Lovlegkontroll av vedtak i sak 79/2025
Vedtak
1.Kommunestyret opprettheld vedtaket i sak 79/2025.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 88/2025 i møte den 27.11.2025:
Handsaming
Frå ordføraren låg det føre slik tilråding:
1.Kommunestyret opprettheld vedtaket i sak 79/2025.
Habilitet:
Eit samrøystes kommunestyre fann representanten Siv Laila Eriksen (Ap) inhabil til å delta i handsaming av saka, med heimel i forvaltningslova § 6 andre ledd. Det møtte ikkje vara for Eriksen (Ap).
Endringsframlegg:
Arnt Erik Nordheim (H): sette fram slikt framlegg til nytt punkt 2:
2. Kommunestyret sluttar seg til vurderinga frå KS-advokat Øyvind Gjelstad, slik denne kjem fram av e-post datert 25.11.2025. Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Vestland for lovlegkontroll.
Avrøysting:
Framlegget frå Nordheim (H) fekk 14 røyster frå Arbeidarpartiet (7), Høgre (4) og Kristeleg Folkeparti (2) og Venstre (1), og framlegget fall. Senterpartiet (7), Sosialistisk Venstreparti (4), Framstegspartiet (3), Raudt (1) og Miljøpartiet Dei Grøne (1) røysta mot.
Tilrådinga frå ordføraren fekk 23 røyster frå Arbeidarpartiet (7), Høgre (4), Sosialistisk Venstreparti (4), Kristeleg Folkeparti (2), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Venstre (1), Arnstein Menes (Sp), Malén Røysum (Sp), Tore Feten (Sp) og Espen Sæterbø (Sp), og vart vedteken. Framstegspartiet (3), Raudt (1), May Kristel Bødal (Sp), Magne Bruland Selseng (Sp) og Arne Monrad Johnsen (Sp) røysta mot.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.