Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål - kommunestyret 2. oktober 2025
Vedtak
Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål vart handsama:
A. Skriv og meldingar
1. Møteprotokoll ungdomsrådet 19.09.25
2. Møteprotokoll innvandrarrådet 22.09.25
3. Møteprotokoll Sogndal eldreråd 22.09.25
4. Møteprotokoll rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 23.09.25
5. Møteprotokoll utval for levekår 24.09.25
6. Møteprotokoll utval for plan og samfunn 24.09.25
B. Drøftingar
C. Orienteringar Frå ordføraren:
Møte i Sognarådet 22. september 2025 Møte i Sognatinget 4. november 2025
D. Spørsmål Vibeke Johnsen (Sv):
1. Eg lurer på kva som er status for rammeverk for styring, kva det er, korleis det er eller skal implementerast og korleis det er motteke i organisasjonen så langt.
Svar: Joakim Systaddal og Helle Selseng Rammeverk for styring er ei formalisering av måten Sogndal kommune er organisert på, som er tilpassa at delar av organisasjonen kan vere organisert i team. Rammeverket er resultatet av det partssamansette arbeidet med å prøve ut team over det siste halvanna året, og har vore til intern forankring hos arbeidstakarorganisasjonane sidan 11. September. Dokumentet er ein del av dei administrative styringsdokumenta for organisering av verksemda. Saka om rammeverk for styring er planlagt drøfta den 3. oktober. Tilbakemeldinga frå dei tilsette som har jobba i team er i hovudsak god, samstundes som tilsette og arbeidstakarorganisasjonane bidreg til å kontinuerleg forbetre det som trengst justering. Dette forbetringsarbeidet vil halde fram, og ligge til grunn for å justere fortløpande når det trengst.
Ole Marius Folkestad (Sv):
2. SV har nokre spørsmål i forbindelse med PS 73/2025 Administrative lokale for Sogndal kommune. Under behandlinga av ps 22/25 i utval for plan og samfunn, vart det i frå administrasjonen opplyst at den fysiske plasseringa av administrative kontorplassar låg til administrasjonen å avgjere. Kva vil dette eventuelt ha å seie for eit vedtak i PS 73/2025? Vidare var det allereie beslutta av administrasjonen at 30 kontorplassar skulle flyttast til leigde lokaler i svingen på Campus Sogndal. Dette var på bakgrunn av tilstand på kommunehuset og krav frå bl.a. miljøretta helsevern til utbetring for å kunne nytte det til kontorplassar. Kva er kostnaden for å leige 30 kontorplassar på Campus, og kva er kostnaden for å utbetre kommunehuset til å framleis kunne nyttast som kontor?
Svar: Joakim Systaddal, utfordrar Saka er lagt fram av ordførar, og spørsmål knytt til saka må rettast dit. Administrasjonen har i ettersendt notat gjort kommunestyre merksam på at saka har manglar som gjer at den ikkje er forsvarleg utgreidd. Spørsmålet om kostnad frå utval for plan og samfunn er gjort greie for her: Hovudgrepa for kontorlokale for administrativt tilsette er no avklara - SOGNDAL KOMMUNE
Lin Åm (Mdg):
3. Kommunestyret gjorde i møte 30. juni 2025 vedtak i sak 57/2025 i punkt 2:
"Kommunestyret ber formannskapet som arbeidsgjevarutval kalle inn til ein ny samtale i august." Har det vore kalla inn til ein slik samtale? Og viss ikkje, kvifor er det ikkje kalla inn til ein slik samtale?
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Vart svara ut i møtet.
Margrete Haug (Krf):
4. Kvifor visar ein ikkje respekt for at pride-flagget ved Trudvang skule vert teke ned, på lik linje med andre flagg i Sogndal kommune?
Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef for oppvekst Flagget ved Trudvang skule vart teke ned straks etter at vi fekk melding om det. At flagget ikkje vart tatt ned var ein utilsikta feil og ikkje som eit uttrykk for manglande respekt flaggreglane til kommunen. I Sogndal kommune har vi ei felles praksis for flagging ved kommunale bygg, og det inneber at flagg vert teke ned etter avslutta flaggperiode, uavhengig av type flagg. Det gjeld både nasjonale flagg, organisasjonsflagg og symbolflagg som Pride-flagget.
May Kristel Bødal (Sp):
Eg ønskjer innsyn i Sogndal kommune sine utgifter til juridiske tenester/advokatbistand, samt andre utgifter til kurs- og reiseutgifter knytta til endrings- og utviklingsarbeidet i kommunen. Konkret ber eg om ein oversikt over rekneskapsførte utgifter på:
• Art 170–179: Kjøp av fremmede tjenester. og kanskje då spesielt:
• Art 171 – kjøp av juridiske tenester, samt Art 147. Gjerne spesifisert per sektor (administrasjon, oppvekst, helse og omsorg, samfunn osv.) for rekneskapsåret 2025 så langt, og for heile 2024 til samanlikning.
Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef for oppvekst:
Tabellen under syner dei etterspurde artane fordelt på ulike sektorar. Tala er henta frå rekneskapen pr.01.10.25. Det vert teken atterhald om feilkontering og at nokre av kostnadane vert utjamna av tilskotsmidlar. Dette vert justert i arbeidet knytt til årsrekneskapen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 65/2025 i møte den 02.10.2025:
Handsaming
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.