Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Prinsipprogram · 1984

PRINSIPPROGRAM OG VEDTEKTER FOR AKP (m-l)

Arbeidernes kommunistparti (marxist-leninistene) · 28 249 ord

PRINSIPPROGRAM

OG VEDTEKTER

FOR AKP (m-l)

Vedtatt på 4. landsmøte (desember 1984)

AKP (m-l)s PRINSIPPROGRAM inneheld desse kapitla:

- Imperialismens siste tid på jorda

- Løysinga: Sosialisme og kommunisme over heile verda

- Kampen mot supermaktene og krigen - Kapitalismen i Noreg

- Sosialistisk revolusjon i Noreg

- Utviklinga av klassekampen under kapitalismen

- Den internasjonale kommunistiske rørsla

- Arbeidernes Kommunistparti (marxistleninistene) i Noreg

- Framtida for AKP (m-l)

AKP (m-l)s VEDTEKTER fastlegg kva plikter og rettar medlemane har, organisasjonsprinsippa for partiet, korleis partiet er bygd opp og korleis partiorgan og partiorganisasjonar på alle plan vert oppretta, arbeider og står i samband med kvarandre.

PRINSIPPROGRAM

OG VEDTEKTER

for

AKP (m-l)

Vedtatt på det 4. landsmøtet til

Arbeidernes Kommunistparti

(marxist-leninistene)

desember 1984

PRINSIPPROGRAM

FOR AKP(m-l)

Vedtatt på 4. landsmøte

(desember 1984)

Innleiing

Vi har gått saman i Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) fordi vi slåst for å gjera slutt på all undertrykking og utbytting i heile verda.

For å nå dit må arbeidarklassen og folket i Noreg først få bort kapitalismen og skapa ei sosialistisk samfunnsordning. Så må vi i Noreg gå saman med alle folk og nasjonar i verda for å få bort all imperialisme. Folka på jorda må saman skapa eit nytt, kommunistisk verdssamfunn. I dette samfunnet finst det ikkje klassar, ikkje stat, og menneska er ikkje skilde av statsgrenser. Alle på jorda har høve til leva eit fritt og rikt liv.

Dette programmet forklarar korleis vi meiner kampen for dette må førast.

DEL I

Kapitalismen, imperialismen og den sosialistiske verdsrevolusjonen

KAPITTEL 1

Imperialismens siste tid på jorda

1.1. Klassesamfunnet veks fram

Det var menneske på jorda i lang tid før klassane voks fram. Menneska samarbeidde i grupper i kampen for å overleva. Dei skaffa seg utkome frå naturen, utan at nokon tvinga andre til å jobba for seg og levde av arbeidet deira. Det fanst ikkje noko overskot som kunne halda oppe ein ikkje-produktiv overklasse. Det var eit primitivt klasselaust samfunn, det vi kallar urkommunisme.

Etter kvart som reiskapane og kunnskapane utvikla seg vart det mogleg å produsera eit overskot av mat, klede, bustader osb., utover det dei trong for å overleva. Når måten å produsera på endra seg endra og arbeidsdelinga i samfunnet seg. Med det var det skapt eit grunnlag for delinga av samfunnet i klassar.

I store område av verda eksisterte det tidleg klasselause samfunn der kvinna spela den sentrale rolla i økonomien og i ætta. Med utviklinga av arbeidsdelinga oppsto det eit overskot i delar av produksjonen der mannen dominerte. Det skapte grunnlaget for at privateigedomen kunne veksa fram. Dette samfunnet vart erstatta med eit partriarkalsk slavesamfunn. Familien oppsto som ein garanti for mannens eigedom og mannens kontroll over kvinne og barn. Mannens undertrykking av kvinna var kimen til klassedelinga.

Det oppsto ein overklasse som kunne sikra seg fruktene av arbeidet til fleirtalet i samfunnet. Overklassen kunne herska utan å ta del i produksjonen sjølv. Den utvikla ei valdsmakt for å verna eigedomen sin og for å halda dei undertrykte nede. Det vart kimen til staten si utvikling. Overklassen sikra seg og rådvelde over kunnskap og vitskap. Skiljet mellom åndsarbeid og kroppsarbeid vart utvikla.

Etter kvart som klassesamfunnet utvikla seg, gjorde byane seg til herskande over landsbygda. Den rike overklassen samla seg i byane.

Overklassen i rike og sterke land hærtok andre land og område og gjorde dei til koloniane sine.

Ikkje minst dei europeiske nasjonane dreiv ei blodig plyndring og heldt koloniane nede i kunstig underutvikling.

Utbytting, klasseundertrykking, kvinneundertrykking, nasjonal undertrykking, skiljet mellom by og land og mellom åndsarbeid og kroppsarbeid er ikkje noka tilfeldig historisk utvikling eller ein følgje av "menneskenaturen". Det er ein følgje av utviklinga av klassar og klassekamp i menneskesamfunnet.

1.2. Klassekampen i historia.

1.2.1. Folket er drivkrafta i historia.

Helt sidan dei første klassesamfunna kom til har menneskesoga handla om klassekamp.

Då klasseskilja vart til, førte det til ei kraftig utvikling av arbeidsdelinga i samfunnet. Det auka den menneskelege produktiviteten. Kunnskap om natur, produksjon og samfunnsliv vart utvikla til vitskap. Dei klassedelte samfunna kunne fø på mange fleire menneske og gjera store fellesarbeid. I denne samanhengen vart framvoksteren av klassar eit historisk framsteg, som har skapt grunnlaget for vår tids sivilisasjon.

Klassesamfunnet vart skipa ved hjelp av brutal undertrykking og blodige erobringskrigar. Så lenge det har vore klasseundertrykking har underklassen gjort opprør. Klassekampen har drive historia framover .

Det er det arbeidande folket som er hovuddrivkrafta i historia, både ved at det utviklar produksjonen og fører klassekamp. Når menneska utviklar produktivkreftene og endrar måten å produsera på, endrar dei og tilhøvet mellom menneska i produksjonen. Når eit økonomisk system i hovudsak har vorte ei hindring for utviklinga av produktivkreftene, har det vorte styrta gjennom klassekamp. Slik har klassekampen rydda vegen for nye økonomiske system, som igjen ga menneska rom til å utvikla produksjonen og menneskesamfunnet vidare. Slik blei slavesamfunnet styrta, og slik blei føydalismen styrta.

Men i tidlegare tider kunne ikkje revolusjonar og opprør føra til at dei undertrykte arbeidande massane sjølve fekk makta. Utviklinga av menneskesamfunnet gjorde at det ikkje var mogleg. Arbeidet gjorde at dei undertrykte var isolert frå kunnskap om økonomi, administrasjon og politikk. Dei kunne ikkje skipa sine eigne maktorgan som kunne koma i staden for makta til ein overklasse som var frigjort frå produksjonen. Leiarane for slavane og leilendingane som sigra i opprør, vart difor sjølv nye slaveeigarar, føydalistar og kapitalistar. Jamvel dei mest moderne revolusjonar førte berre til at ein eldre, reaksjonær herskarklasse vart erstatta av ein ny og meir moderne.

Først framveksten av den moderne, vitskaplege industriproduksjonen og den moderne, verdsomspennande arbeidarklassen kan gjera slutt på dette. Det skaper dei nye, historiske føresetnadene som gjer det mogleg å avskaffa all klasseundertrykking og skipa eit høgt utvikla kommunistisk samfunn.

1.2.2. Kapitalismen og den moderne arbeidarklassen.

Utviklinga av den kapitalistiske produksjonsmåten skapte på den eine sida ein moderne kapitalistklasse, ein klasse som eig produksjonsmidla. På den andre sida skapte ho ein moderne arbeidarklasse, eit proletariat, som ikkje eig anna enn arbeidskrafta si. Det er den klassen som står i direkte motsetnad til kapitalismen. Difor kalla Marx proletariatet for "det mest eigentlege produktet" av kapitalismen. Proletariatet er samstundes den største og mest konsentrerte klassen i det moderne industrisamfunnet.

Arbeidarklassen er den objektivt mest revolusjonære klassen. I motsetnad til tidlegare revolusjonære klassar kan ikkje arbeidarklassen sigra ved å innføra eit nytt utbyttarsystem. Han kan berre sigra ved å avskaffa utbyttinga i det heile og med det frigjera han og samfunnet frå utbyttinga.

Derfor er det arbeidarklassens strategiske interesser av kommunismen som må danna grunnlaget for det sosialistiske samfunnet. Klasseinnhaldet i lovgivinga, organiseringa av staten og ideologien må derfor vera proletarisk.

Etter kvart som arbeidarane vinn røynsle utviklar kampen seg frå berre å gjelda løn og arbeidstilhøve til å omfatta fagforeiningsfridom, politisk fridom, skolegang, kultur og nasjonal frigjering. Til slutt dreier det seg om sjølve makta i samfunnet. Arbeidarane sameiner seg på tvers av landegrensene.

Kvinnene vert no i stor målestokk dregne inn i samfunnsmessig arbeid, samstundes som dei framleis ber hovudbøra av det private arbeidet i familien og er annanrangs samfunnsborgarar på alle område. Kvinnene vert ein stadig større og viktigare del av arbeidarklassen. Samstundes vert kvinnenes kamp mot undertrykking av kvinnekjønnet ein stadig viktigare del av kampen mot kapitalismen.

Fleirtalet i dei arbeidande klassane og laga som finst utanom den eigentlige arbeiderklassen, kjem i ei samfunnsmessig stilling som fører dei nærare proletariatet. Det gjer at arbeidarane kan samla kring seg dei arbeidande bøndene, lågare funksjonærer og intellektuelle. Arbeidarane og folka i undertrykte land og nasjonar må stå saman i kampen mot dei felles undertrykkarane sine.

Denne utviklinga skjer ikkje utan avbrot og atterslag. Revolusjonar kan mislykkast, leiarar og organisasjonar kan skifta side og einskapen kan bli sprengd. Det politiske medvitet kan gå tilbake for ei tid. Men frå ein verdshistorisk synsvinkel er atterslaga berre mellombels. Arbeidarklassen og dei undertrykte massane vil reisa seg att, meir røynde og betre organiserte.

Vitskapen og teknologien som er skapte under kapitalismen gjer det mogleg å få bort naud og tungt slit på heile jorda. Men så lenge vitskap og teknologi berre vert utnytta av kapitalistane for å sikra maksimal profitt, vil nauden og undertrykkinga halda fram.

Men om arbeidarklassen og dei andre undertrykte klassane styrtar kapitalismen gjennom revolusjon og tar makta sjølve, kan vitskapen og teknologien verta utnytta til å skapa ei ny verd der alle menneske får høve til å utvikla evnene sine fritt.

Klassedelinga i menneskesoga varer ikkje evig. Klassesamfunna tok til for nokre tusen år sidan. Dei vil og ta slutt. Den tida nærmar seg snøgt då klassesamfunna kan bli avløyste av ei høgt utvikla form for kommunisme. Ein kommunisme tufta på høgt utvikla vitskap og produksjon der det er eit stort overskot som gjer at menneska kan yta etter evne og få etter behov. Eit slikt samfunn kan skapa ei verd der alle folk kan leva i lag i fred og venskap.

1.3. Vår tid er tida til revolusjonane.

Kapitalismen fekk sitt avgjerande gjennombrot ved den industrielle revolusjonen som starta sist på 1700-talet. Dampmaskinen og andre nyvinningar revolusjonerte produksjonen. Store borgarlege revolusjonar feide føydaladelen til sides, borgarskapet tok makta i dei mest utvikla landa og dei moderne nasjonalstatene oppsto. Arbeidarklassen tok del i dei borgarlege revolusjonane, men han fekk sitt avgjerande gjennombrot som klasse i den første sosialistiske revolusjonen, Pariskommunen i 1871. Då held arbeidarklassen makta i nokre månader. Med dette byrjar ein ny epoke der arbeidarklassen spelar ei stadig viktigare rolle i historia.

For å kunna eksistera må kapitalistane stadig revolusjonera produksjonen og produktivkreftene. Men slik mognar kapitalismen og føresetnadene for sitt eige fall. Dei veldige samfunnsmessige produktivkreftene sprengjer rammene for den kapitalistiske eigedomen. Dette skaper grunnlaget for stadig større kriser. Dei middel borgarskapet grip til for å løysa krisene vil på lang sikt undergrava det kapitalistiske samfunnet endå meir.

Gjennombrotet for monopolkapitalismen og imperialismen kom ved inngangen til dette hundreåret. Samstundes kom ein ny industriell revolusjon bygd på m.a. bruk av elektrisitet og olje. Nokre få finanskapitalistar vart herrar over staten og økonomien i dei mest utvikla landa. Eit fåtal imperialistiske makter delte verda mellom seg. Såleis byrja ei tid med store krigar mellom dei største imperialistane som ville ta koloniar frå kvarandre. No fekk vi og frigjeringskrigar i kolonilanda og sosialistiske revolusjonar.

Etter den første verdskrigen kom Oktoberrevolusjonen i Russland. For første gong tok arbeidarklassen makta og oppretta sosialisme i eit heilt land. Etter den andre verdskrigen følgde den sosialistiske revolusjonen i Kina og mange andre revolusjonar. Frigjeringsstridane i Asia, Afrika og Latin-Amerika har knust det gamle kolonisystemet og skapt nærpå 100 nye statar. Verda har gått inn i den tidsalderen då kapitalismen og imperialismen går mot sin undergang. No vil sosialistiske revolusjonar sigra.

Samstundes vart det òg ein historisk tendens at reaksjonen organiserer seg og slår tilbake mot revolusjonen. Imperialismen er årsaka til at det blir skapt terroristiske reaksjonære diktatur, han fører til hungersnaud, krig og folkemord. No trugar supermaktene med å løysa ut en 3. verdskrig.

Det er eit enormt historisk nederlag for arbeidarklassen at ein kapitalistisk kontrarevolusjon sigra i det sosialistiske Sovjet. Sovjetsamveldet har forvandla seg til eit fascistisk, statskapitalistisk diktatur med mange fellestrekk med Hitlers nazi-Tyskland. Sovjet har blitt ei imperialistisk supermakt og ei hovedkjelde til krig. I kjølvatnet til kontrarevolusjonen i Sovjet sigra kapitalismen i mange andre land som før var sosialistiske.

Men reaksjonen og kontrarevolusjonen kan ikkje redda kapitalismen på lang sikt. No møter det imperialistiske systemet kriser på stadig fleire område. Langvarig oppgang er blitt avløyst av stagnasjon og arbeidsløyse. Motsetnaden mellom imperialismen og dei undertrykte nasjonane og innom imperialismen sjølv skjerpar seg. Den tredje teknologiske revolusjonen med datarevolusjon og andre vitskaplege gjennombrot vil òg skjerpa imperialismen si krise.

Ei uhyre sterk utvikling av menneskelege kunnskapar og produktivitet fører til krise, arbeidsløyse og fattigdom! Den samla rikdommen til manneætta veks enormt, medan eit stort fleirtal lever med svolt og sjukdom, undertrykking og krig. Bruken av dei nye og mektige kunnskapane til privat forteneste fører til øydelegging av jorda, rasering av økosystem og katastrofar i det menneskelege miljøet. Imperialismen kjem i stadig skarpare motsetnad til at manneætta fortsatt kan leva på jorda.

Alt dette syner stadig klarare at det er naudsynt at fleirtalet av menneska får kontroll over heile jorda og produktivkreftene der. Dei må bruka desse goda til felles beste, ikkje til å skapa luksus for nokre få. Den nye industrielle revolusjonen styrkjer også det økonomiske grunnlaget for ei slik kommunistisk verdsordning, medan det vert stadig meir vanskeleg å halda liv i ein verdsøkonomi som er bygd på kapitalisme, privateigedom og vareproduksjon.

Same kor mange atterslag, terror og krigar vi far, vil revolusjonane mot kapitalismen og imperialismen utvikla seg vidare. Frigjeringskampane i Asia, Afrika og Latin-Amerika har vorte stadig sterkare i heile dette hundreåret. Imperialismen er kapitalismen sitt siste stadium. Krisa i verdskapitalismen peikar i retning av ein ny periode med store samfunnsmotsetningar, revolusjonar og krigar i dei høgt utvikla kapitalistiske landa.

1.4. Dei store motseiingane i det imperialistiske verdssystemet.

1.4.1. Dei grunnleggjande motsetningane i vår tidsalder.

I 1920-åra laga dei sovjetiske kommunistane ein analyse av utviklinga av det imperialistiske verdssystemet etter Oktoberrevolusjonen. Dei kom til at desse fire grunnleggande motsetningane pregar verdsutviklinga i denne tidsalderen:

- motsetningane mellom imperialistmaktene og dei undertrykte landa og nasjonane,

- motsetninga mellom borgarskapet og arbeidarklassen i dei kapitalistiske landa,

- motsetninga mellom dei imperialistiske landa seg imellom,

- motsetninga mellom imperialistiske land og sosialistiske land.

Desse store motsetningane vil prega verdsutviklinga så lenge det imperialistiske verdssystemet finst. Men styrkeforholda mellom dei ulike kreftene i verda vil skifta, og dei grunnleggjande motsetningane vil også få ulik vekt på ulik tid.

Dei motsetningane som dominerer verda i dag (1984) er:

- motsetninga mellom dei to imperialistiske supermaktene USA og Sovjet,

- motsetninga mellom imperialismen og den tredje verda.

1.4.2. Teorien om tre verder.

I dei siste 50 åra har mange koloniland frigjort seg. Gamle imperialistiske stormakter som Tyskland, England og Frankrike har vorte andreklasses makter. USA har tatt over mange av deira posisjonar, Sovjet har skifta karakter frå eit sosialistisk til eit imperialistisk land. Ut frå dette laga Mao og dei kinesiske kommunistane tidleg i 1970-åra teorien om "tre verder". Dei delte inn landa i verda i tre store grupper:

- Den første verda, som er dei to imperialistiske supermaktene Sovjet og USA.

- Den andre verda, som er dei andre høgt utvikla kapitalistiske landa. Det er land i Europa, Japan m.m.

- Den tredje verda, som er det store fleirtalet av land i verda, dei tidlegare kolonilanda i Asia, Afrika og Latin-Amerika.

1.4.3. Den 3. verda.

Den 3. verda omfattar dei landa som står hardast mot imperialismen. Her finst dei landa som blir hardast utbytta og undertrykt. Her bur det store fleirtalet av menneske på jorda. Dei lever i fattigdom fordi imperialismen ranar til seg rikdommane dei skaper og hindrer økonomisk utvikling og revolusjon.

Frigjeringskampane i den 3. verda knuste det gamle koloniveldet og sigra over dei gamle kolonimaktene. I den 3. verda har USA lidd nederlag som har svekka USA-imperialismen. No rasar dei hardaste kampane mot Sovjets imperialisme i den 3. verda.

Kina, eit land i den 3. verda, blei etter revolusjonens siger i 1949 den sterkaste enkeltkrafta mot imperialismen. I den 3. verda er i dag dei sterkaste frigjeringsrørslene mot imperialismen og dei største folkeopprøra mot utbytting og fascistisk undertrykking.

Frigjeringsrørslene i den 3. verda femnar om arbeidarar, bønder og andre arbeidsfolk, men også nasjonale borgarar og nokre statsbyråkatar og føydalistar. Jamvel somme regjeringar og statar som undertrykker folkemassane i landet, blir på nokre område nøydde til å gå mot imperialismen. Dette er eit uttrykk for styrken i frigjeringskampen .

Mao slo fast at den kampen folka i den 3. verda fører mot imperialismen, er hovuddrivkrafta for framsteg i verdshistoria no. Denne kampen underminerer heile det imperialistiske verdssystemet, og er derfor også den viktigaste drivkrafta for proletarisk sosialistisk revolusjon i verda.

1.4.4. Supermaktene Sovjet og USA.

Supermaktene er dei einaste imperialistlanda som er sterke nok til å kjempa om verdsherredømme. Dei rivaliserer om hegemoniet på alle kontinent. Supermaktene er hovudstøttene til reaksjonen over heile verda. Frigjering og revolusjon kan berre sigra i vår tid ved å sigra over supermaktene.

USA blei den sterkaste imperialistmakta i verda etter den 2. verdskrigen. Men USA-imperialismens framgang er vendt til tilbakegang. Mange land i den 3. verda har frigjort seg frå USA. Sovjet har rykka inn i mange av dei posisjonane USA har mista. Motsetnadene til mindre imperialistiske land i Europa og til Japan har vekse. Den økonomiske krisa har skjerpa dei indre motsetnadene. Men framleis har USA den største produksjonskapasiteten i verda og er ei av dei to sterkaste militærmaktene. USA har framleis mange sterke internasjonale posisjonar. USA dominerer Latin-Amerika.

I 80-åra har herskarklassen i USA gått inn for ein meir aggressiv politikk for å halda på USA-imperialismen sine posisjonar.

Sovjet. Etter at det nye borgarskapet gjorde kontrarevolusjon i Sovjet i 50-åra, har landet blitt ei supermakt i oppgang. Statsmakta og kapitalen er meir konsentrert enn i noka anna kapitalistisk stormakt. Sovjet er eit statskapitalistisk samfunn av ein ny type.

Sovjets økonomi har vekse langt raskare enn USA sin. Sovjet er ei svært aggressiv, fascistisk, sosialimperialistisk makt. Økonomien er militarisert og innretta på å bruka våpenmakt for å vinna verdsherredømme.

Sovjet har bygd opp verdas sterkaste militærmakt for å bu seg på det avgjerande slaget med USA-imperialismen. Sovjet er tvunge til dette fordi verda er delt opp og sosialimperialismen ikkje kan tevla med USA når det gjeld kapitaleksport og konkurransen om marknader. Sovjet krev ei nyoppdeling av verda.

Sovjet har mange formelt sjølvstendige land under sin kontroll i eit system av nykoloniar. Det gjer at Sovjet har skaffa seg støttepunkt på alle kontinent. Sovjet har makta å vinna kontroll over frigjeringsrørsler ved å tilby dei støtte mot andre imperialistar og så ta dei innanfrå. I Vest-Europa har Sovjet styrka sin innverknad i dei landa som etter 2. verdskrigen blei allierte med USA.

Den sosialimperialistiske supermakta har også store problem. Den samla produksjonen er framleis mindre enn i USA og det er store problem i det økonomiske systemet. Sosialimperialismen møter hard motstand i den 3. verda, og veksande opposisjon i dei aust-europeiske nykoloniane og frå folka inne i Sovjet sjølv.

Men ingen av desse motsetningane er i dag så skjerpa at dei trugar Sovjet si stilling som ei supermakt i framgang.

Båe supermakter er fiendar av alle verdas folk. I somme delar av verda er USA framleis hovudfienden for frigjeringsrørslene. Men i verda sett som heilskap er Sovjet blitt den viktigaste eksportøren av fascisme og åtakskrig. For folka i Asia, Midt-Austen og Europa, over halvdelen av folket på jorda, står Sovjet som det største trugsmålet. I verda som heilskap styrkjer framleis den unge, stigande supermakta seg, medan den gamle går attende.

1.4.5. Den 2. verda og Europa.

Landa i den 2. verda er ei slags mellomgruppe mellom supermaktene og den 3.verda. I den 2. verda finst både land i Aust-Europa som er kua av Sovjet og mellomstore imperialistmakter med eigne hegemoniske interesser. På den eine sida blir alle desse kapitalistiske landa truga av supermaktene. På den andre sida har borgarskapet der interesse av det imperialistiske verdssystemet som sikrar utbyttinga av den 3. verda, og eigne økonomiske interesser å forsvara i den 3. verda.

Det arbeidande folket i den 2. verda har objektiv interesse av motstand mot supermaktene og allianse med folka i den 3. verda. Men arbeidarklassen i denne delen av verda er splitta og langt på veg politisk demoralisert.

Ulike former for imperialistisk politikk, inklusive imperialistisk reformisme og sosialimperialistisk, falsk "kommunisme", har enormt sterk innverknad. Ei sjølvstendig rørsle i det arbeidande folket, retta mot dei to supermaktene, har enno ikkje utvikla seg i dei fleste landa i den 2. verda.

I landa i den 2. verda finst det motsette tendensar. Det finst tendensar til motstand mot supermaktene og allianse med den 3. verda. Det finst også tendensar til knefall for supermaktene og front mot den 3. verda.

Det er også ei motsetning mellom USA og dei landa som er politisk og militært dominerte av USA. Desse landa -Vest-Europa og Japan - har dei siste ti-åra auka den økonomiske styrken slik at dei no også er i konflikt med USA om område for imperialistiske ekspansjon. Dette er ei av årsakene til dei djupe økonomiske og politiske motsetningane som har utvikla seg mellom desse landa og til den økonomiske stagnasjonen dei siste 10-15 åra.

Europa, saman med Midt-Austen, er det viktigaste stridsområdet i rivaliseringa mellom supermaktene. I dette samanhengande området finst dei rikaste og mest industrialiserte områda og dei største oljereservane. Kontrollen over Europa/Midt-Austen kan danna grunnlaget for hegemoni i heile verden. Her har supermaktene sine største militære styrkar konsentrerte. Rivaliseringa i dette området kan utløysa ein 3. verdskrig, og det vil bli det viktigaste krigsteatret i ein slik krig.

1.4.6. Undertrykte nasjonalitetar og minoritetar.

Utviklinga av kapitalismen og imperialismen har ført til ei kraftig skjerping av undertrykkinga av svake nasjonar.

For å forsvara utplyndringa av Asia, Afrika og Latin-Amerika utvikla borgerskapet rasistisk politikk og ideologi, særleg retta mot folka i den 3. verda og dei undertrykte nasjonane.

Kolonialismen og imperialismen førte til endring av omtrent alle landegrenser i verda. I dag er derfor dei fleste statane i verda ikkje reine nasjonalstater og inneheld undertrykte nasjonale minoriteter. For mange undertrykte nasjonalitetar i den 3. verda kjem også undertrykkinga frå herskarnasjonen i landet i tillegg til at heile landet er undertrykt av imperialismen.

