Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål - kommunestyret 6. februar 2025

Sak 1/2025 · Kommunestyret 6. februar 2025 · Behandlet

Vedtak

Følgjande skriv, meldingar, drøftingar og orienteringar og spørsmål vart handsama:

A. Skriv og meldingar

1. Årsmelding Christine Leigh's Reconvalescenthjem 2a-e. Oversending av møtebok frå kontrollutvalet til orientering

3. Status for arealplanen, notat

B. Drøftingar

C. Orienteringar

1. Visit Sognefjord

2. KS Konsulent - Orienteringa vart handsama i sak 12/2025.

Frå ordførar:

1. Sognarådet

Frå kommunedirektør:

1. Arbeidet med tillit, omstilling og avbyråkratisering i kommunen

2. Utbyggingsprosjekt

D. Spørsmål

Bjørn Christian Weinbach (R):

Mogleg eg bryter politisk reglement her. Men eg prøver meg på å sende inn spørsmål med eit videovedlegg. I vedlagte video, frå ein innbyggjar i Sogndalsfjøra, ser ein det som kan likne kloakk som blir ete av endene i Sogndalselvi. Opptaket er gjort ved gangbrua. Sjølv har eg lagt merke til røyr som slepp ut avfall nedanfor Nortura bygget som luktar ille. Det er også tilsvarande utslepp nedanfor Hofslund Hotell ved fjordstien. Spørsmål(a) er då følgjande:

1. Er det kloakk ein ser på videoen og er dette i tråd med lovar og regler for miljøforureining? Kva med dei andre lokasjonene?

Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Det er kloakk ein ser i videoen. Utsleppet skuldast ei tett kloakkleidning som gjer at kloakken renn over i eit overvassrøyr med utløp til elva. Me har hyra inn spyle-/sugebil for å fjerna blokkeringa. Utslepp av ureinsa avløpsvatn til elva skal i normalsituasjon ikkje førekoma. Det vart i 2021 gjennomført tiltak/omkoplingar på avløpsnettet for å fjerna kloakkutsleppet ved Hofslund Hotell. Me har ikkje fått melding om problem etter dette, men om det framleis er eit problem skal me ta tak i det. Ved Nortura har me ikkje kjende kommunale direkteutslepp til fjorden, men om me får meir informasjon om når og kor vil me undersøkja vidare. Sogndal kommune har hatt dykkarar inne for å kartlegge alle utsleppsleidningar. Ut frå dette arbeider vi med ein plan for å gjere om systema der forlenging av leidningane er et tiltak.

2. Kva er den overordna situasjonen i Sogndal, kor mange stadar blir kloakk sluppet ut?

Svar:

Alle avløpspumpestasjonar og -reinseanlegg vert bygde med overløp som skal sende kloakken ut i fjorden eller elva når nettet vert overbelasta. I tillegg finst enkelte regnoverløpskummar ute på nettet. Utan slike "sikkerheitsventilar" ville ein fått betydeleg fleire tilfelle av oversvømte kjellarar og kloakk ut av kumlokk i gata ved store nedbørshendingar eller teknisk svikt på anlegga. Det er eit viktig mål å halda talet på overløpshendingar til eit minimum. Avløps- og overvassnettet i Sogndal er komplisert, og spesielt i eldre delar av nettet har me ikkje full kontroll over kvar alle røyr kjem frå og går til. Utsleppet i videoen er eit døme på denne problematikken. Frå gamalt av var det vanleg å legge overvann leidning og avløpsleidning i same røyr. Dette gir svært stor mengde i røyr og pumpestasjonar under mykje nedbør. Denne metoden er ikkje nytta i dag ved nyetablering av system. Det er finst nok dessverre fleire tilfelle av direkteutslepp som dette grunna blanding av gamle og nye metodar for separering av type røyr. Me oppmodar innbyggjarane til å melda inn slike avvik. Ein kan nytte «Meld feil» på kommunen si heimeside. Miljøavdelinga i kommunen er ureiningsmynde, og arbeidar for tida med eit tilsyn på dei kommunale avløpsanlegga.

