Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Revidering av ordning for forskottering av spelemidlar

Sak 8/2025 · Kommunestyret 6. februar 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Ordninga for forskottering av spelemidlar blir revidert.

2. Ordninga skal ha følgande retningslinjer for handsaming av søknadar frå frivillige lag og organisasjonar i Sogndal kommune:

a. Utlån frå disposisjonsfondet til kommunen med ramme på inntil seks mill. per år. Det kan ikkje forskotterast meir enn seks mill. kroner per år.

b. Maksimalt forskotteringsbeløp per søknad i løpet av eit år er to mill. kroner.

c. Før utbetaling av forskottering må spelemiddelsøknaden vere godkjend av fylkeskommune og kommune.

d. Ein søkjar kan motta forskottering for eit anlegg fleire gonger med maksbeløp på to mill. per år.

e. Søkjarar om ordinære anlegg skal betale renter for forskottering på lik linje som eit kommunalt lån. For søkjarar om nærmiljøanlegg skal forskotteringa vere rentefri.

f. Dersom tilsegnbeløpet frå fylkeskommunen vert mindre enn tidlegare utbetalt forskotering må søkjar betale tilbake resterande beløp innan tre månadar etter tilsegn er gjeve frå fylkeskommunen og beløpet er gjort kjend.

g. Delegert mynde til kommunedirektøren om å dele ut forskotteringsmidlar innafor ramma etter denne prioriteringa:

1. Nærmiljøanlegg blir prioritert over ordinære anlegg.

2. Vidare skal ein følgje prioriteringslista i handlingsprogrammet til plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv som er vedteken i kommunestyret i samband med søknadsprosessen om spelemidlar kvart år.

h. Søkjar kan sende inn søknad om forskottering frå 15. januar til 15. april. 15. april kjem endeleg svar frå fylkeskommune om kven som har godkjend søknad og ikkje. Vedtak, prioritering og utbetaling av forskottering vil skje snarast etter 15. april. Dersom det er midlar igjen innanfor ramma vert det opna for løpande søknadar etter 15. april og ut året.

3. Formannskapet ber kommunedirektøren kome attende med ei sak om sak for desentralisert ordning for tilskudd til kulturbygg.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 8/2025 i møte den 06.02.2025:

Handsaming

Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:

1. Ordninga for forskottering av spelemidlar blir revidert.

2. Ordninga skal ha følgande retningslinjer for handsaming av søknadar frå frivillige lag og organisasjonar i Sogndal kommune:

a. Utlån frå disposisjonsfondet til kommunen med ramme på inntil seks mill. per år. Det kan ikkje forskotterast meir enn seks mill. kroner per år.

b. Maksimalt forskotteringsbeløp per søknad i løpet av eit år er to mill. kroner.

c. Før utbetaling av forskottering må spelemiddelsøknaden vere godkjend av fylkeskommune og kommune.

d. Ein søkjar kan motta forskottering for eit anlegg fleire gonger med maksbeløp på to mill. per år.

e. Søkjarar om ordinære anlegg skal betale renter for forskottering på lik linje som eit kommunalt lån. For søkjarar om nærmiljøanlegg skal forskotteringa vere rentefri.

f. Dersom tilsegnbeløpet frå fylkeskommunen vert mindre enn tidlegare utbetalt forskotering må søkjar betale tilbake resterande beløp innan tre månadar etter tilsegn er gjeve frå fylkeskommunen og beløpet er gjort kjend.

g. Delegert mynde til kommunedirektøren om å dele ut forskotteringsmidlar innafor ramma etter denne prioriteringa:

1. Nærmiljøanlegg blir prioritert over ordinære anlegg.

2. Vidare skal ein følgje prioriteringslista i handlingsprogrammet til plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv som er vedteken i kommunestyret i samband med søknadsprosessen om spelemidlar kvart år.

h. Søkjar kan sende inn søknad om forskottering frå 15. januar til 15. april. 15. april kjem endeleg svar frå fylkeskommune om kven som har godkjend søknad og ikkje. Vedtak, prioritering og utbetaling av forskottering vil skje snarast etter 15. april. Dersom det er midlar igjen innanfor ramma vert det opna for løpande søknadar etter 15. april og ut året.

3. Formannskapet ber kommunedirektøren kome attende med ei sak om sak for desentralisert ordning for tilskudd til kulturbygg.

Avrøysting:

Samrøystes.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.