Parkeringsgruppe for Fjærland
Vedtak
1. Sogndal kommunestyre vedtek å setje ned ei parkeringsgruppe for Fjærland
2. Mandat: Parkeringsgruppa skal sjå på den overordna parkeringssituasjonen i Fjærland og utarbeide eit innspeldokument som vedlegg til kommunal parkeringsstrategi 2040 Mandatet omfattar følgjande:
• Greie ut ulike modellar for organisering, eigarskap og drift av parkeringsareal i Fjærland, med moglegheiter for kommunalt eigarskap og styring.
• Vurdere etablering av eit eige parkeringsfond, der inntektene frå parkering vert øyremerkte tiltak som kjem bygda til gode.
• Vurdere korleis kommunen kan samarbeide med grunneigarar, næringsaktørar og bygdeutvalet for å sikre bærekraftig bruk, god trafikkavvikling og lokal verdiskaping.
• Leggje vekt på berekraftige løysingar som tek omsyn til miljø, natur, og utvikling av reiselivet.
• Gje ei oversikt over eksisterande reguleringar, behov for rettsleg avklaring og forvaltningsrammer, samt tilrå alternative løysingar for innkrevjing, drift og vedlikehald.
3. Medverknad: Gruppa skal gjennomføre minst eitt ope folkemøte i Fjærland. Innspel frå møtet skal dokumenterast og reflekterast i det endelege innspeldokumentet. Det kan knytast til referansegrupper ved behov.
4. Tidsramme: Parkeringsgruppa skal leggje fram eit innspeldokument innan 1. oktober 2025, med målsetjing om politisk handsaming i løpet av året.
5. Samansetjing av gruppa:
Leiar (politisk):
Bjarte Haugen
Representantar frå næring i Fjærland sentrum:
1. Jarle Mundal - fleire bedrifter som eig parkeringsplassar
2. Steinar Dvergsdal - Busenteret
3. Randi Finne - Den Norske Bokbyen
4. Berit Karin Supphellen - Bøyum Camping
Andre aktørar:
1. Eivind Ødegård - Fjærland Bygdeutval
2. Anne Mundal Skjelten - Norsk Bremuseum og Fjærland Næringssamskipnad
3. Hege Våtevik - Bondelaget
Gruppa kan knytte til seg referansegrupper ved behov.
6. Sekretariat: Kommunedirektøren peikar ut sekretær frå administrasjonen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 53/2025 i møte den 19.06.2025:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Sogndal kommunestyre vedtek å setje ned ei parkeringsgruppe for Fjærland
2. Mandat: Parkeringsgruppa skal sjå på den overordna parkeringssituasjonen i Fjærland og utarbeide eit innspeldokument som vedlegg til kommunal parkeringsstrategi 2040 Mandatet omfattar følgjande:
• Greie ut ulike modellar for organisering, eigarskap og drift av parkeringsareal i Fjærland, med moglegheiter for kommunalt eigarskap og styring.
• Vurdere etablering av eit eige parkeringsfond, der inntektene frå parkering vert øyremerkte tiltak som kjem bygda til gode.
• Vurdere korleis kommunen kan samarbeide med grunneigarar, næringsaktørar og bygdeutvalet for å sikre bærekraftig bruk, god trafikkavvikling og lokal verdiskaping.
• Leggje vekt på berekraftige løysingar som tek omsyn til miljø, natur, og utvikling av reiselivet.
• Gje ei oversikt over eksisterande reguleringar, behov for rettsleg avklaring og forvaltningsrammer, samt tilrå alternative løysingar for innkrevjing, drift og vedlikehald.
3. Medverknad: Gruppa skal gjennomføre minst eitt ope folkemøte i Fjærland. Innspel frå møtet skal dokumenterast og reflekterast i det endelege innspeldokumentet. Det kan knytast til referansegrupper ved behov.
4. Tidsramme: Parkeringsgruppa skal leggje fram eit innspeldokument innan 1. oktober 2025, med målsetjing om politisk handsaming i løpet av året.
5. Samansetjing av gruppa:
Leiar (politisk):
Bjarte Haugen Representantar frå næring i Fjærland sentrum:
1. Jarle Mundal - fleire bedrifter som eig parkeringsplassar
2. Steinar Dvergsdal - Busenteret
3. Randi Finne - Den Norske Bokbyen
4. Berit Karin Supphellen - Bøyum Camping
Andre aktørar:
1. Eivind Ødegård - Fjærland Bygdeutval
2. Anne Mundal Skjelten - Norsk Bremuseum og Fjærland Næringssamskipnad
3. Hege Våtevik - Bondelaget Gruppa kan knytte til seg referansegrupper ved behov.
6. Sekretariat: Kommunedirektøren peikar ut sekretær frå administrasjonen.
Avrøysting:
Samrøystes.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.