Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1953

KRISTELEG FOLKEPARTI. Program ved stortingsvalet 12. oktober 1953

Kristelig Folkeparti · 2 426 ord

«bompenger» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering

KRISTELEG FOLKEPARTI

Program ved stortingsvalet 12. oktober 1953

Kristeleg Folkeparti vil strida for at Guds ord skal vern rettesnora for samfunnslivet som for livet til den einskilde.

tviklinga i landet vårt har gjennom hundreår vore uløyseleg knytt til kristen tru, den sterkaste moralskapande kraft som soga kjenner. Ei aukande avkristning trugar i dag med å øyda denne kostesame kristenarven. I same mon som dette får henda, veikjest den åndelege og moralske ryggrada, og oppløysing trugar. I denne situasjonen vil Kr. Folkeparti arbeida ihuga for ei politisk line som opnar for dei livgjevande og moralskapande kreftene i kristendomen for heile samfunnslivet. Ut frå dette grunnsynet legg Kr. Folkeparti fram dette

PROGRAM

for Stortingsvalet 1953 :

I. FOLKEMORALEN.

1. Høg moral er vilkåret for styrken og velferda i eit folk. Moralsk svikt er hovudårsaka til vanskane og problema i samfunnet. Difor er det ei fundamental oppgåve for skapande politisk verksemd å leggja til rette grunnlaget for ein høg folkemoral. Ein skapar rett nok ikkje ein slik moral ved tvang eller politiske rådgjerder, men like fullt vil ein politikk som byggjer på dei lovene Gud har gjeve for samliv mellom menneske, vera eit mektig middel til moralsk lyfting.

2. Vern om heim og familieliv er ei sers viktig oppgåve. Den oppløysinga som på dette området går for seg i samfunnet vårt, er eit alvorleg trugsmål mot livet og framtida til folket. Vyrdnaden for det heilage ekteskapet og den livsforpliktande truskapen må vera ei hovudsak for samfunnspolitikken. Kr. Folkeparti vil arbeida for eit meir vake syn for den moralsk-kristne karakteren som oppsedinga alltid må ha. M.a. må skule, kringkasting og film tena dette føremålet. Med effektive tiltak må ein strida mot pornografiske tendensar. Tipping, totalisator o. l. spel er skadelege ovringar som ein må arbeida imot.

II. SKULE OG KYRKJE.

1. Kristendomen skal vera eit hovudfag i folkeskulen. Faget må vera obligatorisk i framhaldsskulen og få større timetal i den høgre skulen. Ellers bør det få rom i yrkesskular og fagskular. Kristendomsopplæringa må leggjast betre til rette i skulestellet. Lærebøker og undervisning i alle fag må vera i samsvar med kristen tru og moral. Det må framleis vera skulestyret etter samråd med foreldra som avgjer om forplantingslære skal innførast i skulen. Det er ei samfunnsoppgåve å verna ungdomen mot moralsk utgliding og å hjelpa han til gode og byggjande fritidstiltak.

2. Samarbeidet mellom skule, kyrkje og heim skal byggjast meir ut. Inga skulereform må endra tilhøvet mellom kyrkje og skule. Lærarane må framleies vera representerte og ha røysterett i skulestyret. Skuleverket må byggjast godt ut frå grunnskulen til toppskulen. Bygging av skulehus må fremjast så sterkt råd er. Utdaning av fleire lærarar. Effektive tiltak for så snøgt råd er å få slutt på lærarnauda i folkeskulen. All ungdom må få høve til praktisk og teoretisk opplæring. Økonomien må ikkje stengja for evnerik lærviljug ungdom.

Frie upolitiske skular (folkehøgskular, ungdomsskular, yrkesskular, hage- og jordbruksskular, realskular, gymnas o. a.) skal ha livsrett og statstilskot når dei fyller rettvise krav.

Skuleverket for vanføre, blinde og dauve må byggjast ut på fulltrygg måte. Evneveike får så god opplæring som råd er. All opplæring må leggja meir vekt på det karakterbyggjande enn no. Revisjon av skuleverket må ikkje føra til eit sentralisert skulebyråkrati.

3. Den norske kyrkja skal ha full åndeleg fridom i arbeidet sitt og få dei organa og dei spesialutdana arbeidarane ho treng til å løysa oppgåva si. Diakoniet i kyrkja vert styrkt. Krigsråka kyrkjer må atterreisast så snøgt råd er, og nye kyrkjer må byggjast i takt med bustadbygginga. Store kyrkjelydar må delast. Representantane for kyrkja må framleies vera sjølvskrivne medlemer av skulestyre, barnevernsnemnder o.l.