I store delar av verda (heile Amerika, Australia, arktiske strok) har koloniseringa redusert den opprinnelege befolkninga til eit mindretal i sine eigne land og tatt frå dei råderetten over naturrikdommar og naturgrunnlag. Mange er hardt undertrykte. Heile grupper er truga med utsletting.

Dei undertrykte nasjonane fører ein rettferdig kamp for å overleva og for råderetten til eige territorium, økonomi, språk og kultur.

Arbeidarklassen og andre arbeidande klasser har felles interesser på tvers av alle nasjonale skilje og statsgrenser. På lang sikt er desse fellesinteressene større enn dei som bind saman klassane innanfor ein nasjon. Men arbeidarklassen kan berre vinna fram i verdsmålestokk gjennom respekt for nasjonal eigenart og nasjonalt sjølvstende.

1.4.7. Imperialismen og kvinnene.

Imperialismen undertrykkjer kvinnene over heile verda særskilt. Særleg kjem dette grelt fram i den 3. verda. Kvinnene har derfor ei særeigen interesse av å styrta imperialismen, og fleirtalet av kvinnene i verda er ei viktig kraft i den anti-imperialistiske kampen. I alle dei viktigaste frigjeringskampane i vårt hundreår har kvinnene spela ei viktig rolle.

1.5. Den veksande krisa i det imperialistiske systemet.

Tre viktige særdrag pregar verdsutviklinga i midten av 1980-åra:

I den 3. verda fører den imperialistiske undertrykkinga og utbyttinga til auka motstand. Utslaga av verdskrisa er svært harde og gjer at nauden og svolten blant dei breie massane blir verre og verre. Den politiske situasjonen i svært mange land blir meir og meir ustabil. I dei siste ti-åra har frigjeringsrørslene vekse og det har vore folkeopprør i mange land. Denne revolusjonære tendensen vil styrka seg.

Rivaliseringa mellom supermaktene Sovjet og USA blir skarpare. Verda er svanger med ein omfordelingskrig. Medan supermaktene, og særskilt Sovjet, systematisk byggjer ut posisjonane sine for ein slik krig, utviklar dei kreftene som kan motverka krigen seg svakare. Det gjer at faren for verdskrig aukar og at folka i verda må førebu seg på ein slik krig.

Den kapitalistiske verdsøkonomien er inne i den hardaste økonomiske krisa på femti år. Samstundes fører den nye industrielle revolusjonen til omfattande strukturendringar som skjerpar krisa i dei kapitalistiske landa. Arbeidsløysa er alt rekordhøg. Heile industrigreiner ryk over ende. Tevlinga mellom landa om verdsmarknaden blir kraftig tilkvesst. Denne krisa slår hardast ut i dei mest fattige og minst utvikla landa i verda, der dei store folkemassane vert trykte endå djupare ned i svolt og elende

Dette kan oppsummerast slik: Utviklinga i verda fører til at spesielt motsetningane mellom dei to supermaktene, motsetningane mellom dei imperialistiske landa og motsetningane mellom imperialistmaktene og nasjonane og landa i den tredje verda kvessar seg til.

Det imperialistiske verdssystemet er på veg inn i si skarpaste allmenne krise nokonsinne.

KAPITTEL 2

Løysinga: Sosialisme og kommunisme over heile verda

2.1.1. Eit nytt, kommunistisk verdssystem.

Den verdshistoriske oppgåva til arbeidarklassen er å avskaffa kapitalismen og imperialismen overalt på jorda. Det systemet som må setjast i staden er den høgt utvikla kommunismen.

Ved å ta i bruk den høgt utvikla teknologien for å tena behova til manneætta kan svolt og fattigdom overalt på jorda avskaffast. Det einsformige og øydeleggjande slitet i produksjonen kan takast over av automatiske maskinar. Arbeidet vert då ikkje lenger ein tvang, men eit behov. Manneætta vert ikkje lenger slavar av arbeidsdeling, man vil verta i stand til å få ei allsidig utnytting og utveksling av evner og interesser. Menneska sine behov vil då kunne dekkjast utan løn, lønsarbeid og pengar.

Samstundes treng ingen vera redde for å bli utan arbeid. Det finst nok av viktige oppgåver for menneskeleg arbeidskraft i omsorg for menneske, undervisning, nødvendig produksjon, vitskap, kunst og administrasjon .

Rovdrifta på naturen vil ta slutt. Eit kommunistisk verdssystem vil kunne nytta naturressursane på kloden utfrå ein langsiktig harmonisk plan og verda kan kvitta seg med dei økonomiske krisene som kapitalismen har skapt.

Kommunismen vil avskaffa alle klasseskilje. Produksjonsmidla vil verta eigde av alle samfunnsmedlemane i fellesskap.

Ingen vil ha monopol på kunnskap. Skiljet mellom åndsarbeid og kroppsarbeid vert opphevd. Kunnskap og kulturgode er tilgjengelege for alle, og alle får høve til å utvikla evnene sine.

Det vil vera slutt på all kvinneundertrykking. Kjønna vil verta avskaffa. Familien vert avskaffa og med det grunnlaget for arbeidsdeling ut frå kjønn - og det at menn undertrykker kvinner. Barna vil verta sjølvstendige medlemar av samfunnet og samfunnet vil ha felles ansvar for omsorgen for dei.

Dei djupe skilnadene mellom by og land vert avskaffa fordi landsbygda blir økonomisk og kulturelt utvikla på line med byane.

I eit samfunn utan klasser trengst heller ikkje nokon stat, nokon hær eller noko undertrykkingsapparat. Produsentane vil kunne administrera produksjonen utan noko byråkrati.

I ei kommunistisk verd vil det ikkje finnast økonomiske nasjonale interesser, ingen konkurranse om råvarer og marknader, ingen herskarnasjonar og ingen undertrykte nasjonar. Då fell og grunnlaget for oppdeling av verda i eigne stater bort.

Med avskaffinga av kapitalismen og klassane i verdsmålestokk vil det ikkje lenger vera noko grunnlag for krigar.

Produksjonen vert ikkje styrt av marknaden eller av pengar. Den vert avgjort ut frå kva folk treng, på grunnlag av diskusjoner og vedtak gjort av samfunnsmedlemane sjølve. Fordelinga skjer slik at dei får som har behov, utan at dei må levera noko i bytte for det dei får.

Kommunismen er ei samfunnsform der menneska disponerer ressursane sine samla og ut frå sams interesser: Lufta, jorda, vatnet, det levande livet, energien, mineralane, produksjonsutstyret, kunnskapane. Det vil seia like sjansar til fri utvikling på grunnlag av dei ulike evnene kvar av oss har. Dette vert råd å få til, av di det finst eit samfunnsoverskot og ei frigjering frå det rutineprega arbeidsslaveriet. Dette gjer at alle kan få dei same sjansane til trygge livsvilkår, allsidig arbeid og kulturgode. Alle kan då fritt få velja korleis dei vil forma livet sitt sjølve.

2.1.2. Kommunismen er naudsynt og mogleg.

Det høgt utvikla kommunistiske samfunnet er ikkje eit uoppnåeleg ideal.

Utviklinga syner stadig klårare at ei slik omorganisering av verdssamfunnet er meir og meir naudsynt for å løysa dei mest brennande problema for menneska her på jorda.

Naturøydelegging, krig og stadig djupare elende for fleirtalet må avskaffast. Kapitalismen og imperialismen gjer desse problema berrc meir vonlause. Det historisk naudsynte alternativet er ei kommunistisk omorganisering av heile verdssamfunnet.

Utviklinga av vitskap og teknologi har og skapt mange av dei materielle føresetnadene for at eit slikt samfunn kan skipast. Former for produksjon som finst no kan skapa nok av alt det viktigaste til alle på jorda. Det blir mogleg å produsera med stadig mindre bruk av arbeidskraft, og stadig mindre skadar på natur og miljø, og det blir mogleg å spreia kunnskap effektivt til alle i samfunnet Men dette skjer ikkje av seg sjølv. Det krev at arbeidarklassen og folket sigrar i kampen om kven som skal bruka den nye teknologien og korleis. Berre svære revolusjonære klassekampar kan gjera den høgt utvikla kommunismen til røyndom.

Når kommunismen kan virka utopisk og umogeleg er det berrc fordi vi uvilkårleg tar vår eiga tid som målestokk. Den meiningslause, øydeleggjande og barbariske måten verda er organisert på i dag, vert sett på som noko normalt.

Før eller seinare vil den kapitalistiske verdsordninga bli kasta på skraphaugen og erstatta med eit samfunnssystem som er meir fornuftig organisert: Kommunismen. Alle problem vert ikkje løyste med det. I eit kommunistisk samfunn vil det og finnast motsetningar som driv samfunnet framover. Det som vil verta avskaffa, er klasseskilja og klasseundertrykkinga og dei problema som følgjer av dei.

2.1.3. Vegen fram til kommunismen: Sosialistiske revolusjonar.

For at kommunismen kan skipast i verda må først det imperialistiske verdssystemet veltast. Så må verda igjennom ein periode med sams økonomisk og politisk utvikling.

Sidan kapitalismen utviklar seg ujamnt, vil dei revolusjonære krisene oppstå i ulike land til ulike tider. Difor skjer kvar revolusjon i eitt land eller ei avgrensa gruppe land.

Kommunismen kan ikkje skipast i einskilde land. Men det er mogleg å skipa sosialistiske samfunn som eit første steg på vegen til kommunismen.

Oppgåva for den proletariske verdsrevolusjonen er difor å gjennomføra sosialistiske revolusjonar i einskilde land. Seinare, når desse revolusjonane har vunne fram i store delar av verda, kan arbeidarklassen og det arbeidande folket i desse landa i lag kjempa for at sosialismen skal utviklast til den høgt utvikla kommunismen.

2.2. Røynslene frå sosialistiske revolusjonar.

2.2.1. Kapitalismen og imperialismen i verda må styrtast gjennom revolusjonære folkeopprør.

Historia har aldri før sett ein så militært sterk overklasse som vår tids imperialistiske borgarskap. Det har gong på gong vist at det er villig til å gjennomføra blodbad og folkemord for å verna om klasseinteressene sine.

Det einaste som kan styrta det imperialistiske borgarskapet i verda, er ei lang rekke revolusjonar, folkeopprør og frigjeringskrigar i land over heile verda, der arbeidarklassen og dei revolusjonære massane sigrar over dei militære styrkane til herskarane og styrtar den militære, økonomiske og politiske makta deira.

2.2.2. Ei revolusjonær krise.

Når det vert uråd for dei herskande å styra som før, når dei undertrykte ikkje kan leva som før og ei brei masserørsle dreg fleirtalet med seg i kampen, då vert revolusjonen mogleg. Ei slik revolusjonær krise kan berre veksa fram av utviklinga av kapitalismen sjølv. Ho kan ikkje provoserast fram av terror frå ei smågruppe.

Klassekampen vil bølgja att og fram mellom kvar revolusjonær situasjon. Å freista å gå til storm for å styrta kapitalismen i periodar då det ikkje er ein slik situasjon i landet, er eventyrpolitikk som berre kan føra til nederlag.

2.2.3. Revolusjonen krev leiing, organisering og førebuing.

Jamvel om den revolusjonære krisa er der, sigrar ikkje revolusjonen av seg sjølv. Det trengst eit revolusjonært kommunistisk parti, ein breiast mogleg einskapsfront mellom så mange klassar, organisasjonar og parti som råd. Dessutan lyt det vera ei revolusjonær våpenmakt som kan vinna over våpenmakta til herskarane. Dersom dette ikkje er til stades og revolusjonen vantar god leiing, så knuser herskarklassen revolusjonen med vald eller grip makta igjen når krisa er over.

2.2.4. Revolusjonen kan berre sigra med støtte av våpenmakt.

Arbeidarklassen og hans allierte hadde sjølvsagt helst sett at revolusjonen kunne gjennomførast med fredelege middel. Men all historisk røynsle viser at borgarskapet med alle moglege middel prøver å halda på makta si og vinna ho attende dersom dei har mista ho. Det vil prøva å knusa revolusjonen med våpenmakt.

Arbeidarklassen og hans allierte må vera førebudd på å bruka våpenmakt for å gripa makta og for å forsvara sosialismen. Jo betre førebudd arbeidarklassen og hans allierte er på dette, jo mindre blodsutgyting vil det bli. Det er ikkje fordi sosialismen er udemokratisk, men fordi kapitalistene aldri vil bøya seg for fleirtalsvilja.

2.2.5. Parlamentsval kan ikkje føra til sosialisme.

Dersom eit fleirtal røystar for sosialisme ved val, så avskaffar herskarane parlamentet og undertrykkjer fleirtalet med vald. Derfor kan sosialismen aldri sigra så lenge arbeidarklassen trur at "den fredelege og parlamentariske vegen" kan føra til sosialisme.

2.2.6. Sosialisme veks ikkje fram av kapitalistisk statsdrift.

Den moderne kapitalismen har gjort kapitalistisk statsdrift naudsynt i større grad. Slik kapitalistisk statsdrift har ikkje noko med sosialisme å gjera. Røynleg sosialistisk statsdrift er styrt og leia av arbeidarklassen for å støtta folket sine behov. Då krevst det og at arbeidarane har statsmakta først.

2.2.7. Revolusjonen kan ikkje koma ved utanlandsk invasjon.

Sosialisme betyr at folket sjølv tar kontroll over staten og økonomien. Ein invasjonshær som undertrykkjer folkemassane, gjer dette umogleg. Det einaste ein invasjonshær kan skapa, er fascisme, imperialisme og klasseundertrykking.

2.2.8. Revolusjonen i kvart land må vera folkemassane sitt eige verk.

Revolusjonar kan ikkje eksporterast, importerast eller leiast frå noko internasjonalt sentrum. Dei kan heller ikkje tvingast fram av eit mindretal mot massane si vilje. Sosialistisk revolusjon kan det berre bli når folkemassane sjølve ønskjer det.

2.3. Den sosialistiske samfunnsforma.

2.3.1. Ei ny og uferdig samfunnsform.

Sosialisme er eit overgangssamfunn som oppstår etter at kapitalismen er styrta, men før det er mogleg å skapa den høgt utvikla kommunismen.

Den historiske oppgåva til sosialismen er å skapa føresetnadene for kommunismen. Sosialismen er eit nytt samfunnssystem. Dei historiske røynslene er avgrensa. Den teoretiske framstillinga av det sosialistiske samfunnet er ikkje ferdig utvikla.

Sosialismen utviklar seg på grunnlag av det samfunnssystemet som finst før revolusjonen. Eitt samfunn kan ha høgt utvikla kapitalistisk økonomi og borgarleg demokrati, medan eit anna er prega av føydal økonomi og mellomalderdiktatur. Sosialismen i to slike land vert nokså ulik.

Mange borgarlege regjeringar kallar seg sosialistiske. Det same gjeld tidlegare sosialistiske land der kapitalismen har vorte gjeninnført. Dette skaper stor forvirring om sosialismen.

Dette gjer òg at politisk kamp for å forklara kva som er verkeleg sosialisme og å avsløra kva som er falsk sosialisme, er ei viktig oppgåve for dei revolusjonære no. Arbeidarane og dei undertrykte massane vil ikkje ha nokon sosialisme dersom dei trur at brutale diktatur som t.d. Sovjet, Vietnam, Afghanistan og Polen har noko med sosialismen å gjera. Ein lekk i kampen for sosialismen er å avsløra den Sovjet-revisjonistiske forfalskinga av teorien om sosialismen.

2.3.2. Nydemokratisk revolusjon - sosialistisk revolusjon.

Revolusjonane mot kapitalismen og imperialismen fell i to hovudgrupper, ut frå den indre utviklinga i dei ulike landa og tilhøvet deira til imperialismen.

Sosialistisk revolusjon med ein gong er oppgåva for proletariatet i somme høgt utvikla kapitalistiske land. Der er proletariat og borgarskap hovudklassane og det finst høgt utvikla samfunnsmessige produktivkrefter.

Nydemokratisk revolusjon er eit naudsynt førstadium for sosialismen i svært mange av landa i den 3. verda. I nokre land står føydalismen enno sterkt. Andre har underutvikla kapitalisme med føydale restar. Eit fleirtal er økonomisk og politisk undertrykte av imperialismen. Her må revolusjonen først frigjera landet frå imperialismen, få bort føydalismen og utvikla økonomien. Ein slik revolusjon av arbeidarar, bønder og småborgarskap kan vinna støtte frå nasjonale kapitalistar som er underkua av imperialismen. Først når revolusjonen har løyst desse oppgåvene og samfunnet har utvikla seg ei tid, kan slike revolusjonar gå vidare og skipa sosialismen.

2.3.3. Felles trekk ved alle sosialistiske samfunn.

Når revolusjonen sigrar i ulike land, vil han ta ulike former utfrå tilhøva i dei einskilde landa. Revolusjonen kan ikkje følgja fastlagde skjema. Det avgjerande er at revolusjonen røynleg avskaffar kapitalistisk utbytting og tar til på vegen framover mot kommunismen.

Desse trekka skil verkeleg sosialisme frå borgarleg og revisjonistisk «sosialismen»:

2.3.3.1. Statsmakta til utbyttarklassane er styrta og erstatta med proletariatets diktatur.

Proletariatets diktatur er statsmakta til arbeidarklassen og det arbeidande folket.

Det må utviklast eit stadig meir omfattande demokrati for det arbeidande folket. Målet må vera at etter kvart skal det arbeidande folket meir og meir direkte administrera samfunnet, medan statsbyråkratiet vert bygd ned.

2.3.3.2. Sosialistisk eigedom og sosialistisk planøkonomi.

Den kapitalistiske utbyttinga blir avskaffa. Dei viktigaste produksjonsmidla blir gjort til felleseigedom for det arbeidande folket. Det blir skapt ein sosialistisk planøkonomi, der ikkje profitten, men folkets behov styrer produksjonen. Det må skapast eit materielt grunnlag for å oppheva dei sosiale skiljene som er tatt over frå klassesamfunnet.

Det må heile tida vera ei sentral målsetjing for sosialismen å skapa høgt utvikla produktivkrefter, for utan det vil det ikkje vera mogleg å skapa eit kommunistisk samfunn.

Sosialismen må ta over og driva fram den vitskaplege og teknologiske revolusjonen, og ikkje minst utvikla den viktigaste produktivkrafta - mennesket sjølv. Samstundes er det ikkje likegyldig korleis produktivkreftene vert utvikla. Produktivkreftene må utviklast av omsyn til menneska. Dei må brukast til å avskaffa øydeleggjande einsformig og slitsomt arbeid, og auka alles høve til å skaffe seg kunnskap og få meir interessant og variert arbeid.

Det må førast kamp mot alle former for kvinneundertrykking. Samfunnet må leggja grunnlaget for full kvinnefrigjering og overføra økonomiske oppgåver og arbeid frå familien til samfunnet. Kampen for full kvinnefrigjering er uløyseleg knytt til kampen for kommunismen, og utan kvinnefrigjering blir det ikkje nokon kommunisme .

Samfunnet må ta til med å løysa dei økologiske krisene som er skapt av kapitalismen.

Den økonomiske fordelinga byggjer på at heile utbyttet av produksjonen vert disponert av det arbeidande folket. Det må setjast av middel for kollektivt forbruk i utdanning, helsevesen, omsorg for barn og utdanning, sosialisering av husarbeid osb.

Det sosialistiske prinsippet for løn er «til einkvar etter arbeid». Det vil og seia å minka det veldige skiljet mellom sjefane sine toppløner og lågtlønt arbeid som finst under kapitalismen. I høgt utvikla industriland kan det vera råd å trekkja viktige delar av produksjonen ut av marknaden og i staden fordela etter behov.

2.3.3.3. Klassekampen held fram.

Hovudmotsetninga vil i lang tid gå mellom proletariatet og borgarskapet. Derfor held klassekampen fram som ei objektiv lov uavhengig av menneska si vilje. Under sosialismen finst det eit materielt grunnlag for at eit nytt borgarskap kan oppstå i økonomi, byråkrati, hær og parti. Skiljet mellom dei som administerer og dei som blir administrerte legg og eit grunnlag for at nye klasseskille kan oppstå. Sosialismen sin lagnad er avhengig av korleis denne kampen blir ført. Ein viktig del av klassekampen er kampen for å bryta ned klasseskilja og dei andre sosiale skilja.

Ein del av klassekampen er for revolusjon i kulturen og ideologien. Eit mål er at det arbeidande folket skal meistra alle sider i den høgt utvikla kulturen og vitskapen, og oppheva kunnskapsmonopolet til eit fåtal ekspertar. Eit anna mål er å utrydda dei sterke posisjonane til borgarleg tenking og vanar, inklusive i det arbeidande folket sjølv. Sosialismen må byggjast opp av folket sjølv. Om eit lite byråkrati tar makta frå privatkapitalistane, så har det ingenting med sosialisme å gjera. Berre så lenge sosialismen er tufta på masserørsla, kan han leva og utvikla seg.

I heile perioden med bygginga av sosialismen fram til kommunismen, blir massekampen og den politiske lina avgjerande. Derfor vil det i heile denne perioden trengst eit kommunistisk parti til å gå i spissen for arbeidarklassen og leia oppbygginga av det sosialistiske samfunnet .

2.4. Sosialismen som ei overgangsform mellom kapitalisme og kommunisme.

Sosialismen vil korkje vera harmonisk eller stabil, men full av motsetningar.

Heile den historiske perioden med sosialismen er prega av at dette samfunnet er overgangsforma til kommunismen. Sosialismen kan derfor berre halda seg ved lag om han målretta vert utvikla i retning av kommunismen. Elles risikerer samfunnet å forfalla attende til kapitalismen .

Når sosialismen blir skapt, finst klassane framleis. Sidan produksjonen ikkje er høgt nok utvikla, vil det vera naudsynt å halda fram med arbeid for løn, ein marknad og pengar. Arbeidsdelinga gjer at det framleis er stor skilnad på arbeidar og intellektuell, på dei med rutinejobbar og folk på kommandopostane i byråkratiet. Det finst ein stat. Det finst borgarleg ideologi. Det finst sterke objektive motsetningar og klassekamp.

Dei fleste sosialistiske landa til no har hatt store vanskar på grunn av underutvikling og krigsskader. Det har og vore gjort alvorlege feil og overgrep. Arbeidarklassen og det arbeidande folket har i for liten grad blitt mobilisert i kampen for å utvikla sosialismen.

Sigeren for sosialismen er ikkje avgjort med revolusjonen. Fleirtalet av dei sosialistiske landa har etter ei tid degenerert til ein ny type kapitalistiske land. Slike atterslag er typiske når ei ny samfunnsform bryt gjennom. Likevel er dei korte historiske røynslene med sosialismen gode. Meir enn ein milliard menneske har frigjort seg og skapt eit betre og meir verdig liv som følgje av sosialistisk revolusjon. Enorme massar har fått mat, helsestell og skolegang. Røynslene frå sosialismen er det store lyspunktet i vår tid.

Den stadig djupare krisa i imperialismen vil skapa stadig fleire sosialistiske revolusjonar, og føresetnadene for å skipa meir utvikla sosialistiske samfunn vert stadig betre.

Dei historiske røynslene viser:

- at sosialismen må vera på vakt mot byråkrati og utviklinga av nye borgarlege lag,

- at det trengst betre politikk for å utvikla den sosialistiske økonomien

- at kvinnekampen må halda fram i heile perioden med sosialisme

- at det er naudsynt å forsvara folkets demokrati og sosialistisk rettstryggleik

I heile tidbolken fram til kommunismen vil det vera kamp om korleis samfunnet skal utvikla seg. Drivkrafta i utviklinga må vera arbeidarklassen i spissen for det arbeidande folket. I heile denne tida trengst eit kommunistisk parti i leiinga for kampen.

KAPITTEL 3

Kampen mot supermaktene og krigen

3.1. Einskapsfronten mot imperialismen.

Den viktigaste felles oppgåva for folka i verda er å byggja opp ein brei, internasjonal einskapsfront mot dei to supermaktene Sovjet og USA. Det er umogleg å sigra mot imperialistisk utbytting, underutvikling, krig, folkemord, svolt og fascisme utan samtidig å kjempa mot dei to supermaktene. Dei er det største hinderet for verkeleg revolusjon, frigjering og framskritt i verda. Kampen for sosialisme i alle land kan berre sigra om han også blir ein kamp mot supermaktene. Den 3. verda, der fleirtalet på jorda bur, kan aldri reisa seg utan å knusa makta til dei to supermaktene.

Kampane som utviklar seg i ulike land og verdsdelar har ulike former og ulike nære oppgåver. I somme land er det revolusjonær frigjeringskrig. Somme har fascisme, andre borgarleg demokrati. Nokre er prega av elende og ekstrem krise. I somme land dominerer kampen mot utanlandsk imperialisme, i andre mot den indre herskarklassen.

I verdsmålestokk må likevel desse kampane samla seg slik at dei dreg i same leia. Dei må retta seg mot dei to supermaktene.

Den farlegaste og mest aggressive av dei to no er Sovjet. Det er naudsynt å vera spesielt på vakt mot den supermakta som er i oppgang og ekspanderer. Samstundes er USA-imperialismen framleis ein sterk og farleg fiende av folkene i verda.

