Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål - kommunestyret 28. mai 2025
Vedtak
Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål vart handsama:
A. Skriv og meldingar:
1. Årsmelding 2024 - eldrerådet
2. Årsmelding 2025 - rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
3. Notat - Utgreiing om regionalt NAV- kontor
4. Rettslige rammer for innbyggerpanel etter kommuneloven – Brev frå kommunal- og distriktsdepartementet.
5. Protokoll generalforsamling 2025 for SognLab AS
6. Protokoll representantskapsmøte i SIMAS IKS 09.05.2025
7. Notat - avhending av kommunal veg - prosess, handlingsrom og vurderingar
8. Notat - utgreiing av basseng på Leikanger
9. Oversendingsbrev vedtak av prosjektplan for forvaltningsrevisjon
B. Orienteringar:
1. Belehalli v/ Henning Birger Sagevik
2. Ungdomsrådet v/ Håvard Fosse Hjelmeland og Jonas Aasen Engebø
3. Husbanken v/ Olav Ohnstad
4. Billagstomti v/ Allstad
5. SK 27 v/ tillitsvalde
6. Status Trudvang og Saften m.m v/ kommunedirektør
C. Drøftingar:
D. Spørsmål frå medlemmane Mari Husabø (SV):
I samband med bygging av den nye skulen i Sogndal sentrum, har SV følgjande spørsmål til kommunedirektøren:
1. Korleis har innspela ein fekk til hallflater i samskapingsfasen frå skulen og frå barn og unge blitt teken med i den vidare designprosessen og samspelsfasen?
2. Korleis er intensjonane og kunnskapsgrunnlaget frå prosjektet nyskapande aktivitetsanlegg ivaretekne jamfør det politiske vedtaket frå 11/2023 (30.3.23)?
3. Korleis er behova til ulike brukargrupper (både skulen, organiserte idrettslag og dei som ynskjer eigenorganisert aktivitet) vorte kartlagt? Har det blitt gjort analysar som inkluderer stemmer frå dei som ikkje deltek i organisert idrett? Kven er dei viktigaste målgruppene for fleirbrukshallen?
4. Kva vurderingar er gjort spesifikt knytt til behovet for fleire handballbaner? Dette er særleg aktuelt sidan me har fått oversikt over at det er ledig kapasitet i den fylkeskommunale hallen, og i Nyehallen til Sogndal fotball. Når det gjeld sambruk – kan me risikere at handballaktivitet for dei over 15 år uansett ikkje kan bruke eventuelle nye hallflater på grunn av klisterbruk, som ikkje er foreineleg med skulen og SFO sin bruk?
5. Korleis kan hallen, slik den no er planlagd, leggjast til rette for variert aktivitet som ikkje nødvendigvis følgjer dei tradisjonelle regelstyrde idrettane? Kva er dei konkrete planane for å inkludere rom for kreativ leik, sansemotoriske aktivitetar og eigenorganisert aktivitet, jamfør behova til skulen og barn og unge som ikkje deltek i organisert idrett?
6. Kan vi få opplysingar om korleis prioriteringar mellom idrettsfasilitetar og skulen sine behov er gjort økonomisk? Korleis kan vi sikre at skulen ikkje får redusert sine ressursar til fordel for idrettens spesifikke behov?
7. Har det i samband med behovskartlegginga vorte gjort ei kartlegging over dei ulike idrettslaga og undergruppene sine utgifter til halleige? Kan behova til til dømes handballen løysast på andre måtar, til dømes ved å sjå på ein annan økonomisk modell for halleige? Kan Sogndal kommune sjå til fylkeskommunen si Fritidserklæring, som har som mål å arbeide for at kostnadane vert låge, slik at økonomi ikkje hindrar deltaking? Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Spørsmålet vart svara ut i møte. Det kjem sak til kommunestyret i juni som vil belyse desse forholda.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 30/2025 i møte den 28.05.2025:
Handsaming
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.