Vertskommunesamarbeid om barnevern i Sogn
Vedtak
1. Sogndal kommune ynskjer at arbeidet skal halde fram med samarbeidsavtale om felles barnevernteneste, jf kommunelova § 20-4 andre ledd.
2. Før det er mogleg å fatta eit endeleg vedtak om å etablere den nye organisasjonen, ber kommunestyret om at saka vert utgreidd grundigare.
3. I ei vidare utgreiing er det særleg viktig å gjennomføre ein ROS-analyse. Som ein del av den må det vurderast eventuelle risikoar knytt til at det synest å vera sterk motstand i delar av personellgruppa.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 93/2025 i møte den 18.12.2025:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Sogndal kommune vedtek samarbeidsavtale om felles barnevernteneste, jf kommunelova § 20-4 andre ledd.
2. Kommunestyret i Sogndal kommune delegerer med dette alle rettar og plikter etter barnevernslov til Sogndal kommune, jf kommunelova §§ 20-1 og 20-2. Delegeringa omfattar ansvaret som er nærare spesifisert i punkt 6 i avtalen.
3. Kommunestyret gir kommunedirektør fullmakt til å jobbe fram en hensiktsmessig plan for implementering med mål om oppstart av felles barnevernteneste frå og med
1. januar 2027.
4. Dersom det vert gjort vedtak om deltaking frå alle 6 kommunane, vert det i tillegg til hovudkontor i Sogndal etablert avdelingskontor i Lærdal.
Endringsframlegg:
Kommunestyret sette fram slikt framlegg:
1. Sogndal kommune ynskjer at arbeidet skal halde fram med samarbeidsavtale om felles barnevernteneste, jf kommunelova § 20-4 andre ledd.
2. Før det er mogleg å fatta eit endeleg vedtak om å etablere den nye organisasjonen, ber kommunestyret om at saka vert utgreidd grundigare.
3. I ei vidare utgreiing er det særleg viktig å gjennomføre ein ROS-analyse. Som ein del av den må det vurderast eventuelle risikoar knytt til at det synest å vera sterk motstand i delar av personellgruppa.
Avrøysting:
Tilrådinga frå formannskapet fekk ingen røyster. Fellesframlegget frå kommunestyret vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.