Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar, spørsmål og interpellasjonar - kommunestyret 12. desember 2024

Sak 89/2024 · Kommunestyret 12. desember 2024 · Behandlet

Vedtak

Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar, spørsmål og interpellasjonar vart handsama:

A. Skriv og meldingar:

1. Status pågåande ureiningssaker

2. Orientering frå friluftsrådet om overtaking av småbruket Eidet

3. Referat drøftingsmøte arealplan, angåande motsegner og dialogpunkt

4. Informasjon om felles open julaftan feiring på Sogndal folkehøgskule

B. Drøftingar:

C. Orienteringar:

Frå ordføraren:

1. Mottaksbesøk med Hero og UDI

Frå kommunedirektøren:

2. Endringar i helse

D. Spørsmål

Arnt Erik Nordheim (H):

Spørsmåla gjeld utbygging av barneskule i Sogndal sentrum med trinn 1-7, og fleirbrukshall og basishall. I Sogn Avis 11. desember les vi at basishall ikkje er med i totalentreprisen. Eg viser til kommunestyrevedtaket i sak 11/2023 den 30.03.2023 (punkt 3):

"Det skal gjennomførast pris- og designkonkurranse med samspel for skule, SFO, idrettshall og basis- og flreibrukshall/nyskapane aktivitetsanlegg" Vidare i punkt 7:

"Kommunen avklarer naudsynt areal, og set i gang planarbeid for 1-7 skule samt basis- og fleirbrukshall" Vidare går vi til tekstdelen for budsjett (s. 55), det er det lagt inn kostnadsauke på 100 mill. kr. knytt til prosjektet, jf. kommunestyresak 11/23. Total kostnadsramme estimert til 530 mill.kr.

Spørsmål:

1. Kan ordføraren (v/direktør) stadfeste at basishall ikkje ligg inne i vinnartilbodet frå anbodskonkurransen?

Svar: Tage Rickard Sundell, bygg og eigedom Konkurransen heitte opphavleg ny 1-7 barneskule og SFO i Sogndal sentrum, og nyskapande aktivitetsanlegg. Namn på konkurransen vart etter politisk vedtak endra ved endringskunngjering til:

Ny 1-7 Barneskule og SFO i Sogndal sentrum, og ny basis- og fleirbrukshall, versjon 2 kunngjort i Doffin 04.04.2024. Følgjande presisering er angjeve ved endringskunngjering. Presisering av konkurransens namn for å understreke kva som skal byggjast, visjonsboka til konkurransegrunnlaget visar til rapport for nyskapande aktivitetsanlegg, men angjev samstundes areal i romprogram tilsvarande basis- og fleirbrukshall. Det skal byggjast basis- og fleirbrukhall i tillegg til ny 1-7 barneskule. Intensjonar og grunnlag som ligg til rapporten nyskapande aktivitetsanlegg er ynskja vidareført saman med bygging av basis- og fleibrukshall. Temaet vert vidare utdypa under kommande tilbodkonferanse. Frå referat frå digital tilbodskonferanse:

Det skal byggjast 1-7 barneskule og SFO i Sogndal sentrum, og ny basis- og fleirbrukshall. Intensjonar, konsept, funksjonalitet og innsikt som er skildra i Rapport Sogndal Nyskapande Aktivitetsarena skal vere førande i utforminga for bygging av nemnde basis- og fleirbrukshall. Fleirbrukshallen skal utførast med tribuneanlegg, som skildra i Visjonsboka. Resultat:

Alle tilbod inneheld fleirbrukshall, ingen inneheld basishall som separat eining. Per definisjon er ein fleirbrukshall ein turnhall med faste element. Mindre hall er 25x20, middels er 25x30 og full turnhall er 25x45 meter, det sist nemnte er altså tilsvarande storleik på fleirbrukshall. Basishall:

Idrettens basishall er av Kulturdepartementet definert som en treningshall for turn med permanent oppmontert utstyr. https://www.godeidrettsanlegg.no/anleggstype/gymnastikk-og-turnanlegg Intensjonen i kunngjeringa knytt til basishall er i samsvar med rettleiar for "Idrettens basishall". Det er etter resultatet openbart at kommunikasjonen/mottaking av kommunikasjon ikkje har lukkas, det er heller ikkje motteke spørsmål som indikera at ein ikkje har oppfatta oppdraget riktig. Einaste spørsmål som er komme på temaet er følgjande:

