Eigarstruktur og aksjonæravtale for Sogn Næring AS
Vedtak
Sogndal kommunestyre vedtek at Sogndal kommune:
1. Støttar og sluttar seg til foreslått ny eigarstruktur i Sogn Næring AS, der:
- Inntil 30 % av aksjane skal eigast av kommunane i Sogn,
- Inntil 70 % skal eigast av næringslivet i regionen.
2. Godkjenner aksjonæravtalen slik den ligg føre, inkludert:
- tilbakekjøp av 450 aksjar frå Sogndal kommune til pålydande verdi
- at kommunen står att med 50 aksjar (5 % eigardel)
- prinsippet om at aksjar som ikkje blir selde, skal liggje i selskapet
- føringa om at styret alltid skal sjå til ei 70–30-fordeling, og at den private delen ikkje skal kome under 55 %.
3. Støttar opp om prinsippet der dei offentlege 30 prosentane blir fordelte likt mellom dei seks kommunane i Sogn (Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal), som ei tydeleg markering av at selskapet er eit felles regionalt verkemiddel for heile Sogn.
4. Forventar tilsvarande brei deltaking frå næringslivet i regionen, slik at eigarskapen blir representativ og forankra i fleire bransjar og lokalmiljø.
5. Ber kommunedirektøren medverke til gjennomføring av avtalen og å kome attende med eventuelle behov for nye vedtak når ny, samla aksjonæravtale skal fastsetjast.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 18/2026 i møte den 26.03.2026:
Handsaming
Kommunedirektøren refererte korrigering/retting av formulering i aksjonæravtalen sitt
pkt 6.1, siste setning; Ved ein aksjonær sin konkurs har selskapet førsterett til å kjøpe tilbake aksjane til pålydande pris.
Habilitet:
Kommunestyret fann representanten Frode Bøthun (Krf) habil til å delta i handsaming av saka. Rita Navarsete (Frp) røysta for at Bøthun (Krf) var inhabil. Kommunestyret fann representanten Erlend Fardal Lunde (Ap) habil til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd. Rita Navarsete (Frp) og Idar Kollsete (Frp) røysta for at Lunde (Ap) var inhabil. Kommunestyret fann representantane Rune Haug (Frp) og Mari Husabø (Sv) samrøystes inhabile til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 e.
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
Sogndal kommunestyre vedtek at Sogndal kommune:
1. Støttar og sluttar seg til foreslått ny eigarstruktur i Sogn Næring AS, der:
- Inntil 30 % av aksjane skal eigast av kommunane i Sogn,
- Inntil 70 % skal eigast av næringslivet i regionen.
2. Godkjenner aksjonæravtalen slik den ligg føre, inkludert:
- tilbakekjøp av 450 aksjar frå Sogndal kommune til pålydande verdi
- at kommunen står att med 50 aksjar (5 % eigardel)
- prinsippet om at aksjar som ikkje blir selde, skal liggje i selskapet
- føringa om at styret alltid skal sjå til ei 70–30-fordeling, og at den private delen ikkje skal kome under 55 %.
3. Støttar opp om prinsippet der dei offentlege 30 prosentane blir fordelte likt mellom dei seks kommunane i Sogn (Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal), som ei tydeleg markering av at selskapet er eit felles regionalt verkemiddel for heile Sogn.
4. Forventar tilsvarande brei deltaking frå næringslivet i regionen, slik at eigarskapen blir representativ og forankra i fleire bransjar og lokalmiljø.
5. Ber kommunedirektøren medverke til gjennomføring av avtalen og å kome attende med eventuelle behov for nye vedtak når ny, samla aksjonæravtale skal fastsetjast.
Avrøysting:
Samrøystes.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.