Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Barnehage på Kvåle - prinsipiell avklaring om vidareføring av prosjektet

Sak 99/2024 · Kommunestyret 19. desember 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Sogndal kommune hevar avtalen med Saman om realisering av barnehage på Kvåle med grunngjeving i svært høge og uføresette infrastrukturkostnader.

2. Om Saman ikkje ønskjer å fullføre reguleringsplanarbeidet for ny barnehage får kommunedirektøren fullmakt til å både inngå avtale med Saman om å ta over planarbeidet, og til å fullføre arbeidet.

3. Kommunedirektøren skal gå i dialog med Saman om kva driftsform som er mest tenleg av barnehagen i Kyrkjebakken med tanke på å få realisert utbygging av studentbustader.

4. Det vert sett av ei ramme til oppgradering av Kyrkjebakken barnehage på 5 mill. kr i investeringsbudsjettet for 2025.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 99/2024 i møte den 19.12.2024:

Handsaming

Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:

Sogndal kommune står ved den opprinnelege planen med Saman. Ein innarbeider kostnadane i budsjett og økonomiplan.

Habilitet:

Kommunestyret fann representanten Arne Monrad Johnsen (Sp) gild til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd.

Endringsframlegg:

Miljøpartiet Dei Grøne fremja kommunedirektøren si tilråding:

1. Sogndal kommune hevar avtalen med Saman om realisering av barnehage på Kvåle med grunngjeving i svært høge og uføresette infrastrukturkostnader.

2. Om Saman ikkje ønskjer å fullføre reguleringsplanarbeidet for ny barnehage får kommunedirektøren fullmakt til å både inngå avtale med Saman om å ta over planarbeidet, og til å fullføre arbeidet.

3. Kommunedirektøren skal gå i dialog med Saman om kva driftsform som er mest tenleg av barnehagen i Kyrkjebakken med tanke på å få realisert utbygging av studentbustader.

4. Det vert sett av ei ramme til oppgradering av Kyrkjebakken barnehage på 5 mill. kr i investeringsbudsjettet for 2025.

Arne Monrad Johnsen (Sp) sette fram slikt framlegg:

1. Sogndal kommune hevar avtalen med Saman om realisering av barnehage på Kvåle med grunngjeving i svært høge og uføresette infrastrukturkostnader.

2. Sogndal kommune avsluttar alle planar om barnehage på Kvåle.

3. Sogndal kommune oppdaterar arealplanen i tråd med overordna planar og oppmodingar frå nasjonale styresmakter, slik at landbruksareal på Kvåle som er regulert til utbyggingsføremål, vert attendeført til LNF (Landbruk, natur og friluftsliv).

4. Sogndal kommune finn andre løysingar for eventuell ny barnehage i Sogndal sentrum

Avrøysting:

Framlegget frå Johnsen (Sp) fekk 11 røyster frå Senterpartiet (7), Kristeleg Folkeparti (2), Miljøpartiet Dei Grøne (1) og Raudt (1), og framlegget vart forkasta. Tilrådinga frå formannskapet fekk 14 røyster frå Arbeidarpartiet (8), Høgre (4), Vibeke Johnsen (Sv) og Mari Husabø (Sv), og tilrådinga fall. Framlegget frå Miljøpartiet Dei Grøne vart vedteke med 17 røyster frå Senterpartiet (7), Framstegspartiet (3), Kristeleg Folkeparti (2), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Raudt (1), Venstre (1), Anna Hamre (Sv) og Inga Henjum Halsnes (Sv).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.