Sal av Fjørevegen 17
Vedtak
1. Vedtaket om sal av aksjane i Fjørevegen 17 AS vert stadfesta.
2. Det er ein føresetnad for salet av aksjane at dei frivillige laga og organisasjonane som i dag er brukarar av Fjørevegen 17 får tilbod om fullgode erstatningslokale. Erstatningslokala må veljast i samråd med dei aktuelle laga og organisasjonane.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 51/2025 i møte den 19.06.2025:
Handsaming Saka vart i kommunestyret 28. mai 2025 utsett til juni-møtet.
Frå formannskapet 22. mai 2025 låg det føre slik tilråding til vedtak:
Stoppe salget av Fjørevegen 17 inntil me har funne bedre lokaliteter for alle lag og organisasjonar, i god dialog med brukerne av huset.
Endringsframlegg:
Rune Haug (Frp) sette fram slikt framlegg:
Stoppa salet av Fjørevegen 17 AS, inntil det er funne eigna lokaler i forståing og aksept med brukarane. Dette gjeld óg alt av inventar og utstyr kjøken.
Tore Feten (Sp) sette fram slikt framlegg på vegne av Senterpartiet:
1. Vedtaket om sal av aksjane i Fjørevegen 17 AS vert stadfesta.
2. Det er ein føresetnad for salet av aksjane at dei frivillige laga og organisasjonane som i dag er brukarar av Fjørevegen 17 får tilbod om fullgode erstatningslokale. Erstatningslokala må veljast i samråd med dei aktuelle laga og organisasjonane.
Avrøysting:
Prøverøysting:
Haug (Frp) sitt framlegg fekk 12 røyster frå Ap (3, Stig Ove Ølmheim, Keyty Planeta, Knut Henning Grepstad), Frp (3), Krf (2), Sp (2, May Kristel Bødal og Magne Bruland Selseng), Mdg (1), R(1). Feten (Sp) sitt framlegg fekk 19 røyster frå Sp (5 , Arnstein Menes, Malen Røysum, Tore Feten, Arne Monrad Johnsen, Espen Sæterbø), Sv (4), V(1) , H (4), Ap (5, Astrid Hove, Clara Øberg, Arnstein Hauståker, Haavard Stensvand, Erlend Fardal Lunde)
Avrøysting:
Haug (Frp) sitt framlegg fekk 12 røyster frå Ap (3, Stig Ove Ølmheim, Keyty Planeta, Knut Henning Grepstad), Frp (3), Krf (2), Sp (2, May Kristel Bødal og Magne Bruland Selseng), Mdg (1), R(1).
Feten (Sp) sitt framlegg fekk 19 røyster frå Sp (5 , Arnstein Menes, Malen Røysum,
Tore Feten, Arne Monrad Johnsen, Espen Sæterbø), Sv (4), V(1) , H (4), Ap (5, Astrid Hove, Clara Øberg, Arnstein Hauståker, Haavard Stensvand, Erlend Fardal Lunde)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.