Sal av Tinghuset (Skrivarvegen 7)
Vedtak
Tinghuset (Skrivarvegen 7) vert ikkje lagt ut for sal no.
Det er eit verdifullt område og det er viktig at kommunen har styring og full kontroll. Det er viktig å sjå Tinghuset i samanheng med kva som skjer med lokala som Digdir flytter ut frå ved årsskiftet. Administrasjonen bør vurdere om det er mogleg å få til alternativ bruk av huset, t.d. å etablere barnehagedrift i bygget.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 9/2025 i møte den 06.02.2025:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Kommunestyret vedtek å lyse ut Tinghuset (Skrivarvegen 7) ut for sal i den frie marknaden. Det er berre bygningen med adresse Skrivarvegen 7 og omkringliggande tomt som er omfatta av salet, i samsvar med skissa i saka. Salet er føresett at endeleg avgrensing av eigedomen vert gjort i eiga oppmålingsforretning.
2. Salet er føresett at alternativ bruk av eigedommen vil krevje detaljregulering.
Endringsframlegg:
Arbeidarpartiet sette fram slikt framlegg til vedtak:
Tinghuset (Skrivarvegen 7) vert ikkje lagt ut for sal no. Det er eit verdifullt område og det er viktig at kommunen har styring og full kontroll. Det er viktig å sjå Tinghuset i samanheng med kva som skjer med lokala som Digdir flytter ut frå ved årsskiftet. Administrasjonen bør vurdere om det er mogleg å få til alternativ bruk av huset, t.d. å etablere barnehagedrift i bygget.
Avrøysting:
Tilrådinga frå formannskapet fekk 9 røyster frå Høgre (4), Kristeleg Folkeparti (2), Idar Kollsete (Frp), Rune Haug (Frp) og Ole Marius Folkestad (Sv), og tilrådinga vart ikkje vedteken. Framlegget frå Arbeidarpartiet fekk 22 røyster frå Arbeidarpartiet (8), Senterpartiet (7), Raudt, (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Venstre (1), Rita Navarsete (Frp), Vibeke Johnsen (Sv), Inga Henjum Halsnes (Sv) og Mari Husabø (Sv), og framlegget vart vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.