Revidert emne Fleirbrukshall/nyskapande aktivitetsanlegg Revidert spørsmål Skal fleirbrukshall/nyskapande aktivitetsanlegg vareta krav til utforing for søknad om spillemidler? Svar Ja. Knytt til begrepa basis- og fleirbrukshall skal anlegget utformast for søknad om spelemidler. Konsept beskrive i nyskapande aktivitetsanlegg ut over "vanleg" basis og fleirbrukshall vil mest sannsynleg inkluderast i slik søknad, men venteleg ikkje med same definerte definerte krav som utgangspunkt. Kva betyr dette?:

Vi har fått tilbod med fleirbrukshall inkludert, pluss ein god del av intensjonane som kjem frå nyskapande aktivitetsanlegg. Basishall med rett definisjon er ikkje medteke. Ein må ta stilling til om det skal gjerast forsøk på å få inn ny basishall i tillegg til fleirbrukshall, alternativt om ein skal omforme heile eller delar av fleirbrukshallen til ei basis/turnhall. Det einaste vi ikkje har gjort er å oppdatere visjonsboka (rom- og funksjonsprogram) for å vise basishall eksplisitt, dette beklagar vi.

2. Har kommunen inngått kontrakt, eller er det mogleg for kommunestyret å avlyse konkurransen med umiddelbar verknad, dersom vinnartilbodet og konkurransegrunnlaget ikkje har vore i samsvar med kommunestyrevedtak i sak 11/23 og budsjett? Vil ordføraren legge til rette for at kommunestyret får anledning til å vurdere og/eller vedta avlysing, før kontrakt blir signert? Svar: Tage Rickard Sundell, bygg og eigedom Nei, kontrakt for samspelsfasen er ikkje inngått. Karenstida går ut 18.12.2024 kl.12.00. Tildeling er sendt, men kontrakt kan ikkje skrivast før karenstida er ute. Konkurransen er gjennomført i samsvar med vedtakspunkt 3 i vedtak frå kommunestyre 30.03.2023 «Det skal gjennomførast pris- og designkonkurranse med samspel for skule, SFO, idrettsareal og basis- og fleirbrukshall/nyskapande aktivitetsanlegg». Sluttproduktet av samspelsfasen er eit komplett forprosjekt, forprosjektet skal vedtakast av kommunestyret og vedtak om utbygging må gjerast før ein skriv kontrakt om gjennomføring av utbygginga. Jamfør vedtakspunkt 8 i vedtak frå kommunestyre 30.03.2023, «ferdig forprosjekt og endeleg økonomisk ramme bli handsama i eige sak etter at samspelsfasen er gjennomført». Dette er estimert til å ta 5-6 månader etter oppstart av samspelsfasen. I samspelsfasen er det mogleg å gjere relativt store endringar på løysinga, til dømes på løysing for hall.

3. I Sogn Avis 2. desember står å lese at prislappen er hårfint innanfor ramma, og vil koste 527 mill. kr. Korleis er dette mogleg, når prosjektet skal inkludere basishall? Vil det i det heile tatt vere mogleg å gjennomføre basishall, når i praksis heile ramma er avsett?

Svar: Tage Rickard Sundell, bygg og eigedom I vedtaket, og konkurransegrunnlaget, er det referert til ein basis- og fleirbrukshall. Dette må løysast i samspelsfasen der ein spesifiserer korleis ein kan løyse basishall som del av fleirbrukshallen. I denne fasen kan mykje kan endrast og det vil vere mogleg å prioritere mellom funksjonar og løysingar. Ein kan ha fleire utgangspunkt, til dømes auka kvalitet, redusert kvalitet, fleire funksjonar, eller mindre funksjonar, samt auka eller reduserte kostnadar, fleire av desse heng naturleg nok tett saman. I lys av spørsmål og engasjement rundt dette spørsmålet vil kommunedirektøren legge opp til ei løypemelding til formannskapet og evt. kommunestyret i febuar/mars. Det kan vere mogleg å få til basishall i tillegg til fleirbrukshall, dersom ein politisk vel å prioritere det.

