Dom frå Sogn og Fjordane tingrett - saks nr.: 25-017890TVI-TSOF/TSOG
Vedtak
1. Kommunedirektøren i Sogndal kommune sitt mynde etter «Reglement for folkevalde organ i Sogndal kommune, Delegering og sakshandsaming - Punkt 2.3 Retts-/prosessfullmakter, tredje avsnitt, vert trekt attende når det gjeld Sogn og Fjordane tingrett sin dom av 18.07.2025 i sak nr.: 25- 017890TVI-TSOF/TSOG.
2. Sogndal kommune ankar ikkje Sogn og Fjordane tingrett sin dom av 18.07.2025 i sak nr.: 25-017890TVI-TSOF/TSOG
3. Kommunestyret trekker tilbake Sogndal kommune sin anke av 21.07.2025 i sak nr.: 25-017890TVI-TSOF/TSOG
4. For punkt 2 og 3 legg kommunestyret til grunn, og tek atterhald om, at kommunestyret har rettsleg handleevne til å trekkje anken på vegner av Sogndal kommune, jf. kommunelova § 5-3. Vidare føreset kommunestyret, og tek atterhald om, at den rettslege handleevna til å bruke rettsmiddel og anke ikkje er lagt til kommunedirektøren ved lov, jf. kommunelova § 13-1 sjuande ledd.
- Desse føresetnadane skal takast inn i prosesskriv til lagmannsretten. Kommunestyret legg til grunn at retten vil ta endeleg stilling til om anken er gyldig trekt.
5. Kommunestyret ber ordføraren om å følgje opp kontakten med Kommunal- og distriktsdepartementet, angåande spørsmålet om tolkinga av kommunelova § 13-1 sjuande avsnitt.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 59/2025 i møte den 12.08.2025:
Handsaming
Frå ordføraren låg det føre slik tilråding:
1. Kommunedirektøren i Sogndal kommune sitt mynde etter «Reglement for folkevalde organ i Sogndal kommune, Delegering og sakshandsaming - Punkt 2.3 Retts-/prosessfullmakter, tredje avsnitt, vert trekt attende når det gjeld Sogn og Fjordane tingrett sin dom av 18.07.2025 i sak nr.: 25-017890TVI-TSOF/TSOG.
2. Sogndal kommune ankar ikkje Sogn og Fjordane tingrett sin dom av 18.07.2025 i sak nr.: 25-017890TVI-TSOF/TSOG
3. Kommunestyret trekker tilbake Sogndal kommune sin anke av 21.07.2025 i sak nr.: 25-017890TVI-TSOF/TSOG
Habilitet:
Anna Helen Hamre (Sv) bad kommunestyre vurdere sin habilitet. Kommunestyret fann representanten Anna Helen Hamre (Sv) habil til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 fyrste og andre ledd. Ved avrøystinga røysta Vibeke Johnsen (Sv), Inga Henjum Halsnes (Sv), Mari Husabø (Sv) representanten Hamre (Sv) som inhabil. Arnstein Menes (Sp) fremja habilitetsvurdering av ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap). Ølmheim tredde til sides under avrøystinga av habilitetsspørsmålet, og Bjarne Asperanden Sjøtun (Ap) tok sete som vara. Kommunestyret fann ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) habil til å delta i handsaminga av saka, jamfør forvaltningslova § 6 fyrste og andre ledd. Ved avrøystinga røysta Arnstein Menes (Sp), Malen Røysum (Sp), Tore Feten (Sp) og Gunnhild Olstad Bøyum (H) ordførar som inhabil. Varaordførar Gunnhild Olstad Bøyum leia møte ved handsaming av ordførar sin habilitet.
Utsetjingsframlegg og avrøysting:
Arnstein Menes (Sp) sette fram slikt framlegg:
Saka vert utsett. Framlegget fekk 5 røyster frå Arnstein Menes (Sp), Malén Røysum (Sp), Tore Feten (Sp), Kjell Asjørn Næss (H) og Gunnhild Olstad Bøyum (H) og utsetjingsframlegget fall.
Endringframlegg:
Laila Elisabeth Wigum (H) sette fram slikt framlegg:
Forslag til vedtak [Endringar i raudt]:
1. Kommunedirektøren i Sogndal kommune sitt mynde etter «Reglement for folkevalde organ i Sogndal kommune, Delegering og sakshandsaming - Punkt 2.3 Retts-/prosessfullmakter, tredje avsnitt, vert trekt attende når det gjeld Sogn og Fjordane tingrett sin dom av 18.07.2025 i sak nr.: 25- 017890TVI-TSOF/TSOG.
2. Sogndal kommune ankar ikkje Sogn og Fjordane tingrett sin dom av 18.07.2025 i sak nr.: 25-017890TVI-TSOF/TSOG
3. Kommunestyret trekker tilbake Sogndal kommune sin anke av 21.07.2025 i sak nr.: 25-017890TVI-TSOF/TSOG
4. For punkt 2 og 3 legg kommunestyret til grunn, og tek atterhald om, at kommunestyret har rettsleg handleevne til å trekkje anken på vegner av Sogndal kommune, jf. kommunelova § 5-3. Vidare føreset kommunestyret, og tek atterhald om, at den rettslege handleevna til å bruke rettsmiddel og anke ikkje er lagt til kommunedirektøren ved lov, jf. kommunelova § 13-1 sjuande ledd.
• Desse føresetnadane skal takast inn i prosesskriv til lagmannsretten. Kommunestyret legg til grunn at retten vil ta endeleg stilling til om anken er gyldig trekt.
5. Kommunestyret ber ordføraren om å følgje opp kontakten med Kommunal- og distriktsdepartementet, angåande spørsmålet om tolkinga av kommunelova § 13-1 sjuande avsnitt.
Avrøysting:
Tilrådinga frå ordføraren vart vedteke mot røystene til Gunnhild Olstad Bøyum (H), Kjell Asbjørn Næss (H), Arnstein Menes (Sp), Malen Røysum (Sp), Tore Feten (Sp). Endringframlegget frå Laila Elisabeth Wigum (H) vart vedteke mot røystene til Gunnhild Olstad Bøyum (H), Kjell Asbjørn Næss (H), Arnstein Menes (Sp), Malen Røysum (Sp), Tore Feten (Sp).
Protokolltilførsel frå Arnstein Menes (Sp):
Representanten meiner det i sak 59/25 er grove brot på utgreiingsplikta i kommunale saker.
• For det fyrste kjem tilrådinga i saka frå ordførar og ikkje frå formannskapet. Det er ikkje grunnlag for ei hastehandsaming av saka, og saka kunne følgt normal saksgang i tråd med gjeldande politiske reglement.
• For det andre ligg det ikkje føre ei forsvarleg saksutgreiing. Det er ikkje vurdert konsekvensar for eller imot ein anke, og vurderingane frå kommunen sin eigen advokat er ikkje med i saksutgreiinga.
• For det tredje er det ut frå kommunelova krav til at kommunestyret sine representantar må gjerast fullt ut opplyste til å gjera vedtak i saker som vert lagt fram. Det er difor uforståeleg at ordførar nekta vår advokat å vere til stades i saka for å orientere kommunestyret om grunnlaget for at kommunen har vald å anke saka.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.