Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

NOU 2026 "En bærekraftig kommunesektor", fråsegn Sogndal kommune

Sak 19/2026 · Kommunestyret 26. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

Sogndal kommune støttar KS si hovudretning i høyringa av NOU 2026:1: Staten må i større grad styre kommunesektoren gjennom overordna juridiske rammer og færre detaljerte krav, slik at kommunane får reelt handlingsrom til å løyse oppgåver effektivt, fleksibelt og med god kvalitet – tilpassa lokale behov og føresetnader.

Sogndal kommune meiner at styringssystemet må byggjast slik at lokale folkevalde faktisk kan prioritere, omstille og ta ansvar for heilskapen. Sjølv om nasjonale mål og rettar skal liggje fast, bør staten i større grad definere kva kommunane skal oppnå, medan kommunane får fridom til å vurdere korleis det best kan gjerast lokalt. KS har tidlegare understreka behovet for at prinsippet om juridisk rammestyring må få større reell vekt, og at det må gjerast grep som reduserer statleg detaljstyring og bidreg til betre samordning når nye krav blir utforma.

Sogndal kommune vil understreke at auka lokalt handlingsrom ikkje åleine løyser utfordringane kommunesektoren står i. 57 prosent av norske kommunar hadde negativt driftsresultat i 2024. Kommunen ber Stortinget sikre at lovpålagde oppgåver vert fullfinansierte. Utan det vert auka handlingsrom berre ein fridom til å velje kvar ein skal kutte.

Rekrutteringsutfordringar i ein sektor krev at kommunen kan organisere tenestene meir fleksibelt og nytte kompetansen betre, utan at formelle krav bind opp løysingar som likevel er fagleg forsvarlege. Dette blir særleg tydeleg i oppvekst- og helsesektoren, der dagens normer og kompetansekrav i praksis kan gjere det vanskeleg å nytte den samla kompetansen på ein effektiv måte.

Kommunen meiner det er viktig å halde fast ved nasjonale krav som sikrar kvalitet, føreseielegheit og fagleg forsvarlege tenester i oppvekst og helse. Lærarnorma på skulenivå bør vidareførast, fordi ho sikrar stabil minstebemanning, gjev betre grunnlag for planlegging og bidreg til ein trygg og god skulekvardag for elevane. Behovet for lokal fleksibilitet må i staden møtast med styrka kommuneøkonomi, ikkje ved å opne for lågare lærartettleik.

Når kommunane manglar nøkkelkompetanse, må vi kunne bruke den kompetansen som finst lokalt, og samstundes byggje robuste fagmiljø gjennom oppgåvedeling, tverrfaglege team og smartare organisering av tenestene. Det er ein føresetnad for å sikre forsvarleg tenestekvalitet over tid når tilgangen på kvalifisert arbeidskraft er knapp. Fleksibilitet i organisering handlar ikkje om å senke kvaliteten, men om å sikre at kommunen faktisk er i stand til å levere tenester – og levere dei godt – innanfor dei rammene som arbeidsmarknaden gjev.

Tilsyn og rapportering frå mange statlege aktørar krev uforholdsmessig mykje tid og ressursar i små administrasjonar. Når rapportering, kontroll og oppfølging kjem frå fleire hald – ofte med ulike krav til dokumentasjon, fristar og system – går det utover kapasiteten til leiing, utvikling og drift. KS har peika på behovet for endringar som gir mindre styringstrykk og meir effektiv bruk av ressursar, og at praksis i sentralforvaltninga må bidra til at rammestyringsprinsippet får større vekt i utforminga av krav. Tilsyn må i større grad rettast mot dei områda der risikoen for feil eller svikt er størst, slik at kommunane slepp unødig kontroll og kan bruke meir tid på tenestene.

Kommunane i Sognaregionen har lange tradisjonar for interkommunalt samarbeid og har dei siste åra ytterlegare styrkt dette gjennom ei rekkje felles tenester og utviklingsområde – mellom anna gjennom bruk av vertskommunemodellen. Slike samarbeidsløysingar er heilt sentrale for å byggje robuste fagmiljø, sikre berekraftig drift og levere forsvarlege tenester i ei tid med aukande krav og stram tilgang på kompetanse. Vi støttar KS si linje om at staten må leggje til rette for at kommunesektoren kan organisere seg på måtar som faktisk er funksjonelle og føremålstenlege – innanfor tydelege, men romslege, overordna rammer.

