Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar, spørsmål og interpellasjonar - kommunestyret 13. mars 2025
Vedtak
Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar, spørsmål og interpellasjon vart handsama:
A. Skriv og meldingar
1. Status for arbeidet med arealplanen
2. Oversyn over politiske vedtak med utgreiingar og status på desse 3a-f. Brev til Statens Vegvesen – klage på vedtak 4a-c. Oversendingsbrev frå kontrollutvalet – bestilling i kommunestyresak 6/2025
5. Brev til kommunestyret frå Fagforbundet – Tilbakemelding på vedtak gjort ang.varsling.
6. Brev til kommunestyret frå Fagforbundet – Varsling - Tilleggsopplysingar
7. Referat eigarmøte Sogn og Fjordane Holding AS, 24.02.25
B. Drøftingar 1a-b. Oppspel til Sognatinget 7. april 2025
C. Orienteringar
1. KS Konsulent v/Åsbjørn Vetti
2. Sogn brann og redning IKS v/Brann- og redningssjef Vidar Trettenes og styreleiar Oddbjørn Ese
3. Sogn barnevern. Vart handsama i sak 14/2025.
4. Fylkeshuset v/Tore Oddvin Stølen
5. Høgskulen på Vestlandet om SognaBLU v/Osvald Lykkebø og Hege Fimreite
Frå kommunedirektøren:
6. Årsresultat
7. Arbeidet med tillit, demokratisering av arbeidet, avbyråkratisering og omstilling (SK27) Vart handsama som eiga sak 20/2025.
8. Søksmål frå tidlegare tilsett
D. Spørsmål Espen Sæterbø (Sp):
1. Elevane våre i grunnskulen har kompetansemål i læreplanen i høve svømmeopplæringa. Har Sogndal kommune oversikt over om ein klarar å etterleve desse, og i so fall; kor stor andel av elevane klarar desse krava? Her har ein jo til dømes kompetansemålet etter 4.trinn:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne være svømmedyktig ved å falle uti på dypt vann, svømme 100 meter på magen, og underveis dykke ned og hente en gjenstand med hendene, stoppe og hvile i 3 minutter (og samtidig flyte på magen, orientere seg, rulle over og flyte på ryggen), og deretter svømme 100 meter på rygg og ta seg opp på land.
Og, vidare: på grunn av relativt lange avstandar til næraste basseng i kommunen for fleire av elevane våre, så fell mykje undervisning vekk i reising. Har vi oversikt over kva dette fører til i tapt undervisning i andre fag?
Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef oppvekst Rektorane ved skulane i Sogndal kommune vurderer at om lag 70 –100 % av elevane når kompetansemåla i knytt til symjing i kroppsøvingsfaget. Sagatun skule har symjinga si i Høyangerbadet og reiseavstanden er på 40 km kvar veg. Reisetid kjem i tillegg til symjeopplæringa. Noko av reisetida vil vere i friminutt, medan noko vil vere undervisningstid. Fjærland skule har eige symjebasseng og har ikkje reisetid. Dei andre skulane får opplæringa si i symjehallen på Kvåle, og reiseavstanden varierer frå 23 km til 0 km. Noko av reisetida vil vere i friminutt, medan noko vil vere undervisningstid. Rita Navarsete (Frp):
2. Sogndal frp har fått mange henvendelser ang eit gebyr som står på fakturaen fra Simas: Andre kommunale renovasjonskostnader Kva er dette? Er dette noko som er lovleg å ta inn, er dette vedteke av kommunestyret i prisheftet?
Svar: Bente Kristin Sæhl, leiar rekneskap I prisheftet punkt 18.2 står det følgjande: "Det er ikkje kommunalt tillegg for slam for 2025, men kommunalt tillegg på kr. 175 for renovasjon". Det rette beløpet er 142 kr, og er det som er fakturert ut. Gebyret skal vere med å dekke kostnadene med opprydding av kommunale avfallsplassar for hushaldsavfall (Kvernhushaugen og Kvåle), og er heimla i ureiningslova §34.
Magnhild Sægrov (V):
3. Spørsmålet er om beredskap, eg vil gjerne ha skriftleg svar. Det er sikkert i seinaste laget å sende inn, men eg treng jo ikkje umiddelbart svar i morgon. (Det går an å få svar skriftleg i referatet etterpå, har eg skjøna?) Spørsmålet er slik:
"Skuleskyting: I byrjinga av februar var det ei skuleskyting i Sverige med fleire døde og hardt skadde. I etterkant vart det sagt av tilsette ved skulen at dei hadde øvd på slike situasjonar, og at dei difor visste kva dei skulle gjere då dei sto oppe i det. Dei som vart intervjua ved skulen i Sverige, meinte at dette hadde vore med på å redde liv denne dagen.
Det har visstnok vore gjennomført øving ved skular i Bergen (Amalie Skram vgs) der det vart avdekka at leiinga hadde problem med å få tak i lærarane under hendinga, sidan dei ikkje har mobiltelefon i jobben. Slike ting er viktig å vite viss me skal vere budd på slike hendingar hjå oss i Sogndal. Korleis har slike øvingar vore gjennomført i skulane i Sogndal kommune? Det har gjerne vore sokalla PLIVO-øvingar, men har lærarane og andre tilsette i skulane vore med på slike øvingar? Eller er det planlagd slike øvingar som involverer lærarane framover?" Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef oppvekst Skulane har rutinar for handtering av vald og truslar, og i skulane sine årshjul ligg dette inne som tema i oktober kvart år. Sidan slike hendingar alltid vil utarte seg på ulike måtar er det ingen rette og gale svar. Den største effekten vi ser er at dette er tema for refleksjonar og skrivebordøvingar i personalet. På denne måten får dei tilsette reflektert rundt korleis dei skal handtere ein situasjon i lokala der dei til dagleg har opplæring. Relevante spørsmål i ei slik førebuing kan til dømes vere:
• Kva er mi rolle dersom ein slik situasjon oppstår?
• Korleis kan eg raskt vurdere om det er tryggast å evakuere, gøyme meg eller sperre av klasserommet?
• Kva ruter kan eg bruke for å evakuere elevane mine?
• Korleis låser eg og forsterkar døra dersom eg må sperre klasserommet?
• Korleis vil min klasse reagere på ei slik hending?
Sogndal kommune har ikkje gjennomført eller planlagt øving konkret på pågåande livstruande vald (PLIVO). Vi vurderer storøving med naudetatane som relevant, og deltek gjerne i slik samanheng. Vidare har vi arbeidd med tema i planlegging av ny skule. Politiet melder her tilbake tilkomst naudetatar og skiltplanar som dei to viktigaste elementa.
E. Interpellasjonar
1. Frå Erlend Fardal Lunde (Ap), sjå vedlegg E1.
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar:
Ordføraren kjenner til engasjementet knytt til manglande erfaringskonsulent på rusfeltet. Dette har også vore teke opp av Politiet i Politirådet for Luster, Sogndal og Vik. Ordføraren vil be kommunedirektøren gjere ei utgreiing og komme attende med vurdering korleis Sogndal kommune kan engasjere ein erfaringskonsulent på rusmiddelfeltet. Ordføraren vil be administrasjonen undersøke korleis eksterne midlar som er mogleg å søkje på for Sogndal kommune.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 13/2025 i møte den 13.03.2025:
Handsaming
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.