Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1953

PROGRAMMET ÅT HØGRE TIL STORTINGSVALET 1953

Høyre · 4 113 ord

PROGRAMMET ÅT HØGRE TIL STORTINGSVALET 1953

Utgjeve av landsstyret i Høgre

HØGRE VIL:

hevda det kristne livssynet og vyrdnaden for kvart einskilt menneske,

byggja opp forsvaret og tryggja fridomen,

tryggja arbeid og gode kår for alle,

løysa ut den skapande trongen i arbeidslivet, auka produksjonen og stella det so at det vert gode varor å få til rimeleg pris,

taka bort dei sosialistiske reguleringslovene,

skapa ny tillit til pengeverdet og leggja vilkåri til rettes for personleg sparing,

tryggja det økonomiske sjølvstendet for landet,

halda statsutgiftene innanfor rimelege grensor og letta skattebyrdi,

gjeva all bustadbygging fri,

verna det norske målet mot tvangsvelde,

skipa det so at kvar samfunnsgruppe i bygd og by, får sin rettkomne part av alle kulturelle, materielle og sosiale gode.

Høgre vil byggja alt framstegsarbeid på vesterlands kulturarv, på kristelege grunnsetningar og på tillit til kvart einskilt menneske.

Målet som Høgre arbeider fram imot, er eit samfunn med personleg fridom, med velstand for alle og sosial tryggleik.

Landet har naturlege rikdomskjeldor som ikkje er utnytta enno, og folket har overskot på skapande evne og vilje. Alt ligg godt til rettes for ein rik materiell og kulturell vokster, når berre samfunnet vert såleis styrt og stelt at dei byggjande kreftene slepp til og får verke- og voksterrom.

Det er personleg tiltak og vågnad som har skapt den store framgangen i landet i det siste hundreåret, med fri tevling og friviljugt samarbeid til grunnlag. Freistnadane med ein sosialistisk politikk har heft denne framgangen, og skattepolitikken i seinare år har minka vår økonomiske motstandsmakt ; svingingar i den internasjonale økonomien har alt gjeve oss ymse kriseminningar og pårøyningar.

Til å tryggja alle yrkesgruppor mot atterslag vil Høgre bort frå den tvangsstyringi som staten no held oppe, og opna veg for den naturlege makti i næringslivet, så ho kan føra til ny og større framgang for alle. For Høgre gjeld det å leggja alt til rettes for denne framgangen, med ein politikk som byggjer på samarbeid mellom by og land og alle lag av folket.

Ut frå dette grunnsynet set Høgre opp dette programmet

UTANRIKSPOLITIKK OG FORSVAR

Å tryggja fridom og fred må vera det fyrste og fremste fyremålet for utanriks- og forsvarspolitikken.

Høgre vil vera med og fremja alle tiltak som kan jamna ut dei mellomfolkelege motsetningane. Me vil styrkja det nordiske og europeiske samarbeidet og halda fram med stønade til det mellomfolkelege fredsarbeidet som S.N. driv.

Høgre vil byggja ut vårt eige forsvar i samskyn med dei andre nasjonane som er med i Atlanthavspakti. Forsvaret må skipast so, at det kan slå frå seg både snøgt og sterkt, om det skulde røyna på. Forsvarspolitikken skal ikkje gjeva rom for tvil om at me vil verja landet mot åtak, til det yttarste.

Høgre vil snarast råd er, setja den forsvars- og befalsskipnaden som Stortinget har vedteke, ut i livet, so forsvaret kan koma inn i ein fast og stødig arbeidsrytme. Tenesta i forsvaret skal by sine folk so gode vilkår, og so godt høve til framflytting, at ho kan draga til seg dei som er best skikka for denne tenesta. Tenestetidi til innkalla mannskap må nyttast vel ut, so forsvarsviljen ikkje dovnar. Kvar mann må setjast inn på den staden som høver best til hans opplæring og yrke. Velferdstenesta skal byggjast betre ut.

Marinen må og byggjast ut, so han til fullnads kan makta si oppgåve i landsforsvaret.

