Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Samtale med kommunedirektøren

Sak 57/2025 · Kommunestyret 30. juni 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunestyret tek orienteringa til vitande.

2. Kommunestyret ber formannskapet som arbeidsgjevarutval kalle inn til ein ny samtale i august.

3. Kommunestyret gir KS Advokatane i oppdrag å bistå Sogndal kommune i saka.

Avrøysting:

Framlegget frå Rita Navarsete (Frp) fekk 4 røyster frå Framstegspartiet (3), og Raudt (1) og framlegget fall. Framlegget frå Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne fekk 27 røyster frå Sosialistisk Venstreparti (4), Arbeidarpartiet (8), Høgre (4), Kristeleg Folkeparti (2), Senterpartiet (7), Venstre (1) og Miljøpartiet Dei Grøne (1), og framlegget vart vedteke.

1. Kommunestyret tek orienteringa til vitande.

2. Kommunestyret ber formannskapet som arbeidsgjevarutval kalle inn til ein ny samtale i august.

3. Kommunestyret gir KS Advokatane i oppdrag å bistå Sogndal kommune i saka.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 57/2025 i møte den 30.06.2025:

Handsaming

Det låg ikkje føre tilråding i saka.

Habilitet:

Eit samla kommunestyre fann kommunedirektøren ugild til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 andre og tredje ledd. Kommunestyret vedtok samrøystes Jarle Skartun som settekommunedirektør, jamfør kommunelova § 13-1.

Kommunestyret fann representanten Anna Hamre (Sv) gild til å delta i handsaming av saka.

Handsaming:

Ordføraren orienterte om samtale med kommunedirektøren og at det ligg føre dokumentasjon frå samtalen omforeint for formannskapet som arbeidsgjevarutval sine medlemmar og kommunedirektøren.

Kommunestyret røysta over å lukke møtet i handsaming av saka, jamfør kommunelova § 11-5. May Kristel Bødal (Sp) og Arne Monrad Johnsen (Sp) røysta for å lukke møtet, og framlegget fall. Kommunestyret handsama saka i ope møte..

Endringsframlegg:

Rita Navarsete (Frp) sette fram slikt framlegg til vedtak:

Sogndal Framstegsparti er som eit av fleire parti svært uroa over situasjonen i kommunen. Me kan ikkje lenger sitja i ro og tillate at kritikkverdige forhold i kommunen fortset, når det gjeld personar og store viktige saker utan at nokon tek det ansvaret som situasjonen no krev. Med bakgrunn i alt som har skjedd dei siste 2 åra rundt kommunedirektøren sitt arbeid og åtferd, er vi i Sogndal Framstegsparti heilt tydelege på at dette må løysast på best muleg vis, for alle partar. Derfor fremjar me følgjande:

• Ordførar Stig Ove Ølmheim får i oppdrag av kommunestyret å forhandla fram ein sluttavtale med kommunedirektør Tor-Einar Skinlo

• Ein framforhandla sluttavtale skal godkjennast av kommunestyret, før den vært signert av begge partar.

• Viss Tor-Einar Skinlo ikkje er villig til å inngå ein sluttavtale og akseptera den, vil Framstegspartiet ikkje lenger kunne ha tillit til kommunedirektør Tor-Einar Skinlo.

Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne sette fram slikt framlegg til

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.