Europan i Balestrand
Vedtak
Balestrand er i ei svært positiv utvikling. Kommunestyret ber administrasjonen nytte eigne tilsette til å utarbeide eit utvida utviklingsprosjekt for Balestrand i samråd med Balestrand Næringsforum og Balestrand Bygdalag. Utviklingsprosjektet skal ha hovudfokus på bustadutvikling: å få på plass byggjeklare tomter og næringsareal som gir Balestrand varig vekst, samt leggje til rette for ei samla sentrumsutvikling, med tiltak som kjem både innbyggjarane, reiselivet og anna næringsliv til gode. Utviklingsprosjektet skal som ein del av oppdraget sjå på infrastruktur, parkering, grøntområde, trivselstiltak og møteplassar som er tilgjengelege heile året. Prosjektet blir lagt fram for kommunestyret våren 2027.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 39/2026 i møte den 18.06.2026:
Handsaming
Det låg føre slik tilråding frå formannskapet:
1. ...
2. ...
3. ...
Endringsframlegg:
Arnstein Menes (Sp) sette fram slikt framlegg:
1. Sogndal kommune er positive til initiativet frå Balestrand Næringsforum for å løfte deltaking i Europan som ei moglegheit for å utforske nye og heilskaplege svar på utfordringane Balestrand står overfor innan bustad, sentrum, næringsareal og heilårsbulyst.
2. Sogndal kommune stiller som garantist for deltakaravgifta, slik at Balestrand kan meldast inn som deltakarstad og prosjektet kan starte hausten 2026. Inndekning av Disposisjonsfondet, som tilsot utan gjenyting til Balestrand Næringsforum.
3. Sogndal kommune legg til grunn at det vert arbeid vidare med anna ekstern finansiering.
Stig Ove Ølmheim (Ap) sette fram slik framlegg på vegne av Arbeidarpartiet, Høgre, Raudt, Venstre og Framstegspartiet:
Balestrand er i ei svært positiv utvikling. Kommunestyret ber administrasjonen nytte eigne tilsette til å utarbeide eit utvida utviklingsprosjekt for Balestrand i samråd med Balestrand Næringsforum og Balestrand Bygdalag. Utviklingsprosjektet skal ha hovudfokus på bustadutvikling: å få på plass byggjeklare tomter og næringsareal som gir Balestrand varig vekst, samt leggje til rette for ei samla sentrumsutvikling, med tiltak som kjem både innbyggjarane, reiselivet og anna næringsliv til gode. Utviklingsprosjektet skal som ein del av oppdraget sjå på infrastruktur, parkering, grøntområde, trivselstiltak og møteplassar som er tilgjengelege heile året. Prosjektet blir lagt fram for kommunestyret våren 2027.
Avrøysting:
Framlegget frå Arnstein Menes (Sp) fekk 9 røyster frå MDG, KrF, 6Sp Arne Monrad Johnsen, Arnstein Menes, Espen Sæterbø, Malén Røysum, May Kristel Bødal, Tore Feten, og framlegget fall. Framlegget frå Arbeidarpartiet, Høgre, Raudt, Venstre og Framstegspartiet, vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.