Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål
Vedtak
Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål vart handsama:
A. Skriv og meldingar
1. Svar på spørsmål IKT i kommunestyret 27.11.25
2. Lokal fritidserklæring
3. Møteprotokollar frå utvala
B. Drøftingar
C. Orienteringar
1. Musea i Sogn og Fjordane v/Jan Heggheim, administrerande direktør
2. Sogn Friluftsråd v/ dagleg leiar Harald Otterstad, og rådgjevar Anna Kobbeltvedt.
Frå ordførar:
3. Prosess ny kommunedirektør Stillingsutlysing er lagt ut, og intensjonen er tilsetjing av ny kommunedirektør før påske.
Frå kommunedirektør:
4. Kommunesamarbeida Komunedirektøren orienterte om status i kommunesamarbeida og kommunestyret stilte spørsmål. Skog i Sogn samarbeid; er under utrulling. Kart og oppmåling er starta opp og vil bli rulla ut. Barnevern har kommunestyret gjort eit vedtak om i dag, med dei atterhald som er omsnakka. Nav-samarbeidet; der går dei 5 andre kommunane vidare med samarbeidet Det skal vere eit møte 23. februar 2026 der kommunesamarbeidet skal prioritera vidare prosjekt. Samarbeid om næring kan vere aktuelt, og det pågår eit innsiktsarbeid på PPT-området.
5. Arealplanen Kommunedirektøren orienterte kort om status. Kommuneplanen sin arealdel er sendt på intern høyring til overordna mynde. Intensjonen er å lande kommuneplanen sin arealdel før sommarferien.
D. Spørsmål
1. Vibeke Johnsen (Sv):
Eg lurer på kva som er status på dampskipskaia?
Svar:
Det er to saker i utvikling på kaien som ein må sjå i samanheng.
1) Rehabilitering av sjølve kaien. Det er finansiert i B-26 og anbod er utlyst med frist i veke 10. Om ein etter det går vidare med rehabilitering er det føresett oppstart april, teke høgd for stille i fellesferien og sluttføring 31.10.26. Noko uvisse i saka, m.a omkring ekspressbåtanløp.
2) Ny aktivitet i kaihuset/anlegget i regi av Sogndal Fjell- og fjordsportssenter. Etter at leigetakar avslutta hausten – 25 er det brukt tid på statusvurdering og planlegging; kva er behovet for oppgradering her og kva ny aktivitet kan ein sjå føre seg. Dette fortsatt i regi av Sogndal Fjell og fjordsportssenter. Dei har i utgangspunkt avtale til 2028. Ein ser vanskeleg føre seg drift så lenge anleggsarbeid på sjølve kaien går føre seg, men må vere klar når arbeidet på kaien er ferdig. Ein samtalar no med lovande kandidatar for å førestå drift. Selskapet ber om subsidiering av leige og straumkostnader fram til nyopning. Selskapet ynskjer leige heile bygget på sikt. Dei ynskjer samarbeid om kostnader til oppussing. Selskapet presenterar spennande planar for aktivitet. Kommunen drøftar vidare oppfølging av saka med selskapet.
2. Arnstein Hauståker (Ap):
Eg er sikkert ikkje åleine om å vera spent på korleis det går med rekneskapen for 2025. Slik eg forstår det ut frå forskrift om årsrekneskap og årsberetning har kommunen frist på seg til 22. februar med å ferdigstilla rekneskapen. Spørsmålet mitt er då om rekneskapen er offentleg på dette tidspunkt slik at me kan be om innsyn i resultatet? Kommunen ynskjer å stå fram som ein open kommune. Viss det er slik at tala er offentlege, har kommunen planar om å vere offensive og presentere rekneskapstala for politikarane og innbyggjarane så snart resultatet ligg føre? Eg er merksam på at dette er tal før revidering av rekneskapen og at den formelle handsaminga i kommunestyret kjem på eit seinare tidspunkt. Men tidleg innsikt i det økonomiske resultatet kan vere viktig i tilfelle det vert behov for oppfølging eller økonomiske tiltak tidleg på året.