Likeins må heimevernet på beste måte fellast inn i heile forsvarsverket og setjast i stand til å tryggja landet mot bråe åtak. Dei friviljuge forsvarsorganisasjonane og det friviljuge skyttarstellet skal ha munaleg stønad til sitt arbeid.

Det må førast kontroll med at dei store offer som forsvaret krev, vert nytta på beste måte, til eit sterkt og godt vern.

STAT OG SAMFUNN

Høgre vil verna om folkestyre, Grunnlov og rettstrygd. Einast Stortinget skal ha makt til å gjeva lover og leggja på skattar. Systemet med fullmaktlover er udemokratisk og ukonstitusjonelt; det flytter viktige avgjerder frå Stortinget til departement og direktorat og stengjer for fri og vaken kritikk.

Høgre krev full vyrnad for den rett som kvar borgar har til frimodige ytringar om landets styre og stell, og ser ein fåre både for ytringsfridomen og for sjølve meiningsfridomen i den aukande statsdirigeringi i yrkeslivet, som trugar med å taka makti over livsvilkåri til kvart einskilt menneske.

Høgre vil opna høve til å setja administrative avgjerder under upartisk prøving.

Høgre krev at offentlege tenestemenn skal tilsetjast etter saklege omsyn. Dei skal ha gode økonomiske vilkår. Ei desentralisering og forenkling skal gjenomførast i den offentlege administrasjonen .

Høgre vil halda fram med arbeidet for ein rettferdig valskipnad.

Høgre vil styrkja det kommunale sjølvstyret og setja seg imot den sosialistiske stemna som vil føra meir og meir makt og mynde over frå lokale til sentrale instansar. Høvetalsval skal brukast i større mun når det gjeld kommunale styre og nemnder.

Høgre vil arbeida for folkerøysting som kan gjeva veljarane meir beinveges innverknad på viktige avgjerder i samfunnspursmål.

KYRKJE, SKULE, KULTUR

Det kristne livssynet er grunnlaget for vår kultur. Høgre vil halda oppe den norske kyrkja og gjeva henne større sjølvstende innanfor den råma som høyrer statskyrkja til. Andre tru-samfunn og kristelege samskipnader skal få ha sin fulle fridom. Skulen skal byggja på kristen grunn. Det må verta eit inderleg samarbeid mellom heimane, skulen og kyrkja, so karaktervoksteren kan gå saman med ei levande kristenopplæring.

Ein fullverdig folkeskule skal vera grunnlag for læreverket vårt. Målet er ein skule som gjev allsidig utdaning og formar sjølvstendige menneske i eit demokratisk samfunn. Kravet om fagopplæring må ein stetta med hjelp av eit betre utbygt system av framhaldsskular, yrkesskular, realskular og gymnas med høveleg linedeling.

Evnerik ungdom frå bygd og by bør ha same høve til utdaning, utan omsyn til økonomiske kår. Universitet og høgskular må i størst mogeleg mun stå opne for alle, og byggjast ut so dei kan læra opp dei fagfolk som landet har bruk for.

Skulestellet strider med store vanskar for di skulehusbyggingi har vore forsømd i seinare år. Høgre vil setja alt inn på å få retta på denne veila. Andre vanhøve er óg til meins for eit fullnøgjande arbeid i mange folkeskular. Fyrst og fremst må ein syta for at minstekravi i lovi frå 1936 vert fullstetta i alle skulekrinsar.

Når det gjeld sentralisering, skal det leggjast vekt på ynsket frå krinsane sjølve. Kyrkja og lærarane bør framleies ha sine målsmenn i skulestyret.

Private skular må kunna få offentleg stønad, so framt dei stettar kravi til læreplan og elles byd på fullnøgjande skuletilhøve.

Skulekjøkkenopplæringi må byggjast ut.

Høgre er imot monopol på lærebok-utgjeving.

Eit rikt og godt samstillt kulturliv er grunnlag for framsteg og vokster. Difor må staten syta for gode og trygge arbeidsvilkår i vitskap og kunst, og løyvingane må vera so romslege at kulturinstitusjonane våre kan fylla si fyreloge og hevda vår rang mellom kulturnasjonane. Folkebibliotek og folkeakademi, kringkastingi, riksgalleriet og dei andre kulturinstitusjonane må nyttast ut so dei kan føra kulturverdiane våre fram til heile folket.