Det trengst ein brei internasjonal einskapsfront mot Sovjet og USA. Hovudstønaden for ein slik front finn vi i den kampen folkemassane i den 3. verda fører mot imperialismen. Denne striden må også omfatta flest mogleg i dei kapitalistiske landa og i dei to supermaktene sjølve. Fronten må samla frigjeringsrørsler og nasjonale parti i den 3. verda, arbeidarorganisasjonar, kvinneorganisasjonar og anti-imperialistar i dei kapitalistiske landa og opposisjonsgrupper i dei landa Sovjet rår over. Det er også bra om regjeringar i den 2. verda stør ein slik front i einskildsaker eller heilt ut. I ein slik front er det naudsynt å samarbeida med mange ulike krefter. Nasjonale einskapsfrontar t.d. mot ei supermakt kan omfatta krefter som vil slåst mot denne makta, men som ikkje er anti-imperialistar eller framskrittsvenlege i andre samanhengar.

I mange undertrykte nasjonar innanfor statar i 2. og 3. verda vil kampen i første rekke retta seg mot makthavarane i landet.

Likevel har dei felles interesser med dei andre nasjonane i landet mot supermaktene, som er fiendar av alle folk i verda. Jo større makt supermaktene har i landet, jo vanskelegare vil det vera for undertrykte nasjonar å bli frie. Om undertrykte nasjonar allierer seg med ei imperialistmakt mot undertrykkarnasjonen i landet, vil det vera å gå frå oska til elden.

Dei nasjonale minoritetane utgjer ein stor del av befolkninga både i USA og Sovjet. Dei vil ikkje kunna oppnå nasjonal frigjering så lenge USA og Sovjet er imperialistiske supermakter, og har derfor all interesse av å gå mot imperialismen. Opprør og motstand frå desse kan bli ei vesentlig kraft for å svekkja supermaktene.

Å utvikla fronten mot supermaktene står ikkje i motstrid til å utvikla klassekampen i kvart einskild land. Nokre regjeringar undertrykkjer sitt eige folk, samtidig som dei tar stilling mot supermaktene. At dei går mot supermaktene er bra og må støttast. Om folket gjer opprør og set inn ei revolusjonær regjering, er det betre og må sjølvsagt også støttast. Det arbeidende folket er hovudkrafta i kampen mot imperialismen.

Dei kapitalistiske landa i den 2. verda er også truga av de imperialistiske supermaktene. I desse landa er det særleg viktig å utvikla solidariteten med de undertrykte folka i den 3. verda med dei som er utsette for rasisme og sjåvinisme i dei utvikla landa sjølv. Det arbeidande folket i desse landa må kjempa mot imperialismen til sitt eige borgarskap, kjempa mot politiske retningar som neglisjerer den anti-imperialistiske kampen i den 3. verda og kjempa mot imperialistisk ideologi og politikk i det arbeidande folket sjølv. Dette er viktig for om det arbeidende folket i den 2. verda skal bli ei kraft med eller mot den kampen storparten av jordas folk fører mot det imperialistiske systemet .

Den mest effektive måten å utvikla denne fronten på no er å styrkja det konkrete støttearbeidet for dei folka som til eikvar tid står i fremste rekke i kampen mot imperialismen. 1 1984/85 vil dette mellom anna seia frigjeringsfrontane i Kampuchea, Afghanistan, Eritrea, Palestina, det sørlege Afrika, Sentral-Amerika, Solidaritet i Polen. Desse kampane bind kreftene til supermaktene og gjer dei veikare. Dinest er dei føredøme for andre og oppmodar til motstand andre

stader .

Skal denne fronten utviklast vidare, er det viktig at dei mest medvitne og anti-imperialistiske kreftene styrkjer kontakten seg imellom. Revolusjonære parti og regjeringar, frigjeringsorganisasjonar, fagforeiningar, kjempande intellektuelle, kvinneorganisasjonar, anti-imperialistar og demokratar over heile verda må derfor samarbeida og stø kvarandre.

3.2. Kampen mot supermaktenes krigsførebuingar.

3.2.1. Krig under imperialismen.

Faren for ein 3. verdskrig aukar. Dei lokale krigane breier seg og vert fleire. Kampen mot krigen vert eit brennande spørsmål. Men kampen mot krigen kan berre lykkast om han verkeleg angrip og utrydder kjelda til krig i vår tid.

Imperialisme betyr krig.

Det kan ikkje bli slutt på all krig før det imperialistiske systemet er avskaffa .

Framfor alt betyr det at arbeidarklassen i dei imperialistiske landa og dei undertrykte folka i verda må reisa seg og styrta imperialismen. Men det kan berre skje gjennom å gripa til våpen. Mao sa det slik: «Vi går inn for å avskaffa krig. Vi ønsker ikkje krig. Men krig kan berre avskaffast gjennom krig, og for å bli kvitt våpna er det først naudsynt å ta opp geværet.»

Når krig bryt ut, må vi skilja mellom rettvis og urettvis krig. Imperialistiske åtakskrigar er urettvise. Anti-imperialistiske forsvarskrigar er rettvise. Borgarkrigar og massemord frå fascistar er urettvise. Opprør frå antifascistar og revolusjonar frå undertrykte fleirtal er rettvise.

Rivalisering om hegemoniet og den ujamne utviklinga av styrkeforholdet mellom imperialiststatane er kjelde til krig under imperialismen. Åtak frå slike statar og krigar mellom dei er uunngåelege så lenge imperialismen finst. Dette er urettferdige krigar.

Dei urettferdige imperialistiske krigane fører til si motsetning, land som vert utsette for imperialistisk aggresjon forsvarar seg, koloniar og undertrykte nasjonar reiser seg mot kolonialisme og fascisme. Slike nasjonale og demokratiske frigjerings- og forsvarskrigar er rettferdige krigar.

Undertrykkinga og utbyttinga i dei imperialistiske landa fører til at arbeidarklassen og folket gjer opprør mot borgerskapet. Slike proletariske revolusjonære krigar er også rettferdige.

For å stoppa imperialistiske krigar mot frigjeringsrørsler og land som blir underkua, er det einaste rette å gi dei som slåst mot imperialismen så god hjelp som mogleg.

Kreftene som virkar mot ein konkret imperialistisk krig kan påvirka tidspunkt for utbrotet, omfanget og forløpet av krigen. Dersom desse kreftene er kraftige nok, kan dei i nokre tilfelle tvinga imperialistmaktene til ikkje å starta akkurat denne krigen. Men dette betyr ikkje at det er mogleg å hindra alle imperialistiske kriger, så lenge imperialismen framleis finst. Regelen under imperialismen er at krigar og folkemord spreier seg til større og større område. Historia om 2. verdskrig og ei ubroten rekke store, blodige krigar etter 2. verdskrig stadfestar dette.

3.2.2. Trugsmålet om ein 3. imperialistisk verdskrig.

Verdsutviklinga har lenge peika i retning av ein 3. imperialistisk verdskrig mellom supermaktene Sovjet og USA. Allment har ein slik krig blitt meir sannsynleg i dei siste 10 åra.

Sovjet, som den supermakta som er i oppgang og som er mest aggressiv, er den mest sannsynlege utløysaren av en slik 3. verdskrig. I ein slik krig vil Europa - Midt-Austen bli både det viktigaste krigsbyttet og det viktigaste krigsteatret (sjå kap. 1.4.5.).

I dag er det ei brennande viktig oppgave å styrkja dei kreftene som står mot supermaktenes, og særleg Sovjets, krigsførebuingar.

Den væpna frigjeringskampen som land i den 3. verda fører mot Sovjet og USA, er i dag den viktigaste krafta som virkar mot de sovjetiske krigsførebuingane. Opposisjonen i Aust-Europa, særskilt i Polen, har også blitt ei kraft mot desse krigsførebuingane.

Motstand mot supermaktene sin aggresjon, støtte til den 3. verda og motstand mot Sovjets forsøk på å leggja under seg land i Europa og Midt-Austen spesielt, er i dag faktorar som kan virka mot krigsførebuingane. Ettergjeving og kapitulasjon overfor Sovjet og borgarleg kapitulasjonspolitikk aukar i røynda faren for krig, fordi det oppmuntrar til nye framstøytar.

Evna og viljen til å forsvara den nasjonale sjølvråderetten må styrkjast i Europa. Landa må auka si evne til å forsvara det nasjonale sjølvstendet med militære middel.

Forsvaret mot sosialimperialismen må ikkje gjerast avhengig av den andre supermakta USA. USA er ute etter å bruka dei små landa som frontsoldatar for sine interesser, eller som byttemiddel i dragkampen med Sovjet.

Desse kreftene virkar mot ein 3. verdskrig. Men ei vurdering i 1984 viser at kreftene som drar i retning av ein krig er sterkare og veks snøggare. Ein krig blir derfor meir og meir sannsynleg.

3.2.3. Kamp mot ABC-våpen og folkemord, spørsmålet om nedrusting.

Imperialismens strategi for undertrykking nyttar planlagte og kaldblodig gjennomførte folkemord.

Det er viktig å krevja at supermaktene rustar ned, reduserer dei konvensjonelle styrkane sine og øydelegg lagra sine av atomvåpen, biologiske våpen og kjemiske våpen (ABC-våpen).

Supermaktene utviklar særskilte våpenslag og doktrinar til bruk for folkemord. Atomopprustinga til dei to supermaktene trugar alle folk på jorda. Sovjet nyttar kjemiske våpen i mange land. Folkemord skjer med konvensjonelle våpen og med medvite bruk av hungersnaud .

Det er naudsynt å reisa kampen mot folkemordet supermaktene gjer seg skuldige i. Vi har ikkje illusjonar om at folkemord og ABC-våpen kan verta avskaffa berre ved hjelp av protestar, det kan einast skje ved at imperialismen vert avskaffa. I mellomtida er det viktig å mobilisera størst mogleg motstand mot folkemord for så langt som råd er å minska omfanget av det i krigane no.

Når det gjeld krav om nedrusting, er det avhengig av kven krava blir retta til.

Det er rett å krevja at dei to supermaktene skal rusta ned og redusera dei konvensjonelle styrkane sine. Det er dei som er kjelda til krig, det er dei som trugar og fører krig mot andre folk.

Det er feil å stilla krav om avrusting til frigjeringsrørsler eller sjølvstendige land som blir truga eller angripne av supermaktene. Om frigjeringsrørsler legg ned våpna eller sjølvstendige land som er truga av supermaktene rustar ned, aukar det faren for angrep og gjer dermed krigsfaren større.

Uansett er det naudsynt å kjempa mot illusjoner om at krav om avrusting eller tilmed nedrustingar frå supermaktene kan gjera slutt på krigane, så lenge imperialismen finst. Allment er dei historiske røynslene at nedrustingsforhandlingar har blitt brukte i propagandaen framfor store krigar, for å føra opprusting bak eit røykteppe og svartmåla den imperialistiske motparten.

3.2.4. Fredsrørsla i Europa.

Folka i Europa fryktar med rette ein 3. verdskrig. Det er grunn til å frykta Sovjet. Det er ingen grunn til "tillit til USA". Millionar i Europa har forstått at det er folkemassane her som vil bli slakta ned om denne krigen kjem.

Kva rolle fredsrørsla kan spela, er avhengig av i kva retning ho går.

Dersom denne rørsla reiser kampen for nasjonalt sjølvstende og mot ettergjeving overfor supermaktene, og dersom ho knytter seg til dei sterkaste kreftene i verda som står mot krigsførebuingane, kan ho spela ei viktig positiv rolle i kampen mot den imperialistiske krigen. Det vil seia å knytta band til frigjeringskampen i den 3. verda og til dei verkelege fredsgruppene og opposisjonen i Aust-Europa og Sovjet. Det vil seia å retta kampen mot ABC-våpen i aust og vest og ikkje mot dei delane av det konvensjonelle forsvaret i små europeiske land som er retta mot supermaktene.

Men ei rørsle som tar utgangspunkt i dei rettkomne ønskja folk har om å gjera noko for fred, men gir denne kampen galen retning, vil spela ei negativ rolle.

Europa treng ikkje ei "fredsrørsle" som svik den 3.verda, berre det ikkje bryt ut krig her. Det betyr å gå inn for fred her for at Sovjet, USA og Europa i fellesskap skal kunna plyndra og driva folkemord i den 3. verda. Europa treng ikkje ei «fredsrørsle» som vil kjøpa «fred» for Vest ved å selja fridomen og det nasjonale sjølvstendet til Aust-Europa. Ei «fredsrørsle» som løyner Sovjets aggresjon, reiser på offisielle «fredskongressar» i aust saman med dei som står for opprusting og krig der, som vil kjøpa "fred" med å kapitulera for sosialimperialismen, går mot interessene til folka i Europa. Ei slik rørsle aukar i røynda faren for krig.

AKP(m-l) strir aktivt for å fremja ei verkeleg fredsrørsle og mot alt som peikar i retning av ei falsk "fredsrørsle". Vi kjempar mot pasifistiske og prosovjetiske tendensar. Samstundes kjempar vi mot illusjonane om at sjølv ei riktig fredsrørsle i Europa aleine kan hindra eller utsetja krigen om ikkje langt større krefter i den 3. verda og Aust-Europa kjem i rørsle.

3.4. Kva som må gjerast dersom verdskrigen bryt ut.

Det er naudsynt å ha ei nøktern og realistisk vurdering av kreftene som kan utløysa ein 3. verdskrig. Utviklinga i dei siste 10 åra har vore at kreftene som peikar i retning av ein slik krig, veks raskare enn dei kreftene som virkar mot han. Krigsfaren held fram med å auka. Framtida ser mørk ut.

Om ein 3. verdskrig skulle bryta ut, med dei katastrofale følgjar det vil få, finst det berre ein utveg. Det er å kjempa for fridom mot imperialistiske åtak og okkupasjon, mot fascisme og folkemord. I Europa og andre stader der imperialistane går til åtak, vert oppgåva å reisa folka til frigjeringskrig. Dei må føra ein langvarig folkekrig for å vinna nasjonal frigjering og demokrati, og kjempa for revolusjon mot kapitalisme og imperialisme. Berre slik kan dei leggja imperialismen i grava for alltid og gjera parolen "Aldri meir krig" til røyndom.

I ein 3. verdskrig må folka i verda framfor alt stola på seg sjølv og slåst for å gjera han om til ein krig for si eiga frigjering, ikkje for ei eller anna imperialistisk gruppe. Arbeidarane og dei undertrykte må gå saman om det skal bli mogleg: i landa som angrip og i dei som blir angripne, i rike og fattige land, i mindre imperialistmakter og i koloniar. Mot den trugande imperialistiske krigen reiser vi den gamle parolen til dei revolusjonære kommunistane: Arbeidarar og undertrykte folk og nasjonar i heile verda, gå saman!

DEL II

Kampen for eit sosialistisk Noreg

KAPITTEL 4

Kapitalismen i Noreg

4.1. Noreg i verda.

Noreg er eit lite, rikt og sjølvstendig kapitalistisk land i den 2. verda. Desse forholda er viktige for Noreg:

- Landet er ein del av verdsmarknaden og svært følsomt for internasjonale konjunkturar.

- Noreg er imperialistisk og tar del i utbyttinga av den 3. verda.

- Noreg er eit svakt land og truga av supermaktene. Det ligg i skotlina om det vert krig i Europa.

Den norske monopolkapitalen har makta i staten og dominerer økonomien. Olja har styrkt norsk monopolkapital.

Internasjonal veikskap gjer at det norske borgarskapet søkjer alliansar med imperialistiske stormakter. Noreg er svært nært knytt til USA. I dei seinare åra er USA sin innverknad svekka. Vesteuropeiske makter får auka vekt. Sovjet pressar Noreg hardt. Borgarskapet blir påvirka av det.

Mykje av landet er tatt frå samane, men Noreg klarte aldri å erobra koloniar i den 3. verda. No ser borgarskapet seg ofte tent med å støtte land i den 3. verda mot andre imperialistmakter.

Folket i Noreg har sterke patriotiske og anti-imperialistiske tradisjonar. Folket ønskjer sjølvstende og stør frigjeringsrørsler og samarbeid med den 3. verda.

Den strategiske plasseringa gjer Noreg til eit viktig bytte i krig. USA kontrollerer den norske hæren gjennom NATO. Sovjet har basar ved grensene, infiltrerer langs kysten og har sett seg fast på Noregs Svalbard. Sosialimperialismen er det største trugsmålet mot Noreg no.

4.2. Nokre særdrag ved produksjon og økonomi.

Landet er høgt utvikla. Levestandarden er høg i verdsmålestokk. Det er grisgrendt og prega av mange små byar og tettstader. Folk er høgt utdanna.

Delar av industrien brukar moderne høgteknologi. Andre delar er relativt gammaldags. Industriverksemdene er relativt små.

Sysselsettinga i jordbruk og fiske har gått ned. Det trugar det spreidde busettingsmønsteret og matvareberedskapen. Talet på jobbar i industrien steig fram til midt på 70-talet. Det har gått ned sidan. Talet på jobbar har auka særleg i skular, helse/sosial og anna statleg og kommunal verksemd.

Landet importerer ein stor del av det som brukast. Den viktigaste storindustrien er avhengig av eksport. Mange jobbar i produksjon for heimemarknaden som er skjerma av toll og subsidiar.

Olja har styrkt norsk kapital, men også skapt større utanlandske kapitalinteresser i landet. Olja har seinka verknadene av verdskrisa. Men norsk økonomi er blitt svært avhengig av høge oljeprisar.

Noreg har ei høgt utvikla arbeidsdeling i samfunnet. Dei ulike delane er avhengige av kvarandre. Verknadene av t.d. ei krise eller ein streik forplantar seg raskt til andre delar av samfunnet. Derfor treng den norske kapitalismen klassefred.

Staten blir stadig viktigare i økonomien. Han syter for kapitalistane sine felles interesser og klassesamarbeidet. Staten er den største kapitalisten og arbeidskjøparen.

Dei einskilde kapitalistgruppene jaktar på rask profitt, utan omsyn til produksjonen og landet som heilskap. Det arbeidande folket treng allsidig og harmonisk utvikling av produksjonen for å skapa seg trygge og gode liv.

Den grunnleggjande motsetninga i samfunnet går mellom at produksjonen får stadig meir samfunnskarakter på den eine sida og den private karakteren til eigedommen og tileigninga. Den kapitalistiske staten kan berre prøva å kontrollera denne motsetninga, men aldri løysa ho.

Den nye industrielle revolusjonen og verdskrisa skjerpar motsetninga mellom produktivkrefter og produksjonsforhold i Noreg. Dette peikar i retning undergang for dei kapitalistiske produksjonsforholda og at nye sosialistiske produksjonsforhold blir skapt.

4.3. Klassar og klassemotsetningar.

4.3.1. Hovudmotsetninga i det norske samfunnet.

Hovudmotsetninga går no mellom borgarskapet og arbeidarklassen (proletariatet). Ho styrer og påvirkar alle andre motsetningar i det norske samfunnet.

Utviklinga av kapitalismen har forenkla klassemotsetningane.

Innanfor borgarskapet har monopolkapitalen makta. Arbeidarklassen er den største klassen. Mellom dei to hovudklassane står småborgarskapet, som er delt i ulike grupper.

4.3.2. Klassane.

4.3.2.1. Borgarskapet.

Til borgarskapet høyrer:

- kapitaleigarar,

- tilsette leiarar av privat og statleg monopolkapital,

- toppleiarar i staten, forsvaret og kommunane,

- mange av leiarane i store organisasjonar og parti

- dei rike spissane blant dei intellektuelle.

Heile borgarskapet har sams interesse av den kapitalistiske utbyttinga. Herskarane innanfor borgarskapet er sjiktet som styrer den statlege og private monopolkapitalen (blant dei toppane i DNA/LO). I Noreg tar borgarskapets diktatur form av monopolkapitalens diktatur.

Innanfor borgarskapet finst det mange skarpe motsetninger, m.a. mellom stor og liten, statleg og privat, norsk og utanlandsk og mellom ulike monopolgrupper.

Historisk går utviklinga slik:

- Monopolkapitalen styrkjer seg.

- Statskapitalen styrkjer seg.

- Toppen i monopolgruppene, i staten og i organisasjonane blir stadig meir samanvevde.

Den norske monopolkapitalen får stadig meir preg av at han er eigd og styrt av eit sjikt med direktørar, statsbyråkratar og politikarar. Tradisjonelle eigarar av einskilde kapitalar får mindre vekt.

4.3.2.2. Arbeidarklassen (proletariatet).

Arbeidarklassen lever av å selja arbeidskrafta si. Han omfattar:

- arbeidarane i industri, gruver, anlegg, transport, fiske og landbruk,

- underordna lønsarbeidarar i stat, kommune og teneste,

- familiane dei underheld,

- arbeidslause og trygda arbeidarar.

Dette er over halvdelen av innbyggjarane.

Arbeidarane i produksjon og transport er den tradisjonelle kjerna i klassen. Konsentrasjon, strategisk plass i produksjonen, mengd og sterk organisasjon ga dei ei nykelrolle. Industriproletariatet voks til midt på 70-talet. No gjer krisa og den teknologiske revolusjonen at talet minkar.

Arbeidarklassen veks likevel enno. 1 70-åra auka talet på underordna jobbar i stat og kommune. Det har og blitt fleire arbeidslause og trygda proletarar.

Om lag halvdelen av proletarane med jobb er no kvinner. Dei står i ei særstilling fordi dei også er undertrykte som kjønn. Dette viser seg mellom anna i ein sterkt kjønnsdelt arbeidsmarknad, utbreidd deltidsarbeid og låg løn. Fagrørsla i desse sektorane er veik. Men dei svære kvinnearbeidsplassane i helsevesenet, industrien osb. gir godt grunnlag for kamp.

Nokre ti-tusen arbeidarar frå den 3. verda spelar ei viktig rolle i einskilde byar. Dei høyrer til den mest undertrykte delen av klassen.

Arbeidarklassen har rike kamprøynsler. Men etter 2. verdskrigen er klassemedvitet svekka. Borgarlege idear har spreidd seg. Fagrørsla, som er skapt i klassekamp, driv klassesamarbeid på toppplanet. Leiinga dominerast av arbeidararistokratiet. Dei mest undertrykte arbeidarane, m.a. kvinnene og innvandrarane, har fa tillitsverv. I dei siste ara har det vekse fram ein motstraum som er meir for klassekamp. Men framleis er det ein skarp motsetnad mellom klassen sin storleik og styrke og det låge klassemedvitet.

4.3.2.3. Dei småborgarlege klassane.

Småborgarskapet omfattar svært ulike sjikt. Nokre står nær arbeidarklassen. Andre har høg inntekt og står nær borgarskapet.

Det store fleirtalet har objektive interesser av å sameina seg med arbeidarklassen .

Bønder og fiskarar

Dei fleste bønder og fiskarar er små sjølveigarar eller halvproletarar. Mindretalet er rike småborgarar eller borgarar.

Bønder og fiskarar har tungt arbeid. Småbrukarane ligg under mange arbeidarar i inntekt. Bondekvinnene har ofte inga eiga inntekt, trass i at dei gjer ein stor del av gardsarbeidet i tillegg til omfattande omsorgsarbeid. Staten og monopolkapitalen rår over levekåra deira. Dei står i direkte motsetnad til monopolkapitalen.

Dei har minska kraftig i tal. Men dei er framleis svært viktige for matforsyninga og for heile busettinga i distrikta.

Bøndene og fiskarane har kamptradisjonar. Men fagrørslene deira har vore dominerte av kapitalistar som kjempar mot interessene til dei små.

Fleirtalet av bønder og fiskarar høyrer til arbeidarklassen sine næraste allierte.

Småborgarlege intellektuelle

Fleirtalet arbeider i underordna stillingar. Eit mindretal har altfor høg løn eller er velståande sjølvstendige.

Gruppa med høgare utdanning veks kraftig på grunn av den teknologiske utviklinga og voksteren i administrasjonen. I 1980 var omlag 1/4 av innbyggjarane i skulevesenet som tilsette, lærarar eller elevar. Dette syner kor stor vekt denne gruppa får no.

Dei best stilte spelar ei viktig rolle for borgarskapet. Fleirtalet står i motsetnad til staten og monopolkapitalen. Det er mange progressive forskarar, kunstnarar osb. Blant svære grupper som lærarar, sosialarbeidarar osb. er fleirtalet dårleg betalte kvinner. Her har og fagrørsla og kamplina vekse.

Fleirtalet av dei intellektuelle høyrer og til arbeidarklassen sine næraste allierte.

Resten av småborgarskapet.

Det er ei samling ulike grupper som butikkeigarar, småfabrikanter, sjølvstendige handverkarar, funksjonærar på mellomnivå (nokre få), arbeidsleiarar, kontraktørar osb.

Her finst tradisjonelt mykje kapitalistisk tenking og støtte for reaksjonen. Dei øvre sjikta rekrutterer til borgarskapet. Eit fleirtal står likevel objektivt i motsetnad til monopolkapitalen. Men desse sjikta har vanskeleg for å samla seg og føra kamp.

4.3.2.4. Arbeidararistokratiet.

Dette er ikkje ein klasse, men eit sjikt med privilegiar samanlikna med vanlege arbeidarar. Anten

- på grunn av særlege kvalifikasjonar som kapitalistane er viljuge til å betala godt for, eller

- fordi dei har posisjonar i borgarlege arbeidarparti eller fagrørsla .

Superprofittane til imperialismen gjorde at arbeidararistokratiet voks kraftig. Nokre arbeidararistokratar avanserer sjølve inn i borgarskapet, LO/DNAs byråkratkapitalistiske monopol og store statsmonopol er leia av arbeidararistokratar.

Dette sjiktet spelar ei viktig rolle som berar av borgarleg og imperialistisk politikk i arbeidarklassen og arbeidarrørsla. Kampen mot arbeideraristokratiet sin innverknad i arbeidarklassen er derfor ei heilt avgjerande oppgåve for at klassen skal verta i stand til å styrta kapitalismen.

4.3.2.5. Grupper utanfor arbeidsmarknaden.

Heimearbeidande kvinner

Dei er særskilt undertrykte fordi dei er økonomisk avhengige av mannen, og i stor grad utan rettar. Det gjeld både fleirtalet i arbeidarklassen og småborgarskapet og dei i borgarskapet. Denne store gruppa har vanskar med å samla seg til kamp.

