Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Stortingsmelding om villaks, sjøaure og sjørøye – invitasjon til å gje innspel

Sak 67/2026 · Kommunestyret 1. oktober 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å vurdere om det ønsker å gi eit uttale i saka.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 67/2026 i møte den 01.10.2026:

Handsaming Saka vart sett på sakskartet ved møtestart.

Framlegg:

Vibeke Johnsen (Sv) sette fram slik framlegg:

Sogndal kommune ber om at stortingsmeldinga:

1. Sikrar lokalsamfunna ved stenging. Når fisket må stengast av årsaker lokale aktørar ikkje rår over, bør ikkje grunneigarar, reiselivsbedrifter og lokalsamfunn aleine bere dei økonomiske konsekvensane. Kommunen ber om utgreiing av kompensasjons- eller støtteordningar.

2. Styrkar overvakinga, slik at stenging ikkje vert einaste verktøy. Vi treng eit nasjonalt løft for overvaking av lakseinnsig og smoltutvandring, til dømes med bruk av sonar og video. Betre data gjer det mogleg å justere fisket gjennom sesongen og halde elver opne under forsvarlege, avtalte kriterium.

3. Gjev kommunane verktøy og midlar til klimatilpassing i vassdraga. Tørke, flaum og høgare temperatur rammar laksen hardt. Kommunen ønskjer at vassdrag med anadrom fisk vert ein del av klimatilpassingsarbeidet, og ber om statleg støtte til naturbaserte løysingar. Døme er å opne opp att grover og bekker, kantvegetasjon og tiltak som let den naturlege flaumdempinga i vassdraga verke.

4. Ryddar opp i regelverket for små inngrep. Kulvertar og bruer knytt til landbruksvegar fell i dag ofte mellom regelverk og vert ikkje vurdert for fiskepassasje. Kommunen ber om ei nasjonal kartlegging av vandringshinder og ein tydeleg standard for fiskepassasje ved nye og eksisterande vegkryssingar.

5. Skipar eit nasjonalt restaureringsfond for vassdragsnatur. Eit fond finansiert med eit lite påslag per kWh produsert vasskraft vil gje føreseieleg finansiering. Pengane kan gå til fjerning av vandringshinder, flaumsikring og restaurering, og vil kome heile vassdragsnaturen til gode, ikkje berre laksen.

6. Gjev betre miljøvilkår i regulerte vassdrag. Revisjonen av vasskraftkonsesjonar må gå raskare. Nye vilkår bør vere konkrete og mogleg å etterprøve, med minstevassføring, tovegs fiskepassasjar og miljødesign som standard.

7. Vernar elvemunningar og grunne kystområde. Dette er viktige oppvekst- og beiteområde for laks og sjøaure. Ved naudsynte inngrep, bør kompenserande tiltak betre den samla miljøtilstanden i vassdraget.

Haavard Stensvand (Ap) sette fram slikt framlegg:

Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å vurdere om det ønsker å gi eit uttale i saka.

Avrøysting:

Framlegget frå Haavard Stensvand (Ap) vart vedteken med 21 røyster (8 Ap,6 Sp (Arnstein Menes, Espen Sæterbø, Magne Bruland Selseng, Tore Feten, Olaug Marie Bjelde, Arne Monrad Johnsen) 4 Sv, 1 H( Tobias Dahle) , 1 Frp( Sigurd Sætre), 1 V.

Framlegget frå Vibeke Johnsen (Sv) kom ikkje opp til avrøysting.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.