Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1933

Kristelig Folkeparti 1933

Kristelig Folkeparti · 212 ord

Kristelig Folkeparti 1933

Folkets Framtid presenterar her det fyrste offisielle program for Kr.F., slik det var sett opp i valbrosjyra føre stortingsvalet i 1933.

1. Kristeleg Folkeparti vil verna um dei kristelege og nasjonale verdiar i kyrkja, skule arbeidsliv og i vårt kulturliv i det heile.

2. Partiet vil arbeida for at sosial rettferd utfrå eit kristeleg grunnsyn må råda i det norske folkeliv.

3. Partiet ser fråhaldssaki som ei av dei store sosiale saker i vårt folkeliv. Det må vernast um det kommunale sjølvstyret i rusdrykkspursmålet. Edruskapsspursmålet må få større rom i skuleupplæringi. Det må inn ogso ved fagskulane og universitetet. Alle som beinveges hev ansvar for menneskeliv i si tenesta må vera fråhaldsmenner. Målet må vera eit edrufolk.

4. Partiet vil hjelpa fram alle gode næringsgreiner. Det må serleg takast umsyn til dei folk, som set tyngst i det no for tidi dei arbeidslause, og so bonde- og fiskarfolket.

5. Det må skapast ro og trygd for arbeidslivet i landet. Det må ikkje verta tolt at nokon trassar lov og rett. Det må arbeidast for at kristeleg syn og tenkjemåte fær vyrnaden og makti i vårt rettstell og rettsliv. Folkestyret må tryggjast.

6. Partiet vil «fred på jordi» og vil difor stydja alt ærlegt og folkegagnlegt fredsarbeid i landet.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10112. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.