Anbod vaskeritenester
Vedtak
1. Anbod for vaskeritenester vert gjennomført som ein eigen konkurranse for berre Sogndal kommune og Vik kommune som reservert kontrakt. Slik vil kommunane leggje til rette for at Sogneprodukt kan delta i konkurransen.
2. Administrasjonen får fullmakt til å handtere overgangsperioden, inkludert eventuelle mellombelse avtalar med eksisterande leverandør fram til ny leverandør kan starte levering.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 6/2026 i møte den 05.02.2026:
Handsaming
Habilitet:
Kommunedirektør Jarle Skartun gjekk frå som inhabil, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd. Assisterande kommunedirektør Kenth Rune Teigen Måren tok sete som kommunedirektør.
Kommunestyret fann representanten Margrete Haug (Krf) inhabil til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltninglova § 6 andre ledd. Det møtte ikkje vara for Haug (Krf).
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Anbod for vaskeritenester vert gjennomført som ein eigen konkurranse for berre Sogndal kommune og Vik kommune som reservert kontrakt. Slik vil kommunane leggje til rette for at Sogneprodukt kan delta i konkurransen.
2. Administrasjonen får fullmakt til å handtere overgangsperioden, inkludert eventuelle mellombelse avtalar med eksisterande leverandør fram til ny leverandør kan starte levering.
Endringsframlegg:
Bjørn Christian Weinbach (R) sette fram slikt framlegg til nytt punkt:
3. I konkurransegrunnlaget og i kontrakten skal det stillast krav om at leverandør og eventuelle underleverandørar har lønns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarar som ikkje er dårlegare enn landsomfattande tariffavtale for bransjen.
Avrøysting:
Tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken. Bjørn Christian Weinbach (R) røysta for sitt framlegg, og framlegget fall.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.