Næringshagetilbod i Sogn
Vedtak
Formannskapet får fullmakt til å ta stilling til saka.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 64/2025 i møte den 28.08.2025:
Handsaming
Frå kommunedirektøren låg det føre slik tilråding:
Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak:
Sogndal kommune stiller seg positivt til at Sogndal kommune sel seg ned i Sogn Næring, slik at selskapet kan kvalifisere som operatør for næringshageprogrammet i Sogn. Sogndal kommune støttar initiativet frå regionale og private aktørar om å etablere ein ny næringshage med sterk lokal forankring, og ber om at det blir arbeidd vidare med å sikre ei eigarstruktur som tilfredsstiller krava frå SIVA og fylkeskommunen.
Formannskapet avviste saka i sitt møte 25. august 2025 før kommunestyremøtet, og det låg ikkje føre tilråding til kommunestyret.
Habilitet:
Ved godkjenning av innkalling og sakliste fann kommunestyret representanten Frode Bøthun (Krf) gild til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 første ledd, bokstav e. Kommunestyret fann representantane Mari Husabø (Sv) og Rune Haug (Frp) ugilde til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 første ledd, bokstav e. Det møtte ikkje vara for Husabø (Sv) og Haug (Frp).
Endringsframlegg:
Frode Bøthun (Krf) fremma tilrådinga frå kommunedirektøren:
Sogndal kommune stiller seg positivt til at Sogndal kommune sel seg ned i Sogn Næring, slik at selskapet kan kvalifisere som operatør for næringshageprogrammet i Sogn. Sogndal kommune støttar initiativet frå regionale og private aktørar om å etablere ein ny næringshage med sterk lokal forankring, og ber om at det blir arbeidd vidare med å sikre ei eigarstruktur som tilfredsstiller krava frå SIVA og fylkeskommunen.
Knut Henning Grepstad (Ap) sette fram slikt framlegg til vedtak:
Formannskapet får fullmakt til å ta stilling til saka.
Avrøysting:
Framlegget frå Frode Bøthun (Krf) fekk 12 røyster frå Kristeleg Folkeparti (2), Høgre (4), Arnstein Menes (Sp), May Kristel Bødal (Sp), Magne Bruland Selseng (Sp), Tore Feten (Sp), Vivian Hilleren (Sp) og Laura Kvamme (Sp) og framlegget vart ikkje vedteke. Framlegget frå Knut Henning Grepstad (Ap) vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.