4. I visjonsbok for ny barneskule (datert 08.1.2024), som vi oppfattar er del av anbodsdokumenta og kravsspesifikasjon, er eit omfattande romprogram med. I romprogrammet er det undet "Kroppsøving" tatt med ca. 1100 m2 til "flerbrukshall". Basishall er ikkje nemt i romprogrammet. Kan ordføraren at dette er riktig, og kan kommunestyret i så fall få ei forklaring på kvifor basishallen ikkje er med i romprogrammet/kravspesifikasjonen for anbodet - slik dei fleste av oss har lagt til grunn var har vore vedtatt?

Svar: Viser til svar på spørsmål 1.

Arnt Erik Nordheim (H):

Spørsmål til ordføraren Til Sogn Avis 7. desember refererer ordføraren til bruk av eigne lydopptak, og at dette er gjort for å bruke opptaket mot ”dei som har loge mot” ordføraren i lang tid. Sogndal Høgre har følgjande spørsmål:

5. Kven er det ordføraren refererer til, når har viser til ”dei”, overfor Sogn Avis?

6. Kva er det løgna eller løgnene mot ordføraren består i, og som han meiner blir spreidd av desse personane?

7. Er ordføraren i bestittelse av dokumentasjon på denne påståtte svertekampanjen, utover det nemnte opptaket, og har ordføraren til hensikt å legge dette fram for kommunestyret eller noko annan for å få saka fram i dagen?

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Spørsmåla vert svara ut skriftleg.

Bjarte Haugen (V):

8. Eg ser at det er kome innkalling til møte den 20. desember der samarbeidet mellom politisk og administrativ leiing mest truleg er tema. Saka har vore diskutert før, og kommunestyret behandla denne saka i 2023, der ein skulle, saman med hjelp frå KS, gå tilbake til arbeidsgjevarutvalet for å jobbe vidare med å kome fram til ei løysing. Dette skjedde aldri, og partane konkluderte med at saka no var løyst. No kjem dei same sakene tilbake, og kommunestyret som øvste mynde må gripe inn for å sette retning. Møtet kjem seint, og saka står no og dirrar i lufta. Venstre har ei forventing om at det varsla kommunestyremøtet 20. desember vert eit møte der ein har som mål å komme med ei klar retning for arbeidet vidare, og at gruppeleiarane saman kan einast om saksomfanget før møtet, slik at ein kan søkje mogelege løysingar, samt komme med konkrete tiltak og ein tidsplan. Det har tidlegare vore lagt fram forslag om at det skulle søkjast hjelp frå KS for å sikre eit betre samarbeid mellom politisk leiing og kommunedirektøren. Dette framlegget vart samrøystes vedteke i Arbeidsgjevarutvalet, men resulterte berre i ein dag med folkevaldprogrammet. Venstre meiner kommunestyret kan gjere eit slikt vedtak og be om bistand frå KS. Vårt forslag er at dette skal være målet med møtet den 20. desember, kan ordførar bekrefte at det vert eit reelt vedtaksmøte og ikkje berre drøftingingsmøte?

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Vart svara ut i møte.

Bjørn Christian Weinbach (R):

9. Raudt har sjekka protokollane til AU og Raudt lurer på kva grad varselet på ordførar er blitt fulgt opp?

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Vart svara ut i møte.

