Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål - kommunestyret 1. oktober 2026

Sak 48/2026 · Kommunestyret 1. oktober 2026 · Behandlet

Vedtak

Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål vart handsama:

A. Skriv og meldingar:

1. Møtebøker frå utvala

2. Tv-aksjonen v/varaordførar

3. Gje innspel til ny stortingsmelding om villaks ( Vart sett opp som ny sak 67/2026 i møte)

B. Orienteringar:

1. BUDSJETTSEMINAR 09.00 -11.30.

• Kommuneøkonomien i Sogndal; «Stand og stilling»

• Drift sektorområda; « Status, utfordringar og tiltak»

o KOSTRA; «Ref. andre kommunar».

• Investeringar; «Nivå og prioriteringar»

2. Utviklinga i HVL og campus Sogndal v/rektor Gunnar Yttri

C. Drøftingar:

D. Spørsmål frå medlemmane

Knut Henning Grepstad (Ap):

VEDLIKEHALD OG FRAMTIDIG BRUK AV TINGHUS1 PÅ LEIKANGER Det staselege Tinghus1 på Leikanger er for tida, av fleire grunnar, ikkje i bruk. Det har stått tomt ei god stund og har vore i lite bruk etter at kommunen flytta administrasjonen ut. Hus som ikkje er i bruk forfell lett. Forfallet er alt i gang. Det er begynt å vokse trær på taket og vegen til varig skade er kort. Difor må Kommunen raskt kome i gang med å vedlikehalde bygget og avklare den framtidige bruken.

Kort om historia til Tinghus1 Tinghus1, med ei mangfaldig og rik historie, er i kommunal eige. Huset stod klart til bruk i 1939 med tidlegare Leikanger kommune som byggherre og eigar. Det har vore nytta som administrasjonsbygg for dei fylkesomfattande statlege kontora i Leikanger, Leikanger kommune, politiet, bank, rettslokale, kino, arrest, kantine, av nokre private verksemder og endå meir. Huset, med sitt slottsliknande eksteriør, er eit viktig bygg med stor verdi, både for bygda, kommune, gamle Sogn og Fjordane fylke og nasjonalt, som eit kulturminne. Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet som, i vekstperioden for offentleg forvaltning, hadde sentraladministrasjonen i ei lita bygd, Leikanger. Tinghus1 var viktig i denne funksjonen og er det viktigaste minnet om fylket og Leikanger sin spesielle rolle.

Alternativ framtidig bruk av bygget Kommunen nyttar årleg eit beløp til grunnleggande nødvendig vedlikehald og drift av Tinghus1. Men det er ikkje nok til å berge huset frå forfall. Kommunen må snarast avklåre kva som vidare skal gjerast med huset. Det er tidlegare teke fleire initiativ til slik avklåring, mellom anna er det halde folkemøte. Det vart invitert breitt til å kome med innspel om korleis huset kan nyttast i framtida. Så langt er det ikkje kome inn framlegg om bruk som det er praktisk og økonomisk realistisk å gjennomføre. No kan vi ikkje vente lenger. Forfallet må stogge. Ny bruk av huset må vurderast og takast stilling til. Ein berekraftig framtidig bruk kan vere ombygging av sjølve huset, Tinghus1, til bustader. Fleire eigarløysingar kan vere aktuelle. Det kan vere bustader i kommunal eige, nokre som gjennomgangsbustader, nokre for målretta grupper, nokre til fritt sal og anna. Kommunen må behalde utearealet i si eige. Det nå reserverast areal til nødvendig parkering. Universell tilkomst kan til dømes løysast med ei arkitektonisk tilpassa heisesjakt på veggen i aust, kombinert med parkering. Ein arkitektkonkurranse vil kunne bringe fram gode løysingar for framtidig bruk, samstundes som huset sin arkitektur vert ivareteken. Husbankfinansiering kan vere aktuelt Ombygginga til bustader kan, for ein del, truleg finansierast med bruk av husbanken sine verkemiddel. Husbanken har fleire typar lån som kan vere aktuelle å nytte i ei slik satsing. Aktuelle modellar kan vere: Bruk av lån som distriktspolitisk verkemiddel, skaffe kritisk naudsynt personell og startlån til utleigebustader (leige for eige). Leikanger har eit akutt behov for leilegheiter til ulike føremål.

Aktuelle spørsmål

1. Vil kommunen gjere tiltak for å stogge forfallet på Tinghus1 på Leikanger?

2. Vil kommunen ta initiativ til å setje i gang arbeidet med å avklåre den vidare bruken av Tinghus1 og aktuelle eigarmodellar?

3. Er det nødvendig at kommunen reserverer eiga løyving til planarbeidet i budsjettet for 2027?

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar.

Ordføraren svara at dette no vert teke fatt i. Det var lagt til grunn at ein skulle fullføre prosjektet «Saften» før ein tok nærare stilling til Tinghuset – me vil no starte vidare arbeid her med «blanke ark», sjå på ulike alternativ.

(vil bli teke inn i plan/prosjektarbeid for 2027.)

Clara Øberg (Ap):

1. Tilbod til lag og organisasjonar

Sogndal kommune har mange frivillige lag og organisasjonar som utfører viktige tenester for innbyggjarane.

