Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Vidare arbeid med idrettshallar på Campus 2025

Sak 69/2025 · Kommunestyret 2. oktober 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Sogndal kommune går vidare i arbeidet med å realisere fylgjande nye idrettshallflater på Campus i samarbeid med og regi av Sognehallen AS:

a. Fleirbrukshall med storleik tilsvarande idrettshallflate på 45x25 meter, totalt 1125 m2

b. Turnhall med storleik totalt 1125 m2

2. Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram ei sak som vurderer og tilrår modell for kommunalt bidrag i form av enten lånefinansiering eller som eit offentleg-privat samarbeid.

3. Sogndal kommune inngår ny leigeavtale på eigen bruk av dei samla fasilitetane til Sognehallen AS når den samla bruken av hallane er avklara.

4. Sogndal kommune skal ha dialog med idretten om deira bidrag med å skaffe finansiering frå eksterne kjelder for å redusere det samla lånebehovet og dermed husleiga.

5. Det skal vere brei medverknad frå idretten og andre aktuelle brukarar i prosjektet vidare når det gjeld utforming av hallane.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 69/2025 i møte den 02.10.2025:

Handsaming

Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:

1. Sogndal kommune går vidare i arbeidet med å realisere fylgjande nye idrettshallflater på Campus i samarbeid med og regi av Sognehallen AS:

a. Fleirbrukshall med storleik tilsvarande idrettshallflate på 45x25 meter, totalt 1125 m2

b. Turnhall med storleik totalt 1125 m2

2. Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram ei sak som vurderer og tilrår modell for kommunalt bidrag i form av enten lånefinansiering eller som eit offentleg-privat samarbeid.

3. Sogndal kommune inngår ny leigeavtale på eigen bruk av dei samla fasilitetane til Sognehallen AS når den samla bruken av hallane er avklara.

4. Sogndal kommune legg som føresetnad for å inngå endeleg avtale der idretten bidreg til å skaffe finansiering frå eksterne kjelder for å redusere det samla lånebehovet og dermed også husleiga, samt teiknar forpliktande leigeavtalar for eigen bruk.

Endringsframlegg:

Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt , Miljøpartiet Dei Grøne, Framstegspartiet og Venstre sette fram slikt framlegg:

4. Sogndal kommune skal ha dialog med idretten om deira bidrag med å skaffe finansiering frå eksterne kjelder for å redusere det samla lånebehovet og dermed husleiga.

5. Det skal vere brei medverknad frå idretten og andre aktuelle brukarar i prosjektet vidare når det gjeld utforming av hallane.

Avrøysting:

Punkt 1, 2 og 3 i tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedtekne. Punkt 4 i tilrådinga frå formannskapet fekk 7 røyster frå Høgre (4), Kristeleg Folkeparti (2) og Malén Røysum (Sp). Punkt 4 i framlegget frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt , Miljøpartiet Dei Grøne, Framstegspartiet og Venstre fekk 23 røyster frå Arbeidarpartiet (8), Framstegspartiet (3), Sosialistisk Venstreparti (4), Raudt (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Venstre (1), May Kristel Bødal (Sp), Magne Bruland Selseng (Sp), Tore Feten (Sp), Arne Monrad Johnsen (Sp) og Espen Sæterbø (Sp), og framlegget vart vedteke. Punkt 5 i framlegget frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt , Miljøpartiet Dei Grøne, Framstegspartiet og Venstre vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.