E. Interpellasjonar

1. Frå Vibeke Johnsen, Sosialistisk Venstreparti Interpellasjon om bustadstifting - ein tredje sektor i bustadsektoren SV har tidlegare løfta fram sosial bustadpolitikk i kommunestyret, og ønskjer no at vi kan diskutere korleis det kan gjerast konkret i Sogndal kommune. Bustadsektoren i Noreg Etter andre verdskrigen valte Noreg eigarskapslina i bustadsektoren, og vi er i ein særstilling i Norden og også samanlikna med dei fleste land i Europa når det gjeld kor stor del av folket som eig sin eigen bustad. Å eige eigen bustad gjev tryggleik og stabil busituasjon, og skattesystemet vårt er innretta slik at det gjev store fordeler å eige eigen bustad. No er det vanskeleg for mange å kjøpe særleg den første bustaden. Med strenge krav til eigenkapital og betalingsevne, er det fleire grupper som ikkje er i posisjon til å kjøpe seg ein eigna bustad. Dette gjeld alle aldersgrupper. Sjukepleiarindeksen måler kor stor del av dei omsette bustadene ein singel sjukepleiar får finansiering til å kjøpe. I 2022 var den 1,7% i Oslo og 24% i Trondheim. Norden Dei andre nordiske landa har organisert bustadsektoren sin slik at det er eit godt tilbod for dei som ikkje kan eller vil eige bustad, men som ønskjer å leige lenge og gjerne livet ut. I Danmark er det rimelege utleigebustader i heile landet, dei allmenne bustadene, som utgjer 20% av alle danske bustader. I Sverige er det kommunale bustadselskap over heile landet, med oppgåve å tilby gode utleigebustader for alle. Omtrent halvparten av desse er eigd av eit ideelt kommunalt bustadselskap. Sjå til bupilot i Trondheim kommune Bupilot i Trondheim kommune har arbeida med dette målet: «Nye måter å jobbe på for kommunen til å videreutvikle tredje boligsektor, med eit større og mer mangfoldig tilbod av rimelige utleigeboliger med forutsigbare leieforhold». Trondheim kommune har gjort fleire tiltak som har støtta opprettinga av bustadstiftingar eller medverka til deira daglege drift. Ein kommune kan:

• Bruke eigarskapen sin til å utvikle og selje eigne tomter til utbyggjarar som har ideelle føremål (bustadstiftingar) eller på andre måtar kan skape eit tilbod av rimelege utleigebustader med lang leigetid. Kommunen kan stille krav til kjøpar av tomt, og kan velje å selje til bustadstiftingar til rimelegare pris.

• Støtte utvikling av bustadstiftingar økonomisk, ved å gje garanti for lån eller vere medeigar i deler av bygningsmassen. Kommunen kan feste bort tomter til gunstige avtaler for bustadstiftingane.

• Ha samarbeid med bustadstiftinga ved å vere leigetakar, td til kommunale tenester.

• Vere rådgjevar for private initiativ frå ikkje-komersielle aktørar og grupper av innbyggjarar. Framlegg til vedtak:

Kommunestyret ber kommunedirektøren:

• vurdere om det gjev meining å rekne ut sjukepleiarindeksen i Sogndal, i så fall gjere det.

• innlemme «ein tredje sektor» i arbeidet med bustaddelen av BAKT-strategien.

• Førebu ein fagdag om bustadutvikling for alle målgrupper i kommunen (jamfør initiativ frå Husbanken).

Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Bustadprisane er høge i kommunen, og nye løysingar for å få fleire inn på bustadmarknaden ynskjer eg velkommen. Me treng fleire tilbod for dei ulike grupper som fell utanfor det kommersielle bustadmarkedet. Då kan nye løysingar der ein deler areal eller opprettar bustadstiftingar vere gode løysingar. Tredje bustadsektor er ein betegnelse på bustadar som ligg mellom det kommersielle markedet og det kommunale tilboda. Trondheim kommune ligg langt framme med erfaringene frå Svartlamon. Boligstiftelsen i Trondheim har prøvd ut nye modeller for en tredje boligsektor. Sogndal kommune har noko å læra av andre kommunar. Som ein av tiltaka frå interpellasjonen frå Vibeke Johnsen vil ordføraren invitere inn Husbanken til eit av kommunestyremøta i 2025 for å kunne informere om dei ulike tiltaka som kommunen kan lære av eller ta del i. Kommunen spelar ein viktig rolle som tilretteleggjar og planmyndigheit for å bidra til ein tredje bustadsektor. Nytenking i bustadsektroren er viktig for at flest mogleg skal ha moglegheit til å eige eigen bustad. Nyleg sette regjeringen ned krav til eigenkapital, som eitt av tiltaka for at fleire skal komme inn på bustadmarknaden. Ordføraren har òg kontakta Eiendom Norge om dei kan bryte ned tala i sjukepleiarindeksen. Dersom det ikkje er mogleg å bryte ned tala, så vil ordføraren i samråd med administrasjonen sjå om dette kan reknast ut for Sogndal kommune.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 89/2024 i møte den 12.12.2024:

Handsaming

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.