Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Wattn - Fråsegn på iniativ frå Noregs Mållag

Sak 66/2026 · Kommunestyret 1. oktober 2026 · Behandlet

Vedtak

"Ta nynorsken tilbake, Wattn! Kommunestyret i Sogndal bed Wattn om å ta nynorsken tilbake. Wattn er eit selskap med sterke røter på Nord-Vestlandet og med over 100 000 kundar. Selskapet er eigd av kraftselskap som igjen i hovudsak er eigde av nynorskkommunar. For oss som er eigar i eitt av desse kraftselskapa, er det viktig at Wattn er med og tek vare på den språklege identiteten vår, og at dei viser at nynorsk høyrer heime i næringslivet. Det har Wattn tidlegare vist at er fullt mogleg, og me meiner at nynorsk er ein styrke for Wattn. Det er overraskande og skuffande for oss at Wattn har valt å fjerne nynorsk som språkval i appen og har gått over til berre bokmål i kommunikasjonen sin. Mange kundar kan ikkje lenger møte tenestene på sitt eige språk. At Wattn har nasjonale ambisjonar, bør ikkje stå i vegen for å ta vare på nynorsken. Tvert imot bør eit selskap som ynskjer å vekse nasjonalt, kunne vise at det er mogleg å vere ein nasjonal aktør som står støtt med røtene planta der ein kjem ifrå. Wattn må vere eit selskap som kundane kjenner seg att i. Då må nynorsk vere ein naturleg del av kommunikasjonen med kundane – også i appen, på nettsidene og i andre digitale og skriftlege kanalar."

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 66/2026 i møte den 01.10.2026:

Handsaming Det låg føre slik tilråding:

"Ta nynorsken tilbake, Wattn! Kommunestyret i Sogndal bed Wattn om å ta nynorsken tilbake. Wattn er eit selskap med sterke røter på Nord-Vestlandet og med over 100 000 kundar. Selskapet er eigd av kraftselskap som igjen i hovudsak er eigde av nynorskkommunar. For oss som er eigar i eitt av desse kraftselskapa, er det viktig at Wattn er med og tek vare på den språklege identiteten vår, og at dei viser at nynorsk høyrer heime i næringslivet. Det har Wattn tidlegare vist at er fullt mogleg, og me meiner at nynorsk er ein styrke for Wattn. Det er overraskande og skuffande for oss at Wattn har valt å fjerne nynorsk som språkval i appen og har gått over til berre bokmål i kommunikasjonen sin. Mange kundar kan ikkje lenger møte tenestene på sitt eige språk. At Wattn har nasjonale ambisjonar, bør ikkje stå i vegen for å ta vare på nynorsken. Tvert imot bør eit selskap som ynskjer å vekse nasjonalt, kunne vise at det er mogleg å vere ein nasjonal aktør som står støtt med røtene planta der ein kjem ifrå. Wattn må vere eit selskap som kundane kjenner seg att i. Då må nynorsk vere ein naturleg del av kommunikasjonen med kundane – også i appen, på nettsidene og i andre digitale og skriftlege kanalar."

Habilitet:

Rune Haug (FrP) bad kommunestyre vurdere sin habilitet. Kommunestyret fant representant habil til å delta i handsaminga av saka. Vurdering: Det vert stilt spørsmål om habilitet i saka der kommunestyret handsamar ei fråsegn der ein oppmodar selskapet Wattn om å nytta nynorsk, sak 66/26. Son til kommunestyremedlem Rune Haug har ein leiarrolle i selskapet Wattn og Haug ber om å få sin habilitet vurdert. Kommunedirektøren si vurdering er at det i saka ikkje kjem inn forhold som tilseier at Haug bør vurderast inhabil. Her er ikkje partsforhold og heller ikkje andre særeigne forhold, knytta til ei fråsegnsak som tilseier at Haug bør seiast inhabil. Fråsegna, slik den er utforma, vil ikkje innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til. jf forvaltningslova § 6 2.ledd.

Avrøysting:

Tilrådinga vart vedteken med 30 røyster (3H (Håkon Nesse, Kjell Asbjørn Næss, Tobias Dahle), R, SV, V, MDG, Ap, FrP, KrF, Sp).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.