alle som er hindra av eit eller anna lyte. Den grunnlovsfeste retten til arbeid må meir enn til no verta ein realitet for slike menneske òg.
Spørsmålet om ferieskipnad for dei som enno ikkje har fått lut i dette samfunnsgodet, må greiast ut og løysast snøggast råd er.
1. Heim og familie
Gode og trygge heimar er det største aktivum samfunnet har, og er den beste garantien for eit friskt folkeliv. Difor er det ei samfunnsak å verna heimane og å stø tiltak til bate for familien.
Husmorutdaninga må planleggjast på ein slik måte at ho betre stettar dei vidfemnande og mangesidige krav som vert sette til dette yrket, og det er naudsynt å få ei betre utbygd rettleiingsteneste for husmødre.
Vilkåra bør leggjast såleis til rettes at naturlege familieiningar kan haldast oppe, og såleis at den eldre og den yngreættleden kan få bu og leva saman - m.a. med at det vert sett inn meir på bustadar for tre generasjonar.
Familievernet må byggjast meir ut - både offentlege og private tiltak. Sidan dei fleste eketskap vert skipa med kyrkjeleg vigsle, er det viktig at dei familierådgjevingskontora kykja rår over, får offentleg stønad, så dei kan gjera ei gjerning som svarar til trongen. Arbeidslaga ved dei offentlege familievernkontora (sentrale helsestasjonar) må styrkjast på den måten at ein prest kjem med.
Den kursverksemda som vert driven etter kyrkjeleg opptak med sikte på å gjeva rettleiing i familie- ekteskapsspørsmål, må få økonomisk stønad.
Heimehjelpa for gamle menneske, sjukestellet i heimane og husmorvikartenesta må byggjast meir ut.
Ut frå kristne syn er alt spirande menneskeliv heilagt og ukrenkjleg. Svangerskapsavbrot på sosiale- og sosialmedisinske indikasjonar kan difor ikkje tolast. I staden må samfunnet gjeva positiv og effekiv hjelp til vanskelegstelte svangre kvinner. Utbygging av heimar for mødre må halda fram og påskundast i staten kommunane og private organisasjonar må samarbeida om dette.
2. Bustadbygging
Kristeleg folkeparti meiner at retten til å bu er ein elementær menneskerett. Dette gjeldt gjeld både einslege menneske og familiar. Difor lyt målet vera å byggja fleire bustader for året enn til no, i samsvar med trongen hjå dei som søkjer bustad.
Berre ein viss del av nasjonalinntekta kan ivesterast i bustader. Difor må bustadpolitikken taka sikte på ei mest mogleg rasjonell utnytting av den kapitalen som står til råvelde.
Den offentlege stønaden til bustadsbygging må ha eit sterkt sosialt siktemål, så folk med låge inntekter får etter måten større stønad. Samstundes bør det gjerast lettare å få tak i turvande eigenkapital, med meir utbygging av skattelette for bustadssparinga.
Det bør stimulerast til ei snøggare nedbetaling av bustadslån, så bustadsbankane kan få frigjord kapital til å setja inn i nye bustadar. Difor bør ei snøggare nedbetaling enn det er rekna med i låneavtalane, premierast, og det bør kome reglar om tilleggsavdrag når lånetakarane har gode økonomiske kår og greier det.
Kristeleg Folkeparti meiner at dei ymse kategoriane av einslege til no har hatt for lita nytte av bustadsbygging med samfunnstønad, etter arbeidsyting og skattebyrder. Bustadstønad og bustadplanlegging må opna utvegar for einslege for å få tak i bustader som svarer til det dei treng- til liks med andre som søkjer bustad.
Det ideelle hadde vore at kvar familie hadd sitt eige hus. Bustadpolitiken må stila mot dette målet og realisera det der det let seg gjera.
Skatteleggingsreglane for sal av byggjegrunn med brigdast, såleis at vinst ved friviljug sal vert skattelagt på same måten som vinst ved oreigning, og såleis at tilgangen på byggjegrunn til rimeleg pris kan auka.
Det bør setjast i verk fleire tiltak som motverkar økonomisk spekulasjon i den rådande bustadskorten.