III. SOSIALPOLITIKKEN.

1. Heimen, foreldre og born er kjernen i folket. Staten må verna og stø tiltak som tek sikte på å skapa gode heimar. Kvar familie må ha godt og tenleg hus. Difor må det verta større fart i bustadbygginga. Både offentleg og privat bustadbygging skal fyrst og fremst gjeva rom for huslydar med born, men ein må ikkje gløyma einslege og gamle. Staten oppretter lånekasse for busettingslån til ungdom. Sjølvbyggjarar får hjelp og stønad, m. a. ved skattefritak innan rimelege grenser for eigen arbeidsinnsats. Ein må skunda på arbeidet med å få vatn og elektrisk kraft i heimane og arbeida for andre tiltak som vil letta strevet for husmødrene. Skiping av kreditordning med tanke på å yte lån og stønad til mekanisering og rasjonalisering av husarbeidet. Arbeidskraftspørsmålet i heimane må løysast, m. a. ved utbygging av husmorvikaryrket og heimerøkten. Staten bør gje eit visst tilskot til løna når ein har kvalifiserte folk. Opplæring i husmoryrket for alle gjenter. Ein skal verna barnet ved lov og tenlege tiltak. Stat og kommune må yte meir stønad til heimar for foreldrelause og forsømde born.

2. Dei fyrste stega i folketrygda må verta gjennomførde så snart råd er, uføretrygd, sjuketrygd for alle, forsytartrygd o. a. Større barnetrygd til den som har mange born å forsyta. Alderstrygd for alle.

3. Pensjon søkes gjennomførd for jordbruk, skogsbruk, fiske og fangst.

4. Betre utbygging av helsestellet på landet. Økonomi eller bustad må ikkje hindra at hygieniske og medisinske framsteg når ut til heile folket. I strok med spreidd busetjing og store fråstandar må lækjardistrikta delast. Fullt utbygd folketannrøkt. Helsesystrer i alle bygder eller sokner. Betre omsorg for åndsveike og sinnslidande, med snøggare utbygging av heimar gjennom intimt samarbeid mellom stat, fylke, kommune, organisasjonar og private. Inseminasjon, abortus provocatus og misbruk av mødrehygienekontora motarbeides.

5. Edruskapsarbeidet.

a) Kompromisslaus kamp mot rusdrikken og drikksskikkane.

b) Positive tiltak for å skapa eit alkoholfritt folkeliv. Sakleg opplysning om alkoholspørsmålet i alle skular. Arbeid for alkoholfritt festliv ved høgre skular, i militærlæger o. a. institusjonar for ungdom. Effektive tiltak for å få ølsalet under kontroll. Offentleg stønad til alkoholfrie restaurantar og ungdomsheimar. Ingen rusdrikk på offentlege samvær. Absolutt fråhald i trafikkteneste og andre ansvarsfulle yrke. Større tilskot til det friviljuge fråhaldsarbeidet. Lågare skatt på alkoholfri drikk.

c) Betre alkoholistforsorg og effektive førebyggjande tiltak. Overskotet ved Vinmonopolet må nyttast etter føresetnadene, så større summar kjem edruskapsarbeidet til gode. Matvarer må ikkje nyttast til framstelling av rusdrikk.

d) Styrking av det kommunale sjølvstyret i avrøystingar som gjeld servering og sal av rusdrikk. Ved avrøystingar om utsal for A/S Vinmonopolet skal ikkje berre den enskilde kommunen (byen) vera med, men og det distriktet som naturleg soknar til.

e) Forbod mot rusdrikkreklame på staten sin eigne områder.

IV. NÆRINGS- OG ARBEIDSLIV.

Målet for den økonomiske politikken og næringspolitikken er å skapa trygge og gode arbeids- og levekår for alle med jamstelling mellom næringar og landsdelar og med rett til arbeid for alle. Ein legg serleg vekt på naturgjevne hovudnæringar som jordbruk, skogbruk og fiske.

Ved effektiv planlegging må ein gjennom private og offentlege tiltak freista å hindra arbeidsløyse, og gjennom internasjonalt økonomisk samarbeid må ein positivt arbeida for å hindra økonomiske kriser.

Kr. Folkeparti representerer ingen spesielle økonomiske gruppe- eller klasseinteresser og vil korkje eit gjennomført sosialistisk statskapitalistisk eller eit einsidig privatkapitalistisk samfunn. Staten bør berre overta økonomisk verksemd i den mon statsdrift samfunnsmessig og økonomisk sett løyser oppgåvene betre enn privatdrift. Ein skal elles mest mogleg nytta det private initiativ under ansvar og med den kontroll som trengst for å hindra misbruk.

Desentralisert, effektiv og ledug administrasjon styrd av folk med praktisk skjøn og godt kjennskap til landslutene, næringane og tilhøva.

