Retningsval for areal til kroppsøving og idrett på nye Trudvang skule
Vedtak
1. Kommunestyret vedtek å gå vidare med løysing for idretts- og aktivitetsanlegg ved nye Trudvang skule i form av ein 2/3-dels fleirbrukshall, utforma etter prinsippa for nyskapande aktivitetsanlegg.
2. Funksjonaliteten skal primært støtte skulen sine behov for kroppsøving, leik og variert fysisk aktivitet, og samstundes gi moglegheit for brei og fleksibel bruk av arealet utanom skuletid.
3. Alternativet med full basis- og fleirbrukshall vert ikkje vidareført, grunna vesentlege økonomiske og arealmessige ulemper, og manglande sannsynleggjering av behovet.
4. Vedtaket skal leggjast til grunn for vidare optimalisering og detaljprosjektering i samspelsfasen, med sikte på realisering innanfor vedteken økonomisk ramme for prosjektet
5. Kommunedirektøren får i oppdrag i å utgreie korleis ein kan realisere ein samanhengande basis- og fleirbrukshall i samarbeid med aktørane på Campus (Sognahallen AS, Vestland fylkeskommune osv). Kommunedirektøren kjem tilbake til kommunestyret med utgreiinga før vedtak i budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 50/2025 i møte den 19.06.2025:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
Punkt A:
Tidlegare vedtak, 11/25, i kommunestyret står ved lag. Dvs basis og fleirbrukshall skal etablerast på Trudvang.
Punkt B:
Utval for levekår legg til grunn at lokalisering av ny barneskule 1. – 7. klasse i Sogndal til Trudvang ligg fast. Utvalet legg vidare til grunn at oppstart skal skje så raskt som mogleg. Utval for levekår oppmodar administrasjonen om å utgreie følgjande tema fram til møte i kommunestyret 19.6.2025:
1. Noverande hallkapasitet må klargjerast. Tid/tilgjengelegheit, areal/hallflater og andre relevante faktorar
2. Storleik på uteareal, samanlikna med aktuelle retningsliner og arealnormer
3. Klargjering av innhaldet i omgrepet «nyskapande aktivitetsanlegg»
4. Oversyn over estimert arealbehov, inkludert garderobebehov, i dei ulike hallalternativa
Endringsframlegg:
Gunnhild Olstad Bøyum (H) sette fram slikt framlegg på vegne av H, Sp og Frp:
Subsidiert framlegg:
Nytt punkt: Kommunedirektøren får i oppdrag i å utgreie korleis ein kan realisere ein samanhengande basis- og fleirbrukshall i samarbeid med aktørane på Campus (Sognahallen AS, Vestland fylkeskommune osv). Kommunedirektøren kjem tilbake til kommunestyret med utgreiinga før vedtak i budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029
Erlend Fardal Lunde (Ap) sette fram slikt framlegg på vegne av Ap, SV, Mdg, V og Krf.
1. Kommunestyret vedtek å gå vidare med løysing for idretts- og aktivitetsanlegg ved nye Trudvang skule i form av ein 2/3-dels fleirbrukshall, utforma etter prinsippa for nyskapande aktivitetsanlegg.
2. Funksjonaliteten skal primært støtte skulen sine behov for kroppsøving, leik og variert fysisk aktivitet, og samstundes gi moglegheit for brei og fleksibel bruk av arealet utanom skuletid.
3. Alternativet med full basis- og fleirbrukshall vert ikkje vidareført, grunna vesentlege økonomiske og arealmessige ulemper, og manglande sannsynleggjering av behovet.
4. Vedtaket skal leggjast til grunn for vidare optimalisering og detaljprosjektering i samspelsfasen, med sikte på realisering innanfor vedteken økonomisk ramme for prosjektet
Avrøysting:
Formannskapet sitt framlegg vart sett opp mot Fardal Lunde sitt framlegg. Fardal Lunde sitt framlegg fekk 17 røyster frå Ap (8), Sp (1, Malèn Røysum), Sv (4), Krf (2), Mdg (1), V (1) og vedteke. Bøyum sitt framlegg vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.