Utgreiingsarbeid parkeringskjellar Fjøra
Vedtak
1. Kommunestyret ber administrasjonen utgreie alternativ for å etablere parkeringshus under sentrumsparken i Sogndal/området framfor Kommunehuset.
2. Utgreiinga skal skissere konsept for parkeringshus under bakken, vurdere trafikkløysingar i tilknytning til parkeringshuset og alternativ for trafikkavvikling i Fjøra
3. Utgreiinga skal og skissere/vise korleis ein kan kople saman utbyggings-prosjekta under planlegging i Fjøra og deira parkeringsløysingar.
4. Det vert løyvd 1 million kroner frå parkeringsfondet til utgreiingsarbeidet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 17/2026 i møte den 26.03.2026:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Kommunestyret ber administrasjonen utgreie alternativ for å etablere parkeringshus under sentrumsparken i Sogndal/området framfor Kommunehuset.
2. Utgreiinga skal skissere konsept for parkeringshus under bakken, vurdere trafikkløysingar i tilknytning til parkeringshuset og alternativ for trafikkavvikling i Fjøra
3. Utgreiinga skal og skissere/vise korleis ein kan kople saman utbyggings-prosjekta under planlegging i Fjøra og deira parkeringsløysingar.
4. Det vert løyvd 1 million kroner frå parkeringsfondet til utgreiingsarbeidet.
Endringsframlegg:
Sosialistisk Venstreparti sette fram slikt framlegg til nytt punkt 1, istadenfor punkt 1 i tilrådinga:
1. Kommunestyret ber administrasjonen vurdere behov for og utgreie samla plan for parkering i Sogndal sentrum.
Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne, Sosialistisk Venstreparti og Venstre sette fram slikt framlegg til nytt punkt 5:
5. Utgreiinga skal inkludere ein heilskapleg mobilitetsanalyse for Fjøra og Sogndal sentrum, som vurderer det reelle behovet for bilparkering sett i samanheng med potensial for auka sykkelparkering, tilrettelegging for kollektivtransport og mjuke trafikantar. Analysen skal gi grunnlag for å vurdere om parkeringsfondet kan nyttast til eit breiare spekter av mobilitetsløysingar enn berre bilparkering under bakken
Avrøysting:
Framlegget frå Sosialistisk Venstreparti fekk 6 røyster frå Sosialistisk Venstreparti (4), Raudt (1) og Miljøpartiet Dei Grøne (1), og framlegget fall. Framlegget frå Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne, Sosialistisk Venstreparti og Venstre fekk 7 røyster frå Sosialistisk Venstreparti (4), Raudt (1), Venstre (1) og Miljøpartiet Dei Grøne (1), og framlegget fall. Innstillinga frå formannskapet vart vedteken mot 5 røyster frå Sosialistisk Venstreparti (4) og Raudt (1).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.