Gjenom organisasjonane sine må dei som driv dei einskilde næringane og

som har rik røynsle, verta tekne med på råd når ein dreg opp retningslinene for næringa eller næringspolitikken.

Skattepolitikken skal ha som mål å skifta skattebyrdene på ein sosialt rettvis

måte. Han må ikkje hindra ei vidare utbygging av næringslivet, meinka produksjonen eller bremsa på privat sparing.

Kr. Folkeparti vil gå inn for familievenlege skattetabellar, lemping i

progresjonen ved utlikning av statskatt og vil gjeva privat sparing gode vilkår.

Ein gjennomfører skattefri inntektsgrense for arbeid som skuleungdom gjer i fritida.

Det skal ikkje vera omsetningsskatt på dei mest naudsynlege forbruksvarene. Full skattlegging av spele- og spekulasjonsvinstar. Målmedvite arbeid for å skapa ein høgre skattemoral.

Streik og lockout må ikkje lama næringslivet. Usemjer løyser ein ved mekling og voldgift (lønsnemnd).

V. EINSKILDE NÆRINGAR.

1. Jordbruksnæringa er ein fundamental og stabiliserande faktor i landsens næringsliv. I tida framover vil det verta ei viktig oppgåve i alle land å syta for matproduksjonen. Difor er det naudsynt å reisa effektivt vern om den dyrka og dyrkande jorda i landet. Det må verta ei samfunnsplikt at det i tillegg til den ordinære nydyrking vert dyrka like mykje som ein nyttar av dyrka jord til vegar, byggjetomter, idrottsanlegg, flyplassar o.l., helst i same distriktet.

Dei økonomiske vilkåra for jordbruket må leggjast slik til rettes at jordbrukarane i landet kan få økonomisk evne til å hevda seg kulturelt og i tevlinga om arbeidskrafta, og makta dei investeringane i driftsbygningar og anna teknisk utstyr som er turvande for å auka produktiviteten.

Prisar og produksjonsvilkår må tryggjast på lengre sikt. Lønsemda på dei mange små bruka som har det vanskeleg, må betrast ved serskilde stønadstiltak, m. a. ved prisreduksjon på kraftfôr og andre driftsmiddel.

Ein må gje effektiv stønad til bureising, nydyrking og beitekultivering. Ein må letta høvet for dei små bruka til å få tilskotsjord, m. a. ved at dyrkingsjord i offentleg eige vert sett til rådvelde, like eins skog der det er høve til det.

Kåra til jordbruksarbeidarane skal tryggjast.

Ein må finna fram til former som stimulerer interessa for jordbruksopplæringa, og som høver for dei tilhøva ein no har med lite arbeidskraft i jordbruket.

Framhaldsskulen i landdistrikta må byggjast ut med praktiske liner med jordbruks- og smånæringsfag. Det bør tilsetjast fleire heradsagronomar.

Jordbrukssamyrket må framleies få stønad.

2. Skogbruksnæringa må tryggjast stabile prisar og løner. Kåra til skogsarbeidarane må tryggjast, m. a. ved ei vidare utbygging av yrkesutdaninga til skogsarbeidarane.

Arbeidet med kultivering av skogsmarka vert fremja og stødd med offentleg tilskot. Serleg må det verta større fart i arbeidet med skogreising i dei skoglause stroka. Plantemark og skogsmark som ligg i sameige, bør bytast ut, og dette arbeidet må gå snøggare enn no.

Offentleg stønad til bygging av skogsvegar. Ein stor lut av skogområda høyrer til jordbruk og vert drivne saman med det. Dette er ein naturleg og god kombinasjon.

3. Fiskerinæringa må få lønsam drift ved modernisering og effektivisering av fiske- og fangstflåten, reiskaps- og fiskeforedlingsindustrien. Ein må alltid ha for auga konkurranseevna i næringa andsynes utlandet. Ein må verna om fiskefelta, så posisjonen vår som leidande fiskerinasjon kan haldast ved lag. Fiskarane, båt- og brukseigarane må tryggjast forsvarleg vinning av arbeid og innsats.

Større løyvingar til hamneanlegg, vidare utbygging av havgransking, stønad til yrkesopplæringa. Utviding av marknadsstudia i utlandet. Ein freistar å løysa finansieringsspørsmålet i næringa, slik at kapitalfattige fiskeristrok lettare kan gjera seg gjeldande.

4. Industrien må fyrst og fremst byggjast på råstoff og elektrisk kraft som landet har. Det må leggjast vekt på geografisk spreidd industri, også med tanke på småverksemder som kan nytta arbeidskrafta på staden, ikkje minst med tanke på sesongledig arbeidskraft i jordbruk og fiske. Rasjonalisering av arbeidslivet må koma verksemdene, arbeidstakarane og forbrukarane til gode.