Høgre vil verna det norske målet mot all tvang. Bokmål og nynorsk må få veksa fritt og naturleg. Foreldri må få ha sin fulle rett til å velja mål og målform i skulebøkene til borni.

ØKONOMI OG FINANSAR

Full sysselsetjing – auka produksjon – gode livsvilkår.

Høgre vil føra ein målfast politikk som skal tryggja full sysselsetjing og gjeva kvart samfunnslag sin rettkomne part av vinningi. Dette kan berre skje med eit system som gjev rom for skapande tiltak, personleg ansvar og fri tevling innan alle yrke.

Staten må leggja vilkåri soleis til rettes for yrkeslivet, i by og bygd og på havet, at det vert nok av gode varor til rimeleg pris. Her er eit nettverk av restriksjonar og forbod og tvangsråder, som døyver tiltaksvilje og pågangsmod og hefter produksjonen. Det vil Høgre ha bort, og setja ærleg tevling i staden. Det er vegen til eit naturleg prislægje og til betre produksjon. Serlege årsaker til ovpris må ein møta med høvelege åtgjerder, so langt og so lenge det er naudsynt. Mellombels vil difor Høgre halda oppe dei lovreglar som trengst, men ikkje den permanente prislovi.

Likeins vil Høgre ha kontroll med private avtalar som stengjer for fri tevling og fører til prisauke. Marknadsreguleringar og bransjeavtalar skal gjerast om inkje, so framt dei verkar til skade for ålmenta. Her har Høgre gjort framlegg om lovbrigde som skal tryggja fullgod kontroll til bate for varebrukarane.

Høgre vil ha bort statsmonopolet på innførsle av råvaror til fiskereidskap, likeins statsmonopolet for innførsle og omsetnad av medisinsaker, og kraftfôrmonopolet.

Støduge prisar og pengetilhøve.

Den stuttsynte inflasjonspolitikken som har vore driven, med stigande prisar og utrygge pengetilhøve, skaper store vanskar for folket; han holar ut konkurranseevna, grev grunnen undan arbeidslivet og gjer framtidi utrygg. Høgre vil føra ein politikk som skal kveikja og nøra arbeidsviljen og leggja vilkåri soleis til rettes for full og varig verksemnd, utan skadeleg prisstigning. Målet er jamn vokster og velstand for heile folket. Med eit velskipa system av tiltak vil Høgre jamna ut konjunktursvingingane og hindra atterslag i produksjonslivet. Den økonomiske verksemdi som staten driv, skal gå inn i dette systemet og måtast til etter det; ho vert auka so snart det syner seg teikn til avslakking i næringslivet, samstundes med at den private verksemdi får all den framskuv som staten kan gjeva henne. Ein planfast pengepolitikk skal letta kreditten, og skattleggingi skal skipast om, soleis at ho beintfram stører verksemdene til å auka arbeidet. Kjøpekrafti hjå det ålmenne folket skal styrkjast. Investeringar som staten gjer, skal greidast med lån, om det er naudsynt, ikkje med større skatt.

I gode tider må ein fyrebu seg på nedgangstidene, med tiltak som kan hindra avslakking. Både stat og kommune og private verksemder må vera med i sovori fyrebuing, med å setja opp vel utarbeidde planar for investering og arbeidsskapande tiltak som kan setjast i gang på stutt varsel. I oppgangstider styrkjer verksemdene stoda si med å leggja opp reservar som kan setjast inn når det trengst til å halda arbeidslivet på si rette høgd.

Høgre vil føra ein pengepolitikk som skal hindra kjøpepress, likso vel som prisstigning og skadelege prisfall. Stødugt pengeverde er ein fyresetnad for sparing. Men ålmenn oppsparing er grunnlaget for framgang i produksjonslivet. Difor må ho få kveik til ny vokster.

Løn og yrke.

Høgre vil at kvar mann fritt skal kunna velja yrke og arbeidsstad.