Målsettinga er at det skal bli utvida i framtida, særleg mot eldre.

I samband med den informasjon om SK 2027 som vart gitt til kommunestyret, vart dette framheva og at ein ville væra meir medveten på å hjelpa desse organisasjonane i søknad og rapporteringer , samt anna arbeid som kunne oppfattast vanskeleg og tidkrevjande. Til dette ville kommunen stille med dedikerte personar til denne tenesta.

Korleis fungerer dette? Korleis er det gjort kjent?

Vert det nytta av lag og organisajonar, slik det var tenkt?

Er det gjort evaluering av tilbodet?

Svar: Jarle Skartun, konst.kommunedirektør.

Samfunnsplanen for Sogndal kommune 2021–2030 slår fast at kommunen skal samarbeide med frivillig sektor, mellom anna om aktivitetstilbod til eldre, og vere ein støttespelar for eldsjeler som vil vere ein ressurs i lokalsamfunna. Ein av måtane dette er følgt opp på, er opprettinga av Team frivillig engasjement. Teamet skal støtte opp om frivillig engasjement og legge til rette for samarbeid mellom kommunen, frivilligsentralane og frivilligheita. Teamet er tverrfagleg, med tilsette frå kultur, idrett og anlegg, oppvekst og helse.

Korleis fungerer dette? Teamet arbeider med å følgje opp frivilligheita på brei front. Mellom anna har teamet vore sterkt involvert i arbeidet med Fritidserklæring, som pr dato ligg ute til høyring.

I tillegg har Team frivillig engasjement arrangert frivilligkveldar, morgonkaffi for frivillig sektor, besøkt Voss kommune for å lære av arbeidet deira, sendt ut nyheitsbrev og laga oversikt over ferietilbod for barn og unge. I januar 2027 arrangerer teamet ein Frivilligbørs.

Rettleiing i søknadsskriving er eit uttalt ansvar for teamet. I august 2026 arrangerte kommunen søknadsskrivekurs for lag og organisasjonar i Sogndal og i Balestrand. Kursa var opne for alle lag og organisasjonar i kommunen, og påmeldinga var fri. 8 stk møtte i Sogndal, 2 stk møtte opp i Balestrand.

I tillegg gir fleire av teammedlemmane ein-til-ein rettleiing over telefon og e-post direkte til innbyggarar og lag/organisasjonar vekentleg.

Korleis er det gjort kjent? Tilbodet er gjort kjent gjennom ei eiga side på kommunen si nettside, nyheitsbrev frå teamet, frivilligkveldar og søknadsskrivekursa. Frivilligsentralane sit i teamet og formidlar tilbodet vidare i nettverka sine. Frivilligbørsen i januar 2027 vil vere ein ny arena for å gjere tilbodet kjent. Vert det nytta av lag og organisasjonar, slik det var tenkt? Temaet opplever at det har vore god oppslutning rundt fleire av aktivitetane som er gjennomført. Frivilligkveld i kulturhuset hausten 2025 og morgonkaffi for frivillig sektor i mai 2026 er godt mottatt.

Er det gjort evaluering av tilbodet? Arbeidet i Team frivillig engasjement er ikkje evaluert direkte, internevalueringa av teama i Sogndal kommunen synte at team frivillig engasjement opplever eit større eigarskap til frivilligarbeidet på tvers av sektorane enn tidlegare. Arbeidet opp i mot frivilligheita har fått ein tydelegare felles retning i organisasjonen og informasjonsflyten mellom sektorane er styrka. Nokre av forbetringspunkta som blei peika på i evalueringa internt var behovet for endå tydelegare kontaktpunkt og møtepunkt for frivillige organisasjonar, meir informasjon om teamet sitt virke til innbyggjarane og meir dialog med frivilligheita om samskapande aktivitetar.

2. Velferdsteknologi i heimetenesta I det som omhandlar velferdsteknologi og sikkerheit i heimetenesta vart politikarane for ei tid tilbake informert om at ein ville bruka digitalt lås system på dørane til brukarar av heimetenesta. Dette skal fungere slik at tilsette i tenesta brukar sitt kort for å koma inn i husværet til brukaren,, som ei kvalitet sikring kunne ein då registrere kven som hadde vore der til kva tid. Administrasjonen innførte dette som tryggleik tiltak for brukarane og dei tilsette. I riksmedia kan ein nærast dagleg lese om eldre som vert lurt og frå stolne verdiar frå personar som uriktig utgjer seg for å representer heimetenester og kjem seg såleis inn i boligen. Er dette systemet installert hjå brukarane ? Korleis fungerer det med tanke på tryggleik for brukarane ?

Svar: Jarle Skartun, konst. kommunedirektør.

Det enkle svaret er at e-lås ikkje er teke i bruk i heimetenestene. Det er gjort ein god del førearbeid, arbeidsgruppe og innhenting av grunnlag/dokumentasjon, men så har arbeidet stoppa opp. Det er såleis eit grunnlag for å gå vidare, men arbeidet har stoppa opp.