Ungdom under utdanning

Det er dei fleste under 20 år og mange under 30. Dei delar seg ut frå klassebakgrunn og jobb i framtida. Dei fleste har dårleg økonomi. Dette sjiktet kan laga svære, men lite stabile masserørsler.

Uføre og alderstrygda

Kåra deira er avheng av kva klassar dei kjem frå. Mange av dei fattigaste av dei trygda lever i stor naud. Eit fleirtal av dei alderstrygda er kvinner.

Arbeidslause

Dei er no fleire enn nokon gong sidan 30-åra. Mange har vore arbeidslause lenge. Nokre av dei unge har aldri hatt jobb. Fleirtalet av dei arbeidslause er kvinner, men tusenvis av dei vert ikkje registrerte fordi dei ikkje har krav på trygd. Blant dei arbeidslause finst både svartsyn og passivitet og byrjinga til organisert kamp.

Filleproletariatet

Dette er botnsjiktet, bl.a. uteliggjarar, prostituerte, yrkeskriminelle, arbeidslause alkoholikarar og narkomane. Dei er offer for kapitalismen og lever ofte i naud. Krisa gjer at filleproletariatet veks.

4.3.3. Klassane og den teknologiske revolusjonen.

Den nye industrielle revolusjonen vil endre klassetilhøva under kapitalismen kraftig. Utviklinga er såvidt i gang og er vanskeleg å rekna seg til på førehand. Moglege følgjer er:

- Kunnskap og plassering i staten/organiseringa av økonomien får meir å seia, formell eigedom mindre. Nye grupper tar leiinga i monopolborgarskapet. Det lågare småborgarskapet og arbeidarklassen kjem nærare kvarandre.

- Maskinar blir på lengre sikt sette i staden for brorparten av industriarbeidarane. Den yrkesaktive arbeidarklassen minkar, men får ei stadig viktigare strategisk stilling i produksjonen. Det blir ei aukande gruppe som aldri får jobb under kapitalismen.

Dette proletariserer fleirtalet i den meininga at stadig færre eig produksjonsmiddel. Det endrar vilkåra for kamp. Motsetnadene skjerpast. Kapitalismen blir stadig meir avlegs.

4.3.4. Hovudmotsetninga om Noreg blir angripe av Sovjet.

Eit slikt angrep vil endra hovudmotsetninga. Den eine sida blir sosialimperialismen. Den andre sida blir folket i Noreg (av mange nasjonalitetar).

Klassemotsetningane innanfor folket i Noreg og kven som leiar motstandskampen vil avgjera korleis kampen utviklar seg. Det er mulig å skipa ein patriotisk front som omfattar delar av borgarskapet, statsbyråkratar og monopolistar. Men berre arbeidarklassen og dei nære allierte kan utvikla ein revolusjonær patriotisk folkekrig for å kasta ut fienden. (Dette spørsmålet er meir omfattande handsama i AKP(m-l)s militærpolitiske program, vedtatt i 1979.)

4.4. Fem store motsetningar under kapitalismen.

I tillegg til klassemotsetningane spelar fem store motsetningar ei viktig rolle i det norske samfunnet:

4.4.1. Kvinneundertrykkinga.

Under kapitalismen blir kvinnene undertrykte som kjønn på to måtar:

- Borgarskapet undertrykkjer kvinnene.

- Menn undertrykkjer kvinnene

Borgarskapet si undertrykking av kvinnene

Familien er ein del av samfunnet si grunnorganisering og dei kapitalistiske produksjonsforholda. Han fører borgarskapet sin eigedom vidare gjennom arv. Familien og ikkje samfunnet har hovudansvaret for å forsørga dei som ikkje har eiga inntekt. Han har hovudansvaret for omsorgsarbeidet i samfunnet.

I familien er det kvinnene som jobbar med gratis hus- og omsorgsarbeid. Dette arbeidet er heilt naudsynt for samfunnet. Borgarskapet vert på dette viset spart for enorme utgifter.

Historisk sett har mannen vore forsørgar i familien. Kvinnene står i dag sterkare økonomisk enn før, fordi dei er halvparten av dei yrkesaktive. Men kvinna er framleis økonomisk avhengig av mannen som forsørgar. Fleire hundretusen kvinner har ikkje lønsarbeid. Arbeidsmarknaden er kjønnsdelt og kvinner konsentrerte i yrke med rutineprega arbeid, låg status og låg løn. Halvdelen av kvinner i arbeid jobbar deltid. Desse tilhøva gjenskapast fordi familien heile tida vil velja den «lettaste» måten å skaffa seg det naudsynte utkome på. Det vil framleis vera å la mannen ha full tid og vera hovudforsøgar fordi mannen si arbeidskraft har høgare verdi enn kvinnas. Kapitalismen vil aldri gi alle full tids arbeid.

Kapitalismen sikrar at borgarskapet held kvinnene som ein storreservearme av arbeidskraft.

Følgjane av familiesystemet råkar alle kvinner. Det gjeld anten dei lever i eller utanfor ein familie, anten dei er heterofile eller homofile. Alle kvinner møter den kjønnsdelte arbeidsmarknaden og dei låge lønene.

I heile historia til klassesamfunnet har herskarklassen undertrykt kvinnene særskilt, og gitt menn privilegiar. Dette pregar alle institusjonar og forhold, yrkeslivet, politikken, skolen, media, kyrkja, fagrørsla osb. Den herskande ideologien framhevar menn og undertrykkjer kvinner.

Porno og prostitusjon framstiller kvinnene som bruksting for menn. Porno har utvikla seg til ein mektig kapitalistisk storindustri som håvar inn kjempeprofittar på sadisme og kvinneforakt.

Under kapitalismen er den viktigaste forma for kvinneundertrykking borgarskapet si undertrykking av kvinnene. Borgarskapet er den viktigaste krafta som har interesse av å forsvara familieinstitusjonen og den kjønnsdelte arbeidsmarknaden som undertrykkjer kvinnene.

Menn si undertrykking av kvinner.

Menn i alle klassar og sjikt undertrykkjer kvinner i kraft av privilegia sine. Dei er ei aktiv kraft mot kvinnefrigjering.

I familien undertrykkjer menn kvinnene, og har privilegiar på kvinnene sin kostnad. Dette syner seg mellom anna i økonomisk, sosial og seksuell undertrykking av kvinner og barn. Menn lar yrke og interesser gå føre familien, og lar kvinnene ta arbeidet i familien. Dei rår over kvinnene sine liv ved vala dei gjer. Menn har rett til å definera kva som er viktige saker i fagrørsla, partia og alt samfunnsliv.

Menn si undertrykking av kvinnene i arbeidarklassen og det arbeidande folket er ein av dei viktigaste hindringane for auka einskap og kampkraft i arbeidarklassen - både i dagskampen og i kampen for revolusjonen. Kvinnene må ha makt i arbeidarorganisasjonane og organisasjonane må stø kvinnekampen. Kvinner må gjera opprør mot menn sine privilegiar og undertrykking. Menn i arbeidarklassen må støtte kvinnekampen og kjempa mot kvinneundertrykking, elles skader dei heile arbeidarklassen og deira allierte. Å kjempa mot kvinneundertrykking i folket sine rekker er ein naudsynt føresetnad for frigjeringa av heile arbeidarrørsla.

Kvinnerørsla

Det auka lønsarbeidet til kvinnene er ein viktig grunn til den breie kvinnerørsla som tar opp kampen på alle område. Kvinnene har styrkt si politiske makt.

Fordi kvinneundertrykkinga råkar alle kvinner utan omsyn til klasse, er det grunnlag for breie alliansar blant kvinner.

Kvinnene i arbeidarklassen har ei spesiell historisk rolle i denne rørsla. Saman med dei andre kvinnene i det arbeidande folket (småbrukarkvinnene, dei kvinnelege intellektuelle osb.) blir dei undertrykte av borgarskapet både som klasse og som kvinner. I tillegg må dei kjempa mot undertrykkinga frå mennene i sin eigen klasse. Dei må leia kvinnekampen og også vera ei særs viktig leiande kraft i klassekampen mot borgarskapet. Dei må styrta kapitalismen både for å fri seg som arbeidarar og som kvinner.

Ei kvinneorganisering er derfor også eit naudsynt vilkår for kvinnefrigjering og med det òg for revolusjon og sosialismen. Her må òg kvinnene i arbeidarklassen spela ei leiande rolle.

Kvinnerørsla kan ikkje sigra om ho blir snever og blir styrt av illusjonar om at kvinnene kan frigjera seg utan å endra heile samfunnet. Dette kan stadig fleire kvinner forstå ut frå kvinnekampen.

På same viset kan ikkje kvinnene i Noreg oppnå frigjering isolert frå kvinnene i resten av verda. I dag er imperialismen det viktigaste hinderet for betring av kvinnene si stilling. Kvinnene og kvinnerørsla må ta del i kampen for å knusa imperialismen i verdsmålestokk. Kvinnerørsla må knyta nære bånd over heile verda for å læra og for å utvikla felles kamp.

4.4.1.2. Mot undertrykking av homofili.

AKP (m-l) stør kampen mot undertrykking av homofili. Denne kampen har hatt stor framgang dei siste tiåra. Men framleis møter dei fleste menneske sine eigne og andres homofile kjensler med angst og forteiing.

Så lenge kjernefamilien er den grunnleggjande økonomiske og sosiale eininga i samfunnet, vil det eksistera eit materielt grunnlag for undertrykking av homofili, ved at utfalding av kjærleik og seksualitet overfor eige kjønn fell utanom det mønsteret som samfunnet er tufta på. Derfor har den homofile frigjeringskampen nære felles interesser med kampen for kvinnefrigjering.

Denne nære samanhengen gjer at lesbiske har ei særegen og viktig rolle i frigjeringskampen. Lesbiske blir spesielt undertrykte jamvel som homofil og kvinne.

Vi har røynsle for at krisetider kan bety alvorlege slag attende for den homofile kampen. Undertrykte grupper kan bli sette opp mo kvarandre, fascistiske krefter vil kunna veksa fram. Dette kan og råka del homofile hardt, og gjer det meir naudsynt å kjempa mot fordommar .

AKP (m-l) har som mål at utfalding av kjærleik og seksualitet mellom menneske av same kjønn skal framstå som ei likeverdig muligheit for alle menneske som kvar einskild må ta stilling til ut frå sine eigne kjensler.

Kampen for dette målet må førast i dagens kapitalistiske Noreg. Men han vil ikkje nå fram før kjernefamilien sluttar å vera den grunnleggjande økonomiske og sosiale eininga i samfunnet. Derfor må den homofile kampen halda fram under sosialismen.

4.4.2. Nasjonal undertrykking.

Den norske nasjonen er herskarnasjonen i staten Noreg. Andre nasjonalitetar blir undertrykte. Samstundes finst det restar av den historiske undertrykkinga i form av språkleg undertrykking. AKP(m-l) stør den kampen for språkleg frigjering som målrørsla fører.

4.4.2.1. Undertrykkinga av den samiske nasjonen.

Samane er eit urfolk på Nordkalotten. Kolonialismen har delt sameland mellom fire statar.

For å rana til seg samisk land har den norske staten systematisk kjempa mot samisk økonomi, språk og kultur. Målet var å øydeleggja den samiske nasjonen og tvinga samane til å bli nordmenn. Rasisme og norsk sjåvinisme blir brukt for å undertrykka kampen til samane og for å splitta samar og nordmenn.

Den samiske nasjonen har krav på nasjonal sjølvråderett. Arbeidarklassen må stø den samiske frigjeringskampen. (Fordi samespørsmålet er så viktig, har AKP (m-l) eit eige samepolitisk program (vedtatt 1980) som handsamer desse spørsmåla grundigare.)

4.4.2.2. Den finske minoriteten.

Den fastbuande finske minoriteten (kvenane) er offer for ei nasjonal undertrykking. Arbeidarklassen må kjempa for nasjonale og språklege rettar for kvenane i Noreg.

4.4.2.3. Undertrykking av innvandrarar.

I Oslo og andre byar bur innvandrarar frå den 3. verda og Sør-Europa. Dei fleste er proletarar. Dei har dårleg løn og husvære og høg arbeidsløyse. Innvandrarkvinnene står særleg svakt. Fagrørsla fungerer svært dårleg som interesseorganisasjon for innvandrarane Arbeidarklassen må kjempa mot undertrykking og for nasjonale rettar for innvandrarane.

4.4.2.4. Norsk sjåvinisme og rasisme.

Dette er eit middel til å rettferdiggjera nasjonal undertrykking og dekkja over klasseundertrykking ved å mobilisera norske arbeidsfolk mot undertrykte minoritetar. Rasismen er kjennemerka av:

- særlover som råkar innvandrarar,

- språkleg, religiøs og kulturell undertrykking av nasjonale minoritetar,

- færre demokratiske rettar for minoritetar,

- dårleg rettstryggleik for innvandrarar,

- mangelfullt skolevesen for samar, kvenar og innvandrarar,

- rasistisk propaganda, utbreidde fordommar.

Arbeidsfolk kan berre sigra når arbeidarar, innvandrarar og anti-rasistar strir mot rasisme og sjåvinisme innanfor den norske nasjonen .

4.4.3. Motsetninga mellom by og land.

Allment skjerpar kapitalismen motsetninga mellom by og land. I Noreg har dette ytra seg slik:

- Byane har ekspandert på landsbygda sin kostnad.

-Tettstadene har styrkt seg på utkantane sin kostnad.

-Nokre regionar, og særskilt Nord-Noreg, har sakka akterut i høve til utviklinga i heile landet.

Monopola tener på dette. Arbeidarane og småprodusentane taper. I distrikta blir det dårlegare inntekt, skole og helsetilbod. Matvareproduksjonen blir undergravd, og med det og noko av grunnlaget for norsk sjølvstende.

Statssubsidiane har vore for små til å hindra at straumen av verdiar og menneske går frå utkanten til byane.

Den nye teknologiske revolusjonen fører med seg ei strukturkrise i dei gamle industribyane. Krisa i desse byane råkar både fleirtalet av folket i byane og folket i distrikta rundt dei.

4.4.4. Øydelegginga av natur og miljø.

Dei veksande miljøproblema er eit uttrykk for skjerpinga av motsetninga mellom samfunnsmessige produksjonsmiddel og kapitalistisk eigedom og tileigning.

Den moderne vitskapen gjer at menneska rår over veldige krefter som under kapitalismen og imperialismen brukast slik at dei gjer enorm skade på naturen og menneska. Den einskilde kapitalisten tener på å driva rovdrift på naturressursane, på å forgifta luft og vatn osb. Derfor er jorda no truga av store økologiske katastrofar.

Miljørørsla kjempar mot desse skadeverknadene. Grunnleggjande reisar ho spørsmålet om å avskaffa privateigedom til produksjonsmiddel og produksjon for profitt, for i staden å forvalta jordas bruksverdiar til felles beste for menneskeætta.

4.4.5. Motsetninga mellom åndsarbeid og kroppsarbeid.

Den eldgamle motsetninga mellom åndsarbeid og kroppsarbeid finst enno. Dei fleste får aldri brukt noko meir enn en liten del av evnene sine i arbeidet. Klasseveldet blir meir og meir eit ekspertvelde.

Samstundes bryt ny teknikk med den gamle arbeidsdelinga. Tungt kroppsarbeid blir etter kvart erstatta med maskinar. Det blir meir bruk for utdanna arbeidskraft. Det er skapt eit stort sjikt av underordna intellektuelle.

Folkets kamp har ført til kortare arbeidstid, gratis skole, folkebibliotek osb. Ein viktig del av klassekampen er arbeidarklassen sin kamp mot borgarskapet sitt monopol på kunnskap.

No er det typiske for overklassen fritt og intellektuelt prega

arbeid. Det typiske for arbeidarklassen og folket er kontrollert, einsformig og rutineprega arbeid.

Den nye industrielle revolusjonen skjer ned på kroppsarbeid og rutinearbeid. Staten kuttar løyvingane til skolar og folkeopplysing. Samstundes blir skiljet mellom ånd og hand meir og meir historisk avlegs .

4.4.6. Tilhøvet til hovudmotsetninga i samfunnet.

Desse fem motsetningane er underordna hovudmotsetninga mellom borgarskap og proletariat. Proletariatet og folket kjempar for å løysa dei. Kapitalismen er det viktigaste hinderet for kampen. Rørsla dei skapar er ei form for klassekamp. Her finst grunnlag for breie alliansar, somme gonger jamvel med grupper i borgarskapet. Desse fem motsetningane er uløyselege under kapitalismen. Utviklinga av dei skjerpar heile krisa i kapitalismen.

4.5. Den norske staten.

4.5.1. Staten si oppgåve.

Staten (all statleg og kommunal verksemd) har som hovudoppgåve å forsvara monopolene sitt diktatur.

Statsapparatet har svulma veldig opp. Det får stadig større økonomiske og ideologiske oppgåver.

4.5.2. Valdsmakta.

Kjerna i staten er valdsapparatet (hær, politi, fengsel, 1øynleg overvaking osb.). Denne delen av staten er større enn nokon gong tidlegare.

Valdsmakta er retta mot ytre fiendar og kriminalitet. Den borgarlege propagandaen freistar å skjula at den og skal undertrykkja folket.

Typisk for Noreg er at borgarskapet har herska med lite bruk av open vald. Historia syner at dette ikkje kjem av at det norske borgarskapet var særskilt «demokratisk» eller «fredeleg». Borgarskapet klarte som regel å halda makta med politiske middel og staten hadde samstundes planane klare til å slå ned folket.

Dette syner at det fortsatt er slik:

- Valdsmakta øver i å slå ned streikar, demonstrasjonar og opprør.

- Det blir skipa spesialstyrkar for slike oppgåver.

- Revolusjonære blir overvaka.

- Unntakslovene gjer at alle demokratiske rettar raskt kan bli avskaffa.

Om det trengst kan borgarskapet få hjelp til å slå ned sitt eige folk frå USA eller andre NATO-land.

4.5.3. Staten og økonomien.

Staten dominerer økonomien. Han er "ideell felleskapitalist": beta1er skolar, sjukehus, vegar osb. som private ikkje kan driva med profitt. Han er og den største monopolkapitalisten og den største kjøparen av arbeidskraft og varer. Den private kapitalen blir stadig meir avhengig av statssektoren.

Utviklinga av staten får større og større vekt for utviklinga av alle klassar i Noreg.

Olja og den teknologiske revolusjonen gjer at statssektoren nå ut- 3 S viklar seg i store sprang.

4.5.4. Staten som organisator av klassesamarbeidet.

Ei svært viktig statsoppgåve er å utvikla klassesamarbeidet. Staten skipar samarbeidsorgan for kapitalistane og fagforeiningane. Han står fram formelt som "nøytral tredje part", meklar og dommar. I røynda blir toppen i fagorganisasjonane vevd saman med statsbyråkratiet og monopolkapitalen. I samarbeidsorgana blir dei delar av eit borgarleg sjikt med sams interesse av å hindra klassekamp.

4.5.5. Staten som produsent av kultur og ideologi.

I den høgt utvikla norske kapitalismen betaler staten mesteparten av kulturproduksjonen. Han driv skolen og kyrkja, er hovudoppdragsgivar for kunst og vitskap, dominerer kringkasting, subsidierer aviser osb. Dette er ein følgje av samfunnsutviklinga, og naudsynt dersom norsk kunst og vitskap skal overleva.

Samstundes er kulturproduksjonen òg produksjon av ideologi. Staten støttar framfor alt den dominerande borgarlege ideologien. Gjennom staten har herskarane fått ein kontroll over produksjon og spreiing av ideologi som aldri før i historia til Noreg.

4.5.6. Borgarleg demokrati - den ytre forma til monopolas diktatur.

Noreg har eit sterkt og stabilt borgarleg demokrati.

Formelt veljer folket statsleiinga. Motstandarar av kapitalismen har demokratiske rettar, rett til å stilla til val osb.

I røynda er det borgarlege demokratiet ein fasade for monopola sitt diktatur.

Monopola tar mange viktige avgjerder som ikkje noko parlamentarisk organ kan blanda seg i.

Parti som stør borgarskapet er sikra eit stort fleirtal i val fordi borgarskapet støttar dei uavgrensa med pengar, gjennom massemedia, med makta i dei store organisasjonane osb.

Dei fleste folkevalde er kapitalistar, statsbyråkratar, borgarlege yrkespolitikarar og borgarlege intellektuelle. Det er få arbeidarar, kvinner, bønder, fiskarar, lærarar, kunstnarar, innvandrarar osb. Statsbyråkratiet er lojalt mot borgarskapet uansett kva alle folkevalde organ vedtar. Det viktigaste statsarbeidet vert ikkje gjort i dei folkevalde organa, men i forvaltning og embetsverk.

Om alt dette likevel ikkje skulle vera kontroll god nok, så held borgarskapet det ope diktaturet i reserve som ein utveg. Planar og unntakslover for det finst.

Demokratiet er den beste forma for diktatur for monopola. Folket sin misnøye blir kanalisert inn i skifte av regjering utan at makta til monopola og profitten deira blir skada det minste.

Det er og den beste borgarlege styreforma frå arbeidarklassen sin synsstad. Folket har erobra allmenn røysterett og andre demokratiske rettar gjennom hard kamp. Folket må forsvara det borgarlege demokratiet når alternativet er ope fascistisk diktatur.

Samstundes er trua på at samfunnet kan endrast med røystesetelen sterk i Noreg. Borgarleg-demokratiske illusjonar hindrar frigjeringskampen til arbeidarane.

4.5.7. «Velferdsstaten»

Det spesielle norske politiske systemet med høgt utvikla, sosialdemokratisk klassesamarbeid og borgarleg demokrati har fått namnet «velferdsstaten». Historisk har det utvikla seg slik:

- I første delen av dette hundreåret voks arbeidarrørsla. Klassekampen blei skarpare. Stadig fleire arbeidarar ønskte ein sosialistisk revolusjon. Borgarskapet byrja å frykta for makta si.

- Følgjen blei eit forlik mellom kapitalistane og leiinga i sosialdemokratiet. Arbeidararistokratar tok over som dei viktigaste politiske leiarane til borgarskapet.

- Dei borgarlege arbeidarpolitikarane skapte klassesamarbeidssystemet. Dei knytte fagrørsla nært til staten og garanterte klassefreden. Dette var ei tid med sterk vokster for den norske kapitalismen og store profittar. Ein del av profitten blei sett av til sosiale velferdstiltak (skolar, pensjonar, bustadreising osb.). Levestandarden til arbeidarane auka. I røynda fekk arbeidarklassen tilsvarande forbetringar i fleire andre rike kapitalistiske land. Det særeigne for Noreg var at sosialdemokratane klarte å ta denne utviklinga til inntekt for seg sjølve og framstilla det som om «velferdsstaten» var noko heilt eineståande i verda. Eit fleirtal i arbeidarklassen så sitt betra liv som eit resultat av DNA-leiinga sin politikk. Det oppsto ei sterk støtte til klassesamarbeidspolitikken i arbeidarklassen.

- Med krisa og den nye teknologiske revolusjonen oppsto arbeidsløysa igjen. Levestandarden sank. Monopola har ikkje lengre same interesse av "velferdsstaten" som før. Sosiale ordninger blir utsette for åtak frå borgarskapet.

Det er sannsynleg at "velferdsstaten" står for fall. Dette vil innleia ein periode med hard klassekamp. Framleis er dei illusjonane som oppsto med "velferdsstaten" eit viktig hinder for klassekampen.

4.5.8 Det reformistiske synet på staten.

Den offisielle borgarlege propagandaen hevdar at staten er heva over klassane og stiller staten på line med "samfunnet" og "demokratiet". Sosialdemokratar, revisjonistar og andre reformistar stør dette synet. Dei hevdar at vokster i staten vil seia å styrka "den sosialistiske sektoren" mot "kapitalen".

Men voksteren i den norske staten no vil seia ei enda sterkare monopolisering av den norske kapitalismen. I røynda er reformistane og revisjonistane dei mest konsekvente politiske talerøyra for vokster i statsmonopolkapitalismen, den mektigaste delen av norsk kapital.

Arbeidarklassen må ofte krevja at staten tar på seg viktige samfunnsoppgåver. Dette gjer ikkje denne staten meir sosialistisk. Det endrar ikkje at denne staten er ein reiskap for monopola, som arbeidarklassen aldri kan ta over og bruka som ein reiskap for seg sjølv til å endra samfunnet med.

4.6. Partisystemet.

4.6.1. Partisystemet som reiskap for borgarskapet.

Partia er ein svært viktig del av det borgarlege demokratiet. Dei gir massane inntrykk av at det finst verkelege alternativ å velja mellom. Dei trekk ulike interesser og folkelege rørsler med i samarbeid med staten.

4.6.2. Einskap og kamp mellom dei borgarlege partia.

Det er både einskap og kamp mellom dei borgarlege partia. Dei slåst om sentrale postar i staten. Dei representerer ulike borgarlege sektorar og tradisjonar, og vinn støtte i delvis ulike grupper. Høgre står for dei store private monopola og ein tradisjonell borgarleg politikk. Senterpartiet er partiet til landbruksmonopola og søker støtte i bygdene. Kristeleg Folkeparti strir for dei kristne organisasjonane og har kristne veljarar osb.. Dei står saman om å forsvara kapitalismen. I tida med stabilitet etter 2. verdskrigen blei politikken til alle partia svært lik. Alle stødde USA-imperialismen og forsvarte den same økonomiske politikken.

I tider med krise og skarpare internasjonale motsetningar kan slik einskap verta avløyst av skarp kamp mellom og i dei borgarlege partia.