Svar:
Det korte svaret her er at årsrekneskap skal vere klar 22. februar, men dette då utan årsmelding og revisor. Det er ikkje noko i vegen for at rekneskapstala då kan gjerast tilgjengelege – dei er offentlege. Me kan og supplere tala med ein kort overordna analyse då. Det er og å melde at me ligg godt an i høve tidsfristar – rekneskapen nærmar seg fullføring, men det manglar noko og der ei stor sak knyta til oppgjer ressurskrevjande der statstilskot er ei vesentleg del av finansieringa. Det er og rett å seie, når det vert spurt, at her er relativt store avvik, gjerne for store på utgiftssida, men og meirinntekter som gjer at sluttresultat ikkje vert så langt av vegen. Eg er einig med representanten Hauståker i at innsikt tidleg på året er viktig. Ikkje minst er det viktig for administrasjonen som skal styra etter budsjett for det kommande året – med avvik i rekneskapen vil det fort vere slik at og budsjett byggjer på grunnlag som syner seg vere feil. – dessverre er me nok og der på nokre område
– sjølv om ein del avvik i rekneskapen er av eingongskarakter.
3. Inga Henjum Halsnes (Sv):
Kommunekommisjonen har nyleg lagt fram si fyrste delinnstilling (NOU 1:2026) og kjem m.a. med framlegg at lærarnorma skal avviklast ev ikkje lenger vera gjeldande på skulenivå som no, men på kommunenivå. I Sogndal som i mange andre kommunar, er det stor skilnad på tal elevar i klassen på den største skulen i forhold til på den minste skulen. I dag seier lærarnorma at det skal vera minimum 1 lærar pr 15 elevar på 1.-4. trinn, 1 lærar pr. 20 elevar på 5. - 7. trinn og 1 lærar pr. 20 elevar på 8.
- 10. trinn. Å endre kravet til lærartettleik til å gjelda på kommunenivå, vil bety at mange kommunar treng færre lærarar enn idag for å stetta eit normkrav på kommunenivå, og vi står i fare for at lærartettleiken slik den er i dag vert svekka. Spørsmål:
a. Kor mange lærarårsverk inneber dagens lærarnorm på skulenivå i Sogndal kommune?
b. Kor mange færre lærarårsverk vil ei flytting av lærarnorma opp på kommunenivå innebera for Sogndal kommune samanlikna med dagens krav til lærartettleik, og kva konsekvensar vil dette ha for dei ulike skulane?
Spørsmål og svar her utsett til seinare handsaming, utval for levekår, ev kommunestyret.
Spørsmål i møte:
4. Bjarte Haugen (V):
Eg tok tidlegare opp spørsmålet om Gunvordal bru på rv 5 i formannskapet (møtet 30.01.2025). Kan eg få ei kort skriftleg oppdatering på status for saka – kva som er avklart med Statens vegvesen, vidare plan framover, og om det er vurdert tiltak liknande det som vart gjort ved Frudalen? Kontekst I vintersesongen er det stor trafikk til og frå turområder og nedfart frå Hodlekve. Mange gåande kryssar rv 5 over brua i Gunvordalen for å kome seg til parkeringsplassen. Dette skapar mange utrygge situasjonar mellom gåande og køyretøy, og det er særleg utfordrande i helgar og i feriar når trafikken er størst. Svar:
Det synes ikkje som det er gjort noko med saka, jf din referanse til spørsmål 30.01.25. På kort sikt kan det vere tiltak omkring skilting og ev ekstra vedlikehald i høve snø og sand som kan gjere denne gangtrafikken tryggare. Me vil følgje opp med spørsmål til Statens vegvesen.
Spørsmål i møte:
5. Erlend Fardal Lunde (Ap):
5.1 I kommunestyret 13. mars var tema om erfaringskonsulent på rus oppe i ein interpellasjon. Kva er status knytt til eksterne midlar og administrasjonen si utgreiing? Jamfør spørsmål stilt i kommunestyret 27. november 2025.
Svar:
Saka er under arbeid. Det vert førebudd søknad med mål om å nå i ekstern finansiering. Søknadsfrist på tampen av februar.