3. Sosiale institusjonar
Røynsla syner at ein når lengst og får mest for pengane når sosiale institusjonar vert utbygd i eit samarbeid mellom dei offentlege og dei private organisasjonane. Kristeleg Folkeparti meiner det er rett å setje inn meir enn til no på eit slikt samarbeid, og vil arbeida for at godkjente private sosiale tiltak får turvande økonimisk stønad.
Skorten på sjukeheisplass krev større fart i sjukehusutbygginga, men skorten kan dessutan avhjelpast med å gje den private sjukehusdrifta betre vilkår, m.a. med offentleg stønad når trygdekassefunksjonar ikkje veg opp dei faktiske utgiftene. Elles kan ein avlasta sjukehusdrifta med å byggja pleieheimar, rekonvalesentheimar og sjukehotell.
Utbygging av det psykiske helsevern må halde fram i samsvar med lovfeste framgangsliner.
Attføringsprinsippet må tilleggjast aukande vekt ved at alle sosiale institusjonar, og det må byggjast fleire attføringsinstitutt. Både den medisinske og den sosiale hjelpa må aktiviserast, og vilkåra for omskulering og yrkesopplæring må utnyttast betre m.a. i alkoholomsuta.
Berre ei påskunda utbygging av personellutdanninga kan avhjelpa skorten på kvalifisert personell ved dei sosiale institusjonane, og Kristeleg Folkeparti meiner at det her er råd å nå gode resultat når organisasjonar som er sosialt engasjerte, samarbeider.
4. Helsestellet
Folkehelsa trygger ein best med det førebyggjande helsearbeidet. Dette arbeidet må byggjast ut, og framstega på det hygieniske og medisinske feltet må alle få godt av - utan omsyn til bustad og økonomiske tilhøve.
Helsesystertenesta må byggjast ut i alle kommunar,og det må verta rikare høve til stønad for tilsetjing av soknesystre ("menighetssystrer").
Lækjarskort og skort på anna kvalifisert helse- og sjukehuspersonell er i nokre landsluter eit alvorleg problem som snarast må løysast.
Vitenskaplege etterøkingar har synt at den aukande sigarettrøykinga er eit trugsmål mot folkehelsa. Difor må røykinga motarbeidast sterkare enn før, særleg mellom born og ungdom.
5. Edruskapen
Kristeleg Folkeparti vil føra ein energisk og planfast strid mot den øydeleggjande rusdrykken, mot drikkeskikkane og mot alkoholen som nytingsmiddel i alle former. Målet kan ikkje gjevast opp, er eit folkeliv fritt for rusdrykk, og alt arbeid med å skapa ein mentalitet som kan gjera dette mogleg, må få økonomisk kveik og stønad.
Inga form for alkoholomsetnad må tena privatøkonomiske interesser.
Det må arbeidast sterkt for eit festliv utan alkohol, og Kristeleg Folkeparti går imot all rusdrykkservering ved offentlege tilskipingar. Det må koma forbod mot rusdrykkreklame på offentlege område, og det må sytast for at forbodet mot rusdrykkskjenking i samfunnshus med offentleg stønad vert etterlevd.
Kristeleg Folkeparti vil gjera sitt til at det vert sett i gang alkoholfrie restaurantar, ungdomsheimar og matstader, og at dei får gode arbeidsvilkår.
Det friviljuge fråhaldsarbeidet og opplysningsverksemda må få større tilskot. Edruskapsfondet må haldast oppe, og overskotet ved A/S Vinmonopolet må nyttast i samsvar med føresetnadene, så større summar går til edruskaparbeidet. Edruskapsnemdene må styrkast og effektiviserast.
Kristeleg Folkeparti held på løyvetvang for ølbryggjeri, på strengare kontroll med ølomsetnaden og at lågalderen for skjenking av øl og vin vert sett opp til 21 år.
Næringsmiddel må ikkje nyttast til å laga rusdrykk.
Alkohollovgjevinga må gjerast strammare, og alkoholist-omsuta må byggjast meir ut og verta meir differensiert. Like eins må ettervernet styrkjast. Det må setjast i verk meir effektive tiltak mot det aukande narkotikamisbruket.