I alle yrke er det sterke interesseband som knyter saman arbeidarar og funksjonærar og leidarar. Høgre vil styrkja den samhug og samkjensla som må råda mellom dei tri partane. Samfunnet og lønsmottakarane er ikkje berre interesserte i trygge og gode løner; det er og om å gjera å finna fram til løningsformer som eggjar til auka innsats for betre løn. Ein må freista finna ut kva slag løningsmåter som fører best fram i so måte, med hjelp av offentlege tiltak om det er naudsynt. Likeins bør spursmålet om utbytedeling mellom arbeidarar og funksjonærar granskast nøgje.

Høgre vil verna om retten for arbeidarar og funksjonærar til fri tinging og om retten deira til å velja sjølve om dei vil organisera seg, og kva for ein organisasjon dei vil gå inn i. Tingingsretten må ikkje verta nokon rettsleg eller røynsleg serfyremun for organisasjonar som er bundne til visse politiske parti.

Høgre vil arbeida for full jamstelling mellom kvinnor og menn, med same lønsvilkår og same framvoner.

Skattar og avgifter.

Høgre vil halda fram med arbeidet for å letta trykket av skattar og avgifter. Skattesystemet må leggjast om, so det atter kan verta grobotn for den kjensla at det svarar seg å røyne kreftene, jamvel i arbeid som rekk ut over det vanlege. Det må lempast på skattleggingi i yrkeslivet, so det kan stå seg i tevlingi frå utlandet, og by sine folk gode og stødige arbeidsvilkår jamvel i nedgangstider.

Høgre vil ha statsutgiftene og statsbudsjettet ned på ei meir rimeleg høgd. Dei tiltak som det offentlege tek på seg eller set i verk, må ein alltid sjå under eitt og halda innan grensone for det som riket realøkonomisk sett har råd til.

Høgre vil arbeida for ein rettvis skatteskipnad for gifte kvinnor.

Noreg og verdsøkonomien.

Noreg er nøydd til å driva eit sterkt varebyte med utlandet. Nær på halve produksjonen tek sikte på utlandet, og det som me treng om, må me for ein stor part føra inn.

Høgre vil stø opp under og fremja tiltak som kan letta varebytet, og meiner at me må vera med i den frigjeringi somno går fyre seg i verdsøkonomien. Høgre vil hindra at vår eigen økonomi vert tvinga inn i restriksjonar som kan setja den frie internasjonale konkurransen i fåre og samstundes veikja vår stode, med di dei er laga til å løysa ut mot-tiltak frå andre land. Her ser Høgre ei viktig oppgåve i arbeidet for å tryggja eksporten og møta arbeidsløysa.

BUSTADBYGGING

Høgre vil gjeva fri all bustadbygging med ein gong.

Dei byggjefyresegnene som no gjeld, må rettast, so det vert råd til å bruka nye og arbeidssparande metodar og materialar og få byggjeprisen ned. Samstundes må ein freista å få skipa tilhøvi på arbeidsstaden soleis at alle ser sin bate i snar og billeg og god bygging.

Det offentlege må framleies letta husbyggingi med billege lån og rimelege betalingsvilkår.

Skattereglar og prisfyresegner må vølast, soleis at det vert lettare å få grunn til hustomt. Bustadbyggingi må taka sikte på å støtta rettkomne krav frå barnerike huslydar og likeins taka serskilde omsyn til gamle folk og einslege.

Folk som vil byggja kvar åt seg, må få dei same fyremuner som byggjelag, på alle måtar.

Prisfyresegnene som no gjeld for fast eigedom, bør avskipast.

TRYGGE HEIMAR

Det er heimane som legg grunnen til moralsk ryggstø og god vokster i folket, og til saman styrer dei med ein stor part av nasjonalinntekti. Samfunnet har skylnad til å stø opp under husmoryrket. Husstellopplæring og husmorskular skal gjeva gjentone høve til yrkesutdaning. Fleire husmorvikarar trengst og må få si utdaning, og staten må hjelpa fram tiltak som kan fremja rasjonalisering og letta arbeidet i heimane. Med elektrisk kraft må ein serskilt syta for heimebruket i bygd og by, og arbeidet med vassforsyningi må halda fram, til dess kvar heim har fått vatn.

