Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar, spørsmål - kommunestyret 19. desember 2024
Vedtak
Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål vart handsama:
A. Skriv og meldingar:
1. Status lokalmat- og drikkesatsing
2. Protokoll frå representantskapsmøte i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap
3. Høyringssvar om forslag til lov om besøksbidrag
B. Orienteringar:
1. Parkeringsstrategi v/parkeringsgruppa
2. Presentasjon nye Trudvang skule
C. Drøftingar:
D. Spørsmål frå medlemmane
Espen Sæterbø (Sp):
1. Spørsmålet gjeld streaming av kommunestyremøta og formannskapsmøta. Det er veldig bra at Sogndal kommune praktiserer streaming av dei politiske møta. Det passar inn i målet om å vera ein open kommune. Og det skapar engasjement hjå innbyggjarane våre. Og desse opptaka blir liggande ute, slik at folk kan sjå på møta i ettertid. Blir desse opptaka bevart til evig tid? Er det gjort bevaringsvurdering av desse møta? Desse opptaka har både kulturell og forskningsmessig verdi. Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar
Vart svara ut i møte.
Bjarte Haugen (V):
2. Har Sogndal kommune per i dag ein plan eller eit system på plass for separat innsamling, ombruk og materialgjenvinning av tekstilavfall, slik som krav i det nye regelverket som trer i kraft frå 2025? Om ja, korleis kan innbyggjarane få tilgang til denne informasjonen, og korleis blir innsamlinga praktisk organisert?
Svar: Dagny Karin Ugulsvik Alvik, direktør Simas.
Ja, vi vil legge til rette for levering av tekstilavfall på miljøstasjonane. Vi har inngått avtale med Fretex som vi også samarbeider med på tekstil til ombruk. Tekstilavfallet blir sendt til Polen, der det blir sortert ut i følgjande fraksjonar:
Forberedelse til ombruk, materialgjenvinning og til forbrenning. Vi vil lage informasjon som blir delt i våre kanalar. Det er fint om Sogndal kommune også vil dele det på si heimeside.
Rune Haug (Frp):
3. Har tidlegare stilt spørsmål til ordføraren om framstøyt til VLFK om mellombels sikring rundt Esefjorden i påvente av Esefjordbrua. No er premissane endra, når brua er teken ut av økonomiplanen til VLFK. Viser til uttale frå Bøthun. Er det 28 tafatte representantar i kommunestyret? Unntaket er dei tre representantane frå FRP, som har vore aktive i at brua har vore urealistisk. Så eg gjentek spørsmålet til ordføraren, har ordføraren tenkt å påverke til å finne mellombelse sikringstiltak rundt Esefjorden?
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar
Vart svara ut i møte. Arnt Erik Nordheim (H):
4. Viser til spørsmål frå Sogndal Høgre v/underteikna den 12.12.2024, som gjeld ulike påstandar gjengitt i Sogn Avis 7. desember. Ordføraren benytta seg av retten til å gje skriftleg svar. Vi har til no ikkje registrert å ha motteke svar. Svar på spørsmåla er heller ikkje protokollert. Spørsmål: Kan ordføraren gi kommunestyret eit førebels estimat, om når det skriftlege svaret kan ventast?
Spørsmål stilt i kommunestyret 12. desember 2024 frå Arnt Erik Nordheim Til Sogn Avis 7. desember refererer ordføraren til bruk av eigne lydopptak, og at dette er gjort for å bruke opptaket mot ”dei som har loge mot” ordføraren i lang tid. Sogndal Høgre har følgjande spørsmål:
1. Kven er det ordføraren refererer til, når har viser til ”dei”, overfor Sogn Avis?
2. Kva er det løgna eller løgnene mot ordføraren består i, og som han meiner blir spreidd av desse personane?
3. Er ordføraren i bestittelse av dokumentasjon på denne påståtte svertekampanjen, utover det nemnte opptaket, og har ordføraren til hensikt å legge dette fram for kommunestyret eller noko annan for å få saka fram i dagen?
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar
Det er ikkje rett å svara ut spørsmåla på noverande tidspunkt, dokumentasjon kan framleggast seinare.
Rune Haug (Frp):
5. Gjentok spørsmålet om Esefjordbrua
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar
Vart svara ut i møte. Bjørn C. Weinbach (R):
6. Jf. spørsmålet frå Haug om Esefjorden. Forstår ordføraren det slik at rassikring vil vere i direkte motstrid til bru?
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar
Vart svara ut i møte.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 97/2024 i møte den 19.12.2024:
Handsaming
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.