6. Folkepensjonen
Spørsmålet om folkepensjonen må løysast på den måten at det vert fastsett ein grunnpensjon som vert lik for alle, og at det vert gjeve ein tilleggspensjon gradert etter den inntekt pensjonstakaren har hatt. Grunnpensjonen må vera så høg at han gjev ei rimeleg inntekt i alderdomen, og tillegspensjonen må avmåtast såleis at pensjonsinntekta kjem til å liggja så nær som råd er opp til grunnlaget for den tilvande levestandarden.
Folkepensjonen bør femna om heile det norske folket og finansierast med premiar og avgifter. Desse premiane og avgiftene må vera så store at det kan byggjast opp eit pensjonsfond som er stort nok, og det fondet kastar av seg, må verta ein del av finansieringa. Tiltaket står og fell ved at pensjonsavgifta vert rettvist utlikna.
Fondsmidelen, som er sparemidelen åt folket, vert å nytta til meir utbygging av landet. Han må styrast på ein slik måte at det vert teke omsyn til at det batar både nasjonaløkonomiske, distrikstbundne og sosiale føremål.
Økonomisk politikk
Samfunnet vårt er inne i ein snøgg framvokster, skapt av auka mekanisering, nye og rasjonelle produksjonsmetodar og nye marknadstilhøve.
Denne framvoksteren set nye krav til oss. Produksjone krev mykje meir kapital enn før. Det same gjeld varomsetnaden. Det vert sett større og større grav til kraftforsyning og kommunikasjonar, til marknadsføring og salsteknikk. Dessutan kjem det ei rad omstellingsproblem i samanheng med overgangen til produksjonseiningar.
Framvoksten fører dessutan med seg ei rad med trivnadsproblem. Folkemengder klumpar seg saman i byar og sentrumsstadar. Mange bur trongt, folk får alt for lang veg til og frå arbeidsstadane, og kommunikasjonane vert overleste.
Kristeleg Folkeparti meiner at den økonomiske politikken må taka sikte på å gjera sitt til ein meir helsesam og meir harmonisk samfunnsvokster.
1. Distriktsutbygginga
Kristeleg Folkeparti meiner at det må drivast ei aktiv, godt planlagt disktriktsutbygging med sikte på rasjonell utnytting av naturgjevne vilkår, arbeidskraft-reservar og investeringskapital. Målet er ein meir jamn vokster i alle landslutar.
Framvoksteren gjer det naudsynt med tiltak som møter innflyttingspresset mot dei store byane og hindrer at bygdene vert avfolka. Kristeleg Folkeparti vil arbeida for utbygging av vokstområde, avmåta etter tilhøva på staden og i godt smarbeid med kommunale og fylkeskommunale organ.
Heilt eller delvis ledig arbeidskraft i dei ymse landsluter må få koma i fult arbeid, med at det vert skapt vilkår for oppbygging av berekraftig industri og av tenesteytande verksemd. Den kapitalen som skal setjast inn, må kanaliserast, så næringslivet både i og utanfor sntrumsstadane kan hjelpast fram og verta eit stabilt grunnlag for busetjing.
Landsdelspolitikken kan nå det målet som er sett for han, berre når staten hjelper sterkare til med grunnlagsinvesteringar - serskilt til kommunikasjonar, når det gjeldt tilbod om kraft, tilretteleging av byggjegrunn og reising av industribygg.
Verksemder i pressområde, som dei vert kalla, bør få stønad til flytting eller til å setja i gang underverksemder i bygdene.
2. Kapitalsamling og sparing
Kapital samlar ein opp med sparing, og etter di utbygginga næringslivet i landet krev meir og meir kapital, er det naudsynt at sparinga til kvar tid er størst mogleg. Då vert dessutan kjøpepresset lettare, og det vert skapt vilkår for ein stabil økonomi.
Kristeleg Folkeparti meiner det er naudsynt med offentleg sparing gjennom ei viss inndraging av kjøpekraft, så ein med det kan finansiera sams oppgåver som alle ynskjer at samfunnet skal løysa.
Med i den aktuelle stoda er det den private sparinga som treng kveik. Vilkåret for det er at folk får ny tillit til pengeverdet, og då lyt det skapast større økonomisk stabilitet. Spursmålet om større skattefritak for livsforsikringspremiar og indeksregulert sparing bør vurderast.
