Val av tilsetjingsutval
Vedtak
1. Kommunestyret opprettar tilsetjingsutval i arbeidet med å tilsetja ny kommunedirektør. Jf kommunelova § 5-7.
2. Utvalet skal stå føre den praktiske delen med tilsetjingsprosessen Utvalet skal : utarbeida og godkjenna utlysningstekst, velja ut kandidatar til intervju, gjennomføra intervju og leggje fram tilråding til kommunestyret på tilsetjing av ny kommunedirektør i Sogndal kommune.
3. Kommunestyret vel 3 medlemmar til utvalet:
Ordførar Stig Ove Ølmheim, fungerande varaordførar Frode Bøthun og Malén Røysum frå Senterpartiet.
4. Desse skal halde gruppelederne løpande oppdatert i prosessen
5. Tilsetterepresentant stiller med ein observatør.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 97/2025 i møte den 18.12.2025:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Kommunestyret opprettar tilsetjingsutval i arbeidet med å tilsetja ny kommunedirektør. Jf kommunelova § 5-7.
2. Utvalet skal stå føre den praktiske delen med tilsetjingsprosessen Utvalet skal : utarbeida og godkjenna utlysningstekst, velja ut kandidatar til intervju, gjennomføra intervju og leggje fram tilråding til kommunestyret på tilsetjing av ny kommunedirektør i Sogndal kommune.
3. Kommunestyret vel 3 medlemmar til utvalet. ordførar, varaordførar og medlem senterpartiet
4. Desse skal halde gruppelederne løpande oppdatert i prosessen
5. Tilsetterepresentant stiller med ein observatør.
Endringsframlegg:
Knut Henning Grepstad (Ap) sette fram slikt framlegg på vegne av kommunestyret:
Punkt 3. i tilrådinga frå formannskapet får slik ny tekst:
3. Kommunestyret vel 3 medlemmar til utvalet:
Ordførar Stig Ove Ølmheim, fungerande varaordførar Frode Bøthun og Malén Røysum frå Senterpartiet.
Avrøysting:
Punkt 1 og 2 i tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedtekne. Punkt 3 i tilrådinga frå formannskapet fekk ingen røyster. Fellesframlegget frå kommunestyret vart samrøystes vedteke, Punkt 4 og 5 i tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedtekne.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.