Produksjonsutval og bransjeråd må og nyttast til å jamna ut motsetnader og skapa godt samarbeid i arbeidslivet.

Ein greier ut spørsmålet om del i vinninga for arbeidarane og dei økonomiske interessene deira.

5. Handverk. Vilkåra vert lagde til rettes for å tryggja rekrutteringa til handverksfaga.

6. Skipsfarten som alltid har hatt så stor økonomisk verd for landet må ikkje få restriksjonar og tyngsler så konkurranseevna vert veikt. Dei økonomiske problema til småskipsfarten må ein leggja større vekt på. Norsk skipsbyggingsindustri må byggjast ut og moderniserast. Ein må tryggja og verna om dei økonomiske og sosiale kåra til sjøfolka.

7. Handelen er ein viktig og naudsynleg samfunnsfunksjon. Ein må tryggja dei økonomiske og sosiale kåra til næringa. Auka samhandel mellom landa. Privat og kooperativ omsetnad skal ha like vilkår.

VI. KOMMUNIKASJONAR OG KRAFTUTBYGGING.

Gode kommunikasjonar og rikeleg tilgang på elektrisk kraft lettar i høg grad tilværet for folk, ikkje minst på avsidesliggjande stader.

Kristeleg Folkeparti vil difor gå inn for større løyvingar til vegbygging. Den ekstraordinære bensinavgifta må fullt ut koma vegane til gode. Vegarbeidsdrifta må verta meir mekanisert.

Bygging og elektrifisering av jernbaner må førast fram i snøggare tempo. Rutesambandet til veglause distrikt ved kysten må rasjonaliserast og styrkjast med tanke på å gå over frå sjøvegs til landvegs trafikk.

Med tanke på å koma bort frå importert brensel og få drivkraft til nærings- og arbeidslivet og brensel til private, er det av største nasjonaløkonomiske verd at tempoet i den vidare utbygging av kraftkjeldene våre vert auka.

VII. FRIDOM OG FOLKESTYRE.

Alle dei politiske partia har gjennom fellesprogrammet bunde seg til å gjennomføra ei rettvis valordning, slik at Stortinget kan verta det best mogelege uttrykk for folkeviljen. Denne lovnaden er framleies ikkje innfridd, og Kristeleg Folkeparti vil difor halda fram med arbeidet for ein rettvis valskipnad med utjamningsmandat.

Rådgjevande folkeavrøysting skal innførast. Kristeleg Folkeparti vil vera på vakt mot totalitære tendensar, einsretting og all unaudsynleg dirigering og regulering.

Vidtgåande fullmaktslover kan vera tenlege i sermerkte og alvorlege krisesituasjonar, men elles må ein så vidt mogeleg unngå dei, og ein må framom alt ikkje undergrava makta til dei folkevalde organa.

Finn ein det naudsynt i ein krisesituasjon å gå noko meir inn på det tilvande fridomsomkvervet, må dette berre verta gjort gjennom serleg og mellombels lov for kvart tilfelle eller ved stortingsvedtak.

Stortinget sin rett til skattlegging må ikkje holast ut gjennom delegering av rett til å leggja på omfatande avgifter.

Organisasjonstvang og organisasjonsmonopol innan nærings- og arbeidslivet skal motarbeidast.

VIII. UTANRIKSPOLITIKK OG FORSVAR.

Dei viktigaste måla for utanrikspolitikken er: å vara freden, å auka samkvemet mellom nasjonane og å hjelpa tilbakeliggjande land til vidare utvikling.

Difor må Dei Sameinte Nasjonane få sterk stønad. Så lenge freden og fridomen er truga og eit kollektivt trygdesystem enno ikkje har kome i stand, vert den frie verda tvinga til å byggja ut regionale tryggingsordningar som Atlantpakta til forsvar for fridom og folkestyret.

Dei offer som samfunnet er nøydd til å yta for å verja folk og land, må nyttast effektivt.

Det europeiske samarbeidet må ein freista å styrkja. Dei kulturelle, sosiale og økonomiske hopehava med våre nordiske broderland må og byggjast vidare ut. Det Nordiske Råd som nyleg er skipa, må ikkje få utvikla seg til ein overparlamentarisk politisk instans.

Som ein lekk i arbeidet med å sikra freden og styrkja menneskeverdet må Noreg vera aktivt med når det gjeld hjelp til teknisk og økonomisk tilbakeligjande land.

Noreg høyrer med til den kristne demokratiske kulturkrinsen, og den mellomfolklege politikken skal vera i samsvar med det kristne livssynet som er det einaste grunnlaget som held, og den sterkaste inspirasjon for alt mellomfolkeleg arbeid.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10115. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.