Kommunesektoren treng rom og insentiv til systematisk tenesteinnovasjon – med nye arbeidsmåtar, betre bruk av teknologi og meir effektiv oppgåvedeling. Staten bør leggje til rette for dette gjennom regelverk, finansieringsordningar og støtteapparat som premierer samarbeid og fornying framfor detaljstyring. Det må stimulerast til organisasjonsmodellar, der mellom anna medleiing, designbasert problemløysing og meir fleksible styringssystem kan vere sentrale verkemiddel. Det kan fremja beslutningsprosessar og betre løysingar utvikla i samarbeid mellom tenester og innbyggjarar. Dette kan vere til inspirasjon for kommunar som ønskjer å styrkje innovasjonsevna, frigjere kapasitet og byggje meir robuste tenester for framtida.

Areal- og planprosessar blir ofte forseinka av motsegner og statlege innspel, krav og føringar frå fleire organ. Dette kan hemme viktig utvikling, både for bustader, næringsareal, infrastruktur og grøne omstillingstiltak. For kommunar som skal skape vekst, sikre bustader og leggja til rette for arbeidsplassar, er føreseielege og effektive planprosessar ein føresetnad. Statleg detaljstyring og tidsbruk er sterkt hemmande. Vi meiner difor at oppfølginga av kommunekommisjonen må ta på alvor behovet for meir samordna statlege innspel, betre prosessar for avklaring tidleg, og redusert risiko for at lokale planprosessar stoppar opp i langvarige motsegnsløp.

Avslutningsvis vil vi understreke at målet ikkje er å svekkje kvalitet, tryggleik eller innbyggjarane sine rettar, men å sikre eit styringssystem som gjer det mogleg å levere gode tenester over tid – også med knappare arbeidskraft og strammare økonomi. Sogndal kommune støttar KS si oppmoding om at kommisjonsarbeidet må følgjast opp med konkrete og tidsnære grep som reduserer detaljstyring, styrkjer rammestyring og gir kommunane betre føresetnader for prioritering og omstilling. Det er avgjerande at staten raskt gjennomfører endringar som reduserer styringstrykket og gjer samarbeidet mellom stat og kommune meir forutsigbart, samordna og berekraftig i praksis.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 19/2026 i møte den 26.03.2026:

Handsaming

Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:

Fjerde avsnitt i kommunedirektøren si tilråding vert teke ut, og erstatta med det vedtekne framlegget frå Bjarte Haugen (V) (teke inn i kursiv):

Oppdatert høyringssvar:

Sogndal kommune støttar KS si hovudretning i høyringa av NOU 2026:1: Staten må i større grad styre kommunesektoren gjennom overordna juridiske rammer og færre detaljerte krav, slik at kommunane får reelt handlingsrom til å løyse oppgåver effektivt, fleksibelt og med god kvalitet – tilpassa lokale behov og føresetnader. Sogndal kommune meiner at styringssystemet må byggjast slik at lokale folkevalde faktisk kan prioritere, omstille og ta ansvar for heilskapen. Sjølv om nasjonale mål og rettar skal liggje fast, bør staten i større grad definere kva kommunane skal oppnå, medan kommunane får fridom til å vurdere korleis det best kan gjerast lokalt. KS har tidlegare understreka behovet for at prinsippet om juridisk rammestyring må få større reell vekt, og at det må gjerast grep som reduserer statleg detaljstyring og bidreg til betre samordning når nye krav blir utforma. Rekrutteringsutfordringar i ein sektor krev at kommunen kan organisere tenestene meir fleksibelt og nytte kompetansen betre, utan at formelle krav bind opp løysingar som likevel er fagleg forsvarlege. Dette blir særleg tydeleg i oppvekst- og helsesektoren, der dagens normer og kompetansekrav i praksis kan gjere det vanskeleg å nytte den samla kompetansen på ein effektiv måte. Kommunen meiner det er viktig å halde fast ved nasjonale krav som sikrar kvalitet, føreseielegheit og fagleg forsvarlege tenester i oppvekst og helse. Lærarnorma på skulenivå bør vidareførast, fordi ho sikrar stabil minstebemanning, gjev betre grunnlag for planlegging og bidreg til ein trygg og god skulekvardag for elevane. Behovet for lokal fleksibilitet må i staden møtast med styrka kommuneøkonomi, ikkje ved å opne for lågare lærartettleik. Kommunen tek òg avstand frå å mjuke opp kompetansekrava i helse- og omsorgstenestene. Å svekkje slike krav kan føre til at faglært personell i større grad blir erstatta av ufaglærte i tenester der kvalitet, pasienttryggleik og tverrfagleg arbeid er avgjerande. Innbyggjarane må kunne vente seg fagleg sterke tenester, og kommunen treng gode fagmiljø både for å rekruttere og halde på kvalifisert personell. Når kommunane manglar nøkkelkompetanse, må vi kunne bruke den kompetansen som finst lokalt, og samstundes byggje robuste fagmiljø gjennom oppgåvedeling, tverrfaglege team og smartare organisering av tenestene. Det er ein føresetnad for å sikre forsvarleg tenestekvalitet over tid når tilgangen på kvalifisert arbeidskraft er knapp. Fleksibilitet i organisering handlar ikkje om å senke kvaliteten, men om å sikre at kommunen faktisk er i stand til å levere tenester – og levere dei godt – innanfor dei rammene som arbeidsmarknaden gjev. Tilsyn og rapportering frå mange statlege aktørar krev uforholdsmessig mykje tid og ressursar i små administrasjonar. Når rapportering, kontroll og oppfølging kjem frå fleire hald – ofte med ulike krav til dokumentasjon, fristar og system – går det utover kapasiteten til leiing, utvikling og drift. KS har peika på behovet for endringar som gir mindre styringstrykk og meir effektiv bruk av ressursar, og at praksis i sentralforvaltninga må bidra til at rammestyringsprinsippet får større vekt i utforminga av krav. Tilsyn må i større grad rettast mot dei områda der risikoen for feil eller svikt er størst, slik at kommunane slepp unødig kontroll og kan bruke meir tid på tenestene. Kommunane i Sognaregionen har lange tradisjonar for interkommunalt samarbeid og har dei siste åra ytterlegare styrkt dette gjennom ei rekkje felles tenester og utviklingsområde – mellom anna gjennom bruk av vertskommunemodellen. Slike samarbeidsløysingar er heilt sentrale for å byggje robuste fagmiljø, sikre berekraftig drift og levere forsvarlege tenester i ei tid med aukande krav og stram tilgang på kompetanse. Vi støttar KS si linje om at staten må leggje til rette for at kommunesektoren kan organisere seg på måtar som faktisk er funksjonelle og føremålstenlege – innanfor tydelege, men romslege, overordna rammer. Kommunesektoren treng rom og insentiv til systematisk tenesteinnovasjon – med nye arbeidsmåtar, betre bruk av teknologi og meir effektiv oppgåvedeling. Staten bør leggje til rette for dette gjennom regelverk, finansieringsordningar og støtteapparat som premierer samarbeid og fornying framfor detaljstyring. Det må stimulerast til organisasjonsmodellar, der mellom anna medleiing, designbasert problemløysing og meir fleksible styringssystem kan vere sentrale verkemiddel. Det kan fremja beslutningsprosessar og betre løysingar utvikla i samarbeid mellom tenester og innbyggjarar. Dette kan vere til inspirasjon for kommunar som ønskjer å styrkje innovasjonsevna, frigjere kapasitet og byggje meir robuste tenester for framtida. Areal- og planprosessar blir ofte forseinka av motsegner og statlege innspel, krav og føringar frå fleire organ. Dette kan hemme viktig utvikling, både for bustader, næringsareal, infrastruktur og grøne omstillingstiltak. For kommunar som skal skape vekst, sikre bustader og leggja til rette for arbeidsplassar, er føreseielege og effektive planprosessar ein føresetnad. Statleg detaljstyring og tidsbruk er sterkt hemmande. Vi meiner difor at oppfølginga av kommunekommisjonen må ta på alvor behovet for meir samordna statlege innspel, betre prosessar for avklaring tidleg, og redusert risiko for at lokale planprosessar stoppar opp i langvarige motsegnsløp. Avslutningsvis vil vi understreke at målet ikkje er å svekkje kvalitet, tryggleik eller innbyggjarane sine rettar, men å sikre eit styringssystem som gjer det mogleg å levere gode tenester over tid – også med knappare arbeidskraft og strammare økonomi. Sogndal kommune støttar KS si oppmoding om at kommisjonsarbeidet må følgjast opp med konkrete og tidsnære grep som reduserer detaljstyring, styrkjer rammestyring og gir kommunane betre føresetnader for prioritering og omstilling. Det er avgjerande at staten raskt gjennomfører endringar som reduserer styringstrykket og gjer samarbeidet mellom stat og kommune meir forutsigbart, samordna og berekraftig i praksis.

