Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Detaljreguleringsplan for Hove - vedtak av plan

Sak 85/2025 · Kommunestyret 27. november 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Sogndal kommune vedtek med heimel i Plan og bygningslova §12-12 «Detaljreguleringsplan for Hove, rev 03.11.2025» slik den ligg føre.

Vedtaket vert grunngjeve med at planframlegget byggjer på tilstrekkelege utgreiingar, er gjennomarbeida og legg opp til gode løysingar for tilrettelegging av nye bustader i tråd med arealføremål og intensjonar i overordna plan. Samstundes er natur-, og kulturminneverdiar teke godt i vare, og konsekvensar for omgjevnadene er akseptable. Det vert ut over dette vist til vurderingar i saksutgreiinga.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 85/2025 i møte den 27.11.2025:

Handsaming

Frå utval for plan og samfunn låg det føre slik tilråding:

1. Sogndal kommune vedtek med heimel i Plan og bygningslova §12-12 «Detaljreguleringsplan for Hove, rev 03.11.2025» slik den ligg føre.

Vedtaket vert grunngjeve med at planframlegget byggjer på tilstrekkelege utgreiingar, er gjennomarbeida og legg opp til gode løysingar for tilrettelegging av nye bustader i tråd med arealføremål og intensjonar i overordna plan. Samstundes er natur-, og kulturminneverdiar teke godt i vare, og konsekvensar for omgjevnadene er akseptable. Det vert ut over dette vist til vurderingar i saksutgreiinga.

Avrøysting:

Samrøystes.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.