Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål - kommunestyret 10. april 2025
Vedtak
Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål vart handsama:
A. Skriv og meldingar
1. Årsrapport 2024 – Musea i Sogn og Fjordane
2. Status i arbeidet med utgreiing i helse og omsorg
3. Arbeidet med SK27 som gir endringar i administrasjonen, lagt til saka 09.04.25
4. Frivilligaktivitet knytt til Sogndal Frivilligsentral og sal av Fjørevegen 17, lagt til saka 09.04.25
B. Drøftingar
1. Sognatinget
C. Orienteringar
1. Norane ungdomslag, Norane idrettslag og Norum Skyttarlag v/Stig Johnny Buvik, Svein Jarle Slinde og Jørgen Binningsbø.
2. Orientering om gangveg Nornes v/Torgeir Bang og Arne Ahlin.
D. Spørsmål
Bjørn Christian Weinbach (R):
1. Spørsmål om retningslinjer for bruk av kunstig intelligens (KI) i Sogndal kommune I Tromsø kommune vart det våren 2025 avslørt at kommunen hadde brukt KI ukritisk i arbeidet med ny skule- og barnehagestruktur. KI-verktøyet hadde blant anna foreslått fiktive forskingskjelder som gjekk uoppdaga inn i saksdokumenta. Av 18 referansar kunne berre sju sporast til faktiske publikasjonar (NRK, 2025a). Tromsø kommune sette difor i gang ei ekstern gransking og presiserte behovet for klare etiske retningslinjer for KI-bruk (NRK, 2025b) Etter det underteikna kjenner til har ikkje Sogndal Kommune spesifikke retningslinjer for bruk av KI blant kommunalt tilsette. Den eksisterande digitaliseringsstrategien frå kommunen (Sogndal kommune, 2022) legg opp til omfattande digitalisering, men nemner ikkje eksplisitt KI som teknologiområde. Spørsmål: «Har Sogndal kommune utarbeidd eigne retningslinjer, etiske føringar eller politiske vedtak som regulerer bruken av kunstig intelligens blant kommunalt tilsette? Dersom slike retningslinjer ikkje er på plass, vil ein ta initiativ til å få på plass klare retningslinjer og tiltak for forsvarleg bruk av KI, slik at me sikrar nødvendig kontroll, høg etisk standard og opprettheld tilliten innbyggjarane skal ha til Sogndal kommune sine tenester?»
Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Vart svara ut i møte.
Arnstein Hauståker (Ap):
1. ØKONOMISJEF I eit formannskapsmøte for ikkje så lenge sidan vart det stilt spørsmål om status og framdrift for den ledige stillinga som økonomisjef. Kommunedirektøren opplyste då at dei vurderte ulike løysingar. Det var ikkje sikkert om det vart utlysing og tilsetjing av ny økonomisjef, andre løysingar kunne også bli aktuelt, slik eg skjønte det. Dette svaret var overraskande og urovekkjande etter mi meining. Difor må eg etterlyse kva konklusjonen har vorte. Kommunedirektøren har sjølvsagt rett til å organisere drifta slik han meiner er best for kommunen, ingen tvil om det. Men som folkevalde er det både nødvendig og viktig for oss at me er sikre på at kommuneøkonomien blir trygt ivareteken, spesielt sidan det har vore hyppige skifte i den stillinga. Med eit krevjande budsjett og ein økonomiplan som har betydelege utfordringar i seg med omsyn til store investeringar og låneopptak dei neste åra, er eg oppteken av at me har dei rette kvalifikasjonane og kompetansen, ikkje berre kortsiktig her og no, men også den beste løysinga på økonomiansvaret dei komande åra. Med dei økonomiske utfordringane Sogndal kommune står overfor meiner eg det er ein økonomisjef me treng, at det er den beste løysinga. Spørsmålet blir då: Kva løysing har det vorte, blir det fortsatt økonomisjef i Sogndal kommune? I så tilfelle, med utlysing og tilsetjing, kva er prosessen og framdrifta i det? Viss annan løysing er valt, kva vurderingar ligg bak det valet? Og, kan kommunedirektøren forsikre kommunestyret at dette er ei fullgod løysing? Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Oppgåvene som låg til økonomisjef er fordelt mellom resten av avdelinga, som har nytta siste månadane på å endre og tilpasse arbeidsforma for å bidra til betre økonomistyring gjennom å jobbe endå tettare på resten av organisasjonen. Det er i tillegg rekruttert inn ein ny fagressurs til økonomi for å styrke den samla kapasiteten. Denne løysinga vert vurdert til å gi ei betre samla løysing enn den som har vore tidlegare.
2. KOSTRATAL Når kan me rekne med at Sogndal kommune sine Kostratal blir tilgjengelege? Og korleis er det tenkt at desse blir offentleggjorde?
Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør SSB publiserte førebelse KOSTRA-tal for 2024 17. mars. Dei korrigerte tala blir publisert 16. juni. I arbeidsdokumenta til finansutvalet brukar vi å presentere ein analyse av tala for Sogndal kommune.
Knut Henning Grepstad (Ap)
1. Kor mange tilsette i leiarstillingar i Sogndal kommune har slutta etter 1.6.2023? Eg ber om at tala vert fordelt på dei ulike leiar- og medarbeidar nivåa i sentraladministrasjonen og i sektorane.
Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Syner til svar på tilsvarande spørsmål i førre runde. Personalsystemet gir ikkje nokon enkel måte å hente ut desse svara frå dato til dato. Svaret vert ikkje detaljert ut over svaret sist, jf. kommunelova §13-1.
2. Vert det gjennomført sluttsamtalar der sluttårsaken vert kartlagt?
3. Korleis vert kartlegginga i eventuelle sluttsamtalar følgt opp? Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Det blir gjennomført sluttsamtalar og at oppfølging skjer i samsvar med anna personaloppfølging etter kommunelova § 13-1. Rita Navarsete (FRP) Prestebustaden i Sogndal og forfall, har ein ikkje planar for vedlikehald? Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Blei svara ut i møte.
Margrethe Haug (KRF) Prestebustaden i Sogndal, den er flittig i bruk.
Eg ønskjer å stille nokre spørsmål om min tidlegare arbeidsgivar Lerum sitt samarbeid med Sogndal Ressurssenter (SR) som er avslutta av Sogndal kommune. SR og Lerum har sidan om lag 2020 hatt eit samarbeid der SR har fått produkt som er utgått på Lerum sin del av haldbarheitstida (som er 1/3 av total haldbarheitstid), men som ikkje er utgått på dato. SR har selt desse vidare gjennom appen Too Good to Go, og har fått inntektene for dette. Bakgrunnen for samarbeidet var fleirdelt for Lerum. Unngå svinn, og bidra til at brukarane ved SR fekk fleire meiningsfylte arbeidsoppgåver. I 2024 tok Lerum igjen kontakt med SR for å spørje om det kunne vere aktuelt for dei å selje Lerum Sprudlande Eple. Dette ville ha fått dette produktet, som er eit produkt som vert brukt på idrettsarrangement, ut til forbrukarar som etterspør produktet, samtidig som brukarane fekk enno ei ekstra arbeidsoppgåve. I tillegg ville det generert inntekter til SR, og kanskje også fleire kundar inn som kunne kjøpt dei andre produkta SR lagar.
Etter ei tid fekk Lerum tilbakemelding om at det ikkje var mogleg å få til sal av Lerum Sprudlande Eple, og at samarbeidet om Too Good to GO også måtte avsluttast.
• Kva er årsak til at samarbeidet om Too Good To Go vart avslutta? Eit samarbeid som hadde gått bra i om lag 5 år.
• Kva er årsak til at SR ikkje kan selje produkt frå Lerum?
• Dersom det er rekneskapstekniske eller konkurranseforhold som gjer dette, er det mogleg å vurdere andre løysningar for å få dette samarbeidet opp å gå att?
Svar: Marit Reppen, kommunalsjef helse og omsorg Direkte vidaresal for ei bedrift som driver konkurranseverksemd kan vere omfatta av reglane om offentleg støtte. I tillegg er kommunen plikta til å halde seg innanfor lov om offentlege anskaffingar og ein må sikre at kjøp av varer og tenester er gjort i samsvar med lovverket. Eit ev. samarbeid med Lerum eller andre verksemder må skje i samsvar med regelverket og ein må innrette både sal av varer, tenester og ev. andre samarbeid.
Bjarte Haugen (V) Kva er status på arbeidet med arealplanen?
Svar: Sigrid Ølmheim, tenesteleiar for plan og forvaltning Arealplanen er ikkje sendt på avgrensa høyring til Statsforvaltaren og etatane som har varsla motsegn enno, og det vert jobba med plandokumenta for å sende den på høyring snarast mogleg. Oppdatert framdriftsplan:
- Avgrensa høyring i seks veker frå midten av mai, slik at me får høyringsuttaler før fellesferien
- Administrativt arbeid med høyringsuttaler i august
- Politisk arbeid med motsegner i september
- Ev. dialog med motsegnspartar i oktober og november
- Vedtak desember 2025 Det står att kvalitetssikring av plankartet, ferdigstilling av føresegnene og å oppdatere planomtalen til planen. Det står også att å teikne byggjegrense langs større vassdrag i byggjeområda i kommunen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 21/2025 i møte den 10.04.2025:
Handsaming
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.