Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Første utkast - Parkeringsstrategi for Sogndal kommune

Sak 26/2025 · Kommunestyret 10. april 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek første utkast av parkeringsstrategien med følgjande endringar:

1. Side 3 i PDF:

Innleiinga skal identifisere og vise til

• Kommunestyret sitt prinsippvedtak (K-SAK 10/2025)

• Særleg relevante punkt frå dei nemnde kommunale styringsdokumenta

• Kva konkrete nasjonale føringar som gjeld for parkeringsutvikling i distrikta.

• Andre kjelder og tilrådingar for beste praksis

2. Kommunestyret ber om at grunnlagsdokumenta som er nemnde i innleiinga, medrekna innspelsdokument frå parkeringsgruppa for Sogndal sentrum, følgjer som vedlegg til saka ved slutthandsaminga av parkeringsstrategien.

3. Side 4 i PDF, kulepunkt 1: Kulepunktet skal strykast, jf. vedtak i K-SAK 10/2025, bokstav C og D.

4. Side 6 i PDF, kulepunkt 3 skal lyde:

”Unngå overflateparkering der det er føremålstenleg, og vurdere moglegheitene for sambruk, underjordiske løysingar og parkeringshus”

5. Side 7 i PDF, kulepunkt 1 skal lyde:

”Byggje ut samanhengande parkeringsanlegg under bakken i sentrumsområde, med prioritet på Guro Ness-kvartalet og området rundt kommunehuset og sentrumsparken. Sjå framtidig utvikling av Fosshagen i samanheng med ny mobilitetsakse jf. områdeplan for Campus Sogndal”

6. Side 7 i PDF, kulepunkt 2 skal lyde:

”Tilpasse omfanget av overflateparkering i Fjøra for å frigjere areal til byliv, grøntstruktur og offentlege møteplassar.”

7. Side 8 i PDF, kulepunkt 4, og side 9, kulepunkt 2 (vurdere frivillig betalingsordning, Leikanger og Balestrand): Kulepunkta skal strykast.

8. Side 11 i PDF, kulepunkt 3 skal lyde (stryking):

”Inkludere god sykkelparkering og insentiv til grøne løysingar, til dømes gjennom

krav om ladeklart anlegg eller tilgang til bildelingsordning i nye bustadprosjekt.”

9. Side 13 i PDF, kulepunkt 5 skal lyde:

”Differensiere parkeringsavgift mellom korttid og langtidsbruk, og bruke frikjøpsordningar i nye utbyggingar som kan finansiere fellestiltak”

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 26/2025 i møte den 10.04.2025:

Handsaming

Frå utval for plan og samfunn låg det føre slik tilråding:

1. Kommunestyret har fylgjande innspel til ferdigstillinga av parkeringsstrategien:

a.….

Endringsframlegg:

Arnt Erik Nordheim (H) sette fram slikt framlegg:

1. Side 3 i PDF:

Innleiinga skal identifisere og vise til

• Kommunestyret sitt prinsippvedtak (K-SAK 10/2025)

• Særleg relevante punkt frå dei nemnde kommunale styringsdokumenta

• Kva konkrete nasjonale føringar som gjeld for parkeringsutvikling i distrikta.

• Andre kjelder og tilrådingar for beste praksis

2. Kommunestyret ber om at grunnlagsdokumenta som er nemnde i innleiinga, medrekna innspelsdokument frå parkeringsgruppa for Sogndal sentrum, følgjer som vedlegg til saka ved slutthandsaminga av parkeringsstrategien.

3. Side 4 i PDF, kulepunkt 1: Kulepunktet skal strykast, jf. vedtak i K-SAK 10/2025, bokstav C og D.

4. Side 6 i PDF, kulepunkt 3 skal lyde:

”Unngå overflateparkering der det er føremålstenleg, og vurdere moglegheitene for sambruk, underjordiske løysingar og parkeringshus”

5. Side 7 i PDF, kulepunkt 1 skal lyde:

”Byggje ut samanhengande parkeringsanlegg under bakken i sentrumsområde, med prioritet på Guro Ness-kvartalet og området rundt kommunehuset og sentrumsparken. Sjå framtidig utvikling av Fosshagen i samanheng med ny mobilitetsakse jf. områdeplan for Campus Sogndal”

6. Side 7 i PDF, kulepunkt 2 skal lyde:

”Tilpasse omfanget av overflateparkering i Fjøra for å frigjere areal til byliv, grøntstruktur og offentlege møteplassar.”

7. Side 8 i PDF, kulepunkt 4, og side 9, kulepunkt 2 (vurdere frivillig betalingsordning, Leikanger og Balestrand): Kulepunkta skal strykast.

8. Side 11 i PDF, kulepunkt 3 skal lyde (stryking):

”Inkludere god sykkelparkering og insentiv til grøne løysingar, til dømes gjennom

krav om ladeklart anlegg eller tilgang til bildelingsordning i nye bustadprosjekt.”

9. Side 13 i PDF, kulepunkt 5 skal lyde:

”Differensiere parkeringsavgift mellom korttid og langtidsbruk, og bruke frikjøpsordningar i nye utbyggingar som kan finansiere fellestiltak”

Avrøysting:

Endringsframlegga fekk slik avrøysting:

Punkt 1 og 2 - Samrøystes vedteke

Punkt 3 - Vedteke mot røystene til Sosialistisk venstreparti (4), Miljøpartiet dei grøne (1), Raudt (1) og Venstre (1)

Punkt 4 - Vedteke mot røystene til Sosialistisk venstreparti (4), Miljøpartiet dei grøne (1), Raudt (1) og Venstre (1).

Punkt 5 - Vedteke mot røystene til Famstegspartiet (3).

Punkt 6 - Vedteke mot røystene til Senterpartiet (7), Sosialistisk venstreparti (4), Miljøpartiet dei grøne (1), Raudt (1) og Venstre (1).

Punkt 7 - Vedteke mot røystene til Arbeidarpartiet (7), Framstegspartiet (3), Vibeke Johnsen (Sv) og Mari Husabø (Sv).

Punkt 8 - Vedteke mot røystene til Sosialistisk vensterparti (4), Miljøpartiet dei grøne (1), Raudt (1) og Venstre (1). Punkt 9 - Vedteke mot røystene til Sosialistisk vensterparti (4), Miljøpartiet dei grøne (1), Raudt (1) og Venstre (1).

Parkeringsstrategien med endringsframlegga:

Samrøystes.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.