Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Skriv, meldingar, orienteringar, spørsmål og interpellasjonar - kommunestyret 29. oktober 2025

Sak 75/2025 · Kommunestyret 29. oktober 2025 · Behandlet

Vedtak

Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar. spørsmål og interpellasjonar vart handsama:

A. Skriv og meldingar

1. Rapport 2025 KS Konsulent – Utredning av interkommunal barnevernstjeneste

2. Møteprotokollar frå utvalsmøta

B. Drøftingar

C. Orienteringar Frå ordføraren:

1. Sognarådet/Sognatinget

Frå kommunedirektøren:

2. Sogn barnevern og vegen fram mot ei felles teneste i Indre Sogn

D. Spørsmål Rita Navarsete (Frp):

1. Status utbetring av toalett/garderobe Kaupanger skule.

Svar: Torgeir Bang Tenesteleiar teknisk drift Dette prosjektet må prosjekterast før ein kan vurdera kostnad, uoffisielt tippar vi 3-5 mill. Det vert 4 eller 5 garderobar på A bygget. Oppdraget består av :

• Det må lagast ein plan for å utbetre grovgarderobar på bygg A, SFO og 1. klasse. Det må vere plass til at kleda ikkje heng lag- på-lag og dermed ikkje tørkar.

• Det skal vere nok plass til at elevane kan kle av og på seg i grovgarderoben.

• Det må vere skilje mellom rein og urein sone i overgang grovgarderobe og undervisningsareal.

• Det må lagast ein plan for å få bygg C universelt utforma.

• Det må utarbeidast plan for å få tilfredsstillande standard på alle toalett. Finansiering kan gå over rammemidlar eller eiga finansiering. Rammemidlar er på 9,5 mill. Prosjektet vil ta 50% av rammemidlar for det år noko som er ei utfordring. Grunna lav kapasitet i prosjektavdeling og manglande rammeavtalar for bygg oppdrag er dette ikkje utført. Ting er i betring, men vi er ikkje heilt på plass enda. Mindre utbetringar påpeika av Miljøretta helsevern er utbetra.

Margrete Haug (Krf):

2. Status mellombels ordning med at heimetenesta sin telefon er sett over til sentralbordet i Sogndal kommune.

Svar: Marit Reppen, kommunalsjef helse og omsorg Etter ei kartlegging har heimetenestene sett at dei får svært mange telefonar som eigentleg skulle vore retta til andre tenester, eller at det er andre som kan svare ut. For at dei tilsette skal kunne bruke meir av tida si på å gje nødvendig hjelp og bistand til innbyggjarane, har me endra måten telefonane blir handtert på. Pr. i dag tek sentralbordet i kommunen imot telefonane til heimetenesta og vidareformidlar telefonar som er til heimetenesta Ordninga blir evaluert fortløpande.

Trude Risnes (V):

3. Status Tinghuset på Leikanger.

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Vart svara ut i møte.

Rune Haug (Frp):

4. Status Solhov i Sogndal.

Svar: Bente Mossige Ask, konstituert kommunalsjef plan og eigedom Kommunen ventar på godkjent og tinglyst skøyte for eigedommen frå Sogn og Fjordane Ungdomslag.

E. Interpellasjonar

1. Frå Arnt Erik Nordheim (H):

Openheit og tilgjengelegheit gjev tillit (sjå vedlegg E1)

Svar på interpellasjon:

Innsyn i saksdokument Sogndal kommune starta med publisering av dokument i fulltekstversjon frå 3. januar 2022. Før den tid låg det ute postlister der ein kunne bestille innsyn i dokumenta. Når ein skulle gå over på løysing med publisering av dokument i fulltekstversjon vart det gjennomført vurderingar knytt til både behovet for meir openheit og personvern. Etter offentleglova (§3) har ålmenta rett til innsyn i dokument i offentleg forvaltning. Samtidig skal personvernet ivaretakast, spesielt i forhold til personopplysningslova og GDPR. Det er ingen fast regel som seier at postlister må vera tilgjengelege i 6 månader, men mange offentlege verksemder praktiserer dette:

• Nokon har postlister som er søkbart tilgjengelig 3-6 månader på nettsidene, andre har lengre periodar

• Dette er ein balanse mellom openheit og personvern

• Etter denne perioden kan ein likevel be om innsyn i enkeltdokument eller arkivlister ved å ta kontakt med verksemda. Kvifor har Sogndal kommune begrensa tilgang til postlista til 6 månader:

1. Personvernhensyn – redusera risiko for at sensitive opplysningar om enkeltpersonar vert liggjande tilgjengelig lenge

2. Juridiske vurderingar – har vurdert balansen mellom openheit og vern av privatliv

Kunstig intelligens og chatbot-løysingar Sogndal kommune er opptatt av at det skal vere enkelt for innbyggjarane å finne fram til relevant informasjon og tenester på nettsidene våre. Vi jobbar no med overgang til ny publiseringsløysing (Sitevision) for nettsida til kommunen, der målet er å skape ei brukarvennleg og universelt utforma nettside som gjer det lett å finne det ein leitar etter – også utanfor ordinær kontortid. Chatbotar og kunstig intelligens kan på sikt vere eit aktuelt supplement for å forenkle tilgangen til informasjon, og kan bidra til betre brukaropplevingar dersom dei er godt planlagde og forankra. Samstundes er det viktig å sikre at slike løysingar faktisk gir meirverdi både for innbyggjarar og tilsette, og at dei blir godt integrerte i kommunen sine tenester og system. Ved vurdering av eventuell chatbot vil kommunen leggje vekt på:

• at løysinga gir reell nytteverdi for brukarane

• at den er enkel å vedlikehalde og halde oppdatert

• at personvern og informasjonssikkerheit blir ivareteke

• at kostnadar står i forhold til nytte

Det er førebels ikkje teke stilling til kva teknologisk løysing som eventuelt skal nyttast. Sitevision-plattforma kommunen tek i bruk har støtte for integrasjon av ulike chatbotar og KI-assistentar. Kommune-Kari er eit av fleire aktuelle alternativ, men inneber eigne lisens- og driftskostnader. Kommunen vil framover vurdere behov, løysingsval og gevinstpotensial før eventuelle tiltak blir sette i verk, for å sikre at nye funksjonar bidreg til å gjere tenestene enklare, meir tilgjengelege og meir effektive.

Interpellasjonen vert oversendt til kommunedirektøren for vidare utgreiing, vurdering og eventuelt iverksetting av tiltak i tråd med gjeldande delegering.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 75/2025 i møte den 29.10.2025:

Handsaming

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.