Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Følgje opp varsel på kommunedirektøren frå Fagforbundet.

Sak 28/2025 · Kommunestyret 28. april 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Vedtak i sak nr. 6/2025 i Arbeidsgjevarutvalet sitt møte 14.04.2025 om oppfølging av varsel frå Fagforbundet vert oppheva.

2. Varselet frå Fagforbundet i nemnde sak skal følgjast opp av advokatkontoret Harris, i samsvar med resultatet av vektinga av dei innkomne tilboda i saka, gjort av eit samrøystes arbeidsgjevarutval. Bestillinga til det eksterne advokatkontoret er ei forundersøking. Resultatet av denne gjev eventuelt grunnlag for vidare oppfølging av saka. Formannskapet følgjer eventuelt opp dette.

3. Kostnadane med oppfølginga av varselet vert innarbeid i 1. tertial 2025

4. Kommunestyret ber formannskapet legge fram forslag til revidert «Varslingsreglement» med eit eventuelt eksternt varslingssekretariat, til møtet i kommunestyret 28. mai.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 28/2025 i møte den 28.04.2025:

Handsaming

Saka vart lagt fram utan tilråding. Habilitet:

Rita Navarsete (Frp) stilte spørsmål om habilitet til kommunedirektøren Kommunestyret røysta over, og fann kommunedirektøren habil til å vere til stades under handsaminga av saka, jmf forvaltningslova § 6 første og andre ledd.

Endringframlegg:

Fellesframlegg frå alle parti:

1. Vedtak i sak nr. 6/2025 i Arbeidsgjevarutvalet sitt møte 14.04.2025 om oppfølging av varsel frå Fagforbundet vert oppheva.

2. Varselet frå Fagforbundet i nemnde sak skal følgjast opp av advokatkontoret Harris, i samsvar med resultatet av vektinga av dei innkomne tilboda i saka, gjort av eit samrøystes arbeidsgjevarutval. Bestillinga til det eksterne advokatkontoret er ei forundersøking. Resultatet av denne gjev eventuelt grunnlag for vidare oppfølging av saka. Formannskapet følgjer eventuelt opp dette.

3. Kostnadane med oppfølginga av varselet vert innarbeid i 1. tertial 2025

4. Kommunestyret ber formannskapet legge fram forslag til revidert «Varslingsreglement» med eit eventuelt eksternt varslingssekretariat, til møtet i kommunestyret 28. mai.

Avrøysting:

Endringsframlegget vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.