Regulering og restriksjonar som er til meins for produksjon av gode varor til rimeleg pris, må avskipast.

SOSIALE FYREMÅL

Høgre vil føre Folketrygdi ut i livet, etter dei hovudlinor som Stortinget har drege opp. Det skal skipast uføretrygd og forsytartrygd. Kor langt ein kan koma med Folketrygdi, lyt retta seg etter rådi ; Høgre vonar på at ho kan verta gjennomførd i nokolunde nær framtid, dersom høgresynet på økonomi og næringsliv får koma til sin rett i stell og styring.

Folketrygdi skal samla og samskipa dei serskilde trygdene som gjeld sjukdom og uføre, arbeidsløyse, alderdom, osfr. Trongsvilkåri for alderstrygd vil Høgre taka bort.

Arbeidet for å tryggja helsa skal ha stønad. Fleire sjukehus, helseheimar og kvileheimar må reisast så snart som råd er, likeins sinnsjukehus og åndsveikeheimar. Evneveik ungdom må få høveleg opplæring.

Dei som er hefte av vanhelsa eller kroppslege mein, men ikkje er heilt uføre til arbeid, må få ei yrkesopplæring som gjer dei føre til å finna sitt rom i arbeidslivet og fylla det so vel som dei er gode til. Og styresmaktene må taka opp spursmålet om høveleg bruk for arbeidsviljen hjå folk som er over den fastsette eller vanlege aldersgrensa. Pensjonistar bør få skattelette, sjølpensjonistar medrekna.

Høgre vil styrkja arbeidet for større edruskap. Det offentlege må stø godt opp under organisasjonar og institusjonar som vil hindra alkoholmisbruk eller bøta skaden etter sovore misbruk. Det skal reisast fleire kurheimar for alkoholikarar.

IDROTT OG FRILUFTSLIV

Høgre vil stø opp under alle tiltak som fremjar idrott og friluftsliv. Idrottssamskipnadane må halda på sitt fulle sjlvstyre ; Høgre vil gå imot alle freistnader på å leggja idrotten inn under statstyring. Norges Idrettsforbund med sine organ må få meir å segja når tippepengar og statstilskot skal etlast ut.

Med lovgjeving og på annan måte vil Høgre syta for ålmenningar til bruk for friluftsliv.

JORDBRUK

Høgre vil verna om eigedomsretten til gard og grunn og taka vare på alle gode tradisjonar og nasjonale verde som sermerkjer bondesamfunnet.

Matbyrgsla i landet må så langt råd er, tryggjast med avle frå eigi jord, og jordbruket må setjast i stand til å by sine folk like so gode kår som andre næringar.

Høgre vil hjelpa jordbruks-samskipnadene i deira arbeid for fagleg og økonomisk framgang. Avling og omsetnad må ein sjå i samanheng, og tryggja avsetnad på all avling og avdrått som aukar landsens sjølforsyning. Den trygd og støleik som jordbruket soleis får, kjem heile folket til godar.

Gardane må ikkje stykkjast opp i altfor små bruk. I so måte har den radikale jordbrukspolitikken skapt vanhøve som berre kan bøtast opp att med nydyrking og skogreising.

Høgre vil verna om dyrka jord, so ho ikkje vert teki i bruk til andre fyremål, utan tvingande grunnar. Er det uråd å koma undan slike grunnar, skyldar det offentlege å bøta tapet med dyrkande jord.

Korkje stat eller kommune må oreigna eller på andre måtar leggja under seg jord, skog eller fiskerett, utan det trengst for naudsynte fyremål som ikkje kan fremjast på annan måte.

Jordlovi må vølast, og få ei form som samsvarar med odelsretten. Ho må verna om og støra til ein formålstenleg storleik på bruki.

Høgre vil setja jordbruket i stand til å fylgja med i den snogge tekniske framgangen med rasjonalisering og mekanisering i alt arbeid som høyrer til yrket åt bonden og bondekona. Mellom anna vil Høgre fremja gransking som kan koma yrket til godar, med dei etter-røkingar og utrøyningar som denne granskingi må byggja på, til liks med fagleg opplæring og rettleiding.