Kapitaltilførselen frå utlandet må ikke få slike servilkår som diskriminerer den norske kapitalen, og målet må vera at utenlandskfinansierte tiltak snarast råd er kjem på norske hender.
3. Skattepolitikk
Kristeleg Folkeparti vil at skatte- og avgiftsbyrdene skal delast såleis at dei som har minst økonomisk bereevne, skal få minste delen av byrdene. Dessutan må skattepolitikken vera familievenleg, og med meir revisjon av tabellverket, og med beinveges tilskot til økonomisk veike kommunar må ein freista å nå fram til eit likt skattetrykk over heile landet.
Vert verksemdene for høgt skattelagde, kan det hemja produksjone og føra til eit alt for høgt kostnadsnivå, så evna til å tevla med utlandet vert mindre. Det kan og føra til urasjonelle investeringar og freiste til skattesnyting.
Med sikte på å byggje ut arbeidsstadane og å styrkja konkurranseevna til næringslivet, må det gjevast skattefridom for større avsetjingar til investeringsføremål.
Kristeleg Folkeparti meiner at den progressive skattelegginga i Noreg er for streng. Ho har ikkje fulgt fallet i pengeverdet, og difor heldt partiet på at ho må lempast meir.
I samsvar med framvoksteren av det internasjonale samarbeidet bør ein greia ut spørsmålet om ei omlegging av skattesytemet vårt - medrekna spørsmålet om å gå over til ei meir indirekte skattelegging og om å leggja omsetnadsavgifta til ein eller fleire tidlegare lekkar i omsetnaden. (Meirverdeavgift.)
4. Priser og løner
Kapplaupet mot priser og løner er eit alvorleg trugsmål mot landets økonomi og tevlingsevna åt næringslivet - og difor mot sysselsettjinga med. Difor miner Kristeleg Folkeparti at det må setjast meir inn på å stogga dette kapplaupet.
Staten må ha for auga at auka statsutgifter kan slå ut i auka kjøpepress og høgare prisar. Så langt som staten har herrdøme over hendingsgangen, må han difor gjera sitt til at dei inntekst- og lønsbetringane som kan vinnast i takt med produksjonsauken, ikkje vert oppetne av høgare prisar, kostnader, skattar og avgifter.
Pris- og lønsoppgjerd må framleis verta samordna.
I eit ekspanderande samfunn med full sysselsetjing er det vanskeleg å skapa stabile prisar og kostnader. Men ………..
{{Her manglar to sider frå orginaldokumentet}}
…………-gar og gjevast trygg lønsemd gjennom faste prisar i avtaleperiodane om med at offentleg stønad lokkar til utnytting av naturgjeve produksjonsgrunnlag.
Auka lønsemd må koma alle dei til gode som har sitt yrke i jordbruket, og det må setjast meir inn på yrkesopplæring, så næringa alltid kan ha god nok arbeidskraft.
Med tanke på å skapa berekraftige bruk må det ytast meir til stønad for nydyrking. Skogresinga må intensiverast, og skog i offentleg eige tilleggjast skoglause bruk der det høver. Arbeidet med jordskifte må fremjast snøggare.
Det er ei samfunnsoppgåve å verna om jord som er dyrka og kan dyrkast. Byggjegrunn-område må så langt det er råd leggjast til mindre produktiv mark.
Som ein lekk i rasjonaliseringa må staten nytta dei utvegane det gjev å eiga bruk mellombels, og jordfondet må alltid ha stor nok midel til stønad for rasjonaliseringa av bruksstorleiken
Jordbruksbankane må tilførast turvande kapital til å stetta kreditt-trongen i næringa. Jordbruksgranskinga må byggjast meir ut og få løyvingar på line med gransking i andre næringar. Det bør byggjast ut ei betre rådgjevingsteneste i jord- og hagebruk.
Kommunal fjøsvikarstipend må stimulerast med større offentleg stønad.
Skogbruket
må få varande vilkår for rasjonell utnytting av dei naturgjevne produksjonsutvegane. Skogsbygdene bør få områdeplanar for skogsbilvegar, og interessa for investeringar bør fremjast med brigde i skattegrelane.
Skogsreising, skogkultur og gransking må halda fram.