3. Blir kloakk rensa for miljøgifter og anna miljøskadeleg forurensning, inklusivt miljøgifter som har fått aukande merksemd dei siste åra, som til dømes PFAS?

Svar:

Avløpsanlegga i Sogndal har i dag mekanisk reinsing (primærreinsing) av kloakk i form av siler og slamavskillarar for å fjerna/redusera faststoff og partiklar. Me har ikkje spesifikke reinseprosessar for PFAS eller liknande kjemikaliar. Dette er ikkje eit krav i dag, og vert truleg berre eit krav for store avløpsanlegg (>150 000 PE) i det komande avløpsdirektivet. Det vil derimot med det nye avløpsdirektivet koma strengare reinsekrav for våre anlegg (sekundærreinsing), som krev oppgradering av alle reinseanlegg med meir enn 1000 PE (personekvialentar).

4. Korleis vil dei nye investeringane i avløpssystemet løyse desse utfordringane?

Svar:

Kommunen arbeider for tida med ein ny hovudplan for avløp for den komande 12- årsperioden. Planen skal skildra tilstanden på anlegga og behova for investeringar. Aktuelle tiltak er kartlegging og utskifting av gamle røyrstrekk, separering av kloakk og overvatn og nye reinseanlegg.

Bjarte Haugen (V):

5. Korleis ligg Sogndal kommune sine skular (og barnehagar) an med programmering? Får elevane no opplæring i programmering gjennom heile grunnskuleløpet, slik som i Årdal? Kva er gjort for å gje lærarane etterutdanning i programmering?

Svar: Kommunalsjef for oppvekst, Kenth Rune Teigen Måren Sogndal kommune legg til rette for at elevane skal få opplæring i programmering og algoritmisk tenking i alle dei fire aktuelle faga, som det er tilhøyrande kompetansemål

i. Skulane har tidlegare gitt lærarar kompetanseheving via Vitemeir sitt 40-timars kurs for lærarar, samt nokre studiar i emnet. Det er nok behov for å halde oppe trykket rundt dette, m.a. for å utjamne skilnader i undervisninga. Kommunen har òg investert i programmeringsutstyr gjennom eiga tilskotsordning frå Udir og utvikla ei eiga nettside for lærarar med oversikt over utstyr, kompetansemål og undervisningsopplegg: Programmering i Sogndalsskulen. Denne sida er òg tilgjengeleg via kommunen si digitaliseringsside. Sogndalsskulane har markert seg sterkt i Lego League, der Kaupanger og Leikanger barneskule dei siste tre åra har gått vidare til landsfinalen. Den kan de òg lese om på nemnte side. Lego League Dette viser at det er eit stort potensial og engasjement for programmering i skulane, men òg at vi kan utvikle dette vidare for å sikre at alle elevar får like gode moglegheiter til å lære programmering gjennom heile grunnskuleløpet.

6. Korleis går det med miljøkampanje ala Luster som me har vedteke tidlegare?

Svar: Karl-Kristian Muggerud, miljørådgjevar Status er at me har undersøkt hold Norge rent sine nasjonale ryddedugnadar (https://holdnorgerent.no/nasjonale-ryddedugnader), og vil sjå om me kan nytte ein eller fleire av desse. Miljøavdelinga følgjer opp saka.

Inga Henjum Halsnes (Sv):

7. Trafikktryggleik for mjuke trafikkantar i Njøsavegen, Leikanger. Det har i lang tid vore snakka om trafikktryggleiken for gåande og syklande som brukar Njøsavegen. Spesielt gjeldt dette barn som brukar vegen som skuleveg. Eg syklar eller køyrer der meir eller mindre kvar dag sjølv, og det er fleire parti som er direkte farlege. I tillegg har det i haust vore ekstra ille med all tungtransporten, både til bygginga av fylkesarkivet, men ikkje minst uthenting av tømmer frå Henjadalen med enorme trailera med hengera. Eg er klar over at det for fleire av ungane eg møte finnes alternative skulevega, men det er no ein gong slik at det er fleire som går eller sykle der, og det er ein del ungar som faktisk ikkje har noko valg enn å måtte gå dela av skulevegen sin på Njøsavegen. Eg er òg klar over at det er ein fylkeskommunal veg, og at det har vore snakka om gangveg tidlegare, men opplever at det ikkje har vore noke framgang og lurer på følgande:

- kva vurderingar har kommunen gjort seg, er det nokon planar for å auke trafikktryggleiken på kort eller lang sikt?

