Oppfølging av varsel mot kommunedirektøren
Vedtak
Kommunestyret vedtek vidare varseloppfølging ved bruk av ekstern bistand. Ordføraren får fullmakt til å inngå avtale med advokatfirmaet Harris om vidare oppfølging av varsel mot kommunedirektøren.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 56/2025 i møte den 30.06.2025:
Handsaming
Frå formannskapet som arbeidsgjevarutval låg det føre slik tilråding:
Kommunestyret vedtek vidare varseloppfølging ved bruk av ekstern bistand. Ordføraren får fullmakt til å inngå avtale med advokatfirmaet Harris om vidare oppfølging av varsel mot kommunedirektøren.
Habilitet:
Eit samla kommunestyre fann kommunedirektøren ugild til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 fyrste ledd bokstav a, og forvaltningslova § 6 andre ledd. Kommunestyret vedtok samrøystes Jarle Skartun som settekommunedirektør, jamfør kommunelova § 13-1.
Settekommunedirektøren orienterte kommunestyret om notatet med vurdering av utvida avtale med advokatfirmaet Harris (vedlegg 4).
Avrøysting:
Tilrådinga frå formannskapet som arbeidsgjevarutval vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.