Ikkje føremålstenelege eigedomstilhøve i skogbruket bør ordnast såleis at det ikkje skal vera urasjonelle driftseiningar.
Skogsarbeidarane må få trygge og gode arbeidsvilkår, og yrkesopplæringa må til kvar tid vera i
samsvar med den driftstekninske framgangen.
Fiske og fangst
må kunna by dei som driv yrket, ei arbeidsinntekt som svarar til vågnad og slit, og norsk fiske(ri)politikk må sikta på å halde oppe den stoda landet vårt har som fiskerinasjon.
Det er naudsynt å arbeida fram rasjonelle fiske- og fangstmetodar, arbeida opp nye markander og byggja ut avverkingsindustrien (foredlingsindustrien). Det må vernast om norske fiskefelt. Næringsgrunnlaget for fjord- og kystfiskarane bør styrkjast med eit betre vern om fjordane og kystbeltet. Fiskarfloten bør få betre vilkår for drift i fjerne farvatn, og det må leggjast meir vekt på yrkesopplæringa. Staten må setja meir inn på havgranskinga.
Målet frå stønad frå staten til fiskerinæringa er ei harmonisk utnytting, som er til gagn både nasjonaløkonomisk og sosialt. Det er viktig at ingen sektor i næringa vert skadelidande og at det vert oppmoda til samarbeid mellom organisasjonar og salslag.
Viktige driftsmiddel bør vera avgiftsfrie. Fleire og betre fiskarhamnar må byggjast. Fiskarbanken må få meir kapital, og gjera sitt til ei allsidig utbygging av fiskarfloten og til at kapitalfattige strok får ein rimeleg lut av investeringane.
Mannskapsproblema for fiskarfloten skal ein freista løysa m.a. med å gje fiskaryrket betre og tryggare kår.
Skipsferdsla
er vår største valutaskapande næring. Difor er det eit hovudmål for skipsferdslepolitikken å styrkja konkurranseevna åt denne næringa. Vilkåra må leggjast til rettes for ei ledug tilmåting til skiftande konjukturar og marknadstilhøve. Skattar og andre tyngsler må ikkje skapa hindringar som skipsferdsla i andre land er fri for.
Eit mål for norsk politikk er å verja norsk skipsferdsle mot flaggdiskriminering og å tryggje fridomen på havet.
Norsk utanrikshandel må drivast på ein slik måte at
{{Her manglar to sider frå orginaldokumentet}}
1. Tidhøveleg vegsamband i veglause og vegfattige landsdelar.
2. Tettare hovud- og samvegnett og fleire vegar inn til byane.
Løyvingane til vegformål må aukast og stå i høve til staten sine inntekter på vegtrafikken.
Kristeleg Folkeparti vil konsentera anleggsdrifta, så igangsette anlegg kan fulførast. Så langt det er praktisk mogeleg, må anlegga setjast ut på tilbod. Det bør verta ein så vanleg praksis at dei ymse entreprenørfirma kan leggja vinn på å vera best mogleg budde til å løysa anleggsoppgåvene snøgt og rimeleg. Det gjeld og når det skal leggjast faste vegdekke.
I einskilde tilfelle bør det og koma på tale å taka opp lån til fulføring av spesielle prosjekt, og å amortisera slike lån med bompengar.
Det må arbeidast meir med å skapa trygg trafikk på vegane, og trafikkpolitiet må styrkjast.
Jernvegsrasjonaliseringa må halda fram, og det må setjast inn så mykje at det vert mogeleg å greia det som moderniserings- og rasjonaliseringsplanen rekna med. Jarnvegsstandarden og evna til kundeteneste må haldast oppe og gjera jarnvegen tevlefør i trafikken.
Statsbanane må drivast på ein slik måte at det vert teke omsyn både til ei økonomisk rekningssvarande drift og til trafikktilhøva og næringslivet i landsdelane. I visse tilfelle må ulønsam drift kunna haldast oppe med økonomiske tilskot over ein serskild post på statsbudsjettet.
Vegfattige kyststrok må få betre båt- og ferjesamband, og det må setjast inn nye trafikkmiddel der det er mogeleg. Av di ferjesamband er ein lut av vegsambandet, må ferjetakstane haldast så låge at trafikken i den landsdelen det gjeld, ikkje får ei urimeleg økonomisk tyngde jamført med landet elles.
