Fråsegn frå Sogndal kommunestyre mot rasisme, hat og truslar
Vedtak
Fråsegn frå Sogndal kommunestyre mot rasisme, hat og truslar
Ein urett mot ein, er ein urett mot oss alle
Sogndal kommunestyre tek avstand frå all form for rasisme, hat og truslar. Når ungdomspolitikarar og andre vert utsett for trakassering og truslar som følgje av at dei tek eit antirasistisk standpunkt, ser me behovet for å understreka at dette er uakseptabelt og undergrev både demokratiet og fellesskapet. Den siste tida har me sett at ungdomspolitikarane Simen Velle (FpU) og Gaute Børstad Skjervø (Auf) har vorte utsett for grove truslar.
Etter 22. juli 2011 stod landet samla på tvers av politiske skiljelinjer, med felles lovnad om å møta hat med meir demokrati, meir openheit og meir menneskeverd.
Eit levande demokrati føreset folk kan delta i samfunnsdebatten og ytra meiningane sine utan frykt for konsekvensar. Ytringsfridomen er ein viktig og grunnleggande verdi, men enkeltmenneske kan ikkje gøyma seg bak ytringsfridom når dei set fram truslar, rasistiske ytringar og sjikane mot andre menneske. Ytringsfridom kan ikkje, òg skal ikkje, brukast som argument for å redusera andre sin moglegheit til å delta i det offentlege ordskiftet
Me må kunne vera usamde og diskutera saker utan å skremma og trua kvarandre til tausheit. Som både enkeltmenneske og samfunn må me stå saman og seie frå når andre ytrar seg på ein måte som er eigna til å skremma, trua og sjikanera andre.
Det byrja med ord, og enda med terror der 77 menneske vart drept, 22. juli
2011. Rosetoget samla tusenvis av menneske med forskjellig politisk syn og
bakgrunn, og over heile landet lova me kvarandre; Aldri meir.
Å ta avstand frå rasisme handlar om å anerkjenna likeverd og menneskeverd uavhengig av etnisitet, hudfarge, livssyn, kjønnsidentitet, seksuell orientering eller funksjonsevne.
Kommunestyret i Sogndal tek sterk avstand frå rasisme, hat og truslar og forpliktar oss til å jobba for at det skal vera trygt for alle å engasjera seg i demokratiet
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 30/2026 i møte den 13.05.2026:
Handsaming Representanten Erlend Fardal Lunde (Ap) sette fram slik framlegg:
Fråsegn frå Sogndal kommunestyre mot rasisme, hat og truslar Ein urett mot ein, er ein urett mot oss alle Sogndal kommunestyre tek avstand frå all form for rasisme, hat og truslar. Når ungdomspolitikarar og andre vert utsett for trakassering og truslar som følgje av at dei tek eit antirasistisk standpunkt, ser me behovet for å understreka at dette er uakseptabelt og undergrev både demokratiet og fellesskapet. Den siste tida har me sett at ungdomspolitikarane Simen Velle (FpU) og Gaute Børstad Skjervø (Auf) har vorte utsett for grove truslar. Etter 22. juli 2011 stod landet samla på tvers av politiske skiljelinjer, med felles lovnad om å møta hat med meir demokrati, meir openheit og meir menneskeverd. Eit levande demokrati føreset folk kan delta i samfunnsdebatten og ytra meiningane sine utan frykt for konsekvensar. Ytringsfridomen er ein viktig og grunnleggande verdi, men enkeltmenneske kan ikkje gøyma seg bak ytringsfridom når dei set fram truslar, rasistiske ytringar og sjikane mot andre menneske. Ytringsfridom kan ikkje, òg skal ikkje, brukast som argument for å redusera andre sin moglegheit til å delta i det offentlege ordskiftet Me må kunne vera usamde og diskutera saker utan å skremma og trua kvarandre til tausheit. Som både enkeltmenneske og samfunn må me stå saman og seie frå når andre ytrar seg på ein måte som er eigna til å skremma, trua og sjikanera andre. Det byrja med ord, og enda med terror der 77 menneske vart drept, 22. juli
2011. Rosetoget samla tusenvis av menneske med forskjellig politisk syn og
bakgrunn, og over heile landet lova me kvarandre; Aldri meir. Å ta avstand frå rasisme handlar om å anerkjenna likeverd og menneskeverd uavhengig av etnisitet, hudfarge, livssyn, kjønnsidentitet, seksuell orientering eller funksjonsevne. Kommunestyret i Sogndal tek sterk avstand frå rasisme, hat og truslar og forpliktar oss til å jobba for at det skal vera trygt for alle å engasjera seg i demokratiet Avrøysting:
Samrøystes
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.