Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Ekstern bistand frå KS

Sak 103/2024 · Kommunestyret 20. desember 2024 · Behandlet

Vedtak

Sogndal kommunestyre gjev formannskapet fullmakt til å følgje opp situasjonen i kommunen. Kommunestyret ber formannskapet omgåande om å hente inn ekstern bistand frå KS Konsulent og eventuelt andre nødvendige ressursar, som til dømes Norsk Kommunedirektørforum. Som del av arbeidet skal ein mellom anna undersøke og foreslå forbetringstiltak for:

-samarbeidet mellom dei folkevalde og i dei folkevalde organa. -samarbeidet mellom ordførar, varaordførar, andre folkevalde og kommunedirektøren som øvste leiar av administrasjonen.

Kommunestyret skal så snart som mogleg få framlagt ei tilråding med aktuelle tiltak for å betre tilhøva mellom aktørane og samhandlinga dei i mellom, og seinast i møte 6.februar skal kommunestyret få ei orientering om framdrifta i arbeidet.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 103/2024 i møte den 20.12.2024:

Handsaming

Tilråding til vedtak:

Sogndal kommunestyre gjev formannskapet fullmakt til å følgje opp situasjonen i kommunen.

Kommunestyret ber formannskapet omgåande å hente inn ekstern bistand frå KS. Som del av arbeidet skal ein mellom anna undersøke og foreslå forbetringstiltak for:

• samarbeidet mellom dei folkevalde og i dei folkevalde organa.

• samarbeidet mellom ordførar, varaordførar, andre folkevalde og kommunedirektøren som øvste leiar av administrasjonen.

Det skal leggast fram ei tilråding med aktuelle tiltak for å betre tilhøva mellom aktørane og samhandlinga dei i mellom.

Kontrollutvalet kan på eige initiativ starte eigen undersøking av saka.

Kommunestyret er mottakar av resultatet av arbeidet.

Endringsframlegg:

Kommunestyret sette fram slikt framlegg:

Sogndal kommunestyre gjev formannskapet fullmakt til å følgje opp situasjonen i kommunen. Kommunestyret ber formannskapet omgåande om å hente inn ekstern bistand frå KS Konsulent og eventuelt andre nødvendige ressursar, som til dømes Norsk Kommunedirektørforum. Som del av arbeidet skal ein mellom anna undersøke og foreslå forbetringstiltak for:

-samarbeidet mellom dei folkevalde og i dei folkevalde organa. -samarbeidet mellom ordførar, varaordførar, andre folkevalde og kommunedirektøren som øvste leiar av administrasjonen. Kommunestyret skal så snart som mogleg få framlagt ei tilråding med aktuelle tiltak for å betre tilhøva mellom aktørane og samhandlinga dei i mellom, og seinast i møte 6.februar skal kommunestyret få ei orientering om framdrifta i arbeidet.

Ordføraren sette fram slikt framlegg:

Tilråding til vedtak vert trekt.

Avrøysting:

Framlegget frå kommunestyret vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.