Lufttrafikken spelar ei større og større rolle i samferdsla. Framgangen her må alle landsdelane få godt av, så langt det er råd, med nye flyplassar og ei snøggare tilføringsteneste.
Telefon-automatiseringa må halda fram, og det må verta betre telefonsamband med utkantstrok. Telefonskorten må bøtast på - om det trengst, med utbygging for lånte pengar.
Framsteg i den tekniske kringkastingsverksemda må snøggast råd er nå ut til alle landsluter. Serskilt må det leggjast vekt på å skapa gode mottakingstilhøve alle stader.
Jarnveg, post og telegraf bør få ein friare administrativ status, og det må leggjast meir vekt på å koordinera samferdsla til lands, til sjøs og i lufta.
Utanrikspolitikken
Hovudmålet for utantikspolitikken er å verna om freden, skapa utvegar til nedrusting, til meir hopehav og samarbeid mellom nasjonane, og til større hjelpearbeid i framstegsland.
1.Utviklingslanda
Kristeleg Folkeparti vil leggja vinn på ei meir aktiv og vidtfemnande hjelp til framstegslanda. Dei rike, industrielt godt utbygde nasjonane må ikkje kunna sjå på at velstandsframgangen aukar hjå dei sjølve, medan fattigdom, sjukdom, matskort og sosial audmjuking enno sermerkjer levekåra i andre land. Dette er avgjort i strid med det kristne kjærleiksbodet og med brorskapstanken i kristendomen.
Ei kristen stode til problema i framstegslanda krev at ein større del enn til no av nasjonalinntekta vår må setjast inn i desse landa. Fyrst og fremst med større løyvingar til hjelpeprogram som SN set i verk, men og på andre måtar, må landet vårt vera med på tiltak som kan fremja økonomisk vokster i framstegslanda, så grunnlaget for eit menneskeverdig tilvære kan leggjast der òg.
Kristeleg Folkeparti har det avgjorde synet at det er til gagn for framstegslanda at ein større del av hjelpemidlane vert utetla gjennom misjonsselskapa, som i meir enn 120 år har arbeidt i framstegsland, og at desse selskapa får økonomisk grunnlag til å setja i gang nye utbyggingstiltak.
Framstegshjelpa må dessutan baserast på eit vidfemnande handelspolitisk og produksjonsvore samarbeid med desse landa, så hjelpa kan verta ei hjelp til sjølvhjelp og i lengda skapa jamnverdige vokstervilkår i alle land.
Det gjeld for framstegslanda som for alle andre land at materiell vokster ikkje er nok til grunnlag for varig folkelukke. Den kristne verda har i sanning andre skattar òg å dela med slike land.
2. Samarbeid mellom nasjonane
Kristeleg Folkeparti meiner at samarbeids- og samhøyringstanken peikar seg ut til å vera avgjerande for framgangsvegane i internasjonal politikk, og at det tener fredssaka å arbeida for større hopehav mellom alle folk - ikkje minst på det kulturelle området.
Det nordiske samarbeidet må verta meir bindande og føra til at fleire konkrete samarbeidstiltak vert realiserte.
Eit betre og meir effektivt og bindande samarbeid må og setjast i gang innan EFTA, og Noreg må arbeida for ei tilnærming mellom dei to økonomiske organisasjonane i Vest-Europa.
Så langt det er mogeleg må samkvæme og hopehav byggjast opp tvert over politiske ideologiske skiljeliner. Noreg må syna vilje til samarbeid, skjønsemd og venskap i sitt tilhøve til alle statar.
Staten bør meir enn til no stø bytet mellom landa når det gjeld ymse kategoriar av arbeidarar, funksjonærar og næringsdrivande.
Målet for samarbeidet mellom nasjonane er ei verd der mistillit, angest og menneskjeleg underkuing er bortskaffa og avløyst av eit tillitsfullt, fredeleg samarbeid.