- har Fylkeskommunen gitt nokre signal, eller kvar ligg den eventuelle «ballen» i dag?

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Ordførar vil følgje opp med leiar i samferdsleutvalet.

Espen Sæterbø (Sp):

8. Bustadtomter på Leikanger - Oppfølgjing av sak 18/2024 – handsaming av arealplan vart det vedteke at "Kommunestyret ber kommunedirektøren om å kome attende med alternative bustadtomter på Leikanger som kan verta byggjeklare innan eitt til to år. " Det har i lang tid vore ei stor mangel på byggjeklare bustadtomter på Leikanger, og spørsmålet mitt er kva er status på dette?

Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Det er gjort eit innleiande kartleggingsarbeid av tomtesituasjonen på Leikanger, og i gjeldande arealplan finst der fleire tomter som kan realiserast og leggast ut i marknaden med omsyn til planstatus. Desse er ikkje i kommunalt eige, og kommunen har difor ikkje høve til å gå direkte inn i framdrift og realisering av desse. Det er også høve til å fortette og utvide nokre av dei eksisterande byggefelta, men dette vil krevje endring i reguleringsplan. Det har ikkje vore høve til å prioritere dette med eigne ressursar til no, gitt kapasiteten på planarbeid i eigen organisasjon. Vidare arbeid med denne saka vil legge til grunn føringane gjevne i eigedomsstrategien til Sogndal kommune, vedteken i sak 84/2024 i kommunestyremøte den 7. november 2024. Endringar som krev regulering vil også måtte sjåast i samanheng med arealplanprosessen.

9. Det gjeld fylkesveg 5609 Njøsavegen i Leikanger. Dette er ein veg med mykje trafikk, deriblant mykje tungtrafikk og det er også skuleveg for mange ungar. Vegen vart spelt inn av Sogndal kommune i 2022 som eit av dei prioriterte prosjekta i samband med regional transportplan. Kva er status på denne saka?

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Ordførar vil følgje opp med leiar i samferdsleutvalet.

Rita Navarsete (Frp):

10. Kva er status på utlysing og tilsetjing av ny Økonomi sjef i Kommunen? Kor tid sluttar noverande?

Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Vedkommande har siste arbeidsdag 14. februar. Det blir no køyrt ein prosess med dei tilsette og tillitsvalde om korleis arbeidet skal organiserast vidare.

11. Parkeringsfondet for 2024:

Det har virka som ein felles oppfatning at det i fjøra i Sogndal sentrum er ein del forfall og at området ikkje er innbydande for folk å opphalde seg. Parkeringsfondet er vedteke brukt der det er parkeringsavgift. Vi foresler difor at overskotet på parkeringsfondet for 2024 vert brukt til forskjønnande tiltak i fjøra. Kor mykje er det i overskot for 2024? Kan kommunedirektøren støtta dette utfrå intensjonen til fondet?

Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Endeleg årsresultat er ikkje klart, men ein førebels prognose er om lag 8 mill. kr. Kommunedirektøren er samd i at slike tiltak er innanfor intensjonen til fondet, og vil kome attende med ei sak til plan og samfunnsutvalet om dette.

Gunnhild Bøyum (H):

12. I kommunestyre 19.12.2024 sak 100 vedtok kommunestyre fylgande: Punkt 5:

«Kommunestyret ber ordførar ta initiativ til eit felles møte mellom formannskapet, leiande representantar frå SVV og representantar frå Stortinget, med mål om ei snarleg avklaring av kommunedelplan for Rv 5 gjennom Kaupanger. Kommunestyret opplever den uavklarte situasjonen som uhaldbar, og bandlegginga av areal som uheldig for utviklinga på Kaupanger.» Kva er status for vedtaket?

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Ordføraren vil følgje opp saka.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 1/2025 i møte den 06.02.2025:

Handsaming

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.