4.6.3. Dei borgarlege arbeidarpartia.

Innanfor partisystemet er dei borgarlege arbeidarpartia særs viktige. Dei får arbeidarklassen til å innordna seg i systemet. I Noreg finst desse borgarlege arbeidarpartia:

Det norske Arbeidarparti

DNA er det viktigaste borgarlege partiet i Noreg. Arbeidarklassen er den største klassen og den klassen som objektivt står mest i motsetning til kapitalismen. Derfor kan partisystemet ikkje fungera utan eit stort borgarleg arbeidarparti. Historisk og sosialt er DNA vel eigna til å spela denne rolla. DNA si leiing over LO er avgjerande for å sikra klassesamarbeidet og arbeidsfreden.

DNA er hovudarkitekten for den moderne statskapitalismen. Det har skapt velferdsstatsideologien som dei andre borgarlege partia har slutta seg til. DNA skapte alliansen med USA. Dei viktigaste prosovjetiske politikarane har søkt seg til DNA.

DNA er det viktigaste partiet for borgarskapet sitt diktatur, og har samstundes rekruttert arbeidarleiarar, sosialistar og revolusjonære. Slik har DNA blitt den viktigaste reiskapen som sugde opp og nøytraliserte opposisjon mot kapitalismen.

Sosialistisk Venstreparti

SV er eit reformistisk og venstresosialdemokratisk parti. Det har innslag både av sosialdemokrati, pasifisme og moderne revisjonisme. Dei viktigaste sosiale røtene er det intellektuelle småborgarskapet.

SV vaklar i forhold til sosialimperialismen. Somme SV-medlemar kjempar mot Sovjets aggresjons- og krigspolitikk. Andre stør Sovjet.

SV rekrutterer mange aktivistar med bra standpunkt. Men partiet arbeider "ansvarleg" innanfor ramma av det borgarlege systemet. Det har styrkt si rolle som DNA sitt støtteparti til venstre.

"Norges Kommunistiske Parti"

"NKP" er det mest konsekvente uttrykket for den moderne revisjonismen i Noreg. Partiet stør Sovjet sin imperialisme og fascisme. I innanrikspolitikken er det haleheng til DNA. Støtta til Sovjet gjer "NKP" til det mest reaksjonære partiet som stiller til val.

"NKP" er lite og isolert frå arbeidsfolk flest. Men framleis finst ærlege arbeidsfolk som har sterke historiske band til partiet. «NKP» påvirkar grupper i DNA, SV og det faglege byråkratiet i pro-sovjetisk retning.

4.6.4. AKP(m-l) og det borgarlege partisystemet.

AKP(m-l) kjempar ikkje for å få «bein» under kapitalismen, men for sosialismen. Dette skil AKP(m-l) frå alle andre parti i Noreg.

Arbeidarklassen kan aldri sigra i det borgarlege Stortinget. Men så lenge folk trur på systemet, må AKP(m-l) ta del i dei parlamentariske organa og nytta alle legale utvegar. I Noreg er det ei oppgave av strategisk vekt at kommunistane tar del i desse forsamlingane. Målet er å spreia politikken, styrka klassekampen og samla krefter til den sosialistiske revolusjonen.

AKP(m-l) kjempar mot dei borgarlege partia. Men når det er bra for arbeidarklassen er AKP(m-l) alltid klar til samarbeid med folk frå andre parti, inklusive leiinga i borgarlege parti.

4.7. Noreg frå stabilitet til krise.

4.7.1. Den stabile etterkrigstida.

Tida Noreg har bak seg, har mellom anna vore prega av:

- Relativ stabilitet i Nord-Europa.

- Stor økonomisk vokster frå 1945 til midten av 70-åra, med små og kortvarige lågkonjunkturar.

- Svære profittar og veldig akkumulasjon av kapital,

- Auka levestandard for dei arbeidande massane.

- Svære investeringar i utdanning, helse-, sosial- og trygdevesen.

Dette har styrka illusjonane om det kapitalistiske systemet. Fleirtalet har støtta systemet og trudd det kan sikra dei ei god framtid.

4.7.2. Den utrygge framtida.

Men no går utviklinga i retning av store historiske omslag:

- Kampane i den 3. verda skjerpar seg. Motsetninga mellom supermaktene blir skarpare.

- Faren aukar for at Noreg vert slagmark i ein 3. verdskrig.

- Den indre økonomiske utviklinga i Noreg trugar mykje av det arbeidarklassen og folket har oppnådd.

- Nye strukturkriser kjem som følgje av den nye industrielle revolusjonen. Stadig fleire blir truga av varig arbeidsløyse.

- Dei borgarlege politikarane (inkludert DNA) er i gang med å riva ned viktige delar av "velferdsstaten."

Mest truleg er det at den stabile perioden i den norske kapitalismen er ugjenkalleleg slutt.

4.7.3. Tida for det sosialistiske alternativet.

Dette vil skjerpa dei politiske motsetnadene i Noreg.

I krisetider freistar borgarskapet å gå til offensiv. Dei vil ha ned lønene, utvisa innvandrarar, kua kvinnerørsla, knusa fagforeiningane, knebla ytringsfridomen, spreia anti-kommunisme. Dei freistar å setja arbeidar mot arbeidar og piska opp reaksjonære rørsler.

Svaret er det sosialistiske alternativet. Eit trygt og godt liv kan ikkje sikrast under kapitalismen. Dersom folket skapar eit sosialistisk Noreg, kan det og avskaffa nauden og den undertrykkinga som er no.

Sosialistisk revolusjon står ikkje på dagsordenen i Noreg i 1985. Men propaganda for sosialismen står på dagsordenen. Kapitalismen har ingen utvegar for folket. No trengst det teori og politikk for det systemet som må koma etter kapitalismen.

KAPITTEL 5

Sosialistisk revolusjon i Noreg

5.1. Den sosialistiske revolusjonen.

5.1.1. Ein revolusjonær situasjon vil oppstå i Noreg.

Den store historiske oppgåva for arbeidarklassen i Norge er å styrta kapitalismen og skapa eit sosialistisk samfunn her.

Førebels er kapitalismen i Noreg stabil og ein revolusjon er ikkje mogleg. Men kimen til omfattande kriser og revolusjonære situasjonar ligg og i den norske kapitalismen. Ein storkrig eller eit samanbrot i verdsøkonomien vil på stutt tid endra situasjonen i Noreg totalt.

Dei indre motsetningane i kapitalismen må før eller seinare føra til djupe kriser i heile samfunnsordninga i Noreg. Først når slike revolusjonære kriser svekkjer kapitalistklassen og får eit fleirtal av folket til å skjøna at dei må ha eit anna samfunn, blir den sosialistiske revolusjonen mogleg. (Om den revolusjonære krisa, sjå kapittel 2.)

5.1.2. Føresetnader for ein sosialistisk revolusjon.

Revolusjonen må tuftast på fleirtalet av folket - på arbeidarklassen, arbeidande intellektuelle, småbrukarar og fiskarar osb. (for definisjon avfolket, sjå 5.4.) Kor mange ut over det som heilt eller delvis stør revolusjonen, er avhengig av dei særeigne tilhøva når han bryt ut .

Reaksjonen vil bruka alle middel, også militærmakta, for å prøva å knusa revolusjonen. Folket må derfor vera budd på å gjennomføra revolusjonen med våpenmakt og forsvara sosialismen med våpen.

Revolusjonen må vera førebudd og organisert. Det trengst eit kommunistisk parti, ein einskapsfront av alle klassar, grupper, parti, fagforeiningar, organisasjonar og einskildmenneske som vil slåst for revolusjonen, ei organisert revolusjonær våpenmakt.

Revolusjonen treng internasjonal solidaritet. Sosialismen kan ikkje sigra i eit lite land som Noreg aleine, om mange imperialistiske statar går saman om å slå han ned. Den sosialistiske revolusjonen i Noreg må finna støtte i arbeidarklassen og folket i andre land og hos statar som står mot imperialismen. Han må også nytta motseiingane mellom imperialistiske statar for å hindra at dei slår seg saman mot eit sosialistisk Noreg.

5.1.3. Dei første oppgåvene i revolusjonen.

Den første oppgåva for den sosialistiske revolusjonen i Noreg er å erobra den politiske og økonomiske makta. Det vil seia:

- å erstatta diktaturet til borgarskapet med proletariatets demokratiske diktatur,

- å gjera monopola og statsbyråkratiet sin kapitalistisk eigedom til den sosialistiske eigedomen til folket.

Dette krev:

- at den revolusjonære masserørsla bryt ned det gamle statsbyråkratiet - med århundrelange tradisjonar i å styra til fordel for overklassen - og erstattar det med ein stat bygd på dei revolusjonære maktorgana som har utvikla seg gjennom kampen,

. at revolusjonen sikrar makta for ei revolusjonær regjering - med brei støtte i arbeidarklassen og folket - som leiar arbeidet med å organisera den nye staten,

- oppretting av eit revolusjonært demokrati for det arbeidande folket med former for arbeidarkontroll i økonomi og stat,

- at all borgarleg og imperialistisk militærmakt vert oppløyst og erstatta av ei ny folkeleg og sosialistisk våpenmakt,

- at revolusjonen sikrar Noregs økonomiske, politiske og militære sjølvstende,

- at den sosialistiske staten skipar ein dominerande sosialistisk sektor i økonomien. Planøkonomien vert utvikla gjennom demokratiske diskusjonar. Målet må vera at produksjonen skal styrka sosialismen og betra folkets liv.

5.2. Vilkåra for å byggja sosialismen.

5.2.1. Fordelar og ulemper for bygging av sosialismen i Noreg.

I høve til dei landa som har prøvd å byggja sosialismen til no, vil sosialismen i Noreg ha nokre klåre fordelar:

- økonomien er høgt utvikla og ein stor grad av samfunnsmessig arbeidsdeling er skapt alt under kapitalismen,

- arbeidarklassen er stor, medan småprodusentane er få,

- arbeidarklassen og folket er høgt utdanna og har eit godt vitskapleg og teknologisk nivå,

- kvinnene deltar i stor grad i samfunnsmessig produksjon og har stor organisasjonsrøynsle,

- arbeidarklassen har lang organisasjonsrøynsle,

- det arbeidande folket har røynsle i politisk diskusjon og kamp, og demokratiske tradisjonar.

Sosialismen i Noreg vil òg ha ulemper:

- eit stort og røynt borgarskap, med rike røynsler i å administrera og herska over folket med politiske middel,

- eit enormt oppsvulma statsbyråkrati som er berar av borgarlege tradisjonar og hersketeknikkar,

- ein økonomi som er integrert i den imperialistiske verdsøkonomien og sårbar for press,

- Noreg ligg i eit område der den imperialistiske verdsreaksjonen står sterkt,

- borgarlege, reformistiske og revisjonistiske tradisjonar og idear er djupt rotfesta i arbeidarrørsla og står sterkt i folket.

Økonomisk og i klassesamanheng er Noreg «overmoge for sosialismen». Vanskane ligg i den politiske utviklinga, den økonomiske tilknyttinga til imperialismen og faren frå den imperialistiske reaksjonen .

5.2.2. Vanskar med å programfesta utviklingsvegen for sosialismen no.

Tilhøva under den sosialistiske revolusjonen vil få mykje å seia for korleis det sosialistiske samfunnet utviklar seg.

Er landet rasert av krise og krig eller vert utsett for internasjonal blokade, vil det føra til store vanskar i den første tida. Sigrar revolusjonen utan at landet er øydelagt, med eit intakt produksjonsutstyr og ei venlegsinna omverd, er det gode vilkår for ei rask utvikling av sosialismen.

Den teknologiske revolusjonen og endringa av klassetilhøva vil og stilla sosialismen overfor nye problem og oppgåver.

Politikken i eit sosialistisk Noreg vil vera resultat av politisk kamp og kompromiss utfrå dei økonomiske og politiske styrketilhøva i revolusjonstida og etterpå.

Det vi legg fram er derfor ikkje ei detaljert framstilling av korleis sosialismen vil bli, men dei prinsippa vi meiner sosialismen må byggja på for å bli styrkt og utvikla seg i kommunistisk lei.

5.3. Noreg og imperialismen.

Ein naudsynt føresetnad for å byggja sosialismen i Noreg er å riva landet laus frå det imperialistiske verdssystemet:

- Den sosialistiske staten må kontrollera utanrikshandelen. Utanlandsk imperialistisk eigedom i Noreg må konfiskerast.

- Noreg må fri seg frå einsidige avtalar og alliansar som gir imperialistiske makter fotfeste i Noreg.

- Noreg må forsvara sitt nasjonale sjølvstende og sin suverenitet mot imperialismen, medrekna suvereniteten over Svalbard.

- Noreg må seia frå seg all norsk imperialistisk eigedom og alle territoriale krav, slik som krava på land i Antarktis.

- Noreg må stø alle som strir mot imperialismen, for frigjering og revolusjon.

Kampen for at Noreg skal føra ein utanrikspolitikk som går i denne leia, byrjar alt under kapitalismen. Men først den sosialistiske revolusjonen gjer det mogleg for Noreg verkeleg å riva seg laus frå det imperialistiske verdssystemet.

5.4. Den sosialistiske økonomien.

5.4.1. Økonomien sin plass i den sosialistiske revolusjonen.

Grunnlaget for å skapa eit sosialistisk samfunn i Noreg, er oppbygginga av ein sterk sosialistisk økonomi. Det krev ein revolusjon i eigedoms- og produksjonsforholda. Ein slik revolusjon frigjer produktivkreftene og opnar for ei stor revolusjonering av dei. Etter kvart vert det mogleg å gjera opp med restane av det borgarlege samfunnet som framleis finst etter den sosialistiske revolusjonen.

5.4.2. Den sosialistiske eigedomen.

Det første steget mot ein sterk sosialistisk sektor i økonomien er å gjera monopola til sosialistisk statseigedom. Med det tar den sosialistiske staten med eitt makta over storindustrien, oljesektoren, gruvedrifta, kommunikasjonsnettet, store delar av handelen, finans-, bank- og forsikringsverksemd. Det må skipast statsmonopol på utanrikshandelen. Andre verksemder som spelar ei nøkkelrolle i militær produksjon o.l., må og gjerast til statseigedom.

Med dette vil det med eitt slag vera skipa ein dominerande sosialistiske sektor. Dette er eit avgjerande steg for overgangen frå kapitalistisk til sosialistisk økonomi.

Dei største jord- og skogeigedomene må fortast råd gjerast til statseigedom. Småeigedom i jordbruk og fiske må sosialismen ta seg av på eit heilt anna vis. Småbrukarane og fiskarane som lever av eige arbeid, er arbeidarklassen sine allierte i den sosialistiske revolusjonen. Dei driv ein produksjon som alt under kapitalismen er samfunnsorganisert av staten og organisasjonene. Under sosialismen vil dei få ha produksjonsmidla sine og jorda. Berre på lang sikt og heilt ut frivillig vil dei få tilbod om å la denne eigedomen gå opp i sosialistisk samvirke. Den sosialistiske staten må oppmoda til samvirke gjennom overtyding, føredøme og økonomisk støtte. Slikt samvirke må tuftast på deira eiga rørsle og ønskje og ikkje tvingast på dei utanfrå.

For andre former for småborgarleg eigedom, småhandel, sjølvstendige intellektuelle osb., vil vi gå inn for tilsvarande former for utvikling.

Ikkje-monopolistisk kapitalistisk eigedom vil bli gjort til statseigedom i eit tempo og i former som vert avgjorde av den politiske og økonomiske situasjonen etter revolusjonen. Om det vert aktuelt med privat drift i ei overgangstid, krev det streng kontroll frå arbeidarorganisasjonane og staten.

5.4.3. Sosialistisk planøkonomi.

Med grunnlag i den sosialistiske statssektoren vert det mogleg å skipa ein sosialistisk planøkonomi i Noreg. I staden for at produksjonen skal styrast av kapitalistisk profitt, blir grunnregelen at produksjonen skal styrast ut frå folket sine langsiktige og kortsiktige behov. Under våre vilkår vil ein slik planøkonomi få ein heilt dominerande stilling alt tidleg i bygginga av sosialismen. Målsettingane for planen må verta diskuterte demokratisk og så langt råd er av dei arbeidande massane sjølve. (Sjå kap. 5.6. og 2.3.)

5.4.4. Plan, marknad, utanrikshandel.

Noreg er avhengig av verdsmarknaden. Eit sosialistisk Noreg må og handla på verdsmarknaden, og kan ikkje isolera seg frå han utan at det vil få store skadeverknader på den sosialistiske økonomien.

Det vil vera naudsynt med ein omfattande vareproduksjon.

Ein viktig del av planen er å sikra at den sosialistiske hovudsektoren i økonomien heile tida styrkjer seg i høve til dei sektorane der det framleis vil finnast restar av kapitalistiske tilhøve. Samstundes må ikkje sosialismen gå for raskt fram slik at økonomien får atterslag og sosialismen sjølv får problem.

5.4.5. Sosialistisk økonomi vil seia eit betre liv.

Ein sosialistisk planøkonomi vil seia at dei viktigaste produktivkreftene vert brukte til føremon for folket sjølv. Det vil seia at ingen treng verta arbeidslaus. Det er massevis av oppgåver i samfunnet som kan verta løyste når ikkje profitten lenger er drivkrafta i økonomien. Dei sosiale nedskjeringane kan stoppast og ei kraftig sosial oppbygging kan koma i staden, i helsestell, eldreomsorg, skolevesen, kultur, idrett osb.

Den nye teknologien kan nyttast til å fjerna tungt, einsformig og farleg arbeid, korta ned normalarbeidsdagen og produsera fleire slike forbruksgode som folk verkeleg har bruk for.

Dette legg grunnlag for ei jamn utvikling av økonomien, aukande overskot i samfunnet og ein økonomisk og sosial tryggleik som er umogleg under kapitalismen.

5.4.6. Grunnlaget for eit anna slags samfunn.

Eit aukande overskot i samfunnet er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel til å skapa store endringar i samfunnet.

Bryta med den samfunnsmessige arbeidsdelinga.

Ny teknologi gjer det mogleg å setja ned arbeidstida i rutineprega produksjon og administrasjon, spreia kunnskap og leggja eit materielt grunnlag for å frigjera arbeidarklassen til å ta direkte del i leiinga av statsadministrasjon og produksjon. Det vil seia å ta til å bryta ned skiljet mellom intellektuelt arbeid og manuelt arbeid/rutinearbeid.

Full kvinnefrigjering

Ei sentral oppgåve for den sosialistiske økonomien er å skapa føresetnadene for full kvinnefrigjering.

Det krev at kjønnsarbeidsdelinga blir oppheva på alle område i samfunnet. Dagens familieinstitusjon, som undertrykkjer kvinnene, må bli avskaffa.

Familien må erstattast av nye grunneiningar som folk veljer sjølve. Dei må mellom anna ha desse særdraga:

- Likeverdige forhold mellom kjønna.

- Samfunnet (og ikkje kvar einskild smågruppe av menneske) har forsørgaransvaret og ansvaret for omsorgsarbeidet.

- Alle medlemar (også barn, gamle og arbeidsudyktige) er økonomisk sjølvstendige og uavhengige.

- Ei slik gruppe blir derfor ikkje økonomisk grunneining i samfunnet, men eit frivillig vald sosialt fellesskap.

Samfunnet må vera lagt til rette for å møta folks ønskje om å bu eller leva saman slik at dei kan vera aktive og fullverdige samfunnsmedlemar og utvikla nære og kjenslemessige band til andre. Slik kan menneske organiserast i pakt med dei nye økonomiske tilhøva. Desse formene må også hjelpa til å utvikla dei nye menneska som er ein føresetnad for kommunismen.

For å få til ei slik utvikling trengst det kamp i heile perioden med sosialismen. I den vil kvinnene vera ei drivkraft, og dei vil møta motstand frå menn.

For å nå målet, full kvinnefrigjering, må sosialismen frå første stund byrja arbeidet med å overføra oppgåvene som familien har til samfunnet, og bryta ned kjønnsarbeidsdelinga.

Dette krev utvikling av produktivkreftene, total omorganisering av samfunnet og endringar i tenkemåten. Dette er heilt naudsynt for å frigjera kvinnene som produktivkraft og som kraft i styringa av samfunnet. Kvinnene må ha økonomisk sjølvstende. Lønene må aukast og gjerast verkeleg like med menns løner. Kvinnene må sikrast innpass i jobbar som tidlegare i hovudsak berre var for menn, særleg på politisk og økonomisk viktige område. Samfunnet må ta over ein stadig større del av ansvaret for forsørging og omsorg, skapa gratis dagheimsplassar til alle barn, sjukeheimsplassar til alle som treng det, utbygd eldreomsorg, og gi direkte økonomisk tilskot til alle barn.

Skal økonomien utviklast slik, må kvinnene ha makt. Kvinnerørsla og arbeidarklassen må kjempa fram at målsetjinga med kvinnefrigjering pregar alle delar av planen og produksjonen. Ein økonomisk plan utan slike mål vil frysa fast gamal kvinneundertrykking og gjera vidare utvikling fram til kommunismen umogleg.

Gjera slutt på rovdrifta på natur og miljø

Det auka overskotet gjer det mogleg med betre kontroll over produksjonen, auka vitskaplege kunnskapar og betre høve til å velja. Dette gjer at sosialismen kan satsa mykje på å verna om natur og miljø og hindra øydeleggingar der. Profitt for einskildkapitalistar er ikkje lenger ei drivkraft i utviklinga. Dermed kan sosialismen velja å utsetja eller gi opp somme prosjekt som er til skade for samfunnet. Dette skjer på grunnlag av planlegging og rekneskap med økologiske ressursar .

Bryta ned det historiske skiljet mellom by og land

Overskotet og den nye teknologien gjer at sosialismen i stadig mindre grad treng vera avhengig av at produksjon og kunnskap samlar seg i dei store byane. Alle delane av landet kan dermed få dei same økonomiske og kulturelle utviklingsvilkåra. Såleis kan sosialismen ta til å bryta ned skiljet mellom by og land.

5.4.7. Tilhøvet mellom klassekampen og utviklinga av produksjonen.

Den økonomiske og teknologiske utviklinga i seg sjølv fører ikkje automatisk til frigjering av menneska under sosialismen. Teknologien kan mellombels bli gjort til eit monopol for privilegerte sjikt og auka deira makt. Ingen har nokon gong vorte frigjort av ein reiskap eller maskin. Det er menneska som frigjer seg sjølve ved å skapa og bruka reiskapane og maskinane.

Arbeidarklassen og folket må driva klassekamp for å sikra at overskota blir brukt slik at det tener deira interesser.

Klassekamp utan utvikling av produktivkreftene vil verta eit slag i lufta og føra til nederlag for sosialismen. Utvikling av produktivkreftene utan at det tener massene og utan at makta til arbeidarklassen sikrast vil og føre til nederlag for sosialismen.

Hovudmotsetninga i lang tid av sosialismen går mellom proletariatet og borgarskapet, det er utfallet av denne klassekampen som avgjer kva karakter samfunnet har. Det er denne klassekampen som bestemmer om produktivkreftene vert utvikla ut frå ei line som tener dei arbeidande massane eller borgarskapet sine interesser. Utviklinga av produktivkreftene og kva veg denne utviklinga skal ta, er derfor eitt av dei viktigaste områda for politisk kamp og altså klassekamp under sosialismen.

5.5. Den sosialistiske staten.

5.5.1. Proletariatets demokratiske diktatur.

Staten i eit sosialistisk Noreg må i innhald vera proletariatets demokratiske diktatur, der arbeidarklassen og det arbeidande folket har makta og bestemmer over utviklinga, og imperialismen og borgarskapet vert undertrykt. (Når det gjeld proletariatets diktatur allment, sjå kap. 2.3.3.) Vi kallar denne statsforma for demokratisk diktatur, noko som vil gi det arbeidande folket mykje større fridom og meir innverknad i samfunnet. Diktaturet rettar seg mot reaksjonen som vil innføra kapitalismen på nytt.

5.5.2. Klassegrunnlaget for den sosialistiske staten.

Dei klassar og sjikt som har interesse av å utvikla sosialismen i Noreg er:

- Proletariatet (arbeidarklassen).

- Det store fleirtalet av det arbeidande småborgerskapet, blant dei småprodusentane i jordbruk og fiske, lågare sjikt av frittståande intellektuelle og arbeidande intellektuelle i underordna jobbar.

- Den aukande gruppa som vil bli utslått frå arbeidsmarknaden under kapitalismen av den teknologiske revolusjonen, som først kan få meiningsfullt arbeid under sosialismen.

I tråd med Mao sin definisjon er det desse klassane og gruppene vi reknar til folket eller det arbeidande folket. Den sosialistiske staten er staten til arbeidarklassen og resten av det arbeidande folket under leiing av arbeidarklassen.

Arbeidarklassen si leiing er ein føresetnad for at sosialismen skal utvikla seg vidare fram til kommunismen, fordi arbeidarklassen er den einaste klassen som står i ei slik stilling at han berre kan frigjera seg sjølv gjennom å frigjera heile samfunnet. Alliansen med resten av det arbeidande folket er naudsynt fordi dei langsiktige interessene til heile det arbeidande folket er at sosialismen og kommunismen blir oppretta. Dei må derfor vera med å byggja opp den nye samfunnsordninga.

Proletariatets diktatur rettar seg mot desse klassane og gruppene:

- restane av det gamle borgarskapet, tidlegare monopolkapitalister, leiande statsbyråkratar, leiarar i stat og kommunistparti og andre som held fram å kjempa for å utbytta andre,

- representantar for utanlandske imperialistiske makter i Noreg,

- nye kapitalistar, statsbyråkratar osb. som vil freista å gjera seg sjølve til ein ny kapitalistisk herskarklasse som veks fram i det sosialistiske samfunnet sjølv.

Desse klassane og gruppene utgjer det som Mao definerer som fienden, dei som vil kjempa for å styrta sosialismen og reisa kapitalismen på nytt.