Kravi frå småbrukarane vil Høgre koma til møtes med nydyrking, skogreising og ei formålstenleg industrispreiding, som både kan gjeva fullt arbeid og rimeleg forteneste.

Spursmålet om alderspensjon må greidast ut.

Ein må arbeida for at bygdefolket kan koma på line med byfolket når det gjeld sosiale og kulturelle gode. Skulane må leggja vinn på å gjeva elevane betre kjennskap til næringslivet i bygdene ; det gjeld om at ungdomen får hug til arbeidet, med tru på framgang og ei rikare framtid.

SKOGBRUKET

Skogen er den viktigaste råstoffkjelda som landet eig. Difor er det so om å gjera for heile økonomien vår at riksmaktene fører ein politikk som eggjar til rasjonell skogrøkt og aukande produksjon.

Jordbruk og skogbruk høyrer naturleg i hop på dei fleste stader i landet, og me må finna fram til former som gjer dette yrkessambandet lønsamt, med full avkasting både av jordi og av skogen.

Lovgjevingi må syna at styremaktene har vit på kor viktig skogbruket er for heile næringslivet vårt. Jordlovi skal verna skogen likso vel som jordi mot altfor stor oppstykking, hevda odelsretten og i det heile skapa den tryggleik kring eigedomsretten som er turvande, skal ein få folk til å røyna seg i arbeid med lange mål for augo.

Det må setjast av midel nok til å byggja skogsvegar for, og til turvande husbygging, likeins til kulturarbeid som skal auka avkastingi og samstundes hjelpa til at faste skogsarbeidarar kan få stendig arbeid året igjenom.

Loven om gjerding og beite må vølast, so utmarki kan verte betre utnytta.

Der som det er råd med det, må skogbeite gjerast om til kulturbeite.

Å få skogkledt dei snaue landslutene held Høgre for ei nasjonalsak av største vekt og verde, og den midelen som trengst til det, må ein finna utveg til; det må skipast eit skogreisingsfond som kan stø til både for kommunar og for einskilde skogreisarar.

Den faglege opplæringi og rettleidingi må få stønad til utviding og byggjast på gransking, med dei utrøyningar som moderne teknikk og metodar gjev høve til.

Jordskifteverket må setjast i stand til å setja større fart i utskiftingsarbeidet.

Høgre vil stø opp under tiltak som kan skapa større avsetnad på avfallsvirke; det er eit viktig vilkår for skogreising og rasjonell skogrokt.

Ferskvassfisket må få eit rom for seg i jordbruks- og skogbruksnæringi . Høgre vil arbeida for ein naturleg og stø framgang i fisket.

Lovi om eigedomsrett til fiskefarty må vølast, soleis at kvar norsk borgar får høve til å setja pengar i båt og børnskap. Etter Høgre sitt syn er det best at denne investeringi skjer i samarbeid med dugande fiskarar som sjølve er medeigarar eller brukarar.

Det er om å gjera å halda fiskarflåten på høgd til kvar tid. Difor skal det ikkje vera inntektskatt på sal av fiskefarty, når sals-summen vert sett i nykjøp eller nybygging. Vegen til å leggja opp fond må lettast.

Det må verta råd til å bruka nye reidskapar og hjelperåder som kan auka fengdi, so langt som det er forsvarleg når ein tek omsyn til børnskap og fangstmåtar som er i bruk.

Fiske- og havgranskingi må byggjast ut, likeins fagskulane, so fiskarane kan få god opplæring i sitt yrke og verta føre til å nytta vel ut alle fangstvoner, samstundes som drifti vert tryggare.

Radiostasjonar og peilingsstasjonar skal og byggjast ut.

Det må førast eit målfast arbeid for å verna fiske-eldet og fiskebankane mot rovdrift, med strengare trålaroppsyn og eit vake vakthald om fiskegrensone. Lovene om handel med fisk og sild må brukast soleis at det kan verta eit godt samarbeid mellom kvar lekk i omsetnaden og eit godt og naturleg samhøve mellom næringsvegen og hushaldet i bygd og by.

