Prinsippavklaringar nye Trudvang skule
Vedtak
1. I samspelsfasen for ny 1-7 barneskule og SFO i Sogndal sentrum og ny basisog fleirbrukshall, skal ein legge til grunn alternativet med å realiseringav funksjonaliteten til ein basishall gjennom tilbygg til fleirbrukshallen (alternativ 3).
2. Kommunestyret ber kommunedirektøren koma attende med ei eiga sak med utgreiing av eit parkeringsanlegg under jorda som eit mogleg samarbeidsprosjekt mellom deler av Sogndal kommune sitt areal i sentrum, areal under Leighgota, naboeeigedomar og private parkeringsprosjekt. Prosjektet skal romme inn til 400 nye parkeringsplassar.
3. Kommunedirektøren vert oppmoda om å utgreie finansieringsløysingar for:
A. Ekstrakostnaden til funksjonaliteten til ein basishall som tilbygg til fleirbrukshallen.
B. Ekstrakostnaden med eit underjordisk parkeringsanlegg som eit samarbeidsprosjekt med plass til inntil 400 bilar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 11/2025 i møte den 06.02.2025:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. I samspelsfasen for ny 1-7 barneskule og SFO i Sogndal sentrum og ny basis og fleirbrukshall, skal ein legge til grunn alternativet med å realisering av funksjonaliteten til ein basishall gjennom tilbygg til fleirbrukshallen (alternativ 3).
2. Kommunedirektøren skal utgreie finansieringsløysing for ekstrakostnaden til funksjonaliteten til ein basishall som tilbygg til fleirbrukshallen.
Endringsframlegg:
Høgre sette fram slikt framlegg:
Samspelsfasen vert avbroten og anbodet lyst ut på nytt, jf. forslag i kommunestyret 19.12.24. Kommunestyret ønskjer at tomtealternativet på Kvåle vert vurdert på nytt.
Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Framstegspartiet sette fram slikt framlegg:
1. I samspelsfasen for ny 1-7 barneskule og SFO i Sogndal sentrum og ny basisog fleirbrukshall, skal ein legge til grunn alternativet med å realiseringav funksjonaliteten til ein basishall gjennom tilbygg til fleirbrukshallen (alternativ 3).
2. Kommunestyret ber kommunedirektøren koma attende med ei eiga sak med utgreiing av eit parkeringsanlegg under jorda som eit mogleg samarbeidsprosjekt mellom deler av Sogndal kommune sitt areal i sentrum, areal under Leighgota, naboeeigedomar og private parkeringsprosjekt. Prosjektet skal romme inn til 400 nye parkeringsplassar.
3. Kommunedirektøren vert oppmoda om å utgreie finansieringsløysingar for:
A. Ekstrakostnaden til funksjonaliteten til ein basishall som tilbygg til fleirbrukshallen.
B. Ekstrakostnaden med eit underjordisk parkeringsanlegg som eit samarbeidsprosjekt med plass til inntil 400 bilar.
Avrøysting:
Framlegget frå Høgre fekk 4 røyster frå Høgre (4), og framlegget fall.
Tilrådinga frå formannskapet fekk 4 røyster frå Raudt (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Arnt Erik Nordheim (H) og Cathrine Stigen Bøen (H), og tilrådinga fall.
Punkt 1 i framlegget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Framstegspartiet vart samrøystes vedteke. Punkt 2 i framlegget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Framstegspartiet vart vedteke mot 4 røyster frå Raudt (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Arnt Erik Nordheim (H) og Cathrine Stigen Bøen (H). Punkt 3 i framlegget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Framstegspartiet vart vedteke mot 1 røyst frå Raudt (1).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.