Administrative lokale for Sogndal kommune
Vedtak
1. Sogndal kommune sine kontorarbeidsplassar skal i utgangspunktet lokaliserast i kommunen sine eigne bygg i Leikanger og Sogndal. I Balestrand skal dei vera lokalisert i tråd med leigeavtale på Holmatunet.
2. Administrasjonen legg fram utgreiingar av tilstand, kostnader og andre aktuelle spørsmål for kommunehuset i Sogndal .
3. Det vert ikkje inngått avtale med Campus om kommunal leige av kontorareal.
4. Formannskapet skal tilrå ei ny sak til kommunestyret etter at utgreiingane ligg føre.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 73/2025 i møte den 02.10.2025:
Handsaming
Frå ordføraren låg det føre slik tilråding:
1.Hovudadministrasjonen for Sogndal kommune skal vere lokalisert på Leikanger i kommunen sine lokale på Saften. 2.Sogndal kommune sine administrative funksjonar i Balestrand skal vere lokalisert i Holmatunet. 3.Sogndal kommune sine administrative funksjonar i Sogndal sentrum skal lokaliserast i Kommunehuset i Sogndal. 4.Sogndal kommune sine kontorarbeidsplassar skal vera lokaliserast i kommunen sine eigne bygg i Leikanger og Sogndal. Balestrand skal dei vera lokalisert i tråd med leigeavtale på Holmatunet.
Endringsframlegg:
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet, Venstre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Raudt sette fram slikt framlegg:
1. Sogndal kommune sine kontorarbeidsplassar skal i utgangspunktet lokaliserast i kommunen sine eigne bygg i Leikanger og Sogndal. I Balestrand skal dei vera lokalisert i tråd med leigeavtale på Holmatunet.
2. Administrasjonen legg fram utgreiingar av tilstand, kostnader og andre aktuelle spørsmål for kommunehuset i Sogndal .
3. Det vert ikkje inngått avtale med Campus om kommunal leige av kontorareal.
4. Formannskapet skal tilrå ei ny sak til kommunestyret etter at utgreiingane ligg føre.
Ordføraren trekte si tilråding.
Avrøysting:
Samrøystes.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.