5.5.3. Arbeidarklassens demokrati som det viktigaste midlet for diktatur over borgarskapet.

Det politiske grunnlaget for den sosialistiske staten er dei demokratiske masserørslene i arbeidarklassens og folket.

Utviklinga av økonomien og statens politikk må stadig diskuterast og utviklast demokratisk av det arbeidande folket sjølv. Det arbeidande folket må diskutera økonomiske planar og vedta tiltak for å setja dei ut i livet. Det må ta stilling til statssaker og velja representantar. Det må kontrollera og overvaka statsadministrasjonen og den økonomiske administrasjonen.

Hovudmetoden for å undertrykkja borgarskapet er at arbeidarklassen og det arbeidande folket demokratisk diskuterer og kritiserer borgarleg politikk, byråkrati og kapitalistiske tendensar, og at dei folkelege masseorganisasjonane mobiliserer mot dei. Statsapparatets tiltak mot slike borgarlege tendensar får ingen verknad om dei ikkje byggjer på slike folkelege demokratiske masserørsler og går ut frå krav massane stiller.

5.5.4. Den sosialistiske folkehæren.

Som alle andre former for statsmakt er kjerna i den sosialistiske statsmakta våpenmakta. Proletariatets demokratiske diktatur i Noreg må byggja opp ein ny hær, på grunnlag av dei revolusjonære styrkane som har sikra sigeren i den sosialistiske revolusjonen.

I denne hæren må både kvinner og menn vera med. Han må organiserast slik at han har eit nært samband med arbeidsfolk, tener interessene til arbeidarklassen, forsvarar den sosialistiske revolusjonen og held fast på dei demokratiske og revolusjonære ideane som revolusjonen byggjer på.

I tillegg til folkehæren skal sosialismen òg forsvarast gjennom allmenn folkevæpning. Hæren må stå under leiing av offiserar som er lojale mot sosialismen.

Kommunistpartiet må spela ei leiande rolle i hæren.

5.5.5. Statsleiing tufta på frie og hemmelege val.

Statsleiinga under proletariatets diktatur i Noreg må byggja på frie, hemmelege val til folkevalde forsamlingar, som igjen veljer regjering og lågare former for statsleiing.

Desse prinsippa for val av statsleiing er frå Pariskommunen og Oktoberrevolusjonen i 1917. Dette var og Marx og Lenin sine prinsipp. Dei slo fast at slike organ tener arbeidarklassen og skil seg grunnleggjande frå den borgarlege parlamentarismen. Slike organ må ikkje skilja seg frå folket og bli forsamlingar av byråkratar. Representantane må kunne kallast attende av dei som har vald dei. Dei folkevalde forsamlingane må vera utøvande organ som arbeider aktivt for å setja vedtak ut i livet. I tråd med prinsippa til Marx og Lenin er det ei målsetjing at flest mogleg av leiarane i statleg og økonomisk byråkrati må verta folkevalde, ha vanleg arbeidarløn og rapportplikt og kunne trekkjast attende.

Vi går inn for at det skal vera kvinnekvotering og arbeidarkvotering i dei sosialistiske folkevalde forsamlingene. Formålet er å hindra at folkeforsamlingene vert dominerte av folk frå leiinga av statsbyråkratiet og økonomien.

Valsystemet må ta omsyn til den styrken som ligg i organiseringa av arbeidarane på arbeidsplassane. Derfor må dei folkevalde forsamlingane setjast saman slik at representantar vald med utgangspunkt i arbeidsplassane får ein viktig plass ved sida av representantar for geografiske valgkrinser.

Demokratiske arbeidarforsamlingar må få verkeleg makt på arbeidsplassane.

5.5.6. Arbeidarkontroll over administrasjonen.

Det gamle statsbyråkratiet som er bygd opp for å tena borgarskapets diktatur kan ikkje brukast til å byggja sosialismen. Derfor må det gamle statsapparatet oppløysast og erstattast av eit sosialistisk statsapparat. Det same gjeld leiinga i statlege og private monopolverksemder.

Eit byråkrati vil vera naudsynt under sosialismen. Men at det finst ei slik statsmakt atskilt frå dei arbeidande massane er i seg sjølv ein viktig rest av det borgarlege samfunnet. Her vil det spontant vera grobotn for nye borgarlege tendensar. Byråkratiet kan òg gi grobotn for nye klasseskilje.

Derfor må folk mobiliserast til å kontrollera det sosialistiske statsapparatet. Folket må ha innsynsrett og arbeidargrupper må driva organisert kontroll. Arbeidarar og andre arbeidsfolk må meir og meir ta direkte del i administrasjon og leiing, og dei som har leiande jobbar må gjera underordna jobbar i periodar. Dette er praktiske steg som peikar i retning av oppløysing av staten under kommunismen.

5.5.7. Det proletariske demokratiet.

Det er prinsipielt naudsynt at proletariatets diktatur byggjer på demokrati for arbeidarklassen og det arbeidande folket.

Fordi:

- Utan at statssystemet byggjer på demokrati, vil statsbyråkratiet lett utvikla seg til ein ny overklasse.

- Utan at den sentraliserte planøkonomien byggjer på demokrati, vil det utvikla seg subjektivisme og byråkratisme.

Arbeidarklassen og det arbeidande folket treng demokratiet for å forma sitt eige samfunn og si eiga framtid. Demokratiet trengst for å riva ned skiljet mellom intellektuelt og manuelt arbeid.

Det er umogleg å utvikla samfunnet i retning av kommunismen utan ei kraftig utviding av demokratiet.

Det sosialistiske demokratiet er ein føresetnad for den politiske masserørsla og klassekampen til arbeidsfolk. Dersom det skal verta ein verkeleg kritikk av byråkrati og borgarlege tendensar, treng arbeidsfolk ytringsfridom og garantiar mot at folk i leiande stillingar tar hemn.

Desse rettane under sosialismen er grunnleggjande proletariske i klasseinnhald, fordi dei tener masserørsla til arbeidarklassen og bygginga av sosialismen.

Vi legg stor vekt på å framheva desse fridomane fordi dei vert undertrykte i «sosialismen»s namn i Sovjet og andre revisjonistiske land. Det har og vore gjort grove feil i høve til det sosialistiske demokratiet i den kommunistiske rørsla si historie.

AKP(m-l) vil i eit sosialistisk Noreg slåst for og forsvara desse demokratiske rettane:

Ytringsfridom, fridom til diskusjon og kritikk. Frie undersøkingar og studiar, fri publikasjon og diskusjon er ein heilt naudsynleg føresetnad for utviklinga av vitskap, kunst og kultur. Fri politisk diskusjon og kritikk medrekna kritikk av regjeringspartiet og statsleiinga, er på same vis ein føresetnad for at det sosialistiske demokratiet skal få veksa og utvikla seg. Inngrep i ytringsfridomen må berre vera reine unnatak. Dessutan må dei vera konkrete, slik som forbod mot nazipropangada, rasisme, kvinneundertrykking og sadisme. Inngrepa må vera avgrensingar, slik at alt som ikkje beinveges er forbode skal vera lovleg.

Fridom frå nasjonal underkuing. Sjølvråderett for den samiske nasjonen (sjå elles sameprogrammet til AKP(m-l)). Nasjonale rettar til alle nasjonale minoritetar.

Kyrkja skiljast frå staten. Staten garanterer full religionsfridom.

Full juridisk likestilling av kvinner og menn medrekna vedtak som tar sikte på å sikra verkeleg jamstelling. Dette skal vera med på bryta ned diskrimineringa av kvinnene.

Ingen diskriminering eller undertrykking på grunnlag av seksuell legning. Homofilt samliv vert anerkjent som likeverdig med heterofilt samliv.

Personleg individuelt rettsvern for alle i samfunnet. Samfunnsmedlemane må vera sikre på at dei kan vera med i lovleg politisk diskusjon og arbeid utan å ottast hemnaksjonar frå nokon. Brotsmenn må dømmast etter lova. Dersom ein møter terror frå statsorgan eller private kriminelle bandar, så kan folk heller ikkje i praksis gjera seg nytte av lovfesta demokratiske rettar.

Frie fagforeiningar og streikerett. Berre gjennom fagforeiningar skipa og leia av arbeidarane sjølve, kan arbeidsfolk sikra seg at rettane deira ikkje vert krenkte av byråkratiet i staten og økonomien.

Høve til politisk organisering og verksemd. Fri politisk diskusjon og kamp i Noreg har som føresetnad at ein kan skipa politiske organisasjonar og parti som står for ulike syn. Dei må ha høve til å driva propaganda og vinna seg tilhengarar.

Statsleiing tufta på frie val. Folket må sjølv kunna velja mellom kandidatar som representerer ulike politiske alternativ. Regjeringa må peikast ut av ei forsamling av folkevalde representantar og stå til ansvar overfor dei.

Slike proletariske demokratiske rettar er ikkje i seg sjølv nokon garanti for at arbeiderklassen held på makta. Borgarar frå det gamle samfunnet og folk i leiinga for byråkratiet har mange fordelar i den politiske kampen avdi dei har kontaktar, er politisk røynde og har støtte i den borgarlege kulturen. Faren for ein kontrarevolusjon er til stades.

Difor må systemet av demokratiske rettar òg utviklast og utvidast slik at det gir særlege føremoner til arbeidarklassen og dei som gjer underordna og rutineprega arbeid. Det må og utviklast nye demokratiske rettar som ikkje finst under kapitalismen.

Nye demokratiske rettar som ikkje var til under kapitalismen, er ytringsfridom på veggaviser på offentlege stader, arbeidsplassar og skoler, innsynsrett for arbeidsfolk i databankar m.m.

5.5.8. Staten si undertrykking av kontrarevolusjon.

Under sosialismen vil det vera krefter som søker å attreisa kapitalisme gjennom ein kontrarevolusjon. Dersom desse kreftene ikkje vert kjempa ned, vil dei riva til seg makta, erstatta sosialismen med eit nytt overklassediktatur og undertrykkja arbeidarklassen og folket.

Borgarskapet må undertrykkjast som klasse. Det vil seia at den kapitalistiske eigedomen deira avskaffast, at freistnader på å oppretta kapitalistiske produksjonstilhøve att vert undertrykt og at kontrarevolusjonær verksemd blir undertrykt. Utanom det vil dei einskilde medlemar av det gamle borgarskapet ha demokratiske rettar så lenge dei respekterer dei sosialistiske lovene.

Den viktigaste forma for undertrykking av kontrarevolusjonære krefter er den politiske kampen som det arbeidande folket fører. Hovudmetodane i den kampen er massemobilisering, overtyding og styrking av sosialismen for å trengje attende borgarlege idear og borgarlege og byråkratiske krefter i staten og økonomien (sjå m.a. 5.5.3.)

Den undertrykkinga av kontrarevolusjonær verksemd som statens organ driv, må byggja på masserørsla og vera eit supplement til ho. Om staten skal undertrykkja borgarlege tendensar utan massane si aktive støtte eller mot deira vilje, så vil proletariatets diktatur rotne opp innanfrå.

Staten må undertrykkja spionar, folk som driv terror eller førebur væpna kontrarevolusjon, som har kontaktar med utanlandsk imperialisme, som stel statseigedom, utbyttar andre osb. Slike folk må straffast og organisasjonar som driv med slikt må knusast.

Lovverket må forsvara sosialismen og folket sine interesser og vera ein reidskap for å hindra attreising av kapitalismen. Det må sikra folket sin rett til å gjera opprør mot freistnader på å utvikla eit nytt borgarskap. Staten si oppgåve er ikkje å forby einskildmenneske å ha borgarlege idear eller uttrykkja dei, eller å forfølgja kvar einskild tidlegare kapitalist eller andre med reaksjonære idear. Hovudmetoden er politisk kamp, diskusjon og massemobilisering, ikkje politi og straff .

5.5.9. Utdanning og kultur for folket.

For at arbeidarklassen og det arbeidande folket skal kunne styrkja makta si på alle område i samfunnet må staten stø undervisning, vitskap, kunst og kultur som særskilt tener det arbeidande folket.

Virkemidla for dette er ikkje å forby somme former for intellektuelt arbeid, men å særskilt oppmuntra og stø slik undervisning og kultur som tener folket.

Det må ikkje vera ei økonomisk bør for arbeidsfolk å utdanna seg. Skoleverket må ha kvotar som er til fordel for arbeidsfolk, kvinner og nasjonale minoritetar.

Skoleverket må byggja på respekt for det arbeidande folket, demokratiet og sosialismen.

Staten må syta for at flest mogleg får vitskaplege kunnskapar, må stø den frie grunnforskinga og slik forsking som særleg tener dei arbeidande massane sine viktigaste behov.

Staten må stø at flest mogleg driv med kunst og får nyta kunst, det frie arbeidet for å ta vare på tradisjonar og utvikla kunsten gjennom eksperiment og kunst som speglar folkets liv og stør kampen deira.

5.5.10. Mot range idear om proletariatets demokratiske diktatur.

Proletariatets demokratiske diktatur i Noreg må byggjast på grunnlag av den særeigne økonomiske, kulturelle og politiske utviklinga i Noreg og ta omsyn til dei gode og dårlege erfaringane som er gjort andre stader. I samband med dette vil vi peike på to range idear:

-Trua på at det sosialistiske demokratiet kan skipast gjennom eit framhald av den borgarlege parlamentarismen, ei såkalla "utviding av det noverande demokratiet til å gjelda økonomien". Det sosialistiske demokratiet må vera noko kvalitativt anna og nytt i høve til det borgarlege demokratiske diktaturet. Det borgarlege formal-demokratiet gir i røynda ikkje folket nokon avgjerande innverknad på noko område som gjeld utviklinga av heile samfunnet. Den sosialistiske revolusjonen har derfor til oppgåve å avskaffa det parlamentariske skinndemokratiet og erstatta det med eit verkeleg demokrati for folket både i det som i dag vert kalla politikken og i statsadministrasjon og i økonomi. Dersom ein sosialistisk revolusjon slår seg til ro med å ta over formene til det borgarlege skinndemokratiet, så vil borgarskapet lett kunne dominera statsorgana og gi grunnlag for ei utvikling attende til kapitalismen.

- Ideen om at sosialismen i Noreg kan utviklast gjennom ein «monolittisk stat», der alle viktige avgjerder vert tatt av ei lita gruppe i spissen av kommunistpartiet og staten, mens alle som kritiserer disse avgjerdene blir behandla som fiendar av folket. Mao retta verdifull kritikk av desse ideane som i strid med marxismen-leninismen og røyndomen. AKP(m-l) si line for utviklinga av proletariatets demokratiske diktatur i Noreg byggjer på demokratisk diskusjon og open politisk kamp blant dei som stør sosialismen, for å bestemma statens politikk. Denne lina byggjer på tillit til at kommunistpartiet kan spela ei leiande politisk rolle ved overtyding og demokratisk, politisk arbeid, respekt for ulike meiningar og tiltru til at folket frivillig vil velja den sosialistiske vegen. Formelle juridiske særrettar for det kommunistiske partiet og krenking av dei demokratiske rettane til arbeidsfolk og sosialistar ser vi som ein fare for det sosialistiske demokratiet sjølv. Dermed er det også eit trugsmål mot den sosialistiske samfunnsordninga.

5.6. Klassar og klassekamp i eit sosialistisk Noreg.

5.6.1. Klassar og klassekamp i eit sosialistisk Noreg.

I heile tidsperioden med utvikling av sosialismen i Noreg, fram til det blir mogleg å skipa eit høgt utvikla kommunistisk verdssamfunn, vil det vera politiske kampar som i sitt innhald er klassekamp om korleis sosialismen skal utvikla seg.

Men forholdet mellom dei ulike klassane vil nødvendigvis matte endra seg med utviklinga av det sosialistiske samfunnet.

Dette gjeld særleg dei seinare fasane der det sosialistiske samfunnet kjem til å likna meir og meir på den høgt utvikla kommunismen.

5.6.2. Hovudfaren for at sosialismen skal forfalla.

Ein fare for at sosialismen skal bli styrta som følgje av imperialistisk invasjon, vil sjølvsagt finnast så lenge det er imperialisme i verda. Men røynslene syner at i dei fleste tilfella har den kapitalistiske kontrarevolusjonen kome innanfrå.

I den første tida etter ein sosialistisk revolusjon i Noreg vil den største faren for ein slik kontrarevolusjon rimelegvis koma frå dei som har mista makta. Det betyr: frå kapitalistane som har mista eigedomen, frå toppbyråkratane som har mista posisjonane sine, frå dei som har kjempa mot sosialismen saman med dei.

Etter som tida går og den nye sosialistiske samfunnsordninga stabiliserer seg, er det sannsynleg at den største faren vil vera at det oppstår nye kimar til utbyttarklasser i det norske sosialistiske samfunnet sin eigen organisasjon. Ut frå utviklinga av den norske økonomien er det mindre truleg at dette vil koma frå ulike former for privatkapitalistisk (legal eller illegal) verksemd. Det er meir truleg at borgarlege sjikt vil oppstå på grunnlag av den samfunnsmessige arbeidsdelinga og dei nødvendige byråkratiske funksjonane: I topp-posisjonane i staten og dei økonomiske organisasjonane.

Historiske røynsler syner at det er ein stor fare for det sosialistiske samfunnet at staten og det kommunistiske partiet blir tatt over innanfrå av eit nytt borgarskap. Borgarlege leiarar kan forvandla staten og partiet til borgarlege organ som undertrykkjer arbeidsfolk, gjer leiarane rike og stør gjeninnføringa av kapitalismen. Kampen mot nye borgarlege sjikt og klassar som freistar å ta over statsmakta innafrå er ein viktig del av klassekampen under sosialismen.

5.6.3. Arbeidarklassen og dei allierte.

Arbeidarklassen må framleis vera hovuddrivkrafta og leiaren i klassealliansen som kjempar for å utvikla sosialismen vidare, mot borgarlege tendensar. Arbeidarklassen kan endra seg mykje både når det gjeld omfang og samansetjing, som eit resultat av endringane i produksjonen. Uansett vil arbeidarklassen framleis vera den klassen som ikkje kan frigjera seg sjølv på noko anna vis enn ved å frigjera heile samfunnet, ved å utvikla sosialismen vidare fram til kommunismen .

Derfor er det avgjerande at arbeidarklassen er sterk, organisert og politisk medviten og kjempar nedanfrå for samfunnsendringar som peikar fram mot kommunismen. Slike endringar kan ikkje koma som ei «gåve» ovanfrå. Dei vil vera ein følgje av at arbeidarklassen og folket kjempar aktivt og utøver makta si.

Det er òg sannsynleg at dei andre delane av det arbeidande folket historisk vil utvikla seg slik at dei kjem nærare arbeidarklassen i samfunnsstilling .

På den eine sida vil arbeidarklassen, småprodusentane på landsbygda, dei intellektuelle i underordna stillingar osb. få likare og likare kår og skilja seg stadig mindre frå kvarandre i utdanning og kultur.

På den andre sida vil det stadig bli tydelegare for fleirtalet av intellektuelle, for tidlegare småprodusentar som er gått frivillig med i kooperativ osb., at nettopp utviklinga av den planøkonomiske sosialistiske sektoren er det som tener deira eigne interesser best.

På denne måten kan arbeidarklassens grunnlag for ein større og tettare allianse med resten av det arbeidande folket utvikla seg.

5.6.4. Kvinnekampen og vidareutvikling av sosialismen.

Sosialismen gjer det mogleg å skapa dei materielle vilkåra for oppheving av kvinneundertrykkinga. Men historiske røynsler viser at sosialismen ikkje automatisk fører til kvinnefrigjering. Formell likerett for kvinner vil vera forholdsvis lett å gjennomføra. Men kvinnene kan samstundes godt vera reelt undertrykte. Så lenge familien eksisterer utgjer den eit grunnlag for mannens privilegerte posisjon med kvinna som hans tenar, og for idear om kvinna som annanrangs samfunnsmedlem. Det vil også finnast djupt rotfesta reaksjonære vanar og idear som det vil ta lang tid å gjera opp med.

Den ideologiske kampen må gå hand i hand med kampen for å endra dei materielle vilkåra for kvinneundertrykkinga. Derfor må det finnast ei eiga, sjølvstendig og sterk kvinnerørsle under sosialismen. Denne kvinnerørsla må kjempa for ei langsiktig økonomisk utvikling som legg grunnlaget for oppløysning av familien.

Ho må kjempa mot den kjønnsmessige arbeidsdelinga i samfunnet.

Ho må kjempa, ikkje berre for formell likerett, men for særrettar for det undertrykte kjønnet, som 50% representasjon over alt der det vert tatt avgjerder. Ho må kjempa mot kvinneundertrykkinga i ideologien og kulturen, og mot motstand frå menn, også menn i arbeidarklassen som forsvarar dei fordelane kvinneundertrykkinga gir dei.

Kampen for kvinnefrigjering har stor betydning for det sosialistiske demokratiet og styrken til proletariatets diktatur. Dersom kvinnene ikkje har same verkelege høve som menn til å delta i politisk arbeid, så har halvparten av arbeidarklassen og folket berre formelle demokratiske rettar. Då blir ikkje kvinnene sine krefter mobiliserte i bygginga av sosialismen og i klassekampen mot borgarskapet.

Å oppheva kvinneundertrykkinga betyr å avskaffa familien, arbeidsdelinga mellom kvinne og mann, privateigedommen og marknaden. Kvinnekampen under sosialismen er derfor uløyselig knytt til kampen for kommunismen. Det er ei sjølvsagt plikt for det kommunistiske partiet å gå i spissen for kampen for kvinnefrigjering.

5.6.5. To typar motsetningar.

I det sosialistiske samfunnet finst det to slags klassemotsetningar, motsetningar i folket og motsetningar mellom folket og fienden.

Motsetningar i folket under sosialismen er slike som desse: Motsetningar mellom ulike grupper innanfor arbeidarklassen, mellom kvinner og menn i arbeidarklassen og folket, mellom ulike lag blant bøndene, mellom arbeidarklassen og bøndene, mellom dei intellektuelle og arbeidarane osb. Det vil også vera motsetningar mellom staten og folket, mellom interessene til kollektivet og individet, mellom leiinga og dei som vert leidde, mellom folket og tendensar til byråkrati osb.

Motsetningar mellom folket og fienden under sosialismen er slike som desse: Mellom arbeidsfolk som før vart utbytta og dei gamle utbyttarane som vil ha makta si attende, mellom arbeidsfolk og reaksjonære i stat og parti som vil undertrykkja folket og gjenoppretta kapitalismen, mellom folket og agentar for utanlandske imperialistmakter, mellom det sosialistiske landet og framande imperialistar som vil leggja landet under seg.

Desse motsetningane må løysast på ulikt vis, elles kan dei skada sosialismen. Om delar av folket blir handsama som om det dreide seg om fienden, og dermed blir undertrykte, så blir dei og motstandarar av sosialismen. Men dersom motsetningane blir handsama med demokratisk diskusjon, kan folket slutta seg tettare saman og løysa problema.

5.6.6. Føresetnaden for å hindra for godt at eit nytt borgarskap tar makta.

Arbeidarklassen og dei arbeidande massane må utvikla klassekampen for å hindra at sosialismen degenererer og blir erstatta av statsbyråkratisk kapitalisme. Dette er ein klassekamp som omfattar mange område (se 2.3. og 5.4., 5.5.). Det omfattar utviklinga av produksjonen, fordelinga, mot borgarleg byråkrati og for arbeiderklassens demokrati i staten, mot borgarlege og kontrarevolusjonære politiske straumdrag, mot ulike former for reaksjonære, nasjonal-sjåvinistiske, rasistiske og kvinnefiendtlege idear som kan finnast i folket sjølve osb.

Men kan nokon av desse kampane, uansett kor godt dei førast, garantera at borgarskapet ikkje ein dag vinn makta tilbake? Nei!

Ein slik garanti er det berre mogleg å gi ved å omskapa heile samfunnet, slik at dei historiske føresetnadene for eit borgarleg klasseherredømme ikkje lenger finst.

Ei hovudoppgåve for sosialismen er å frigjera produktivkreftene og føra den industrielle og teknologiske revolusjonen opp på eit høgare nivå. Berre ved å bruka høgt utvikla vitskap og teknikk kan menneska frigjera seg frå arbeidsdelinga sin tvang. Først når dei materielle føresetnadene for den høgt utvikla kommunismen er skapt, vil grunnlaget for kontrarevolusjon og ny klasseundertrykkjing vera avskaffa .

Dette betyr å omskapa det norske samfunnets ideologi og kultur, den politiske organisasjonen, men framfor alt å omskapa økonomien.

Det betyr over ein lang periode, minst mange ti-år, å skapa ein produksjon som gjer det mogleg å

- bryta ned mesteparten av den naudsynte samfunnsmessige arbeidsdelinga som gjer den tidlege sosialismen avhengig av ekspertar og byråkratar,

- innskrenka varemarknaden og pengesirkulasjonen særs kraftig,

- over ein lang periode organisera og trena det fleirtalet som no er i kroppsarbeid eller i underordna og rutineprega jobber, slik at dette fleirtallet faktisk er i stand til å ta over hovuddelen av dei jobbane som i den første perioden av sosialismen gjerast av byråkratiet.

I eit slikt samfunn vil det monopolet på røynsle og fagkunnskap vera knust, som gjer det mogleg for folk i leiande stillingar i statsbyråkratiet og det økonomiske byråkratiet å utvikla seg til nye borgarar.

Kor langt det er rad å koma i denne retninga i eit sosialistisk Noreg, uavhengig av ei tilsvarande utvikling i mange andre land, er det ikkje mogleg å seia. Men det er i alle høve naudsynt å stilla det som den langsiktige målsettinga for arbeidarklassen og folket i Noreg: Vidare utvikling frå eit tidleg sosialistisk samfunn med mange trekk av kapitalismen til eit seint sosialistisk samfunn med mange trekk av den høgt utvikla kommunismen.