Det bør gjerne koplast til saka om vidare satsing på velferdsteknologi og har gjerne og ein link til ny EPJ. (elektronisk pasientjournal.)

Frode Bøthun (Krf):

Kommunale bustader i Balestrand

Spørsmål til kommunedirektøren I Balestrand har flyktningar og andre som bur i kommunale bustader dei siste månadane fått beskjed om at dei må flytte ut. Menneske på flukt er plasserte her, men i det dei byrjar å slå rot, mister dei buplassen sin. Andre har flytta hit pga arbeid innan den kommunale helsetenesta.

Dei får same beskjeden: Du må finne deg ein annan stad å bu. Det bør vere mogleg å sjå heilskapleg på eit lokalsamfunn. Menneske som bidreg med nødvendig arbeidskraft må vi ta vare på – ikkje kaste på dør. Kristeleg Folkeparti meiner det må gjerast tiltak i bustadmarknaden i Balestrand før ein handhevar eventuelle paragrafar som gir kommunen anledning til å sei opp leigekontraktar med menneske som er i ferd med å etablere seg i denne delen av kommunen og som har særlege vanskar med å skaffe seg bustad i den opne marknaden.

I løpet av dei siste seks-sju månadane:

- Kor mange har fått beskjed om at dei må ut av ein kommunal bustad i Balestrand? - Kven skal inn igjen i bustadane? - Kor mange kommunale bustader i Balestrand står tomme p.t?

- Kor mange kommunale bustader i Balestrand har stått tomme dei siste månadane?

Svar: Jarle Skartun, konst. kommunedirektør.

Kommunale bustader er eit krevjande tema og som spørsmålet tek opp eit krevjande tema i Balestrand.

Kommunale bustader

• Sogndal kommunestyre vedtok Forskrift om tildeling av omsorgsbustad og kommunal bustad, Sogndal kommune den 29. oktober 2025.

Formålet med kommunale bustader

• Formålet er å hjelpe personar som ikkje kan skaffe eller behalde eigna bustad sjølve. (§ 1)

• Kommunale bustader er ikkje ein generell bustadreserve, men eit bustadsosialt verkemiddel retta mot dei som har størst behov. (§ 1), jf (Meld. St. 13 2023-2024: 55)

• Forskrifta definerer kommunale bustader som gjennomgangsbustader. (§ 3 bokstav a) -mellombels

Leigetid

• Normal leigetid i kommunale gjennomgangsbustader er inntil 3 år. (§ 11)

• Treårsperioden byggjer på husleigelova sine reglar om tidsbestemte avtalar for bustadsosiale formål.

• Ved utløp av leigetida skal kommunen gjere ei ny og individuell vurdering av behovet for bustad. (§§ 11 og 14)

Prioritering av søkjarar

• Dersom det er fleire søkjarar enn ledige bustader, skal kommunen prioritere ut frå kven som har størst bustadbehov. (§ 9)

Konkret til spørsmåla: I løpet av dei siste seks-sju månadane:

1. Kor mange har fått beskjed om at dei må ut av ein kommunal bustad i Balestrand?

a. 4 husstander i Granliavegen har fått oppseiing av kontrakt fordi rekkehus må pussast opp pga særs dårleg stand. Desse har funne andre løysingar, med bistand frå Bustadsosialt der nødvendig. Dei med framleis behov for kommunal bustad vil få tildelt anna kommunal bustad i kommunen.

b. 1 Avslag på søknad om forlenging av leigeperiode etter 4 år

c. 2 varsel om utgåande leigeforhold, med mogelegheit for å søke forlenging.

2. Kven skal inn igjen i bustadane?

a. Kvote av nye flyktningar som kommunestyret vedtar kvart år. For 2026 var dette 50 nye flyktningar. Snart skal politikarar vurdere kvote for 2027.

b. Fortløpande søknader frå vanskelegstilte

3. Kor mange kommunale bustader i Balestrand står tomme p.t?

a. 3 ordinære kommunale bustader står tomme i Balestrand (Skåsheimsvegen 14, Skåsheimsvegen 10 oppe, Granliavegen 40) på grunn av mangel på budsjett til nødvendig vedlikehald. Bustadane er vurdert som å vere i for dårleg stand til å leige ut.

b. 1 bustad er leigd ut til Nav som nødbustad og er då berre busett i kortare periodar om gongen.

4. Kor mange kommunale bustader i Balestrand har stått tomme dei siste månadane?

a. 3 ordinære kommunale bustader står tomme i Balestrand (Skåsheimsvegen 14, Skåsheimsvegen 10 oppe, Granliavegen 40) på grunn av mangel på budsjett til nødvendig vedlikehald. Bustadane er vurdert som for dårleg stand til å leige ut.

b. Ver merksam på ulike kategoriar av bustader, jf Sogndal kommune si Forskrift om tildeling av omsorgsbustad og kommunal bustad. Ordinære kommunale bustader inkluderer ikkje Omsorgsbustader (under Tildelingskontoret), og skal ikkje nyttast som Tenestebustader for tilsette.

Konkret sak, jf lokalavisa, kan ikkje kommenterast.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 48/2026 i møte den 01.10.2026:

Handsaming

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.