Endringsframlegg:

Bjørn Christian Weinbach (R) sette fram slikt framlegg:

Følgjande avsnitt vert lagt til i fråsegna:

«Sogndal kommune vil understreke at auka lokalt handlingsrom ikkje åleine løyser utfordringane kommunesektoren står i. 57 prosent av norske kommunar hadde negativt driftsresultat i 2024. Kommunen ber Stortinget sikre at lovpålagde oppgåver vert fullfinansierte. Utan det vert auka handlingsrom berre ein fridom til å velje kvar ein skal kutte.»

Haavard Stensvand (Ap) sette fram slikt framlegg:

Fremjar kommunedirektøren si tilråding.

Kommunestyret ville røysta punktvis over følgjande setningar i tilrådinga frå formannskapet:

1. Kommunen meiner det er viktig å halde fast ved nasjonale krav som sikrar kvalitet, føreseielegheit og fagleg forsvarlege tenester i oppvekst og helse. Lærarnorma på skulenivå bør vidareførast, fordi ho sikrar stabil minstebemanning, gjev betre grunnlag for planlegging og bidreg til ein trygg og god skulekvardag for elevane. Behovet for lokal fleksibilitet må i staden møtast med styrka kommuneøkonomi, ikkje ved å opne for lågare lærartettleik.

2. Kommunen tek òg avstand frå å mjuke opp kompetansekrava i helse- og omsorgstenestene. Å svekkje slike krav kan føre til at faglært personell i større grad blir erstatta av ufaglærte i tenester der kvalitet, pasienttryggleik og tverrfagleg arbeid er avgjerande. Innbyggjarane må kunne vente seg fagleg sterke tenester, og kommunen treng gode fagmiljø både for å rekruttere og halde på kvalifisert personell.

Avrøysting:

Framlegget frå Weinbach (R) fekk 16 røyster frå Sosialistisk Venstreparti (4), Framstegspartiet (3), Raudt (1), Venstre (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Siv Laila Eriksen (Ap), Margrete Haug (Krf), Malén Røysum (Sp), May Kristel Bødal (Sp), Arne Monrad Johnsen (Sp) og Vivian Hilleren (Sp), og framlegget vart vedteke.

Framlegget frå Stensvand (Ap) fekk 5 røyster frå Clara Øberg (Ap), Arnstein Hauståker (Ap), Haavard Stensvand (Ap), Knut Henning Grepstad (Ap) og Siv Laila Eriksen (Ap), og framlegget fall.

Punkt 1 vart vedteke mot 4 røyster frå Clara Øberg (Ap), Arnstein Hauståker (Ap), Haavard Stensvand (Ap) og Knut Henning Grepstad (Ap). Punkt 2 fekk 11 røyster frå Sosialistisk Venstreparti (4), Kristeleg Folkeparti (2), Venstre (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Raudt (1), Stig Ove Ølmheim (Ap) og Astrid Hove (Ap), og punktet fall. Innstillinga frå formannskapet, med vedtekne endringar som vist ovanfor, vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.