5.2 Trudvang, organisering og utvikling i prosjektet.
Svar:
Tidlegare informasjon er gjeldande, ekstern assistanse for prosjekteigar er vidareført inntil vidare, Norplan er i rolla som byggherreombud. Samspelsmodellen verkar å fungere greitt. Framdrift ok og samarbeid fungerar godt.
Spørsmål via e-post 05.02:
6. May Kristel Bødal (Sp):
Ungdomsklubben i Sogndal har starta opp ein aktivitet som dei kallar Beatbox i Blaoboxen den første mandagen i månaden. Dette er eit kjekt tiltak der ungdommane kan møtast for å spele musikk ilag på scena og kanskje finne likesinna med same musikksmak osv. Denne aktiviteten kan leggje grunnlag for etableringa av nye band, og/eller gje gryande band og soloartistar scenetrening i ein avslappa setting. I Balestrand, på Leikanger og på Kaupanger har ungdommar som likar å spele ilag eller for seg sjølv spelebingar der dei kan øve ilag. Dette tilbodet har ikkje ungdommane i Sogndalsbygdi og kanskje ikkje heller i Fjærland? Er dette noko som ligg inne i planane eller er dette noko som me må løfte politisk? Det er ikkje meir enn rett og rimeleg at ungdommane våre kan ha likt tilbod i bygdene våre?
Svar:
Sogndal sentrum har per tidspunkt ikkje eit ordentleg bandøvingsrom mynta på ungdom. Å etablere eit ungdomslokale i Sogndal kulturhus som - reellt sett - kan erstatte tilbodet som var i Solhov (øvingslokale, dansesal, sosiale soner mm) er noko som vil kreve både innsats og investering for å realisere dersom det skal vere mogleg å få til ei fornuftig og meinigsfull sambruk av Sogndal kulturhus. Dette arbeider følgjer vi for tida opp i form av ei moglegheitsstudie på Sogndal kulturhus – (ref orientering til ULK 21. 01.2026 i sak 2/2026 vedlegg A.10.)
Spørsmål via e-post 03.02:
7. Rita Navarsete (Frp):
I 2 Tertial 2025 er det til omsorgsboligar Stedjevegen/Kyrkebakken sett av 21 mill i investeringsbudsjett. Budsjett for 2026 er oppført med kr 0 , men i prosjektomtalen er omsorgsboligar i sentrum omtalt finansiert med salg av boligar på Stedje til utbygginga. Me tek det for gitt at utbyggjar utløyser desse før riving . Spørsmål er om kommunen er førespegla om at dette vil bli gjort i nærmeste framtid før beboerne blir flytta ? Me tek det for gitt at kommunen ikkje tillet utbygger å starte riving før betaling er mottatt. Er det teke takst på boligane i stedjevegen ?
Svar:
Det er føresett at salsinnstekter av kommunalt areal i «Stedjevegen», i lag med tilskot frå Husbanken skal finansiere/delfinansiere nye omsorgsbustader, jf at omsorgsbustadar går tapt/blir rivne i planlagt utbygging. Plan for utbygginga er f.t ute på høyring og vidare framdrift har ei tidslinje for nærare drøftingar. Samtidig ligg det her føre eit avtalesett der det er halde takst for eigedommane som skal skifte eigar, slik at innløysingssum er avtalt og betaling skal skje for heile avtalen ved oppstart av riving/utbygging. Kommunen har no hatt ute anbod på kjøp av omsorgsbustader og har fått fleire tilbod som er til vurdering. Ei utfordring ved fleire av dei er at tidslinja for gjennomføring/ ferdigstilling er lenger framme enn behovet for bustader, om riving i Stedjevegen kjem tidlegare enn forventa. Kommunedirektøren vil sjekke ut den politiske klareringa av denne saka.
Spørsmål i møte:
8. Lin Åm (Mdg):
Dei store gamle styvingstrea i Hittunsfjøra er fjerna, kva er grunngjevinga for det?
Svar:
Almesjuke er grunngjevinga, fjerning for å redusere spreiingsfare.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 1/2026 i møte den 05.02.2026:
Handsaming
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.