Barnehage Kaupanger
Vedtak
1. Sogndal kommune arbeider vidare mot permanent løysing for ny barnehage på Kaupanger, lokalisert i området på Kvernhushaugen.
2. Sogndal kommune tek styrevedtaket frå Kaupanger Idrettslag om at ein ikkje vil selja klubbhuset til vitande, men Kommunestyret oppfordrar Kommunedirektør om å invitere Kaupanger Idrettslag til eit formelt møte om mellombelse utbetringar og eventuelt kjøp av bygget.
3. Sogndal kommune ynskjer å forlenge avtalen med Kaupanger Idrettslag i dagens lokale, fram til ny barnehage står ferdig.
4. Sogndal kommune søkjer om å få forlenga dispensasjon for barnehage i dagens lokale.
5. Kommunestyret ber ordførar ta initiativ til eit felles møte mellom formannskapet, leiande representantar frå SVV og representantar frå Stortinget, med mål om ei snarleg avklaring av kommunedelplan for Rv 5 gjennom Kaupanger. Kommunestyret opplever den uavklarte situasjonen som uhaldbar, og bandlegginga av areal som uheldig for utviklinga på Kaupanger.
6. Ny barnehage skal vidareførast i budsjett og økonomiplan for åra 2025 til og med 2027.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 100/2024 i møte den 19.12.2024:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
Nytt barnehagebygg skal vidareførast i budsjettet for 2025 og 2026 med mål om opning august 2026. Adminstrasjonen skal forlenge avtalen med Kaupanger idrettslag på dagens lokale til det nye barnehagebygget er ferdig bygd.
Endringsframlegg:
Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti sette fram slikt framlegg:
1. Sogndal kommune arbeider vidare mot permanent løysing for ny barnehage på Kaupanger, lokalisert i området på Kvernhushaugen.
2. Sogndal kommune tek styrevedtaket frå Kaupanger Idrettslag om at ein ikkje vil selja klubbhuset til vitande, men Kommunestyret oppfordrar Kommunedirektør om å invitere Kaupanger Idrettslag til eit formelt møte om mellombelse utbetringar og eventuelt kjøp av bygget.
3. Sogndal kommune ynskjer å forlenge avtalen med Kaupanger Idrettslag i dagens lokale, fram til ny barnehage står ferdig.
4. Sogndal kommune søkjer om å få forlenga dispensasjon for barnehage i dagens lokale.
5. Kommunestyret ber ordførar ta initiativ til eit felles møte mellom formannskapet, leiande representantar frå SVV og representantar frå Stortinget, med mål om ei snarleg avklaring av kommunedelplan for Rv 5 gjennom Kaupanger. Kommunestyret opplever den uavklarte situasjonen som uhaldbar, og bandlegginga av areal som uheldig for utviklinga på Kaupanger.
6. Ny barnehage skal vidareførast i budsjett og økonomiplan for åra 2025 til og med 2027.
Avrøysting:
Framlegget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti vart samrøystes vedteke. Tilrådinga frå formannskapet fekk ingen røyster.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.