Både tilverknad og omsetnad må gjeva rom for rimeleg konkurranse, og det må verta lettare å koma inn for nye folk som har den fyrebuing og dugleik som yrket krev.

Høgre vil styrkja eksporten, arbeida for fleire fiskebilrutor, for betre hamnestell og vassforsyning, og for lettare samferdsel i fiskarstroki. Frøyse- og kjølingsteknikken må drivast lenger fram. Likeins vil Høgre skunda på kraftutbyggingi i desse stroki.

SKIPSFART OG FANGST

Skipsfart og fangst er internasjonale og valutaskapande næringar. Høgre vil arbeida for at norsk skipsfart og fangstverksemd på sjøen kan verta føre til å stå seg i tevling frå andre nasjonar. Dette omsynet må vera avgjerande for alle slag skattlegging og for alle fyresegner som kjem næringane ved, so mykje dei skal kunna halda oppe si fulle motstands- og voksterevne. Allslags serskatt på desse næringane vil Høgre ha bort.

Skal flåten kunna halda seg på høgd og fylla si fyreloge, må han ha tilgang på fyrsterangs mannskap. Her vil Høgre hjelpa til med ein rettvis skatteskipnad for dei som fer ute, og med den beste fagopplæring i allslags yrke til sjøs. I dugleik skal den norske sjømannen halda høge mål.

HANDEL, HANDVERK OG INDUSTRI

Høgre vil at produksjon og omsetnad skal retta seg etter bruket. Men open kappestrid og fri omsetnad må det vera; det er einaste vegen fram til ein marknad med dei fleste, beste og billegaste varone. Høgre vil føra ein næringspolitikk og ein skattepolitikk som gjer det rådeleg for verksemdene å fylgja med tidi, med modernisering og rasjonalisering.

Nær på halve folket har sitt levebrød knytt til handverk, industri og handel. Berre so lenge som verksemdene kan hevda seg i konkurransen, kan dei by arbeidarane og funksjonærane sysselsetjing og gode arbeidsvilkår i nedgangs- som i oppgangs tider. I dag er det fåre for at det store skattetrykket skal tyngja verksemdene ned og setja alle som er knytte til dei, på berr bakke.

Privat handel må få tevla med kooperative, på like vilkår.

KRAFTBYRGSLA

Det må skundast på med kraftverk-bygging, so kraftkjeldone våre kan verta utnytta og me kan få nok elektrisitet både til heimane og til verksemdene. Staten må ikkje driva ein pengepolitikk som hindrar kommunar og fylke i å få langtidslan til kraftutbygging, og statsstønaden må bytast soleis at kraftverk under bygging kan koma i gång snarast.

Vassdragslovgjevingi må vølast; dei bygdelagi som lyt gjeva frå seg naturrikdomar, må so langt som råd er få vederlag i realverde som kjem næringslivet til godar.

SAMFERDSEL

Ingen ting er so viktig for næringslivet som lett og god samferdsel. Vegnettet må moderniserast og byggjast ut med større fart, og dei avgiftene som vert lagde på landevegstrafikken må gå til vegformål heilt ut. Riksstønaden til bygdevegane må aukast. Serskilt må ein leggja vinn på å knyta sjøbygder og fiskarstrok til gjenomgangsvegane.

Løyvingane til telefon og telegraf må verta so romslege, at dei byggi som står på ventelista no, kan verta fullførde på få år.

Jarnvegsbyggingi må fremjast etter ein plan som er vel gjenomtenkt, og på ein sovoren måte at det vert best mogeleg samanheng mellom alle transportmidler som me i det heile råder over. Dei byggi som er i gang, må fullførast rasjonelt og raskt, og dei jarnvegane me alt har, må moderniserast, so dei kan greida trafikken til kvar tid og minka underskotet på drifti.

Riksstønaden til rutebåtane må rekka til å halda oppe ein trafikk som både folket og næringslivet kan vera tente med.

Arbeidet med å samskipa trafikken på sjø og land må halda fram.

Samferdselslovi må vølast.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10099. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.