Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Basseng på Leikanger

Sak 68/2025 · Kommunestyret 2. oktober 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Sogndal kommune finn ikkje grunnlag for å kunne realisere å bygge symjebasseng på Leikanger i eigen kommunal regi.

2. Sogndal kommune avsluttar arbeidet med å realisere nytt eller rehabilitert basseng på Leikanger ungdomskule på grunn av høge kostnadar og stor teknisk og praktisk usikkerheit.

3. Kommunedirektøren får i oppdrag å drøfte om ein i samarbeid med eigarane på Nokkaneset kan realisere og finansiere eit basseng.

4. Kommunedirektøren vert oppmoda om å gå i dialog med Samarbeidsutvalet ved Leikanger ungdomsskule for å drøfte alternativ bruk av det tidlegare bassengområdet. og kome attende til kommunestyret med aktuelle alternativ og kostnadsoverslag.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 68/2025 i møte den 02.10.2025:

Handsaming

Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:

1. Sogndal kommune finn ikkje grunnlag for å kunne realisere å bygge symjebasseng på Leikanger i eigen kommunal regi.

2. Sogndal kommune avsluttar arbeidet med å realisere nytt eller rehabilitert basseng på Leikanger ungdomskule på grunn av høge kostnadar og stor teknisk og praktisk usikkerheit.

3. Kommunedirektøren får i oppdrag å drøfte om ein i samarbeid med eigarane på Nokkaneset kan realisere og finansiere eit basseng.

4. Kommunedirektøren vert oppmoda om å gå i dialog med Samarbeidsutvalet ved Leikanger ungdomsskule for å drøfte alternativ bruk av det tidlegare bassengområdet. og kome attende til kommunestyret med aktuelle alternativ og kostnadsoverslag.

Endringsframlegg:

Høgre sette fram slikt framlegg:

1. Sogndal kommune held fram arbeidet med å realisera nytt basseng på Leikanger i kommunal regi.

2. Kommunestyret ynskjer å legge inn 10.millionar til planlegging oppstart av basseng i Leikanger i økonomiplan 2026-2029, fortrinnsvis i 2028 el 2029 for å få dette i gang.

Avrøysting:

Framlegget frå Høgre til nytt punkt 1 og 2 fekk 12 røyster frå Høgre (4), Senterpartiet (6), Raudt (1) og Miljøpartiet Dei Grøne (1), og framlegget vart forkasta. Punkt 1 og 2 i tilrådinga frå formannskapet fekk 18 røyster frå Arbeidarpartiet (8), Sosialistisk Venstreparti (4), Framstegspartiet (3), Kristeleg Folkeparti (2) og Venstre (1), og vart vedtekne. Punkt 3 og 4 i tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedtekne.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.