Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Hovudplan avløp og vassmiljø for Sogndal kommune for perioden 2026-2038

Sak 26/2026 · Kommunestyret 13. mai 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Hovudplan avløp og vassmiljø blir vedteken slik den er lagt fram.

2. Kommunestyret ber kommunedirektøren undersøke mogelegheitene for å finansere dei ulike delane av dei naudsynte oppgraderingane med bruk av grøne lån frå kommunalbanken.

3. Kommunestyret ber kommunedirektøren sondere og hente inn erfaringar frå Øygarden, Bømlo og Stord kommunar, og eventuelle andre, om gjennomføring, fordelar og ulemper mv. ved å skilje ut og organisere VA-sektoren gjennom eit kommunalt eigd aksjeselskap, eller alternativt andre selskapsformer. Kommunestyret ber kommunedirektøren leggje fram eit notat for formannskapet om dette, med eventuelle tilrådingar og vidare handlingsalternativ.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 26/2026 i møte den 13.05.2026:

Handsaming

Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:

1. Hovudplan avløp og vassmiljø blir vedteken slik den er lagt fram.

Endringframlegg:

Ole Marius Folkestad (SV) sette fram slikt framlegg:

Nytt punkt nr 2: Kommunestyret ber kommunedirektøren undersøke mogelegheitene for å finansere dei ulike delane av dei naudsynte oppgraderingane med bruk av grøne lån frå kommunalbanken

Arnt Erik Nordheim (H) sette fram slikt framlegg:

Nytt punkt: Kommunestyret ber kommunedirektøren sondere og hente inn erfaringar frå Øygarden, Bømlo og Stord kommunar, og eventuelle andre, om gjennomføring, fordelar og ulemper mv. ved å skilje ut og organisere VA-sektoren gjennom eit kommunalt eigd aksjeselskap, eller alternativt andre selskapsformer. Kommunestyret ber kommunedirektøren leggje fram eit notat for formannskapet om dette, med eventuelle tilrådingar og vidare handlingsalternativ.

Avrøysting:

Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke. Framlegget frå Ole Marius Folkestad (SV) vart vedteke med 17 stemmer (H, SV, MDG, KrF, Sp). Framlegget frå Arnt Erik Nordheim vart vedteke med 16 stemmer (H, SV, KrF, Sp).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.