Kristeleg Folkeparti vil i samsvar med dette arbeida for at fleire og fleire mellomfolkelege tilhøve må verta ordna med internasjonale avtaler og tilrådingar. Men slike avtalar og tilrådingar må ikkje krenkja det kristne livssynet og ikkje føra til lovbridge som veikjer den stoda kristendomen har i lovverket i vårt eige land.
3. Fredsarbeidet og forsvar
Kristeleg Folkeparti meiner at det å bruka makt når internasjonale konfliktar skal løysast, er eit alvorleg trugsmål mot menneskeætta. Difor må konfliktane løysast med tingingar. Føresetnaden for at slike tingingar skal koma i gang og lukkast, er at det vert skapt eit tingingsklima, merkt av ymsesidig skjønsemd, vyrdnad og tillit.
I samsvar med dette vil Kristeleg Folkeparti arbeida på å styrkja Dei sameinte nasjonane, m.a. med at organisasjonen får permanente styrkar til vern mot fredsbrot.
Noreg må arbeida intenst for gjensidig kontrollert nedrusting, og for stogg i alle prøver med kjernefysiske våpen. Det må setjast inn meir på den ålmene fredsgranskinga, synast større djervskap når det gjeld å fremja positive framlegg, og det må vakast over at alle utvegar til tingingar om nedrusting vert utnytta.
Kristeleg Folkeparti vil ikkje at atomvåpen skal fellast inn i norsk forsvar.
Til dess SN har vorte ein fullgod og trygg garanti mot fredsbrot, er det naudsynt at Noreg er med i regionale tryggingssystem, og innan råma for det vestlege forsvarssamarbeidet må landsens vernetiltak haldast på eit forsvarleg nivå, samstundes med at tryggingstiltak for sivilforsvaret vert sette i verk.
Folkestyret
Skal folkestyret fungera etter sine føresetnader, må folkemeininga godkjenna grunnsetningane for det. Visse moralske eigenskapar (kvalitetar), slike som ansvarskjensle, ærlegdom, heiderleg framferd (lojalitet) og samarbeidsvilje må vera til stades i fullnøyande grad.
Ut frå dette meiner Kristeleg Folkeparti at det er ein uløyseleg samanheng mellom folkestyre og kristendom, etter di det er kristendomen som best kan skapa dei moralske kvalitetane som folkestyret byggjer på.
Føresetnader for folkestyret er åndsfridom og toleranse, der det berande prinsippet er fridom under ansvar. Med lovgjevinga og på annan måte må staten taka omsyn både til toleranseprinsippet og til det at han er bunden av føresetnaden i Grunnlova om eit folkestyre på kristen grunn. Både Grunnlova og skulelovene har til føresetnad ei kristen oppseding av born og ungdom, som gjev ord for folkeviljen. I all ny lovgjeving må staten kjenna seg bunden av dette.
Når det gjeld moral og lovlydnad, må det setjast minst like store krav til offentlege styresmakter som til einskildmennesket.
Organisasjonslivet er ein viktig lut av folkestyret vårt . Difor er det om å gjera at organisasjonane vert høyrde når saker som dei er knytte til, vert førehavde og avgjorde. Å byggja opp mektige organisasjonar kan og føra med seg ein fåre for den individuelle fridomen og retten til å taka eigne avgjerder. Kristeleg Folkeparti vil at det skal vera organisasjonsfridom, og at det ikkje skal lagast monopol - t.d. når det gjeld tingingsrett om lønsavtaler.
Så langt det er forsvarleg, må administrative saksdryftingar vera heilt offentlege, og når sakene vert avgjorde, må dei det gjeld få høve til å gjera seg kjende med det tilfanget som avgjerdene byggjer på.
Vidtgåande fullmakter skal ikkje gjevast utan det berrsynt er turvande, og dei må aldri undergrava den makt som folkevalde organ har. Den retten Stortinget har til å leggja på skattar, må ikkje undergravast med å delegera rett til å leggja på avgifter.
Det må vernast om det kommunale sjølvstyret, m.a. på den måten at det vert sytt for større fridom for kommunestyra til å disponera over kommunale inntekter, og med at kommunestyra får større innverknad i spørsmål om skjenkerettar som vert godkjende av staten.
Kristeleg Folkeparti vil arbieda for ein betre valskipnad og for rådgjevande folkerøysting og oppløysingsrett.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10118. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.