5.7. Kommunistpartiet under sosialismen i Noreg.

5.7.1. Partiet som leiaren i klassekampen under sosialismen.

For at klassekampen skal utvikla seg vidare med dei målsettingene vi har tatt opp i 5.6., treng arbeidarklassen ei leiing.

Denne leiande krafta må vera eit revolusjonært kommunistisk parti. Dette partiet må vera den sentraliserte leiinga i striden mot klassefienden. Det må analysera kven som er ven og kven som er fiende, peika ut motstandarane av sosialismen og forklara kva dei vil gjera for å styrta sosialismen og atterreisa kapitalismen, og mobilisera til klassekamp mot dei.

Partiet er arbeidarklassens mest medvitne kraft. Dette medvitne elementet vil vera svært viktig under sosialismen. Sosialismen kan spontant utvikla seg til kapitalisme, han må utviklast medvite i retning kommunisme. Einast partiet kan leia denne prosessen og peika ut ein strategi fram mot kommunismen. Partiet må analysera utviklinga ved hjelp av marxismen. Slik kan det peika på kva for økonomiske og politiske endringar som er til føremon for arbeidarklassen. Partiet må vera samfunnskritisk og kjempa for at sosialismen ikkje stivnar og degenererer. Det må kjempa for kommunismen.

5.7.2. Partiet og regjeringsmakta.

Det kommunistiske partiet må spela ei leiande rolle i den sosialistiske staten. Det må kjempa for å få politisk makt og stå i brodden for regjeringa.

Med dette meiner vi ikkje at eit revolusjonært kommunistisk parti skal ha krav på å diktera over regjeringa og fastsetja politikken. Partiet skal ikkje gjera dette dersom det er i strid med folkeviljen og eit fleirtal i demokratisk valde organ.

Vi føreset at sosialismen vert bygd opp etter ein revolusjon der kommunistane har stått i brodden. Dei har tatt føringa på grunnlag av at dei har fått brei folkeleg stønad for politikken sin. Vi går vidare inn for at det kommunistiske partiet skal slåst for ideane sine i det sosialistiske demokratiet òg. Partiet skal vera ei politisk kraft som prøver å vinna oppslutning for ideane sine. På det grunnlaget vert dei så valde til ansvarlege posisjonar i staten.

Om det kommunistiske partiet ikkje maktar å vinna god nok stønad for å gjennomføra somme programpostar, lyt det gjera kompromiss. Dersom partiet får fleirtalet mot seg, lyt det bøya seg og ta ein politisk kamp for å vinna nok stønad ved overtyding, slik at politikken kan gjennomførast.

Vi meiner at det kommunistiske partiet i eit sosialistisk Noreg må vera villig til eit demokratisk samarbeid med andre politiske krefter og parti som er for sosialismen. Partiet må samarbeida jamvel om dei andre er usamde med kommunistane på nokre politiske område.

Det kommunistiske partiet vil altså respektera det sosialistiske demokratiet og folkeviljen. (Sjå elles 5.5.4.)

5.7.3. Partiet må slåst med revolusjonære middel mot kontrarevolusjon.

Samstundes er det ei plikt for det kommunistiske partiet å føra ein revolusjonær kamp mot borgarskapet, dersom utviklinga under sosialismen fører til at det er fare for at eit mindretal av utbyttarar kjem attende til makta. I så fall vil kommunistane alliera seg med andre som vil forsvara sosialismen og med alle middel hindra at kapitalismen vert atterreist.

5.7.4. Partiet må kjempa for å halda seg raudt og ikkje gro saman med statsapparatet og det økonomiske byråkratiet.

I mange tidlegare sosialistiske land har kommunistpartiet blitt regjeringspartiet til den statskapitalistiske overklassen. Denne historiske røynsla syner kor naudsynt det er for kommunistpartiet i eit sosialistiske Noreg å kjempa for å halda seg raudt.

Partiet må kjempa for sentrale posisjonar i statsapparatet og økonomien, men partiet må ikkje skilja seg frå den arbeidarklassen det skal tena.

Det må ha den viktigaste basisen sin ute i samfunnet, på arbeidsplassane, i lokalsamfunna og i masseorganisasjonane.

Eit fleirtal i partiet må vera vanlege arbeidarar og arbeidsfolk som står i sitt daglege arbeid. Det same må gjelda den landsmøtevalde leiinga i partiet og tilsvarande leiande organ på lågare plan.

Partiet må ikkje få eit fleirtal av høgare funksjonærar frå staten og økonomien i medlemsflokken eller leiinga. Då kan partiet lett bli endra til eit politisk vedheng til desse gruppene.

Sjølv om partiet har sentrale posisjonar i staten, må det ikkje verta oppslukt av byråkratiet. Partiet må vera sjølvstendig for å kunna sjå kritisk på utviklinga i statsapparatet og fremja rettkomen kritikk frå det arbeidande folket.

Partiet må leia masserørsla nedanfrå for å hindra byråkratisk maktmisbruk, og for å flytta fram posisjonane til arbeidarklassen og kvinnene og bryta ned arbeidsdelinga mellom dei som styrer og dei som blir styrte.

Leiande funksjonærar i partiet må ikkje få høgare løner eller privilegiar som skil dei frå arbeidsfolk. I den mon det er mogleg, er det og bra om verva deira sirkulerer. Ei viss tid av året lyt dei gjera vanleg produktivt arbeid for å få kjenna betre til vilkåra til folket som dei representerer.

Partiet må krevja ein sterk indre politisk og personleg disiplin. Det må halda på tradisjonen med ideologisk kamp og drøfting av motsetningar. Partiet strevar ikkje etter monolittisk einskap, men eit friskt indre liv, der politisk usemje kjem fram og vert klarlagt.

Krav til økonomi, levesett og politikk kan virka mot at partiet utviklar seg til ein karrierestige for folk som set seg sjølve først. Slike folk må reinskast ut or partiet.

Eit slikt parti som tar vare på og kjempar for den revolusjonære haldninga si og klassekarakteren sin, vil og kunna få stor tillit i arbeidarklassen og folket. Partiet kan med det virka som ei motvekt dei spontane kapitalistiske tendensane i økonomien og byråkratiet.

Eit parti av denne typen vil bli arbeidarklassens skarpaste så kampen mot at det veks fram ein ny overklasse. Det vil ikkje måtte utvikla seg som dei tidlegare kommunistpartia i Sovjet og andre land der partiet er blitt ein reiskap for ein slik overklasse.

For at partiet skal halda fram med å vera kommunistisk, trengst stadig kamp i partiet sjølv. Flest mogleg arbeidsfolk utanfor partiet må og bli skolerte i den vitskaplege sosialismen. Skiftar partiet likevel farge, vert det naudsynt å ta opp striden for eit nytt, verkeleg revolusjonært kommunistparti. Men open politisk kamp, politisk skolering og kritikk og sjølvkritikk er dei beste midla til å avdekkja feil i tide og sikra at partiet held fast på den revolusjonære linja. (Meir om partiet i del III.)

KAPITTEL 6

Utviklinga av klassekampen under kapitalismen

6.1. Kampen for reformar og kampen for sosialismen.

6.1.1. Kampen for interessene til det arbeidande folket.

Klassane kjempar mot kvarandre kvar dag, om den økonomiske utviklinga, om det nasjonale sjølvstendet i Noreg, internasjonal politikk, demokratiske rettar osv. Desse kampane rører ikkje ved makta til kapitalistklassen. Men dei fastset i mange høve kva kapitalistklassen kan tillata seg å gjera og kva han ikkje kan gjera. Desse kampane har mykje å seia for livet til det arbeidande folket og den framtidige politiske utviklinga.

Dersom ikkje arbeidsfolk fører daglege kampar for dei næra livsinteressene sine, vil utbyttinga og undertrykkinga bli hardare. AKP(m-l) må alltid slåst saman med det arbeidande folket for å forsvara interessene det har. Partiets oppgåve er å tena folket, derfor må AKP (m-l) ta del i, utløysa og leia dagskampen.

(Når det gjeld AKP(m-l)s politikk på ulike område i klassekampen under kapitalismen, viser vi til partiet sitt sameprogram, vedtatt på det 3. landsmøtet i 1980, militærprogram vedtatt 1979 og arbeidsprogram vedtatt av ein landskonferanse og sentralkomiteen 1982—83.)

For å ta makta i samfunnet må arbeidarklassen og det arbeidande folket dessutan ha rike røynsler frå mange ulike slags klassekampar på førehand. Dette er føresetnaden for at ein sosialistisk revolusjon skal bli mogleg. Alt dette gjer at alle dei store og små klassekampane som vert utvikla under dei stabile tilhøva den norske kapitalismen har no, er svært viktige.

6.1.2. Avgrensingane i den reine kampen for reformar.

Men trass i dette, så kan dei aldri nokonsinne åleine føra det norske samfunnet ein millimeter nærmare sosialismen. Her ligg òg den viktige avgrensinga i desse kampane.

Kapitalismen kan godta mange slags konsesjonar og reformer, så lenge han greier å halda på makta si over økonomien og staten. Seinare kan han jamvel bruka denne makta til å ta attende det folket vann, om det er naudsynt. Dette gjeld allment under kapitalismen.

Slik den kapitalistiske krisa utviklar seg no, vert det i tillegg verre å pressa fram konsesjonar som kan gi røynlege betringar på eitt eller anna område. Sjølve kampen for små reformar under kapitalismen får eit meir og meir defensivt preg: Berga ei bedrift, eit sjukehus eller ein skule, hindra større nedgang i løner eller pensjonar osb.

Kampen for verkeleg store og varige endringar på ymse område der den daglege klassekampen går føre seg no, krev difor ein kamp for å kasta heile det kapitalistiske systemet. Dette skjønar berre eit mindretal i dag. Men røynslene frå desse ulike lokale og sektorvise kampane gjer det mogleg å utvikla ei slik forståing hos stadig fleire i det arbeidande folket.

Her ligg den langsiktige og revolusjonære innverknaden av desse kampane. Dei kan brukast til å auka talet på dei som forstår at heile det kapitalistiske systemet må kastast på skraphaugen. Slik kan dei spela ei rolle i den langvarige kampen for å samla og organisera krefter i arbeidarklassen og folket, framfor den avgjerande styrkeprøva med kapitalistklassen.

Men dette skjer ikkje av seg sjølv. I dei tilfella der ingen held fram eit slikt perspektiv i samband med desse kampane, så vil dei heller ikkje føra til noka styrking av kreftene som på lang sikt vil slåst for sosialismen.

Kampar for reformar som blir ført isolert og uten perspektiv, kan ikkje gi medvit om meir enn at det er naudsynt å reformera kapitalismen. Det som blir styrka av slike kamper, blir då berre ymse borgarlege retningar, som reformisme, sosialdemokrati og ulike former for reformisme.

Kommunistane må ta del i alle slike kampar og samarbeida utan sekterisme med alle krefter som vil slåst mot reaksjonen. Samstundes må kommunistane halda fast på dei langsiktige sosialistiske perspektiva. Dei må ikkje forfalla til opportunistisk økonomisme, men nytta høvet til å forklara og diskutera kapitalismen og sosialismen.

Dette er ein lekk i ein langdryg historisk prosess for å samla krefter. I brei målestokk for å auka forståinga i heile arbeidarklassen og det arbeidande folket, slik at dei skjønar kor viktig ei samfunnsomvelting er. I smal målestokk for å samla og organisera dei mest medvitne kreftene i klassen og folket og få dei med i kommunistpartiet og revolusjonære organisasjonar. Dette er den viktigaste strategiske oppgåva innanfor den daglege klassekampen no.

6.2. Oppgåvene i kampen om Noreg vert drege med i ein 3. verdskrig.

Situasjonen i Noreg vert totalt endra dersom Noreg vert slagmark i ein tredje imperialistisk verdskrig. Dette vil krevja at arbeidarklassen og det arbeidande folket slår seg i lag med alle patriotiske klassar, parti og einskildpersonar for å forsvara sjølvstendet i Noreg.

Dersom Sovjet set i verk eit lynåtak mot Noreg slik planane er, så er det rett å stø den forsvarskrigen som det borgarlege norske forsvaret fører så lenge som råd. Karakteren dette forsvaret har, gjer at det mest sannsynleg vil bryta saman etter ei viss tid. Det er difor nødvendig å utvikla ein folkekrig heilt frå starten.

Dersom Noreg vert okkupert av Sovjet, vil hovudmotseiinga gå mellom den sovjetiske okkupasjonsmakta og det norske folket (av norsk og andre nasjonalitetar). Då må arbeidarklassen og det arbeidande folket slå seg saman med alle som vil slåst mot okkupanten og skapa ein nasjonal einskapsfront og ein frigjeringshær. Vi må då føra ein langvarig nasjonal-revolusjonær frigjeringskrig mot okkupantmakta. I ein slik strid kan somme delar av kapitalistklassen dragast med på folket si side, medan andre delar av kapitalistklassen vil freista å gjera kompromiss med okkupanten. Berre arbeidarklassen og det arbeidande folket kan leia motstandskampen konsekvent fram til siger.

Dersom det norske folket sigrar i ein slik motstandskrig, vert motseiinga mellom borgarskap og proletariat atter hovudmotseiinga Noreg.

Politikken til partiet vårt er å kjempa for å utvikla ein mest mogleg konsekvent og brei motstandsfront mot okkupanten. Vi vil prøva å utvikla klassekampen etter sigeren, slik at dette kan bli startfasen for den sosialistiske revolusjonen i Noreg.

Elles viser vi til det militærpolitiske programmet til AKP(m-l) som vart vedteke på landskonferansen våren 1979.

DEL III

Den internasjonale kommunistiske rørsla og AKP(m-l)

KAPITTEL 7

Den internasjonale kommunistiske rørsla

7.1. Kommunistparti trengst i alle land.

Dei verkelege kommunistiske partia strir alltid og i kvar einaste kamp for dei sams interessene og dei langsiktige interessene som arbeidarklassen har. Dei byggjer på dei mest revolusjonære og kampviljuge delane av arbeidarklassen. Det langsiktige målet til kommunistane er å skipa eit klasselaust kommunistisk samfunn på heile jorda. Arbeidarklassen og folket har bruk for kommunistparti i alle land på jorda.

Kapitalistklassen har hand om eigedommen og staten, han har

organisasjon, politisk leiing og rike historiske røynsler. Arbeidarklassen kan ikkje vinna over dette utan sjølv å skapa organisasjon, politisk leiing og ei vitskapeleg forståing av samfunnet og revolusjonen. Kommunistpartiet vert skapt for å løysa desse oppgåvene.

Kommunistpartiet trengst under kapitalismen, fordi det berre er slike parti som kan leia klassekampen under dei mest skiftande tilhøva. Det er berre det som kan leia den økonomiske, politiske og teoretiske kampen som trengst for å førebu folket på revolusjon.

Det trengst i ein revolusjonær situasjon, fordi berre slike parti kan leia den væpna revolusjonen som det arbeidande folket må gjennomføra for å ta statsmakta frå kapitalistane.

Kommunistpartiet trengst når revolusjonen har vunne den første sigeren over borgarskapet og oppretta proletariatets diktatur. Det sosialistiske samfunnet utviklar seg ikkje vidare av seg sjølv. Det må førast ein målmedviten klassekamp etter ein plan for å utvikla samfunnet vidare i kommunistisk lei. Dette er berre mogeleg med eit kommunistisk parti i leiinga.

7.2. Røynslene frå den kommunistiske verdsrørsla.

7 2.1 Den kommunistiske verdsrørsla har oppnådd store resultat.

Det felles politiske grunnlaget for den kommunistiske verdsrørsla er marxismen-leninismen-maoismen (eller Mao Zedongs tenking). Denne teorien er i første rekke utforma av Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao Zedong.

Dei store resultata den internasjonale kommunistiske rørsla har oppnådd, stadfestar den rette hovudlina i denne teorien. Historia stadfestar den marxistiske analysen av korleis kapitalismen og imperialismen har utvikla seg. Berre kommunistparti har leia revolusjonar som har styrta kapitalismen. Sosialismen har betydd enorme framsteg for meir enn ein milliard menneske. Dette gjeld og i land der sosialismen har gått under etter ei tid. Kampen til sosialistiske land har hatt svært mykje å seia for arbeidarklassen og folka i heile verda og i mange land der sosialismen enno ikkje har sigra.

Samtidig har det vore nederlag og tilbakeslag. Mange av desse tilbakeslaga har ikkje vore til å unngå på grunn av tilbakeliggjande økonomiske og politiske tilhøve. Den økonomiske og politiske utviklinga var enno ikkje mogen for at revolusjonen skulle sigra. Men feil i kommunistane sin eigen teori og praksis har òg vore årsak til tilbakeslag. Det er viktig å studera dei historiske røynslene og dra lærdom av slike feil.

Det er særleg viktig å studera dette no, fordi det første sosialistiske landet i verda har blitt ei imperialistisk makt. Supermakta Sovjet driv undertrykking under dekke av snakk om marxisme og sosialisme. Dei fleste av dei gamle kommunistpartia er i røynda blitt borgarlege parti. Somme av dei er no femtekolonnar for den sovjetiske sosialimperialismen.

Dei verkelege kommunistane vil ikkje gå same vegen. Derfor må dei òg undersøka kva for kimar det var i den gamle kommunistrørsla som kunne gi opphavet til denne utviklinga.

AKP(m-l) studerer historia til den kommunistiske verdsrørsla, både for å læra av og halda fast på rett teori, praksis og gode tradisjonar, og for å kritisera og forkasta det som har vist seg feil. AKP(m-l) er ikkje ferdig med ein slik analyse. Programmet nemner einskilde punkt partiet meiner er viktige.

7.2.2. Nokre spørsmål som gjeld verdsrørsla si historie.

7.2.2.1. Forsvar røynslene frå kampane mot opportunismen.

Frå Marx' tid til i dag har den kommunistiske verdsrørsla ført mange viktige teoretiske og politiske kampar mot ulike former for opportunisme. Av dei viktigaste er:

- Marx og Engels sine kampar mot anarkismen og ulike slag reformisme,

- Lenin og bolsjevikpartiet sin kamp mot revisjonistane / sosialdemokratane i «den andre internasjonalen»,

- Stalin og det sovjetiske partiet sin kamp mot ulike revisjonistgrupper til høgre og «venstre», særleg trotskistane,

- Mao og det kinesiske kommunistpartiet sin kamp mot Sovjetrevisjonismen og partia som følgde Krustsjov og Bresjnev.

Det er svært viktig for kommunistane i heile verda å forsvara dei riktige politiske og teoretiske resultata av desse kampane.

7.2.2.2. Spørsmålet om KOMINTERN.

Lenin gjorde rett da han ville at kommunistane i alle land skulle stø kvarandre og samarbeida mot kapitalismen og opportunismen. Å skipa internasjonale organ for å samordna denne kampen var naudsynt. KOMINTERN fekk ei positiv rolle ved at det markerte brot med dei sosialdemokratiske partia og ga støtet til danninga av kommunistparti .

Men det var feil å skipa KOMINTERN som ein internasjonal demokratisk-sentralistisk organisajon, med internasjonal disiplin underordna eit sentrum i Moskva.

Den feilaktige praksisen med å overordna Sovjets interesser over andre parti har røter tilbake til denne tida. Det skada kampen arbeidarklassen og kommunistpartia førte i dei einskilde landa. Ein slik sentralistisk organisasjon står i strid med oppgåvene til den sosialistiske verdsrevolusjonen no og i overskodeleg framtid, som krev at kvart folk frir seg sjølv ut frå dei ulike vilkåra i kvart einskilt land.

Ein ny internasjonal organisasjon med same sentraliserte makt må difor ikkje bli skipa.

7.2.2.3. Spørsmålet om Stalin.

Det er stor usemje blant kommunistar om vurderinga av Stalin.

Han forsvarte og utvikla riktige teoriar laga av Marx og Lenin. Han spela ei positiv rolle i oppbygginga av sosialismen og kampen mot fascismen og imperialismen. På desse områda er det rett å forsvara arven etter Stalin.

Det sovjetiske partiet undertrykte reaksjonære, men og arbeidarar og kommunistar som ønskte debatt og kritikk. Dette skada det proletariske demokratiet under sosialismen. Mange av dei sakene kvinnene hadde vunne gjennom revolusjonen blei tatt frå dei. Sovjet gjorde overgrep mot andre statar og svake nasjonar, og krevde å få kommandera over andre parti. Det utvikla seg ein dogmatisk tendens i teorien, som hindra sjølvstendig utvikling av marxistisk politikk i andre land. Krenking av det proletariske demokratiet, storrussisk sjåvinisme og dogmatisme i teorien er dårlege saker i arven etter Stalin.

Hovudsaken er at kommunistene er samde om kva for slags sosialistisk samfunn dei slåst for. Analysen av Sovjet under Stalin er ikkje ferdig, og debatten må halda fram i mange år.

7.2.2.4. Spørsmålet om kontrarevolusjonen i Sovjet.

Sovjet var den første sosialistiske staten i verda, og Oktoberrevolusjonen eit førebilete og ein inspirasjon for arbeidarklassen og alle undertrykte over heile verda. Sjølv om ikkje utgangspunktet var det beste, førte dei første ti-åra til store resultat på mange område, med enorme framgangar for det arbeidande folket.

Likevel leid revolusjonen nederlag. Sosialismen blei til slutt styrta, og eit nytt borgarskap tok makta. Dette heng m.a. saman med at kommunistpartiet la lita vekt på spørsmålet om at eit nytt borgarskap kunne veksa fram under sosialismen. Det heng og saman med manglande revolusjonær røynsle og kunnskapar om korleis kampen mot eit nytt borgarskap skulle førast. Men det må vera klart at den svært skarpe internasjonale klassekampen og dei lågt utvikla produktivkreftene i Sovjet gjorde bygginga av sosialismen vanskeleg.

Arbeidarklassen, som hadde gjort ein heroisk innsats i omforminga av samfunnet, blei i for liten grad mobilisert som herskarklasse. Dette gjorde det vanskeleg å ta eit politisk oppgjer med sosialismens fiendar.

Stalin undervurderte denne faren. Sjølv om han forsøkte å kjempa mot borgarlege tendensar i sine siste år, har han derfor også sin del av ansvaret for at det nye borgarskapet fekk veksa fram i byråkratiet og partiet.

Det nye borgarskapet stadfesta makta si formelt på den 20. partikongressen i 1956. Men utfallet av klassekampen var gitt fleire år tidligare.

7.2.2.5. Mao sin kritikk av kontrarevolusjonen i Sovjet.

AKP(m-l) forsvarar hovudpunkta i Mao sin kritikk av Sovjet-revisjonismen:

- Klassekampen mellom borgarskap og proletariat held fram under sosialismen.

- Sovjet og dei revisjonistiske landa er blitt kapitalistiske.

- Sovjet er ei sosial-imperialistisk supermakt, ein stat av Hitlerfascistisk type, og den mest aggressive og farlege av supermaktene.

7.2.2.6. Spørsmålet om kulturrevolusjonen i Kina.

Mao starta kulturrevolusjonen fordi han hevda Kina elles ville utvikla seg som Sovjet.

På den ene sida har det heile tida vore skarpe politiske motsetningar og byråkratiske og borgarlege tendensar i Kina. På den andre sida blei kulturrevolusjonen brukt av ein borgarleg klikk, «firerbanden». Denne anti-kommunistiske gruppa var ansvarleg for overgrep og prøvde å gripa makta i Kina.

AKP(m-l) har til no ikkje gjort noka felles oppsummering av røynslene frå kulturrevolusjonen og dei svære politiske endringane i Kina etter at Mao døydde.

7.3. Kampen mellom kommunistane og opportunismen/revisjonismen.

7.3.1. Kampen mot opportunismen/revisjonismen er ei form for klassekamp.

Så lenge den kommunistiske rørsla har vore til, har ho utvikla seg i strid med opportunistiske og revisjonistiske retningar. Kommunistpartia kan berre vinna leiarskap i arbeiderklassen og folket ved å føra politisk kamp mot ulike former for reaksjonær politikk og borgarleg sosialisme. Dersom kommunistpartiet sluttar å stri mot opportunismen, vil det sjølv slutta å vera eit revolusjonært arbeidarparti og degenerera til å bli eit borgarleg parti.

Kampen mot opportunismen og revisjonismen er eit uttrykk for klassekampen som finst i arbeidarklassen og folket sjølv og i kommunistpartiet sjølv. Opportunisme og revisjonisme uttrykkjer djupast sett klasseinteressene til ulike klassar og lag som har andre interesser enn arbeidarklassen. Ved å framstilla politikken sin som «sosialisme», «marxisme», «kommunisme», vil opportunistane vinna støtte i arbeidarklassen og folket og hindra framvoksteren av ei verkeleg revolusjonær arbeidarrørsle.

7.3.2. Den historiske utviklinga av opportunismen/revisjonismen.

Dei opportunistiske og revisjonistiske retningane har gått gjennom ei politisk og sosial utvikling i dei siste 150 åra.

På Marx og Engels si tid var dei viktigaste formene for opportunisme småborgarlege retninger innanfor arbeidarrørsla som gjekk åpent mot marxismen.

Etter imperialismens gjennombrot, og særleg etter Oktoberrevolusjonen, blei dei viktigaste motstandarene til kommunistane borgarlege sosialdemokratiske leiarar. Med røter i arbeidararistokratiet og nært knytt til imperialismen leia dei borgarlege arbeidarparti, som blei sosiale hovudstøtter for kapitalismen i mange høgt utvikla kapitalistiske land.

