Prinsipprogram · 1936
KRISTELIG FOLKEPARTIS PRINSIPP- PROGRAM 1936
Kristelig Folkeparti · 891 ord
KRISTELIG FOLKEPARTIS PRINSIPP- PROGRAM 1936
Det prinsipp-programmet som styra for Kr.F. i Hordaland og Bergen forma ut, vart gjort offentleg den 8. juli 1936 og har dei same grunnideane som partiet seinare har fylgt :
"Kristeleg Folkeparti byggjer på den yvertyding at kristen tru og moral er det naudsynlege grunnlaget for folket sin materielle og åndelege vokster. Veikjest dette grunnlaget, so vil dei djupaste og beste samfunnsverdiane smuldra burt litt um senn. Difor ser partiet det som ei hovudsak å hevda kristent grunnsyn i vårt offentlege liv og vil gå inn for det med program og politikk. Me er mykje takksame for den arv av kristen ånd og kultur folket vårt eig, og for den innsats som i so måte ogso er gjort av andre partier.
Men me ser det slik at tilhøvi no i serleg mun krev ein sjølvstendig kristeleg innsats i vår politikk. Me står midt uppe i ei krisa som delvis kjem av tekniske og økonomiske umskifte, men den djupaste årsaki er av åndeleg natur, ho speglar av brigde og umbrøyte i trui og livssynet hjå menneskja. Dette grip sterkt inn i vårt kulturelle, sosiale og politiske liv. I ei slik tid hev eit kristeleg parti ei stor uppgåva. Det er ikkje nok berre å føra strid mot avkristningstendensane, men her må gjerast eit positivt kristelegt innslag i vår åndelege og politiske kamp. Det er ikkje nok berre å verna det verdfulle i vår kristne kulturelle arv, men å hevda eit avgjort kristent livssyn som det berande grunnlag for all framvokster, og ut frå dette grunnsyn vera med å forma og fremja vår folkelagnad.
Me viser til ovannevnde og i samsvar med det set me upp sovore program :
1. Vern um dei kristelege verdiar i kyrkja, skule og kulturliv. Kristendomsupplæringa må framleis tryggjast ein sentral plass i folkeskulen og få sterkare tak i den høgre skulen. Religionslærarane i statsskulane bør vedkjenna seg den kristne tru.
Best moglege arbeidsvikår for kyrkja og det friviljuge kristelege arbeid. Betre helgedagslover.
Ingen offentleg stunad til kulturinstitusjonar som vert leidde i antikristeleg ånd eller bryt ned på den kristne moral.
2. Folkeskulen må byggjast og betrast so han stødt kann verta velskikka å leggja grunnlaget for vår materielle og åndelege kultur i bygd og by. Framhjelp av praktisk upplæring for ungdomen og ei god sameining millom skulen og det vidareførande folkeupplysningsarbeid.
Frie skular til utdaning av ungdomen som folkehøgskular (kristelege) ungdomsskular, lærerskular, gymnas o. a. fær arbeidsrett og statstilksot so sant dei elles fyller dei pedagogiske krav, som må setjast til slike skular.
3. Arbeid for større sosial rettferd på kristeleg grunn.
Partiet ser ikkje idealet korkje i ei vidfemnande tvangsorganisering eller i uhindra konkurranse. Individet sin rett til arbeid vert hevda, og det private initiativ må vernast solangt det ikkje kjem i strid med ålmene umsyn. På same tid skal det gjevast rom for tiltak som byggjer på solidaritetstanken og friviljug tilslutning. Styresmakti bør ha rett til å gripa inn og jamna ut konflikter som vil skada samfund og folkeliv.
Arbeidsmoralen må styrkjast.
Partiet ser i arbeidsløysa ei av dei største ulukkor for folket, og vil bøta på dette med å hjelpa fram arbeidstiltak og arbeidsliv i landet og ved nyttige og naudsynte offentlege arbeid. Folketrygd må skipast på forsvarleg økonomisk grunnlag.
4. Energisk kamp mot rusdrykkforbanningi, målet er eit heilt edru folk. Heilt kommunalt sjølvstyre i rusdrykkspursmålet. Statens edrugskapsråd må gjerast mest mogeleg effektivt, edrugskapsnemndene må styrkjast ogso økonomisk so dei heilt kann verka etter sitt fyremål ; staten ber utgiftene, stort set. Statsinnkoma av rusdrykkhandelen skal fyrst og fremst brukast til å fremja edrugskapen i landet og til alkoholistforsorg. Fråhaldsplikt for alle som i si tenesta og i sitt yrke hev ansvar for menneskjeliv. Arbeid for ein alkoholfri reisekultur.
Større plass for undervisning i alkoholspursmålet i heile skuleverket og ved universitetet.
Rusdrykk må ikkje brukast ved dei offentlege festar og tilstellingar staten held.
5. Lønsemdi for bondeyrket må Iyftast i samsvar med dei andre næringane.
Tilskot til bureising og nydyrking må ytast i samhøve med det store rom bondenæringi hev i landsens arbeids- og næringsliv.
Unytta offentleg jord skal arbeidsviljuge og velskikka bureisingsmenner få fritt til arbeid og odling av eit nytt bruk.
Fiskerinæringi må få slik studnad at det tryggjer kåri åt fiskaren og arbeidet hans, lettar umsetnaden og skapar best mogoleg marknad innan- og utanlands. Fiskefelti må vernast for landet sine eigne folk. Fiskerieksporten må løysast so langt råd er frå plikt-import av alkoholvaror.
Vidare utbyggjing av kommunikasjonane våre må ta serleg umsyn til avstengde bygder, grender og gardar.
6. Partiet vil sjå det som ei av dei viktigaste fyrelogor å styra staten sine midlar på ein skynsam og fullgod måte. Skattebyrda bør lettast og mest mogeleg bytast etter den evna skattytarane eig, serleg må barnerike huslydar få større lette, m.a. på forbruksskatt.
For tunge kommunale byrdor bør jamnast ut millom kommunane og staten. Offentleg studnad må ytast etter prinsippet : hjelp til sjølvhjelp.
All statsdrift må styrast etter gode økonomiske prinsipp i samsvar med sosiale og ålmenne umsyn.
7. Partiet vil stå vakt um folkestyret og gjera det alt betre skikka til å løysa dei uppgåvor tidi byd. Rettargangen må leidast upartisk og rettvist i kristeleg demokratisk ånd.
8. Forsvaret tek sikte berre på naudsynt vakthald. Partiet vil stydja millomfolkelegt samarbeid, fremja utveksling av materielle og åndelege verdiar med avrusting og fred som endelegt mål.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10109. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.