Etter at den borgarlege kontrarevolusjonen sigra i Sovjet, er den sterkaste forma for opportunisme i verdsmålestokk blitt den Sovjetleia moderne revisjonismen. Han uttrykkjer klasseinteressene til dei kapitalistiske herskarane i ein imperialistisk supermakt. Denne forma for opportunisme kallar seg for marxist-leninistisk og kommunistisk. Han brukar Sovjet si svære makt og historiske rolle til å øydeleggja kommunistparti innanfrå og infiltrera og ta over frigjeringsrørsler. Han er blitt ei hovudstøtte for reaksjonen i verda. Sovjetrevisjonismen har sett ordet kommunist i vanry i mange land i verda, der det blir brukt av lakeiar for sosialimperialismen, tilhengjarar av fascistisk diktatur og korrupte bandittar som jagar etter rikdom for seg sjølve.

Den moderne sovjetiske revisjonismen er den farlegaste, sterkaste og mest reaksjonære forma for revisjonisme som nokon gong har eksistert. Han har ingenting til felles med verkeleg kommunisme. For verkelege kommunistar over alt i verda er han ein felles hovudfiende.

7.3.3. Hovudspørsmålet i den politiske kampen mot revisjonismen i dag.

I dag kan dei teoretiske og politiske skiljelinene mellom verkelege kommunistar og ulike slags opportunistar og revisjonistar samenfattast slik:

- Haldninga til revolusjonen. Dei verkelege kommunistane meiner at sosialismen berre kan opprettast ved at arbeidarklassen og folket sjølve gjer revolusjon med våpenmakt, knusar den gamle herskarklassens herredømme og opprettar sitt herredømme. Dei moderne revisjonistane og andre opportunistar hevdar at kapitalistane kan styrtast ved at sosialistane får fleirtal i val arrangert av kapitalistane sjølve («den fredelege og parlamentariske vegen»), eller dei hevdar at sovjetisk invasjon, militærkupp eller aksjonar frå små terroristgrupper kan oppretta sosialismen.

- Haldninga til dei grunnleggjande teoriane i marxismen-leninismen-maoismen. Dei verkelege kommunistane forsvarar og byggjer på desse teoriane. Dei moderne revisjonistane og andre opportunistar avvisar og kjempar mot dei.

- Haldninga til arbeidarklassen. Dei verkelege kommunistane held fast på at arbeidarklassen i spissen for det arbeidande folket er den leiande krafta både i kampane under kapitalismen og i kampen for sosialismen og kommunismen. Dei moderne revisjonistane står for arbeidarforakt og klassesamarbeid under kapitalismen, og undertrykkjer arbeidarklassen i dei landa der dei har makta. Nokre av dei utviklar opent teoriar som seier "farvel til proletariatet".

- Spørsmålet om klassekampen under sosialismen. Dei verkelege kommunistane slår fast at klassekampen held fram under sosialismen og at kapitalismen er gjenoppretta i Sovjet og dei revisjonistiske landa. Dei moderne revisjonistane kamuflerer kapitalismen i desse landa som "sosialisme".

7.4. Oppgåvene for den kommunistiske verdsrørsla i dag.

AKP(m-l) har dette synet på oppgåvene til den kommunistiske verdsrørsla i dag: Berre den revolusjonære kommunismen kan leia verdsproletariatet til frigjering. I alle land treng arbeidarklassen og folket kommunistparti som byggjer på hovudlina til Marx, Lenin og Mao.

Ingen slags moderne revisjonistiske eller sosialdemokratiske parti kan spela denne rolla. Når det gjeld spørsmålet om dei grunnleggjande skiljelinene mellom marxisme og moderne revisjonisme/sosialdemokrati, kan den internasjonale kommunistiske rørsla ikkje gjera noko kompromiss.

I dag finst det ikkje lengre noko sentrum for den kommunistiske verdsrørsla. Ikkje noko parti eller land er modell og har rett til å bestemma over andre. Alle har like rettar og må utvikla sin eigen politikk ut frå analysen av sitt eige land.

På dette grunnlaget er det naudsynt å utvikla solidaritet og samarbeid tufta på proletarisk internasjonalisme. Partia må stø revolusjonar i heile verda. Dei må stø kvarandre og læra av kvarandre.

Den internasjonale kommunistiske rørsla er inne i ein fase med reorganisering og samling av krefter. Dei partia vil styrkja seg som evnar å utvikla ein rett politikk for sitt eige land. Det krev lojalitet til den revolusjonære kommunismen, avvising av den moderne revisjonismen og dogmatismen, og det krev politisk sjølvstende.

Særskilt dei partia som vinn styrke i arbeidarklassen og masserørsla i sitt eige land må styrkja banda seg imellom. Gradvis må dei utvikla ei sterk internasjonal kommunistisk rørsle bygd på like rettar for alle, felles kamp mot imperialismen og felles grunnlag i dei revolusjonære teoriane til Marx, Lenin og Mao.

KAPITTEL 8

Arbeidernes kommunistparti (marxist-leninistene) i Noreg.

8.1. AKP (m-l)s mål og politiske grunnlag.

AKP(m-l) er skipa for å leia arbeidarklassen og det arbeidande folket sin kamp under kapitalismen, førebu arbeidarklassen og folket på revolusjon, leia kampen for revolusjonen og føra klassekampen vidare under proletariatets diktatur, med det målet å skapa kommunismen i heile verda.

AKP(m-l) byggjer på den internasjonale kommunistiske rørsla og røynslene hennar. Dette er støypt inn i marxismen-leninismen-maoismen (eller Mao Zedongs tenking) og byggjer samstundes på våre eigne undersøkingar og analysar av det norske samfunnet. Dei politiske konklusjonane vi dreg av det er lagde fram i dette programmet.

8.2. Eit internasjonalistisk og patriotisk parti.

8.2.1. AKP(m-l) er eit internasjonalistisk parti fordi:

AKP(m-l) byggjer på den proletariske internasjonalismen. Om arbeidsfolk i heile verda skal frigjera seg, må dei stø kvarandre.

- Det kjempar for frigjeringa til folk over heile verda og stør alle som kjempar mot imperialismen.

- Det står saman med kommunistparti i mange land i den internasjonale kommunistiske rørsla.

- AKP(m-l) går mot einkvar freistnad på å setja arbeidsfolk i ulike land opp mot kvarandre, men arbeider for å utvikla kampfelles skapet.

- AKP(m-l) går mot norsk nasjonal sjåvinisme og rasisme. Vi er for nasjonal sjølvråderett for den samiske nasjonen og røynleg likestilling og venskap mellom alle nasjonalitetar i Noreg.

8.2.2. AKP(m-l) er eit patriotisk og norsk parti fordi:

- Det slåst for norsk sjølvstende mot imperialismen, no og i framtida, og partiet vil forsvara Noreg mot militære åtak.

- Det er eit sjølvstendig parti som bestemmer lina si uavhengig av andre. Partiet godkjenner ikkje noko internasjonalt sentrum og lar ikkje andre blanda seg borti dei indre sakene i partiet.

- Det byggjer på dei store tradisjonane frå den norske revolusjonære arbeidarrørsla, frå Thrane-rørsla og det beste frå DNA i den perioden partiet kalte seg revolusjonært og frå NKP sin revolusjonære periode.

- Det respekterer og forsvarar kulturen og tradisjonane til folket i Noreg av ulike nasjonalitetar.

8.3. Arbeidsmåten til AKP(m-l).

8.3.1. AKP(m-l) er eit parti av ein ny type.

Alle andre parti i Noreg er organiserte for å vinna parlamentarisk makt under kapitalismen. AKP(m-l) er skapt for å mobilisera folket til å styrta kapitalismen.

8.3.2. AKP(m-l) er eit arbeidarparti.

Den viktigaste og mest revolusjonære klassen må også vera kjerna og ryggraden i AKP(m-l) sjølv. Partiet er ope for alle revolusjonære. Men det legg stor vekt på at arbeidarar skal spela ei hovudrolle i organisasjonen.

Partiet legg vekt på å få med småbønder, fiskarar og arbeidande intellektuelle.

Partiet legg dessutan stor vekt på at kvinnene skal utgjera minst halvparten av medlemane og vera minst like godt representerte som menn i alle typar leiing.

Dette må sikrast ved kvotering.

Partiet legg også mykje vinn på å få medlemar frå dei nasjonale minoritetane .

8.3.3. AKP(m-l) kjenner ansvar for heile klassekampen.

Partiet slåst ikkje for karrieren til medlemane sine eller for snevre særinteresser. I alle kampar prøver det å arbeida fram slikt som utviklar solidaritet, og tar elles vare på interessene til heile arbeidarklassen. Den særskilte oppgåva til partiet er å representera dei langsiktige interessene til arbeidarklassen. Dette er det viktigaste som skil AKP(m-l) frå ymse slags masseorganisasjonar og aksjonsgrupper med nokre få, avgrensa mål. Dette er også grunnen til at AKP(m-l) aldri kan bli erstatta av slike organisasjonar, same kor mange og sterke dei blir.

8.3.4. AKP(m-l) leiar ved å gå i brodden.

Sjølve partiet er berre ein liten del av det arbeidande folket. Det må kjempa for å få sin politikk til å bli arbeidarklassen sin politikk. Såleis kan AKP(m-l) i røynda bli den leiande politiske krafta i arbeidarklassen.

Medlemane må vera leiande i å utvikla den kommunistiske linja og ta del i massane sine kampar.

Partiet må vera tidleg ute med rette liner, sjølv ta dei tyngste børene og gå dit kampen er hardast. Partiet kan berre vinna tilslutnad ved sjølv å vera eit føredøme.

8.3.5. AKP(m-l) studerer den vitskaplege sosialismen.

Partiet arbeider for å vidareutvikla og konkretisera den vitskaplege sosialismen for norske tilhøve. Det arbeider systematisk for å spreia han til arbeidarklassen og det arbeidande folket.

8.3.6. AKP(m-l) utviklar politikken ved hjelp av masselina.

For å utvikla rett politisk line og vinna støtte for ho blant arbeidsfolk, arbeider AKP(m-l) etter masselina.

Masselina byggjer på at «folket og berre folket er drivkrafta i historia». Derfor må medlemane ha nær kontakt med folk utanfor partiet, høyra på dei og respektera dei. Partiet må læra av folk utanfor partiet og få greie på røynslene deira, ønska og behova dei har. På grunnlag av dette summerer partiet opp desse kunnskapane til politiske parolar og går attende til folk flest med dei. Dette er prinsipielt "frå folket, til folket". Det krev at partimedlemane må ha personleg tillit, leva som andre arbeidsfolk og aldri skilja seg ut frå dei. AKP(m-l) går inn for ein enkel og folkeleg stil i partiet, og går mot å peika ut somme personar ukritisk som «store leiarar».

AKP(m-l) kjempar mot den byråkratiske leiarstilen til sosialdemokratiet og revisjonistane.

8.3.7. AKP(m-l) jobbar etter ei demokratisk line i masseorganisasjonane.

Partiet er for at folk organiserer seg. Medlemane er med i fagrørsla og andre masseorganisasjonar. Den politiske lina til partiet der er å styrka kampviljen til masseorganisasjonane, den gjensidige solidariteten i det arbeidande folket og forsvara demokratiet der. AKP(m-l) vil forsvara at folk med ulikt politisk syn kan jobba saman for felles mal i masseorganisasjonar. AKP(m-l) vil ikkje gjera fagrørsla og masseorganisasjonar om til noko slags vedheng til seg, og går mot intrigar og kuppmakeri.

8.4. Organisasjonen til AKP(m-l).

8.4.1. AKP(m-l) er organisert ut frå den demokratiske sentralismen.

Den demokratiske sentralismen er den proletariske organisasjonsforma. Arbeidarane kan aldri sigra over borgarskapet om dei slåst som einskildindivid.

Ein brukar demokratisk diskusjon for å vedta den politiske lina og velja leiinga. Når linja skal setjast ut i livet, underordnar medlemane seg ein frivillig, medviten og jernhard disiplin.

Utan demokrati kan ikkje alle krefter utnyttast for å skapa ein sterk sentralisme med ei rett politisk line. Utan sentralismen kan ikkje dei demokratiske avgjerder setjast ut i livet. Sentralismen er naudsynt for å konsentrera kreftene, setja i verk tiltak, ta raske initiativ, driva illegalt arbeid, og leia arbeidet på mange område. Grunnorganisasjonane er dei viktigaste einingane for å driva ekstern kamp og diskusjon/utvikling av politikken til partiet. Dette skal m.a. sikra at det vanlege grunnplansmedlemet avgjer kva politikk som skal setjast ut i livet.

8.4.2. AKP(m-l) stiller strenge krav til medlemane.

Det må vera «eit parti av leiarar», der alle arbeider etter beste evne. I motsetning til i borgarlege «arbeiderparti» får ingen medlemar i AKP(m-l) føremoner for seg sjølv av å vera med.

Medlemane må vera villige til å gi personlege offer, og arbeida for å gjera seg til dugande kommunistiske politikarar.

8.4.3. AKP(m-l) brukar kritikk og sjølvkritikk.

Partiet gjer ope opp med feil utetter og innetter. Bruk av kritikk/ sjølvkritikk gjer det mogleg å setja eit skarpt lys på feil og byråkratiske tendensar slik at partiet kan slåst mot dei. Ingen i partiet er heva over kritikk. Kommunistane må trå etter kritikk, for berre sanninga kan tena arbeidarklassen.

8.4.4. AKP(m-l) utviklar den demokratiske kampen mellom liner.

I partiet er monolittisk einskap umogleg. Det oppstår nye problem. Det finst alltid både rett og gale i politikk. I eit klassesamfunn kjem det støtt fram borgarlege idear innanfor det revolusjonære partiet. Det vil alltid vera ulike syn og usemje.

Faren for at partiet vert påvirka av revisjonistiske og sosialdemokratiske liner er særleg stor.

Det vi må kjempa for, er at marxistiske idear og proletarisk politikk held makta i partiet. AKP(m-l) undertrykkjer ikkje usemje og prøver ikkje å halda partiet «reint for range idear». AKP(m-l) brukar usemje til å utvikla diskusjonen mellom ulike liner, og følgjer metoden med einskap - kritikk - einskap. Dette kan utvikla politikken. I slik kameratsleg diskusjon er folk like gode partimedlemmar anten dei har rett eller feil, og er i fleirtal eller mindretal. Det vert fastsett på vanleg vis i partiet når diskusjonane skal setjast i gang og kva form dei vert utvikla i. AKP(m-l) er ikkje nokon anarkistisk prateklubb.

I AKP(m-l) er ikkje diskusjonen eit mål i seg sjølv, men eit middel for å utvikla rette linjer for handling.

8.4.5. AKP(m-l) reinskar ut karrieremakarar og borgarar.

Det vil dukka opp karrieremakarar og borgarlege politikarar i AKP(m-l). Dei vil freista å gjera partiet til eit borgarleg arbeidarparti, eit revisjonistisk parti. Dersom ein ikkje kan overtyda slike folk gjennom diskusjon, må dei ut. AKP(m-l) kan ikkje ha medlemmar som skader arbeidarklassen og stør borgarskapet og imperialismen. Når slike folk vert reinska ut, så svekkjer ikkje det partiet, men styrkar det.

8.4.6. AKP(m-l) sameiner ope og hemmeleg arbeid.

Politikken til partiet er offentleg og kan studerast av alle. Det bruker alle lovlege metodar for å utvikla politisk kamp og arbeida i lag med folk flest. Det er ei plikt for partiet alltid å vera førebudd, så det ikkje vert knust av forfølging, men kan halda fram kampen trass i terror og krig. Difor er det ei plikt å halda viktige delar av organisasjonen hemmeleg.

8.4.7. AKP(m-l) byggjer på økonomisk sjølvberging.

Partiet vert finansiert ved årspengar og inntekter frå eige arbeid. AKP(m-l) tar ikkje imot stønad frå framande makter. AKP(m-l) må vera sparsame, gå mot sløsing og ikkje gje grobotn for byråkratiske yrkespolitikarar med høge løner.

ETTERORD

Framtida for AKP(m-l)

AKP(m-l) er eit lite og ungt parti. I dei 11 åra frå 1973 til 1984 har det likevel oppnådd ein del.

AKP(m-l) har leia viktige kampar som har hatt mykje å seia landet rundt. Partiet har vorte kjent og fått aukande stønad og respekt i arbeidarklassen og på venstresida. Det har utvikla eit framgangsrikt arbeid i fagrørsla og i einskapsfrontar.

Partiet har skapt ein samansveisa landsomfattande organisasjon, med ein kjerne av medlemmer som har rike felles røynsler.

AKP(m-l) har konsekvent forsvara dei revolusjonære marxist-leninistiske prinsippa. Partiet har også støtta klassekamp, gått mot klassesamarbeid og kjempa mot imperialisme og sosialimperialisme. Samtidig har partiet gjort politiske feil. Partiet har lært av desse feila og utvikla seg gjennom dette.

Partiet har avvist idear om å bryta med og forkasta det revolusjonære innhaldet i teoriane til Marx, Lenin og Mao. Samstundes har AKP(m-l) gjort opp med ei trongsynt, dogmatisk og usjølvstendig oppfatning av marxismen-leninismen-maoismen. Frå å kopiera modellar og pugga formlar har AKP(m-l) utvikla seg til å studera det vitskaplege innhaldet i teorien og gjera sjølvstendige undersøkingar og analysar. Dette er ei utvikling fram mot ei rettare forståing av den revolusjonære marxismen.

Arbeidet med å utvikla ein vitskapleg teori for den sosialistiske revolusjonen i Noreg har kome stutt i veg. Men det har likevel tatt til.

Den internasjonale situasjonen for Noreg vert meir og meir uviss. Samstundes utviklar den indre krisa seg. Dette gjer at det vert stadig lettare å forstå at det trengst ei leiing som er uavhengig av dei herskande monopola og eit alternativ til kapitalismen. Utviklinga sjølv viser at arbeidsfolk i Noreg treng eit parti som AKP(m-l). Det vert stadig større sjansar for at partiet skal styrkja seg og veksa seg større.

For at partiet skal kunna gjera framgang, så krevst det:

- Vidare utvikling av det politiske arbeidet. Studiane av marxismen-leninismen-maoismen må styrkast og den sjølvstendige analysen av det norske samfunnet må betrast. Dette kan utvikla ein politikk som tener interessene til det arbeidande folket i Noreg i dei ti-åra som kjem.

- Eit tolmodig, langvarig, hardt og systematisk arbeid for å vinna medlemar og tilhengjarar i arbeidarklassen og dei andre delane av det arbeidande folket. Særleg viktig er arbeidet for å vinna kvinnene og ungdommen.

Løysinga av desse to oppgåvene vil avgjera om det finst noka revolusjonær leiing for arbeidarklassen i Noreg når krisa i kapitalismen ein dag går så langt at ein overgang til sosialismen er mogleg.

Om dette skal skje, er avhengig av den indre utviklinga i partiet. Medlemane i partiet og tilhengjarane våre avgjer gjennom politisk kamp og organisatorisk arbeid om partiet skal greia å bryta gjennom politisk og organisatorisk og samla krefter til dei strategiske oppgåvene i framtida.

Feil i Prinsipprogrammet

s. 19: linje 12 nedanfrå: stryk setninga: "kjønna vil verta avskaffa".

s. 30: avsnitt 3.2.4. Fredsrørsla i Europa. Mellom linje 4 og 5 i avsnittet skal følgjande inn:

Frykta for ei slik framtid har særleg i Vest-Europa fått politisk uttrykk gjennom rørsler og store demonstrasjonar for fred. Denne fredsrørsla har i kraft av storleiken sin og engasjementet sitt vorte ein maktfaktor som skapar store vanskar for NATO-alliansen.

Sovjet - med den offisielle "freds"-retorikken sin og utan ein motsvarande opposisjon innetter - satsar svært mykje på å vinna innpass og knyta fredsrørsla nær til sin eigen utanrikspolitikk.

Opp mot ei slik utvikling støttar vi dei som vil knyta fredsrørsla til dei kreftene som verkeleg strir mot krigsførebuingane.

s. 38: linje 15 ovanfrå: "Kapitalismen" skal byttast ut med «Familiesystemet».

s. 53-54: avsnitt 5.4.7 Tilhøvet mellom klassekampen og utviklinga av produksjonen.

Heile avsnittet skal byttast ut med følgjande:

5.4.7 Tilhøvet mellom klassekampen og utviklinga av produksjonen.

Ein blomstrande sosialistisk økonomi med store samfunnsmessige overskot er ein nødvendig føresetnad for frigjering av arbeidarklassen. Utan utvikling av produktivkreftene, vitskapleg og teknologisk revolusjon taper den sosialistiske revolusjonen.

Men den økonomiske og tekniske utviklinga aleine fører ikkje automatisk til frigjering av menneska under sosialismen. Teknologien kan mellombels bli gjort til eit monopol for privilegerte sjikt og auka deira makt. Ein sterk auke i produksjonen treng ikkje bli brukt slik at det betrar stillinga til arbeidarklassen.

Ingen har nokon gong vorte frigjort av ein reiskap eller maskin. Reiskapar i seg sjølv er daude ting. Det er menneska som frigjer seg sjølve ved å skapa og bruka reiskapane og maskinane.

I lang tid vil hovudmotseiinga under sosialismen framleis gå mellom borgarskap og proletariat. Utfallet av klassekampen mellom dei gir samfunnet dets karakter. Det avgjer om produktivkreftene vert utvikla for å tena dei arbeidande massane eller borgarskapet.

Klassekampen og kampen for produksjonen står i eit dialektisk forhold til kvarandre. Det er feil å tala om anten klassekamp eller utvikling av produktivkreftene og økonomien.

Klassekamp utan utvikling av produktivkreftene vil verta eit slag i lufta og føra til nederlag for sosialismen. Utvikling av produktivkreftene utan at det betrar livet til massane og styrker makta til arbeidarklassen vil og føra til nederlag for sosialismen.

Derfor er eit av dei viktigste områda for politisk kamp og klassekamp under sosialismen nettopp kampen for å utvikla produktivkreftene, og gi denne utviklinga ei slik retning at det tener arbeidarklassen og folket.

s. 56: linje 17-20 ovanfrå, setninga: "Derfor må. . . valkrinsar" skal strykast.

s. 56: etter avsnitt 5.5.6 skal inn eit nytt avsnitt 5.5.6B:

5.5.6B: Arbeidarmakt i verksemdene.

Ei sterk kollektiv arbeidarmakt på arbeidsplassane spelar ei viktig rolle for utviklinga av sosialismen på tre måtar:

- For å frigjera initiativ, slik at produktivkreftene kan verta raskt utvikla på grunnlag av ein riktig statsplan for økonomien

- for å utvikla arbeidarkontrollen av staten nedanfrå,

- for å gi arbeidarane røynsler og den basis dei treng for å kjempa seg til meir og meir direkte makt i heile samfunnet.

Ut frå dette må:

- Arbeidarforsamlingar ha den avgjerande makta på arbeidsplassane innanfor ramma av statsplanen. Dei tar dei viktigaste avgjerdene og godkjenner og avset leiarar i verksemdene

- Arbeidarane må i langt større mon enn i dag ta del i organiseringa av produksjonen. Det vert danna grupper som sameiner teknisk/administrativ kompetanse med røynsle frå produksjonen. Det vert jobbrotasjon - også på tvers av skiljet mellom administrasjon og produksjon.

- Samstundes som det vert kjempa hardt mot å setja kortsiktige særinteresser over dei langsiktige klasseinteressene, må arbeidarane kjempa mot overgrep frå styresmaktene.

- Dei folkevalde forsamlingane i samfunnet må setjast saman slik at representantar valde og kontrollerte frå arbeidsplassane får ein viktig plass - ved sida av representantar for geografiske område.

s. 56: avsnitt 5.5.7 får ny overskrift: "Dei demokratiske rettane."

s. 61-62: avsnitt 5.6.4 vert bytta ut mot følgjande:

5.6A. Kvinnekampen og vidareutviklinga av sosialismen.

Å styrta kapitalismen er nødvendig for å oppnå kvinnefrigjering, men det er ikkje nok. Under sosialismen er det nødvendig med ei fullstendig omorganisering av samfunnet og store endringar i menneska si tenking. (Kva det betyr for økonomien er behandla i 5.4.6.)

I heile perioden med sosialisme må kvinnekampen halda fram. Den må retta seg mot menns privilegier og undertrykking av kvinner. Det gjeld yrkeslivet, politikken, skolen, media, masseorganisasjonane osb., og alle djupt rotfesta vanar og idear som held kvinneundertrykkinga oppe.

Særskilt viktig er det å kjempa mot kvinnas rolle som mannens tenar i familien. Til det private arbeidet i familien er tatt over av samfunnet, er det eit mål for kampen at mennene tar halvparten av hus- og omsorgsarbeidet.

Alt dette krev at kvinnene må ha makt i staten og kommunistpartiet, i masseorganisasjonane og i samfunnslivet. Kvinnene må sikrast slik makt med kvoteringsreglar, eigne kvinnegrupper i forskjellige organ på alle nivå osb.

Kampen for kvinnefrigjering har stor betydning for det sosialistiske demokratiet og styrken til proletariatets diktatur. Dersom kvinnene ikkje har same muligheiter som menn til å delta i politisk arbeid, så har halvparten av arbeidarklassen og folket berre formelle demokratiske rettar. Kvinnenes krefter blir ikkje mobiliserte i bygginga av sosialismen og kampen mot borgarskapet.

Det blir nødvendig med ei sterk og sjølvstendig kvinnerørsle, leidd av arbeidarklassens kvinner. Oppgåva blir å slåst for kvinnenes interesser på alle område. Den må ha styrke til å slåst mot motstanden frå menn, også menn i arbeidarklassen, når dei forsvarer fordelane kvinneundertrykkinga gir dei.

Berre kommunismen betyr full kvinnefrigjering på alle område. Kvinnekampen er ein nødvendig del av kampen for å utvikla sosialismen vidare fram til kommunismen. Kommunistane må gå i brodden og mobilisera arbeidarklassen og folket, kvinner og menn, i kampen for frigjering av kvinnene.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10059. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.